Merkelapp-arkiv: Meining

Mobbing av nynorskbrukarar er heilt greit

Eg var nett i Trondheim og viste fram ein informasjonsvideo eg hev redigert (for STEP – Ungdom møter ungdom) for lærarar og elevar som var på seminar for prosjektet. Etterpå var det «verta kjend»-aktivitetar der ein av lærarane nytta «kor tid eg hev det bra»-posten til å vitra um kor mykje ho hata nynorsk. Dette var altso etter eg hadde vist filmen på nynorsk og eksponert meg som einaste nynorskbrukar.

Fekk god attendemelding og arbeidsgjevar Nina Grindheim vart sers nøgd. Ho oppmuntra nynorskbruken min og kom med gode idèar på filmen. Dei som kjenner meg veit eg likar betre å få ei ramma – og so få gjera nett det eg vil innanfor den ramma. Og ho lot meg gjera det. Veldig bra, kreativ fridom og ingen klagar på språket mitt. Eg vonar filmen vart betre av den grunn.

Kva er STEP, er det for mobbing?

Absolutt ikkje. Eg hev jobba mykje med informasjonen til STEP for å få eit oversyn yver kva det er, og gjera han enklare slik eg kann skriva det med tvo enkle ord. Men for å sitera det på den vanskelege måten att:

Step er et forebyggende miljøtiltak i videregående skole, hvor elevene arbeider aktivt med det psykososiale miljøet i skolen.

Med det psykososiale miljøet meiner dei altso miljøet mellom elevane og korleis dei hev det med seg sjølv. Ein kann seia kor «ope, skapande og inkluderande» miljøet er. Det er altso ikkje rom for mobbing. Etter fleire år i skuleverket, gjeng eg ut frå at alle veit kva mobbing er. Ein lærer kann henda ikkje mykje um «gode psykososiale miljø» på skulen, men ein lærer iallfall mykje um dårlege miljø og mobbingi ein ofte finn der.

Likevel går læraren på direkte åtak mot språket mitt

Eg forstår so inderleg godt kvifor det er so mange som bytar frå nynorsk. Det er ikkje sjeldan eg må forsvara å skriva nynorsk. Bokmålsbrukarar vert aldri spurd kvifor dei nyttar bokmål. Dei fleste av dei hev aldri teke eit val, same kva. Ein må aktivt taka eit val for å skriva nynorsk. Det gjeng ikkje lange tidi med mobbing av lærarar og medelevar fyrr ein kjem til dette valet; vil du verkeleg halda på språket ditt og verta utsett for ei ålment godteke mobbeaksjon?

I staden for å verta lei meg og byta til bokmål, vert eg sint. Men litt lei meg òg når eg vert mobba slik. Det gjeng sterkt inn på meg, og eg synest desse personane er dei største idiotane i verdi. Eg held på nynorsken for å gjera han større, eg held på nynorsken for å gjera det meir ålment akseptert at folk nyttar nynorsk. Eg vil at det ikkje skal vera vanskeleg å skriva nynorsk. At det skal vera lov.

Læraren var ei ung blondine frå austlandet, som jobba med trivsel for elevane i skulen. God jobb, drittsekk. Ho jobbar direkte mot meg, som dei fleste gjer – med å visa desse ekstremt elendige haldningane sine. Det viser seg at dei er ein gjeng ureflekterte sauar. Dei gongane eg hev aktivt teke opp mobbingi deira, viser det seg at dei ikkje hev eit einaste argument. Dei er dumme som braud og brekar berre fordomane dei hev høyrd frå andre. Dei trur på det òg.

Mange lærarar kann ikkje anna nynorsk enn nynorskhat. Kva skjer når norsk skuleungdom «lærer» nynorsk frå desse neki? Jo, det vert «lengje leve norsk-dansken». Ein god ting med målrørsla, er at me er for fritt val av språk; me vil at elevane skal kunna velja mellom bokmål og nynorsk. Me er for fridom. Slik er det absolutt ikkje i dag. Det er veldig vanskeleg å byta til nynorsk av di ein vil. Få, til ingen ser det som eit alternativ, noko eg forstår godt. Det er ofte berre rare folk som meg som bytar til nynorsk, det er kjempesynd. Eg vil at alle skal byta til nynorsk.

