Merkelapp-arkiv: Metatekst

«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

Puslespel, manglar eit par brikker

Som detaljlesande lesarar av sida mi hev funne ut (alle tvo), so sit eg mykje inne for dagane. I dag er det måndag, sist gong eg var skikkeleg ute (som ikkje var butikktur) var torsdag. Rett nok ikkje like gale som då eg var sjuk[1], men no hev eg verkeleg ingen grunn til å ikkje gå ut. Anna enn at eg ikkje klarar dra meg upp av stolen.

Rett nok hev eg keia meg mykje dei siste dagane, men i dag var det annleis. Og nett difor hev eg tenkt å fylla bloggen min med endå meir ikkje-interessant informasjon som eg må lida meg gjennom når eg i ein alder av 39,5 fær midtlivskrise og finn ut at eg skal lesa alt det eg hev skrive til meg sjølv gjennom alle desse åri. Kannhenda like greitt å få vita at dagleglivet mitt eigentleg ikkje var noko særleg meir interessant den gong då som no (i 2027, altso).

So er det kannhenda ein annan grunn til at eg uppdaterer bloggen min nett i dag då. Kva kann det vera? Jo, det hev truleg tvo grunner;

  1. Eg fekk nett høyra at eg hev vore flink å uppdatera netsida mi i det siste. Det manar jo sjølvsagt fram til meir. Kvantitet er ikkje det same som kvalitet. Noko dei kjølege i innspelsfelteti mine viser; mange av dei siste postane hev få til ingen innspel.

  2. Eg fekk òg fylgjande innspel frå pappa for litt sidan:

    Odin… Det hadde vore kjekkt å få nokre oppdateringar så me veit korleis det går med deg. Her i Spania føler me oss langt vekke frå deg…

So hev eg no uppdatert trass i at det hev vore lite å segja (som viser att i totalt fråverande innspelsmengde).

Og det held fram, endå meir sjangerkorrekt enn sist:

Middag

I dag åt eg lauksuppa. Eva lagde. Ros til Eva.

Vitjing

Mariell og Jostein kom på vitjing. Kos. Me drog upp på loftet der eg aldri hev vore. Eg fann ein diger stabel med tingi mine der uppe, Helene hev bori[2] alt upp. Ros til Mariell, Jostein og Helene.

Puslespel

Janne-Kristin hev kaupt puslespel og fann det for godt å setja eg og Eva i aktivitet. So me hev pusla heile kvelden. Ros til Janne-Kristin.

Frametter

Fylg med, og vert ein av dei fyrste til å vita kva eg et til middag i morgon!

Tenkjer det burde læra JK å uppmuntra meg til meir blogging.

Heh, nei, eg berre tuller. Simon nemnde nett middagsblogging[3], og eg hev hatt lyst til å gjera det sidan den gong. ;-)

Notar

  1. Eg skreiv aldri um då eg var sjuk, trass i at eg var 5-6 døgn inne (utan so mykje som ein butikktur!) og vart ganske gal av det.
  2. Det var noko gale med dokpro-ordboki, so eg skreiv «hev bert». Fann ut av det ved å installera ordbanken lokalt på maskini, so «bori» er korrekt for «bera».
  3. Middagsblogging er uinteressant blogging. Type «kva gjorde eg i dag», der «i dag» er ein … mindre spesiell dag

Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Forresten hev eg skrive noko liknande som dette fyrr. Av ein eller annan grunn kjenner eg for å seia det på ny (dumme meg).

Kvifor so lite teknisk/nerdete?

Kva eg skal skriva um er noko eg tenkjer mykje på. Dei fyrste 4 åri av netsida mi hev eg styrt unna for tekniske og nerdete emne. Eg lurer litt på kvifor eg gjer det no. Det er vel eit ynskje um å vera noko meir varig. Hmm. Eller, eg vil halda sida mi ganske rein. Likevel trur eg den største grunnen er leserane mine:

Då eg starta netsida, las ingen ho. So etter litt byrja pappa lesa ho, Tor Eirik og gjengen kom etterpå. Eg fekk stadig vita um fleire vener som las ho. Ingen av disse var so interesserte i det eg er interessert i. Vel, kann henda Egil og Jørgen, men det er langt i frå nok til å halda ei sida. Ein annan ting, kvifor skal eg skriva um noko so ekstremt mange andre skriv um? Ingen skriv um mitt liv og kva eg tenkjer på, men folk skriv um kva som skjer i Linux-verdi heile tidi. Eg tenkjer eigentleg berre kjentfolk les netsida mi; og eg brukar det sjølv som ein, ja, dagbok. Eg synest det er kjempemoro å lesa gamle innlegg frå Oxford. Mykje eg hev gløymd ligg att der. Eg vil fortsetja med å skriva slik. Det er ikkje serleg interessant å lesa um tips og triks til Gimp då; det må i so fall verta skild ut til ei eiga side.

