Merkelapp-arkiv: Meining

Vis respekt, betal for heimturen din!

Eg har eit problem med deg. Du som ikkje forstår bil. Du som ikkje betalar når du blir køyrd. Du er ein utruleg kjekk person elles, men viser ei total mangel på takksemd og eit digert FUCK YOU når du skal heim frå fest. No skal eg svara spørsmålet du aldri har spurd; «Korleis skal eg té meg når eg blir køyrd heim og har spurd om det?»

Javel, så du er på byen/på ein fest og er drita full. Eg ser allereie litt ned på deg sidan du er det, men så krever du nærast at eg skal køyra deg heim/til byen. Eg seier raskt nei, sjølvsagt. Drittsekk. Den personen er ikkje noko problem, men dei som er litt meir brisne og venlege er verre;

Etter mykje om og men er eg så snill at eg køyrer deg heim. Du slepper å taka den hekkans bussen, du kjem trygt og utruleg raskt heim til sengja. Nattbussen kostar ofte 50kr, desse pengane slapp du betala der. Når du går ut av døra mi smiler du pent og seier «takk, det var kjempesnilt». MEN DET ER IKKJE NOK DIN HEKKANS SLAKKING! Eg smiler og seier takk heile jævla dagen. Det kostar meg ingenting personleg, det er overfladisk snikksnakk. Eg blir ikkje stort glad av eit enkelt utvaska drittakk.

Det er fakta at det er kjempesnilt, forresten. Det er supersnilt, faktisk. Eg har bruka masse tid på noko så keitt som å køyra ein diger omveg for å få deg heim. Du kan leggja deg med ein gong, medan eg må køyra tilbake. Og som om ikkje turen i seg sjølv er kei nok, så må eg betala ein god slant pengar for han. Du får alt dette gratis. Hadde du take buss måtte du betalt 50kr, stått ute i kaldt v^er og venta på driten. Hadde du take taxi måtte du ut med iallfall 200kr. Men å betala for endå betre service frå ein som personleg må betala for tenesta vil du ikkje.

Du ser faktisk på meg som grådig og kjip om eg krev pengar for turen! Kor baklengs inn i mongoland er ikkje dèt!? Eg blir den slemme, sjølv om det heilt klårt er motsett. Tingen er at dette ikkje er så mykje om pengar som det er om respekt og takksemd. Din tid er viktigare enn min, eg skal betala for å få deg heim sidan du tydelegvis er viktigare enn meg, dessutan er det jo min plikt å køyra deg heim sidan du er så dum at du drikk alkohol. Tulling.

Bil kostar forresten pengar, om du ikkje hadde forstått det. Ein typisk tur kostar meg 20kr i bensin, då er ikkje slitasje på bil o.a. medrekna. Staten reknar faktisk at bil kostar 3kr pr. kilometer! Med bilen min går det ca. 1L pr. mil, så det vil seia det koster ca. 11kr/mila i bensin. Hugs at eg skal heim igjen etter eg har køyrd deg heim! Eit godt estimat om du blir køyrd heim av nokon er 10kr i startpengar pluss 2kr pr. kilometer, sjå på odometeret om du ikkje veit kor langt ting er. Då er du relativt sikra at du er ein flink pasasjer.

Betal den søte sjåføren 10kr i startavgift, så 2kr pr. kilometer. Ein tur på 1 mil (Stavanger->Sandnes) kostar då 30kr (BILLIG for deg!). Om du synest det er mykje kan du fyrst skyta deg sjølv, så kan du taka offentleg transport som ofte er mykje dyrare.

Det stiller seg annleis med vener ein kan sleppa av på vegen. Det stiller seg annleis når sjåfør aktivt går inn for å hjelpa til. Det stiller seg annleis når du inviterer den superkjekke sjåføren inn på te og visar at du sèt pris på oss oversnille folk som er blitt utnytta litt for mange gongar. Men ærleg talt, skal du vera kjip er tilogmed 10kr betre enn ingenting! Å gje ingenting er som å spytta meg i fjeset for å så drita ned i tanken på bilen. TAKK!

Busskvitteringen er visstnok feil…

På busskvitteringen min for ungdomskortet står det dato kortet blei kjøpt, 14 februar. Vel og bra, sjølv om skrifta er litan og kvitteringen er omtrent ubrukeleg etter ei tid. Det same gjeld forresten den gule papplappen me får som pass – eg har nærast aldri bruka han sidan han ikkje fungerer etter nokon dagar. Denne kvitteringen varar i 30 dagar, står det på han. Javel, 14.feb+30 dagar er 16. mars. Sidan det er 28 dagar i februar, og ikkje 30, blir dette eit enkelt reknestykke.

