Merkelapp-arkiv: Nederland

Amsterdam, dag 2-3

Arrr, klokka er 09, me må snart dra. La meg 04 i natt, dagen før det 05–10. Har framleis ikkje gjort hovudpunktet i kvifor eg er i Amsterdam, men det skjer i dag og imorgon. Kjenner likevel for å gje eit kort resyme av kva som har skjedd til no.

Dag 2, gig @ Burbon Street

Fyrste dagen har eg allereie skrive om, men veit ikkje korleis eg skal få det av laptopen endå. Sto opp hos Peter, forsto ikkje dusjen så eg dusja ikkje. Det var iskaldt ute, og regna då me fann ut dei me skulle til ikkje var heime/vakne. Satt oss inn på ein internettcafe då.

Når Balkyre (anar ikkje skrivemåte) og kjaerasten var oppe gadd me ikkje dra til byen igjen. Sat inne med dyner over oss i sofaene, eg starta på Harry Potter og fangen frå Azkaban. Neste dag var eg ferdig med han. På kvelden skulle dei spele på “Burbon Street”, ein bluesbar her i Amsterdam. Eg filma litt av det, men eigentleg er ikkje det noko me skal ha så mykje av. Var masse gamle folk, var der frå 20–04. Skulle gjerne gått klokka 00 eg, men akk. Tok Taxi heim, synest han tok ein litt lang veg. Slik er det med turistar.

Dag 3, gig @ Waterhole

Vakna av enorm snorking. Då var klokka 10, eg gjekk å dusja (denne dusjen kunne eg forstå). Måtte taka på dei gamle kleda; sidan eg ikkje (ingen av oss) visste at me skulle sova hos dei. Naerme byen. Det var jo myykje greiare då. Slapp å taka ghetto-nattbussen heim att. Dei kleda stinka. Var i byen, åt frukost og såg på menneskje. Eg kjøpte ei brun-ish hue/lue. God og varm.

Denne dagen skulle dei spela på ein plass som heiter Waterhole. Før det sat eg litt på maskina, ville skriva. Rebecca ringde meg, sidan me hadde 1-månadsdag. Me prata alt for lengje, noko båe min og hennar foreldre si telefonrekning vil sjå. Eg prata frå eg var i leilegheita, ut til trikkestoppet, på trikken, gåtur i byen, utanfor Waterhole, gåtur til Burbon, gåtur tilbake, så masse vimsing rett uti gata der. Var heilt varm i øyra då me slutta av. Berre nokre få dagar til eg er heime lell, sa det er ikkje noko problem.

Sjølv om eg savna Rebecca då eg sto opp i dag, eg har ikkje for vane å gjera slik, men no hadde det tydeleg gått lang nok tid for det (4 dagar). Heilt aerleg trudde eg det skulle taka lengre tid. Tok jo eit halvt år før eg tenkte på familien då eg var i Oxford. Men Oxford hadde mindre dødtid, var mykje meir utfordrane og nytt. Same kva, det var ein avleiing.

Inne på Waterhole spelte Pat Savage Band veldig bra. Dei hadde fått med seg ein utruleg dyktig pianist (som hadde reist i Noreg og plumpa ut med norske setningar) og det var mykje meir speleglede enn dagen før. Dei tilsette på Burbon hadde sagt dette var det beste bandet dei hadde hatt der på iallfall eit år. Burbon plar vera plagsomme sutrekjerringer seier Pat, så han var positivt overraska over å få god tilbakemelding av dei.

Kjaerasten til trommisen ville absolutt visa meg Red Light district her i Amsterdam. Eg sa fort at det hadde eg ikkje stort mykje lyst til; eg likar ikkje slike plassar. Han fortalde meg om korleis det var, at dette var ein turistattraksjon – sikker og trygg. Ikkje som Soho i London (som eg diverre har hatt tidligare erfaringar med). Han overtydde meg – dessutan skulle me berre gå gjennom gata.

Red Light district

Me sykla bort, det var forresten kjempemoro. Var ein gamal sykkel; men wow så god. Mykje betre enn dritet heime, – dette var ein sykkel i klasse med racersykkelen min i Oxford. Det var raude ljos, jenter i eit rom med vindauge foran som sto i undertøy. Han hadde sagt at dei

  1. Var bak glass
  2. Dette var ein turiststad
  3. Dei hadde undertøy på

…så då hadde eg gått med på det. Heldigvis snakka han sant, ikkje at eg nokon gong trudde noko anna. Gatane var reine, det var masse folk. Masse folk ein ikkje hadde forventa å sett ein slik plass. Var tydeleg at det var ein turistattraksjon; det var sikkert tynt mellom dei ekte kundane, heldigvis! Eg blei ikkje så vemma som eg trudde eg skulle bli. Ein såg ikkje noko handel, ein såg ingenting – det var som ein motevisning meir eller mindre. Jentene var friske, ikkje narkovrak – det var masse politi og ein slapp sjå noko ein ikkje ville med mindre ein oppsøkte det.

Eg var såpass naiv at eg ikkje forsto det heilt, spurde korleis dei tente pengar på å stå bak vindauge og dansa/sjå på folk som gjekk forbi. Det var nok prostitusjon. Offa. Gjekk ikkje opp for meg lell. Ah, då me gjekk blei eg vemma, gjekk forbi ein DVD-butikk med DVD-ar eg helst ikkje vil ha. Eg trur eg sa litt høgt at eg synest det er ei skam for verda at dette er slik ein diger industri. – No veit eg iallfall mykje meir om den berømte staden.

