Merkelapp-arkiv: Misting

La nett att datamaskini med meir på bussen

Ja! Eg gjer det um att. Eg gjer det alltid. Alle ventar det, og det gjer eg sjølv òg; eg gløymer ting. Eg mistar ting. Ja, so gjorde eg det nett no. Eg la att ein pose med datamaskin, klede, brev, ein Big Buck Bunny-DVD og ein koffert med hårtrimmemaskini mi.

Eg gjekk kult av bussen. Hadde full musikk på øyro. Alt frå jazz til trance. Nett då var det trance. Høgt. Dunk-dunk. Med koseleg, roleg felemusikk runda eg hyrna inn til Klaus, der sette eg sekken frå meg og kom på; «kvar faen er det eg hadde i hendene mine!?». Eg sa høgt «faen», forklarte problemet og snudde for å prøva å taka ein seinare buss fram til stoppunktet til bussane.

Då eg kom fram til busstasjonen såg eg at 37-bussen sitt siste stopp berre låg 6 minutt frå der eg var no. Sidan det var 15 minutt sidan eg gjekk av førre buss, so kunne det henda han berre snudde og starta ruta motsett veg. Eg gjekk yver vegen. Etter eitt minutt kom 37-bussen motsett veg; eg hadde planlagd kva eg skulle seia. Kunne jo godt henda eg møtte ein sur bussjåfør med dårleg tid:

Eg startar «Hei! Rundt eitt kvarter sidan gjekk eg av ein 37-buss der (peike) borte, og la att ei posa med datamaskini mi i. Eg lurte på um det er mogleg å vita kvar den bussen er no?»
«Var det ein pose?», spyrr bussjåføren.
«Med datamaskini mi og ymse anna i, pluss ein liten koffert.»
Bussjåføren opnar døri si, eg tenkte han skulle vera med meg bak å sjå, men nei, eg ser posen: «denne her?».
«Ja!», segjer eg veldig glad. Smiler stort. «So det var deg, ja».
«Det kom tri unger bort med det og sa nokon hadde gløymd det att»
«Tusen takk!», og so hoppa eg av bussen.

Juppidupp! Eg er veldig trøytt no, var uppe seint i går – og i morgon tidleg skal eg taka flyget til Italia. So de fær heller unnskulda at dramaturgien (og rettskrivingi) ikkje heldt heilt mål i dag. MEN: hovudpoenget er:

  1. Det ordnar seg alltid for snille gutar (for det er eg jo, djupt inne)
  2. Eg er vims

Og no! Sovings!

T-banen

Det kom ein mann inn på t-banen fira seter framfor meg. Han heldt mobilen sin ut på strak arm og såg rett i skjermen. Med den høgre handa laga han allslags rørsler som eg fort kjende att som teiknspråk. Han gjekk inn på denne måten, fann ein plass og sette seg ned. Såg ikkje rundt seg – berre inn i skjermen. «A-ha», tenkte eg, «han pratar med ein annan via videotelefoni». Eg syntest det var litt rart likevel, og kamera såg ut til å peika mot meg, og ikkje mot han sjølv. Det er vel lite truleg at mobilen hadde tvo kamera. Ingen andre såg på mannen so hardt som eg gjorde. Eg ville forstå. Men eg forstod ikkje og fortsette å lesa. Allereie neste stopp reiser han seg att, no hev han lagt ned mobiltelefonen og pratar stadig med hendene. Ei dame gjeng ut saman med han når han dreg. Eg registrerer det, men er ikkje interessert nok til å tenkja meir yver det.