No var eg så heldig å få ein agressiv bussjåfør denne dagen, med same køyrestil. “Nei! Det er ikkje slik det fungerer”, utbrøyt han då eg forklåra kvifor kvitteringen framleis var gyldig. Neinei, eg var visst berre ein idiot som skulle snike meg på ein ekstra dag. Anten måtte eg betala, elles hadde eg det med å koma meg ut or bussen raskast mogleg. Då betala eg sjølvsagt raskt og blei med på ei humpete blanding av akselerering og bremsing til byen.

Tingen er ikkje at ein dag har så utruleg mykje for meg å seia, her. Det er meir prinsippet om at

  1. Lera bussjåførane korleis systemet dykkar fungerer (30 dagar, ikkje til same dato neste månad), eller
  2. Skriva korleis det visstnok “eigentleg er” på kvitteringen.

Eg har ikkje noko ynskje om å bli skjella ut på bussen som start på dagen. Eg er den som glad takkar bussjåføren for turen når eg går av. Eg kjem alltid inn i bussen med ein glad mine, og får normalt sett flotte smil tilbake. Men denne bussjåføtren tok kaka. Off. Slemme bussjåfør.

Triplet med flau start

Eg blei utruleg skuffa (og ein del av mistankane mine blei bekrefta) då eg såg opninga av Triplet. Off. Stavanger sitt nye ungdomsprogram var så «wannabe hipt» og «ungt» som det kunne bli. Men så betra det seg heldigvis ei lita smule. Dette innlegget var eigentleg skrive på Aftenbladet sine debatt­-sider.

Du kan lesa heile debatten på aftenbladet.no.

Dårleg fyrste program, forbedringspotensiale

Eg sat igjen med ei kjensle av den «gode gamle» varianten der 40 år gamle tilsette i ein TV-kanal skal tene pengar på reklame mot ungdom: «Då må me ha någe kuuuult og ungdommeli åg trekka di te! Me lage et tøft programm!!!». Nett slik var det Triplet såg ut. Redigering og filming såg ut som om det var take av godt vaksne som eigentleg har grodd fast i kei lokal-TV, men som nett no skulle sleppa «ungdommen» ut i seg. Det ser flaut ut og er ikkje bra. Eg blei flau av å sjå denne episoda.

Men så såg eg like godt ei episode til. Denne gong i studio ­- og verkeleg, denne her episoda var mykje betre! Sjølve opninga på Metropolis var pinleg og dårleg. Det fekk meg til å ha utruleg låge forventningar til Triplet. Neste episode venta eg noko så dårleg at det faktisk virka litt betre.

Eg eeelskar sjølve tiltaket, det er heilt supert Lene! Men eg må seia gjennomføringa kunne ha vore betre. Men betrer det seg endå meir enn det har allereie, kan det henda det faktisk blir noko ein kan følgja med på innimellom.

Forresten, det er heilt enormt kult at de har podkast av programma! Makan til oppdatert lokal-TV har eg ikkje sett. (Men ein må ikkje ha ein iPod for å bruka podkastar, det er feilinformasjon og ikkje minst sterk marknadsføyring for eit allereie overhypa Apple­-produkt.)

Alt i alt, programmet har mykje forbedringspotensiale. Det kjennest veldig overfladisk og «hey, me vil vera kule». De skulle ha prøvd var å få nokre unge til å laga eit par innslag for dykk (Kyrre (søk) er ein utruleg god filmskapar, han hadde sikkert laga noko kult).

Debatten fortsatte, eg berre legg litt meir til. Heile debatten kan, som sagt, lesast her. Eg har skrive ein del andre innlegg der òg.

For såvidt enige, men…

Ja, du har heilt rett i det mesta du seie der, syns eg. Heilt te dette her: «…få nokre unge til å laga eit par innslag for dykk…» Dårr e jo allerede det der langtekkelige «Ein dag i mitt i liv»-greiene. Vil du verkeligt ha merr sånt, sånn at det kan ble ennå merr amatørmessigt preg på det heila?

Helge Larssen

Nei, eg meiner unge filmskaparar!

