Merkelapp-arkiv: Meining

Kjipe rogalendingar

Eg sit på båten til Arsvågen, den fyrste av dei to båtane når eg reiser Stavanger-Bergen med kystbussen. Eg hev kjøpt meg ei svela med smørkrem, og det er ikkje so mykje smørkrem i han…

Greitt nok, tenkjer du, det er slik dei er laga på megafabrikken for sveler med smørkrem som Fjord1 sikkert hev outsourca dette til. Men der tek du feil, for kvifor hev då svelene på båten i Hordaland omtrent det dobbelte med smørkrem?

Dette er ikkje nokon eingongsgreie heller, det er langt frå tilfeldigheitar når eg hev teke denne ruta no godt yver 6 gongar det siste halvåret.

So Rogaland er kjipe, Hordaland er greie. Kva då med Sogn og Fjordane? Jo, vonleg ser du mynsteret her. Fjord1 i Sogn og Fjordane lagar svelene på båten (ser det ut som) og smører skikkeleg tjukt på, slik det skal vera! Sogn og Fjordane er kort og godt fantastiske!

Eg er beint fram yvertydd um at smaken på svelene heng direkte saman med kor mykje nynorsk det er i fylket.

Hanne Nabintu Herland; smart, interessant og viktig

OK. Eg hev ei høna å plukka. Ikkje rakk ned på Hanne Nabintu Herland. Fyrst og fremst; gå på sak, ikkje person. Og høyr etter! Ikkje kall ho dum, den dama er so langt frå dum at eg forstår ikkje bæret av folk som meiner noko anna. Ho er rivande smart, og hev utruleg godt ressonerte og viktuge poeng. No baserer eg dette her på det foredraget eg var på, og ikkje på videoen, som eg ikkje hev sett heile av. Men veit de kva? Eg er einig med ho og det er synd at det er so kontroversielt!

So dette var litt av eit foredrag, eg unnar andre å sjå det. I går, medan eg luska rundt i Bergens gatar og leita etter noko å gjera (ja, slik gjeng no dagan»!) kom eg over ein plakat om eit Hanne Nabintu Herland-foredrag dagen etterpå. Eg sende straks ei melding til Janne-Kristin og lurte på om eg skulle dra. «Jaaaaa!!!» var svaret. So det gjorde eg.

Det var, som eg venta, heilt fullt oppe i storelogen. Eg stod godt til rette heilt bakerst og foredraget hennar «Tilbake med norske verdier» (kannhenda eg hugsar namnet feil) byrja. Foredraget som fylgde var med eitt unnatak rakt gjennom imponerande, gjennomtenkt og veldig smart. Ho tok opp viktuge ting på ein veldig god måte. Eg er ikkje, og treng ikkje å vera einig i alt, men eg var einig i veldig mykje.

So, kjem dette som eit sjokk på nokon? Eg vil tru det kann. Av ein eller annan grunn so vert Hanne Nabintu Herland, og det ho meiner, sett på som obskønt, bakstreversk og heilt utruleg fælt i «mine miljø» og dei båsane eg kannhenda vert sett i av folk som ikkje kjenner meg so godt. Eg meiner, det var ikkje lengje sidan det stod på netsida mi her at eg var medlem i sosialistisk ungdom, at eg var humanist/ateist (vel buddhist stod det ei stund, og det hev eg eigentleg ikkje gått vekk frå, eg er framleis eit slag buddhist) og eg heng på universitetet med alt det tankegodset som fylgjer med. Folk veit at eg held med Miljøpartiet dei Grøne (MDG) nett no, men eg kann fort stemma på Sosialistisk Venstreparti, og vert ikkje det litt rart når Herland heile tidi bruker «venstresida» som negativt ord? Nuvel, eg trur det er ein falsk motsetning, at du trur noko treng ikkje gjera deg umottakeleg for nye idear og ikkje minst nyanseringar. Det er lov å ha meir enn ein tanke i hovudet om gangen. Eg hev endra synspunkt på mangt gjennom livet mitt og eg er veldig stolt av det; stolt av å ikkje binda meg til eitt tankesett, men ha evna til å læra. Det klarar heldigvis dei fleste, av dei eg kjenner iallfall. ;-)

Eg skal ikkje skriva frå foredraget, for det gjer ho betre sjølv, og dessutan er eg ikkje so interessert i å sitja framfor maskina so mykje lengre no.

Ho hev sers kontroversielle syn på kvinnekampen og feminisme. Det tok ho mellom anna opp. Ho er ikkje ein antifeminist; kvinnekampen tok fram til eit punkt veldig viktuge kampar for å få maktbalansen til å jevna seg. Men det gjekk for langt, no er han skeiv. Han er for hardt på kvinnenes side. Dette vert folk ilsinte over, og spesielt dei fyrenemnde venstresosialistiske gruppene.

Men veit de kva? Eg er sørenmeg ganske einig med ho der tilogmed! Og for å kjapt få noko klart; eg kjenner meg ikkje undertrykt og «wai wai stakkars meg»; det er ikkje difor eg er einig. Eg må få lov til å segja noko slikt utan at det dermed skal tyda at eg ynskjer meg meir makt eller noko. Det er heller ikkje det Herland segjer, det ho segjer er at kvinner og menn er forskjellege. Og det er rett! Det er veldig korrekt. Men politikken og intellektualismen i dette landets store ynskje er at kvinner og menn skal verta like på ymse statistikkar. Når det kjem til rettar, so er det opplagt slik, men der er me, og der hev me vore, pendelen (som Herland viser so fint) hev vore på det punktet, og svingt forbi.

