Merkelapp-arkiv: Melding

Moonrise Kingdom

Det burde vera slik at når eg spring frå kinoen til Bitraf for å gje ein film 10 av 10 på IMDB, so burde eg skriva eit ord om nemnde film på nettstaden min. Nett det har eg gjort so langt og held fram med no. So godt har ikkje ein film fått meg ril å føla sidan Brui til Therabithia eller Napoleon Dynamite. Denne er om ikkje enno betre!

Me fær i byrja sjå Susie og familien hennar i deira daglege gjeremål, og forstår fort at dette er noko rart på gang. Vel, me forstår iallfall at dette er ein ganske so spesiell og rar film. På det tidspunktet veit eg ikkje enno at dette er ein totalt suprawsum 1 film, men eg mistenkjer det allereide sterkt. Eg elskar allereie Susie.

Etter fær me sjå speidarleiaren som står opp og til slutt finn ut at Sam er borte. Og for eit fyrverkeri av ein fantastisk film som fylgjer! So innherleg fantastisk morosam, ikkje slapstick, men underfundig. Eg er framleis varm om hjarta. Verkeleg, det er ikkje klisjéfrasen; eg har ein god, kilande og lett kjensle inne i venstre side av brystet. Seriøst.

Kameraføringa, verkemedela og spesialeffektane er elles heilt best. Viss det er lov å skriva. Vel, dei er det om det er lov eller ikkje. Det er slik at eg ynskjer det var film eg dreiv med og eg hadde laga den filmen.

Det einaste fnugget av noko minus eg kan koma med er at han kanhenda kunne vore bittelitt kortare – men skal eg vera heilt ærleg med meg, deg og dykk so er det berre av di eg hadde lyst til å sjå han omatt med ein einaste gong etter eg var ferdig. No når det er fleire titals minutt sidan eg drog frå kinosalen er det gått lengje nok til at eg glatt tek ein da capo.

Hadde eg kunne teke meg råd til slike utskeiingar so skulle eg gjort det allereide i morgon den dag.

Alt i alt: sjå filmen. Og gløym alt eg sa slik at du kan verta overraska som meg.

  1. super awesome for dykk som kan slikt framandspråk []

Vaflar og loppemarknad

Det er vår og det er helg. Sjølvsagt har Helene då drege meg med på loppis.

Det eg plar gjera på loppemarknad er å eta vaflar.

Lilleborg skole

Æææææsj! Det ligg fira mørkebrune og stive vaflar på eit fat. Dette fatet brukar òg alle til å mellombels setja frå seg ting når dei finn fram pengar.

To vaflar vert solgt. Eg gløttar inn på kjøkenet og ser noko vaffelrelatert aktivitet.

Sit meg for å venta på dei nye vaflane. Ventar. Ventar. Og ventar. Nei, ingenting!

Tja, fær like godt berre gå då. Nett då legg dei ut to vaflar til på fatet. Det var jo ein haug ute på kjøkenet!? Kvifor berre desse to?

Eg kjøper ei. Tjue kroner. Verkar veldig dyrt basert på fyrsteinntrykket.

Vaffelen er utruleg stiv, han er kald og tynn. Alt for hardt stekt og med ein ekstrem dose smør. Nei, smør er ikkje bra her. Det gjer vaffelen ekkel og feittete. Og meir brun.

Og kvifor tok dei inn to gamle feil-steikte drittvaflar når dei hadde ferske inne på kjøkenet (sjølv om dei sikkert var feilsteikte dei òg)!?

Ein av dei dårlegaste vaflane eg har smakt. Om ikkje den verste. Det er ikkje dette loppemarked er til for!

Sagene skule

Her kostar dei femten kroner, trass i at dama tok mine 25kr og trudde ho var ferdig med jobben sin. Fekk sjølvsagt tiaren min etter eg jakta ho ned att og fortalte kvar landet låg ;)

Desse vaflane var fyldige og tilogmed litt varme. Langt i frå rett frå jernet slik eg lagar dei, men ein positiv overrasking etter å berre ha sett det triste fatet på bordet.

Vaflane her smakar godt òg. Dessutan, kva er det eg kjenner ein smak av? Jo, kardemomme! Ekstrapoeng! Dei hadde sikkert vore ganske bra dersom dei var rett frå jernet.