Neineinei :) Eg nemnde namn av den enkle grunn at eg her snakkar om kreativ skapande ungdom som kan laga film/innslag. Dei «Ein dag i mitt liv»-greiene er filma av ungdom som (ofte) ikkje kjenner filmmediet særleg godt og er redigert av ei som er tilsett av TV-Vest.

Eg pratar om at unge som kan det dei driv med blir engasjert til å laga skikkelege produkt, – frå idé til ferdig innslag. Det er særs avhengig av kva folk ein klårar dra inn, men ein kan vera heldig og få spreke ting. Nei, – men ein kan vera uheldig.

Forresten trur eg «Ein dag i mitt liv» kan bli veldig bra, problemet er at mykje kviler på personen som skal filme sine ferdigheiter. Eit eksempel på liknande (ofte bra) program er PS: Ung i Sverige. Eg har ikkje blitt skikkeleg imponert av nokon av «Ein dag i mitt liv»-innslaga endå, men eg trur det kjem. Dei har vald interessante folk, – dei burde berre hatt teknisk kompetente folk til å gjera resten. :)

Eg er einig med deg, – eg meinte at ein må få ungdom til å laga ungdommeleg innhald, ikkje vaksne til å laga innhaldet for å så lata ungdom «presentera det» eller berre vera deler i eit større puslespel.

Eg trur f.eks det der sex-programmet hadde vore mykje meir livlig og interessant om det ikkje hadde vore ei kei dame som hadde det. Ahvel, – det er ingen fasit i det heile, men eg kjenner mange flinke folk og eg trur det kunne blitt bra ;-)

Fortsett å utvikla konseptet iallfall, – om det får eit halvt år med betring kan det henda det blir veldig godt til slutt. Stå på :)

UKM 06 i ueigna lokale

UKM var endå meir amatørmessig enn det nokon gong har vore. Eg synest å hugsa at det var ganske bra gjennomføyrd i gamle dagar då det blei holdt på Rogaland Teater. No har vel teateret alt for mykje å gjera til å driva med slikt. Det er eigentleg ganske synd, – sidan Metropolis ikkje akkurat er bygd for å halda slike tilstemningar. Må vel gå an å finna eit betre eigna lokale?

UKM er eigentleg ein utruleg fin ting. Det er veldig viktig for dei som opptrer å ha ein slik plass. Det er viktig av di det får folk engasjerte og får dei til å gjera ting saman. Eg meiner jo at mykje av vitsen med å leva er for å gleda andre, veldig enkelt sagt – og då er slike medmenneskjelege tilstemningar utruleg viktige. Engasjement i andre menneskje får ein gjennom kultur på den måten, det er bra då at unge blir engasjert i tidlig alder. Her er UKM supert.

Men så skjer det noko når opplegget ikkje er godt gjennomført, meg og KK betala kr. 30 kvar for det som skulle vera ein time. Men plutseleg var det slutt, eg syntest dei hoppa fælt mellom deltakarane – det var ikkje rart då berre halvparten hadde kome. Det var berre 5 innslag, to av dei var magedans, to av dei var Helene sine (det eine var filmen eg redigerte) og det siste var fire 11–12 år gamle jenter som dansa til Amy Diamond. Det mangla stort med andre ord.

Men eg har berre rakka ned utan å seia kvifor. Metropolis er ein flott plass, eit utruleg godt tiltak, men eg synest ikkje UKM passar stort bra til der. Det fyrste er sjølve rommet i seg sjølv, det er vanskeleg å sjå scena med mange stoler satt opp. Eg såg ingenting, sjølv om eg er høgare enn dei fleste som ser UKM. Kitty Karina såg jo iallfall ingenting. Rommet er lite og mørkt, eg synest ikkje det er spesiellt innbydane. Stolane er provisorisk satt opp. Ja – det er ikkje laga til scenevisninger slik, det er eit rom som blir bruka til mykje forskjelleg. Men det er tingen; Metropolis er flott til det meste dei gjer der; men fungerer ikkje for UKM. Metro-miljøet er óg for det meste rundt Storhaug, eg har aldri kjend meg spesielt velkommen på Metropolis.

Konfransierane var vist via video. Det var veldig dårleg, – lyden fungerte ikkje særleg, kvaliteten på kamera var verkeleg låg. Kvifor ikkje ha to spenstige folk rett på scena heller? Ja, jo, scena såg me jo ikkje, så kanskje like greitt med video.

