Merkelapp-arkiv: Middag

Pannekaker, filmregissør og flipperspel

Førre veke bada eg etter lunsjen på jobb, hadde ein filmregissør frå Romania på overnatting, inviterte ein ire på middag, hjalp Tone å flytta og spelte flipperspel på Bitraf.

Ionut

Det dumpa inn ein epost frå BeWelcome ein laurdags kveld. Ein filmregissør frå Romania var på ein filmfestival i Tromsø, men skulle vera to dagar i Oslo. Eg inviterte han heim til meg sidan Helene var vekk og eg godt kunne trengja litt selskap på kveldene.

Me var oppe til seint på kveld og prata båe dagane. Han var overraska over at eg var ein sopass relevant vert, sidan han trudde eg berre dreiv med IT. Lite visste han om mitt faderlege opphav og ymse filmprosjekt eg har fått vera med derifrå.

Eg likte Ionut utruleg godt og må vel truleg få vitja han når eg dreg til Romania ein gong. Elles fekk eg kjempelyst til å laga meir video/film att etter eg prata med han. So fær me sjå om det vert noko då, skortar jo litt på utstyret og ikkje minst vilja til å bruka ufri programvare…

Bading

Lachlan med Opera i bakgrunnen, eg med akerselva i bakgrunnen. Fått meg ein liten kakaovom, ja.

Eg har lengje sett ut på Nydalsvatnet frå kontorplassen min og fått lyst til å ta meg ein dukkert. Plutseleg kom enno ein soldag klemt mellom regnversdagane og eg var uti. Lachlan vart med slik at eg ikkje var åleine. :)

Middag

Ionut var forsovidt fyrste vitjinga eg har hatt i nye bustaden til meg og Helene, men gsnedders var andre. Ein utruleg koseleg fyr som kan hinsides mykje om absolutt alt. Eg var ganske ubesluttsom, so gsnedders fiksa like godt ein god kinesisk middag til oss. Eg reknar med å laga det same i lange tider frametter, enkle, billege, gode greier.

Fredagsøl

Opera har slik fredagsøl. Eg har ikkje gått i det siste. Etter kl. 17 på fredagar so fær eg alltid gjort so sjukt masse, kjem inn i ein skikkeleg god arbeidsstim, og plutseleg er klokka 21 og eg er heilt åleine att. Vel, min taskteamkamerat João held ofte ut like lengje.

Denne gongen kom derimot gsnedders og henta meg, so då la eg ned det sers produktive arbeidet mitt likevel. Han skulle jo heim i helga. Me stakk ned på Alexander Kiellands plass og drog på Kabash eller kva det namnet no var. God hummus.

Eg og Lachlan og Swetank fann ut at me skulle hoppa i strikk dagen etter. Heilt til me fann ut det var på Rjukan, so me må nok utsetja det ei helg eller to.

Flipper

Ikkje delfinen, men nesten like bra; me har fått oss flipperspel på Bitraf. Det er eigentleg Teknisk Museum sitt, dei skal laga eit spel for å læra folk om fotosyntese. Flipperspelet er på Bitraf no fordi den einaste flipperspelreperatøren i Noreg likte hackerspacet vårt so godt at han like godt kunne fiksa ting der. Veldig kult for oss som får flipperspel til avveksling frå alt det andre me gjer.

Flytting

Tone var ein absolutt engel og kom med bil slik me fekk kjøpt båe eit digert skåp og ein sofa frå Finn (netsida, ikkje personen; personen var ei ho, og ho var svensk). Når folk hjelper til med flytting so tener dei flyttekredittar, so det var sjølvsagt at eg skulle hjelpa til motsett veg. Dessutan so er det eigentleg ganske moro å flytta, spesielt når eg ikkje er den som må gjera det.

Diverre vart det total fiasko for min del. Eg spelte flipperspel på Bitraf til langt på natt og stod opp lovleg seint dagen derpå. Starta å vaska buret til Skorpus (koserotta vår) og lagde meg frukost medan eg høyrde på radio. Lite hugsa eg om avtalar lagt tidlegare i veka.

