Merkelapp-arkiv: Moro

Spurting ved glede

Stundom, når eg er glad, so fær eg slike ekstreme ljonnedslag inni kroppen. Eller, vel, ikkje so mykje inni kroppen som i at brystet strammar seg inn og eg må taka eit stort andedrag. Dessutan må eg undertrykkja eit sterkt kvin.

Nokre gongar kjem det ut, ei høg ljos tone, ikkje frå stemmebandet, ikkje frå magen, men frå langt nedi brystet. Og so vert eg glad, ovglad. Og energisk, og eg anar ikkje kva eg skal gjera. Eg kjenner sterkt for å omsetja all energien til noko. Det må eg, viss ikkje so (orsak den ekstreme ) eksploderar eg. Då tek eg ofte i og spring. Full spurt.

So eg kom nett frå Kvarteret, prata litt der med Nils og Martin, det var koseleg. Starta kvelden med «Press play – estetikken i dataspel», åt falafel og so var me på operakafé. Helene ringde, ho var ferdig på segling (eg starta sist semester, no hev Helene byrja òg). Ho høyrtest ut som ho var i godt humør, trass i at ho sa ho var sliten. Eg er so glad på hennar vegne. Ho hev segla i regnet. Hah! Dårleg ver og lite ljos, det hev ikkje eg gjort.

Eg gjekk og tenkte på ymist. Og so byrja gleda å byggja seg upp i brystet. 100m frå husdøri smalt det, og eg byrja frå å gå ganske seint til å spurta direkte.

Spurta rett forbi to gutar som stod ute og røykte. Dei mora seg godt yver den totalt ulogiske og uventa oppførselen min. Lo hjarteleg. Hah! :D

Eg hadde nok ikkje gjort det dersom eg hadde sett dei fyrr eg starta, men no når dei likevel stod der og lo so sprang eg fram til døri, kjende meg litt dum, men veldig glad :D

Ahh, der kom Helene heim. Supersøt. :-)

Surfing!

So fekk me gjort det Helene lengje hev drøymd um; surfa. Det var ekstremt kult og moro. Diverre fekk me ikkje noko bilete elder video av det, me var so upptekne med å surfa ;-)

Nayan (som me budde hjå) tok oss med på surfetime. Det var mykje vind og ein heil haug bylgjer. Eigentleg ikkje optimalt, bylgjene var digre – og det er bra, men dei kom heile tidi so det var utruleg slitsomt. Det er ikkje normalt. Men båe eg og Helene fekk surfa ein heil del gongar.

Eg klarte å reisa meg upp heile tri gongar. Det gjekk ganske lett, og var fantastisk tilfredstillande. Eg kann ikkje segja eg klarte å styra noko særleg då, men det kjem nok.

Hadde det vore litt færre bylgjer so hadde det heile vore enklare av di me ikkje hadde vore totalt utslitne allereide når me kom ut. Eg kom meg på ei stor bylgja, berre for å finna ut at armane svikta meg totalt slik at eg falt pladask med andletet rett ned i surfebrettet av di eg var so råsliten.

Men for ein morgon! Dette må me gjera meir av :D

Ugress-konsert!

Det var med stor glede at eg såg plakatar som fortalte om ein komande Ugress-konsert på Kvarteret. Eg har elska Ugress heilt sidan eg var på konsert med dei (vel, han) på The Gathering 2003.

Eg gløymde heile upplegget likevel. Eit par dagar fyrr det starta såg eg plakaten att og sprang ned til Apollon for å høyra um det framleis var billettar att;

«Hah, ja, mange, ingen problem det, stress ned» …sa han.

So då stressa eg ned og tenkte eg helder burde prøva få folk med meg. Og det starta eg med. Eg spurte med meg ein 4-5 stk, men ingen kunne/ville. Hadde berre Egil budd i Bergen so hadde han vore med glatt, er eg sikker på.

Eg skreiv ei melding på Couchsurfing (profilen min, CS er heilt genialt!) same dagen, det var 3 stk som svara. Ein ville, men skulle på noko anna (saman med mange andre CS-erar), dei to andre sa «kannhenda». Han eine høyrde eg ikkje frå fyrr midt på natta etter konserte, medan han andre likevel ikkje kunne av ymse grunnar.

Jaja, so eg gjekk åleina.

Konserten starta 21.00, so eg var der 20.45. Hah! Men konserter fungerer ikkje slik i Noreg. So eg spurte kor tid Ugress gjekk på, det var 22.30. Eg gjekk heim att og venta. Då eg var der fyrr 22.30 var det framleis ekstremt få på den store plassen. Eg vart ganske satt ut.

Eg kaupte meg ein Erdinger Weiss Alkoholfrei og stod og hang litt i det digre nesten-tomme rommet. Ei gruppe på fire kom inn, dei kaupte øl i baren. Eg gjekk bort.

Fekk med meg at dei tykte det var få folk, og lurte på um det kom fleire til 23 då. Ugress skulle visst på 23 no.
«Eg var redd for at det skulle verta fullt, men, hah, tydelegvis ingenting å vera redd for!», sa eg, for å introdusera meg.
«Ha, ja! Eg og, eg er heilt sjokkert yver oppmøtet her,» svarte Mats, òg ein Ugress-fan.