Videoen vår blei vist fyrst, – men lydanlegget var ikkje særleg å skryta av. No er ikkje eg ein mester til å leggja lyd akkurat, og eg hadde pressa mykje ut av UKM-versjonen på lydfronten (den som gjekk på Trigger hadde ikkje same lyden). Høgtalarane skurra noko fælt då dei enorme «boom­»-ane kom, dei som reiv hardt i subben då eg køyrde kortfilmen på skulen.

Som sagt, det er eit lite rom, likevel var det berre halvfullt. Såg litt synd ut. Det metropolis har betre enn bl.a. Rogaland Teater er lysanlegg, eg trur ikkje dei hadde gidda satt opp same systemet. Men no er jo interessene mine andre plassar. Eg trur faktisk band-delen av UKM er betre på Metropolis enn teater- og film-delen som eg bryr meg om.

Filmen kom ikkje vidare, det gjorde heller ikkje monologen til Helene. Men den eine magedanserinna kom vidare, men ho var kjempeflink óg då. Det var bra :)

Vanskeleg å melda seg ut av Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund har vore til lite bry og jobba godt for sakar eg har vore dels einig i. No vil melda meg ut, men då er dei plutseleg utruleg vanskelege. Er ikkje dette organisasjonen som kritiserer statskyrkja for den same praksisen?

Eg har vore medlem i Human-Etisk Forbund i mange år og godt nøgd med det. Eg har sett på det som den rette organisasjonen til å motta mine statsstønadpengar. Heilt til eg for ei tid tilbake fann ut at eg vil passe betre i Buddhistforbundet.

Eg såg etter informasjon om dette på nettsidene deira (om enn, leita ikkje, så sei ifrå om du finn det), fann fort utmeldingsskjema frå statskyrkja, men ingenting om det motsette. Det er vel eigentleg forventa. Så eg fann ei epostaddresse til innmelding, og skreiv eg ville melda meg ut. Eg fekk inget svar, venta fleire dagar. Til slutt ringde eg Human-Etisk forbund og blei satt over til innmelding:

Ring-ring… Ring-ring… Ring-ring…
KLIKK
Dame: Hallo. Nei, ser ikkje ut som om dei er inne. Ring tilbake seinere.
Meg: Å, ok. Hm. Kor lengje då til?
Dame: Mange er sjukemelde. Veit ikkje om alle er tilstades.
Meg: Javel, hadebra då.
KLIKK

Tidligare hadde eg spurd dama om kvifor eg ikkje hadde fått svar på eposten min og sagt eg ville melda meg ut. Eg har ikkje ringd igjen endå. Dei er ikkje imøtekomande, men motarbeider heller ikkje. Så eg trur det går bra neste gong eg prøver. Skal gjera det imorgon.

Det som er litt moro er at HEF heile tida kritiserer kyrkja for at det er vanskeleg å melda seg ut. Så skal kyrkja vera utruleg enkle å ha med å gjera, medan dei godt kan unngå å svara på epostar? Det er ein liten dobbeltmoral ute å går. Det synest eg eigentleg gjennomsyrer heile organisasjonen no. Dei klagar litt vel mykje på alt og alle, men er komfortable med å sjølv ha monopol på diverse ting. At dei endra namnet frå borgarleg konfirmasjon til humanistisk er forsåvidt eit motsett trekk. Det var bra.

Men før det blir meir rotete sluttar eg.

Den fyrste busstur

Min fyrste busstur på nærast eitt år, teksten var skrive for ca 4 månedar sidan – men aldri lagt ut. Eg legg han ut no. Pappa har byrja sykla til skulen, medan eg sit på med Terje (min nye medarbeider i IKT på Randaberg) kvar dag til jobb. Så stoda har jo endra seg.

3. oktober 2005

Stormen uler som verst. Eg har pakka meg inn i dobbel jakke, utstyrt med regnbukse og fjellsko. Dei vanlege skoa har eg i sekken. Det er heilt svart ute. Trør lett ut. Blir fort våt. Det er kaldt, men herleg friskt. Traskar nedover.

Vatnet heng fast i skoen då eg løfter han frå bakken, men forsvinn med bevegelsen fram åt eit nytt steg. Eg forflytter heile tida vatn foran meg på denne måten. Skjerfet er alt for stort. Det er digert. Mamma sitt. Eg kjøpte det til ho på H&M. Ei julegåve. Eg mister alle luer/skjerf eg eig. Vonar ikkje eg mister andre sine ting like ofte, hum.