Eg kom to timar for seint. Som var superflaut. Heldigvis fekk eg hengd opp to bilete i minsto. I tillegg til at eg stod og såg på at Eva bygde hyller medan eg lata som om eg var nyttig på nokon som helst måte. Jaja. Koseleg var det no. Tone kjøpte tilogmed pizza til oss.

Pannekaker!

Lachlan og kjærasten (Irina) hadde invitert til pannekakebrønsj. Det var 15. Eg synast eg var litt seint ute, men bysykla kjapt opp.

Eg var fyrste person som kom, 15.05. Det tok god tid før nummer to og tri kom. Alle var par, og eg var jo eigentleg invitert i par eg òg. Heldigvis klarte eg fort å gløyma det, sjølv om me til slutt var 4 par og ein meg.

Lachlan laga forresten slike proffe pannekaker på ei stor takke og med alt utstyret dei som lagar pannekakar heile dagen har. Eg åt fyrst ost og tomat, so åt eg nutella, banan og jordber.

Ein av dei på brønsjen flyg med slik paraglider. Dagen før hadde han flydd 45 minutt. Det er eit kurs ein gong i året i Hemsedal. Det kostar 9000 og det skal eg gjera. Etter eg er kvitt lånet iallfall. :(

Parprogrammering

Eg parprogrammerte m.a. innmeldingssystem for Bitraf saman med mortehu. Dvs. mortehu programmerte og eg såg for det meste på, som eg sa på identi.ca.

Såg òg Expendables. Skikkeleg dårleg film. erikberg og mortehu gjekk før meg, men eg var kjapt etter 23.45 eller noko. Eg såg at eg hadde berre lukka to av fire vindauge. Kom meg ikkje innatt, ingen batteri på mobilen (brukar mobilen til å opna ytterdøri).

Spurte ein tilfeldig fyr som budde i nabolaget om å låna mobilen honoms. Eg brukte den til å opna ytterdøri, springa inn og lukka vindaugi. Det kjentest bra. Fyren vart imponert over systemet vårt for døropning. Det er eg òg forsovidt.

So var veka slutt

Elles sat eg på do i laupet av veka og skræmde vítet av meg sjølv då eg trudde ein dverg stod og såg på meg frå gangen. Eg tenkte å skriva om det på identi.ca men spørst kva du skal utsetja folk for. Her på bloggen kjem no folk i minsto friviljug…

No er det tysdag. Måndag såg eg film, i dag jobba eg berre, og oppdaterte bloggen på fyrste gong på alt for lengje. I morgon kjem Helene attende. Gler meg til det.

Lapskaus!!!

So. I går hadde eg lyst på noko godt til middag. Det hadde jo Helene òg og då vert det anten heimelaga Foccatia elder heimelaga pizza. So ho dreiv no på med det. Det måtte òg vera lett, og eg hugsa attende til då me var i Spania og pappa lagde grønnsakssuppe.

So eg kaupte inn kålerabi, poteter og selerirot. Gulrøter hadde me allereide. Kutta det kjapt upp medan vatnet varma seg og hadde det uppi saman med ein grønnsaksbuljong.

Steike det vart godt! Det er:

  • Billeg
  • Utruleg godt
  • Veldig enkelt
  • Kjapt

Råbra med andre ord. Kvifor er ikkje dette standardretten?

Eg lagde 3 digre porsjonar, so i dag kokte eg det upp att til frukost, og no vart det lapskaus. Genialt, herleg frukost.

«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

Puslespel, manglar eit par brikker

Som detaljlesande lesarar av sida mi hev funne ut (alle tvo), so sit eg mykje inne for dagane. I dag er det måndag, sist gong eg var skikkeleg ute (som ikkje var butikktur) var torsdag. Rett nok ikkje like gale som då eg var sjuk[1], men no hev eg verkeleg ingen grunn til å ikkje gå ut. Anna enn at eg ikkje klarar dra meg upp av stolen.