So prata me litt, eg vart med dei upp ein annan plass for å unngå å hengja i det tomme rommet. 23 gjekk me ned att. Ein del fleire folk. Kannhenda 20 stk no (10 frå fyrr). Eg gjekk åleina fram og stilte meg vedsidan av nokon andre.

So kom han på. Og det starta. Og musikken starta. Og etter veldig kort tid, so var rommet fullt. Elder, såg iallfall slik ut frå der eg stod. So alle saman vart flaue yver at det var so få folk og gjekk helder ein annan plass.

Konserten starta. OG HEKKAN FOR EIT FANTASTISK LJOSSHOW. Tøft videoshow, ein fantastisk LED-skjerm som hadde so sterke LED at han vart båe brukt til dritkul stilisert/prosessert video (og mykje frå gamle filmar) men òg som den kulaste råaste ljoskastaren du kann tenkja deg. Han blenda lett publikum med den.

Det tok litt tid fyrr eg kom inn i danse-mooden iom. at eg var dønn åleina. Men etter eit par låtar so vart det sveitteframkallande slik konsertar skal vera.

Halvvegs uti, såg eg Solgunn (førre SmiB-leiar). Kjekt å kunna dansa og taka av litt skikkeleg då. Det var greitt når eg stod med Solgunn. Ho er forresten utruleg god å ha på konsertar av di ho dansar so mykje og bra. Skapar stemning og fest ;-)

Musikken var sjølvsagt , heilt fantastisk. Songane frå dei gamle albumi var best, men heile upplegget var kjempekult.

Eg tok eit lite upptak med det totalt elendige og forkastelege kamera på mobilen min. Det var i ein augoblink der eg ikkje var heilt inni musikken, so det er ikkje på det beste tidspunktet. Dessutan klarar ikkje ffmpeg å transcoda det sære ljodformatet AMR til vorbis, so ingen ljod.

Då konserten var ferdig (alt for tidleg!), møtte eg eit par folk gjennom Solgunn. Eg hadde tenkt spyrja ho kvifor eg burde jobba på Hulen (Hòla), og ikkje Kvarteret – men det viste seg at alle eg stod og hang med òg jobba der, so eg spurte det same. So eg er yvertydd, og skal hjelpa til på Hulen til neste semester. Gler eg meg til. Miljøet ser mindre og meir samansveisa ut. Eg spurte eit par i ein bar på Kvarteret, men dei var ikkje like interesserte i å verva meg forstod eg.

Greitt nok, det er heilt tilfeldig kven eg spurte, og hadde eg spurt nokon andre so kunne eg sikkert fengje eit meir entusiastisk svar. T.d. er det ofte slik at dei som er nærast «sentrum» (og jobbar mest) er mest entusiastiske. Solgunn er jo ganske sentral på Hulen (leiarar er vel ofte dei mest sentrale folka), men det var ikkje berre ho, alle Hulen-folki me traff vart heilt i hundre yver at eg hadde lyst til å verta med. :-)

Me tok ein kort tur uppom Hulen, fyrr eg gjekk heim. Framleis med den utruleg gode Ugress-konsert-kjensla i kroppen. Vonar ikkje det vert for lengje til neste gong. :D Og kannhenda andre kann koma med òg då, sjølv um det ikkje viste seg heilt naudsynt.

Overrumpla av politiet

Eg skulle skriva um seiletreningi mi i dag, som var råkult, men so skjedde det noko endå kulare nett no. Eg vart stogga av politiet på joggeturen min ned til butikken, Hollywood-stil!

Helene lagde handlelista, Nå pizzadeig (slik at eg kunne laga han), ost, tomat og mais. So gjekk ho i dusjen og sende meg av garde. Eg var so leikande glad av di eg hadde vore på seiling so eg fann like greitt ut at eg skulle jogga. Hadde på meg den svarte skinnjakka mi att av di dressen min var for blaut, eg tok ikkje med meg meir enn VISA-kortet. Eg plar alltid hava alle korti mine med meg, men kva skal eg med dei ned til butikken ein sein kveld halv eleve liksom?

Illustrasjonsbilete. Frå dagbladet.no, av HEIKO JUNGE / SCANPIX

Halvvegs til butikken so set eg farten upp litt og kastar ut refleksen min. Alt det neste skjedde so ekstremt fort at eg ikkje veit heilt kva som hende, men eg såg ein bil til venstre for meg. Han dreiv og tok meg att. Eg såg at han svingde inn mot meg, so eg sette upp farten min for å koma fyrr bilen ut (for å ikkje koma i vegen for han inn på fortauget). Med eitt set bilen upp farten og svingar kjapt inn framføre meg. Eg anar verkeleg ikkje kva eg skal gjera, det er nett som um bilen ikkje vil at eg skal springja vidare, det vesle hòlet eg ville springja gjennom er no vorte so lite at eg ikkje kann springja gjennom det.

