Merkelapp-arkiv: Mat

MMmm, god omelettoppskrift!

Eg hev vorte ein racer på omelettar det siste halve året. Dei siste omelettane eg hev laga hev vore heilt fantastisk gode, i dag storkosa eg meg verkeleg. Difor tenkte eg at eg kjapt skulle skriva ned grunntrinni, slik at eg kann hava det skriftleg um andre er interesserte.

Oppskrift, osteomelett med kvitlauk

Eg hev laga veldig mange forskjellege variantar, det er veldig enkelt å tulla rundt for å so koma opp med ein god omelett. Eg skriv ned den eg laga i dag; osteomelett med lauk, kvitlauk, gastromat (norsk «krydder») og ingen mjølk.

Det var ei ekstremt enkel oppskrift som smakte himmelsk:

Dette treng du (ingrediensar)

  • 1 vanleg skei med smør
  • 3 egg
  • 1 fedd kvitlauk (ein båt altso)
  • Lauk (dobbelt so mykje lauk som kvitlauk, berre kanten av ein stor lauk)
  • Ei lita neva (hand) rispa ost
  • 1 flat teskei med gastromat (du finn det i krydderhylla på butikken)
  • 1/4 teskei med oregano (vanleg krydder)

Framgangsmåte (tek rundt 10 minutt)

  1. Set steikeplata på omnen, (varme 4 (av 6)) og ha i smøret
  2. Kutt opp kvitlauken og lauken i små bitar
  3. Hiv det oppi steikepanna når smøret er smelta
  4. Ha dei tri eggi oppi skåli
  5. Putt krydderet oppi skåli, rør til det vert gult
  6. Fordel det som er i steikepanna likt utyver
  7. Når lauken og kvitlauken er brun, hell innhaldet i skåli yver
  8. Roter steikepanna rundt ein gong slik at egget lagar ein «kant» inne i panna
  9. Hell litt av osten oppå omeletten (osten vil søkka ned i han)
  10. Når eggekanten du laga fjernar seg frå plata, bruk steikespada di til å lausriva omeletten frå plata
  11. Ha resten av osten på den eine halvsida av omeletten (den sida som sit mest fast)
  12. Pass på at omeletten er passe fast på yverflata (kann renna litt, skal vera litt blaut)
  13. Bruk steikespaden for å koma under den motsette sida av osten og legg han forsiktig yver, no hev du ikkje ein rund omelett lengre, men ein halvmåne
  14. Strø litt ost på toppen som pynt
  15. Omeletten er ferdig når osten hev festa seg
  16. Skli omeletten yver på ein tallerken ved hjelp av steikespaden

Njot omeletten din med salat! :D

Variasjonar

Det er sjølvsagt veldig, veldig, veldig lov å laga variasjonar av denne. Det er berre godt og enkelt. Grunnen til at eg laga omeletten på denne måten i dag var ganske enkelt av di det var dette eg hadde. Ein av mine betre omelettar brukte eg sopp;

Sopp

  • Meir smør i panna
  • Steik soppen brun og god
  • Ha han yver på ein tallerken
  • Når omeletten er i stadiet der du puttar «resten av osten på», so heller du berre soppen oppi

Det er veldig vanskeleg å laga ein omelett som er vond, det er enkelt og godt. Vil du bruka litt mjølk i?

Med mjølk

  • Ha i mjølk når du rører eggi, ikkje for mykje, omtrent ein liten «skvulp»

Hev du ein god omelettoppskrift?

Kom med han då. :-)

Jentemåten å eta kiwi på, ikkje bra

Eg hev funne ein morosam ting. Det krev ein kjærast med kniv, ein (helst tvo) kiwiar, skei og film. Dessutan må du vera van med å eta kiwi på den ekte måten, den for mannfolk og alle andre som veit korleis me et frukt.

  1. Få kjærasten din til å laga klar kiwiane de skal eta medan de ser «Pink Panther».
  2. Ho lagar han sjølvsagt på feil måte (kutt av toppen av kiwien (jentemåten)).
  3. Ho innser dette, men sei «OK, eg kann prøva å gjera det på denne måten» for å vera open for nye (teite) ting.
  4. Le medan du ser «Pink Panther».
  5. Tak skeii i den eine handi, og kiwien i den andre.
  6. Skrap av eitt lag Kiwi, putt inn i munnen og et.
  7. Repetér frå 5 heilt til Kiwi-en er ferdig.
  8. Voilá, kjenn etter ei spesiell kjensle.