Kva prøver eg skriva til sida?

Det er utruleg ofte eg hev lyst å skriva noko, men so tenkjer eg det ikkje passar inn – so vert det ingenting ut av det. Slike metainnlegg som dette er noko eg ikkje likar, og prøver å halda små i mengda. Eg vil so gjerne skriva noko bra når eg fyrst gjer det, difor vert dei fleste innleggi slutta allereie fyrr eg hev starta på dei. Innlegg som dette (ikkje korrekturlese eller gjort enkelt å lesa) er dei verste; diverre hev det vorte fleire av dei. Iallfall mentalt. Eg er sikker på at ein finn like mykje elendig um ein ser bak i arkivet, men nett no tenkjer eg at det er verre enn det hev vore fyrr. :p

Eg skriv t.d. ikkje um Amie Street eller andre kule ting eg driv med. Eg prøver å halda innhaldet utanfor netet.

Men kvifor meinte pappa eg skreiv so teknisk no?

Eg hev skrive ein del um PING og kva me gjer der. Eg skriv nok gjerne litt meir teknisk/nerdete no, av di folki eg heng rundt er interessert i det. Miljøet eg heng i når eg er i Oslo er ei data-miljø. Dei eg kjenner er genuint interesserte og me hev mange gode samtalar um det. So når eg ser at andre forstår og er interessert i slike ting so vert det meir «vanleg» inne i hovudet mitt, og so puttar eg det ut på netsida mi. Det er jo ein so naturleg del av livet mitt – og det skriv eg jo um. Alt er ikkje lengre i hovudet mitt; sidan det er «normalt» so hev eg ikkje noko problem um å skriva um det.

Heile skrivingi gjeng i perioder, som alle sikkert kjenner til sjølv. Nokre gonger skriv eg masse slikt piss som dette, andre gonger klarar eg skriva kvart-interessante greier. Nokon gongar er eg ikkje interessert i at folk skal synast det er noko spesielt (som no, dette er tankedump). Andre gongar skriv eg umtrent berre dagbok.

Pappa sa òg at mamma hadde slutta lesa av di det vart keisamt. Eller noko slikt. Det er sikkert sant – eg merkjer det er mindre aktivitet no; det er dei gamle innleggi mine som det stadig kjem folk til. Men det er ikkje so farleg, når livet mitt endrar seg og eg mistar kontakten med folk (eg er flink til det, veldig flink) so fær dei heller gløyma meg litt òg. Er vel naturleg at eg fokuserer innhald på det er driv med no, ikkje det eg hev drive med fyrr. So… alt i alt, eg let det flyta…

Framtidige meta-innlegg

Eg vil skriva eit innlegg um folk som kontaktar meg via (og grunna) netsida seinare. Det er litt morosamt. Elles må eg verkeleg finna ut kvifor eg skriv sida. Kva er grunnen min no? Eg kann seia «berre for å kunna lesa det når eg er gamal», men det er feil. For eg likar at folk les babbelet no òg. Kven vil eg skriva for, og kvifor? Er det berre yverdrive sjølvfokusering? Hmm. Ein viktug ting er at eg likar det då, so det er vel hovudargumentet for å fortsetja å skriva. :-)

Ja. Slutt. No.

Attende til den «kreative» nattskrivingi?

Ofte kjem eg heim på kvelden, ja, det plar faktisk vera natt tenkjande «Hekkan, no vil eg skriva noko!». Dei siste åri hev eg slutta å lyda dette ynsket, men det plar hava den verknaden at saki eg vil skriva um aldri kjem ut or hovudet. Det gjev meg færre innlegg på netsida mi òg. Skal ein verkeleg lyda desse kreative boblone som poppar opp på dei mest uhøvelege tidspunkt? Eller skal ein heller læra seg å verta kreativ og kunna skapa boblor når ein vil?

