Merkelapp-arkiv: Landsmøte

Eg kræsja med ein annan bil!

KRARAAASCHIIISSSSSJIIIIICTTSH!!! B00m!! Slik høyrest det ut når Toyota­-metal møter Peugeot-metal i til saman 80km/t. Eg hugsar ikkje skikkeleg kva som skjedde rett før, og under kræsjet, men det gjekk raskt. Minnet om då eg banna lett, knakk opp den innmoste døra mi og gjekk ut for å møta den ilsinte sjåføren hugsar eg derimot soleklårt. Lite visste eg då om kor mykje verre turen skulle bli…

Dette er etter landsmøtet til NMU på Lista i mars 2006, leeengje sidan mao.

Tenk, eg kræsja. Med ein annan bil. Det er jo heilt superrart. Kjensla eg hadde før eg steig ut av bilen og det nett hadde hendt er ikkje lett å forklåra. Er vel best fortald som absolutt, ultimat fortviling i eit par hundredelssekund, alle andre tankar og ting skyve vekk. I ei bobla med ein einaste tanke der du spør deg sjølv; «Kva skjedde no? Kvifor er den andre bilen så smæsja på venstresida?». Alt i alt hugsar eg det som ei «stille etter stormen»­­­-tid, sjølv om arbeidet med å skriva ned hendinga skulle starta.

Litt tidligare på dagen venta dei på at eg skulle få raua i gir og pakka sakene mine. Det tok si tid, medan alle andre var ferdige. Me hadde vore på landsmøte i NMU, koseleg, men hev vore mykje skriving om NMU i det siste (dei er nær hjarta mitt). Eg hadde Mats Indrefjord Høllesli, Ulrikke, Anne Karen og Ingvild i bilen. Vebjørn hadde køyrd tidligare med andre, eg satsa på at me tok dei igjen sidan Vebjørn berre hadde hatt sertifikatet i nokon få dagar. Turen oppetter byrja godt, det var endå tettare med snø enn på nedvegen. Då sklei me litt i svingane og mista veggrep. Utruleg moro, eigentleg. Køyreforhalda var vanskelegare denne gongen, det snødde og hadde ikkje vore brøyta. Difor sakka eg ned farten.

Vebjørn hadde køyrd seg fast. Ein vanskeleg bakke der dei hadde sklidd ut! Han tilrådde oss å snu og køyra inn til Lyngdal i staden for rett til Kvinesdal. Dette var eg mot, og me fortsatte. Kunne alltids hjelpa Vebbis og gjengen. Dessutan hadde me køyrd forbi avkøyringa. Det gjekk ikkje lange tida før me då såg ein Peugeot koma mot oss i rundt 50…

Kræsj-b00m-bang

Me slakka litt på farten båe. Ein smal sving. Fjell på mi side, stup med autovern på hans side. Vegen var brøyta smal. Eg hadde ein venstresving, eg hadde 40km/t. Eg hugsar ikkje dette, men eg veit ikkje om eg kunne leggja meg heilt inn i snøfonna med denne farten. Eg kunne nok ikkje det, for stor fart – kunne ikkje senkja han utan å skli. Eg reiv upp sida på bilen.

Det var kaldt ute. Tok ikkje lange tidi fyrr eg fraus masse. Eg hadde ikkje skadeskjema det hadde han. Me fylte det ut, tok lang tid – var litt ueinige. Han ville at eg skulle taka på meg all skuld med ein gong. Eg visste ikkje um andsvarsforsikring og var sikker på at eg måtte betala 50 000 for reperasjon ut or mi eiga lomma. Det viste seg at slik er det ikkje i Noreg. Takk for det!

Etter ein time (!) var me ferdige. Bensinnåla låg på 0, men han kvilte ikkje på ingenting-plassen endå. Dei andre i bilen klaga fælt og mykje – dei ville at me skulle gjera som Vebbis sa og taka Lyngdal-vegen. OK. So me snudde og køyrde den vegen. Det var jysla vandskeleg å koma ned bakkane til Lyngdal, kjempekrappe, kjempe*bratt* og ikkje minst kjempeglatt. Nede i dalen som ikkje hadde mobildekning fekk me eit anna problem; me klarte jo sørenmeg ikkje koma upp frå dalen att. Vebjørn hadde teke oss ned i eit helvettes høl det ikkje gjekk an å koma upp frå. Dette skjedde:

Er nede i dalen, køyrer upp den nye bakken for å koma vidare. Det gjeng, det gjeng seinare, seinare seinare seinare. Til slutt kann eg ikkje gassa på meir i det heile teke; for dekki mine sklir berre heile tidi. Ingen sjangs å koma upp. Eg prøver å stoppa bilen, men det er so glatt at han ikkje vil stå stille. Ikkje med bremser og ikkje med handbrekk. So bilen gjorde slik biler gjerne gjer når dei hev 0 veggrep og stend i ein uppyverbakke: bilen startar å renna nedyver. Eg prøver å bremsa, stogga farten, men neidå; dette gjer berre at hjuli på bilen låser seg og eg mistar all kontroll yver styring.