I det bilen bremsar snøggt rett fyrr han treff husveggen spretter båe bildørene opp og to stykk fýk ut. Ei dame i framsetet og ein mann i baksetet. «POLITI!», ropar dei og er ute og held hendene mine fyrr eg fær tenkt meg um Mannen spyrr kjapt;
«Kva heiter du?» (det må segjast at eg eigentleg ikkje hugsar stort mykje av dette trass i kor få minutt det var sidan, eg vart heilt totalt satt ut)

Dei er til saman fire stykk i bilen, og alle er i full kommandouniform. Altso, ingen vanleg politiuniform, men med FULL SKUDDSIKKER VEST. Dei er store, og ser skumle ut og, no må de taka dette litt med ei klype salt sidan alt skjedde so fort, eg trur dei var bevæpna. Eg er nesten heilt sikker på at dei hadde glock (pistol) i beltet, men her snakkar eg tenestevåpen halvautomatisk altso.

«Odin Hørthe Omdal», svarar eg kjapt som ljon med hjarta i halsen, heilt sikkert EKSTREMT yverraska
«Kann du norsk?»
«Ja», svarar eg kontant med store augo og ser på båe tvo
«Du ser veldig ut som ein me er ute etter,» dei verka litt roa, «hev du legitimasjon …» eg prøver å bevega armane mine, men dei er båe tvo fastlåst av politifolkene som reagerer ljonfort på rørslene mine. Dei passar seg for at eg ikkje rekk mot våpen. Han fortset, bestemt, men roleg i stemma «… på deg som eg kann få tak i.»

«Ja, ee, prøv høgre og venstre lomme i jakka». Han romsterer rundt. «Eg skal berre ein kort tur på butikken, so eg trur ikkje eg tok med meg førarkort, so det er berre eit dårleg VISA-kort». Han finn ikkje noko. «Det er vel i bukselommene mine då».

Eg lurer på kva som kjem til å henda. Eg kann måtta vera med til stasjonen. Kor tid finn dei ut at eg er feil mann? Er eg feil mann i det heile teke, hev identiteten min vore stolen og brukt til ulovlege ting? Eg hev jo ikkje førarkortet med meg, Helene er i dusjen og ingen vits å ringja nett no. Dette var utruleg spanande, tenkjer eg.

«Me gjer ikkje dette for å skremma deg,» segjer politimannen, «du liknar veldig,» han verkar litt brydd yver at dei overrumpla meg so fælt.
«Eg er ikkje lettskremt,» segjer eg, «ingen problem,» som faktisk er sant. Eg likar jo spaning i kvardagen.
«Bur du her?», spør politidama som held meg fast i den andre armen.
«Ja, eg bur i Fredrik Meltzers gate 38, rett upp den vegen,» viser eg med augo og nikking av houvdet i og med at hendene mine er ganske ubrukelege.

Politimannen finn fram VISA-kortet mitt og bruker til slutt mobilen min til å sjå på det (myrkt).
«A-a, ja, orsak for det heile altso. Men du såg altso skremmande lik ut.» Dei trekkjer seg inn att i bilen og eg byrjer gå att. Ja. Gå, denne gongen. Fyrr eg på slutten av gata byrjar jogga att. Eg må jo bruka alt dette adrenalinet til noko, eg ser bilen køyra seint frametter når eg svinger nedum til Ica.

På Ica gjeng det endå meir upp for meg kor utruleg tøft eg syntest det heile var, eg storgliser, og merker meg alle saman i butikken – ingen anar at det luskar ein ekte politikommandestyrke rett utanfor døri – pluss at eg vart teken av dei! Kult!

Kick-ass!!1

Eg og Helene såg nett Kick-ass på kino. Er det ein film som fortener det namnet so er det denne! Å i salte banan-kasse kor moro eg hadde det. Det var latter og innleving i filmen det!

Eg skal ikkje skriva eit lengre innlegg som eg kannhenda eigentleg hev lyst til, for me hev gjestar dei prøver sova men eg måtte i det minste gje litt kreditt til denne skittøffe filmen. Aiaiai.

Ikkje noko underfundig akkurat, ingenting revolusjonerande på nokon måte, men berre rein skjær underhaldning. Ekstremgod underhaldning for det. Eg kjende det nesten som um eg vart kameratar med dei i salen, so mykje koste me oss.

Og ei 11 år gamal jente som plafrar ned folk til høg diggbar musikk? Ubetaleleg.

No er det diverre leggjetid, sjølv um eg helst vil springja ut og vera KICKASS sjølv! :D

Ah, og ein ting til, du må truleg lika Quentin Tarantino for å lika denne. Viss du gjer, kos deg med filmen ;)

Ahh, og ein siste ting; i morgon legg eg ut noko anna ekte kickass/råstilig/utruleg som skjedde med meg sist onsdag. Slik apropos. Deilig…

Eksamenslesning i herlege, fantastiske Kviteseid

Å, det er so evig herleg her i Kviteseid! Eg og Helene kom her i går med buss. Det var ein dyr tur. Diverre. Viss ikkje hadde det vore lett å drege mykje oftare. Falke, Kitty Karina, Ylva (veninna av KK) og pappa var der allereide.