Sagene mangla i tillegg rjome (som Lilleborg òg sjølvsagt hadde gløymd). So, godt forsøk: de kan nesten vaflar, de er nesten der!

Smestad skule

Kva med vestkanten då? Dei må no få det til?

Det regnar på vestkanten mot den varme soli på austkanten. Eg tingar to vaflar, dama gjev meg ein firar som ser heilt slapp, sveitt og samanklemd ut, og ein seksar i betre form.

Firaren smakar som han ser ut, fælt. Alt for mykje egg er det òg i han. Det er som å eta ei gummihanske.

Seksaren er kald og har òg vore litt for generøse med eggi, men det ligg ein god vaffel gøymd inni der dersom dei berre ikkje hadde laga dei eit par timar før servering.

Det er tydelegvis forskjellege foreldre som har laga vaflane her. Ei forelder som kan laga røre, og ein som ikkje kan. Smestad klarte altso heller ikkje å levera ferske vaflar.

Desse kosta òg tjue kroner som monsteret frå Lilleborg.

Konklusjon

Det er ikkje vandskeleg å laga vaflar. Loppemarked plar få det rett. Mykje av grunnen til at det er moro å labba etter Helene rundt på alle desse skulane er jo nett det at eg kan trykkja vaflar i trynet utan stort å klaga på. Normalt er det alltid nokon som står til toppkarakter, so eg vart overraska over det låge nivået.

Sagene hadde mykje gåande for seg og var absolutt veldig bra, men ikkje perfekt. Prisen trekk sjølvsagt ikkje ned heller. 15 er fint, 20 er greit. 10 er bra, 25 er for mykje.

Eg er jo ein vaffelhelt sjølv om eg fær segja so. Har steikt mangfaldege liter gratis nynorskvaflar for Studentmållaget i Bergen, godt hjulpe av mitt vaffelsuperstar-team.

Eigentleg må du berre passa på å steika vaflane medan du sel dei. Pluss pass på eggene, ha litt kardemomme i og ha vaffeljern som lagar tjukke vaflar.

På sundagsmarknaden på blå er det ei dame som gjer det heilt perfekt, og då er prislappen på 25 kr leveleg.

Jaja, betre loppis-lukke neste gong!

Såg nett «The social network»

…og det var ein veldig underhaldande film. Det gjer meg ilt i hjarta likevel, av di det minner meg på den videoen eg ville laga som forklarar kvifor det er viktugt at me ikkje hev eit sentralisert sosialt netverk slik som Facebook, men eit distribuert, fritt eit.

Det hev eg no i minst eitt og eit halvt år tenkt på, og eg hev framleis ikkje kasta meg uti det. Folk eg pratar med forstår tankane ganske fort, so brorparten av dei som les bloggen min veit det. Dimed er òg eigentleg mykje av vitsen med å gjera det vekke, likevel so er det eit prosjekt som eg ikkje klarar å la gå. Det skal berre vera ein liten forklaringsvideo, men eg klarar ikkje lata det vera med det, — eg tenkjer eg vil ha med nokre teikningar og animasjonar og og og og… Der stoggar det liksom ;-)

Diaspora kom, og fekk masse mediedekning, og bra var det. Dei kom seint, men dei var unge, i USA (som alle må vera for å gjera noko på internett, verkar det som) og gjorde det heile enkelt å forstå. Det er nett der eg hev mi interesse òg, det må vera enkelt å forstå. Og eg er veldig for at Diaspora ser ut til å nytta so mykje ressursar på å få ting til å sjå fint ut og vera enkelt å bruka. Det er so uendeleg viktugt.

Eg likar likevel ikkje måten dei bygger det på, Ruby passar seg ikkje for eit friprog-prosjekt som du vil spreia rundt for alle vindens vegar. Men-men, eg skriv no friprog i Python og Django eg, so eg er vel ikkje so folkeleg på den fronten akkurat eg heller.

Litt attende til sjølve filmen. I byrjingi er det masse teknisk, det fantastiske er at det er mogleg å sjå på utan å verta flau! For det er korrekt! Og det er herleg at Mark Zuckerberg brukar KDE og Linux, at han fortel oss korleis han hentar ned bileta (eg hev gjort dette sjølv, eg henta ned alle profilane til alle på russ.no då eg var russ, og fekk snart den absolutt mest besøkte profilen på russ.no) – og dei dummar det ikkje ned. Dei hopper yver ein heil del, men det dei segjer er korrekt, og enkelt å få til.

