Merkelapp-arkiv: Månadens film

Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90!

Vel, rett nok var det eg som betalte for den nye speilrefleksen, men eg fekk han jo likevel på fødedagen. Dessutan gav Helene meg eit objektiv eg hev hatt lyst på utruleg lengje (elsk), men som hev vore litt dyrt.

Eg hev hatt lyst på Nikon D90 etter NRKbeta informerte meg um at det hadde video. So eg testa kamera på fødedagen min i går (NMU hadde jolefest heime hjå oss)

Du finn òg fila hjå archive.org – der kann du m.a. lasta han ned i HD (altso mykje betre kvalitet) og sjå han i Flash.

Brukte tvo objektiv, det nye vidvinkelobjektivet (10–20mm f/4–5.6) og mitt herlege Nikon 50mm f/1.8. Alle bileti som er supermørke er tekne med vidvinkelobjektive. Grunnen til at dei vert so mørke er av di objektivet ikkje er so ljossterkt (f/4), men mest av alt av di det var sabla mørkt for eit stakkars kamera der inne. Men 50 mm objektivet er jo ein helt utan like. Utruleg bra.

Eg elskar mitt nye Nikon D90. No vert det endeleg meir video frametter! Wey! :D

Månadens video: Telefonpimpin»

Dette er ein særs gamal video (frå 2001). Mange av dykk hev sett han allereie, men då i ein litt stiligare innpakking med musikk. Musikken er take vekk litt på grunn av at eg ikkje gadd å finna han fram igjen (+ ikkje hadde tid) og litt på grunn av rettighetsdrit. Eg lot teipen gå litt lengre på denne videoen, så det er «ekstramateriale» av kva me gjorde rett etter me hadde laga Telefonpimpin’. Det er ein grunn til at eg aldri hev vist det før…

Det er nemleg superkeitt og -dumt. Eg trur ikkje Espen vil bli overglad av å sjå etterhenget. Og eg veit Jon ikkje likar Telefonpimpin’ i seg sjølv, men det er ein klassikar – og han må visast!

Videoen er i Ogg Theora (eitt FRITT videoformat). Du kan lasta Telefonpimpin’ ned her, men må ha ein avspelar som VLC eller liknande for å sjå han. Avspelar som er bruka er GPL-a Flumotion Cortado Java applet.

Månadens video: Videodagbok frå Amandus

Eg skall prøva starta noko nytt. Kvar månad rundt den femte skall eg leggja ut ein video. Fyrst ut er videodagboka frå Amandus. Meg, kamerat Espen og kjærasten min Rebecca drog til Amandusfestivalen i Lillehammer for å representera ein film. Eg laga ein 6 minutters lang versjon av turen; sjølv om eg hev 2 timar og 30 minutt med råstoff.

Eg hev tenkt å laga ein podcast (ein RSS-feed) av videoane, men hev ikkje gidda finna ut korleis endå. Trur eg lagar dei for hand, gidd ikkje stressa med å finna eigna program til det. Er jo XML, enkelt. Eg veit ikkje heilt kva eg skall skriva til desse videoane, kanskje ikkje for mykje. Kom med forslag. Men før den tid; her er videoen:

Videoen er i Ogg Theora (eitt FRITT videoformat). Du kan lasta Amandus-dagboka ned, men må ha ein avspelar som VLC eller liknande for å sjå han. Avspelar som er bruka er GPL-a Flumotion Cortado Java applet.

Om eg får tilsaman 10 fornuftige kommentarar på dette, skal eg leggja ut heile Mmmmmbop-songen til meg og Espen. Eg fekk over 10 gode kommentarar, så her er heile songen: Odin og Espen syng Mmmbop (Ogg Vorbis).