Eg skulle liksom lesa til eksamen i INF3190. Eg fekk lese mykje meir enn det eg truleg hadde fengje lese i Oslo, eg plar jo ikkje lesa stort meir enn ein time elder tvo fyrr eksamen. Likevel fekk eg verkeleg ånda yver meg her. Hadde eg vore her tidlegare so hadde eg lett kunna lese heile pensum og hugsa store deler av det. Diverre vart eg att i Oslo grunna ein visning (som viste seg å vera totalt ueigna, hadde me fengje litt meir info på telefon so…) og eit forsøk på å få gjort obligane til å taka eksamen i FYS3240.

falke_kutter_tre

Etter me hadde ligge ute i det herlege veret fekk eg so utruleg lyst til å klyppa graset og fiksa i hagen. Kviteseidsyndrom altso. Fær lyst å vera aktiv. Det er spesielt. Og veldig bra. Kjennast herleg.

Eg starta denne dagen med frukost, fortsette med lesing, hadde lunsj og sette oss ut i soli att for å lesa. Falke og Pappa byrja å kutta tre i hagen. Falke er ein kløpper med motorsag og klatring i tre, han jobber med slikt. Eg filma litt av det og las vidare uppe på altanen med den flotte utsikten.

Til slutt tok ynskje um å vera med yver, og eg og Helene vart med. Det var veldig kjekt. Det er godt å gjera skikkeleg arbeid og ikkje berre sitja å trykka på ei datamaskin som eg normalt gjer. Eg vert glad av å vera ute. Inne vert eg berre irritert, sint og sur av.

kittykarina_og_helene_rydder

Me gjekk ned til Kvitseidsvatnet og bada saman med Kitty Karina og Ylva som var der allereide. Falke kom ned etter litt.

helene_daffar_seg

På vegen heim kaupte me is. Pappa laga god middag. Eg og Helene las litt meir (framleis sol) fyrr me til slutt drog ned til der me skulle setja upp flytebrygga vår. Dei var nesten ferdige. Det vart ei flott brygge. Der skal me leggja båten vår, når me fær ein. Gler meg stort til det. Yay!

Eg fekk køyra traktor for fyrste gong, det var veldig moro. Falke viste meg. Eg byta til vanleg bil for å henta han, og køyrde jentane upp til nokre hestar. Vel heime prøvde eg lesa meir, men det gjekk helder dårleg. So eg sat på internett som me stel frå naboane sitt trådlause. Me hev kaupt ei stor antenna som me koplar til pcen, og vips, steling av internett! Hoho. So deilig.

kittykarina_og_ylva_i_kviteseid, nb, dette er ikkje brygga vår, men den kommunale badebrygga

I staden for å dra på vitjing til nokre naboar vart eg, Helene, Ylva og Kitty Karina inne og såg Lovleg Blond 2. Ingen god film, men hadde faktisk moral som var ok. Utanum at filmen var ganske flau.

…og alle var einige um at det hadde vore ein god dag! :D

Karaoke på nattoget til Bergen!

Eg sit på nattoget og er i eit heilt ekstremt supert humør. Det er ikkje yverdriving ein gong (noko eg ofte gjer, orsak)! Fyrst tvo episoder Ugly Betty (wey!) og so KARAOKENATTOGET!

Fyrr alle vert mongosinte på meg for å gjera noko so ukristeleg på eit nattog so må eg få segja at eg ikkje syng ut høgt og at eg hev øyreklokkor på. Men eg legg ikkje sjul på at eg so gjerne, so gjerne, so gjerne skulle ha synge ut HØGT OG KLÅRT.

I dag fekk eg høyra «Skal du taka nattoget, åjavel, men det er vel greitt – då fær du sova!». Eg var sjølvsagt rask til å forklara denne personen at, nei, slik er det ikkje. Alle som hev lese netsida mi ei stund veit kva eg meiner um dette, men eg likar so godt å segja det, so eg svara altso;
«På nattoget sit du oppe heile natta i eit lite sete, du søv ikkje, det er difor det heiter nattog og ikkje sovetog
Det er nett difor mi nye oppdaging er so herleg!

Den ekstraordinært urolege dansingi mi i setet, er vel ei slags kompensasjon. Diverre trur eg dét óg er irriterande for folk. Spesielt tastaturknastingi mi òg no. Eg er so hyper og hev funni ut at karaoke er so vegen å ganga. Eg hev gaula ljodlaust ut mellom andre dei fylgjande låtane:

  • Phantom of the Opera – Music of the Night
  • Brecht – Mack the Knife
  • Maroon 5 – This Love
  • Cat Stevens – Oh Very Young
  • Akon – Lonely
  • Waltzing Matilda
  • Up Where We Belong (Love Lift Us Up)
  • You Are My Sunshine (My Only Sunshine)
  • Metallica – Hero of the Day

Det er veldig underhaldande. Eg kann ikkje forstå at eg ikkje innsåg kor ekstremt bra dette hadde vore alle dei andre gongane eg hev teke nattoget.

Åh. Eg er heilt i skyone. Svevande, slik so mange andre menneskje. Men no kjenner eg det i meg – ikkje slikt klissete metaforisk. Hoho.

Vel, folk rundt meg er sinte på snart 3 timar med irritering frå mi sida. So eg sluttar å syngja, sluttar å skriva og sluttar sitja på maskini mi. Åvel. Kva skal eg no?

Sova!?

