Merkelapp-arkiv: Netsida

Bilete attende, frå tenarkræsjet, april 2009(!)

Eg sjekka vitjingsstatistikken for sida mi 1 og la merke til at nokon søkte på «fedme rulletrapp» og fann fram til sida mi. Eg las saki mi Spray ned ein rulletrapp nær deg, og synast å hugsa at eg teikna eit bilete til det innlegget mitt.

Rett nok, i koden låg det referanse til eit bilete, men det var ingen stad å sjå. Hmm.

Eg leitte rundt på harddisken min, og fann ei backup-mappe med det biletet og ein heil haug andre. Etter litt meir undersøkjing fann eg ut at nett den same backupen òg låg på på tenaren, men ikkje der han skal liggja. So eg måtte flytta alle bileta inn i korrekte mapper. Det gjorde eg no. So no endeleg skal nesten alt vera uppe att, etter dei tvo store tenarkræsji eg hadde.

Det tok nesten to år.

Jaja. Difor det er viktugt med automatiske, skikkelege tryggleikskopieringssystem, som er lette å henta attende…

  1. Han er i sterk vekst fall… :( []

Mista tvo innlegg, surt…

Eg mista jo alt eg hadde skrive på lang tid då tenarane der sida låg vart cracka. Eg trudde eg hadde alt andre plassar lell, det er no feil. Eg klarar ikkje å finna att desse tvo innleggi:

  • Berlin, Januar 2009
  • Eit halvår med psykisk slit = 0 studiepoeng?

Eg hev truleg innspeli til dei, men ikkje sjølve innleggi. Kann nokon plz vera so snill å finna dei fram. Dei låg på desse URL-ane rundt 24. mai til 1. juni:

  • http://velmont.no/2009/05/berlin-januar-2009/
  • http://velmont.no/2009/05/eit-halvar-med-psykisk-slit-0-studiepoeng/

Eg trudde eg hadde alle innleggi mine lagra i Liferea (nyhendelesaren min). Det hadde eg visst òg, men dei hev vorte yverskrivne av nyare innlegg, av di nokre av dei nyare innleggi hev fengje nett den same ID-en som dei gamle. Veldig synd.

Leit i cachen din (spyrst um nokon held på han so lengje), nyhendelesaren elder kva det måtte vera. Stod nok ikkje so alt for mykje der, men hadde vore jysla fint å fengje attende. Då spesielt den Berlin-tingen. Var nesten berre bilete, men ein del tekst under.

Uppdatert, gode Simon (boba) fann dei til meg.

Kvifor forsvann heile sida mi?

Plutseleg vart sida mi vekk for ei stund sidan. Eg vart sjølvsagt grådig leid meg av di eg hadde masse eg ville skriva um. So hev ho vore daud ei víka og er framleis ikkje uppe. So difor er det framleis litt stress og ukult å leggja ut nye ting på netsida.

No er tenaren til eg og Egil (thor) uppe att, men eg mista ein heil del – og det må til ein del manuelt arbeid for å få det attende.

Det utset eg. Eg held fram med å la sida mi få vera på Acona (det er tenaren som står på det gamle rommet mitt i Stavanger).

Det er ganske ironisk at tenaren me betalar for er meir ustabil enn den eg hev på guterommet.

Heile grunnen til at eg betalar for ein annan tenar er faktisk driftstryggleik. Alt det andre gjer eg betre heime.

FsckVPS’ morsselskap vart cracka gjennom ein tryggleiksfeil i HyperVM, som er eit program for å halda styr på fleire virtuelle tenarar. 100.000 sider vart sletta av crackarane. Jæklar.

HyperVM er proprietær programvare (lukka), og hovudutviklaren vart funne hengd eit par dagar seinare. Dei trur det er sjølvmord. Difor det er ulurt å driva med proprietær programvare.

So… Det er litt stille her litt. Kannhenda. Same kva, det var difor sida var nede.

Eg gjeng attende til FsckVPS, av di det er hendig og bra. Men eg og Egil tek backup på våre eigne tenarar i tillegg no.

Året 2008

Det morosame med å hava eigen blogg er at det er lett å sjå kva eg hev gjort dette året ved å sjå gjennom arkivet til bloggen min, som visar alle postane på ei sida. Likevel er det ein del ting eg aldri fekk skrive um, som lyt med. Dessutan tek det lang tid å lesa dei 56 alt-for-lange innleggi eg skreiv i laupet av året (jøss, visste ikkje det var so mange!).

Januar, 2008

Eitt år sidan no. Eg sat på internett og las upp på ny teknologi, det same som eg gjer no. Dessutan jobba eg med Cinelerra, medan eg i år hev jobba med Lumiera (som er ein uoffisiell arvtakar etter Cinelerra).

Dessutan hadde eg vore veggis i snart eitt år, no vert det vel altso tvo år.