Rett nok hev eg keia meg mykje dei siste dagane, men i dag var det annleis. Og nett difor hev eg tenkt å fylla bloggen min med endå meir ikkje-interessant informasjon som eg må lida meg gjennom når eg i ein alder av 39,5 fær midtlivskrise og finn ut at eg skal lesa alt det eg hev skrive til meg sjølv gjennom alle desse åri. Kannhenda like greitt å få vita at dagleglivet mitt eigentleg ikkje var noko særleg meir interessant den gong då som no (i 2027, altso).

So er det kannhenda ein annan grunn til at eg uppdaterer bloggen min nett i dag då. Kva kann det vera? Jo, det hev truleg tvo grunner;

  1. Eg fekk nett høyra at eg hev vore flink å uppdatera netsida mi i det siste. Det manar jo sjølvsagt fram til meir. Kvantitet er ikkje det same som kvalitet. Noko dei kjølege i innspelsfelteti mine viser; mange av dei siste postane hev få til ingen innspel.

  2. Eg fekk òg fylgjande innspel frå pappa for litt sidan:

    Odin… Det hadde vore kjekkt å få nokre oppdateringar så me veit korleis det går med deg. Her i Spania føler me oss langt vekke frå deg…

So hev eg no uppdatert trass i at det hev vore lite å segja (som viser att i totalt fråverande innspelsmengde).

Og det held fram, endå meir sjangerkorrekt enn sist:

Middag

I dag åt eg lauksuppa. Eva lagde. Ros til Eva.

Vitjing

Mariell og Jostein kom på vitjing. Kos. Me drog upp på loftet der eg aldri hev vore. Eg fann ein diger stabel med tingi mine der uppe, Helene hev bori[2] alt upp. Ros til Mariell, Jostein og Helene.

Puslespel

Janne-Kristin hev kaupt puslespel og fann det for godt å setja eg og Eva i aktivitet. So me hev pusla heile kvelden. Ros til Janne-Kristin.

Frametter

Fylg med, og vert ein av dei fyrste til å vita kva eg et til middag i morgon!

Tenkjer det burde læra JK å uppmuntra meg til meir blogging.

Heh, nei, eg berre tuller. Simon nemnde nett middagsblogging[3], og eg hev hatt lyst til å gjera det sidan den gong. ;-)

Notar

  1. Eg skreiv aldri um då eg var sjuk, trass i at eg var 5-6 døgn inne (utan so mykje som ein butikktur!) og vart ganske gal av det.
  2. Det var noko gale med dokpro-ordboki, so eg skreiv «hev bert». Fann ut av det ved å installera ordbanken lokalt på maskini, so «bori» er korrekt for «bera».
  3. Middagsblogging er uinteressant blogging. Type «kva gjorde eg i dag», der «i dag» er ein … mindre spesiell dag

Sør-Afrika dag 2: Kirstenborsh Botanical Garden

Denne dagen hugsar eg eigentleg alt for lite av. Eigentleg er alle dagene ei diger smørje som hev ein veldig rar form for kronologi inne i hovudet mitt. Heldigvis hev eg eit par bilete frå kamera for å hjelpa meg med koronologien. Me hadde ein piknik i denne herlege, herlege botaniske hagen og gjekk rundt utan t-skjorta og såg på menneske i parken. Det var sers avslappande og deilig. Er ikkje so mykje å seia eigentleg;

Kirstenborsch botanical garden, mats og michael Kirstenborsch botanical garden, mats og michael

Seinare på kvelden hadde Hans og Dien invitert venegjengen til Michael på middag. Eg visste ikkje at dei skulle betala for alle oss 9 stykk pa den dyre restauranten – men det var visst det invitering tydde. Dessutan hev dei betalt umtrent alt meg og Mats hev gjort og ete. Tja, eg kann vera so gjev og seia at det faktisk er alt.