No er jo eg personleg ein ganske feminin mann, og det må eg jo få lov til å vera; eg treng ikkje respekt for nokon tradisjonell mannsrolle personleg, men me treng det som heilskap i samfunnet. Ikkje den «valdeleg»-delen av «mannsrolla» då, den høyrer ikkje heime der. Men den vanlege familiefarrolla.

Hanne Nabintu Herland vert litt latterleggjort av somme i mitt miljø. Nokon kallar ho dum (noko som er riv ruskande gale, og det visste eg frå før, ho er DEFINITIVT ikkje dum, ho er særs smart), og andre berre ler av dansingi hennar.

Eg vart rått provosert då Herland sa dette om feminisme, og ei gruppe folk byrja le framme i salen. Dei lo so høgt at det overdøyvde ho. Ho satte dei godt og vel på plass, og det var absolutt det rette å gjera. Kva faen skjer med at folk er so jækla usikre på seg sjølv, at når nokon kjem med ein annan meining enn deg, so må du LE for å LATTERLEGGJERA personen? Kva er det for ein forkasteleg, nedverdigande hersketeknikk? Hanne prata mykje om respekt og ein gamal europeisk verdi som å kunna ha skikkeleg debattklima, det er gode verdiar, og viktuge å hegna om. Det er sokalla siviliserte verdiar som gjer oss til siviliserte menneske.

Desse folki som sit og ler av dette må vera ekstremt usikre i si sak, og usikre på seg sjølv til å ty til noko so ekstremt som det. Eg mistar respekten for slike folk, det vitnar om låg sjølvkjensle, og er ikkje bra.

Eg gjekk inn på netsida hennar no, og der finn eg ein heil del eg ikkje er einig i, so det var ikkje so moro nett no (for dette innlegget ;p) – men viss du er ueinig i noko so treng du ikkje søkkja til det nivået å le av det. Venstresidefolk som liksom skal vera so opne og inkluderande. Gjeld ikkje alle saman det, nei.

Åvel. Dette vart truleg den dårlegaste teksten eg hev skrive i år, men lat gå. Kannhenda det vert noko diskusjon.

Det finst nyansar, og Herland kjem fram i media som om ho er ekstremt unyansert. Det er feil. Men ho segjer noko rett ut, og utan å nyansera det for å vekta opp mot den andre sida som er skeiv. Det er nett min debatteknikk òg.

Ho sa sjølv som eg skreiv på identica:

Nabintu: det er lov å vera ueinig, det er ikkje alltid eg er einig med meg sjølv! <sallatter> Ja, de veit jo eg ikkje alltid er nyansert :)

Vel, det fær vera det for i dag. No vil eg heim.

Ah, ein siste ting, som fekk meg til å elska Nabintu på turen hennar ut; ho segjer:

Det er so liten respekt for å vera annleis i dette landet! So liten respekt ….

Og so kjem ho med eit par døme. Og so mellom anna;

Dei som ikkje drikk fær masse bullshit, og må svara for seg, kvifor drikk du ikkje? JA? Kvifor skal plutseleg det vera gale? Me hev alt for mykje alkoholproblemer i dette landet, SO ER IKKJE DET FINT DÅ!?

Ahh. So sant, so sant!

Lite hjelpeviljuge fangevoktarar

Eg stod tidleg upp i dag og var råsvolten. So eg stakk på Mega for å handla litt. Der las eg avisframsidene slik eg alltid gjer, og hang meg spesielt upp i noko Bergens Tidende hadde skrive:

Eg las dette båe 4, 5 og 6 gongar og forstod framleis ikkje kva dei hadde skrive. Jojo, eg forstod det godt, men eg kunne ikkje forstå kvifor kriminalomsorgen på vestlandet skulle meina noko slikt. Viss du ikkje fekk det med deg i biletet er det denne teksten eg pratar um:

For få ansatte gir fangene mulighet til å drive kriminell viksomhet, mener ledersen i kriminalomsorgen på Vestlandet.

Hæ? Men er ikkje det ein god ting! Me vil vel helder at fangevoktarar mogleggjer kriminell verksemnd, enn at mange gjer det!

Eg ville no helder meina at dei tilsette som faktisk «mogleggjer» at dei innsette kann driva kriminell verksemd burde sparkast. At nokon av dei i det heile teke let dette henda er alt for mange! So mi setning vert helder:

I fylgje kriminalomsorgen finst det fengelstilsette som gjev fangane mogleik til å driva kriminell verksemd. Same kor mange elder få det er so er det for mange, meiner Odin Hørthe Omdal og segjer kriminalomsorgen midt i mot. Få slutt på det, legg han til.

Dersom nokon trur eg ikkje fekk med meg at dei eigentleg meinte «Mangel på fengselsvaktar fører til at innsette fær driva kriminell verksemd i løynd», so kann dei taka det heilt med ro. Eg såg det då eg las resten av teksten. Men inga orsaking for å ha so flaut dårleg språk på framsida til ein so stor avis!