Dette er kannhenda ein lur plass å gå til spegelen på badet og sjå på verket (eller skal eg seia «verken» ;-) ) ditt.

Illustrasjon

Steg 1, kiwi. Steg 2, kiwi utan topp. Steg 3, tunga som blør.

Du vil slita med nr. 3 eit heilt døger etterpå. Det vil vera stress å eta ting…

Korleis du skal eta Kiwi

For dei ulukkelege sjelene som ikkje veit korleis me eigentleg skal eta kiwi:

  1. Vask kiwien (skyl han)
  2. Putt han i handa di
  3. Bit i han
  4. Tygg
  5. Svelg
  6. Start frå 3 til det ikkje er meir kiwi att

Då er kiwien god
då er han best
til kvardag
og til fest

Jeppz! Du et altso med skalet på, nett slik me et eple, nektarinar, plommer, sitronar og anna som er godt.

Kvifor seier du «jentemåten»?

Eg hev sterkt yvertydande statistisk materiale som seier at jenter brukar skei, og gutar berre et kiwien på den beste måten. Eg hev lagd ein tabell som prov:

Korleis jentor og gutar et kiwi
Dårleg måte å eta kiwi påDen beste måten
Gutar01
Jentor20

Som me ser, hev eg funne ut at båe mamma og Rebecca et kiwi med skei, og eg (som er gut) et på den beste måten. So der hev me det! Den dårlege måten er jentemåten.

QED.

Eg burde verta kokk

So var det tid for middag att, og kjøleskåpet er fullare enn nokon gong fyrr. I ymse glimt av arbeidsvilje og positive syn um framtida handlar eg stort inn på matvare etter matvare. Kaupar inn ting eg ikkje veit kva er til ein gong, men tenkjer eg kann sikkert bruka det på ein eller annan måte. Eg kann putta ting saman og eta sunt, som ein flink gut.

Eg må slutta med ferdigpizzaen innser eg for, eit kjøleskåp fullt av varor som ikkje er rørt på ei vìka lover ikkje bra. Maten må etast fyrr han vert dårleg. Og eg dreg jo til Kviteseid i morgon! Med rak vilje og stå-på mot fyrer eg jerngryta opp på steikjeplata. Etter ein stund ser eg TV-rommet byrjar verta røyklagt. Inne på kjøkkenet ser eg omtrent ikkje til andre veggen. Etter grytevask og dobbelsikring um at det ikkje er meir att nedi ho ringjer telefonen. Eg legg på då eg merkjer at det atter ein gong er litt vanskeleg å sjå. Ah vel, dei er vel berre slik desse grytone, seier eg medan eg tenkjer eg ikkje burde verta kokk.

I kjøleskåpet hev eg altslag rart. Ooo, sopp! So eksotisk! Ut med, hakk opp og putt i gryta som allereie er full av litt for mykje olivenolja.

Rein sopp er ingen middag

Må hava meir oppi. I kjøleskåpet ligg eit par laukar (jadå), eg tek ein og kappar han opp. So oppi gryta. Dansar lett rundt kjøkkenet medan eg rører rundt i gryta. Eg kjenner meg godt og veit med eitt at her må meir til. Dette gjeng jo som det susar! Eg tek oppi litt forskjelleg krydder eg ikkje veit kva er og kuttar opp nokre tomatar. Heller på litt meir olivenolja saman med tomatane.

Eg burde verta kokk

Eg luktar. Aaaahhh. So godt det luktar! Det ser godt ut òg. Eg vert kjempesvolten og tenkjer heilt bestemt at eg burde verta kokk. Ja, eg tenkte feil i stad, det er jo sant at eg burde verta kokk.

Eg dansar vidare og klarar ikkje stoppa, meir må i gryta! Eg skal laga supergod middag! Eg må òg få brukt opp meir av det eg hev kaupt. Eg opner ein boks med bønner og tek fleire tomatar oppi. Eg rører og rører. Rører og rører. Eg skreller ei potet. Eg lagar småterningar og puttar nokre få nedi, so finn eg ut at dei ikkje vil verta steikte ferdig på denne tida. For eigentleg var retten ferdig for lengje sidan.

