Merkelapp-arkiv: Kviteseid

Eksamenslesning i herlege, fantastiske Kviteseid

Å, det er so evig herleg her i Kviteseid! Eg og Helene kom her i går med buss. Det var ein dyr tur. Diverre. Viss ikkje hadde det vore lett å drege mykje oftare. Falke, Kitty Karina, Ylva (veninna av KK) og pappa var der allereide.

Eg skulle liksom lesa til eksamen i INF3190. Eg fekk lese mykje meir enn det eg truleg hadde fengje lese i Oslo, eg plar jo ikkje lesa stort meir enn ein time elder tvo fyrr eksamen. Likevel fekk eg verkeleg ånda yver meg her. Hadde eg vore her tidlegare so hadde eg lett kunna lese heile pensum og hugsa store deler av det. Diverre vart eg att i Oslo grunna ein visning (som viste seg å vera totalt ueigna, hadde me fengje litt meir info på telefon so…) og eit forsøk på å få gjort obligane til å taka eksamen i FYS3240.

falke_kutter_tre

Etter me hadde ligge ute i det herlege veret fekk eg so utruleg lyst til å klyppa graset og fiksa i hagen. Kviteseidsyndrom altso. Fær lyst å vera aktiv. Det er spesielt. Og veldig bra. Kjennast herleg.

Eg starta denne dagen med frukost, fortsette med lesing, hadde lunsj og sette oss ut i soli att for å lesa. Falke og Pappa byrja å kutta tre i hagen. Falke er ein kløpper med motorsag og klatring i tre, han jobber med slikt. Eg filma litt av det og las vidare uppe på altanen med den flotte utsikten.

Til slutt tok ynskje um å vera med yver, og eg og Helene vart med. Det var veldig kjekt. Det er godt å gjera skikkeleg arbeid og ikkje berre sitja å trykka på ei datamaskin som eg normalt gjer. Eg vert glad av å vera ute. Inne vert eg berre irritert, sint og sur av.

kittykarina_og_helene_rydder

Me gjekk ned til Kvitseidsvatnet og bada saman med Kitty Karina og Ylva som var der allereide. Falke kom ned etter litt.

helene_daffar_seg

På vegen heim kaupte me is. Pappa laga god middag. Eg og Helene las litt meir (framleis sol) fyrr me til slutt drog ned til der me skulle setja upp flytebrygga vår. Dei var nesten ferdige. Det vart ei flott brygge. Der skal me leggja båten vår, når me fær ein. Gler meg stort til det. Yay!

Eg fekk køyra traktor for fyrste gong, det var veldig moro. Falke viste meg. Eg byta til vanleg bil for å henta han, og køyrde jentane upp til nokre hestar. Vel heime prøvde eg lesa meir, men det gjekk helder dårleg. So eg sat på internett som me stel frå naboane sitt trådlause. Me hev kaupt ei stor antenna som me koplar til pcen, og vips, steling av internett! Hoho. So deilig.

kittykarina_og_ylva_i_kviteseid, nb, dette er ikkje brygga vår, men den kommunale badebrygga

I staden for å dra på vitjing til nokre naboar vart eg, Helene, Ylva og Kitty Karina inne og såg Lovleg Blond 2. Ingen god film, men hadde faktisk moral som var ok. Utanum at filmen var ganske flau.

…og alle var einige um at det hadde vore ein god dag! :D

Helg i Kviteseid

Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. Eg likar meg kjempegodt i Kviteseid, og er sers glad for at Rebecca kjenner det same. Me vitjar nok Kviteseid ein del når me vert faste Oslo-buarar båe tvo :-)

Me hadde ein fin biltur fram, trass i at me køyrde oss vekk. Eller, eigentleg ikkje – eg hugsa stoppet me køyrde forbi, men trudde me kunne velja ein annan veg. Etter eit par mil var eg heilt vekk. Me fortsatte og fortsatte. Etter kombinert dopause og kartlesing fann me ut at me var på veg til Hovden. Litt lengre oppe låg Haukeli. So eg hev no køyrd yver Haukeli for fyrste gong. Me vart mykje raskare framme enn det eg hadde rekna, men eg trur likevel Haukeli-vegen er lengre enn om Åmli.