Me var på den fine restauranten og sidan båe meg og Dien er veggisar so spurde me kva veggisspesialen var i dag. Her i Sør-Afrika er det som det var i Noreg for eit par år sidan; totalt umogleg å vera veggis. Det er faktisk ganske usant. Det eg meiner å seia er at det ikkje er kjempeenkelt å vera veggis, slik det er i Noreg no. Same kva, her meiner dei at kylling er ein grønsak – noko som sjølvsagt gjer ting vandskeleg. I dag tinga eg ein omelett med ost, sopp og bacon utan bacon til frukost på eit lite vinpresseri. Etter ei lang tid forstod servitrisa vår endeleg kva eg meinte sjølv um ho framleis ikkje var einig med meg i at det var ein lur ting. Eit par minutt etterpå kom ho springande attende til bordet vårt og spurde litt febrilsk um eg ikkje meinte at ho skulle putta kylling i i staden for bacon. For nokre folk… :p

Same kva, dei hadde svart sopp. Dritbra. Prata masse med folki rundt meg. Veldig koseleg. Meg og Dien hev eit spesielt veggisband, det er kos. Maten var kjempegod. Då me var ferdige spurde Dien og Hans um me ville hava dessert. Alle var stille, ingen ville seia noko. Eg sang ut “Ja! Sjølvsagt vil me hava dessert!!!”, som sagt visste eg ikkje at det ikkje var eg som betalte. Alle vart litt sjokka yver at eg sa dette, og det vart sjølvsagt sagt at desse nordmennene sa det dei meinte. Hehe.

Eg hev vore veggis i snart eitt år

Eg hadde tenkt å skriva mykje um det på netsida, men eg gløymde det litt og fekk aldri starta. Eg er altso vegetarianar, noko få veit i og med at det berre var noko eg ville prøva for rundt eitt år sidan. Det var mange grunnar til at eg ville prøva dette, men kannhenda aller mest av di eg tykte eit prosjekt ville vore kult.

Heilt sidan eg slutta det fleirfasiske soveprosjektet mitt til eg drog til Nord-Noreg åt eg ikkje noko kjøt. Eg vart so vonbroten og deprimert av å mista prosjektet mitt at eg måtte skaffa eit nytt.

Mange av dei andre grunnane hev eg funne seinare. Eg visste det var betre for kroppen å ikkje eta kjøt, dessutan visste eg at det var betre for miljøet. Eg bryr meg altso ikkje noko serleg um det å dræpa dyr, men eg var og er veldig mot overforbruket vårt og ikkje minst kommersialisering av kjøtproduksjon. Eg meiner me må vera snill med dyri, og då meiner eg medan dei lever – ikkje at dei evt. vert drepne til slutt.

Den ant største grunnen min då eg starta var å leva sunnare. Med kjøt var det so enkelt for meg å berre eta grandiosa og gorby’s kvar dag. Yveralt kunne eg få tak i noko «kjapp mat» som ikkje var bra. Um eg gjorde det vanskelegare å få tak i ferdigmat, må eg tvinga meg sjølv til å laga maten sjølv. På den måten et eg sunnare, billegare og betre.

So, kvifor ville eg prøva prosjektet:

  • Testa meg sjølv
  • Verta flinkare til å eta sunt
  • Verta flinkare til å laga mat
  • I Noreg er «middag utan kjøt» det same som «ingen middag», det er eg so ekstremt mot og vil visa det!

Elles tenkte eg óg på:

  • Likar ikkje alt dei sprøyter i dyri
  • Liker ikkje kommersiell rådrift av dyri
  • Betre for kroppen
  • Lettare for jordkloden

Eg hadde eit par regler som eg starta med, men eg hev i det store gløymd kva det var.

Fase 2, som eg kalla det

Etter eg hadde vore strengt veggis ei periode gjekk eg yver til å eta økologisk kjøt og kjøt når eg vart budd det. Eg sakna ikkje kjøt i det heile teke, so det var rart å eta det att. Eg syntest ikkje det var noko serleg; eg vart faktisk litt lett vemma av det.

Feit

Eg gjekk fort yver til å berre eta økologisk kjøt og då sers sjelda. Eg var på turen i Nord-Noreg, der omtrent alt kjøtet er økologisk (hval og reinsdyr) og åt omtrent ingenting utanom kjøt i 14 dagar. Då la eg stygt på meg, vart skikkeleg feit. Rebecca vart ikkje serleg imponert. Tvert om.