Bilen køyrer stadig raskare bakyver, eg rattar og rattar med styret; prøver å halda bilen på vegen, raskare, raskare, raskare, nedyver bakken feil veg – svinger eg til vìnstre gjeng bilen til høgre. Eg rattar litt for mykje og fær for mykje fart, bilen fær sving på seg og svinger fram og tilbake. Det vert ein vill dans, alle er redde. Bakenden smell inn i brøytekanten og bilen snur seg raskt rundt 180 gradar. Altso som um me skulle gjort ein veldig rask sving. Eg heng i beltet mitt og POOOFFFFF, der smell vínstresida til bilen inn i brøytekanten og me ser ingenting lengre. Det er ikkje svart, men kvitt. For heile bilen er sjult av snjo. Me er heilt nedgravd. Eg gjeng ut, ah, faen. Finn ut at me må nesten prøva å koma oss upp att helvettesbakken me køyrde ned og heller prøva den vegen Vebbis meinte var «oh so vandskeleg». Den vegen er sjølvsagt ikkje nokon ting mot denne vegen her.

Upp att frå Lyngdalvegen?

So me prøver oss. Tek god fart og køyrer tilbake. Nei, kjem ikkje langt fyrr bilen er i stopp og eg må rygga forsiktig tilbake. Eg kastar alle saman ut or bilen, dei fær gå upp att, medan eg sjølv tek fart frå andre sida av dalen med bilen. Eg køyrer på eit ekstremt glatt føre, speedometeret visar 60, 70, der framme er ein sving fyrr bakkane startar uppyver, 80, eg svingjer og vonar bilen held seg på vegen i 80, jodå. Presser på gassen, treff 90 – no fyk eg uppetter bakken og nåli gjeng stadig seinare mot 100, men ganske fort må eg sleppa gassen for bakken gjer ein krapp sving for å gå vidare uppetter den andre vegen. So eg er nede i 60 ganske fort, ikkje bra, for no klarar eg ikkje koma i høgare fart att og det gjeng stadig seinare.

Den siste svingen og so ein farleg siste uppyverbakke fyrr me er oppe. Eg hev 40, 30, 20, 10 – satan. Det er ein 60 meter att til toppen og fridom. Men nei. Me prøvde oss på bakken fleire gongar, so høgt som dette hadde eg ikkje kome fyrr. So lite att!

Me prøver å dytta bilen upp, men det er heilt umogleg. Me klarar jo ikkje stå i bakken sjølv ein gong!

Plutseleg høyrer me ein vond romleljod frå toppen av bakken – og ein diger brøytebil kjem mot oss! Eg vert seriøst livredd, eg trekk upp bremsa og ryggjer bakyver. Dei klarar å stoppa fyrr dei knuste meg og bilen. Godt. Etter ei stund forstår eg at dei vil trekkja oss upp dei 60 metrane. Ja! :D Herleg! So dei redder oss.

Bensin

Uppe fær me endeleg mobildekning att, men so hev me det siste problemet som hev plaga oss desse 3 helvettestimane frå Lista upp til Kvinesdal (snarveg som absolutt ikkje vart det). No ligg verkeleg bensinmålaren på «ingenting» og kviler. Det gjeng ikkje an å koma lengre ned, han er langt lengre nede enn der han skal vera når det er tomt.

Me køyrer effektivt, merkar ikkje bakken der dei andre sleit ein gong, den var so latterleg enkel å koma upp. Vart ganske irritert då ja. Same kva; lang historie kort (eg hev jo trass alt late denne her liggja i 2 år av di eg aldri gadd skriva ferdig): me vert veldig stressa, kjem til slutt ut på vegen og klarar akkurat koma fram til ein bensinstasjon. Eg fekk aldri betalt dei 500kr i bensin, men det er jo det vanlege. Eg gløymer slikt.

Eg fekk forresten skryt av bilkøyringi mi frå mamma i dag. Det same fekk eg for ei stund sidan av Helene. Og det er sant; eg er ein flink sjåfør – eg hev vel berre vorte betre etter all denne kræsjingi mi. Eg hev nesten-kræsja ein gong fyrr.

Misting av ting på Noregs mållagslandsmøte i Nidaros (Trondheim)

Eg hev mista ladaren min, sekken og korti i lommaboki. Siste dag på landsmøtet i Noregs mållag i dag, so er det tog til Oslo (utan ladar, so ingen hacking :-( ). Yvernatta hjå Jørgen fyrste natti – det var sers moro. Forresten fekk eg endå meir problem etter eg skreiv dette, so det er berre å fylgja med…

Dette er skrive mållagslandsmøtet, so for ei tid (ei vìka) sidan.