Dataarbeid heime i joleferien

Mykje av det eg hev gjort her heime er å sitja på datamaskini. Ja, ganske likt det eg plar gjera i Oslo. Likevel hev eg gjort ein god del ting eg ikkje plar gjera normalt; so eg tenkte eg skulle seia tvo ord um det.

Eg skulle laga ein effektiv video-lagringsmaskin til pappa, slik at han kunne taka inn den digre mengda med video som me hev. Han vil taka vare på det og redigera det ned. Familievideo og anna. Eit godt prosjekt. Rita og nokre veninner ville redigera videoen dei hadde teke på turen sin rundt verdi, so eg kunne halda på med det medan eg hjalp dei so smått med å redigera på Mac-en til Randaberg VGS.

Videomac, Final Cut Pro og øydelagde harddiskar

Ei lang historia kort: dei tapre jentone nytta ein heil dag som viste seg å berre verta til inga nytte. Den eksterne harddisken (Lacie, skikkelege drittdiskar) viste seg å vera heilt øydelagd. Eg kom ikkje på det fyrr. So dei nytta 8 timar på å taka inn ein og ein halv videokassett og ingen redigering. Veldig nedtur. So eg sa dei like godt burde prøva å gjera det ein annan plass. Eg fekk ikkje tid til å laga programmet for videoinnhenting til pappa.

DV og Linux

Då eg kom heim såg eg på det lille drittkamera pappa hadde skaffa for å bruka til å taka inn video; det fungerte ikkje på Mac-en i byen. Eg syntest jo det var veldig teit og ville feilsøkja med den berbare maskini mi heime (Sol). Det fungerte berre, heilt utan vidare. Eg vart sjølvsagt imponert. Hadde sers liten plass på disken, men eg tok inn eit par-få scenar og starta opp Cinelerra.

Eg hev vore veldig hard mot Cinelerra. Mitt videoredigeringsprogram er Final Cut Pro HD, og sjølv um det er veldig irriterande å måtta bruka Mac OS X berre for å redigera video; so synest eg ikkje programmi som er til Linux for ein grei penge er gode nok. Eg hadde eigentleg skuve frå meg heile Cinelerra ganske lengje. Sidan eg ikkje fekk gjort det eg ville ganske raskt, so kasta eg det. At det ofte hang då eg testa det ut gjorde det ikkje stort betre. Men eg tenkte, no som eg hev fengje inn DV-videoen på ein so enkel og god måte kann eg jo like godt prøva å redigera det!

Cinelerra

Men, wow! Eg vart so glad og yverraska, det fungerte jo sørenmeg! Eg kutta og stod på, det tok ikkje lang tid fyrr eg var ferdig med eit lite klipp. O, hallelujah, det vart noko. Ikkje eitt einaste kræsj. Litt seinare las eg manualen og fann tvo ting eg sakna. Cinelerra er framleis ikkje god nok til å erstatta Final Cut Pro for meg, langt i frå; men han er absolutt, absolutt god nok for private prosjekt. Eg kjem truleg til å gjera meir videoredigering på mi eiga maskin frametter, dette var so moro.

Bluetooth, blåtann

Maskini mi er so gamal at ho ikkje kom med blåtann. Dumt. Difor kann eg ingenting um blåtann. Dumt, teit. So eg kaupte ein blåtann-usb-sak av Espen. Ganske lurt.

So etter litt streving med Bluez fann eg ut at blåtann ikkje var stress i det heile teke. På same måte som folk tykkjer kommandolina i Linux er stress. Med ein gong du hev funne ut av det er det superlett. So no er blåtann superenkelt. Fungerer mykje på same måte som å setja upp netverk i Linux fann eg ut.

Wiimote + OpenGL

Men eg hev jo ingen blåtann-ting. Eller hev eg? Jo! Wiimotane mine! Etter litt hadde eg ein pc med mus styrt av Wiimoten. Tøft. Men ikkje tøft nok. Eg tenkte, hmm. Tenk å laga eit lite spel. Det hadde vore moro. Men eg kann jo ikkje OpenGL. Jaja, eg fær læra meg det. So då lærte eg meg OpenGL. Etter ein dag kunne eg flytta farga og malte figurar rundt i eit 3D-rom. Eg brukte cwiid-biblioteket for å bruka Wiimoten til «spelet» mitt, og etter ein del hacking fungerte det! Wey! Eg vart sers stolt. Hev vist det til mange. :] Eigentleg ingenting å vera stolt yver, men likevel – eg synest det er tøft.

Ubuntu 7.10 på ein MacBook

Gode kamerat Bror-Magnus var innom og ville hava Linux på MacBooken sin. Han ville prøva Linux til ljodarbeid, med realtime-kjerna og alt. Det tok ein god del tid å leggja inn; men det viste seg at det fungerte til slutt. Eg var so glad at me ikkje trong Bootcamp til å få det til å fungera (då måtte han jo ha betalt for den teite oppgraderingi til Leopard, doh). Måtte fiksa dei trådlause driverane sjølv, men elles fungerte alt ut av boksen (ikkje kamera, men det kann fiksast). Dessutan var ikkje alt sett opp korrekt, eit stort problem er jo at desse teite maskinene berre hev ein museknapp. Ganske teit. Men trur me fann ei enkel løysing på det til slutt (Ubuntu hadde visst innebygd stønad for slikt tull!).