Februar 2008

Eg vart kasta ut av Universitetet av di eg var på målferd i Telemark for NMU og hadde heilt gløymd å betala semesteravgifti mi. Skit. So det halvåret måtte eg finna på noko anna enn å studera.

Og so prøvde eg å berre leva på rå frukt og grønt. Det gjekk utruleg bra til slutt, men eg gjorde det aldri igjen slik eg hadde lyst. Kannhenda eg prøver meg på ny i 2009?

Mars 2008

Eg og Mats fann ut litt slik kjapt og gale at me skulle dra til Sør-Afrika for å vitja verdas kulaste nynorske nederlender, Michaël de Boer. Tja, eg vil faktisk dra det so langt som å segja verdas kulaste nynorske utanlanding. Kulaste eg kjenner iallfall.

Eg skreiv aldri um dei siste dagone, der eg mellom anna hoppa i strikk (!) (dette er aldri nemnd på bloggen fyrr), og Mats kasta seg utfor brui med den digre bandasjen på foten. Han sleit med å koma seg upp att, haha. Eg hev video av det, so kannhenda det kjem ein gong. Han hadde jo slite seg upp på eit fjell der dei fleste berre tek kabelbanen, men dette var altso værre.

April 2008

Landsmøte i NMU. Eg heng med masse kule folk. Eg vert sint av å køyra bil i Oslo. Eg fortel at eg hev fengje meg vikarjobb i Stavanger som lærar på Randaberg VGS.

Mai 2008

Eg jobbar masse-masse på Randaberg VGS. Jobber litt for Pat Savage.

Helene vitjar meg, og me dreg til Italia. Eg og ho vert kjærastar i månadsskiftet.

Juni 2008

Eg og Helene bur hjå Klaus. Eg er litt i Oslo og Stavanger, eg hugsar eigentleg ikkje alt som skjedde, men det var masse.

Juli 2008

Sumarlægeret til NMU var rundt denne tidi. Den var fantastisk kul.

Eg reiser litt åleina i Danmark og finn ut at Danmark åleina syg.

August 2008

Eg og Helene reiser i Portugal-Spania-Frankrike. Diverre fekk eg aldri skrive um dette. Det skjedde so mykje på so kort tid og eg hadde alt anna å gjera enn å blogga. Men det var dritkult.

Elles tek eg bilete av ein tjuv på Granit i Oslo. Eg hev framleis ikkje brukt gåvekortet eg fekk av dei. Ah, vel, Helene hev. ;-)

September 2008

Eg er på studentsamling med NMU i Trondheim. Kos. Det var ein teit «professor» der, og eg skriv eit sint innlegg.

Eg hev sett Tropa de Elite mange gongar allereide, superbra film teksta på nynorsk.

Oktober 2008

Mangfaldsseminar i Bergen med NMU. Sang karaoke på nattoget burt. Elder iallfall inni meg. Diverre fekk eg store problemer med karaokeutstyret då me skulle hava karaoken. Det gjorde det heile ganske flaut og elendig. :-( Heldigvis kann eg ein måte som fungerer no, men det var sørenmeg ikkje enkelt å båe ha 2 skjermar som viste tekst i tillegg til å få ljod som ikkje hakka.

Eg, Helene og eit par vener av ho dreg til Budapest og er på Queen-konsert der.

November 2008

Eg og Helene var på Stockholmstur, på Al Green-konsert. Hugsar ikkje kva meir som skjedde.

Elles stressa me fælt med eksamenar og anna ymse. Eg jobbar jo i Nei til EU og det tek 50% av tidi mi. Livet gjekk vel sin vante gang sidan eg ikkje kjem på noko spesielt her. Hang med Helene kvar dag (som flytta ut av bustaden sin av di dei ho leigde av viste seg å vera ganske på kanten), og hang mykje med folki i Ivan Bjørndals gate. Det er altso Klaus og Birgitta i tillegg til Janne-Kristin som på ein måte budde hjå oss sjølv um ho ikkje gjorde det. Det gjer ho komande halvår! :D

Desember 2008

Eg hadde fødedag og fekk eit kult objektiv og Nikon D90, i tillegg hadde me jolefest.

Eg kom til Stavanger og var i brullaupet til fetteren min, Buster. Det var veldig kos. Helene drog etter brullaupet for å feira jól på Voss.

So kom joli, det var kos. Eit par dagar etter var eg på joleavslutning med Målsiddisane (det er Stavanger-lokallaget til NMU). Helene kom heim att, og det var nyttår.

Frametter 2009

Eg og Helene var friske som fisk på nyttår. Dagen etter og no, tvo dagar etter er me supersjuke og vonde. Ikkje ein god start på året. Likevel tenkjer eg det vert bra, endå betre enn førre.

Andre oppsumeringar

Eg orsakar for at dette vart endå grunnare enn normalt, men eg er altso supersjuk.