Merkelapp-arkiv: Mål

Aldri meir koffein

Eg hev no aldri tenkt stort yver det. Men so slutta eg med kaffi av di det vart litt mykje. Drakk likevel litt med varierande mellomrom. No er klokka 03.12 og eg fær absolutt ikkje sova. Eg drakk ein kopp Cortado i dag tidleg (der tidleg tyder godt etter kl 12 :P), utan stort i kroppen. I heile dag hev eg og Helene berre ete frukost. Vel, utanum popkorn og ei bolla (meg) og ei lappa (Helene).

Eg kjenner korleis eg ikkje fær sova, og korleis det er koffeinet sin feil. Det er lengje sidan eg drakk noko med masse koffein. Jodå, i går stal eg jo litt av kaffien til båe mamma og Helene – men ikkje mykje. Fyrr det hev det vore lite.

Ikkje avhengig, på nokon måte

Mange drikk kaffi av di dei er avhengig, elder trur dei er det, det gjer/gjorde ikkje eg. Det var berre av smak. Og no vil det naturlege spyrsmålet vera «Men, Odin, skal me ikkje få kosa oss med noko lengre? Skal du ikkje drikka kaffi som du likar berre av di det er koffein i det?». Du fylgjer kannhenda upp med «Må jo få dårleg livskvalitet av å halda seg vekk frå alt godt!».

Vel, eg trur eg i lengdi fær mykje betre livskvalitet av å halda meg fri frå slike påverkande middel. No drakk eg aldri kaffi av den grunnen, men likevel er dei der. Dessutan vil eg ikkje verta styrt av lyster på den måten, – når eg veit at noko hev ei negativ sida vil eg helst halda meg vekk frå det. Eg vil fokusera på det positiva. Eg må segja det minskar livskvaliteten min ganske kraftig å ikkje klara å sovna.

Fruktprosjekt

I alt dette her so ligg det vel eigentleg ei uppladning til eit nytt rå frukt- og grøntprosjekt. Eg vil altso verta kvitt kokt mat, som er som dop for kroppen. I tillegg til at eg sjølvsagt kjem til å halda meg vekk frå dyreprodukt som mjølk og egg. Motivasjonen min for å eta vegansk rått att hev vore stor heilt sidan eg slutta prosjektet. Og no er eg ikkje so alt for langt vekk frå å starta. Men er framleis litt redd for at det skal gå ut yver andre ting eg driv på med.

Men, aldri meir koffein

For no kvittar eg meg med koffeinen. Eg vil ikkje drikkja meir koffein. Avkoffeinisert kaffi; jatakk, det kann eg prøva – men nei, eg nektar å få meir av giftstoffet i meg friviljug.

Symd 10 000 meter

Det var som eg tenkte, veldig enkelt. Det viste seg at det ikkje var fyrr i morgon at eg skulle dra til Sør-Afrika, difor tok eg meg ein lang symjetur (ok, han var ikkje lang og eg hadde tenkt å taka han same kva) og fullførde dei 1000 metrane som var att.

_ Dato _ Meter _ Totalt
tors 26/2 400 400
fre 27/2 600 1000
mån 3/3 1000 2000
tys 4/3 1900 3900
ons 5/3 250 4150
tors 6/3 1050 5200
fre 7/3 700 5900
mån 10/3 2000 7900
fre 14/3 1100 9000
laur 15/3 1000 10000

So, eg symde 10 000 meter på 19 dagar, altso umtrent 500 meter dagen. Um me berre tek med dagane eg faktisk symde so var det 10 dagar og det vert difor 1000 meter/dagen.

Dette var moro, eg kjem til å halda fram med å symja, men eg må kannhenda setja meg litt høgare mål enn det eg hadde no. Problemet mitt var sjølvsagt at eg verkeleg ikkje hadde peiling på um 10 000 meter var mykje eller ikkje.

Prosjekt ferdig, suksess!

Ooops, 9 000 meter på 10 dagar

Eg gløymde jo heilt å sjekka kor uppteken eg eigentleg er frametter då eg fann ut at eg skulle symja 10 000 meter til 31. mars. Men det viser seg at eg dreg til Sør-afrika um 12 dagar (!) og etter det hev eg ingen tid til symjing grunna landsmøtet i NMU. Dessutan hev eg vore sjuk i det siste, og dimed hev eg ikkje fengje symd slik eg skulle.

Dessutan er laurdagar og sundagar i symjehallen «familidagar» med evig ungar, gamle og midt i mellom i bassenget – med andre ord vanskeleg å få symd. Då sit eg altso att med 10 dagar der eg skal symja dei resterandee 9 000 meterane. Det vert 900 meter/dagen, og det midt i avvenningi mi av rå fruktdietten

I dag tok eg eit kraftak og symde 1000m utan pause (utanum då eg måtte flytta meg for å ikkje kræsja meg folk), so det vert vel eigentleg berre 8 000 meter på 10 dagar. :-)

Same kva, det vert spanande frametter; eg skal klara det…!

Eg skal symja 10 000m til 31. mars

Etter eg hadde symje eit par lengder i dag tok eg ein lengre pause uppe på land. Eg vil læra meg å kråla, so eg ville spyrja vakten um det. Han var ikkje ledig, so eg venta. Det hang ymse plakatar der det stod «Sym til Spania» der du skal symja 10 000m frå 1. januar til 31. mars. Høyrast ut som ein perfekt ting for meg!

Falke speler vasspolo i Stavanger

Eg tenkte eg skulle starta frå no, og etter eg hadde spurd vakten um kråleundervisning og lengda på bassenget so hoppa eg uti att. Eg kom på ein del ting:

  • Bassenget er 25m langt
  • 500m vert då 20 lengder
  • 10 gongar fram og tilbake
  • Det høyrast greitt ut
  • I dag er det 34 dagar att til 31. mars
  • Symjer eg 500m/dagen treng eg berre 20 dagar på meg
  • Eg bør prøva å symja ein del kvar einaste dag
  • Eg er ikkje interessert i å vinna tur til Spania, men å symja 10 000 meter til april

Meg og Rebecca var ein time i bassenget i går. Leika og trente. I dag var eg der ein halvtime, med ein lang pause i midten. Eg trur eg sumde 400m i dag, i alle fall ikkje kortare. Eg ville ikkje taka med kor mykje eg sumde i går, sidan eg vil vera sikker på at eg hev klart 10 000 når eg gjer det. Det var ein god del rundar i går, men det vert gjetting.

So, berre 9 600m og 34 dagar att! Det er berre å starta! :D