Vonar Bror-Magnus klarar læra seg UbuntuStudio då. Me burde gått litt meir gjennom ting, men eg hadde ikkje tid.

Django, Cinelerra3

Eg hev nesten lese heile Django-boki. På natta. Det er ikkje bra, slem gut. Elles vil eg hjelpa til med Cinelerra3, problemet er at det er eit videoredigeringsprogram. Altso, noko veldig vanskeleg. Eg er langt frå ei rockestjerneprogrammerer, langt frå ein medels flink programmerer tilogmed, difor er det eit litt høgt mål. Men eg skal hjelpa til, og hev funne ut at eg kann (prøva å) hjelpa til på webgit, som må fungera skikkeleg fyrr utviklingi av Cin3 gjeng vidare.

Elles er eg no skikkeleg gira på å laga ein heil film der eg berre brukar fri programvare! :D

Lag i Årdal!

Yey! Eg kjenner det vert mykje NMU-relatert her no for tidi, men det tek all tidi mi no for tidi. Og, ja, førre setning hadde tvo for mange «tidi» i seg. Men eg syntest det var litt moro. Dessutan er det tøft med so mange i-ar. Same kva, det ser no ut til at det vert lokallag for NMU i Årdal! Det er jo megasupert. Eg kjem til å draga vestyver til Sogn og Fjordane mellom 25. til 30. november og vera med på mi fyrste lagskiping. Og eg gler meg noko heilt enormt! :D

Ringjert

Eg hev ikkje fortalt um ringjertane me hev i Sentralstyret i NMU, dei gjeng ut på at me ringjer medlemane i området vårt. Eg var heilt ekstremt redd for dette då eg starta; eg ringde ingen (utanom Jostein Avdem Fretland, som eg visste var ein skitbra mann). Etter eg hadde fått kjenna organisasjonspisken starta eg å ringja lell; det viste seg at det var omtrent ingen som svarte. Eg ringde og samtalane gjekk slik som dette:

  • Meg: Hei! Dette er Odin Hørthe frå Norsk Målungdom som ringjer!
  • Person: Åh. Hei.
  • Meg: Hev du litt tid? (Her smiler eg litt ekstra, eg hev ikkje peiling um det er mogleg å høyra slik :P)
  • Person: Ja, hev vel det.
  • Meg: Ah, ok…

På dette punktet byrjar eg seia allslags rare ting. Nokre gonger pratar eg um at eg skal spyrja um fleire ting (ganske teit). Andre gongar spyrr eg um dei hev fengje brevet frå oss for nokre vìkor sidan (dette fann eg ut var lurt å spyrja um etter litt (med hjelp frå Jens)). Det pla enda slik iallfall:

  • Meg: … Sooo, det eg prøver å seia er; hev du tid og lyst til å koma på ideologiseminaret?
  • Person: Naai, eg trur ikkje det, du.

Etter det skulle eg spyrja um det var mogleg å få til noko lokallag på plassen – det vart eg betre til etter litt.

  • Meg: .. Eh, korleis.. er folki rundt deg? Er dei, uhm, moglege, eh, målungdomar? :P
  • Person: ???
  • Meg: Trur du det er von for å få til eit lokallag?
  • Person: Njaa, trur ikkje det.

Ånei. Det var yverraskande, du. Nei, men eg er eigentleg litt slem her, for eg hev eit stort fylke som er heilt fantastisk med masse kule folk; Sogn og Fjordane. Det var fleire kule folk i Årdal fann eg ut, plutseleg varte telefonsamtalane 15–50 minutt og ikkje 2. Me gjekk nøye gjennom stoda for nynorsken i Sogn og fortalte ein del um NMU sentralt. Ganske koseleg. Eg lyt ikkje skriva namn, men generiske førenamn bryr ingen seg um; so eg hadde sers koselege samtalar med mellom anna Eirin, Merete, Kristine og Anette. Anette sa faktisk ho ville koma på idsem (Ideologiseminaret), eg visste ikkje kva eg skulle seia:

  • Meg: So, hev du tid til å koma på idsem?
  • A: Ja :-)
  • Meg: Aah, haha ja, dumme meg, det er jo ikkje det eg skal spyrja um fyrst; meir viktugt: hev du lyst til å koma på idsem.

Her kann eg jo ikkje seia anna enn at eg venta å få eit «nei :-)» (med smil, sidan Anette saman med resten NMU-medlemene i Sogn og Fjordane er ekstremt koselege og hyggelege).

  • A: Ja, det vil eg gjerne.
  • Meg: Eh. … Å? Ehh…

Plutseleg vart eg mållaus, etter eg hadde prata som ein kanon i mange, lange minutt. Eg ville ikkje verta fort ferdig med samtala, so eg hadde utsett idsem-spursmålet lengje; då eg fekk positivt visste eg sjølvsagt ikkje kva eg skulle gjera. Men prøvde til slutt å ro meg ut or det:

  • Meg: … So, eh, bra. Av erfaring er det ikkje det folk seier. So. Ja. Eg veit ærleg talt ikkje kva eg skal gjera når du seier ja. Kann du seia «nei» heller?
  • A: Ok, … nei, det vil eg ikkje.
  • Meg: Ah, mykje betre!

