Merkelapp-arkiv: Kystbussen

Kjipe rogalendingar

Eg sit på båten til Arsvågen, den fyrste av dei to båtane når eg reiser Stavanger-Bergen med kystbussen. Eg hev kjøpt meg ei svela med smørkrem, og det er ikkje so mykje smørkrem i han…

Greitt nok, tenkjer du, det er slik dei er laga på megafabrikken for sveler med smørkrem som Fjord1 sikkert hev outsourca dette til. Men der tek du feil, for kvifor hev då svelene på båten i Hordaland omtrent det dobbelte med smørkrem?

Dette er ikkje nokon eingongsgreie heller, det er langt frå tilfeldigheitar når eg hev teke denne ruta no godt yver 6 gongar det siste halvåret.

So Rogaland er kjipe, Hordaland er greie. Kva då med Sogn og Fjordane? Jo, vonleg ser du mynsteret her. Fjord1 i Sogn og Fjordane lagar svelene på båten (ser det ut som) og smører skikkeleg tjukt på, slik det skal vera! Sogn og Fjordane er kort og godt fantastiske!

Eg er beint fram yvertydd um at smaken på svelene heng direkte saman med kor mykje nynorsk det er i fylket.

Tryggleiksforvirring på Fjord1-båtane

Dette er andre ferjeturen på vegen med Kystbussen frå Bergen til Stavanger. Eg la fort merke til at tryggleiksopplysingi var annleis her på denne båten enn den førre (og normale);

Ei vakker nynorsk, roleg kvinnestemme fortel oss um tryggleiksinformasjonen til båten, der det normalt sett berre vert sagt, «sjå på skjermane». Eg plar ikkje vera alt for glad i denne tryggleiksinformasjonen som eg hev høyrd 14 gongar fyrr. Interessant nok irriterer det meg ikkje, det er ei god stemme av typen NRK radio, som du gjerne kann ha på i bakgrunnen. Dessutan er det flott nynorsk normaltalemål.

Eg hev skrive ein epost og rost Fjord1 for at dei brukar nynorsk på plakatar, skjermane og informasjon til passasjerane 1. Trudde eg hadde lagt brevet ut på netsida mi, men fann det ikkje (fær leggja det til seinare).

Med eitt skjær ei anna stemme inn. Den bokmålske datadama som kviner «sjå på skjermane for viktug tryggleiksinformasjon». No høyrer ingen av oss nokon ting av kva dei segjer, av di dette bokmålsmarrakelset absolutt skulle øydeleggja og pressa seg inn.

Slik er det. Finst det nynorsk ein plass, so kann du banna på at bokmålet kjem og lagar kvalm.

  1. Det er litt vedmodig at eg ser at dei hev tapt seg litt. Plakatar i kaféen og nokre som heng på dørane er på bokmål. Dei ser litt heimelagde ut, so det er kannhenda ikkje Fjord1-firmaet som hev laga dei, men dei tilsette på båten… []

På veg til Bergen

Då drog eg frå Stavanger i dag. Litt problem med bilen som eg skulle levera; ingen bensin att 1! Problemet er at han ikkje lyser når det er lite drivstoff att slik alle andre bilar gjer.

Heldigvis hadde eg sett av god tid (for eg hadde ærend å gjera), so denne gongen kom eg fram til kystbussen godt i tide.

Same kva, no sit eg på MS Stavangerfjord på den vesle Eee-pcen min (namnet hennar er faktisk Fjord :-) ) og tenkte eg for ein gong skuld skulle bruka kamera som sit i maskini.

Me ser jo fort at det absolutt ikkje er laga til å taka bilete med, men til videoprat o.l. Same kva, de ser jo at eg er i live.

No legg ho til land, eg må inn i bussen att (ikkje det, eg hev jo internett same kvar eg er i landet, men eg leser bok på mobilen der) :-)

  1. Mamma, Pappa og Kitty Karina hadde same bensin-problem på nyttår. []