Ahh, berre det å få sitja og sjå vim og emacs og ein heil del andre kjende, herlege program på flotte Linux-skrivebordsmiljø 1 er ein fryd gjennom heile filmen. Men mest i starten.

Same kva, eg vart (er framleis) båe engasjert og litt nedtrykt av filmen. Nedtrykt av di det berre verkar so mykje vandskelegare å koma til og sikra oss eit fritt internett som ikkje held venene gissel; Facebook er so store og mektige, og det er ingen opplagt rute å fylgja for å frigjera alle som vert haldne der.

Men på den andre sida so er det jo ekstremt enkelt, eg meiner, eg likar Facebook so godt grunna den veldig gode biletefunksjonaliteten. Eg veit det er difor mamma elskar Facebook. Det er eit par enkle, små funksjonar som er viktuge. Bileta kopla til det sosiale, at andre lett kann sjå det, og at det kann delast og spreiast og kommenterast. Det er ikkje avanserte greier. Mykje vandskelegare å gjera distribuert, men å laga det i ein silo som Facebook gjer er barnemat.

Det er menneska som er på Facebook som gjer det til det det er, at det er umogleg å ikkje vera på grunna den altomfattande, ekstreme tyngda det fær grunna det.

Det er jo det me er interesserte i, andre menneskje.

  1. Lurer på kvifor eg ikkje såg noko Gnome då. Ingen som brukar Gnome? Finn eg litt sært, menmen… []

Eit draumspel, med Immaturus på Kvarteret

Jøss, det var ei yverrasking. Her kjem eg og ventar skuleteater av verste sort, og so er det noko heilt anna.

Det står i heftet:

Kven er eg, kven er du? Er vi her, eller ein annan stad? Vi er tilstade, men i høve til kva? Er vi fri, finst det fridom? Er vi i fanganskap som i ei gjentaking? Eller er alt berre ord? Kva er eit ord? Finst vi i det heile tatt, eller er alt berre ei blanding av draum, røyndom og dikt?

Fyrst, fantastisk at det er på nynorsk! Alle skrivefeili (3) 1 er diverre tilstades i den faktiske teksten, men det er likevel færre feil per setning enn det eg hadde for få år sidan.

Same kva! Det er ikkje hovudpoenget med utdraget. Eg vonar du ser det like godt som eg. Det er vandskeleg å ikkje sjå det.

Strindberg. Eit draumspel. Metameining, symbolisme, realisme, draum, ikkje draum, kva er? Kva er ikkje? Suggererande! LJOSFONTENE!

Uhm. Jaaa. Saaaant… Akkurat.

Dette las eg i Studvest sin Strindberg i ny drakt:

Enkelte indirekte stemningsskapende replikker har vi eksempelvis byttet ut med lyd og lys. Deler av tekstdramaturgien er omgjort til visuell dramaturgi. Likevel har vi hele tiden prøvd å beholde det ulogiske og drømmeaktige i stykket, forteller Malvik.

Skrekkfullt. Eller, eigentleg ikkje. For mykje tekst, for mange replikkar vert veldig fort ukult i feil hender. Men motsett veg er òg skrekkeleg: «Hey! La oss laga eit modernistisk Et dukkehjem der alt berre er dans og ljos og wohoo, og so tek me vekk alt som er forståeleg for då er me kunstnariske!!!».

Stykket til Strindberg høyrast eigentleg skrekkfullt ut. Det høyrast ut som eit slikt flugelimband som trekk til seg stykke av sørgjeleg dårleg kvalitet, trass i kva teksten eigentleg kann vera. Som Jon Fosse.

Fosse skriv stykke som kann setjast bra opp, men omtrent ingen gjer det 2. Dei skal absolutt visa kor smarte dei er ved å gjera det til ei uoppnåeleg høgkultur; sjå ut i salen med blanke augo, framfør replikkane som um du leiker teater og kei publikum til dei sovnar. Sjølv um Fosse ikkje skriv ut meiningi svart på kvitt, tyder ikkje det at ho ikkje finst! Du skal finna den meiningi som regissør og få han ut til publikum. Å gjera halve jobben, er ein jobb ikkje gjort.

