Merkelapp-arkiv: Materialisme

Ynskjelista til jol

Då meg og Rebecca gjekk tur rundt Sognvatn i går, kom eg på ein ny ting på ynskjelista mi til jol. Eg vart stornøgd, for dette med ynskjelister+meg hev ikkje vore ei lang historia. Rebecca (og andre) spyrr meg so ofte um kva eg ynskjer meg, so hev eg eigentleg ikkje stor å koma med.

Likevel fann eg ut noko eg verkeleg ynskjer meg av dei fleste:

  • Kinotur! Inviter meg ut på kino saman med deg. Eg vil ikkje hava eit par kinobillettar, eg vil gå med deg.
  • Cafétur! Med deg
  • Restaurant! Du betalar (må vera veggismat), me tvo går (evt. fleire :p)

Sjølvsagt var eg stornøgd. Noko liknande dette hadde jo verkeleg vore storsaker! Andre ting i same bane er sjølvsagt òg kult; eg vert gjerne med på ein hyttetur… :-)

Meeen, eg vil gjeva noko materialistisk!!!

Ja. Du vil vel det. Det hev Rebecca òg sagt (ho er lei av at eg alltid ynskjer meg «snill kjærast»). Ho hev kome på herlege ting kvar einaste jol og fødedag, men eg tenkte eg skulle vera snill å laga ei meir tradisjonell lista òg. No hev ho vorte ganske stor, og eg skal lista ho upp her:

  • Hårtrimmemaskin (eller hårklippemaskin, eg må kunna klippa båe 1cm og 1mm)
  • Kart yver Noreg som eg kann henga på veggen og verta flink i geografi

… Her stoppa lista mi, men so kom eg på meir i går:

  • GPS tur«tellar» (slik at eg kann laga kart til OpenStreetMap! Må sjølvsagt fungera i Linux)
  • Skikkeleg sykkel (tynne dekk, ingen dempar, godt girsystem, ikkje noko 3000 kr drit – eg ville ikkje taka denne med, men Rebecca sa ein ting til på lista var bra),
  • Ny berbar datamaskin (anten Lenovo X61 med masse RAM eller ei lita Apple-maskin (helst utan Apple-programvare))

Dei siste tvo er ganske usannsynlege; men Rebecca sa at eg kunne skriva det opp lell. Um 30 stk gjelda 300 kr (som er mykje!) so er jo det 9 000. Menmen. Elles kom eg på ein ting til:

  • Skjerf (eg fekk det beste skjerfet i verdi av fetter Anders Omdal i fjor, men !”#$% eg mista det!)

Forresten er det sikkert mykje eg ynskjer meg som eg ikkje kjem på. T.d. gav mamma, pappa, Falke og Kitty Karina meg ein sekk no til fødedagen min. Ein skikkeleg god sekk, hekkan kor glad eg vart. Sekken eg hadde heldt på å gå i frå einannan, men eg hadde ikkje tenkt tanken at eg kannhenda burde hava ein ny. Det trass i at eg gjeng rundt men denne sekken konstant. Det var ei fantastisk gåve! :D

Men, helst ikkje gje nokon gåve

Eg er so dårleg på slikt sjølv; dessutan likar eg ikkje det digre forbrukarsamfunnet. <der rauk straumen> … Kaup, kaup, kaup. Lei deg? Kaup noko! Gå å «shopp». Æsj.

Jolekort er bra. Noko sosialt er kult. Hmm. Ja. :-)

Men, poenget er: eg er so glad for eg klarte laga ei ynskjelista! :D