Noreg treng eit nytt stemmesystem

Det er heilt utruleg at me hev eit stemmesystem som kastar stemmene til mindre parti. Viss kvar stemme hadde vore like mykje verd og den totalt idiotiske sperregrensa hadde vore teken vekk so hadde MDG kome inn på tinget. Eit parti treng ikkje meir enn 0,58% stemmer for å få ein person inn på tinget då. Med 1,15% av stemmene fær du tvo. So mykje enklare og greidare system.

Greitt nok, det er eit problem her at alle bymenneskja ikkje skal få yverkøyra alle dei i Nord-Noreg osb, men er det verkeleg verd noko?

Meir viktugt, stemmesystemet er totalt brekt i seg sjølv. Det er taktisk, alt for taktisk. Stemmesystemet gjer at me ikkje stemmer på dei me eigentleg fyretrekk til å styra. Eit stemmesystem som hadde tilfredsstilt Condorcet-kriteriet hadde fiksa problemet.

Ein Condorcet vinnar (elder vinnarar) er den som ville vunne i alle ein-mot-ein kampar. Det fjernar taktisk stemning. Iallfall den taktikken som gjer at folk ikkje stemmer på partiet dei eigentleg ynskjer å stemma på.

So. Kvifor hev me ikkje det? Burde vore ganske upplagt, dei maktgriske partia sit jo på Stortinget og hev absolutt ingen ynskje um å gjera ting meir demokratisk. Det vil jo truleg tyda mindre stemmar til dei.

Miljøpartiet Dei Grøne > andre parti

Eg vart medlem no for ikkje so lengje sidan og hev følgjeleg stemt på Miljøpartiet Dei Grøne. Deira (vårt kannhenda?) største problem er at dei ikkje fær pressedekning. Det kann vera godt forståeleg ettersom partiet hev vore ganske annleis fyrr i gamle dagar. Elder so hev eg båe vorte fortald og fengje inntrykk av.

Miljøpartiet Dei Grøne (mdg)

No, derimot, framstår MDG som det smartaste partiet som finst. Etter alle desse åri med «men eg er ganske ueinig med mykje av grunnpolitikken til alle partii» ser det lysare ut. MDG er verkeleg eit parti med det beste frå partia Høgre, Venstre, SV, Raudt og AP (ja, løysningsorientert pragmatisme er viktugt). Eg ser gode ting i alle saman, eg vurderte lengje å stemma på Venstre, medan Høgre snuste eg litt på tidlegare i året. Eg såg fort at Høgre hadde for mykje bagasje som var ekstremt vandskeleg å svelgja (t.d. bokmålstvang ved å taka vekk einkvar flik av reell valfridom til å sjølv velja språk).

Mange vil kannhenda synast det er rart, sidan eg hev innrømd å stemd på SV og hev tykt Raudt hev absolutt mest fornuftig å segja. Men tingen er at dei hev hatt best politikk, men likevel vore blinda av ein slags ideologimyr. Kapitalismen er eit jysla effektivt system, og det må det vera lov å segja. Eg fyretrekk han, eg likar konkurranse – eg vil hava meir av det. Dessutan vil eg hava fleire små firma, typisk Venstre-ynskje.

Eg kjem frå fri programvare-rørsla, som bygger på eit veldig kapitalistisk system. Eit system der konkurranse vert sett høgare enn makt. Der nyvinnig er viktugt og er ekstremt enkelt. Du må taka betalt for arbeidet du gjer for å levera ei utbetring til eit produkt, og når det arbeidet er betalt, so er det betalt. Finito. Etter det kann kven som helst byggja vidare oppå det du lagde. Elder du kann gjera det sjølv, men alle er på lik fot, digre firma som enkeltpersoner. Det er ekte konkurranse.

So eg er sterk tilhengar av slik konkurranse. Av type ekte (og god, ikkje minst). Sjølv um Microsoft er satan-stort so tyder ikkje det at dei skal få lov å tvinga på alle produktene sine slik dei gjer no. Hindra konkurranse, stengja andre ute. Det er totalt misforstått.

Merk, mi forståing av kapitalisme kann vera feil, det kannhenda eg meiner noko anna, men eg trudde ikkje at kapitalismen krev at pengar skal hava politisk makt

Miljøpartiet Dei Grøne hev ingen antikk ideologi å lena attende på som hindrar tanke. Eg fekk høyra det var ein sokalla «grøn ideologi», men eg trur meir på at MDG vågar å tenkja skikkeleg etter på kva som er verkeleg lurt, utan å verta dogmatisk hengd upp i kva det skulle vera. Det slår meg at MDG hev eit par skikkeleg smarte hovud som tenkjer på gode heilskaplege løysingar.

Ikkje berre miljø

Problemet er ofte at folk trur MDG er eit eittsaksparti. Ingenting kunne vore lengre frå sanningi.

Korleis elles skulle dei kunna hava betre politikk enn noko anna parti i Noreg?

So kva no?

Av di du hev høyrd so lite um MDG i media bør du absolutt lesa Mer enn et miljøparti, ei borgarmeining på ABCnyheter. Sjølv um du veit mykje um MDG frå fyrr. Litt frå artikkelen:

Partiet ønsker en blandingsøkonomi hvor sosiale og demokratiske mål blir «vesentlig styrket». Marked er effektivt og uproblematisk på noen områder. Men kommersielle interesser må holde seg unna infrastruktur og velferdstjenester (og selvsagt naturressurser). Stat og kommuner bør suppleres med samvirkeforetak, stiftelser og mindre lokale aksjeselskaper. Næringspolitikk skal støtte teknologisk utvikling uten å tenke kortsiktig gevinst – som ifølge MDG gir stagnasjon på sikt. […] Det mest overraskende er kanskje at MDG vil fjerne årsavgiften på bil. Fleksibel veiprising skal gjøre bilbruk dyrere, men bare der kollektivtrafikk er godt utbygd.

