Merkelapp-arkiv: Los Angeles

Stoppa av trafikkpolitiet

Me hadde nett leigd bil (6 dagar sidan) og prøvde koma oss upp til Hollywood. Det var rushtid og vegane var fullstappa. Me køyrde på ein interstate (stor, effektiv motorveg som gjeng mellom statar), og det var vel ein godt 10 felt på kvar side (20-felts veg).

Heilt til venstre på vegen var det tvo «car pool»-felt, altso felt for bilar med 2 elder fleire folk i. So eg skifta felt heile vegen bort dit. Det var nesten ingen trafikk der.

So, korleis kjem eg inn på denne vegen? Det var tvo sterke, gule, heilstrekte strekar mellom kollektivfeltet og dei vanlege. I Noreg og Europa vil det absolutt tyda «det er ikkje lovleg å krossa yver her». So vel, me køyrde langs lina, langt, langt. I den treige køen.

Me leigde altso bil likevel. Det var eit sant helvete å koma seg rundt utan. Det kosta oss $1397.00 for 1 månad, altso 9000 NOK inkludert alle forsikringar. Me skal levera han i San Francisco. Fann altso Super Cheap Car hire som leigde bilar til under-25 utan å leggja på ein totalt latterleg ekstrem straff-pris på topp.

Ein bil køyrde ut frå kollektivfeltet og inn i vårt felt, han kryssa altso dei gule linene. Kort tid etter køyrer ein annan bil ut framfor oss yver i kollektivfeltet.

Kollektivfeltet skiljer seg frå hovudvegen og fær sin eigen bru som fletter seg inn i den andre motorvegen me skal yver på. So litt i panikken av å måtta sitja i den treige køen stort lengre so svinger me yver i kollektivfeltet.

Sekund etter ligg ein Highway Patrol bak oss, og eg frys til is. Han kjem upp på sida vår, ligg der litt og slakkar av og legg seg bak oss. Eg vil ikkje akselerera upp, for at det ikkje skal tolkast som um eg vil køyra frå han. Eigentleg vil eg helst berre at han skal køyra forbi meg. Men, nei.

Han ligg bak oss, og etter eit par-10 sekund til so kjem ljosi på.

Han segjer noko til meg, vandskeleg å forstå/høyra. Me kjem til ei avkøyring. Eg høyrer noko um «right» og byter felt til høgre, men det var visst totalt feil og han skrik, nei, nei, nei. Eg vert sjølvsagt råstressa og køyrer til venstre att ut i ei trafikkøy mellom avkøyringi og vegen. Han stoppar bak meg og vinkar og veivar og pratar og eg forstår ingenting. Men etter litt forstår eg at eg skal køyra ned der. Og det gjer me.

Me stoppar nede, etter at eg fyrst trudde me skulle stoppa, og so ikkje so eg gassa upp att og då skreik han «STOP!». So ruller eg ned vindauga og tek fram førarkortet.

Han er råsint.

  1. Me køyrde yver den gule streken
  2. Me køyrde seint (eg var paralysert av å ha politiet rett i baken)
  3. Me fylgde ikkje instruksjonane han gav

Når han fær sertifikatet vert han veldig suspekt og spyrr «WHAT is THIS!?».
«Uh, it’s the norwegian drivers license».

So, til slutt kastar han berre sertifikatet inn i bilen. Ingen bot. Gjeng attende til sin bil, og råkøyrer vekk og rundt ein sving.

Bah. For ei forferdeleg oppleving.

Innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud

I dag var me på innspeling av filmmusikk på Fox studios. Nett no sit me på ein Starbucks på veg til Las Vegas. Me er rett utanfor Victorville, ein plass som heiter Hesperia.

I dag tidleg var me i Palmville med Rajan, som me hadde sove hos. Me køyrde inn til Fox Studios og var med på innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud med Zac Efron (sjå det, Kitty Karina!). Me vart invitert av komponisten Rolfe Kent (på IMDB), som me traff på ein couchsurfing-fest i Los Angeles.

I ettertid (no!) fann me ut at han hev komponert tittelmusikken til Dexter-serien! OMG! :D

Me elskar den serien.

Same kva, me var der på innspelingi, og fekk sjå orkesteret spela med Rolfe som dirigent. Vart eit par takningar på eit par av scenene. Utruleg interessant.

