Merkelapp-arkiv: NMU

Medlemsregister til Norsk Målungdom

På landsmøtet til NMU 2007 i Trondheim starta eg på eit nytt medlemsregister. Tidleg i 2012 vart eg spurt kor tid det lang-venta registeret endeleg skulle i drift. Eg sa januar 2013, og slik vart det.

Eg starta på det fyrste registeret på landsmøtet fordi me var i fare for å kjøpa noko dyre greier som ville kosta oss fleire tusen i året. Pengar fattig-NMU ikkje hadde råd til å bruka. Registerkjøpet vart avverga, noko grunna mitt eindags-register og mest grunna Ola (dåverande skrivar) sine ord om at han kunne fiksa det gamle Access-registeret til å ha høgare medlemspengesats for gamlingar.

Eg hacka litt vidare på registeret, men stoppa meir eller mindre opp då Ola fekk fiksa Access-registeret. Den umiddelbare fara var over.

DSC_0788-medlemssys

Jarle, ein god ven og lang organisasjonskamerat, hadde rundt den tida gått inn i Miljøpartiet dei Grøne, med det seg fore å rusta opp organisasjonen. Han trong ein medlemsregister. Eg trur ikkje han baserte noko av den koden på min, men han brukte iallfall CakePHP, det same rammeverket eg hadde brukt for det eg jobba med. Å kunne jobba saman på eit register høyrtest bra og smart ut. Det var lengje planen min.

Men MDG byta system, og rundt den same tida jobba eg i Nei til EU, der eg fekk høve til å læra meg Django då eg skreiv eit  landsmøtesystem for dei. Diverre vart det berre brukt éin gong. Det er friprog, so fleire kunne ta det i bruk, men kor tid skulle det liksom skje? No ligg det ikkje ute lengre heller trur eg :-) Men eg fekk i minsto lært meg Django!

So omtrent på same tida starta eg på botnen att med eit nytt medlemsregister til NMU. Den fyrste innsjekket i Git gjorde eg 5. oktober 2009. På det tidspunktet hadde allereie registeret masse funksjonalitet, t.d. OCR-fil og KID-støtte. Dessutan klarte det å lesa inn dato frå det gamle Access-registeret.

Men det mangla ekte giro-utskrivning for dei som ikkje tok imot epostane våre.

Eg jobba av-og-på med dette registeret, utan å eigentleg seia det til stort mange. Eg la til CSV og PDF-skriving tidleg april 2010. Mot slutten av månaden vart eg spurt av Jarle om dette her med medlemsregister. MDG hadde byta, men UHN, Ungdom for Human Narkotikapolitikk, hadde nett vore stifta og trong eit register. Eg sa eg hadde eit, men det var ubrukeleg tidleg i utviklingsfasa. Eg sette opp ein prøve til dei 11. april 2010.

So høyrde eg ikkje meir før nesten eit år seinare. Eg hadde oppgradert serveren og CSV-eksportering hadde slutta å fungera. UHN hadde faktisk brukt prøvesystemet mitt utan at eg visste det. Dei var tilogmed nøgde, og ynska eigentleg berre litt betre epost-handtering. So eg la til det.

Dei neste to åri er omtrent berre småfiks. PDF-skrivinga var framleis ikkje brukbar fordi han berre skreiv ut namn og adresse på ark, utan noko meir info. Det hadde teke ein time å fiksa det, men det gjorde eg ikkje. Eg la til saman fleirfoldige timar inn i allslags anna småpirk.

Då eg la til lokallagsovervaking byrja ting å verta ganske so hendig. Lokallagsleiarar kunne setja seg opp å få i epost alle endringar i registeret som handla om medlemane kopla til lokallaget deira. Det laga eg sidan eg tykte det var veldig nyttig då eg sjølv var lokallagsleiar i Studentmållaget i Bergen. Ein epost i veka (dersom det var noko nytt), fullt oppdatert på nye medlem og tilflyttingar.

Ein annan hendig funksjon var mobil-søk. Skriv inn namn og få opp for kva år medlemen har betalt. Veldig greit når du sel is for Isrosa som har gratis is for alle NMU-medlem.