Bussen kjem opp av undergangen Nokas-ranarane køyrde gjennom. Nokon av dei iallfall, eg gjekk jo gjennom den andre. Spurde sjåføren om det var siviltenesterabatt. Det var det ikkje. Såg etter kjende. Ingen. Jo, Marita såg eg. Men akk, det er ikkje kjend nok. Tok opp boka mi og starta lese dryppande blaut. «Ambulanse» av Johan Harstad. Mange kjensleladde noveller.

Då eg tok ein rask titt opp frå boka fann eg meg nokre meter forbi den busstoppen eg eigentleg skulle av på. Måtte gå av neste. Jogga til 8-bussen. Det sto ein lang kø utanfor. Gjekk seint. Sto i regnet og såg ikkje vitsen med å pressa meg på. Alle kjem jo på, tenkte eg. Bussjåføren ropte at folk måtte gå lengre bak. Hm. Me var framleis ein del menneskje utanfor bussen, men det hadde stoppa seg til inni. Motvillig gjekk nokon lengre bak.

Eg sto no heilt sist. Framleis utanfor bussen, men eg stakk hovudet inn. Sjåføren klaga på passasjerane igjen. Dei rørte seg ikkje. Dei sto stille! Går det ann!? Eg blei heilt frå meg. Korleis kan folk vere så, ehm, teite og. Kjenslelause. Og. Vonde? Ikkje minst teite då. Det var heilt stille i bussen. Heilt stille. Eg sto jo ikkje inne i bussen, men eg høyrde det jo. Kjende kjensla. Det var tabu å snakke i bussen. Tabu å stikke seg ut i det overfylde rommet.

Men eg kunne ikkje halde meg. Eg måtte bryte normen. Måtte seie kva eg meinte. «Kan dåkkår flytta dåkkår bagøve!?». Då flytta dei seg. Faktisk. Når eg liksom hadde dumma meg ut slik (eg kjende ingenting, sjølv om eg kjenner bussreglane; ingen snakking – i slike situasjonar drit eg plent i den sanninga).

Eg kom meg såvidt inn i bussen. Eg sto rett med døra. Regnet slo mot frontruta. Det var utruleg moro å sjå ut. Spanande. Eg fekk litt meir plass då nokon gjekk. Endå ein fyr gjekk av bussen, han eg sto ved sidan av trengte seg forbi meg – skubba hardt til meg. Skulle vel ha plassen, eller koma lengre inn i bussen. Eg såg på han, slik: «Eh, javel kamerat?».

Det blei ein ledig plass, eg visste jo at fyren veldig gjerne ville ha denne plassen – så eg nikka til han då han berre sto å såg på meg. «Tak plassen», på ein måte. Eg sa han berre måtte taka plassen, men han sa «Nei, eg går snart av» med eit lite smil. Eg blei sitjande vedsidan av ei søt jente og kjende høgre halvdel av meg bli varm. Eg smilte lett og tenkte;

Sjølv om buss er noko dritt – så kan menneskja på han vera interessante nok.

Kva kallar ein slike?

Folk som går åleine (eller berre trur?) langs stien rundt mosvatnet. Trur dei kan syngja sånn ca OK-greit og gjer det av full røst. MP3-spelaren sitt volum pressa mot topp. Syng så dei såvidt høyrer seg sjølve, forstår kanskje ikkje at det eigentleg er utruleg høgt. Ei liding for området rundt. Trur vel dei er åleine slike folk. Slike folk som meg.

Det er frigjerande då. Å gå der gjennom skogen, litt halvparanoid og sjå bak seg i pausane mellom «Westlife – Fool Again» og «Fountains of Wayne – Stacys mom». Å prøva seg på avansert stemmekontroll på fyrstnemde song, – sjølv om ein ikkje høyrer anna enn songen sjølv. Det er pirrande. Det synest eg. Rett pirrande. Blir heile tida litt tøffare. Då eg går ut av bussen er det rett før eg våger meg på ein «God kveld, takk for turen!» til bussjåføren etter ein stille halvtime bak. Eg turde ikkje det i kveld, – han såg ikkje min veg, så. Likevel kjem hodetelefonane på rundt mosikken, – og eg startar så vidt å syngja lavt.

Eg kjenner jo stemmebåndet dirra, – det er herlegare å pressa meir kraft på det. Gjer sjølvsagt det. Gradvis. Er moro det der. Berre eg får våga meg uti noko slikt gradvis er det ikkje noko problem. Blir tøffare og tøffare. Trur eg iallfall. Til slutt ser eg nesten ikkje bak meg lengre, men syng i veg så godt eg kan. Det er jo så moro. Så uendeleg moro.