Var flott i Kviteseid som alltid. Herleg og roleg. Det er ein fantastisk plass, ingen støy. Det er so rart å kjenna det på kroppen. All ljoden ein normalt ikkje merkar når ein er inne heime (i ein by) summar heile tidi i bakhovudet. Me hadde eit par rolege dagar, der den største oppgåva var å laga middag kvar dag. Det var veldig moro, men vart ein god del omelett (som eg hev vorte so god å laga :p Heh). Me hev lese bøker og Rebecca hev inspisert huset. Herleg.

Men det hev ikkje berre vore fryd og gaman i laupet av helgi. No er eg på NMU sumarleir, og i går var eg på Landsstyremøte. Eg hadde miksa datoar slik at eg trudde LST-møte = 11, og leir = 12. Diverre viste det seg at LST = 10, og leir = 11. Eg hadde kaupt billett til Rebecca den 11, og hadde planlagt å vera saman heile den tysdagen òg. So fekk eg dette problemet, eg måtte vekk ein heil dag fyrr Rebecca sitt tog gjekk. Ganske teit.

Me måtte dra kl. 0730 tysdag for å få Rebecca av på toget, og meg på LST-møte. Me hadde ikkje rydda skikkeleg natta fyrr so me drog ikkje fyrr 0800. Då hadde me tvo timar til toget gjekk. Det skulle gå bra, sidan Gule sider rekna at me ville bruka 1t 50min. Eg veit eg er raskare enn det Gule sider reknar. Me klarte å køyra feil. Ganske. Tenkte det var for seint å snu. Burde ikkje tenkt slikt, ein time seinare var me der me skulle på E18. Ein time sløsing, ein diger omveg um Skien. So kom me bak trailerar og måtte køyra seeint. Me kom 20 minutt for seint etter ein god del feilkøyringar til. Vondt.

Mista altso andre tog, og måtte ut med endå meir pengar. Måtte venta til neste tog, hadde omtrent ikkje bensin att. Me fann det, fann mat (bensinstasjon) og såg American Beauty i bilen. Etter fire timar kom toget.

Eg fann ut frå Rebecca at ho ikkje betalte togbillett til Stavanger, so det vart ikkje so mykje pengar brukt lell. Men turen var alt i alt superfin. Berre irriterande kor mykje problem som dukka opp.

På Kviteseidtur med Rebecca

I helga var meg og Rebecca på tur i Kviteseid. Der var det kufestival og kjempemoro! Eg storkoste meg – kjempeherleg å vera på tur åleine med Rebecca. Eg vonar me kan gjera det oftare.

Etter ein herleg køyretur over Suleskar til Kviteseid kom me til morfar sin hybel. Me helsa på han og fekk nøklane. Kom oss inn i det vannskada funkishuset og fann ut at det berre var eitt rom ledig. Det var fyllt opp av pappesker med ei lita dobbeltseng heilt på sida. Eigentleg er det ein sofa, men fungerer som båe.

Elles var det dritvarmt oppe i andreetasjen kor alt utanom badet er. Me måtte opp med vindauge overalt. Me sov gjennom natta og eg vakna i 5-tida – Rebecca var óg vaken, så me starta snakka og kosa oss. Det var heeerleg, kvit seng, fuglane song utanfor, ljoset frå sola skein inn og alt var kjempeherleg.

Rebecca et ostebrødRebecca i Kviteseid

Etter ein dusj sat Rebecca seg ned med pianoet. Det var kjempestilig ljos – så eg tok bilete. Det gjorde eg fleire gongar på turen. Tok ikkje bilete av stort anna. Sjå på galleriet. Eg hev ikkje tid til å skriva meir. Sjå på bileta :-)

Meg og Lab til Kviteseid!

Endeleg skal me på ein skikkeleg tur, meg og kjærasten min Rebecca. Me var jo på Amandus-tur, men det var jo ikkje tur-tur. Det var festival. Det er rett før eg set meg inn i bilen for å starta på den lange turen til Kviteseid. Me skal klippa plenen og helsa på morfar utanom å sitja lengje i bilen, sjølvsagt. Vonar det blir moro.

Kviteseid er ein flott plass i Telemark. Mamma vaks opp her og hennar foreldre har budd på same plassen sidan. No er mormor daud og morfar flytta inn eit par hundre meter frå det arkitektteikna funkis-huset. Det er ein butikk i det, – men i vinter var det ein vannskade; så heile huset er meir eller mindre ribba for ting og tang no. Eg anar ikkje korleis det ser ut der lengre, blir moro å sjå.