Meg og Rebecca tek t-banen saman til byen. Eg skal til skrivarstova (hovudkvarteret til NMU), og ho kaupa gåve til Millam (lillesysteri hennar). Eg hev Narnia-boki til Rebecca og mi eiga jakka med. Etter eg hadde vore alt for lengje på skrivarstova dreg eg attende der Rebecca ventar. «Hmm, ser ut til at eg la boki att på skrivarstova», segjer eg sjølv um eg hev ein mistanke um at eg hev mista ho. Me finn ho ikkje. Ikkje jakka mi heller. «Du la boki på setet på t-banen då me tok han», segjer Rebecca. Då er ho nok i sekken til ein ny eigar no, tenkjer eg. Rebecca vert sjølvsagt sur på meg og eg unnskulder fyrst når ho spyrr um eg ikkje skal unnskulda. I mellomtidi hev heile t-banen brutt ned. So me er båe tvo stranda i sentrum. Svoltne, sinte, sure og lei oss. Etter kvart vert me vener att og t-banen byrjar so vidt å sviva. På t-banen attende er me endå gladare i kvarandre enn det me var då me drog, ei jakka og ei bok fattigare.

Rebecca tok t-banen til Oslo S 1000 i dag. So tok ho buss til Bø og tog til Stavanger. Det skulle vera tog til Stavanger, men NSB dreit seg vel ut. Eg var ineffektiv halve dagen fyrr eg fann ut eg ikkje hadde råd til det og drog til PING. På turen attende med t-banen såg eg ei sørpefull jenta gjennom ruta. Det var forferdeleg. Eg kunne ikkje gjera anna enn å tenkja masse vonde ting um ho. Jenta hang ut med heile kroppen – og ein gut heldt ho oppe. T-banen stoppa og jenta vart slept inn av guten. Han la ho ned på golvet inntil døri. Der sank ho saman, heilt utan nokon kontroll. Eg rista på hovudet, sukka høgt og las vidare. Eg hugsar mamma alltid tykkjer dei som drikk seg fulle drit seg ut, alle andre seier til meg «du synest vel me er teite som drikk, eg hatar å vera edru, for då synest eg alle er so teite». Nei, nei. Eg plar ikkje tenkja slik. Eg dømer ikkje på den måten. Men no gjorde eg det. I stor grad. Eg vert vel mindre tolerant på åri mine. Eg hev ekstremt liten respekt for folk som drikk seg dritings og synest det er tøft no. Det er berre tragisk. So yttarst tragisk. Dei som hev eit fornuftig forhold til alkohol er eg nøytrale til, dei som drikk lite og ikkje klagar yver det (verste eg høyrer) likar eg veldig godt. Fråhaldsfolk gjev mange pluss i totalintrykk. Det er sterke menneske.

Av t-banen raste eg forbi alle saman som vanleg. Folk gjeng utruleg seint. No hadde eg ikkje stort å tenkja på (for fyrste gong på tvo døgn) og undermedvitet fekk gjera kva det ville. I tidsrommet det tok meg frå å løfta beinet mitt og planta det på det fyrste trappetrinnet kom eg på svaret; han las opp ei melding frå mobiltelefonen for veninna si! So enkelt! :D

Korleis gjekk inf2270-eksamen, og kor er sekken min?

I går var ein litt teit dag, eg fekk ikkje den herlege «eksamen ferdig, eg er heilt ferdig for semesteret»-kjensla. Eg mista nemleg sekken, med jakka mi og altslag i. Han ligg nok trygt på Universitetet – men det hjalp ikkje meg då eg måtte gå ute midt på natta i tynn t-skjorta og shorts. Det var sers kaldt. Eg fraus òg inne. Og eg hadde jysla vondt i magen heile dagen. Eg trur eg hev gløymd å eta nok i det siste. Var verkeleg skrubbsvolten, det kjendest ut som um eg hadde eit skrubbsår i magen. Vondt.