Men det er vanskeleg å byta til nynorsk

Det er ikkje vanskeleg å læra seg nynorsk, det er berre å bruka det. Eg lærte meg det kjempefort etter eg byta. Men det er fleire ting som står som digre bautasteinar i vegen:

  1. Undervisningi syg (eg lærte meg nynorsk av meg sjølv, eg lærte ingenting i sidemål på skulen)
  2. Du møter dritmykje motstand, «alle» vil forklara deg kva dei tykkjer um nynorsk (som er piss, eg vil ikkje høyra det din jækla idiot – eg veit allereie kva du meiner)
  3. Du er offer for digre mobbekampanjar som Unge Høgre sin «Nynorsk syg!»-kampanje
  4. Me må alltid kjempa for å kunna skriva nynorsk der me ynskjer (somme gongar vert eg fortald at eg lyt nytta bokmål når eg lagar video for andre, WTF!?)
  5. Eg fær sjølvmeldingi mi på bokmål kvart år, trass i at eg hev valt nynorsk kvart år
  6. Ser ikkje språket ditt serleg mykje, du må ofte aktivt oppsøkja nynorsken (ikkje lesa Aftenposten, men heller tinga Dag og Tid t.d.)
  7. Les(/skriv) ein ikkje nynorsk, er det vanskeleg å verta god i det (opplagt)
  8. Og masse anna… :P

Ei side er jo at um fleire (alle, nesten alle?) hadde byta til nynorsk. Då hadde problemi gått vekk (vonar eg). Me kunne konsentrert oss um å vera snille med bokmålet for kva det faktisk er (ein viktig kulturtradisjon; norsk-dansk) og nytta nynorsken for det nynorsken er: språket vårt, norsk.

Eit par hev sagt at når norsken held på å forsvinna for engelsk i framtidi, vil nynorsken ganga høgt opp som ein reaksjon. Når folk aktivt vil velja ekte norsk, ein som kann stå mot engelsken, vél dei nynorsk. Eg trur det hev noko for seg.

Men no er det altso framleis greitt å mobba meg som nynorskbrukar båe offentleg og privat.

Klag på språket i sjølvmeldingi

For ei tid sidan fekk eg sjølvmeldingi i posten. Ho var, som alle andre år, på bokmål. Trass i at eg hev sagt frå kvar einaste hekkans gong at eg ikkje vil hava den stygge sjølvmeldingi i format «selvangivelse». Æsj. «Selvangivelse». «else, else, else». Jadå, eg veit eg hev digre fordomar mot bokmål, men eg hev laga dei sjølv – heilt medvite. Ein måte å overleva som nynorskbrukar i lengre tid.

No vil eg eigentleg ikkje skriva alt som sviv i hovudet. Eg las nett at Synnøve hadde klaga og offa seg etter fleire år med bokmål + retting, og sendt ei klage for at Nordhordaland sende ho bokmål. Det var kveikande og eg fekk lyst til å setja ut ein intensjon um å senda ein klage. So her er ho.

Eg skal senda ei klaga til likningskontoret mitt i år, for å klaga på at eg etter 3 år framleis ikkje fær sjølvmeldingi på nynorsk

Elles er dette sitatet frå Synnøve sin klage so flott at eg siterer det:

Av dei mange nynorskbrukarane som får sjølvmeldinga på bokmål, er det truleg dei færraste som skriv irriterte e-postar eller seier frå om det på anna vis. (Diverre!)

Det var jo dette eg hadde tenkt å gjera. Trass i at eg er ein røynd klagar, hadde eg tenkt å la det vera. Men ikkje no! Eg oppmodar forresten alle til å gjera det same. Ein kann godt skriva bokmål, men motta sjølvmeldingi på nynorsk. Det gjorde eg då eg skreiv bokmål. Um nokon av dykk eg sinte menneskje nett som meg, so kann du senda ein klage til likningskontoret. Truleg held dei ikkje skikkeleg oppsyn med kven som hev vald kva (eg hev jo aldri fengje sjølvmeldingi mi på nynorsk, medan mamma fær han).