Eg kjenner meg og Rebecca byrjer få eit litt meir ekte forhald – det er godt å vita at det ikkje treng vera leikeforhald lengre. Etter 8 månadar (som me no hev vore saman) er me ikkje blinda av å berre vera saman lengre. Så me kan konsentrera oss om anna enn å berre gjera typiske kjærasteting (slik ein ikkje gjer med andre). No kan me gjera fleire ting som er genuint kjekke òg. Dessutan tek me heller opp problem istaden for å gå å tyggja på dei.

Uhm, men, eg må på do – så dra. Ugh, sikkert rush no. :-(

Forresten, eg veit det var ei minioppdatering. Men slik er det no ein gong, eg er ikkje så aktiv på å skriva for tida. Desto meir tid til anna ^^. Eg oppdaterte forresten av di eg såg Tor Eirik endeleg hadde fått litt inspirasjon.

«Kræææsj», sa bilen

Etter turen heim frå Kviteseid i forrigår er det eit par ting eg vil dra fram.

  1. Vroom, vrooom. Moro å køyre bil – men radioen i Toyotaen er heilt forferdeleg. Dette blir min 5-6 køyretur Stav-Kviteseid. Hm, skal eg take Dalen (= lengre, men betre veg) eller over Vrådal? Eg tok Vrådal – stussa i 2 sek om eg skulle åt høgre eller åt venstre over Åmli. Køyrde Åmli.
  2. Hmmmm. Denne plassen. Hmmm. Var nett eit skilt til Åmli – rett fram er åt Evje. Må ha køyrd feil! Svingte, køyrde tilbake. Æsj. 5min tilbaketur (er meir enn det høyrest ut som). Svingte inn på den andre vegen og det kvein i dekka. (Varm asfalt osb)
  3. Hopp, hopp. Rallyveg det der. Kjende meg igjen, her hadde eg køyrd før. Plutseleg: eit rart kryss. Hmmm. Noko som var endå rarare var at eg hadde vore der ein time tidligare. Eg… Ja; dykk forstår. Utruleg drit å køyre same ruta om igjen. Tredje gong eg køyrde forbi den sykkelisten. Etter lang tid var eg framme på veg til Evje igjen; eg hadde ikkje kome ein meter lengre – berre sløsa tid. Fann dessutan ut eg hadde køyrd feil berre minutt frå start. Fekk heller take den lange vegen om Evje då.
  4. Evje. Tipp-topp, kysten rundt. Måtte inn å kjøpe hamburger. Folk såg skeivt på meg; hadde på meg ein slakk kvit singlet. Mangla berre hål så hadde det vore ei vassekte helsetrøye. Såg nok harry ut der ja. Hihi, eg fryda meg. Eit par søte jenter (som alltid – er jo stinn av dei i Noreg), eit par familiar og nokre ekte rånarar: godt selskap.
  5. Eg bruka lang tid på å finne plass å ete; hadde ein romantisk draum om å nyte hamburgaren og Farrisen min med kilometervis fantastisk utsikt. Åt han i ein blåbæreng nær vegen før han blei alt for kald. Ein varebil køyrde forbi og laga ein truddelutt med hornet (faktisk).
  6. Høg fart, låg saman med ein Saab. Hadde køyrd 90-120 i dei svingete bakkane frå Tonstad. Rett før me svingde ut på E39 tok me igjen ein anna bil. Er vikeplikt når ein skal ut på den nye vegen; måtte langt ned i fart for fyrste gong på lengje. Eg kom nær Saaben foran meg på grunn av dette. Den fyrste bilen svingte ut i ca 40-50. Saaben såg ut til å ha klår bane. Eg såg til venstre for å sjå om det kom bil. Hmhm. Neee—jovisst!

    Då eg såg fram igjen sto Saaben stille, medan eg låg litt bak i 30–40 – eg sto på bremsene (hyyyyl). Pulsen spratt opp åt nye uoppdaga høger. Kroppen reiv mot beltet, gravitasjonen véik for G-kreftane (fysikk-venene mine kjenner sikkert betre ord). Bilen sto stille no. Stille. Stille intill Saaben. Toyotaen sin støtfangar planta i Saaben sin. Eg hadde ikkje kjent eit smell. Ingen rykk i beltet, men så kunne eg jo ha svima av óg då – har skjedd før. Eg røska i girstaken og fekk augekontakt med ei dame i passasjersetet. Ho såg sint/forskrekka på meg. Eg såg ned på babyen i baksetet. Må ha vore nokre månader berre. Rygga ein meter bak. Hekkan…

    Saaben køyrde inn på ei busslomme, eg fulgte etter og slo motoren av. Ein fyr kom ut, han såg heldigvis ikkje sint ut :) «Var eg borti?», nei, berre såvidt, svara han. Eg såg på bilane. Guten smilte. Køyrde – eg køyrde bak igjen; litt meir vaken og opptake av avstand.