Vil du vita meir er det berre å gå inn på dei flotte netsidene til MDG, og les t.d. Kvifor stemma MDG?.

Dessutan rådar eg deg upplagt nok å stemma på MDG.

Det er taktisk lurt same kvar du bur og kor få stemmer dei fær der; med fleire stemmer kann MDG få mediedekning til neste val. For din stemme fær MDG meir av pengane som går til partii. Sjølv hev eg gjort lite for MDG, men eg hev donert pengar når eg kann. Dei treng det so mykje og brukar det veldig effektivt. For eit so lite parti hev det ekstremt mykje å segja, den store veksten partiet hev hatt denne valkampen er kjempa i motbakke og med udemokratisk utestenging frå TV og aviser. Ikkje støtt slikt.

Same kva som skjer ved dette valet so er MDG eit ekstremt styrka parti, og eg hev god von for neste stortingsval.

I det minste:

  • Hugs, miljø kann òg tyda slik miljø som er godt miljø == trivsel
  • Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje eit eittsaksparti, miljø er ikkje mi store interesse – so det er veldig gode andre grunnar til å stemma på dei
  • Veldig gjerne nemn MDG for andre, sterk vekst er bra, sterkare vekst er endå betre

Looking really crap

Det er herleg å sjå at MS Comic Sans vert mindre brukt her på BI der eg og Helene (og Klaus, sjølvsagt, som er sjef for heile Marknadsføringsdagen) hev sitte heile dagen. Hev sett mykje bra, mange gode presentasjonar frå flinke folk. Men den forferdelege skrifttypen som gjer at eg mister all respekt for bodskapen lurte seg fram frå marknadsføringssjefen for Lilleborg (visstnok dei som reklamerer mest i Noreg).

Ganske ironisk står det «looking really good» og handlar um utsjånad, men skrifttypen gjeng direkte mot alt som står.

Looking really crap med ms comic sans

Det verste er sjølvsagt at sers mange av forelesarane på IFI (Informatikk på UiO) brukar skrifttypen som gjer det vandskeleg å fokusera på innhald og ikkje bli sint på folk si medvitsløyse. Rart at folk brukar han og visstnok synast han er fin. Eg trur dei berre lurer seg sjølv.

Små, uavhengige foretak er tingen

No når eg hev kome attende til Stavanger etter eit år hev eg merka ei voksande trend: vekk frå digre kjeder og til spesialiserte, mindre, koselege foretak. Det er inga tvil at små, herlege uavhengige foretak er tingen. Eg misliker store kjeder, dei er utan andsvar og utan personleg preg. Det er spesielt dette med andsvaret som gjer at eg er mot aksjeselskap i det heile teke. Aksjeselskap var omdiskutert då det vart lov, no er det diverre få til ingen som ser på andre løysingar.

Problemet med aksjeselskap (og då digre kjeder) er at det er ingen som kjenner andsvaret. Det er ingen som hev skikkeleg andsvar; alt handlar berre um pengar. Eg trur ikkje livet handlar um pengar, og sidan eg ikkje trur på det – trur eg ikkje heile verda skal styrast av pengar. Små butikkar med spesialkunnskap og spesiell interesse for sitt emne er ei suksessoppskrift.

Pengar er ikkje noko problem. Ærleg talt. Eg vert so sint når folk kauper tomatar til 13 kr i staden for dei til 15 kr som smakar ekstremt mykje betre. I dag brukar me so ekstremt mykje mindre pengar på mat og anna enn det me gjorde fyrr. Me brukar for det meste pengane på tull og tøys. Me er alle rike. Eg synest me burde kaupa økologisk, skikkeleg mat.

Kvifor jobba for nokon andre, når du kann jobba for deg sjølv?

Eg synest me godt kann betala ei krona meir for mjølka for at me skal hava 10.000 kjøpmenn i Noreg som gjer det godt og elskar jobben sin. Det er betre enn 2 kjøpmenn som hev milliardar på bok og 9.998 butikktilsette som ikkje eigentleg bryr seg, men berre jobbar for pengane.

Dei fleste tunggrodde og lite framtidsretta folka vil jo sjølvsagt vera mot dette; «nei, det gjeng aldri an» osb. Vel, i Stavanger nett no ser eg fleire og fleire små, koselege butikkar som dukkar opp.

Sjokoladepiken, spesialisering er tingen

For mange år sidan la Sjokoladepiken ned, eg trur det var i den vonde jappe-tidi. Det er ein spesialbutikk for sjokolade her i Stavanger, men eigen konditor og alt. I desember opna Sjokoladepiken opp att, og det med eit pang! Eg vil mykje heller kaupa spesiallaga sjokolade frå ein som veit alt um sjokolade og heller betala litt meir. Dei store kjedene ser på pris og ikkje smak; folki som jobber der hev ikkje peiling og kjenner seg ikkje godt berre for å jobba.