Eg gjeng ikkje på teater for å sjå på folk som leiker teater, eg gjeng for å verta rørt, underhaldt og engasjert.

Skuleteater, skuleteater, skuleteater. Det skrik skuleteater. Lag på lag av sokalla «meinig», som er totalt meiningslaus. Sjølv um det hev gav meining for regissøren midt i hasjtåka under LSD-rusen, tyder ikkje det at det er bra teater berre av di det er «annleis», innvikla og uforståeleg. Uforståeleg er ikkje synonymt med mystisk, bra og høgkultur, det er synonymt med tullete, elendig og verst av alt; SKULETEATER.

So etter den alt for lange introen (orsak), kjem me til «Eit draumspel», framførd av Immaturus:

Dette stykket er ikkje slik!

Det er faktisk særs bra! Yverraskande so, ikkje berre av di eg hadde so mongolåge forventningar, men sjølv med eit opent sinn.

Toppen av teksten her skulle jo tru at dette heng saman med det faktiske stykket. Det er likevel berre forventningane mine til det, og det som er so fantastisk med dette stykket er at dei fær fram meiningi so utruleg godt. Greitt nok, det kann vera, og ER ekstra lag lengre nede, men det er nett det; ekstra lag, ting du kann tenkja på når du kjem heim. Men dei gav oss (publikum) noko å sjå på medan me var der òg. Det var moro, og interessant.

Eg er forresten òg imponert yver kvaliteten på produksjonen. Eg visste aldri at Immaturus hadde so peiling. Ville trudd dei gjekk meir i Nationaltheatret-tradisjon (dårleg), enn Rogaland Teater og Det Norske Teatret sine spor (bra teater).

Rogaland barneteater hev gjeve meg upplæring som gjer at eg veit kva eg skal sjå etter, og eg såg ein del slike typiske feil, men dei var ikkje graverande. Det som er veldig typisk er at folk speler hardt og høgt for å vera skremmande/engasjerte osb, og so speler dei på same tidi all mogleg endring og «vekst» ut. På den måten at dei ikkje kann yverraska oss lengre. Det er betre å halda ein del av det inne, og heller ha ei endring, ei oppbygging.

1. månad seinare

Same kva, no hev dette innlegget ligge alt for lengje inne som eit utkast av di eg hev vore redd for å såra nokon. Det er altso ikkje hensikten min, eg hadde det kjempemoro på stykket og eg gler meg til å sjå Katt på heitt blikktak (som eg hev sett eit par andre oppsetjingar av, aldri vore særleg imponert) no dei neste dagane.

Dessutan hev eg ikkje lese andre meldingar av eit draumspel av di eg skulle få ut min eigen tekst fyrst (som eg skreiv same dagen eg såg det, akkurat ein månad sidan i dag(!)).

So, her gjeng «publiser»-knappen.

  1. Vel, den eine er ikkje ein skrivefeil i seg sjølv, men ekstremt dårleg ordlegging, som er verre enn skrivefeil. []
  2. Basert på mitt litt vel knappe datagrunnlag, orsak. []

Nesten normal (Next to normal) og utruleg keisamt

Nei, dette var ei gymprøve i uthalding. Tunge greier. Eit godstog av nesten lik musikk i ein aldrisluttande loop. Det sluttar aldri, det er likt, det er banalt, enkelt og utruleg upplagt. Dette er nesten normal.

Ok, for å ikkje starta med total slakt; songane var godt oversett og med god tekst. Dessutan var det ikkje like gale som Which witch. Charlotte Frogner er jo like flott som alltid, ho er sers flink, Helene si forelsking er ikkje vandskeleg å forstå der. Thomas Bye er òg ein skodespelar eg set stor pris på og likar veldig godt. Men so byrjar det å stoppa. …

Slapp regi, einsformig musikk og forutsigbar historie. Ein heil del repetering og tvilsame forsøk på å spela på kjensler. Eg vart bra provosert då eg såg dei råbillege triksi fungerte på sidejenta som sat og snufsa. Det er so mykje ekstremt bra teater som rører deg langt inn i beinmargen («Tape» på rogaland teater), og då vert det so leit å tru at slike undermåls teaterstykke er representative for, … ja, gode teaterstykke.