So um alle sender klagar på dette hadde det vorte klageflaum i kontoret! Weey! Det hadde vore drittøft. Dessutan hadde dei kann henda vorte betre når fleire var sinte. Det er jo ærleg talt ein plikt dei hev, men dei fylgjer han ikkje serleg bra. Jæklane. So send din klage i dag!

Forresten synest eg sjølvmeldingi er litt skummel, eg hev ikkje peiling på kor mykje pengar eg tenar

Oppdatert 25. april: Eg hev sendt klaga no.

Førre innlegg var altso ein (vellukka(!)) aprilsnarr

Eg vart sers yverraska då folk trudde eg ville skriva 40% riksmål på heimesida mi. Hadde ikkje tenkt å leggja innlegget ut, kunne ikkje tenkja meg folk ville gå på det. Det var fullt av elendig språk, krøkete setningar og ein dose ting eg ikkje ville sagt. Men folk gjekk altso på.

Eg hev forstått at ingen les lange innlegg, men det er for seint no – er du lat vil du sikkert berre lesa sjølve aprilsnarren og utleda resten av denne «forklaringsteksten» frå det.

Eg vil gjerne sitera heile innlegget for å visa døme på kor elendig (morosamt dårleg) teksten er. Det er vel lite vits, men eg kann ikkje dy meg frå å trekkja fram eit par setningar.

Å fylgja lovi

Anbefalingen, som man nå befølger for å være et godt eksempel for etterfølgelse av de videre lag av vårt land, kan interesserte parter finne hjemmel for i gjeldende lovverk.

Off. Denne setninga var faktisk enkel og god i fyrsteutkastet, men eg jobba lengje med han for å gjera han dansk-bokmålsk og stygg. Eg jobba òg med å putta inn vanskelege låneord (som me hev betre ord for på norsk). Hadde eg skrive dette på nynorsk so hadde det vore noko slikt som:

Eg fylgjer tilråingi i lovi for å vera eit godt døme for andre.

For å få det unnagjort; det kann sjå ut som ein god idè å kvotera inn bokmål for å vera «politisk rettskaffen» og «betre enn andre». Slik er det ikkje, nynorsk er eit mindretalsspråk som vert undertrykt av det gamle koloni- og statusspråket bokmål. Nynorsken fær lite eksponering, og det er slik at sjølv elevar som bur i «nynorskland» ser meir bokmål enn nynorsk. Ein fær bokmålet inn ved tale og ikkje minst gjennom omverdi. Der bokmålsk normaletalemål hev status, vert nynorsk overkøyrd av målføri. Fyrr leggjetid les pappa på bokmålsk for jenta si, slik at ho vert flink i dette målet då ho startar på skulen. Det fær ikkje nynorsken.

Ei kann henda større påverknad for litt eldre ungar er språket nytta i skrift. Landsdekkjande avisar som Dagbladet og VG hev redaksjonelt nynorskforbod, og dei fleste føretak nyttar bokmål same kvar dei finn seg. Jentone les bokmål i Donald Duck & co, medan gutane les bokmål i Topp. Båe kjønni les bokmål i Harry Potter.

Det er viktig å sjå nynorsken i bruk

Eg var nyleg innom min gamle hengjeplass, hw.no/linux, eller GNU/Linux-forumet på programvare-delen av diskusjon.no som ein kallar det no. Det fyrste eg såg var ein post av ein gamal travar med kallenamn «huf». Posten hans var på nynorsk. Han skreiv bokmål sist eg var inne, men no hadde han altso byta språk. Eg byta sjølv til nynorsk i den tidi eg var aktiv på forumet, og ein kann sjå eit klårt skilje på historia yver innleggi mine. Mykje av grunnen til at eg byta, var at eg såg andre nytta nynorsk heilt sjølvsagt på nemnde forum. Eg fekk stor respekt for desse menneski, som synte seg å vera nokon av dei flinkaste folki på forumet.

Etter ei stund med nynorskpåverknad fann eg ut gjennom Simon si heimeside at det ikkje gjer noko kva hovudmål du hev på videregåande. Då byta eg hovudmål. Det tok ikkje lange tidi fyrr eg hadde kjempegod nynorskkarakter.

