Merkelapp-arkiv: Lita historie

Varm, varm dusj. Ahh

Hoo-ha! Mobilen starta vekkesekvens 0900. 1000 (rett fyrr forelesing) stod eg opp, då hadde mobilen nett stoppa den timelange pipinga. Eg tok ein varm, varm dusj og sat av gårde mot Universitas fyrr dagens studiearbeid.

Dette er skrive for ei vika sidan, onsdag 24. januar.

Litt um dusjen

Eg vil fortelja litt um dusjen (legg merke til den unyttige yverskrifi) no når eg fyrst hev sagt eg nett etla skriva litt. Moro å få den kjensla att. Dusjen på Kringsjå er langt frå like god som den på Bjerke. Då skal det òg seiast at Bjerke hadde ein ekte superdusj! Til slutt klara eg få Kringsjåvatnet varmt, det på Bjerke kom med ein gong i herleg temperatur. Eg stod inni dusjen og syntest framleis det var kaldt. Slo brytaren til det aller-aller varmaste. Eg stod slik og kjende sake at det vart varmare. Varmare. Varmare. Det byrja svi so vidt. Svi meir. Og so berre bittelitt varmare fyrr varmeauka stoppa. Slappa heil av og fokuserte på å verta van med varmen. Det vart eg. Og det var dette som var so herleg; … hum. Nei, neste avsnitt.

Det som er litt moro her, er at teksten stoppar. Det stend ikkje meir. Hugsar eg rett, so kom t-banen fram, og eg måtte av. So gjekk eg til Universitas og starta arbeidet. Etter det mista eg heile skrivelysta. Heh, eg hadde masse eg ville skriva um, – turen min til Kiwi mellom anna. Men eg skal prøva improvisera ein slutt for dette innlegget iallfall ;-) Eg hugsar kjensla so vidt.

Huda var varmare enn kroppen inni, eit teppe av godt, varmt. Det er ganske umogleg å forklåra. Nett som um ein hev eit digert, varmt teppe på seg – berre at ytterdelen av deg sjølv er dette teppet. Eg fekk masse energi, som var grunnen til at eg kom i skrivehumør. Eigentleg alt-humør. Eg kunna kjenna alt blodet strauma gjennom kroppen. Det var som um dei vitale organi mine var på utsida av kroppen. Eg vart varma opp utanfrå og inn. Ei rar kjensle. Eg kunna trengt noko slikt no. Men er gjerne berre mat eg manglar. Fær gå og taka noko.

Forresten, eg trur eg skal driva litt opprydding dei komande dagane, so det vert sikkert ein del slike mindre gode innlegg.

StavaaangåÅRrsk e» så fiiiint~!

Sat glad og fin og sippa økologisk mjølk frå kartongen på t-banen. Statistikkforelesinga var eg allereie for sein til, men reiste lell. Tri jentor sat ei sitjegruppa framfor meg og kom innpå målføre, eller dialekt1 som dei sa. Eg spissa øyro «Blablabla, den og den dritstygg, blablabla» … «Nei, um ein skal hava noko, lyt ein prata stavangersk» «Åhh, jaah2, stavangersk er berre so fint!». Haha, eg sat og gliste stort. Dette var jo kjempemoro. So prøvde dei seg på stavangersk. Supersøtt; «Eg e’ fra StavaaangåååRrrr».

«Huum», tenkte ho eine, «Rr…» skarra ho, «men eg synest namn vert rare. Til dømes ‹Markus› vert ikkje serleg fint på stavangersk. ‹MaRRrrkus›». Eg vert sers glad når eg møter nokon frå Rogaland her på austlandet. Er godt å høyra det vakre målet att. Eg tok ein siste slurk av mjølki, lo lett og trippa godt nøgd ut i det solkledde snjolandskapet.

Notar

1 Dialekt er ein ekte tulleord. Eg likar det ikkje. Undrast kvifor me nyttar det? Dessutan er det mongo at det er eit hankjønsord, ærleg talt – «ei dialekt» høyrast jo 10 000 gonger betre ut enn «eiN dialekt». Kva faen? Hankjøn! Nei, den må du lengre inn i ordboki med! So, eg vender ordet ryggen og vil ikkje hava noko med det å gjera. Humpf!

2 Dåneljod. Dåne er på ein måte som å svima av, – veit ikkje kvar eg hev det frå, kann henda det er stavangersk. Likevel trur eg det er frå mamma (som er frå Telemark/Kviteseid).

Slik elles, utanom

Ho-ha! Ferdig med Universitas. Klokka er 0600, eg tek t-banen heim for å sova til 10–1100 då det er ein ny dag full av forelesingar og jobbing. Eg kann telja dei gongane eg hev sove yver 4–5 timar dei siste 10 dagane på ei hand :-D Forresten er det skjedd ein god del eg vil skriva um, men eg må setja meg ned å gjera det. No som Universitas del 1 er ferdig, so kann eg endeleg sjå på andre prosjekt i tillegg.

Dessertdraum; Wii!

Eg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…

I butikken

Slikt er jo heilt logisk og lovleg i draumar – eg tenkte ikkje over det ein andre gong. Datoen var 1. desember (eg såg på klokka) og me gjekk inn i butikken (som var på plassen). Såg litt ut som ein bensinstasjon/kro, men var visst ei slags leikeforetning. Mamma var der allereie – kann ikkje hugsa pappa. Det stod ein liten kø framfor disken og nedi disken låg ein haug forskjellege titlar i spreke fargar. Til høgre og alt for langt inn på bordet stod ein slags dessertliknande skål med vaniljeis, mørk, varm, mjuk og tjukk rennande sjokolade og bringebærsyltety. Eg fann ei tynn bakevare og lente meg over bordet slik dei små gutane før meg hadde gjort. Dei hadde grisa det til.

Hovudgrunnen til butikkvitjinga

Men eg hev ikkje fortalt hovudgrunnen til alt dette; dei selde Nintendo Wii! Det var nok difor me var der. Falke hev prata stort om dette fælt so lengje, men sjølv var eg ikkje sikker på om eg skulle kaupa mi eiga. Ingen i butikken trudde det iallfall, for dei ville ikkje at eg skulle eta av desserten. Eg såg at kunden framfor meg såg etter spel å kaupa med. Då fekk eg eit sjokk; kvar var Zelda!? Einaste grunnen til at eg plar kaupa Nintendo sine maskiner. Eg såg heller ikkje Wiigames minisport-spelet som eg trur vert ein stor hit. Dama bak disken ga den andre dama eit spel som heitte «Tribal» (??). Kauparen sa at det ikkje såg moro ut. Då vart den tilsette dama særs fornærma og braut ut; «Jo, det er kjempebra!!».

Eg vart endå meir usikker på om eg skulle kaupa boksen. Falke ville jo gjera det likevel – dessutan hadde dei ikkje Zelda. Men då ville jo alle få rett om at eg ikkje skulle kaupa Wii, men berre åt masse dessert lell. Og det var jo eigentleg-eigentleg feil. For eit dilemma!

Fine dagen

So vakna eg av at hest 2 visstnok vann laupet rett nedpå Bjerke-banen. Hmm. Klokka 11. Lyt vel koma meg ned på Ping…