Eg skreiv eit langt innlegg her fyrr, men diverre vart det sletta. So eg skriv litt av det om att.

Hjå Jørgen

Då eg kom til Nidaros måtte eg stressa med å finna plass å bu. Jon og Simon Litlehamar kunne ikkje. Eg hadde ikkje nummer til resten av Nidaros-folki. Eg klarte få nummeret til den andre Nidaros-Simon eg kjenner, og sende melding. Men fekk ikkje svar. Eg hang på Avalon (ein butikk som Outland) i tri timar. Kjende meg litt teit. So fekk eg melding frå Jørgen um at eg kunna bu der. Supert! Eg kaupte ein DVD til Jørgen (hadde vore teit av meg å berre gå) og tok buss.

Me spelte Wii med Wiisports. Det var moro. Tennis var tøffast synast eg. Dei hev framleis ikkje nytta potensialet i dei nye kontrollane, men det kann verta bra når nokon gjer det. Etter det åt me middag og såg på film («Team America»). Det var sers koseleg, fleire folk frå gangen kom og såg på. Etter litt hacking gjekk me til kjøkenet att for å eta litt. Me møtte ei anna frå gangen som kom frå fest og prata lengje med ho. Skikkeleg godt miljø. Ganske annleis enn hjå meg, sjølv um Kringsjå var mykje betre enn Bjerke. På Voll med Jørgen er det fylt opp av typiske studentar, og dei hev eit stort kjøken med sofa eg TV.

Misting av sekk

Fann Margit og Sigbjørn. Tok tog mot Værnes. Då me gjekk av fann eg at sekken min låg att. Eg prøvde å finna nummeret til NSB, men det var umogleg. Eg fekk berre snakka med teite datamaskinar. Mongo. Etter omtrent 10 telefonar kom eg fram. Ein fyr ville ringja til neste stasjon og få sekken send attende med eit anna tog. Etter springing fekk eg ho attende. Då fann eg ut at ladaren låg hjå Jørgen. Ugh. Ingen berbar datamaskin til meg.

Misting av kort

Tja. Då me var på veg til skulen fann eg at korti mine var vekk. Eg leitte hardt. Sat på toget. Etter eg hadde venta ei tid, og tenkt lengje på kva det kunna vera. Nokon som «tullar» med meg? Eg kom fram til at det ikkje kunna vera det, det hadde vore for slemt å ikkje koma attende med korti etter so lang tid. Då eg til slutt sperra kortet fekk eg korti attende av Ola og Elisabeth. Det var irriterande. Eg var òg sers irritert av di eg ikkje hadde ladaren min. Eg ser med triste augo på turen attende til Oslo og frå Oslo til Stavanger utan datamaskin. Det vert sers synd :/

Dessutan hadde eg ikkje stort med pengar no (ca 0, sidan eg nyttar kortet til alt) – so eg måtte få låna av Ola og Elisabeth. Det var jo greitt. Eigentleg ikkje eit stort problem, framleis meir irritert på ladaren som vert att her i Nidaros medan eg dreg heim.

Kulturkveld

Mållaget hev gjeve ei hard rock/metall/svart metall-gruppe med namn «An10 boyband» eit stipend på 50.000 kr. Dei spelte for alle gamlingane, som hoppa og slang hendene for øyro stakkar. Hehe. Eg synest det var sers bra, men forstår at det absolutt, absolutt ikkje er kva resten av salen plar lika høyra på.

Men no gjeng vel batteriet snart, og eg må gå. Denne teksten vart ekstremt mykje kortare, men det er vel berre bra.

Forresten koseleg i NMU-gjengen på landsmøte. Hev vore ei fin helg trass alle problemi.

Her trykka eg på «Publisér», men hadde nett mista internett (fekk berre 24 timar). Nokre minutt seinare gjekk batteriet… So frå her er det «ny tekst».

Heimereise startar, på ein måte

So då sat eg der. Batteriet tomt. Godt. Eg hadde tenkt å dra no same kva. Eg såg på klokka, – hmm, 10 minutt til toget gjeng. Dårleg tid. Eg kom meg opp, pakka i ein fei og stakk frå møtet medan folk var opptekne med å stemma og ordskiftast. Eg sprang mot togstasjonen, kjende tidi var knapp. På vegen bort såg eg noko eg absolutt ikkje ville sjå; toget gjekk! Det køyrde ut frå stasjonen…! Neeei! Neste tog gjekk om tvo timar, problemet var at mitt tog frå Nidaros sentrum skulle gå um ein time. Eg hadde eit skikkeleg problem.

Huh? Men skulle ikkje toget gå 5 minutt seinare?