Er du flinkare å skriva bokmål enn nynorsk, og sånn sett redd for hovudmålskarakteren din om du byter? Tenk på sidemålskarakteren din. Karakteren din i sidemål tel like mykje på vitnemålet som karakteren i hovudmål.

So nynorsken vert overkøyrd av bokmålet, og er ikkje serleg synleg for Folk Flest™. Dette må gjerast noko med um alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk. Eller um ein skal kunna hava reell valfridom, å kunna velja fritt mellom nynorsk og bokmål. Men dette skal ikkje vera ein tekst um nynorsk, lurer du på kvifor folk skal velja nynorsk kann du lesa meir hjå NMU.

So difor treng altso alle å høyra meir nynorsk, me kann alle saman bokmål bra – og me ser det heile tidi. Bokmålet treng inga hjelp, det tråkkar på nynorsken og difor lyt alle dei som skriv nynorsk skriva nynorsk – og ikkje «vera snille med bokmålet». Det trengst nemleg ikkje. :-)

Ai, dette vart litt vel langt. Spol framover!

Tren på bokmål for jobb (!?)

Jeg vet de fleste må bytte språk når de får jobb, så det er absolutt anbefalelsesverdig å bedyre at det å betrene seg på å beskrive tanker på det største sproget i Norge (og derfor beste?) er en god og positiv beskjeftigelse.

Hahaha. Denne setningi er til å daua av. Han er so inne i granskauen elendig. Heilt yver toppen, heilt totalt toppa, heilt ekstremt yverdrive. Eg er framleis heilt i villreie, korleis kunne noko tru eg hadde skrive slikt seriøst? Ærleg talt, «å betrene seg»? Nei, eg vert mållaus. Dessutan ville eg aldri i livet øvd meg på bokmål for å kunna byta til det um eg fekk jobb (ikkje at eg hev lyst å vera tilsett for andre!). Eg hadde ikkje godteke at nokon sa eg måtte byta til bokmål! Eg hadde vorte fly forbanna.

Men eg lurte altso folk

Eg synest dette er so fantastisk moro. Tenk at eg klarte lura folk med noko slik. Det er jo kontroversielt, og det kom på ein dag ein normalt sett ikkje stolar på slikt – so det var veldig spesielt å få seriøse attendemeldingar på innlegget. Simon var fyrste person som peika på aprilsnarren. Fyrr det so syntest Egil det var ukomfortabelt å lesa bokmål på sida mi, noko eg vart sers glad for. Dei gongene eg hev skrive bokmål til folk, reagerer dei ofte fort – og seier eg må skjerpa meg (desse skriv bokmål sjølv, altso). Det elskar eg. Nynorsk hev raskt vorte det ålment godkjende språket mitt, sjølv um eg hev skrive bokmål mykje lengre.

Jarle Petterson framheva det elendige språket mitt. Han kalla det eit yverdrive «kansellispråk», og vedgjekk via straumbrev at han gjekk på narren. Synnøve uffa seg, og kom med eit nektande ord. Rebecca vart yverraska då eg sa det – ho trudde eg meinte det. Diverre klara eg ikkje lura ho lengje; det kjendest for falskt å forsvara avgjerdi i person.

kansellistil tung målføring med gammaldagse ord og lange, innfløkte setningar etter tysk og latinsk mønster

Fekk òg ei herleg melding frå Børge som eg berre ignorerte. Eg sat og lo og lo då eg fekk meldingi, og eg visste ikkje um han var seriøs eller tulla. Difor tenkte eg like godt eg ikkje ville avsløra noko endå.

Børge: overraskende at du har begynt å skrive på riksmål. det hadde jeg ikke ventet. Men selv om din blogg da får en 40/60 rate av forskjellige målformer, så vil jo den samlede daglige utgivelse på norsk nå ha en enda lavere andel nynorsk.

Han lo godt og sa han ikkje hadde gått på ein aprilsnarr på lengje. Hehe. Det var kjempekos. Innlegget frå i går vart ein stor suksess. Eg hev ikkje hatt so moro av eit innlegg på lengje. Det verste var at største delen av moroa kom etter det var ferdig skrive :-D

Takk til alle som las aprilsnarren min, og ekstra stor takk til alle som vart lurt.