Det siste der med «nei» var sjølvsagt berre tull. Meg og Anette la seinare planar um å taka yver verdi i tillegg til å finna ut korleis me skulle få fiksa transport til Oslo. Til sist viste det seg at ho ikkje fekk lov til å reisa lell. Menmen, neste år. :-)

Ut av den enorme avsporingi

Eg skulle gjerne skrive endå meir um kor kult ringjert vart. Eller kor mykje mindre skræmande. Det fær vel heller liggja. Same kva, etter ideologiseminaret hadde hadde eg endå tettare bånd til Sogn og Fjordane, og visste at einaste moglege vegen var opp, opp, opp. So med nytt mot ringde eg att til Årdal, der eg tenkte meg og Mariell skulle starta lokallag. Eg fekk prata med… Nei, eg må slutta å nemna namn. Er ikkje snilt. Same kva, eg fekk prata meir med hyggelege menneske i Årdal. Eg visste sjølvsagt allereie at dei var tøffe, kule og nynorske (+ viljuge til å starta lag) so det var ei sers enkel økt.

I dag ringde eg endå litt meir, og no er eg heilt sikker på at det vert lag i Årdal! :D Eg gler meg slik til å reisa og skipa mitt fyrste lag, vel, det er jo eigentleg langt i frå eg som skipar laget – men eg fær vera med! :D

Forresten, eg hev framleis ikkje fengje sagt det: sjølv um målungdomane i Sogn og Fjordane er til å eta upp, so hev 90% mobilsvar på. Det er heilt utruleg irriterande. Dei er nærast umoglege å få tak i. Eg kann ringja 10 stk, og med 10 mobilsvar på rad.

No må eg snart byrja ringja um ugjelda medlemspengar; eg tenkte i byrja det var skummelt, men so sa Jens at folk vert glad for at du ringjer.

  • Person: Åå!? Hev eg ikkje gjelda medlemspengane, nei, det må eg få gjort – send ei ny rekning!
  • Jens: Ok!

Når sant skal seiast so er det ganske logisk, ofte hev folk meldt seg inn i NMU for å vera medlem :-) Eg vart glad då eg vart minna på å gjelda medlemspengane (for eg gløymer jo alltid slikt).

So til slutt

Yey!! Lokallag i Årdal! :D Eg hev framleis ikkje vore i Sogn og Fjordane, men no skal eg dit um alt gjeng bra! Då er det ikkje mange fylke att fyrr eg hev vore i alle. Eg trur faktisk det er det einaste att, det må eg sjekka til neste gong. Kannhenda Hedmark manglar. Reiseskildring frå Årdal um tvo vìkor. :]

Harry Potter og Føniksorderen saug faktisk ikkje

Det starta med Harry Potter-filmane 1 (Dei vises stein) og 2 (Mysteriekammeret), heilt greie typiske Hollywood-filmar. Eg var slett ikkje imponert – det hadde vore ei av dei litt betre filmane me kann sjå på TV Noreg (ikkje å hoppa i taket for altso). Den tredje filmen kunne eg sjå, smila og gløyma. Ingenting vondt um det, filmen var god den. Eg irriterte meg ikkje stort. Det er lengje sidan eg hev sett honom, men eg trur eg kunna gjeve han 3,5 av 6. Yver snittet altso.

So kom den fjerde (Ildbegeret)

Å hekkan. Eg hugsar den filmen godt. Eg hugsar då eg køyrde Rebecca heim og prata sers eldhuga um filmen, ganske likt i kveld faktisk. Men eldhugen eg hadde var alt frå positiv um filmen. Eg var so totalt fullstendig forskrekka yver den søppelhaugen av ein film dei hadde klårt kasta saman. Den filmen var dårleg. Manusforfattar hadde gjort ein reint elendig jobb. Ein viktug ting å hugsa for Harry Potter-tilhengjarar, manusforfatterar og regissørar;

Bøker og film er forskjellege kunstformar.

Du kann ikkje laga god film av god bok utan god tilrettelegging. Og ikkje prøv å få med so mykje som mogleg av boki – ikkje lat ho diktera filmen! Sjølve handverket i filmen var godt – men regissør og manusforfattar hadde verkeleg lagt doavlaupet ned i grunnvatnet og øydelagt filmen frå rota. Enkeltståande scenor i filmen var gode, men sett saman til ein film, held det ikkje.

Ei radikal endring med Harry Potter og Føniksorderen

På same måte som sist køyrde eg og Rebecca heim medan eg ivrig prata um filmen. Denne gongen var det ei mengd positive ord som flaug mot vindskjermen. Produsent hadde gjort det einaste fornuftige og sparka heile gjengen med kreativ kontroll etter den skandalen med førre film. I all hovudsak er det tri funksjonar som hev vorte signa med nye sinn.

  1. *Regissør David Yates* hev gjort ein stor, stor jobb. Eg trur mykja av æra til at denne filmen er so fantastisk god ligg hjå han. Historieforteljingi er framifrå i Føniksorderen, medan førre film var eit skrekkdøme på det motsette.