Men kvifor er me så redd for slikt? Kvifor er eg redd for slikt? Det er jo så dumt. Ja, – eg må ikkje plaga folk. Må vera snill gut. Men kjenner at det ikkje er heile grunnen. Det er mange gongar eg ikkje hadde plaga folk om eg hadde synge, dei går raskt forbi lell. Men kvifor er det ikkje heilt lett for ein gut som meg? Off, eg bør leggja meg – ikkje start på slikt!

Eg kjenner det kan ha noko med å ikkje bli støtt ut som ein galning å gjera. Men det hadde no hjulpe meg i mitt mål om å bli mindre sjølvopptake. Med mindre tankar for meg sjølv har eg meir plass til andre. Men igjen er jo det eit egostisk (om enn «smart egoistisk») mål, sidan eg igjen blir glad av å prioritera andre og deira lukke. Men så har jo eg ei lang veg å gå til Altruisme då. Eigentleg berre viktig at eg tenkjer litt i slike banar, om ikkje står eg fast og forbedrer meg ei.

Øhm. Eg falt av emnet. – Då eg kom heim las eg Motmæle, medlemsbladet til NMU. Eg har eigentleg aldri tenkt stort over det før, men eg må seia eg synest det er utruleg bra! Eg blei rett sagt imponert over mykje av det som sto der. Morosamt og humoristisk er det òg. Elles lærer eg jo nynorsk medan eg les, at nynorsken min treng jamleg ettersyn og ferske ord er inga løyndom.

Hm. Er eg redd for å vera annleis? Det kan eg då ikkje tru. Hm. Eg vil vera meg (blabla, sett inn high school amerikansk drama om sjølvransaking i tenåra). Og eg vil syngja. Syngja høgt. Det er moro. Og eg bør leggja meg. Elles var dette ei heller teit oppdatering av sida mi. Men oppdatering lell. Takk og farvell.

NB: Kjempemoro dag i dag forresten, – men er dei ikkje alle (nesten)!? :D

Eg er visst «Straight Edge»

Stundom då eg har fortalt folk at, nei, eg røykar ikkje, nei, eg drikk ikkje og, ja, eg sit ikkje heime av den grunn, seier somme av dei «Kult, er du straight edge?». Då har eg sat opp eit umiskjenneleg utrykk som viser mi utrulege fåvit om saka. No veit eg kva det er, etter ei vitjing i diverse leksika1, og, ja, – eg har grunntrekka til å kallast «Straight Edge».

Tek heller ikkje dop og slikt. Eg nyt å kunna ha kontroll nok over kroppen min til å kjenna lukke utan eksterne stoffar. Nokre Straight Edge-arar er vegetarianarar (det klårar ikkje eg, men har respekt for dei – det er flott), andre drikk ikkje kaffi. Eg drikk masse kaffi når eg har masse kake. Det er altså av di eg elskar kake og kaffi (ahhh… Kaaaffi, kaaakaaaa… :D); ikkje av di eg nødvendigvis treng noko koffein. Det er nok eit større placebo enn noko anna, menmen. For å vera heilt ærleg kjenner eg aldri nokon anna forskjell enn vondt i magen når eg har drikke masse kaffi.

X

Kvifor eg ikkje drikk er eit innlegg eg har hatt som kladd lengje. Eg veit godt kvifor sjølv, men eg har ikkje vore i humør til å leggja det ut. Det blir så mykje kverulering, dessutan veit eg at somme ikkje vil forstå. Så blir dei sinte og forbannar meg. Ein del av Straight Edge-miljøet er X-ane dei brukar. Dette har sitt utspring i dei sprittusjteikna X-ane mindreårige som er på konsert får på handa for å visa bartendarane at dei ikkje får kjøpa alkohol.

Straight Edge-arane teikna slike svarte X-ar på seg sjølv då dei var på konsert for å visa motstanden deira. Utruleg kult faktisk, det vil eg gjera neste gong. Nokon Straight Edge-arar har faktisk tatovert dette krysset inn i handa. Dèt er respekt, og eg synast det er dritkult. Sjølv om levemåten eigentleg er kring avholdenheit frå dopbruk til forlysting, røyk og alkohol så er mange ganske sosialistiske i tankegangen. Men er òg andre (mindre) deler av «sXe» eg ikkje vil vera forbindt med…

Punk, slossing og skit

Straight Edge kjem eigentleg frå punk-miljøet. Der nokon hadde sett seg lei på all missbruken og kortsyntheiten. sXe-arar er ofte positive snille menneskje. Men det er ein grein som er valdelege og slemme. Dei likar å denge kvarandre på fest og er teite. Dei likar eg ikkje, vil ikkje bli samanfatta. Eigentleg er det ikkje del av sXe, men dei fylgjer grunnprinsippa, så. Forresten er jo ikkje naturvern og anna del av sXe, men er typisk for sXe-arar (det blei berre stress å skriva Straight Edge heile tida :P).