Men so hev fleire spurd meg um korleis eksamen gjekk. Jo, det gjekk ganske bra. Eg er heilt sikker på at eg står, men det vert moro å sjå kva karakter eg fær. Trur det vert C, men eg kann vera heldig med ein B um sensor ikkje trekk meg for mine tvo superdigre feil:

  • *Eg gløymde å gjera ei heil oppgåva som tel 13%.* Skulle skriva x86-maskinkode for å rekna ut snittet av ein vektor med tal (dei kalla array for vektor), det gjorde eg for int (heiltal), men ikkje for double (flyttal, tal med komma :p). Eg hadde ikkje tid, men hadde tenkt å skriva kva instruksjonar ein må bruka. Hadde sikkert fengje stor utteljing på det. No fær eg truleg 0.
  • *Dei var jysla slemme i ei oppgåve og eg svarte dimed feil*. Når du skal laga ein ekstern asm-funskjon til C, er det ein viss «regel» du må fylgja for at C-programmet skal kunna bruka funksjonen. Dette ser du _vekk frå_ når du les kode raskt, av di det er same koda på topp og botn heile tidi – og alle veit kva han gjer. Men plutseleg i ei av oppgåvene hadde dei byta koden frå:
    pushl %ebp
    movl %esp, %ebp
    til:
    movl %esp, %ebp
    pushl %ebp
    som vil gjera at heile programmet klikker og fær «segmentation fault». Veldig teit gjort. *Sjølvsagt* veit eg dette, men når ein hev dårleg tid og skal gå gjennom mykje ser ein ikkje på all standard-koden; men fokuserer på det som faktisk gjer _arbeidet_ i funksjonen.

So det var irriterande.

Lagt att sekken

Og som typisk er, la eg att sekken i eksamenslokalet. Dei stengde. So eg fraus då eg hang lengje på PING, so gjekk eg ut i mørke natta og det var dritkaldt. Eg kom alt for tidleg til t-banen, so eg måtte stå og hengja der lengje. Kaaaldt. Brrr.

No må eg skunda meg å pakka ned laptopen og alt eg skal hava med (det vert vanskeleg utan sekk, men må vel improvisera med pose). So må eg prøva å finna sekken min på Universitetet. Vonar verkeleg eg klarar det, mobiltelefonen min ligg der. Eg skulde ringja båe Espen og Rebecca i går. Finn eg han i dag lyt eg vel ringja Helene ein gong òg. Sumarkosefilmprosjektet eg vonar meg, Helene (, Sandra ++?) og Espen skal hava lyt koma på beina ganske snart um det skal verta noko av det.

Jepp. No hev eg snart ete upp heile bolla med ris, det var ikkje serleg godt; men eg hev ikkje kaupt inn meir mat sidan eg dreg no. Nana! De får høyra det um eg fær problemer med reisa mi i dag (heh). Toget gjeng 1500 trur eg. Det er berre tri timar til. Skunda meg, skunda meg!

D70-kamera og linse er vekk

I heimlege strøk er eg kjend for å mista ting, ja, for å vera eit ekte vimsehovud. Dei siste 4–5 åri med innleggheimesida mi hev vel vist dette rett. Eigentleg vil eg berre få skrive det ned slik at eg kann hausta litt sympati og kjenna meg betre; Nikon D70-kamera er vekk. Den digitale speilrefleksen pluss linsa og minnekortet. Eg trur det hende då eg var i Oslo utan å hava nyklane. Kann henda på toget? Eller ein annan plass. Eg hev ikkje peiling, det er lengje sidan. Eg leitte lengje etter det.

For mykje pengar gjeng ut

Då me kaupte det kosta det rundt 14.000 um eg ikkje hugsar feil. No kann eg kaupa eit D80-kamera med ei anna linsa (veit ikkje um ho er like god, men ho hev iallfall litt meir zoom) for under 10.000 trur eg. Likevel er det synd å bruka 10.000 på noko som ein i det heile teke ikkje burde hava trengt bruka meir pengar på. Eg lagde nett ein rekneskap yver 2007 so langt; det ser ikkje lovande ut. Nett no brukar eg omtrent 5.000–7.000 kr i månaden, det er yver kva eg kann bruka. Vil helst ikkje bruka lånet i lånekassa, vil helst berre hava dei pengane og so gjelda alt att når lånet krev renter.