ARGH! Hekkans stygge posten, no er eg SO LEI!

FAEN! Aaargh! Eg betalte nett kjempemasse pengar for å få dei fjøsvæta nyklane mine send her til Oslo kjappast råd. Dei klarte pinadø ikkje få dei inn i postboksen til Ola og Elisabeth på eit døgn ein gong! Kva i alle regndagar!? Dessutan fungerer ikkje det blåblærete barnehagesystemet av eit idiotisk pakkesporingssystem. Heller eit pakkesporingsROT!

Ugh bugh. Eg forstår ikkje korleis i svarte natta me kann leva med eit so inkompetent og golvslikkande postvesen. Det hadde vore billigare å sendt dei moletne nyklane med toget. Det hadde gått raskare med toget. Hekkan, eg kunne jo for fjompandes svingande teke toget attende til Stavanger for den prisen. Noko eg òg burde gjort. Einaste grunnen til at eg ikkje gjorde det, var av di eg hadde lovt å innkvartera gode veninne Yvonne torsdag-fredag. Men no gjeng jo ikkje det same kva, so kva i hoppande skoglund var vitsen for meg å verta attende i denne heilkokte bollestuingi av ein landsby!?

Dessutan vart eg sur og sint av di eg kom for seint til å eta på Fredrikke.

Heime att

Eg vart aldri ferdig med denne. Eg sov på Ping i natt, la meg 0100. Vakna kl 0500 av at det var galsvettande kaldt. Eg fekk ikkje leggja meg att, vart ikkje varm att fyrr 0900. Sat og såg ein Anime-serie. Nyklane mine er no på Kringsjå. Det var alt for seint! Sidan Pappa ikkje gav meg det ekte sporingsnummeret (og sidan posten er so teite at dei hev fleire slike ID-nummer for ting) visste ikkje eg at nyklane faktisk var på Kringsjå postmottak 1400 i går. Det er ikkje på de tidi det skulle vera, men det var grunna «ufullstendig adressa». Juvbleike idiotar, den var jo komplett: sjå på postnummeret, 0864,—og so søkjer ein seg inn på nærare treff:

  • O… (15 treff)
  • Olav… (6 treff)
  • Olav M… (1 treff) => OLAV M. TROVIKSVEG

So seier resten av informasjonen seg sjølv; H0816, ja, då puttar ein han i postboks H0816. Ærleg talt, det er då for fjøli ikkje so jamrande vanskeleg. Eg hev faktisk drive so smått på med eit slikt enkelt søk sjølv, i ei oppgåve på Universitetet.

Men eg gidd ikkje skriva um dette meir. Eg brukte omtrent like mykje pengar som det ein togbillett kostar for inga jærbuande nytte. Eg var lengje ekstra i Oslo, og var lettare irritert. Det må seiast dette berre var etter eg ikkje hadde fengje nykelen. Eg var ikkje irritert på at eg hadde gløymd han i byrja – faktisk var det ganske kos fram til eg ikkje fekk han den morgonen.

Eg yvernatta hjå Ola og Elisabeth, som var kjempe-superkoseleg og ikkje minst hyggeleg. Eg var på «Kva skjer med språkjet[sic] vårt?»-ordskifte, og eg hadde koselege småturar i Soli med båe Karol og Egil. Dessutan var det jo koseleg på Ping som alltid, sjølv um nykelproblemet la stor dempar på den eine kvelden.

På toget heim no sat eg forresten i same vogn som Sylfest Lomheim (eller sjå sida laga av Sylfest-tilhengjarar). Han kjende meg ikkje att då, trass i at eg prata til han for tvo dagar sidan. Meh. Ja, ja – men han er jo ingen målhelt for meg, eg er ueinig i ein del av meiningane hans um nynorsk… ;]

Disney stoppar ytringsfridom og stengjer blogg

Ein bloggar sende ein e-post til m.a. AT&T, VISA og Bank of Amerika um det (m.a.) rasistiske innhaldet i radioprogrammet der dei reklamerte i. Då VISA trakk seg ut svara Disney-konsernet med å senda eit trugsmål til bloggaren. Ljodklippi han bruka (under «fair use») som prov, vart kalla brudd på åndsverksloven (copyright). Nettsida til bloggaren vart teki ned av nettilbodaren honom, ei «effektiv» måte å stansa ytringsfridom. Dette er endå ein maktdemonstrasjon frå eit stort fælt selskap. Å senda privatfolk i personleg ruin for å skremma andre hev vorte ei vanleg praksis for skruppellause amerikanske drittkonsern.