Sykkel heim

Eg traff ein nederlansk fyr og prata lengje med han. Fyrst om Pat og jobben min, så om språk, politikk og ymse anna. Snakka lengje om det å ikkje drikkje – virka verkeleg som om han tenkte godt der. Han forsto verkeleg mykje og var veldig smart. Snakka om Buddhisme og korleis ein lever livet. Ein utruleg flott samtale, – det var godt å høyre at båe kunne setja einannan på andre tankar. Og når han kom med eit dårleg argument berre såg eg på han, og han innrømte det straks.

Dei slutta spele 3. Eg gjekk ut, men kom ikkje inn igjen. “Mandatory wardrobe”. My ass. Eg hadde jo ikkje jakke på meg, eg hadde kamera og jumper. Likevel ville bølla ha pengar av meg. Vel, då snudde eg meg heller og satt meg utanfor. Byrja bli litt dumt i lengda; men nett då kom Balkyre og kjaerasten (NAMN!?) ut. Eg ville taka følgje med dei. Sa eg skulle jogga, men eg blei plassert bakpå. Det var betre, kunne ikkje haldt opp med dei lell. Dei har gode syklar og flate vegar. Dessutan er sykkelvegane her i Amsterdam kjempebra! Det er syklar overalt, kul by slik.

Sat bakpå, kom heim, hadde hyggeleg prat med dei før eg la meg kl 04, ca. Eller, klokka var nok litt meir – var vaken då Pat kom inn kl 0515. Han hadde vore litt nervøs før han såg meldinga mi. Eg visste han ville bli sein; men eg ville så tidlig som mogleg heim. Hadde ikkje nokon grunn til å hengje på barar heile natta. Ugh. Pat søv no forresten, han legg seg berre ned på sofaen; fem minutt; SNOOOORK. Ganske utruleg. Men nok om det, då hadde eg fortald dagane i resyme. I dag får eg skrive om seinare…

Amsterdam fyrste dag

Det var nesten for seint det. «Du er veldig sein», sa dama som skulle sjekke meg inn. Eg hadde utsett turen til flyplassen grunna heimeside-fiksing. Pappa utsette det meir med å måtta skriva ein epost. Då åt eg like godt litt. Lovleg seint ute på motorvegen spurde pappa om eg hadde passet med; alle kan jo gjetta at det hadde eg ei.

Alt dette resulterte i at eg kom til innsjekkinga eit kvarter før flyet gjekk. Som alle veit skal ein vera ein time før på slike utanlandsreiser. Men dei gjorde eit spesialhopp sjølv om dei eigentleg var ferdig med baggasje-flyttinga. Då eg kom til gate-en stod det «gate closing, last call». Ooh. Hadde eg vore nokre minutt seinare hadde det vore flyplassoverflate av meg. Sat meg godt ned, drog fram dagens bok; Harry Potter og mysteriekammeret.

Peter sin plass, i slummen

Vel framme tok meg og Pat tog til sentrum, åt ein sandwich, tok T-banen til Bajimark eller kva det no var. Amsterdam sitt slum/ghetto-område. Her skulle me bo. Hihi. Det var ein utruleg stilig plass. Digre blokkar rundt ein meir eller mindre godt planlagd sykkel- og gå-infrastruktur. Skittent, det er det iallfall. Og forfalle.

Leilegheita var ganske grei, eg blei overraska over kor fin han var. Sjølvsagt ikkje norsk kvalitet (men då igjen; kva er? ;-) ), og badet er spesielt heilt bak mål. Eg anar ikkje korleis eg skal dusje, ikkje av di eg synest det er ekkelt eller noko; nei, av di eg ikkje forstår korleis. Det heng berre eit einskild røyr frå vasken. Ei slange, blir det vel. Skal eg halde den over hovudet? Hm. Er nok det ja, men utruleg kor ineffektivt med må vera.

TV-titting

Me skulle ned til byen for å øva, eller, dei skulle vel øva. Pat var trøytt, han ringde rundt til Peter (bassisten) og Valkyrie ((namn?)trommisen), alle var einige at det blei stress. Trong ikkje øving, kunne det godt. Pat hadde heile tida TV-en på, me slo over på Discovery som snakka eit språk me kunne forstå. Super Structures of the World; Panamakanalen. Pat sov gjennom det meste. Elles såg me eit nederlansk reiseprogram om Noreg. Dei var ikkje i Stavanger, frekkingane. Og Oslo, liksom? Kven gidd dra der når ein skal sjå Noreg?

Eg sat med boka i fanget, las meir enn eg såg på TV. Eg hadde eit bilete av Rebecca i boka, som stadig kom fram sjølv om eg stadig putta det lengre bak i boka. Eit søtt bilete i heilfigur, med skjørt, tryllestav og horn. Halvvegs i boka flytta eg det til den siste permen. Nett då fekk eg telefon frå kjærasten min («Miri og Lab», som det står på mobilen). Hehe. Det var kjempekoseleg, grunnen til at eg les HP-serien er jo ho, så me snakka litt om HP. Ho har vore vekk frå skulen i ei heil uke, vore sjuk. Så dette var fyrste dagen tilbake.

Leggjetid

Det blei ikkje mykje filming i dag, som er jobben min her. Filma litt av solnedgangen frå den utrulege utsikta det er frå denne blokka her i 8. etasje. Eg fekk sjå biletet av Rebecca igjen, altså, eg blei ferdig med boka. Då har eg lese den boka òg på ein dag, nett slik eg gjorde med den fyrste. Då Peter kom fekk me endeleg litt mat, ei bolle tomatsuppe. Planen var at me skulle eta då me gjekk til øving, men sidan det ikkje skjedde så åt me ikkje anna den dagen. Men eg er jo så godt vant til det, så det er ikkje noko problem.

Eg la meg 01:30, då eg var ferdig med boka, hadde ete ein mozart-kule til kvelds og send melding.