Menmen, til kamera. Eg mista ein del bilete eg hadde teke av Moulin Rouge, eg hev framleis eit par då – men hev ikkje gidda lagt dei ut. Eg trur dei siste var betre (frå siste forestilling) + ein del frå festen. Vil ikkje kaupa kamera fyrr me treng det; eg venter nemleg på

  1. lavare prisar
  2. nyare modell

Men det er forsåvidt teit, for på dei åri me hadde D70-kamera so brukte me det sers mykje. Tok yver 14.000 bilete; og det å gjelda 1 kr per bilete er ikkje mykje. Eg hev hatt det veldig moro med kamera òg, so det hev absolutt lønt seg.

Film i sumar

Ahh, forresten, medan eg pratar um slike ting. I sumar hev eg tenkt å laga ein enkel film saman med Helene Stenhaug. Kamerat Espen (som òg hev skrivetilgang til sida mi, utan at han brukar ho lengre) hev òg sagt seg villig til å vera med. So med ein gong eg fær manus frå Helene (… ting tek tid :p) fær han det. So fær me sjå um eg kann halda dykk oppdatert med produksjonslogg. :D

Så mistar eg litt da

Eg er eit forstyrra menneske. Inga tvil. Forstyrra av smått, men óg litt større. Nå sist er det miste evna mi som forstyrrer. Ja, for eg har mista ting. Ikkje i eintall nei, eg har mista ein god del.

“Du ær distré?” utrykka ei søt jente eg traff på bussen i fra Stansted. Eg hadde fortalt ho om min Noregs tur. Distré, det har eg høyrd heile livet. Men eg trudde det hadde forsvunne. Eg følar ikkje eg er distré her nede. Lagar eg ei liste av ting som kan tyde på distréhet er det lettare å se om det fins grunnlag nok til å bevise at eg enno er distré.

Nå huskar eg ikkje alt eg har mista sånn i farta. Eg tar det slik eg kommer på det. – Etter eg hadde kjøpt sykkel måtte eg kjøpe lykter. Først 2. Men så mista eg ei. Så måtte eg kjøpe ei ny lykt. Men så mista eg den andre, enno ei ny lykt. Gjekk nokon ukar, så mista eg begge. Nå for fem dagar siden mista eg begge på ny. Eg har enno ikkje kjøpt nye no. Så i alt 6 lyktar har eg kjøpt – alle har eg mista.

Så luar. Eg kom ned med ei lue eg likte veldeg godt. Eg hadde kjøpt ho sjølv, ikkje rart eg likte ho. Niklas likte ho også – eg skulle gje ho til Niklas i julegave. Men eg mista ho. Så kjøpte eg ei ny. Den var ikkje god – så då ynsja eg meg ei lue til Jul. Dét fekk eg. Den var god, eg likte den lua. Men eg mista ho. Dagen etter mista eg den andre lua som ikkje var så god. Så eg har mista 3 luar. På dette tidspunktet frys øyrane mine. Inga lue.

Skjerf er også bra å ha. Eg mista det svarte ganske raskt. Hjemme til jul henta eg eit nytt – blått. Nokon ukar seinare fann eg det ikkje. Eg frøys. Kjøpte eit nytt skjerf ganske spontant. Men weekendturen min til Noreg kosta eit skjerf. Eg har altså mista 3 skjerf.

Eg er flink til å passe på hanskar. Eg har mista dei fleire gangar – men funne dei nokon dagar etter. Weekend turen til Noreg kosta ikkje bare skjerf, men også hanskar. Eit fantastisk bra par eg fekk av min kjære Morfar. Eg likte ikkje at eg mista dei. Dei hadde ein spesiell verdi for meg. Hanskane var óg dei beste eg har eid i mitt liv. Eg har mista mange hanskar, men inga med den kvaliteten. Så eg har bare mista eit par hanskar – men de var spesielt gode.