Eg køyrde nett heim frå Rebecca, og hadde ein tekst i hovudet. Det var denne, no vert det diverre annleis av di eg ikkje hugsar teksten. Hadde eg stoppa bilen og skrive tankane mine ned i boki mi slik eg pla gjera ei tid i Oslo, so hadde eg hatt mykje av teksten no. Det er moro kor godt linone glir når ein nett kjem på fleire paragrafar tekst i hovudet slik. No skriv eg berre inn på datamaskin, og plar ikkje vera i supert skrivehumør.

Det mistar seg når ein tenkjer på noko anna

Når eg køyrer heim frå Rebecca, kjem frå ein fest eller berre hev gjenge ein tur ute i skogen, hev eg ofte ei framifrå kjensla i kroppen. Hjernen produserer kveikande tekst som gjev meining og er interessant. Eg trur iallfall det, synest det er dritbra når eg tenkjer det ut. Men når eg kjem heim plar fornuften taka yverhand; eg kjenner eg hev mista essensen i det eg tenkte. Eg fiksar noko smått og gløymer teksten nokre sekund. Hugsar eit par av setningane, men ikkje samanhengen eller livskjelda. Um eg prøver skriva det ut vert det livlaust og tamt. So legg eg meg.

Eller, som heldt på å henda no; eg legg meg. Det er ikkje heilt sant. Eg set meg på datamaskini og «skal berre sjekka eposten», noko som plar taka alt frå tvo til fira timar. Oftast tvo heldigvis; eg legg meg 0200. Jadå, eg hadde kann henda interessante samtalor på IRC. Jadå, eg las sikkert noko tøft på Wikipedia. Men kva um eg heller hadde sagt;

No skal eg vera oppe til eg hev skrive ferdig teksten som nett surra i hovudet, og kreativiteten hev berre å pella seg attende til hovudet mitt!

Dette hadde eg kann henda bruka alt frå ein til tvo timar på, men då hev eg gjort noko skikkeleg. Eg hev produsert ein tekst (drit i um han er god eller ei; berre det å gjera seg ferdig med noko er bra) og eg gjorde som eg eigentleg ville. For eg vil eigentleg skriva ned desse tingi eg gjeng og tenkjer på.

Framkalla kreativiteten når ein treng han? Få fram positiv energi?

No flyt teksten ut, mykje av bobla eg heldt på renn ut. Eg vert distrahert av all eposten eg hev fengje, og folk som vil prata med meg via Jabber og IRC. Men eg ville iallfall prata um ein ting til; å framkalla kreativitet.

Eg merkjer at dess eldre ein vert, jo meir lærer ein. Eg finn stadig nye måtar å endra tankone mine og kroppen på. Dette fungerer òg for kreativitet. Gå vekk frå arbeidet, taka ein pust i bakken, sjå ut på trei og roa seg; seia høgt til seg sjølv – «No skal eg skriva ein tekst til heimesida mi um det som fell meg inn», og venta. So må ein tru på det, og det treng ikkje vera vanskeleg. Ein må berre seia det naturleg og leggja litt viljekraft bak det ein seier. Altso viljekraft til handlingi. Og so fær ein ei bobla kreativitet og kveik. Det fungerer for meg kvar gong eg klarar tru på det. Men eg skal trena meg sjølv til å verta betre i å få boblone til å koma.

Nett no er eg so forvirra at det ikkje gjeng serleg bra.

Ikkje meir dreping av nattarbeidet

Likevel vil eg unngå å drepa dei gongene eg naturleg hev sterk hug til å skriva. Eg skal heller gå med på det. De siste dagane hev eg lagt meg rundt 02.00, utan at eg hev gjort noko serleg i den tidi. Eg må innsjå at um eg ikkje gjer dette fornuftige (skriva ned) so nyttar eg tidi til noko anna. Sidan eg ikkje stend so tidleg opp um morgonen lengre, so er det greitt å heller nytta den rolege tidi på natti.

Forresten, medan eg hugsar det; tidleg morgon er òg dritbra. Kjempekreativt og veldig god tid å skriva på. Då eg var i Oslo med superrytme (stod opp 6–7 utan nokon form for vekking) fekk eg gjort sers mykje dei fyrste tvo timane. Men sidan eg no stend opp 8–9 er mykje vekk. Dessutan er det ikkje same arbeidsroen her på morgonen – her finst arbeidsroen på natti…

Moro å merkja, tittel hadde eg heilt klårt for meg – saman med nesten heile innlegget. Likevel vart innlegget ganske annleis. Tittel hugsar eg ikkje i det heile teke. So eg må koma på noko nytt… Ugh, eg som hadde so god tittel. Meh, vert ein ostete (heh, «cheesy» :p) tittel: «Attende til den ‘kreative’ nattskrivingi?»

