Merkelapp-arkiv: Morgonfugl

Eg er (nesten) ein morgonfugl!

Det er sikkert ikkje spesielt for nokon av dykk; men i dag stod eg opp 10.00, tvo timar fyrr fyrste forelesing(!). Eg byrjar få ei meir normal døgnrytme (ikkje naudsynt betre, då ;-) ). Eg hev lyst å få opp skrivinga på sida mi att, eg vil kvitta meg med masse gamle innlegg som ligg og ventar i boki mi. Eg kjenner eg ikkje vil skriva av di eg hev ein kø på yver 10 innlegg i boki allereie (ugh :-s). Kann henda eg ser at nokon av dei er dårlege no, so langt frå eg skreiv dei – at eg berre kastar dei då. Hadde vore like greitt, mindre å skriva yver av gamle ting :p

Jadå, 0500 igjen! Hehe

No er klokka yver 0500 att. Hehe. Eg elskar å fortelja um dette på heimesida. Eg kunne kanskje like gjerne lagt ho ned til fordel for ein timeplan som viste kva tid eg la meg på dei siste dagane, i dag vert det 0530. Eg hev sitte og koda på Universitas og prata so smått med gode Nader, hev dårleg tidsfrist på Universitas-sida no. Det er masse herleg snjo utanfor, kram og god som lagar super ljod når du går på han!

Når me snakkar om ljod; eg høyrer for tidi på masse techno og trance igjen. Godt å vera attende til alt eg høyrde på som liten – eg må seia, det finst omtrent ikkje betre arbeidsmusikk enn trance! Dette her sovnar du ikkje av; men kjem inn i ein – ja – arbeidstranse. Heilt fantastisk. Men no lyt eg leggja eg, sjølv um eg eigentleg ikkje vil. Hev mykje å gjera imorgon òg (i dag var heilt sjuk, eg hev så enormt mange forelesingar parallelt!). Eg veit eg iallfall treng 4–5 timar fast søvn per døgn. MThiiis is my reeeeaaalityyyy, and it’s juuust a ravers faaaantasyyyy!!! (hehehe – sit og ler av meg sjølv ;D )