Fotnotar

1 Ok, berre Wikipedia då, men kven treng anna? Utdrag frå Wikipedia:

Straight edge, eller sXe, er en livsstil hovedsaklig for ungdom, med røtter i amerikansk punk- og hardcoremusikk. Hovedelementene i straight edge er avhold fra rusmidler som alkohol, tobakk og narkotika og fra promiskuøs seksuell adferd. For mange er det også viktig å fremme en generelt positiv livsholdning.

2 Les meir på norsk wikipedia, endå meir informasjon i den engelske artikkelen om sXe.

Badabom; konsert med Vamp!

Brram-tam-tam, ta, dam-tam-tam, drrrr-am-tam-tam, ba-dam-tam-tam. Vel, rytme og musikk fungerer ikkje heilt prima som tekst. Men slik sat eg, tappa og slo på lår og anna eg kunne halda rytmen med. Avanserte rytmer innimellom, ikkje di standard klapperytme. Neidådu. Akk, så moro det er på konsert. Fekk syngja litt òg, sjølv om eg skulle ynskja det var meir. Men… Kvifor tèr ikkje andre seg slik på konsert?

«… klas-ke lååår, klas-ke støvvell…»

Eg blir liksom sitjande åleine der og dansa til musikken med arm, beinar, hovud og andre delar av kroppen. Eg sit og vrir meg til musikken i stolen. Eigentleg vil eg berre kasta meg opp og dansa på det lille flate området ein faktisk har. Slik tèr eg meg ikkje endå. Ikkje endå. Hadde vore jysla løye1 då. Ahh. For ein god dag! Wohoo! Hekkan kor godt eg har det. Hekkan kor flott jobb eg har, – og alt anna rundt det. Ah, som eg elskar å høyra musikken. Kjenna musikken. Vera musikken.

Hihi. Då det er best. Når ein er musikken. Heilt oppslukt. Heilt med. Heilt i rytma. Syng med, nynnar med, fylgjer den duvande bassen med dei djupaste tonane stemmebåndet kan produsera. Ein dyssande til energisk superstreng bygd av rolige tonar og velvære. Ah. Eg veit det er så teit at det er til å spy av. Spy i dei rette høve. Men ikkje dette, ikkje no. No er det berre herleg. Det fell seg naturleg. Eg elskar korleis eg kan kjenne svingningane til instrumenta. Send elektronisk frå mikrofonar gjennom ledningar og forsterka endeleg ut mot høgtalarane. Dei set rommet i svingning, bølgjene forplantar seg ut i rommet. Set seg i hjarta. Rett der. I det klisjéfylde stedet. Akk. Klisjéar. Bryr meg ikkje.

O’ herlige klisjear

Det som normalt gjer så vondt i hjarta. Klisjéane. Sjølve tanken på ein klisjé får meg til å hallvegs krepere. No går eg jo motsett veg. Men så herleg er det. Så herleg og så skjønt at eg kastar hemningar og gjer noko eg normalt aldri ville; missbruka klisjéar offentleg. Når eg sit der og nynnar, høgt og klårt, er det andre hemningar som òg er vekk. Eg treng berre litt oppvarming. Vamp vil at me skal nynna med, men eg høyrer ikkje at nokon rundt meg gjer det. Iallfall ikkje høgt. Stemma mi ligg langt over deira, eg høyrer dei ikkje. Vonar dei gjer det då; dei bør ikkje gå glipp av kjensla. Det er jo berre pur hugnad.

Eg trommer i veg på låra, eg hopper nærast i stolen. Lukker augo. Konsentrerer meg om lydbiletet. Høyrer på dynamikken i det; frå djupaste grunnbass til lyden av negl som treffer gitaren. Subtile lydar. Lyttar etter detaljrikdommen i lyden. Eg leitar etter delane som bygg heilskapen, tek samansetninga frå einannan. Lyttar til kvar del. Så lèt eg det fara. Lèt det gå. No høyrer eg på heilskapen i seg sjølv, fylgjer ikkje eit særskild instrument, men høyrer på alt. Ein motorveg av lyd inn, berre lèt alt koma. Off. Den var spesielt svulstig. Nærast Ari Behn-svulstig. Lysfontener og greier, offameg. Må passa meg.