Det heile starta eigentleg godt og lovande, det var jo trass fyrste gongen me høyrde musikken. Han var bra, god ljod i bandet på toppen av scena. God scenografi var det òg. Iallfall den fyrste halvdelen; etter det hadde alt vorte so einsformig og keisamt at einkvar vesle nykreative vri i scenografien, ljosettingi, eller andre plassar hadde vorte sett stor pris på. Diverre var det lite av det, alt me vart servert var ymse flåsete utsegn, vonde klisjear som til nokon si forteneste var litt innpakka slik at eg til nauds overlevde.

Som um det ikkje var nok at musikken var like flat og fjellaus som austlandet der stykket er sett upp, hadde dei valt same form på stykket i heilskap. Her var ingen fjell og dalar, nei, her var digre, flate kornåkre verdig ein bokmålsskrivande stordriftsbonde 1. Snork. Vel, det var ikkje heilt gale, dei var ikkje i ein djup dal heile tidi, men låg på eit mellomintenst nivå heile tidi. Problemet er jo at det er dørgande keisamt. Sjølv på barneskulen vert me prakka på denne spaningskurva som var so absolutt fråverande i dette her stykket.

I slutten skjedde det som ikkje burde skje; den hekkans Frank Kjosås-fanklubben reiste seg sørenmeg. Og etter kom 60-åringane, som praktisk talt tyder resten av salen. Og der stod dei og klappa, og alle andre føler dei må stå berre fordi desse hormonelle jentungene i sine fantastisk usmakelege Comic Sans-infiserte «Frank Kjosås fanklubb»-gensrar absolutt skulle stå for helten sin. Sånn litt av tema; dei er jo greie og søte nok dei, småjentene, men designsans og -smak kann ingen skulda dei for å ha.

Same kva. Alle følte dei måtte reisa seg, men eg neittar som vanleg med mindre eg tykkjer stykket er bra og eg står inne for det. Eg er jo ofte då òg personen som startar klappen, held det gåane og fær folk til å reisa seg. Greitt nok, kannhenda det fantest folk som tykte stykka eg hev reist meg på var halvgode og ikkje noko spesielt, men, vel 1) eg trur ikkje det, og 2) i so fall so hev vel dei skrive um det i sin blogg, og det er jo vel og bra. Men altso her, nei, då vart eg sitjande mellom alle, og kjende meg som ein idiot, slik du normalt gjer når du sit medan resten står, men eg må jo halda på integriteten min.

I oppsummering vil eg _igjen_ trekkja fram at dette ikkje er noko dårleg stykke, det er berre ikkje særleg bra. Det er heilt greitt. Heilt greitt, heilt normalt, heilt flatt, ganske keisamt. Eg forventar ikkje Rogaland Teater-kvalitet på alt Det Norske Teatret gjer, men eg ventar no ei viss kvalitet. Her hev dei levert noko på line med dei fleste stykka eg hev sett på national theatret, og det er som de alle bør vita, _ikkje_ stykke du vil verta i same bås som 2

So, samanfatta tilråing i tvo ord; spar deg.

  1. det finst sjølvsagt mange nynorskskrivande bønder på austlandet, men veddar på at nynorskingane sine åkrar er båe meir interessante og frodige enn dei tilsvarande for bokmålingane []
  2. vel, eg såg eit fantastisk bra stykke med Jo Strømgren-kompani på National Theatret, men dei leigde jo berre stykket inn – so det tels jo eigentleg ikkje. []

Blodig alvor på national theatret

So var eg og Helene i Oslo att, ein elder annan gong. Litt lengje sidan no, men tenkte likevel eg skulle skriva nokre korte ord um vitjingi vår til Nationaltheateret.

Eg hev vore der fyrr, sett eit fossestykke, som var heilt elendig sett upp (Skuggar). Skuleteater kallar eg det. Fullt av «meining» som ikkje er der og tåkete prat. Fossestykke som vert sett upp som rein hard realisme vert dritbra, fyren skriv jo eigentleg utruleg realistisk berre du brukar teksten korrekt. Eg hev spelt i eit fossestykke sjølv som hadde to fantastiske regissørar som fekk augo mine upp for korleis fosse kann lesast/spelast.