Mamma liker ikkje at eg mistar jakkar. Når me dro til England for fysste gong mista eg ei. Dyr gore-tex kvalitet. Eg mista ikkje fòret, det har eg brukt som jakke sida. Eg kjøpte eit regntøy sett billig for å ha litt beskyttelse. Eg trengte regntøy óg fordi eg blir så skitten av å sykle i alle pyttane. Uansett har eg her i England mista ei jakke.

Eg er ganske glad. Heldig har eg vært då eg fleire gangar har mista viktige ting for å så finne dei igjen. Eg skal ikkje skrive om dei. Men det er ikkje bare fysiske ting ein mistar som tél. Det er andre ting eg ikkje har roen på. Eg likar og reise, men er plagsomt at eg alltid får ein god del problemar reisedagen. Då eg skulle til England fysste gang gløymde eg jakka og lua mi. Hadde óg små problemar med passet, men huskar ikkje kva. Samme tur mista eg óg som sagt jakka. Då me hadde landa fann eg ut at eg hadde mista billettane mine tilbake til Noreg. Men eg sprang tilbake til flyet og fann dei. Eg fekk imidlertid eit nytt problem. Eg var låst inne i gate’en. Eg fann ut av det heldegvis.

For nokon månar sia var eg med på Disneyland tur. Då sov eg ein time for lenge. Med enorm fart sykla eg mot byen. Læraren ringa, dei kunne vente fem minutt – eg var 10 minutt unna. Eg sa ikkje det. Etter fem minutt ringa dei igjen. “Rett rundt hjørnet”, ein kvit lygn. Eg kom fram. Flau. Men det var ikkje alt. Eg hadde gløymd passet. Resten av trinnet dro mens eg sto igjen og blei ledd av. “Eg drar uansett, eg. Ska visa de…”. Kosta masse penger å ta fly osv sånn spontant. Sover ein litt ekstra blir prislappen deretter.

Ukar seinare. Weekend-tur til Noreg. Rakk bussen såvidt. Gjekk på do akuratt då flyet hadde “departure time”. Flyet var for seint. Allikevel var det skummelt. Resten gjekk rimelig greit, eg har lært litt av tidligare turar. – Då eg skulle tilbake fann eg ikkje passet. Eg stressa mykje med det. Eit knapt minutt før eg hadde kjøpt nytt pass for 800,- fann eg det med ein tilfeldigheit. Dét var skummelt. Siden den opplevinga 6 dagar sia har det ikkje skjedd noko utenom to mista lyktar.

Distré? Eg??

Weekend I Noreg

Heimtur, for ein weekend. Det blei ein dag med reise, så ein dag i Stavanger og til slutt ein dag til tilbakereise. På tilbakereisa fann eg ikkje passet mitt… Typisk…..

Tikk-takk tikk-takk ytrar klokka mi, kvart fjerde sekund, kvar dag, kvar uke, kvar måned, kvar årstid.. Eg har ikkje hatt klokka meir enn ein heil årstid – bevisgrunnlaget for at ho seier “tikk-takk tikk-takk” kvart år vil då være utilstrekkeleg, så av åpenbare grunnar vil eg ikkje kome med denne uttalinga. Uansett seier ho eit tikk eller takk per sekund, bare avbrutt av ein øyreskjærande piping, som av og til slår inn. Det var nettopp denne pipinga som slo inn og vakna ein trøytt sjel klokka 06:00:00, Fredag morgon, 19 Mars 2004… Seks sekund seinare lød eit smell og med eitt gjekk klokka tilbake til si monotone oppgåve.

Ein 65kg livsform slit seg ut av sitt rede – skapninga har erfaring fra tidligere utflukltar; ligg ein for lenge i redet flyr flokken fort av sted til eit ana land. Kva skal så beskytte den ubeskytta huden mot altslags vær ute? – Klokka tikkar. Denne gongen skal ein ikkje kome for seint! “Hm.. Sko tatt stygge barten…”, mumles det. Tikk-takk. Tikk-takk. ”….!”. Tikk-takk. “HEKKAN!”.