Spocko gjekk høfleg fram og viste nøye korleis radiovertane hadde fyrst snakka um dreping av muslimar, for å so gå yver til å lesa ordi frå føretaki. På den måten vert AT&T representert av denne radioverten, skriv bloggaren flogvetta.

«Familievenlege» (heller store, griske jævel-selskapet langt-til-høgre konservative ) Disney stiller seg bak programmet som spreier hat, eder og galle yver det folkeeigde radiobølgjenettet. Klippene Spocko (bloggaren) la ut er politiske i natur og sjølvsagt som prov for det han skriv. Disney på sin side hevdar det er kopiretta materiale, som sjølvsagt berre er tull. Alt dette handlar um er pengar og makt. Dei som hev reklamert på kanalen gjer det gjennom Disney, og godtok reklameringa av di dei stolte på Disney som «familievenlege». Ljodklippa som er lagt ut og sendt til dei som finansierer kanalen er mellom anna:

  • Oppfordring um å putta Nancy Pelosi (nyvald Speaker i USA (fyrste dame og alt det der)) i «siktet» (eit drapstrugsmål)
  • Diskutert skyting og torturering av ein neger (eg hatar dette tullet um at me ikkje fær nytta «neger», forresten)
  • Utrop um å hengja fleire bladstyrarar i store amerikanske avisar
  • Utrop um å myrda fleire millionar muslimar
  • Utbrodert korleis ein av vertane ville torturera ein araber ved å kutta av fingre og penis

Det er ikkje ulovleg å seia dette; men dei som reklamerer kann velja sjølv um dei vil stø dette. Når føretaki slutta gjelda pengane er det heilt ærleg. Men når digre Disney forsvarar sin eigen ytringsfridom (som eigentleg ikkje er poenget; radio er underlagt reglar nett som eit samfunn) kann dei ikkje berre so grovt mobba og sparka andre i andletet. Då ser me lett at det eigentleg ikkje gjeld noko anna enn makt og pengar. Og Walt Disney-konsernet er laaangt ute på høgresida og er eit slemt selskap. Æsj.

Dette var forresten eit sers bloggete, og endå meir keisamt enn normalt innlegg. Det skal ikkje verta so mange av dei, slapp av.

Mista det forbanna Norwegian-flyget

Aaargh! Eg vert so sint. For tvo månadar sidan fekk eg ein epost av Norwegian som sa at ruta mi var endra til eit tidlegare tidspunkt (kva faen?), eg skreiv det ned. So ringde dei og sa det, greitt nok – hadde jo skrive det ned. Men no i går då eg sjekka tidi for avgang såg eg jo sjølvsagt på billetten min; og dei hadde ikkje sendt meg ny billett, so klokka var sjølvsagt feil. Så eg rakk ikkje det stygge flyget.

Ja, eg høyrer korleis du klagar og syt yver at det var min feil; men ærleg talt – det er sørenmeg ikkje vanskeleg å laga ei ny PDF-fil når avgang er endra, er det vel? Det er so enkelt som å setja inn ein customer.attachToMail( Ticket.PDF.generate( customer.number ) )-funksjon. Heilt sikkert. So kvifor inni granskauen gjorde dei ikkje det? Ikkje spør meg, men det er iallfall utruleg plagsomt. Lommeboki mi, der det stend um kva tid flyget går hev vore borte. Eg fann han hjå Rebecca i går – dimed hev eg ikkje sjekka han, men den (“liksom”) endå meir pålitelege eposten min. Hadde berre stygge Norwegian sendt ei påminning um at det var kl 0845, og ikkje 0940 flyget gjekk so hadde alt vore greitt. Det hadde ikkje kosta dei eitt øre.