    Filmen er ei rein glede med Yates sitt gode arbeid med skodespelerane (dei syg ikkje i denne filmen(!)) og sitt tydelege blikk for båesmå detaljar og den viktuge heilskapen. Han hev laga ein mykje meir utradisjonell film enn kva dei andre viste, ein meir, um eg fær seia det europeisk film. No er eg ingen filmkjenner, men måten Yates fortel med kjenslor, ljos og musikk medan han frir seg meir frå den tunge Hollywood-trøya og lagar ein film som er mykje mindre «korrekt» viser meg at her er ein «europeisk» film.

    Elles gjeng òg manusforfattar Michael Goldenberg herunder, for det er sikkert mykje av honoms æra at filmen er so godt samansveisa no og ikkje berre ein haug enkeltscenor som er slengt inn «fordi dei må vera der». Det er mykje morosam dialog i filmen, mange replikkar teke rett frå boki (i fylgje Rebecca) og mange lure løysingar på korleis ein gjer bok til film utan å verta diktert av boki.

    Elles hev Mark Day som hev klippt filmen gjort ein fantastisk jobb, eg veit ikkje kor mykje som er Yates og kor mykje som er Day av den spreke og godt klippa filmen me hev fengje. Men redigeringi var iallfall spektakulær.

  2. *Musikken av Nicholas Hooper* var heilt fantastisk. Eg hadde aldri meint at førre musikkskribent burde sparkast, han hev vore med frå starten og laga flott musikk til filmen. Men Nicholas Hooper hev gjort ein endå betre jobb, saman med det nye blodet til Yates klarar dei laga fantastisk ferske scenor som det er ein fryd å sjå. Eg vart verkeleg positivt yverraska yver musikken.
  3. *Fotograf Slawomir Idziak* hev leikt med ljoset, funne kameravinklar som hev understrekt meiningi til biletet og vald rette linsor. Han hev turd bruka vidvinkellinsor som me sjeldan ser i denne typen filmar, og han hev gjort alt saman på ein fantastisk smakfull måte.

    Eg vart ikkje serleg yverraska då eg fann ut at fotografen til Føniksorderen er same fotograf som eg hev på ein film eg hev sett berre grunna fotografien; La double vie de Véronique. Den filmen hev eg i samlingi mi for fantastiske bilete og intelligent bruk av fargar. Mange meiner at den meir kjende filmen «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain» er inspirert av denne (og det er jo òg ein vakker fotografert film).

    Ein annan ting som kann henda hev mykje med kvifor eg elska bileti i denne filmen, er at me såg han digitalt på ein 2k-prosjektør (trur eg iallfall). Eg vart so utruleg yverraska då eg såg dei fyrste bileti i filmen, eg vart med ein gong hugteken av kvaliteten. Eg hadde vanskar med å skjula kor godt det var å sjå so ekstremt god biletekvalitet. Frå då visste eg at eg ville sjå filmen slik han var meint til å sjåast, og eg vart glad.

    For eitt år sidan var eg i Oslo på «Digital Cinema conference», der eg høyrde fyren som fargekorrigerte Føniksorderen prata um korleis han hata filmkopiar. Mykje av det harde arbeidet honoms gjekk vekk i filmkopiane. Men sidan me såg ein digital kopi skjedde ikkje dette. Bileti var sjølvsagt òg sylskarpe. Film er verkeleg bra på kino att!

Skodespelarprestasjonar

Det einaste eg beit meg merke i av opplagt negative ting, var at ho som speler Ginny ikkje klarte å le truverdig når dei hadde jolemiddag. Det irriterte meg. Elles spelte Humlesnurr ekstremt mykje betre no, etter tragedien i førre film. No er han mykje nærare slik Humlesnurr skal vera, sjølv um han framleis ikkje er Humlesnurr på same måte som han førre fyren var det. Hovudskodespelerane gjorde det òg mykje betre i denne filmen, eg er van med å grina yver kor dårleg Daniel Radcliffe (Harry Potter) speler, men denne gongen var han ganske OK. Rupert Grint (Ronny) speler bra, som normalt (som eg må innrømma, trass i at Rebecca meiner det same og hev sagt so fyrr meg (:P)) og Emma Watson (Hermoine) speler betre enn fyrr. Imelda Stauton (Dolores Umbridge) treng eg nesten ikkje nemna, ho er perfekt i rolla.

God underhaldningsfilm

Jepp. Det vart kann henda litt langt, men slik er det no ein gong. Eg vil gjerne sjå denne filmen endå ein gong for å finna problem med han. Eg hadde forventa noko so dårleg at eg ikkje tenkte eg trong sjå nøye etter for feil. Der tok eg altso feil.

Dette er ein god film for kva det er. Det er nok langt frå min favorittfilm, trass kor positivt yverraska eg vart og trass kor mykje bra eg hev skrive um han. Eg hev ganske enkelt sett filmen inn i ein bås (Hollywood underhaldningsfilm laga frå populær bok) og hatt forventningane mine deretter. Sjølv um eg er freista til å gjeva han 6/6 for å vera langt yver det eg trudde slike filmar kunne vera, so lyt eg ikkje gjeva han meir enn 5/6 um eg ikkje skal diskriminera på sjanger. Hehe.

Men det gjorde altso ikkje vondt i hjarta å sjå Harry Potter og Føniksorderen.