Kjapt kommer han seg ut – hoppar på sykkelen og startar å bevege seg raskt mot sentrum. Sorpe(?) flyr i fjeset mens individet kaver på sykkelen. 5 minutt til transportmiddelet forsvinn, sykkelen med tilhøyrande sykkelist er 3 minuttar borte då ein sterk motvind får guten til å banne. Tikk-takk. Låse sykkelen er eit prosjekt i seg sjølv med eit minutt igjen og framleis ein 100m avstand å forflytte seg til bussens plassering. Tikk-takk. Dunk-dunk. Hjarte følg opp i merkbart høgare tempo. Lettare sliten, tyngre fortvila leveres billetten til bussjoføren. Trykket lettar – den norske 17 år gamle guten synk roleg ned i eit sete… Odin forsvinn inn i den tidlege morgongry med bussen.

Ein måned tidligare hadde eg fått ein epost i fra pappa, der han lurte på om eg ville gjøre ein jobb for han. Sjølvsagt – jobbane pappa gjer meg er alltid morosamme og bra. Eg skulle være kurér med ein film – fra London til Stavanger. Denne filmen kunne ikkje sendas i posten eller liknande – verdien er alt for stor. (Når eg seier film her er det EKTE filmrullar – ikkje noko billeg video). Skrivande brev til Ingunn (Norsk klassestyrer) om jobben viste det seg at filmen ikkje var ferig. Eg bestemte meg for å dra uansett (billettane var jo betala), eg venta litt med brevet – heilt til det var for seint og eg heller var “sjuk” den dagen (slik eg normalt aldri gjer – bare pysar som er vekke fra skulen sjølv om dei er sjuke! (med mindre du har noko SARS-dritt eller noko i den duren då)).

Tilbake på bussen hadde eg nesten klart det igjen. Miste ein buss – er ikkje lett, eller – er ikkje vanskeleg er vel ein betre beskrivelse. Det hadde vært meget demoraliserande – akuratt som om eg ikkje har hatt nok av det i det siste. Men akk – med fantastisk innsats berga eg meg frå den tabben. Eg starta å lese “The Wasp Factory” av Iain Banks. 3 timar og 20 minutt seinare var eg på Stansted. Denne forferdelege flyplassen kor eg ein gang mista same fly eg i dag skulle ta. Eg såg positivt på det – eg ga ikkje ein sur mine, men begynte heller straks å planlegge kva eg skulle gjøre – lage episoden til ein kjekk London-tur. Men det var den gong – eg skal ikkje dra det ut men rett og slett sei at eg rakk flyet denne gongen. Så der var det spenningsmomentet vekk – med Odin så veit ein heilt aldri når det kjem til fly og bussar.

Som vanleg så fekk eg eit lite kick av å gå gjennom sikkerheits-sjekken – denne gongen hadde eg noko ulovleg i handbagasjen min… Verktøy. Eg hadde ein mutter-vinsj (eller kva det heiter) i sekken – sånn som ein brukar til å skru på sykkelen med. Eg las skiltet opp og ned då eg sendte sekken inn i maskina – lura på om dei ville merke det. – Det gjorde dei ikkje. Eg kjøpte noko og ete, samt noko sjokolade til Espen, så gjekk eg i god tid til gate’en. Der skjedde ikkje stort. Eg måtte på do. Klokka bevega seg mot halv – då flyet skulle gå. Eg såg på skjermen, “Final call” sto det. Eg hadde sett den meldinga før – då eg mista flyet på same plass.