Då vert det tog

So eg fær taka tog til tigerstaden då. Eller kanskje vera her i Stavanger endå ein dag – eg treng jo ikkje dra attende til Oslo fyrr neste veka. Må rådspyrja Rebecca. Eg kann jo redigera endå litt meir på prosjekti eg driv med.

Ingar Arnøy. Helt.

Wow! Berre, wow! Eg kan ikkje ordleggja meg betre enn dei som ikkje kan ordleggja seg. Byter det ut med store augo, måpande munn og stadig gjentakande positive, enkle og overraska ord. Ingar Arnøy er helt. No er han ikkje den store altoppslukande helten, men når det kjem til målsak, å hava dritgode foredrag og ikkje minst det å engasjera, så er han superhelt.

Dette er skrive for ein månad sidan

Eg var på møte i Samlaget sine lokale med Vikværingen – eit slag «fylkeslag» for Oslo og omland. Midt inni programmet hadde Arnøy eit punkt om «Den tvospråklege staten». Det høyrast umåteleg døllt og keitt ut, men Ingar er ein kunstnar. Han får alle med seg i ei utruleg logisk og engasjerande tankjerekkje. Hadde dette vore i går, då eg heile dagen var i ekstase frå punktet, hadde eg prøvd å forklara noko av det sjølv. Men eg trur ikkje det fungerer so bra skriftleg. Iallfall ikkje frå meg, som ikkje kann denne engasjerande kunsten og som heller ikkje er noko stort god på få ord og tankar på papiret. Nei, de må berre oppleva han. Helten, Ingar Arnøy :D

Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett

Tja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!

Av kule ting kan eg nemna auka stønad til open kjeldekode og opne standardar, ganske enkelt fantastisk! Som eg skreiv på digi sine sider:

Superbra! Dette her hev me venta på. No vonar me berre dei standardiserer på ODF (OASIS OpenDocument) og ikkje det «tulle-opne» dokumentformatet til Microsoft (det nye XML-formatet). Me må koma oss vekk frå at staten låser seg sjølv inn i eit Microsoft-hjørne – og gjer livet vanskeleg for alle rundt i same slengen. Det lyt ikkje vera naudsynt å hava Windows for å vera del av samfunnet lengre. Forresten var det vel Høgre som starta dette her, – bra jobba Høgre! Og godt gjort raud-grøne regjering som endeleg løyva pengar til å kunne gjera det. Eg hev von om ei ljos framtid :-)

Elles, av andre kule ting, kjem auka løyvingar til breibandsutbyggjing. Dette er godt, sidan eg kan tenkja meg å flytta ut på landet om eg tek ein IT-jobb seinare. Kan starta mitt eige føretak på landet. Hadde vore dritkult. Dei hev gjeve skattelette for dei med lite pengar, og auka skattar for dei med mykje. Kjempebra! Slik vil me hava det i Noreg. Masse bra altså, men eg mista interessa for det litt no. Fri programvare-delen var det som eg likte best!

LoveIT og Høgre, open kjeldekode fram!

Med det: i går sat eg og surfa litt. Kommune-noreg hev fått ei ny nettsideløysing som hev open kjeldekode. Superbra, det ser tøft ut òg. Frå der surfa eg vidare, og kom til Høgre sine sider. Eg må seia dei er utruleg flotte, og veldig godt laga. Dei brukar Emnekart som er ein ISO-standard for det meste utvikla i Noreg. Den gjer nettstadene meir oversiktlige og betre å bruka. Eg såg litt meir på det og fann ut Høgre hev bygd sidene sine på den opne kjeldekodeplatformen Zope. Som dei seier det sjølv:

Høyres Hovedorganisasjon benytter i stor grad Linux som serverplattform, samt alternativ programvare. Vårt publiseringssystem er også basert på åpen kildekode og driftes på Linux-servere.

Du kan lesa meir om Høgre og open kjeldekode på heimesida deira. Dei er mot Microsoft sitt monopol, meiner det ikkje er bra for fridommen og konkurransen. Eg må seia eg er røynleg glad i Høgre på dette feltet. SV og venstresidepartiene meiner det same, men SV hev ei ekkel, propitær løysing og køyrer nettsidene sine på Windows-tenarar. Æsj! RV brukar BSD… Typisk RV, hæ, skal alltid bruka raraste ;-) Men det er jo ope!