Git-lageret har meir og meir innsjekkingar jo nærare årskiftet 2012-2013 du kjem, og etter er det ganske mykje kodeendring på gang.

I dag fiksa eg endeleg den PDF-genereringi som eg skreiv omtrent på starten av denne versjonen av medlemsregisteret, og som alltid var den største vegblokken for å setja systemet i drift.

DSC_0787-giroar

Det tok som venta veldig liten tid, men å få det til å sjå fint ut og aligna med OCR Nets-standard tok litt fikling. Men no er han her, og vonleg so kan me senda ut medlemspengegiroar for NMU på epost og papir innan ei veke. :-)

nynorskvg-innstikket mitt til Firefox er populært!

Wow, eg skulle visa Nils (ein fyr eg driv og treff på i Bergen) nynorskvg-innstikket mitt til Firefox, og sjekka sida.

Der står det at innstikket er lasta ned 138158 gongar (!).

Kven i alle dagar er desse folki!? :D Det er kjempemoro, men ei so lita sær greie. Alt han gjer er å byta ut vg.no med nynorskvg.no, slik at du alltid fær nynorskvg-versjonen.

Eg skal utvida han med fleire netsider, som Aftenposten og Dagbladet og kannhenda fleire seinare. Nett no tek han berre VG.

Elles fungerer innstikket berre i Firefox 4.0. Og kven brukar den so langt, utanom meg og andre teknologiinteresserte?

Nei, i det heile teke er eg ekstremt positivt yverraska yver at eit innstikk eg tenkte gjerne fekk 6-7 nedlastningar hev allereide fengje 158!

So, viss du brukar Firefox 4 og ikkje allereide hev installert innstikket mitt so er det berre å pella seg til nynorskvg på Mozilla Addons.

Dagverd er sluppe! :D

Du må sjå avisi i papirformat, taka ho med ut på do eller ha ho i dei seine nattetimar.

Eg kann senda ho i posten til ymse folk, eller levera dersom du bur i Bergen.

Av ein eller annan idiotisk grunn gløymde eg å prakka på Oslo- og Nidaros-folket ein haug avisar som dei kunne spreia på universiteta sine (typ, leggja dei att i etesalen o.l.), men eg skal gjera det ved fyrste høve.

Vonar de liker avisi! :D

Ah, og forresten so hev avisi dagverd fengje si heilt eigi heimeside på verdsveven.

Står upp fast kl. 09

Jarle speler på pianoet, eg sit her og slappar litt av og Vegard sit og skriv. Det er tidleg på morgonen og framleis ein time til resten vaknar og står upp.

I det siste hev eg stått upp kl 9. elder tidlegare kvar einaste dag, utan unnatak. Det er ganske deilig, spesielt no når eg er hjelpar her på vetterlægeret til NMU. Her hev eg no stått upp 07.00 og 07.30. I går la eg meg tidleg og kunne gle meg til å stå upp tidleg for å vaska og styra på kjøkkenet heilt utan press, stress og andre folk rundt.

Eg hev fengje gjort meir i det siste òg, i staden for å stå upp seint på dagen og gjera ingenting resten av han, elder som eg gjorde i byrjigi; stå upp tidleg og gjera ingenting lell, so gjer eg noko etter litt. Eg klarar ikkje godt koma meg rett ut, eg vert sitjande ein 2-3 timar på maskini fyrst, men det er betre enn fyrr. Dessutan hev eg ofte mykje å gjera på maskini og det er der eg gjerne gjer det eg må få gjort òg.

Men det er mykje kjekkare å ha faktiske ærend, av di luft og aktivitet gjer meg meir effektiv. So eg hev flytta på meg og arbeidd forskjellege stader dei seinaste dagane eg hev vore her i Bergen no.

Å stå upp tidleg gjer meg meir effektiv, og det kjenst betre å stå upp når eg føler for det i staden for å alltid villa liggja lengre.

Då er frukosten klar og eg ventar på at alle treigingane skal byrja eta.