Jo, du tenkjer heilt rett. Teite tog. MEN! So kom eg på den geniale idéen at kann henda klokka mi var feil. Det var ho visstnok. Då eg la att sekken på toget måtte eg byta mobil for å få straum. Då eg slo mobilen på att måtte eg stilla klokka etter ei anna klokke. Denne klokka må ha vore feil, so difor var altso ikkje mobilen til å stola på. Eg stilte klokka fram 7–8 minutt og tenkte ho no var 2–3 minutt foran skjema.

Flybussar, drosjar og anna herk

Eg dafsa meg slakt bort til Lufthamn Værnes for å sjå um det var flybuss som gjekk i eit høveleg tidspunkt. Til slutt fann eg dei, la sekken inne i bussen og såg etter bussjåfør. Eg gjekk og hang ganske lengje, fyrr eg vart ganske redd. Eg ville spyrja um kor tid eg kunne venta å vera på jarnbanestasjonen – det hadde jo ikkje vore bra um eg var der 0805 (eitt minutt etter avgang). Eg fekk vita det pla taka 40 minutt (w00t?). Til slutt fann eg ein bussjåfør som kunne visa meg kor tid neste flybuss gjekk – det var då neste fly landa, um ein time. Hekkan for ein tullete flyplass! Og Nidaros er ein større by enn Stavanger? Pfysj!

Eg sjekka lommene mine. 70kr. Det var dei siste pengane eg hadde lånt av Ola og Elisabeth. Kortet mitt sperra. Eg kunne ikkje taka taxi til byen; det ville kosta rundt 500 kr, det hev eg ikkje. Totallåst. Eg kann heller ikkje (enkelt) taka eit seinare tog heller, eg hev jo ikkje pengar til det!

Attende på hotellet… Eg kjem meg vel ikkje vekk

Eg labba attende til landsmøtet kor Siv Skulstad (frå Studentmållaget i Nidaros, no i Landsstyret i NMU óg) spurde kvifor eg var kome attende. Eg forklarte medan eg vart drege inn i tellekorps-jobben min att, me skulle stemma på um me ville hava ein lite nynorsk-aktiv FrP-ar (Helge André Njåstad) inn i styret til Noregs Mållag eller ikkje. Då eg var attende (trøytt, irritert og plaga for at det skulle gå so elendig) stod Siv og pakka sakone sine raskt. Ho ville køyra meg til togstasjonen! Yeey! :D Me hadde sers dårleg tid. Det ville taka 20–25 minutt å dra inn um det ikkje var trafikk, og me hadde… ja, omtrent 25 minutt.

Pakka kjapt att, stakk frå møtet (FrP-aren vart visst vald inn, lukke til (eg var sers usikker, men stemde for)). Me såg på klokka, og var usikre på um det ville gå. Men bilen trong bensin(!), so me måtte finna ein bensinstasjon og fylla. Fylde 4L og drog. Måtte stoppa og gjelda bompengar på tvo(!) bomstasjonar. 20 minutt seinare, 1400, var me utanfor stasjonen og hadde klart det. Wo-hoo! Eg sat meg på toget og grein litt sidan eg ikkje hadde ladar til datamaskini mi. Ingen programmering, anime eller filmar for meg på toget, nei. Eg las heller vidare på Ringdrotten.

I Oslo

Framme i Oslo var eg heilt utkøyrd. Då eg kom heim til hybelen prata eg sers lite engasjerande med Rebecca i telefonen. Eg la meg og sov. Plutseleg vakna eg og reiste meg raskt i sjokk og vantru; AAAAHH! EG HEV MISTA TOGET OG EG HEV INGEN PENGAR ELLER NOKO!!! So såg eg på klokka og la merke til at ho var 05.45, so ingen problem. Etter litt surr var eg klar. Såg på klokka. Ahh, det er 7 minutt til t-banen gjeng – då kann eg vaska andletet skikkeleg.

4 minutt att. Eg går ut. 3 minutt att so er eg utanfor blokka og byrjar jogga mot t-banen, ikkje noko problem å vera litt tidleg. Men so gjeng t-banen forbi augo mine. HÆ!? Eg vart sers uroleg no. Eg måtte rekkja toget mitt. Det viste seg at klokka mi hadde ikkje berre vore 5 minutt feil, med heile 10 minutt! So eg måtte stilla ho om att. Problem-problem.

Men eg skal hoppa yver alt tullet. Eg rakk toget. Eg sat på toget (ikkje på komfort no, sidan eg ikkje hadde ladar) og las Ringdrotten. Eg synest ikkje det var supermoro, eg sakna å sitja med datamaskini… :(

So var eg heime i Stavanger!

SLUTT!!! (Eg trur Jørgen hev send ladaren min i posten i dag (wohoo))