Eg hadde ikkje sett nokon gå ein einaste plass – eg stakk raskt på do då klokka blei eit minutt på halv. Plutseleg huska eg kva “Final call” betydde og før eg var starta på toalett-besøket sprang eg tilbake til gate’en. Dama sa “Yes” då eg spurte ho om dette flyet går til Haugesund. Eg gjekk på do. Kvifor hadde eg gått på do akuratt eit minutt før flyet eigentleg skulle gå? Nå viser det seg at flyet var forsinka ut – det var derfor eg ikkje hadde sett nokon som bevega seg vekk. Men uansett, forsinka eller ikkje – det er skummelt og seier mykje om meg når eg går på do i eit slikt kritisk øyeblikk for å innse at eg har dårleg tid. Og ikkje motsatt veg slik det funkar for normale mennesker med skikkeleg forhold til tid.

Eg la fra meg boka… Då var eg ferig med “The Wasp Factory” – og der landa flyet. Vel framme i Haugesund sprang eg ut i regnet og praia ein NSB buss som akuratt var til å gå. Eg starta på ei ny bok; “Gjengangere” av Henrik Ibsen. Denne boka er det ingen som har sagt at eg skal lese – eg tok han bare i tilfelle eg skulle bli ferdig med Wasp Factory. Då overraska eg meg sjøl. Eg hadde lese ei bok på ein dag og måtte starte på ei ny. Etter ein 1,5 timers ventetid på Haugesund rutebilstasjon satt eg meg på kystbussen på veg til Stavanger.

Akk, det var eit fint syn – Stavanger sentrum. Føltes som det var år og dag sidan eg hadde vært heime. Eg venta på 4 bussen, eg traff Kjersti – men ho traff ikkje meg, eg hilsa – men ho ignorerte meg. Trur ikkje ho kjenna meg igjen – eg kjenner ho bare frå teateret, men ærlig talt skal ikkje så mykje for å kjenne igjen eit fjes, sjølv om det har fått full skjegg med tilhørende bart og langt, uryddeg hår :P Etter eit kvarter med venting kom endeleg 4 bussen – og eg kunne lese ferig min andre bok for denne dagen. Eg var sjølvsagt utruleg stolt, slikt hadde eg ærlig talt ikkje trudd om meg sjølv :)

Gåande mot huset til Espen tenka eg på kor lang tid det hadde tatt å reise der eg no var – 13 timar med reise og ikkje minst venting. 7 timar i buss, til saman 1 time på fly og båt – de resterande 5 timane venting… Ding-dong. :) – Me såg Idol, var nokon flinke, men de fleste var jo heilt idiotisk dårlege. Blandt dei gode var Øyvind – som selvfølgeleg blei stemma ut. Sånn går det når det er ein heil haug med 14 år gamle jentar uten skikkeleg smak skal stemme. Dei stemmer på det som lignar mest på alle dei umåteleg kjedelege artistane me har for tida. Dét at alle sanganne disse idol-popstjernane syng er kover-låtar gjer ikkje situasjonen betre. Det er også eit eige fjortiss idol-magasin i butikkane i Noreg, noko liknande “Se & Hør” men bare om idol! Umåteleg teit syns nå eg… :o

Klokka 4 Norsk tid la me oss – ehm, blei litt seint. Tidleg neste morgon (11) føyk me opp – spiste GOOOD NORSK FRUKOST – ikkje noko engelsk dritt. Ahh.. Det var så godt… Åååh.. tenke tilbake. Menmen, uansett – me dro heim til huset mitt for å hente regningar osv. Eg snakka me Kari (naboen) og så låsa me oss inn i huset. Mens me var oppe på datarommet høyrde me ein bil – ho som lånte huset vårt kom heimat. Eg sa “hei” osv, ho blei ganske sjokkert. Mora til Espen kjøyrde oss til byen der me vimsa rundt. Espen kjøpte ein film, og så satt me oss på Dolly Dimples og såg på folk som gjekk forbi. Det var kjekt å se kjentfolk gå forbi, deriblant tante Siv og søskenbarn Rita :) Var ingen gode filmar som gjekk, så etter ein tid satt eg på rommet til Espen og sortera regningane. Ein familie-ven, Olav Petter kom og henta dei, for å betale dei værste. På kvelden såg me alle tre den nye versjonen av “Hodejegerne” programmet mens me spiste Taco og Buritoes (ehm) :]