Men eg er veldig glad for utviklingi eg ser rundt um oss no. Veldig, veldig bra! :D

Nynorsken, høgre, sidemål og engelsken

Det skjer mykje interessant rundt nynorsken i desse dagar. Veldig mykje tull frå mange stader, i tillegg til at eg kjenner NMU stadig veks som organisasjon og vert viktigare. Me fekk nett høyra at resultata frå sidemålsforsøket vart lagt fram med ein knusande siger for ein sidemålsfri skulekvardag. Og rundt oss hoppar Sylfest Lomheim og preikar um dauden til norsk språk i kamp mot engelsk. Saman med han finn me eit englekor som forkynner målfred og ynskjer at me nynorskingar berre skal leggja oss ned og la bokmålet valdtaka oss. Bakfrå.

Det vert ikkje betre av at Sleipfest ofte fær rolla som «nynorskingen», når han hev so klåre meiningar som strid i mot kva målrørsla meiner.

Kampen mot nynorsk forkledd som kamp mot engelsk

Nei, usj! Dette her er berre samnorskingane sin muterte krampaktige kamp mot nynorsken (samnorsken er bra for bokmålet, men dauden for nynorsken). Altso, bokmålet kann berre leggja ned sin strid – der er det ingen. Bokmålet er den store undertrykkjaren, den språkfascistiske herren som trampar av garde og gjer folk likegyldige til språk. Utanom nyorskingane. Bokmålet er ein større trussel mot norsk enn det engelsken er! Mykje større! Og kva språk er best til å stå mot engelsken (og verna um fridomen og folkestyret vårt)? Jo, det er nynorsken. Det er nynorskingane som pratar um språk, det er me som er upptekne av det og er språkmedvitne. Det er nynorsken som gjer at me i det heile teke hev eit ordskifte um språk i Noreg, det er nynorsken som gjer alle upptekne av språk. I Sverige er det langt mindre ordskifte, sjølv um dei hev verdas kulaste målføre innanfor sine grensor (Elvdalsk (nesten som norrønt!)) let dei det stille døy ut.

So kva er svaret på kampen mot engelsken? Tak i bruk nynorsk! Og slutt å prat um at engelsken er ein trugsel mot norsk, det er bokmålet som er den største trugselen.

Og so til dette fantastiske sidemålsrunket i Oslo

Eller kannhenda me skal kalla det eit opent angrep på nynorsken?

Mange fleire enn meg hev prata um kor dårleg dette «forsøket» hev vore og at det ikkje kann kallast forsking. NIFU STEP seier sjølv at rapporten brukast feil av Høgre og meiner han ikkje kann lesast slik fanden les bibelen og Høgre les forskingsrapportar.

Men det er ikkje fjerninga av sidemålsundervisninga som fører til at elevane blir betre i hovudmålet. Elevar som har delteke i sidemålforsøk i andre deler av landet, men då hatt meir sidemålsundervisning, har hatt vesentleg betre haldningar og vorte meir positive til nynorsken, seier Gro Morken Endresen.

Det er synd å sjå Høgre, som ein gong hadde ein skokk intelligente folk, søkka so lågt. Alle ser jo at dette ikkje kann kallast noko seriøst forsøk um obligatorisk sidemål. Alle dei seriøse forskningsmiljøi i Noreg sa jo faktisk nei til å vera med, ei kort lista:

  • Universitetet i Oslo: Nei, dette er ikkje forskning
  • Høgskulen i Oslo: Nei, dette er ikkje forskning
  • Høgskulen i Volda: Nei, dette er ikkje forskning
  • NIFU STEP: Nei, me hev ikkje kompetanse til å gjera dette
  • Universitetet i Gøteborg: Nei, dette er ikkje forskning
  • Universitetet i Stavanger: Nei, dette er ikkje forskning
  • NIFU STEP: Ooo-kååå då, hekkan, me hev ikkje kompetanse på dette – men me fær prøva likevel då, hekkans maserau, sidan ingen andre gidd

Og so gjorde NIFU STEP eit heilt ekstremt rart forsøk der dei i tillegg til å taka vekk skriftleg sidemål sette i verk mange andre tiltak for å gjera undervisningi betre;

  • Forfattarvitjing
  • Teatergåing
  • Tettare oppfylging av elevane med mappevurdering
  • Kompetanseheving av lærarane (!!!)

Kva resulterte dette i?

  • Ikkje auka lesedugleik
  • Ikkje auka munneleg framstillingsevnur
  • Ikkje vesentleg betre haldning til norsskfaget
  • Dårlegare oppfylging av dei som faktisk valde å halda på sidemålet
  • Ei svakt betre haldning til nynorsk (sikkert samanheng med lærarar som ikkje fær høve til å sabotera og klaga på nynorsken)
  • Å, yey, noko positivt: heile 0,146 karakterpoeng betre i standpunkt og 0,271 betre på eksamen
    • Fryd og gaman! Glede og dans!

So det er difor dette forsøket knuste sidemålet, ja? Dette var jo kjempepositive resultat. Og det er nok ikkje grunna den lista yver andre tiltak som vart sette i gong i tillegg. Neeidå. Eg trur ikkje kompetanseheving av lærarane hev noko resultat, ikkje forfattarvitjing og heller ikkje mappevurdering med tett oppfylging av kvar einskild elev. Nei, det er nok av di dei hev teke vekk eit fag. Me vert jo (som alle veit) betre i språk ved å hava mindre å gjera med det… No synest eg neste steg må vera å fjerna historiefaget, folk hev jo ikkje nytte av dette når dei skal taka seg jobb på Essoen og då kann heller dei som er interesserte verta mykje flinkare i historie – sidan me vert flinkare i alt som ikkje er obligatorisk.