Alt er steikt lengje nok. For lengje. Faktisk. Og eg hev rørt for mykje. No er det ikkje lenger ei lekker blanding som luktar godt. Det er ein brun graut. Det ser heilt forferdeleg ut. Det ser ut som most katt. Og smakar sikkert verre. … Hekkan.

Fram med tallerken og middag ferdig

Eg splæsjer litt av gugga yver på ein tallerk og legg ved mange blad ishavssalat på sida. Gusje.

Eg tok so absolutt feil, eg burde jo for all del ikkje verta kokk.

Korleis gjekk inf2270-eksamen, og kor er sekken min?

I går var ein litt teit dag, eg fekk ikkje den herlege «eksamen ferdig, eg er heilt ferdig for semesteret»-kjensla. Eg mista nemleg sekken, med jakka mi og altslag i. Han ligg nok trygt på Universitetet – men det hjalp ikkje meg då eg måtte gå ute midt på natta i tynn t-skjorta og shorts. Det var sers kaldt. Eg fraus òg inne. Og eg hadde jysla vondt i magen heile dagen. Eg trur eg hev gløymd å eta nok i det siste. Var verkeleg skrubbsvolten, det kjendest ut som um eg hadde eit skrubbsår i magen. Vondt.

Men so hev fleire spurd meg um korleis eksamen gjekk. Jo, det gjekk ganske bra. Eg er heilt sikker på at eg står, men det vert moro å sjå kva karakter eg fær. Trur det vert C, men eg kann vera heldig med ein B um sensor ikkje trekk meg for mine tvo superdigre feil:

  • *Eg gløymde å gjera ei heil oppgåva som tel 13%.* Skulle skriva x86-maskinkode for å rekna ut snittet av ein vektor med tal (dei kalla array for vektor), det gjorde eg for int (heiltal), men ikkje for double (flyttal, tal med komma :p). Eg hadde ikkje tid, men hadde tenkt å skriva kva instruksjonar ein må bruka. Hadde sikkert fengje stor utteljing på det. No fær eg truleg 0.
  • *Dei var jysla slemme i ei oppgåve og eg svarte dimed feil*. Når du skal laga ein ekstern asm-funskjon til C, er det ein viss «regel» du må fylgja for at C-programmet skal kunna bruka funksjonen. Dette ser du _vekk frå_ når du les kode raskt, av di det er same koda på topp og botn heile tidi – og alle veit kva han gjer. Men plutseleg i ei av oppgåvene hadde dei byta koden frå:
    pushl %ebp
    movl %esp, %ebp
    til:
    movl %esp, %ebp
    pushl %ebp
    som vil gjera at heile programmet klikker og fær «segmentation fault». Veldig teit gjort. *Sjølvsagt* veit eg dette, men når ein hev dårleg tid og skal gå gjennom mykje ser ein ikkje på all standard-koden; men fokuserer på det som faktisk gjer _arbeidet_ i funksjonen.

So det var irriterande.

Lagt att sekken

Og som typisk er, la eg att sekken i eksamenslokalet. Dei stengde. So eg fraus då eg hang lengje på PING, so gjekk eg ut i mørke natta og det var dritkaldt. Eg kom alt for tidleg til t-banen, so eg måtte stå og hengja der lengje. Kaaaldt. Brrr.

No må eg skunda meg å pakka ned laptopen og alt eg skal hava med (det vert vanskeleg utan sekk, men må vel improvisera med pose). So må eg prøva å finna sekken min på Universitetet. Vonar verkeleg eg klarar det, mobiltelefonen min ligg der. Eg skulde ringja båe Espen og Rebecca i går. Finn eg han i dag lyt eg vel ringja Helene ein gong òg. Sumarkosefilmprosjektet eg vonar meg, Helene (, Sandra ++?) og Espen skal hava lyt koma på beina ganske snart um det skal verta noko av det.

Jepp. No hev eg snart ete upp heile bolla med ris, det var ikkje serleg godt; men eg hev ikkje kaupt inn meir mat sidan eg dreg no. Nana! De får høyra det um eg fær problemer med reisa mi i dag (heh). Toget gjeng 1500 trur eg. Det er berre tri timar til. Skunda meg, skunda meg!