Ein flau ting; det var mat på eit bord. Ein i orkesteret tok ein kjeks, eg tenkte; det såg godt ut, so eg tok ein òg. Dei gjorde seg klar til upptak (det er 60 stk inne i orkesterboksen) medan eg tygde litt på kjeksen. Og, 8, 7 .. 2, 1. Eg byrjar kjenna eg må hosta, og til slutt er det umogleg å halda det, HOST HARK HOST HARK. Og det stoggar ikkje, eg fær ikkje hosta skikkeleg, so det held berre fram. Eg må ta meg for nasa for å ikkje laga so mykje ljod, men hikkar litt host litt-om-litt. Utruleg flaut.

Etter takningi spring eg inn i kontrollrommet der du kann bråka litt utan problem. Rolfe kjem inn, og er godt nøgd med takningi, men han må takast um att av di det var ein del «romljod i byrjingi». Hah :-(

Eg gler meg stort til å sjå filmen på kino ;-] Helene vil prøva sjå han på premieren her i USA.

Det hev skjedd ein del dei siste dagane, og eg skal skriva um dette når eg fær tid:

  • Stoppa av trafikkpolitiet / bil (gjort)
  • Surfing
  • Couchsurfing hjå Nayan
  • Grillfest på stranda
  • Couchsurfing hjå Rajan
  • Griffith Park (dyrepark og observatorium)
  • Universial studios

So fylg med :-)

I LA-sentrum

So, fyrste dagen vår. Me starta ganske tidleg, vakna kl 05.00 lokal tid. Men det var ikkje særleg imponerande når det eigentleg var 17.00 Noreg-tid.

Me fann bil, og tinga ein for ein månad for $1400 inkludert båe andsvarsforsikring og kasko. Skal henta han i morgon.

Det tok ei halv æve å koma seg inn til byen. Vel, me bur jo allereie i «byen». LA latar til å vera mange byar som hev smelta saman. Han er ekstremt stor og flat. Langt i frå kompakt. Veldig keisamt eigentleg. Ikkje slik eg likar byar. Det tok oss vel ein time å koma inn til det dei kallar «downtown» med buss og to byte med metrolina.

Som eg sa i førre innlegg, er verkeleg offentleg transport heilt utruleg dårleg her. Det må berre opplevast. Det er veldig stressut å bruka. Det visste me jo, men trudde aldri skikkeleg på det. Bur jo 20 millionar menneske i denne byen, må jo vera noko grunnlag for å laga eit litt skikkeleg transportsystem. Men, nei.

Eit stort problem er sjølvsagt måten dei hev «laga» byen på. Iom. at han er alt for stor, og det er so digre avstander mellom alt so er det få folk per kvadratkilometer truleg. Likevel er det ikkje mindre enn t.d. Oslo, og der hev dei jo fint klart å laga eit godt transportsystem. Menmen.

No sit me på ein heller dårleg Starbucks i sentrum, me hev ikkje klart å finna ein litt større, koseleg kafé der me sit litt meir privat (og ikkje midt ved dei utruleg bråkute kaffimaskinane). Det gjekk ikkje. Me sat ute ein periode, men ein galen mann plaga oss veldig. Han var trugande og spurte um å få pengar eller få kaka vår heile tidi. Skikkeleg trugande. Ei dame kom ut, han sa noko, og so slo han kaffien ut av hendene hennar, ho fortsette berre vidare. Sikkert livredd.

Ei anna dame kom yver vegen, han gjekk til ho, skræmande, og hytta neven etter ho, eg trudde han skulle slå ho – og so gjekk ho attende til der ho kom frå. Ho vart redd.

So me stakk inn, var ikkje koseleg der nei. Han tok Helene sin kakesmaksprøve.

Fyrr det var me på turistinformasjonen, me treng allslags kart til å få litt yversikt. Dei hadde evig med ulike brosjyrar, og me hev diverre teke med oss fleire kilo av dei. Off, so mykje boss det vert.

No skal me ut på ein gåtur. Alt er betre i dag no som me hev sove, slik eg tenkte. Dessutan vert det truleg veldig moro å endeleg få ein bil! So fær me helder gløyma at det kostar oss ein god del, det vart heldigvis mykje billegare enn det alle dei kjende (store) selskapa tek.

Vel framme i Los Angeles

Framme på hostellet i LA.

Ravsvolten. Me hev døgna, det er no godt meir enn 24 timar sidan me stod upp. Var utruleg stressut å taka buss her; dei gjeng utruleg sjeldan og busstasjonen ser ut som Tsjernobyl – omtrent ikkje eit menneske der.

Tydeleg at me kjem til å få det ekstremt vandskeleg utan bil. Det er nesten so me berre må leiga ein for å koma oss rundt i byen.

Bussjåføren var umogleg å forstå og vart utruleg sint på meg av di eg prøvde betala.

Hostellet her er av rådårleg standard for pengane me betalar.

Men, no, sovings! :S

Alt truleg mykje betre i morgon. :-)