Merkelapp-arkiv: mortehu

Elendig produktdesign på fruktdrinkmiksarar

Då skjedde det um att. Min andre øydelagde fruktmiksar/blender. Hekkans billege dritt, desse 600 kroner dyre kjøkkenmaskinene som ikkje er gode for nokon ting.

Ok. KVEN FAEN FANN UT AT KOLBENE SKULLE VERA AV GLAS!?

Sett upp mot plastikkolber so er glaskolber:

  1. Dyre
  2. Stygge
  3. Vandskelege å halda reine
  4. Tunge
  5. Plasskrevjande
  6. Farlege (helder plastikk i hovudet enn masse glas)
  7. og sist og aller mest: JÆKLEG ENKLE Å ØYDELEGGJA

Min fyrste fruktdrikkmiksar

Den hadde eg på Kringsjå og brukte til å laga fruktdrikkar i rå frukt, og grønt-prosjektet. Den vart øydelagd av di det var GLAS og ikkje plastikk.

Ok. Du lagar fruktdrikkar 4-5 gongar til dagen. Utanum at fruktdrikkmiksaren er heilt elendig og ikkje fungerer til det han er laga til, so er jo denne hekkans drittkolba av glas utruleg vandskeleg å vaska. So det er sjølvsagt ei stor fyremon å vaska kolben med ein gong du hev laga fruktdrikken.

So. Kald kolbe grunna masse is i. Alt innhald yver i eit digert glas, og so vaska kolben.

Ingen god idè. For det er jo glas! FAENS GLAS! Ikkje moderne, hard plastikk. Nei, GLAS. HEKKANS DRITTGLAS.

So den sprekk sjølvsagt.

Andre fruktdrikkmiksar/blender

Eg hadde lova å aldri kaupa ei ny slik drittmaskin. Men so flytta mortehu til Kanariøyene og selde alt han eigde, so eg kaupte maskini av han for å hava noko. Han var sjølvsagt like elendig som den førre, so difor bruka eg han sjeldan.

I dag kom eg svolten heim, opna kjøleskåpsdøri, såg ingenting interessant, slang ho att medan eg gjekk vekk.

Og so dett heile tunge driten i golvet frå toppen av kjøleskåpet. Og fordi det er faens drittglas: glaskolba sprengjer mot bakken og det er små glassbitar yver heile golvet. VITS! VITS!

Forresten er eg utruleg glad for at eg gjekk vekk frå kjøleskåpet, viss ikkje hadde eg truleg hatt eit par veldig sår i hovudet nett no. Kvifor miksaren stod so langt ute på kanten anar eg ikkje. Det var jo òg ganske ulurt, um enn ikkje like ulurt som å velja glas då.

Det er ikkje ei einaste fyremon med å bruka glas i staden for plastikk! Ikkje ei einaste! Berre drit!

Salsargumentet; lett å øydeleggja sel mange

Jo, det er eitt argument for glas; desse ærkemongoane som lagar slike elendige fruktmiksarar vil selja mange. So difor brukar dei glas som ikkje tóler ein drit for at du skal kaupa inn dritet heile tidi.

Det er berre so inn i hampen synd at dei let mongo seljarar leia produktdesignet, når eitkvart fornuftig menneskje ville ha laga kolbene av plastikk. Kvifor ikkje la dei mykje smartare ingeniørane/produktdesignarane få velja korleis produktet skal vera, i staden for dei stokk dumme marknadsfolki?

Ein skikkeleg fruktdrikkmiksar…

Ein skikkeleg fruktdrikkmiksar kostar jo ~5000 kr, so det er eit stort hopp. Det var rett fyrr eg kaupte ein veldig lengje, og no lurer eg søren meg på um eg skal kosta på meg det att.

Og den til 5000 hev sjølvsagt ein firkanta upåkosta plastikkolbe!

Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.

Eg hev det med å ikkje gjera kva eg bør. Og det hev eg gjort alt for mykje i det siste. I morgon hev eg eksamen i 2270. Eg fann ut han vil verta mykje vanskelegare enn eg hadde trudd. So i morgon hev eg fylgjande gjerelista:

Gjerelista for i morgon (onsdag 13. juni)

  1. Læra meg kardinaldiagram
  2. Skriva ut lista yver maskininstruksjonar for x86-prosessorar (inkludert float x87!)
  3. Læra meg boolsk algebra betre
  4. Ringja Helene Stenhaug (evt. epost/jabber – må få filmmanuset til sumaren no)
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO Bolig um kva som skjer med hybel/parleiligheit til neste semester (la til denne etter publisering, kl 0300)

Lite nyttig døgning

Forresten draumde eg masse i dag. Eg la meg, sov, draumde, la meg, draumde i syklus fleire gongar. Eg skreiv ein tekst der eg prata um det eg hugsa – men det vart ganske teit, so det spørst um eg publiserer det.

Det var koseleg å gå på kino med mortehu. For tvo dagar sidan sat me på saman på PING til klokka var 06, då drog han. Eg drog heim 07. Då hadde eg døgna (utan grunn). Eg la meg 0800 og vakna seint på dagen. Prata med Rebecca og sat på datamaskini. So la eg meg att, og so var det dagen i dag. Var altso inne ein heil dag. Det var jævleg. Gjorde ingenting. Ugh.

Spring mot t-banen

Ja, etter kinoen var ferdig gjekk me seint til t-banen. Me kom på eit pessimalt tidspunkt (mortehu fortalde meg det var det motsette av optimal – fann ingenting i ordboki); banen hadde nett gått og det var 26 minutt til neste. So me gjekk heilt til Jernbanetorget, der fann me ut at det var framleis 15 minutt att, so me gjekk attende ein liten omveg. Mortehu heldt rekningi med tidi (eg hev ikkje peiling, eg gjev ofte uttrykk for at eg kann matte – men det er berre at eg innbiller meg sjølv um det, eigentleg vert eg forvirra av tal).

Me møtte på ein utanlanding som spurde um eit hotel, me gav han veg og mista dimed litt tid. Me gjekk treigare òg. Mortehu sjekka klokka og såg at ho var 2350; altso nett då t-banen kjem. Me var utfor Universitetet i Oslo si jus-avdeling; «no må du springja um du skal rekkja det» (eller noko), sa Morten. So eg spurta. Raskt. Var kjempemoro. Eg rakk toget akkurat. Såg det kom inn då eg var på utsida av Nasjonalteateret t-bane-stasjon. Eg kom meg akkurat inn i siste vogn fyrr dørene vart lukka. Sidan eg er i elendig form, pusta og pesa eg lengje etterpå.

Men no er klokka mykje, og eg lyt sova um eg skal få gjort den enorme gjerelista eg hev laga til i morgon. No er han på netet òg, so då er han endå viktigare. Natta! (0200… gah!)

Oppdatert: La til noko eg gløymde i gjerelista… :-)