Men, kva er feil med folk? Eller… meg?

Men kvifor ser eg ikkje andre rundt meg som flyttar hovudet med takta. Kvifor ser eg ikkje andre hender trommande på fanget? Falke er med ser eg, mot slutten – då har det vore oppvarming nok til at eg tek verkeleg av, og Falke blir med. Men. Kor er innlevinga til resten? Kan dei sitja stille, men likevel bli fyld opp av gode kjensler og overlata seg heilt til musikken? Eg veit ikkje. Eg får ikkje same rush-et om eg sit stille. Jodå, kan vera greitt nok det, men kvifor gå for greitt nok om ein kan få ei oppleving på fleire nivå? Når ein heller verkeleg kan kjenna seg godt og ha ei super tid.

Kanskje eg bør akseptera at eg er annleis? Eller kanskje eg berre skal fortsetja å tru at alle dei andre ikkje har forstått korleis konsert-gåing heng saman? Humm. Normalt trur eg jo sjølvsagt at alle andre er rare. Korleis kan dei liksom sitja stille, – likar dei å torturera seg sjølve? Off. Neinei. Eg sang på vegen ut. Har endå godkjensla i kroppen. Ah. Konsert, konsert. Vamp, Vamp. For ein flott dag. Og eg elskar livet mitt.

Takk.

Fotnotar

1 «Jysla» er diverre ikkje del av nynorsk rettskriving, men det er «­løye» ;-)

Æææ! Prostituert!

Køyrde inn, parkerte, gjekk inn. Einaste bil. Eg er åleine heime sidan resten er i Kviteseid. Gjekk på do. DING-DONG. WTF? Kven inni… Kven ringjer liksom på NO!? (23:30). Eg kjende eg blei litt engsteleg, men opna døra…

Æææ! Narkoman! Sto ei dame heilt nedanfor trappa, på plenen. Ho hadde på seg ein kåpe og noko fargerikt, fillete, lettkledde greier under. Tankane raste gjennom hovudet, – ho er narkoman. Ein av desse det har gått snakk om. Ho vil sikkert spørre om pengar eller noko. Hum.

«Er du åleine her?», spurde ho. «Nei», svara eg, normalt så bur eg jo med full familie. «Å, eg berre såg etter nok…», stamma ho lavt fram før ho gjekk. Vil ho RANE meg!? Hadde eg sagt eg hadde vore åleine hadde ho kanskje r… Hum. Det byrja demre. Eg lukka døra og låste. Phew.

Eg var glad eg sa eg ikkje var åleine. Det datt raskt utav meg, – bur eg åleine her liksom? Nei, det gjer eg jo ikkje. Var slik eg tenkte, rett etter kom eg på at eg var jo faktisk åleine nett no, men hadde ikkje særleg lyst å forklåre det akkurat.

Hm. Ho var åleine, såg etter nokon som var åleine. Ho hadde ei kåpe halvopen slik ein kunne sjå dei små (ekle) kleda ho hadde under. Ho såg trøytt og narkoman ut (slik rynkete :( ). ÆÆÆÆÆÆÆ. SKUMMELT! Kvifor gjer folk slik? Skremmer små gutar som er åleine :(

Det er jo ikkje vanskeleg å skaffe seg skikkeleg jobb, – ah, hekkan, tilogmed sosial stønad kan ein leve godt på. Trur eg. Skal prøve ein gong. Nokon som veit kor mykje det er per månad? Aaarh. Kvifor må dei gjere slik med seg sjølv? Og andre? Off. Stakkar jente. Eg skrudde alle ljosa inne av, hadde berre eit lite. Slik kunne eg sjå ut, passe på at det ikkje var skumle folk som hang rundt huset.

Eg må opp 03:20 for å hente Buster (fetter) og Randi (kjærasten hans) på Sola flyplass. Ugh. Men det er trass alt Buster og Randi då, og sidan eg er så kjempeglad i dei og har gode nyhende å kome med så får det gå. Ah, familie. Er stolt over å vere i familie med Buster, stolt over at Randi er kjærasten hans. :D Hihih. Vonar eg ikkje møter den prostituerte igjen då. Uughh. :(