Lite oppdateringar

Som dikon sikkert har merka har det vært eksepsjonelt få oppdateringar i det siste. Unnskyld. Det har skjedd så utroleg mykje verdt å skrive om, både dårleg og bra. Eg skal se om eg kanskje får tid ein gang.

Ting eg må skrive om er Anders og Buster sitt besøk i påskeferien. Det var utruleg morosamt og var kjekt å få sett dei igjen :) – Så litt påskestemningar i Oxford, treng ikkje bli nokon detaljerte greiar.

Etter bør eg skrive ein ganske stor tekst om mitt fantastiske opphold i frankriket, som både inneholdt dårlege ting såvel som eit tungt overtall av kjekke. Eg kan jo nevne at det digitale fotoapparatet er øydelagd – og at eg har overskreve alle de 160 bildane eg hadde tatt. (klarte å redde 9 dårlege då). Laptopen min funka heller ikkje lengre i dag – buhuuu.. Men den er fiksbar håpar eg, får vel sende han til Multicom når eg kjem til Noreg.

Imorgon drar eg [heim] til Oxford, då ska eg vera der litt over ein månad så er det heim til Noreg. – Men tross alle tragediene, samt at eg hadde feber 50% av mitt opphald i Frankriket har det vore kjekt – personar eg har hatt det spesielt kjekt med er Tim, Camilla J, Nina, Pål og Ingrid B ;D

Forventningar

Plutselig, plutselig fekk eg enorm god respons (alt er relativt ja..) på sia mi! Sjølv om det har sine enooorme positive sider satt det også stopper for skrivinga mi ei lita stund (perioden er ganske åpenbart ferdeg)

Eg har skillt ut noko tekst ifrå “Vill Mandag”(eller kva eg vil kalle han når eg legg han ut på sia) artikkelen fordi eg ville ha ting litt mer strukturert. Dét gagnar jo alle! :) Eg har nokre dagar kor eg er i eit spesielt humør, desse dagane skriv eg av og til eit tekst-stykke – når eg så gjør, blir artikkelen betre enn dei vanlege. Det er jo både vél og bra, men tingen er at eg følar eg får forventingar :| Så sist uke skreiv eg ikkje noko fordi eg ikkje ville skrive dårleg :P Ja – idiotisk til tusen, eg innser dét, derfor skriv eg nå igjen.

Ofte skriv eg tekstane mine på tirsdager, dei to siste skreiv eg på tirsdager så langt eg huskar. Er visst noko med denne dagen, sjølv om eg tror det var 2 ukar siden eg skreiv “Sykkelens Genialitet”. Den artikkelen fekk eg veldig god respons på – “Du skriv bra Odin!” fra masse Noreg-venner eg ikkje heilt hadde forventa å få det ifrå. Men allikevel, den fysste personen som sa han leste på sia mi og likte det var Salve – han sendte meg mail faktisk, slikt likar eg veldeg godt :D Han tok ein aktiv side og skreiv. Slikt trudde eg bare det var eg som dreiv på med :P

Uansett, det eg skulle sei var at det var ganske vanskelig å starte å skrive noko nytt fordi plutselig har folk forventningar. Offagmeg :| Men eg fant ut at sjølv om neste artikkel ville bli elendeg måtte eg skrive – dokumentere kva som skjer :P Visst ikkje gløymer eg det. Eg tar backup av databasen min med visse mellomrom slik at eg ikkje mistar informasjonen, dessuten har eg alle filane på skolenettet+laptopen. Dette er alt fordi når eg blir stor og gløymer mykje av mitt Oxford-år kan eg lese dette! :D

Som tidligare antyda blei eg svæært så glad av all tilbakemeldingen, de veit ikkje kor mykje det betyr for meg. Eg bør nevne eit par kjekke folk som har likt sia mi til slutt: Mamma og Pappa (dei har no alltid vært positive ;) ), Salve, Tor Eirik, Simon, Egil og Buster :D :D Tror iallfall det var slik, har nok gløymd nokon, men slik skal ein bare forvente då eg aldri har vært flink til å huske slike ting :P Kari og Søren Christian – dei kjekke naboane våre var også dei fysste som kommenterte sia mi etter Mamma og Pappa ;D