Sjitt. Bil er farleg. Tilbake åt den gamle køyrestilen…!

Kviteseid imorgon!

No dro folka me har hatt på vitjing dei siste dagane. Eg har ikkje hatt tilgang til pcen min på kveldstid desse dagane, men det har vel vore til det betre. Trur neppe nokon merka noko likevel. Dreg no til Kviteseid (Telemark) for nokre dagar.

Folka som var på vitjing er koselege vener av familien (org. pappa), dei bur i Bergen og står for masse flott. Er på venstresida, er vegetarianarar, kjøper økologisk osb :) Dag kjøpte faktisk økologisk havregryn, økologisk frukostmusli og økologiske rosiner til meg då han fann ut kva eg pla konsumere kvar dag. :)

Sjølv om eg ikkje sat her på pcen sat eg ein anna plass; nede på laptopen. Nedgraderte Ubuntu til den stabile versjonen. Skreiv på Qwerty-tastatur. Off. Fingrane er forvirra og eg skriv seinare igjen. Aaakk, men det eeer så utruleg herleg å skrive raskt igjen; men eg må halde meg frå fristinga. Om ikkje blir eg aldri rask! Dette miniinnlegget har jo take enormt med tid! Offa! Neinei; opp å køyre imorgon; må få litt søvn…

Lang tur, ferdig

Då har eg køyrd den nette sum av 798km på under 24 timar. Snittsnøggleiken på tilbaketuren (som var 361km lang) var 76km/t. Med dette kan smarte hjerner rekne ut kor lang tid me bruka. Turen til Kviteseid var i kontrast 437km lang (76 km lengre)… Tenk litt på dèt. Elles er no morfar plassert i Telemark, og meg og Falke har fått høyrd på radio i fleire timar.

Men, … 76 km lengre til Kviteseid? Korleis går det ann? Nei, som du veit – vegen til Kviteseid er berre laga av oppoverbakkar. Om du ser på kartet så er Kviteseid høgare enn Stavanger. Difor blei det lengre.—Gjer det meining? Diverre er ikkje dette VG, så eg antek ingen gjekk på bortforklaringa mi. Nei, eg køyrde eigentleg litt feil på vegen til Kviteseid. Eg har berre køyrd over Suleskard før, men no var den vegen stengt. Så eg køyrde til Flekkefjord. Vel, eg burde ikkje køyre til Flekkefjord, det er jo feil veg.

Vikepliktskilt

Eg køyrde forbi eit skilt til Tonstad, men eg trudde me var innom Tonstad når me køyrer over Suleskard, og ikkje når me tek den lange vegen. Det var feil. – Meg og Falke blei mindre om mindre kjend. Til slutt ringte me heim. «De har køyrd feil, køyr tilbake og finn eit skilt til Tonstad, det skal vere rett bak dykk». Vel, me køyrde og køyrde. Men ingen skilt. Så snudde me igjen, «ikkje køyr den vegen likevel! Køyr til Gyland Stasjon!». Ok. Me køyrde, men hey! 200m etter den plassen me stoppa og køyrde tilbake var skiltet til Tonstad! Så me køyrde inn der, men etter me hadde lagt på vei inn der ringte pappa igjen og sa me måtte snu. Ikkje køyre der, køyre til Gyland!

Det var stress. Eg ville ikkje snu å køyre tilbake heile tida, det var dritkeisamt, turen er lang nok i seg sjølv. Men sidan det var mykje kortare via Gyland tok me den vegen. Heile dette ekstrastyret kosta altså 76km og masse tid. Men me kom jo fram til slutt, halv ett eller kva det var, békmørkt.

Tidlig morgon (kl 11) sto meg og Falke opp. Me laga mat, halvdau kaffi (vasken fekk han, verken meg eller morfar ville ha han) og stakk ned på Statoil for å fikse pølse og drikke på turen. Etter 2 timer stoppa me på Evje. Der kjøpte eg 100gr habbis og ringte Camilla J, ho sat å øvde til SK-prøve. Etter eg hadde fått verifisert at jentene frå Hovden var på veg til Stavanger, stakk me. Dei var visst ikkje særleg interesserte i å snakke. Blir moro å sjå om eg klarar å kjenne dei igjen i parken imorgon.