No er ein del kome av, heldigvis, men det ligg der framleis. :)

Fast halvveggis

Eg hadde vorte so van med å vera veggis at eg ikkje kjende nokon trong til å gå attende til å eta kjøt. So no et eg ikkje økologisk kjøt heller; eg et fisk (som ikkje er oppdrettsfisk), men ikkje kjøt. Eg seier ikkje at eg aldri et kjøt nokon gong; men eg hev veldig lite lyst på det og et ofte heller berre potet og brokkoli um eg er på vitjing hjå nokon.

Noko anna moro er at det er kjempesuperforureinande å eta kjøt. So no som eg er veggis kann eg godt køyra so mykje bil eg berre vil – av di mine klimautslepp hev vorte so lave med dei nye etevanene mine.

Veggis er tingen! Kannhenda…

No synest eg det er lite utfordrane å vera vegetarianar; eg kann laga god veggismat og det finst mykje tøft der ute. Eg hadde verkeleg ikkje peiling på at det fanst so mykje god mat utan kjøt i seg! Når eg hev reist rundt i Noreg, viser det seg at få kann laga mat utan kjøt eller fisk i det heile teke. Det er jo kjemperart! Det er ikkje vanskeleg å laga fantastisk veggismat! Eg kjenner meg som naturleg veggis no; so då kann eg vel godt prøva å testa andre ting. Eg tenkte på veganar (ingen egg og mjølk) då eg tenkte eg ville prøva å vera veggis; men eg trudde det var for stress; det hadde jo vore eit naturleg neste-punkt. Men likevel, eg vil heller prøva noko anna… og det kjem eg attende til. ;p

Same kva, hovudpoenget er at no hev eg offentleggjort at eg er vegetarianar.

Eg burde verta kokk

So var det tid for middag att, og kjøleskåpet er fullare enn nokon gong fyrr. I ymse glimt av arbeidsvilje og positive syn um framtida handlar eg stort inn på matvare etter matvare. Kaupar inn ting eg ikkje veit kva er til ein gong, men tenkjer eg kann sikkert bruka det på ein eller annan måte. Eg kann putta ting saman og eta sunt, som ein flink gut.

Eg må slutta med ferdigpizzaen innser eg for, eit kjøleskåp fullt av varor som ikkje er rørt på ei vìka lover ikkje bra. Maten må etast fyrr han vert dårleg. Og eg dreg jo til Kviteseid i morgon! Med rak vilje og stå-på mot fyrer eg jerngryta opp på steikjeplata. Etter ein stund ser eg TV-rommet byrjar verta røyklagt. Inne på kjøkkenet ser eg omtrent ikkje til andre veggen. Etter grytevask og dobbelsikring um at det ikkje er meir att nedi ho ringjer telefonen. Eg legg på då eg merkjer at det atter ein gong er litt vanskeleg å sjå. Ah vel, dei er vel berre slik desse grytone, seier eg medan eg tenkjer eg ikkje burde verta kokk.

I kjøleskåpet hev eg altslag rart. Ooo, sopp! So eksotisk! Ut med, hakk opp og putt i gryta som allereie er full av litt for mykje olivenolja.

Rein sopp er ingen middag

Må hava meir oppi. I kjøleskåpet ligg eit par laukar (jadå), eg tek ein og kappar han opp. So oppi gryta. Dansar lett rundt kjøkkenet medan eg rører rundt i gryta. Eg kjenner meg godt og veit med eitt at her må meir til. Dette gjeng jo som det susar! Eg tek oppi litt forskjelleg krydder eg ikkje veit kva er og kuttar opp nokre tomatar. Heller på litt meir olivenolja saman med tomatane.

Eg burde verta kokk

Eg luktar. Aaaahhh. So godt det luktar! Det ser godt ut òg. Eg vert kjempesvolten og tenkjer heilt bestemt at eg burde verta kokk. Ja, eg tenkte feil i stad, det er jo sant at eg burde verta kokk.