Dr. Ho på Ping steikefest

Då er eg nett kome frå Ping steikefest hjå Morten (mortehu). Det var sers koseleg, eg trente på DJ-ing og på å laga musikk. Eg trur eg stod og heldt på med Morten sitt utstyr i fleire timar – det var kjempekos! Eg fekk til og med eit DJ-namn av Håvard (gus); Dr. Ho. Kann henda litt internt, men eg kann forklåra litt;

DJ Dr. Ho (disc jockey doctor ho)

På UiO fær me brukarnamn. Det plar vera fornamn+litt av etternamnet. Mitt vart altso «odinho». Det tok faktisk litt tid fyrr Ping-folket fann dette ut, men plutseleg vart det vidt kjend at mitt brukarnamn var «odinho». Og då vart eg sjølvsagt omdøypt til «odinho» som Ping-norm er. Fleire omtalar Håvard som «gus» og Morten som «mortehu», so det er sers vanleg. «Ho» er altso hore på engelsk, so difor var dette litt moro. Til og med Rebecca lo av meg då ho var på vitjing på Ping og høyrde kva eg heitte der. So då eg hang yver platone, miksebordet og synthane til mortehu fekk eg DJ-namn «Dr. Ho».

Steikefest, kva er dette?

Nokon lurar på kva steikefest er, eg nyttar Morten si flotte forklåring; du hev høyrd um grillfest? Vel, steikefest er det same, berre ein steiker i staden for å grilla. So altso komfyr i staden for gullgrill. Forresten er båe «steikefest» og «stekefest» heilt reine på Google i skrivande stund, dette visste sjølvsagt Ping då det vart utlyst. Det er nemleg berre me som hev hatt dette (dokumentert på nett iallfall). So ganske fantastisk.

Korleis var dagen min fyrr steikefesten?

Eg vakna ganske tidleg, av ein eller annan rar grunn. Sat på musikk, men heldt på å daua av trøyttskap att. Eg drøymde litt, herleg, og so såg eg endå ein episode av Aishiteruze Baby. Eg ser at eg berre hev tvo episodar att no, vert lei meg. Ein i kveld og ein i morgon tidleg til frukost. Buhu. Hev vore moro. Må finna ein ny serie no. So fann eg filmmusikken til «Så som i himmelen», for eg ville høyra på «Gabriellas Sång», den fann eg og høyrde på han høgt. So drog eg ned til Ping og koste meg der. Åt masse is (som eg hev til vane for på Ping i desse dagar) og ein del sjokolade. Eg kaupte masse bøker på sal – nei, det var i går.

Me hev ein ny medlem i Ping, han hev vakse opp i Filippinene, der eg er fødd. Han heiter michaee (Michael) og er sers kul. Me installerte OpenArena (gratis/fri versjon av Quake III) og spelte mot kvarandre og nokre bottar. Eg vann kvar einaste gong (wohoo!). Eg er likevel ganske sikker på at michaee tek meg ganske raskt snart, for han er ein ekte spelar; medan eg driv ikkje so mykje på med slikt. Men eg digga å spela litt Quake att! Det er herleg! Spelte kann henda 7–8 rundar fyrstemann til 20 «frags».

So gjekk eg til mortehu

Etter litt viste han fram platespelaren sin, og sette på ein Techno-CD, so starta eg og prøva ut alle funksjonane til platespelaren pluss litt scratching osb. Det var sers moro um du ikkje hev fengje det med deg. Etter litt prøvde eg meg på Bass-synthen honom, og lagde ein del rytmar. Guitar Hero II vart kobla til, og leika med å laga bass til songane som vart spelt der. I slutten klarte eg endeleg laga ein rytme som passa perfekt (nett då eg hadde klart laga noko kult var songen yver normalt sett); eg spelte han høgt til gitarspelingi. Ingen merka noko, men då det var ferdig merka dei sjølvsagt at bassen/rytma til songen berre fortsette. Det var jo av di eg hadde laga ho og miksa det inn. Var ein elskeleg maskin kann ein seia.

So fekk eg prøva den kulaste synthen, der ein kunne spela og laga supertøff ljod/musikk; eg brukte bass-synthen og den avanserte saman med musikken som spelte frå datamaskini til å laga kul musikk i «teste-kanalen» på miksebordet. So all musikken eg laga høyrde eg berre sjølv inne i hovudtelefonane. Kann henda like greitt; trur neppe det hadde vore gildt å høyra på knoting i lengda. Men inni mellom vart det sers bra. So, vart litt forelska i dei maskinane.