Same kva, det var forventningane mine. Låge. Åvel, eg såg òg et Jo Strømgrens Kompani-stykke på Nationaltheatret. Dei kallar seg ei dansegruppe, ikkje vert skræmd av det slik eg vart fyrste gong, det er EKSTREMT bra greidor. So eg hev gode erfaringar derifrå òg.

Blodig alvor er ein komedie regissert av Kjetil Bang-Hansen. Eg fann det ikkje so veldig moro diverre. Dette teateret når diverre ikkje Det Norske Teatret og Rogaland Teater til knei. Eg er for å ha so mange bra teater som mogleg, men National ser ikkje ut til å få det til.

Eg vert ikkje engasjert i det. Heile greia var OK underhaldande, men, vel, studentrevyane fær det betre til. Helene var ikkje stort imponert helder og sa me fekk halda fram å vera faste Det Norske Teatret-gjestar.

Det var forresten eitt morosamt punkt, – noko gjekk gale (masse barneleik kom ut på høgtalarane) og dei stogga stykket og gjorde ein god del av stykket umatt. Då skodespelarane stod på scena og slo eigne vitsar lo eg godt saman med resten av salen. Det var skikkeleg morosamt! Det er kannhenda litt enklare å slå slike metavitsar, men det segjer noko at det ikkje hadde vore ei slik latterkule fyrr me gjekk ut av stykket. Forresten, dette var ei prøveforestilling fyrr generalprøven.

Men tydelegvis andre som likte stykket, Nadia (ho frå TV2) sat rett ved sidan av oss, sønen hennar elska stykket tydelegvis – lo masse.

Kick-ass!!1

Eg og Helene såg nett Kick-ass på kino. Er det ein film som fortener det namnet so er det denne! Å i salte banan-kasse kor moro eg hadde det. Det var latter og innleving i filmen det!

Eg skal ikkje skriva eit lengre innlegg som eg kannhenda eigentleg hev lyst til, for me hev gjestar dei prøver sova men eg måtte i det minste gje litt kreditt til denne skittøffe filmen. Aiaiai.

Ikkje noko underfundig akkurat, ingenting revolusjonerande på nokon måte, men berre rein skjær underhaldning. Ekstremgod underhaldning for det. Eg kjende det nesten som um eg vart kameratar med dei i salen, so mykje koste me oss.

Og ei 11 år gamal jente som plafrar ned folk til høg diggbar musikk? Ubetaleleg.

No er det diverre leggjetid, sjølv um eg helst vil springja ut og vera KICKASS sjølv! :D

Ah, og ein ting til, du må truleg lika Quentin Tarantino for å lika denne. Viss du gjer, kos deg med filmen ;)

Ahh, og ein siste ting; i morgon legg eg ut noko anna ekte kickass/råstilig/utruleg som skjedde med meg sist onsdag. Slik apropos. Deilig…

Kjærleiken overraskar igjen på Det Norske Teatret

So såg eg og Helene dette stykket med den ganske so keisame tittelen, og ikkje so alt for yvertydande materiellet. Eg vart positivt yverraska.

Dette innlegget var eigentleg berre ei diger avsporing midt inne i førre innlegg um libris på nynorsk som eg valde å skilja ut.

Litt morosam fakta: Kirsti Stubø spelte i stykket – ho spelte tanta mi i «Lille Eyolf» og er ei av dei eg hugsar best frå mine 13 år på Rogaland Teater. Ironisk nok iom. at ho berre var i det stykket. Eg tenkjer plutseleg på ho når eg kjenner lukta av parfyma hennar. Det er verkeleg heilt ekstremt, kjenner eg den lukta (eg anar ikkje kva det er, elder ofte kven som hev han på) so ser eg rundt etter ho. Ganske morosamt. Det fær meg i eit godt sentimentalt humør der eg tenkjer på Rogaland Teater, Lille Eyolf og allslags andre gode minne frå teatertidi mi.

Det sat ei gamal, herleg dame framfor oss. I pausen kom me i prat.
«Eg overhøyrde eit par ute i dokøen som synast det var keisamt og trøytt, eg kan ikkje forstå det,» sa ho til venene sine, fyrr ho snudde seg bak til meg;
«Eg høyrde du sat bak der og humra med»
«Ja, er eit humrestykke dette her. Lågmælt og litt sært. Må forstå humoren,» svara eg.
«Sant. Eg tykkjer det er særs morosamt».