Eg har køyrd forbi mange bilar i dag, det har vore forbikøyringsdag #1. Men ein bil eg køyrde forbi hang seg på meg, og den siste sjettedelen av turen køyrde me saman. Han klarte å henge bak, og saman la me effektivt Rogalandsvegane bak oss. Då me kom ut på god E39-veg gjekk det seinare, då lyste òg diesel-lyset. Ai. Lite drivstoff igjen! Den neste halvtimen adopterte eg ein ny køyrestil; klutsj inn i nedoverbakkar og halde turtellernåla så lågt som mogleg elles.

Det var stress å fylle. Var på Ålgård og vimsa fram og tilbake. Då eg endelig hadde klart å få den hekkans kortautomaten til å fungere satte eg meg tilfreds bak rattet i bilen å starta å køyre igjen. Då eg svingte ut frå Smart-en såg eg eit eller anna som falt av bilen. Noko svart, lite. Eg svingte så raskt eg fekk rå, køyrde tilbake og jogga ut av bilen. Men no var han vekk! Etter eit dusin minutts intensiv leting fann eg ut at ein hekkans bil hadde klart å køyre over driten på det minuttet eg hadde brukt på å komme meg tilbake. Eg hadde funne ut kva som datt av; diesellokket, eller kva du kallar det.

Same kva. Me måtte improvisere, så Falke fann ein rund plastikk-dings, medan eg fann ein plastikkpose. Me satte plastikkdingsen foran holet og plastikkposen bak dingsen og smekka det ytre lokket igjen. Det fungerte trur eg. Var ikkje meir diesel ned langs sida av bilen enn det allereie var. Så eg må sjå om eg kan finne eit nytt slik lokk. Uff. Teite lokk!

No er eg iallfall heime. Veldig trøytt. Men heime. Var inga spektakulær reise i så måte – me såg berre 4 russebiler totalt. Veldig få. Men ein ting var kult. Radio! Radio er jo heilt genialt. I «verd å vite» fekk eg kunnskap heilt utan å gjere noko for det. Køyrande nedover dårlege vegar i Telemark høyrde eg på sexy nynorsktalande stemmer som overstrauma meg med nyttig informasjon eg kan bruke neste gong eg skal snakke med folk. Det er så keitt at me som ikkje liker fotball ikkje har det automatiske samhuget fotballfans har. Dei kan klemme vilt framande og spandere ein øl (eller brus (hihi :D)) på dei, så kan dei snakke om (noko så keitt som) fotball. Treffer eg folk kan eg ikkje snakke om fotball, då må eg ha noko anna å snakke om! Med radio får eg nett det, eg blir eit slag interessant infovitande orakel. Altså, radio er genialt.

Kviteseid tur-retur

No er det ikkje lenge til eg startar den alt for lange turen mot Kviteseid. Eg må køyre morfar heim. Det er 260km ein veg den raskaste vegen, – men trur du me tar den raskaste? Neidå. Eg køyrer 721 ville km med elendig norsk veg på under eit døgn. Falke blir heldigvis med meg, om ikkje hadde eg antakeligvis daua av keisamheit.

Turen skjer altså i dag, og for dei av dykk som er oppvakte vil det seie noko spesielt. Ja, for det er berre 2 dagar til _lands_treffet. Aha! Eg må altså køyre mot fleirfoldig tusen russ som skal til kongeparken. Imorgon ser eg kanskje endå fleire av di då er det berre ein dag igjen. Det kan jo kanskje bli interessant, eller kanskje ikkje. Kanskje eg får sett nokon ulukker på vegen? Kanskje eg får bli innvolvert i ein? Mogligheitane er mange når ein køyrer mot Kviteseid.

No kom Falke opp og lurte på om me ikkje skulle reise snart. Jodå, det skal me. Men hekkan kor trøytt eg er, og eg trur neppe 360km med køyring vil gjere det spesielt betre. Sidan me berre har kassettspelar i Opelen får eg håpe at det er noko bra på radio, og at morfar ikkje klager for mykje på vegen bort. Han kan vere ganske irritert og irriterande – får håpe han er i det gode hjørnet, då er han stilig.

«Æ dikon klare?», seier mamma. Hm, ja, jodå. Hade bra. Får sjå korleis det gjekk imorgon då. Hadebra!