Positive sidemålsforsøk

Det er interessant å sjå på positive sidemålsforsøk her. Der ein faktisk fylgjer læreplanen og gjer undervisningi god i staden for å taka ho vekk. Eg siterer fritt frå pressemeldingi til Noregs Mållag og Norsk Målungdom; Byrådet i Oslo til stryk i sidemål:

– Kvifor tør ikkje byrådet å satse på eit slikt prosjekt i staden, spør Hege Myklebust. Ho meiner osloelevane har krav på god like god undervising som elevane i resten av landet.
– Dei gode nynorskprosjekta finst, men Oslo kommune overser dei. Ved eit liknande prosjekt i Kristiansand gjekk sidemålskarakteren opp på eit halvår, framhevar Jens Kihl.

Dessutan hev me jo det kjende Holmlia-forsøket, der elevane nyttar nynorsk i eit anna fag enn norsk. Kva skjer her?

  • Tydeleg betre haldning til nynorsk
  • Og av det fylgjer: betre karakter i nynorsk
  • Sikkert noko anna, men eg vil ikkje seia noko for eg hev ikkje lese forskingsrapportar på det :-)

Kjære Høgre

So, kva med denne radikale tanken å gjera norskfaget betre i staden for å kutta ut obligatoriske og demokratiserande fag? Eg veit det kann vera litt vanskeleg for dykk å forstå at ein betre skule gjev flinkare elevar (merk den store uvilja mot å prøva positive forsøk og ikkje minst «kunnskapsfallet» som de nett innførde), men prøv i alle fall.

Takk.

Nynorsken og dialektane, IKKJE dialektane og nynorsken!!!

Eg hev starta høyra på «Språkteigen» på statskanalen vår sin kulturkanal; NRK P2. Etter no fleire år i NMU og hard skulering, ein heil haug ordskifte og eit lass med leste sidor um språkstoda i Noreg hev norsk språkstode og nynorsk vorte eit slags spesialfelt1 for meg. Ei inngåande forståing av nynorsken, kva han er for noko og kva som er styrande for kva språk me vel.

PS: Alt dette er meiningar – og det er ikkje NMU sine meiningar. Det er mine provoserande tabloide meiningar der eg ikkje underbygg det eg seier på ein god måte. NMU er for alle, inkludert bokmålske «nynorsk er fint i dikt»-folk(!)

Ah. Gah. Ferdig med det, eg gidd søren meg ikkje pakka ting inn – det gjeng inni potetsekken treigt og eg vil veldig gjerne verta ferdig med å få ut meiningi mi. Då drit eg like godt i um ikkje heile verdi heng med meg. Det hev teke meg tvo år å forstå mykje av dette sjølv, so eg trur neppe eg klarar overtyda ein einaste maur um noko som helst i mine små, halvleselege innlegg på netsida. Men ARGHRGHR, eg vert so inn i hampen sint når eg sit på t-banen og høyrer på Språkteigen og det vert sagt so mykje idiotisk teit der.

Ok-ok, ikkje idiotisk teit, men lite nyansert og ekstremt lite fornuftig. Altso; ingen intellektuelt ordskifte, men det same vrøvlet me høyrer gong på gong av folk som ikkje hev sett seg inn i saki. Sjølve folki i ordskiftet er fjonge og bra, eg er stor tilhengjar av verki deira båe tvo – men eg vert vel meir vonbroten på verdi (altso Noreg) når det vert sagt so mykje opplagt platt, keisamt og utruleg lite oppbyggjande. No veit framleis få kva eg pratar um; men eg skal prøva å seia det utan å forklåra stort (so det er stor grunn til at du (med rette) fnys av det og tykkjer det sers feil):

Nynorsken var ikkje, er ikkje og bør ikkje verta talemålsnær!

Heile navla landet hev ei feil og ukorrekt oppfatning av kva nynorsken er. HAN ER IKKJE TALEMÅLSNÆR OG MÅTTE GUD FORBODA AT HAN NOKON GONG VERT DET! Det er 1000 dårlege argument for dette, men òg ovmange fantastisk gode. No vrir du deg sikkert i stolen og seier høgt «Men kva med dialektane, Odin, DIALEKTANE!», slik at nabokatta må leggja hovudet på skakke og lura på um du er ein av dei som helst burde vore hjå syster hennar som er ein institusjonskatt på Dale2.

«Jadå, din hekkans masekopp», seier eg då og ser olmt opp i vêret for å visa at eg himlar med augo av deg.

Det verste er sjølvsagt at eg berre brukar masse hersketeknikkar på deg utan å eigentleg forklåra kva eg eigentleg meiner. Difor kjem du altso automatisk på bakbeina og tenkjer eg (kannhenda rett nok) er ein stor idiot, medan du fyrer laus fleire slemme setningar: «Ja, det var då jammen meg konstruktivt din hekkans drittsekk».
«Åja!? Og du då, din vesle parasitt av ein møllsleikande…», prøver eg fyrr eg kjem på ein betre idè og ser filosofisk ut i lufti; «Ja. Kva er me eigentleg? Er me i det heile teke? Kven er eg? Og kven er du? Finst du? Finst eg?».
Ganske raskt forstår eg dette er berre teit og kjem igjen på andre tankar, men fyrr du vert redd so kann eg avsløra at me er inne på sporet att; me er attende til saki, eller «målsakji™» som eg hev sett ein idiot skriva på kvar artikkel som hev noko med nynorsk å gjera. Han er mindre… nei, han er minst kul synest eg. Men so er eg på viddene att.