Der var stykket ferdig. Det var ganske so morosamt. Eit humrestykke. Applausen var ekstra moro; alle skodespelerane blenka som tende ljos og smilte som få andre. Eg trur faktisk me var eit godt publikum i dag, humringa og latteren sat laust, mykje energi.

Dei som hev vore på teaterstykke fleire dagar etter kvarandre elder spelt teater veit at energien til publikum og dei på scenen heng tett saman og påverkar kvarandre. Det er ofte ein positiv spiral med godt publikum; dei forestillingane vert ofte råbra.

Slik smilte dei altso her, eg kann jo godt tenkja og vona dei smiler slik kvar gong, men eg trur dei varr glade av oss. Helene fortalte meg òg at dette var siste forestilling so kannhenda dei gjorde noko nytt på scenen i dag, elder dei hadde kjende i salen, elder berre var glade for å vera ferdige. :-)

;libris i Oslo

;libris 1 Grensen er ein ny bokbutikk i Oslo. Eg ville skriva at dei hadde «snart opnar me»-skiltet sitt på nynorsk, men fekk aldri gjort det (som dei fleste idèane mine). Eg var litt usikker på um det var nynorsk i byrja (for alt utanum eitt ord (opning) var språknøytralt), men fann ut at det måtte vera det.

Men i dag då eg og Helene spaserte upp mot Det Norske Teatret for å sjå «Kjærleiken overraskar igjen» (ja, det høyrast keisamt ut) tok me oss ein tur inn.

Gu» for ein flott plass! Stor og fin, tri etasjar laga på ein særs innbjodande, open måte og med eigen kafè (med k ;-) ). Tridje etasje er barneavdeling, med dissar (evt. huskar) og kosedir. Vegen upp doblar som sitjeplass (typ gresk amfi, nesten) og det heile er som tidlegare sagt veldig fint.

Det kjenst som um eg skriv ei bokhandel-melding – ein sjanger eg må segja eg ikkje hev skrive so alt for mange innlegg i.

På veg upp stogga med framfyre ein av desse hyggelege tilrådingslappane frå personalet – og var ikkje den lappen på klingane nynorsk! So fantastisk herleg. Teksten um ­«opning» var altso nynorsk slik eg våga satsa på (biletet er ikkje av teksten me såg 2, eg finn ikkje bileta eg tok).

Uppe i barneavdelingi las eg gjennom fyrste kapittel av «Tonje Glimmerdal». Ei søt jenta spurde Helene um me trong hjelp. Ho hadde eit herleg målføre og Helene var freidig nok til å spyrja um ho var jenta bak nynorsken i butikken. Det måtte ho innrømma, stadig usikker på um me meinte det ein positiv elder negativ ting. Ho fann fort nok ut at me var positive då me roste ho so mykje det lot seg gjera utan at det heile vart kleint elder rart.

«Ja, såg det uti gata her fyrr de opna – utruleg kult. Eg hev prata med eit par andre som òg la merke til det,» sa eg. Ho hadde tydelegvis ikkje fengje for mange positive kommentarar på det fyrr.
«Hehe, hyggeleg, dei fleste trur det er ei feilskriving.»

Godt å kunna rosa slike modige og hyggelege menneskje – eg vonar fleire stikk innum butikken og gjer noko liknande dersom det høver seg slik. Same til kven eigentleg – so lengje personalet fær vita at det er ein styrke å ikkje berre ha alt på bokmål. Det er ein heil del folk som set pris på slik, og i tillegg vert butikken meir personleg og «ekte».

  1. Eg skriv framleis ex;libris eg, men hadde problem med å finna netsida deira slik. Hev vel endra namn. []
  2. Eg søkte etter bilete av det på netet, og fann innlegget varmande nynorsk i ein grå hovudstad, fantastisk herleg å sjå! Òg moro at denne anonyme personen gjer seg uanonym ved å lenkje til Ida, Mariell og Vebjørn sine bloggar i tillegg til nynorsk.no og målungdomsnetsidene (må få upp dei nye…). Heile bloggen honoms såg eigentleg veldig kjekk og koseleg ut (trass i at han er på ukule blogg.no). []