Eg dansar vidare og klarar ikkje stoppa, meir må i gryta! Eg skal laga supergod middag! Eg må òg få brukt opp meir av det eg hev kaupt. Eg opner ein boks med bønner og tek fleire tomatar oppi. Eg rører og rører. Rører og rører. Eg skreller ei potet. Eg lagar småterningar og puttar nokre få nedi, so finn eg ut at dei ikkje vil verta steikte ferdig på denne tida. For eigentleg var retten ferdig for lengje sidan.

Alt er steikt lengje nok. For lengje. Faktisk. Og eg hev rørt for mykje. No er det ikkje lenger ei lekker blanding som luktar godt. Det er ein brun graut. Det ser heilt forferdeleg ut. Det ser ut som most katt. Og smakar sikkert verre. … Hekkan.

Fram med tallerken og middag ferdig

Eg splæsjer litt av gugga yver på ein tallerk og legg ved mange blad ishavssalat på sida. Gusje.

Eg tok so absolutt feil, eg burde jo for all del ikkje verta kokk.

Pannekaker!

PS: Eg hev flytta heile innlegget nedanfyre sjølve oppskrifti, folket er mest interressert i den.

Pannekakeoppskrift for to personar

Fyrst må du ha div. ting og tang for å kunne lage pannekakar. Eg lister opp:

Innhald (Ting du må ha)

  • 2 supre egg
  • 2 dl mjøl (vel, ta 3 du, det plar eg gjere ;) )
  • 3 dl mjølk (helst Tine økologisk :p)
  • Masse sukker
  • Margarin (Soya plantemargarin er supert!)
  • Ingefær- og kardemommekrydder (superduperhemmeleg ingrediens (vanskeleg ord))

Tine Mjølk (ikkje økologisk diverre)

Dette skal sjølvsagt blandast på ein høveleg måte.

Framgangsmåten

  1. Putt mjølet i ei bolle (helst raud).
  2. Finn visp, visp mjølet.
  3. Hell litt og litt mjølk nedi medan du fortsetter å vispe.
  4. Visp til det blir glatt (klumpane er vekk, altså, dette er stress – få Tor Eirik til å hjelpe til)
  5. Smelt ein del margarin (ca 1 spiseskei, men du avgjerd)
  6. Hell nedi ein del sukker (eg plar smake til, men 2–4 matskeier ca)
  7. Knus egga (pass på å ikkje få skalet nedi) og held innhaldet ned i bolla.
  8. Kast eggeskala etter du har take ut alt innhaldet ned i bolla med fingen.
  9. Visp videre. Er enklare no.
  10. Hell det smelta margarinet ned i bolla og visp.
  11. Fyr på med ingefær og kardemomme, mest ingefær. Du skal sjå dei små korna!
  12. Visp. Luktar godt, gjer det ikkje? :D
  13. Lat bolla stå i kjøleskapet å «svelgje» i 20 min. Gå opp å chat imens.
  14. Steikepanna skal allereie vere smørt inn då du smelta margarinet; så berre gjer han varm (2 hos meg)
  15. Fyr ei ause med røre på panna
  16. Ta panna opp i lufta og få røra over heile
  17. Snu pannekaka når han blir «tørr» på toppen
  18. Et dei utruleg gode pannekakane med sukker (eller noko anna, sukker er best :p)

Et voilá! :D Hehe. Lang oppskrift, men slik lagar ein gode pannekaker. No må eg redigere film; er difor eg ikkje har oppdatert på evigheiter. Me jobbar dag inn, og dag ut med filmen «De metakognitive»…

Endringar i ettertid: fiksa skrivefeil (pannekakar til pannekaker), la til hopp-lenkje, la til stikktittel og skreiv helst økologisk mjølk. Dette er faktisk eit av mine mest populære innlegg, haha, vonar du likar dei! Gjerne legg att innspel.