Eg tenkjer kort på viddene i Nord-noreg der eg var på tur, fyrr eg atter ein gong prøver å spora inn på det eg liksom skal seia noko fornuftig um (det trur eg du allereie hev mista trui på).

«Ja, du ser. Hmm. Kvar var eg no?», seier eg fyrr det gjeng upp for meg at dette faktisk ikkje er ein samtale, men ein teit tekst og at eg difor berre kann lesa det eg hev skrive fyrr. So her var eg: «Kva med dialektane, Odin?». Ahh. Ja. Kva med dei? Denne forferdelege forpestingi av norsk språk som eg er programforplikta å elska sidan eg er medlem i NMU? Åja. Dei dialektane ja.

Det førre eg skreiv er vel eigentleg ikkje det eg meiner, men eg la det til sidan mange sikkert trur eg meiner det. Diverre må eg skuffa dei. Eg skal heller prøva å svara på «Kva med dialektane, Odin?».

«Kva med dialektane, Odin?»

Dialekt er fint, dialekt er best, dialekt er det som eig mest. Det kann ein seia, og få vil mukka (ymta motførestellingar). Det er jo bra. Og det er sant, dialekt og nynorsk heng faktisk saman. Eg likar dialektar. Likar spesielt jentor frå Vest-telemark og Sogn og fjordane. Uhm, måten dei pratar på altso. Sikkert mange av jentone òg, men det er ikkje poenget. Eg hev berre godhug for dialekt. Ja, eg elskar dialektane til og med, um eg fær seia noko so på kanten. Det eg ikkje elskar, er at folk trur at nynorsk == dialekt.

  1. Nei, nei, nei, nynorsk er ikkje det same som dialekt.
  2. Nei, nei, nei, nynorsken skal ikkje vera det same som dialekt.
  3. Nei, nei, nei, dialektnær nynorsk er ein styggedom – ikkje noko me bør prøva å jobba for.

Problemet mitt her er at det er so ekstremt mange som meiner 3 er feil. Altso; dei kann seia ting som:

  • «Du hev nynorsknær dialekt, difor må du skriva nynorsk»
  • «Nynorsknormalen må vera vid slik at eg kann kjenna meg att i han og skriva dialektnært»
  • «Det vert enklare å læra nynorsk når du brukar di eiga dialekt som utgangspunkt»

Alt dette meiner eg er riv ruskande feil og grunnfest i ei feil førestilling um kva nynorsken er; ei nedskriving av dialekt.

Kva er nynorsken då?

Nynorsken er eit systematisk språk tufta på fellestrekk i alle dialektane i heile Noreg.

Ikkje ein, ikkje tvo, ikkje femten dialektar. Men alle. Og ikkje ei rotete suppa (som bokmålet), men eit systematisk språk. Ikkje systematisk som Esperanto heller (som er konstruert), men eit norsk språk som tek vare på systemet som finst i norsken.

Skal me skriva talemålsnært, skriv dialekt. Ska’me skRiva talemålsneRt, så skRiv dialekt fåR ‘faen. (Store r-ar for skarre-r). Det vert jysla stress med so mange skriftspråk i landet. Og folk flest er ikkje interessert i å skriva «deira nynorsk» (trass i kva dialekt-nynorsk-folki trur), folk er interessert i å skriva rett. Det ser me enkelt av korleis folk skriv; nyttar dei «valfridomen» (teit å bruka eit fint ord for tilroting av gramatikken)? Nei, dei nyttar han ikkje. Ein plass der me bør hava valfridom, derimot, er i ordtilfanget – desse ordi tek me sjølvsagt frå alle moglege dialektar. Men det er ingen, eg gjentek ingen verdi i å hava 27 forskjellege måtar å bøya eit ord på. Verdien fær me i mange ord, mange nyansar – ikkje i mange bøyingssystem (det er berre tull).

Det finst ein utruleg god tekst på dette

Aaargh. No er eg berre trøytt og ikkje sint lengre. So eg hev fengje det ut av meg. Diverre er ingen smartare. Du kann jo synast det er positivt at eg ikkje er sint lengre (det likar eg!); elles kann det henda du er sint av di eg berre hev skrive tull og kasta burt tidi di. Det er òg ein liten sjangs for at du faktisk vil vita kva eg meiner; ahh, då finst det ein utruleg god tekst på dette. Det er ikkje eg som hev skrive han (so han er altso bra, det er ikkje berre noko eg seier) og han ligg på NMU sine nettsidor. Eg gjev deg, Målføra og nynorsken.

Dette burde verkeleg vore pensum for alle. Spesielt alle som vil meina noko um dialektar (målføre) og nynorsk. Eg veit teksten er lang, men les du han, er du ei klokare kvinna etterpå. Du gjer lurt i det.