Neste morgon var det god frukost samt eg laga ei nistepakke ( :D ) til turen tilbake. Då fant eg eit problem… Kor var passet mitt!?! Hysterisk leita me – fant inget, eg tok bussen likeså. Bussjoføren ringa rundt for å finne ut om det var på ein av hittegods terminalane. Eg var roleg heile tia – som vanleg når eg gjør noko så idiotisk. Skjerfet hadde eg óg mista. Eg sjekka med Olav Petter, han hadde ikkje passet. Då eg var framme i Haugesund fann eg fort ut at NSB sine lokal var stengt. Eg prøvde å få folk til og åpne det slik at de kunne sjekke hittegods. Men virka som om det ikkje var nokon folk der før mandag. Etter ein og ein halv time tok eg bussen til Haugesund sin flyplass – eg forklarte problemet mitt til ei hjelpsom Ryanair-support dame. Ho ringte rundt og fekk til slutt nokon til å dra ned til kontoret for å sjekke hittegods.

.. Ingenting… Eg stakk bort til ein politimann som sjekka passene, forklarte mitt problem – han ba meg vente på ei dame som skulle fikse det. Dyrt er det med midlertidig pass da – må ut med 800kr. Jaja, så hadde eg klart det igjen då – vært litt idiot og måtte betale dyrt for det… Eg rota litt i sekken mens eg venta, fant Ryanair billettane (som eg trudde eg hadde mista saman med passet). Hmm.. Eg rota vidare, av ingen anna grunn enn at eg ikkje hadde noko ana og gjøre – samt at eg ennå hadde eit fjernt håp av at eg skulle finne passet. I ei lomme av sekken kjente eg noko som hadde same størrelse som passet – eg reiv opp objektet, og trur du ikkje at det var passet!?

Hekkan, eg hadde jo lett to ganger der allerede hos Espen. Teeeeeit! Mykje bekymring og stressing – og så var det i sekken heile tia! – Eg gjekk bort til politimannen, tydelig flau og sa at eg hadde det visst :P – Eg snudde for å fortelje det til Ryanair dama. Akuratt då kom politidama som skulle skaffe meg nytt pass, hadde ho vert 1 minutt tidligare hadde det fått dyre følgar (og ennå verre følgar etter, når eg hadde funne passet)! Eg var glad då eg steg ombord i Ryanair flyet.

Venting på Stansted, så buss – der eg snakka me ei kjekk jente i fra Bodø (tror eg). Ho gjekk på universitetet i Hatfield og heitte noko med Kristin, eller Ragnhild. Hehe, altså – enten noko på K eller R (mykje bråk på buss + søvnig Odin). Ho var søt iallfall, dét fikk eg med meg :) Ho gjekk av etter ein time, eg hadde meir enn to timar igjen på bussen. Eg prøva og sove – heh… I Oxford var eg letta då eg fann at ingen hooligans hadde øydelagd sykkelen min. Eg hadde mista hanskanne óg nå, dei gjekk med på turen. Så utan lue (mista 2 stk på 2 dager for litt sidan), utan skjerf og utan hanskar sykla eg heim i kalde natta. Sovna i senga gjorde eg straks. ZzzzZzzZ.

Turen var kjekk og sikkert bra for meg. Eg veit no enno betre at Odin + Reise = Kaos. Så eg må passe meg no når eg ska fly til Frankriket igjen 15 April! Dagen etter heimkomsten sto eg opp kl 6 og trodde det var kl 6 på DAGEN, men det var på morgonen – eg hadde bare ein god døgnrytme. Det var altså i dag :) Har vært ein grei dag i dag. Men nå øydeleggar eg døgnrytma igjen. Eg skal ikkje sei kva klokka er – det kan du tenke det til sjølv (snork) ;)