Dette er flytta ned no
No er det litt sidan; men eg hadde tenkt å skrive dette, så får gjere det no. Har sikkert gløymd alle detaljane, menmen. Etter ein lang dag med filming var eg iallfall svolten. Eg hadde hatt grandiosa dagen før; så tenkte eg måtte ha noko anna no.

Odin sin superoppskrift på pannekaker!

Jepp! Då kjem delen alle har venta på. Sidan eg er blitt så utruleg tilhengjar av å halde så lite som mogleg hemmelig (alt må ut!), så skal eg fortelje den hemmelige oppskriften på pannekaker her i huset. Kvifor skal ein liksom halde det hemmeleg? Kan jo hende nokon får bruk for det; – det hadde jo vore kjempemoro! Eg tenkte eg skulle dele pannekakar med Espen og Tor Eirik, men Falke kom, så han hadde vel fyrsteprioritet. Så me åt alle opp :p Same kva, eg startar med oppskrifta.

Sjølve dagbokinnlegget som fyrr var fyrst:

Eg sat oppe med Tor Eirik og Espen. Me skulle redigere. Fyrst måtte me logge, det vil seie å fortelje datamaskina kor dei forskjellige klippa ligg på videokasetten og kva dei inneheld. Eg var lei, ville heller chatte enn å logge; så eg lærte Espen korleis han skulle gjere det. Ganske greitt; då slapp eg :) Hadde dessutan tenkt å lage pannekakar, og då måtte jo nokon arbeide i mens.

Monica og Hilde (klassekameratar av Espen, Monica speler «Belinda» i De Metakognitive) kom på vitjing. Ganske trangt på rommet. Eg sat dei til å sjå på kva me hadde redigert så langt; medan eg sprang ned å lette etter lommeboka mi. Då eg omsider fann ho, køyrde eg til Kiwi.

«Alkis» på Kiwi

Der sprang eg rundt barføtt å såg etter mjølk. Eg visste jo eigentleg kor han var, så det gjekk jo ganske raskt. På vegen til kassa gjekk eg forbi nokre nye boller. Eg stoppa opp og betrakta dei. Flotte boller. Jæren bakeri? Hm. Lokalt òg. Ein (i Helge sine standard ord) alkis svimler forbi meg. Han ser ganske vekke ut i den raude grilldressen. Snubler hallvegs og mistar ein penge på bakken. Svimete som han er merker han det ikkje. Han skynder seg videre inn i butikken medan eg skal til å seie han mista ein femkroning. Blir ikkje meir enn ein rar rørsle.

Eg tek bollepakka, får take den iallfall. Så då har eg mjølk og boller. Eg står litt å ser etter den svimete mannen. Har lyst til å take femkroningen og gå til han med ho. Men er liksom så langt; så langt for fem kroner. Avgjorde at eg skulle gå til kassa, då mannen tusla seg tilbake. Eg såg på han, – han såg ikkje på meg. Såg berre forvirra rundt seg. Eg bøyde meg ned til femkroninga og ga ho til han. «Du mista femkroninga…» sa eg og smilte. Hugsar ikkje heilt kva han gjorde, men vekke var han iallfall. Var noko liknande «Åh.».

Kjende meg kjempebra :D Eg var utruleg glad. Då eg hadde betala, gjeve eit stort smil til personalet og pakka varene kom mannen til kassa. Han hadde eit brød i høgre hand, medan han tukla nedi lommene med venstre. Han tok handa opp, hadde ein tier og ein femmer der. Mannen hadde ikkje meir enn femten kroner! «Fem kroner», sa jenta i kassa. Han blei overraska, litt glad :D Hihih. Ga femmeren sin. Resten av turen heim sang eg veldig høgt i bilen.

Eg forstår ikkje kvifor ikkje fleire gjer slikt? Ein blir jo utruleg mykje meir lukkeleg av å hjelpe andre enn å take ein ussel femmer sjølv eller av å ikkje knuse ei bilrute for 60. Å gjere slike ting blir ein jo eigentleg berre ulukkeleg av. Eigentleg. Men for få ser ut til å forstå det, diverre. Same kva, eg var uhøveleg glad ;p Køyrde heim og sat tinga frå meg.