Notar

1 Fyrr nokon slær meg flat med rettskrivingi mi, so må eg få seia at dette ikkje er det same som språkekspert eller norskekspert; slik er det ikkje. Det eg hev, er ein mykje betre forståing av språkstoda i Noreg enn dei fleste. Sjølv um eg skriv so mykje gramatisk feil som eg gjer, so hev eg god yversikt yver idéane. Det burde ikkje vera å taka vatn yver hovudet; langt frå best forståing, men langt yver snittet (som diverre er forferdeleg lågt).

2 Dale var der dei putta dei galne menneski i gamle dagar.

Og hugs, les Målføra og nynorsken.

Oppdatert: Ei litt betre forklaring eg gav Ola etter eg ikkje var sint lengre og hadde sove:

Eg ville ikkje skriva kven som var i Språkteigen, for eg ville ikkje knytta mine negative kjenslor opp mot dei. Det er berre at heile verdi trur nynorsken sitt mål er å vera talemålsnær og at eg meiner det er feil. So når det vert slege fast som sanning mellom tvo (tri) folk i eit ordskifte (der dei eigentleg skal vera ueinige) so vert det for galt. Det er ingen/få som fortel folket kva nynorsken eigentleg er, og det gjer meg vonbroten.

Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)

Eg sit her og kjem inn på at eg vil spela vidare på «Zelda – Twilight Princess» heile tidi. Men Wii-en min er sjølvsagt heime i Stavanger, same med Nintendo Gamecuben. Grunnen til at eg er i Oslo og ikkje på ferie i Stavanger (som eg hev vore den siste månaden), er at eg hev tri eksamenar her. På måndag kjem det vanskelegaste; systemutvikling. Men eg fær ikkje lest stort av di eg hev ei kjensla av at eg fyrst vil gjera noko moro, altso spela Zelda…

Teite svadaord (minner meg um marknadsføyring)

Det er ikkje vanskeleg i seg sjølv, det er superenkelt, problemet er at det er ein haug svada og tull som eg ikkje er interessert i. «Fossefallmodell», «Ugruppert modell», «Gruppert modell», «Usecase», «Bruksmønstermodell», «Den redundansfri modellen», «Kravspesifikasjon», «Frå skallet og inn», «Frå kjerna og ut» og ikkje minst UML, UML, UML. Høyrast dette moro ut? Høyrast det nyttig ut? Nei! Nettopp, det er ikkje nyttig eller moro. Det er svada, ekte svadatull. Jodå, noko av dette er eigentleg interessant i seg sjølv; men ein viktig forskjell er at det ikkje er interessant å prata um det i generelle former. Altso; det er greitt nok, eg skal laga eit program og då er det jo lurt å tenkja på kva data dette programmet skal handsama.

Sjølve systemutviklingsfaget inf1050 på UiO handlar mest um å laga modellar og diagram, pluss ein heil haug planar. Eg synest det er betre å faktisk gjera noko; men eg veit jo at dei fleste firma som driv med informatikk tener masse pengar på å vera superineffektive. Dei skriv suppa si i klasse-tung Java. Det vil seia:

Klasse-tung Java: I staden for å kaupa og bruka ein hammar for å slå inn spikaren so tenkjer du; ahh, eg må sjå på dette som eit meir generelt problem – eg må laga noko ålment for å slå inn ting. So du lagar ein hammarfabrikk som kann laga allslags innslåingverkty. So tenkjer du, ahh, må laga noko endå meir generelt, ein vil jo ikkje berre slå ting inn, kann henda nokon vil skru noko. So lagar du ein fabrikk som produserer jern til eigne skrujern- og hammarfabrikkar. So tenkjer du, ahh, må gjera det endå meir generelt, slik at ein slepp å gjera dobbeltarbeid um ein nokon gong treng noko som liknar litt. So lagar du ein fabrikk for å laga fabrikkar.

Og der ser du. I staden for å kaupa den hekkans hammaren so driv du og lagar fabrikkar som produserer fabrikkar som produserer jern som produserer slåverkty som produserer ein hammar du kann bruka til å slå inn spikaren med. Då er det ikkje rart å sjå kvifor ein treng masse teikningar og diagram og anna tull fyrr ein kann gjera noko. Programmet vert treigt og vondt av slik yverabstraksjon, sers lite effektivt. So dette systemutviklingsgreiene er berre del av eit stort ineffektivt apparat som syg pengar og gjer ting treigt og vanskeleg.

Alt er ikkje mørkt eller vondt

Ohvel. Det er nok ikkje so galt, og eg hev sjølv teikna UML-diagram for mine eigne prosjekt. Dessutan abstraherer eg gjerne klassar til generelle problem når eg skriv objektorientert. Men likevel er heile faget ei forbereding for at ein skal kunna jobba i eit digert føretak som lagar «Enterprise» program system. Dette kjem ikkje eg til å jobba med. Eg tek informatikk av di det er moro, ikkje av di eg skal verta ein slave for firma som Visma. :S

Eg hev ein innebygd skepsis for INF1050, og hev ikkje likt det sidan eg såg boki. Det er ei ekte svadabok der dei skriv side opp og side ned med teite utrykk og seier ingenting. Inni mellom finn du kann henda litt meining, men det er fyrst etter du hev lese 2–3 kapittel. Eg vert vond av slikt. Og vil heller spela Zelda.

På tysdag, etter eksamenen i INF1050, hev eg eksamen i INF1010 – som er programmering. Det gjeng greitt nok. Og so er det eksamen i INF2270 Datamaskinarkitektur, det er eit moro fag. Vonar eg gjer det bra der.

Zeelda! :-(