Det var jo masse utanom òg

Mortehu hadde laga dritgode salatar, det var masse kjekke Ping-folk og god mat. Eg åt berre salatane då. Me fekk velkomstdrinkar då me kom – eg var ein av dei som ville hava utan alkohol; og eg laga meg mange seinare. Eksperimenterte og fann ein utruleg god drink til slutt.

God alkoholfri drink

  1. Halvt glass fylt av knust is
  2. Del opp ein halv lime i båtar og legg i glaset
  3. Fyll halve glaset med Sprite (eller annan sitronbrus)
  4. Fyll resten opp med Ananasjuice
  5. Tøm innhald yver i riste-reiskap (mortehu hadde drinkristar/-miksar)
  6. Rist i 4 sekund
  7. Tøm innhaldet yver i glaset att
  8. VOILÁ, sers god drink! :D

Mm.

So tok eg tbane heim

…medan eg prata med Rebecca. Eg gjekk 2300 av di det ikkje er lengje til eksamen. Hmmm. So eg lyt leggja meg no (00:20), eg legg meg nok 00:30 og so ser eg Aishiteruze Baby, so vert klokka 01:00, som er betre enn 02:00 og 03:00. Ah, på slutten traff eg Ola og Elisabeth. Som er eit veldig snilt kjærestepar. Var godt å sjå dei, eg hev vel eigentleg sakna dei.

(Sjå der! Eg kann faktisk skriva nye innlegg um eg vil!)

Pannekaker!

PS: Eg hev flytta heile innlegget nedanfyre sjølve oppskrifti, folket er mest interressert i den.

Pannekakeoppskrift for to personar

Fyrst må du ha div. ting og tang for å kunne lage pannekakar. Eg lister opp:

Innhald (Ting du må ha)

  • 2 supre egg
  • 2 dl mjøl (vel, ta 3 du, det plar eg gjere ;) )
  • 3 dl mjølk (helst Tine økologisk :p)
  • Masse sukker
  • Margarin (Soya plantemargarin er supert!)
  • Ingefær- og kardemommekrydder (superduperhemmeleg ingrediens (vanskeleg ord))

Tine Mjølk (ikkje økologisk diverre)

Dette skal sjølvsagt blandast på ein høveleg måte.

Framgangsmåten

  1. Putt mjølet i ei bolle (helst raud).
  2. Finn visp, visp mjølet.
  3. Hell litt og litt mjølk nedi medan du fortsetter å vispe.
  4. Visp til det blir glatt (klumpane er vekk, altså, dette er stress – få Tor Eirik til å hjelpe til)
  5. Smelt ein del margarin (ca 1 spiseskei, men du avgjerd)
  6. Hell nedi ein del sukker (eg plar smake til, men 2–4 matskeier ca)
  7. Knus egga (pass på å ikkje få skalet nedi) og held innhaldet ned i bolla.
  8. Kast eggeskala etter du har take ut alt innhaldet ned i bolla med fingen.
  9. Visp videre. Er enklare no.
  10. Hell det smelta margarinet ned i bolla og visp.
  11. Fyr på med ingefær og kardemomme, mest ingefær. Du skal sjå dei små korna!
  12. Visp. Luktar godt, gjer det ikkje? :D
  13. Lat bolla stå i kjøleskapet å «svelgje» i 20 min. Gå opp å chat imens.
  14. Steikepanna skal allereie vere smørt inn då du smelta margarinet; så berre gjer han varm (2 hos meg)
  15. Fyr ei ause med røre på panna
  16. Ta panna opp i lufta og få røra over heile
  17. Snu pannekaka når han blir «tørr» på toppen
  18. Et dei utruleg gode pannekakane med sukker (eller noko anna, sukker er best :p)

Et voilá! :D Hehe. Lang oppskrift, men slik lagar ein gode pannekaker. No må eg redigere film; er difor eg ikkje har oppdatert på evigheiter. Me jobbar dag inn, og dag ut med filmen «De metakognitive»…

Endringar i ettertid: fiksa skrivefeil (pannekakar til pannekaker), la til hopp-lenkje, la til stikktittel og skreiv helst økologisk mjølk. Dette er faktisk eit av mine mest populære innlegg, haha, vonar du likar dei! Gjerne legg att innspel.