Så, ja, det var ei positiv politisk vitamininnsprøyting i kvardagen.

Kollektiv iPod-runking (hypealarm!)

Øydelagd iPod, ekkel hipp trendiPod meg her, og iPod meg der. I artikkelen ««Kunstmuseet satser på iPod»»:http://aftenbladet.no/kultur/article320081.ece kunne ein for nokre dagar sidan lesa korleis reklamen hev storma inn i Aftenbladet. Det er trist å lesa så unyanserte og heilt klart «hippe» artiklar. Greitt nok at Apple klarar penetrera ungdom på min alder, dei er jo ofte særs mottagelege for reklame, men kor tid meldte resten av verden seg inn i saueflokken?

Apple sin iPod er ein av mange MP3-spelarar, men i staden for å snakka om MP3-spelarar generelt, trekk Aftenbladet stadig fram eitt produkt. For å ha ein samanlikning kan me seia «Imsdal» i staden for «vatn». Lat oss no tenkja museet «låner vekk» vatn i plassen for MP3-spelarar. Eit utdrag frå artikkelen kunne då ha sett slik ut:

– Jeg har ikke sett så mange som har kommet med medbrakt Imsdal, så tallene er muligens lave. … Imsdal er framtiden for museene, sier hun.

Greitt nok at nett museumet låner ut Imsdal og meiner det er godt for kroppen, men avisa bør ikkje fungere som ein marknadsføringsdrone for museet. I artikkelen blir det òg oppmoda om å taka med sin eigen «Imsdal», – men kvifor kan eg ikkje taka med meg IVAR-vatn (eigentleg er mykje betre, berre ikkje like «hippt»)? Desse setningane i artikkelen høver berre til å reklamera for eit gjeve produkt: «å, eg må ha ein Imsdal». Eg trur fleire hadde reagert om artikkelen hadde nemnt Imsdal (i staden for vatn) like mykje som iPod er nemnt her.

Dette er ikkje fyrste gong Aftenbladet idoliserer og skapar blest dette produktet, det er garantert nemnd ein gong kvar veke. Eitt selskap sin (heilt normale) dingseboms er blitt ei hype blant folket med stor hjelp av Aftenbladet og liknande lite kritiske mediekjelder.

Det er gjerne demokratisering av kunsten, som det blir sagt i artikkelen, men på same tid er monopolisering av MP3-spelarmarknaden. Ein kunne gjort alt så mykje enklare med å kalla ein MP3-spelar for ein MP3-spelar og latt det bli med det.

Nei, så ekstrem reklame i vanleg redaksjonelt stoff? Skjerp dykk Stavanger Aftenblad!

Illustrasjonsbilete med løyve frå http://brainfire.co.uk/.

Hekkans bundling!

På desse hekkans Windows-maskinene må ein jo installera altslags dritt for å få ting til å fungera. Det er jo typisk. Ekkelt, men typisk. No måtte eg f.eks installera QuickTime for å få spelt av ei video-fil eg ville sjå; det hadde eg aldri trengt i Linux, der alle avspelingsprogram speler alt.

Men det store problemet med å installera slikt dritt er den HEKKANS BUNDLINGA. SATAN INNI HELVETTE; eg vil ikkje ha nokon STYGG iTunes! Det er eit pisseprogram og eg har absolutt 0 interesse av det! Sjølv om eg sit på den styggaste Windows XP-maskina så vil eg ikkje ha ekkelt iTunes i tillegg til den ekle, stygge, forferdelige Windows Media Player (som eg faktisk ikkje kan avinstallera (WTF!?)). Sataaaaaaaaan! Eg blir så SINT av å bruka Windows. Aaargh.

Eg kunne ikkje berre installera QuickTime utan iTunes, nei. No skal eg sjå om det går an å avinstallera iTunes utan QT… Best det går!

!!!

Det… GÅR IKKJE! Nei, hekkan kor glad eg er som har fridd meg sjølv frå helvette. Eg forstår sørenmegikkje kvifor folk framleis slit med det jævla operativsystemet som har så mange useriøse firma som lagar ekte drittpakkar til det. OFF.

…eg ser igjen ned på alle som brukar Windows.