Dette er flytta ned no
No er det litt sidan; men eg hadde tenkt å skrive dette, så får gjere det no. Har sikkert gløymd alle detaljane, menmen. Etter ein lang dag med filming var eg iallfall svolten. Eg hadde hatt grandiosa dagen før; så tenkte eg måtte ha noko anna no.

Odin sin superoppskrift på pannekaker!

Jepp! Då kjem delen alle har venta på. Sidan eg er blitt så utruleg tilhengjar av å halde så lite som mogleg hemmelig (alt må ut!), så skal eg fortelje den hemmelige oppskriften på pannekaker her i huset. Kvifor skal ein liksom halde det hemmeleg? Kan jo hende nokon får bruk for det; – det hadde jo vore kjempemoro! Eg tenkte eg skulle dele pannekakar med Espen og Tor Eirik, men Falke kom, så han hadde vel fyrsteprioritet. Så me åt alle opp :p Same kva, eg startar med oppskrifta.

Sjølve dagbokinnlegget som fyrr var fyrst:

Eg sat oppe med Tor Eirik og Espen. Me skulle redigere. Fyrst måtte me logge, det vil seie å fortelje datamaskina kor dei forskjellige klippa ligg på videokasetten og kva dei inneheld. Eg var lei, ville heller chatte enn å logge; så eg lærte Espen korleis han skulle gjere det. Ganske greitt; då slapp eg :) Hadde dessutan tenkt å lage pannekakar, og då måtte jo nokon arbeide i mens.

Monica og Hilde (klassekameratar av Espen, Monica speler «Belinda» i De Metakognitive) kom på vitjing. Ganske trangt på rommet. Eg sat dei til å sjå på kva me hadde redigert så langt; medan eg sprang ned å lette etter lommeboka mi. Då eg omsider fann ho, køyrde eg til Kiwi.

«Alkis» på Kiwi

Der sprang eg rundt barføtt å såg etter mjølk. Eg visste jo eigentleg kor han var, så det gjekk jo ganske raskt. På vegen til kassa gjekk eg forbi nokre nye boller. Eg stoppa opp og betrakta dei. Flotte boller. Jæren bakeri? Hm. Lokalt òg. Ein (i Helge sine standard ord) alkis svimler forbi meg. Han ser ganske vekke ut i den raude grilldressen. Snubler hallvegs og mistar ein penge på bakken. Svimete som han er merker han det ikkje. Han skynder seg videre inn i butikken medan eg skal til å seie han mista ein femkroning. Blir ikkje meir enn ein rar rørsle.

Eg tek bollepakka, får take den iallfall. Så då har eg mjølk og boller. Eg står litt å ser etter den svimete mannen. Har lyst til å take femkroningen og gå til han med ho. Men er liksom så langt; så langt for fem kroner. Avgjorde at eg skulle gå til kassa, då mannen tusla seg tilbake. Eg såg på han, – han såg ikkje på meg. Såg berre forvirra rundt seg. Eg bøyde meg ned til femkroninga og ga ho til han. «Du mista femkroninga…» sa eg og smilte. Hugsar ikkje heilt kva han gjorde, men vekke var han iallfall. Var noko liknande «Åh.».

Kjende meg kjempebra :D Eg var utruleg glad. Då eg hadde betala, gjeve eit stort smil til personalet og pakka varene kom mannen til kassa. Han hadde eit brød i høgre hand, medan han tukla nedi lommene med venstre. Han tok handa opp, hadde ein tier og ein femmer der. Mannen hadde ikkje meir enn femten kroner! «Fem kroner», sa jenta i kassa. Han blei overraska, litt glad :D Hihih. Ga femmeren sin. Resten av turen heim sang eg veldig høgt i bilen.

Eg forstår ikkje kvifor ikkje fleire gjer slikt? Ein blir jo utruleg mykje meir lukkeleg av å hjelpe andre enn å take ein ussel femmer sjølv eller av å ikkje knuse ei bilrute for 60. Å gjere slike ting blir ein jo eigentleg berre ulukkeleg av. Eigentleg. Men for få ser ut til å forstå det, diverre. Same kva, eg var uhøveleg glad ;p Køyrde heim og sat tinga frå meg.