Merkelapp-arkiv: Norsk målungdom

Rebecca hev oppdatert litt um livet i Oslo

Kjærasten min, Rebecca, skreiv i dag litt um livet ho hev her i Oslo. Ho flytta inn med meg for tvo månadar sidan, trur eg. Det vil vera høgst relevant å lesa innlegget hennar sidan mykje gjeld meg òg.

Ho skreiv mellom anna dette:

Og så bor jeg tross alt sammen med Odin, kan’ke si det er kjedelig. Det er veldig gøy, faktisk. Hihi, blir nok litt fortere irritert på’n enn før, men det hører vel med. Han er herlig å bo med, når en ser vekk fra mangelen på orden og vaskevilje. Vi har det så fint sammen, atte. Det går mye bedre enn jeg hadde venta meg, vi har det så moro :)

Det er eit ganske godt opprit av stoda i heimen, berre for meg skrive på nynorsk. Ah, og med ei nota um at Rebecca er bra å bu saman med berre ein ser bort frå den sjuke trongen til å hava det ekstremt ryddig og reint til ein kvar tid. [stort glis]

Kva driv eg med?

Eg hev inni granskauen mykje å gjera for NMU for tidi. Utanom det hev eg inn i granskauen mykje å gjera utanom. Det plar vera ymse, men no i det siste hev det mellom anna vore jobbing med firma mitt (Velmont film), universitetsinnleveringar (eg tek 50 studiepoeng trur eg), ymse sosiale ting og tid eg vil hava med Rebecca. Det høyrest ikkje mykje ut når eg skriv det ned på ein so komprimert måte, men det hev nesten drept meg i det siste. Eg hev mista litt av gnisten allereie. Truleg tek det seg opp att når eg hev fengje gjort ferdig mykje av det eg slit med no. Då må eg berre hugsa å ikkje taka på meg so mykje. Til dømes hev eg dei siste vìkone umtrent gjort ein NMU-ting til dagen. Som oftast varar det langt yver ein time. Den siste vìka hev eg faktisk gjort noko med NMU-relatert kvar einaste dag, og då hev det teke lang tid òg.

I morgon dreg eg til Møre og Romsdal der eg skal på målferd. Målferd er eit opplegg der me i NMU dreg rundt på (i hovudsak) vidaregåande skular og fortel dei den ekte historia um nynorsken. Me prøver å få dei til å innsjå ein heil del ting som skulesystemet og staten ikkje vil at dei skal vita. Det er for å gjera dei merksemde på at det framleis er målstrid i landet og at dei tek aktivt standpunkt med å «velja» å skriva bokmål. Eventuelt skal eg rundt i M&R for å prøva å omvenda dei som hev gjort negativt målbyte (frå nynorsk til bokmål). Hehe. I all hovudsak, arbeid for nynorsken.

Målferd på Hartvig Nissen VGS i Oslo

Eg var nett på min fyrste målferd her i Oslo. I går. Åleina. Heilt åleina. Ingen som såg på meg utanom elevane. Det gjekk godt i starten, men sklei ganske mykje ut i slutten. Heldigvis fekk eg gjeve eit skikkeleg branninnlegg um nynorske læremiddel i slutten, der fleire såg ut til å verta engasjerte og sers interesserte. Eg fekk ein god del underskriftar, og iallfall ei dritkul jenta som melde seg inn. Det var supertøft. Eg trur ein tøff bergenser med namn Andreas melde seg inn òg. Han kunne målsoga betre enn meg og var glad og smilande. Same kva, ei innmelding er supert.

Ahh, når det er sagt so må de skriva under på oppropet vårt. Må berre venta til det kjem på internett.

Samandrag

So, kva hev eg gjort i det siste? Arbeidd med NMU-ting. Kva skal eg gjera frametter? Arbeida med NMU-ting. Vonar berre ikkje det vert for mykje. Eg hev andre ting å pressa inn òg :-S

Ynsk meg lukka på målferd i Møre og Romsdal! :S [grue seg]

Misting av ting på Noregs mållagslandsmøte i Nidaros (Trondheim)

Eg hev mista ladaren min, sekken og korti i lommaboki. Siste dag på landsmøtet i Noregs mållag i dag, so er det tog til Oslo (utan ladar, so ingen hacking :-( ). Yvernatta hjå Jørgen fyrste natti – det var sers moro. Forresten fekk eg endå meir problem etter eg skreiv dette, so det er berre å fylgja med…

Dette er skrive mållagslandsmøtet, so for ei tid (ei vìka) sidan.

Eg skreiv eit langt innlegg her fyrr, men diverre vart det sletta. So eg skriv litt av det om att.

Hjå Jørgen

Då eg kom til Nidaros måtte eg stressa med å finna plass å bu. Jon og Simon Litlehamar kunne ikkje. Eg hadde ikkje nummer til resten av Nidaros-folki. Eg klarte få nummeret til den andre Nidaros-Simon eg kjenner, og sende melding. Men fekk ikkje svar. Eg hang på Avalon (ein butikk som Outland) i tri timar. Kjende meg litt teit. So fekk eg melding frå Jørgen um at eg kunna bu der. Supert! Eg kaupte ein DVD til Jørgen (hadde vore teit av meg å berre gå) og tok buss.

Me spelte Wii med Wiisports. Det var moro. Tennis var tøffast synast eg. Dei hev framleis ikkje nytta potensialet i dei nye kontrollane, men det kann verta bra når nokon gjer det. Etter det åt me middag og såg på film («Team America»). Det var sers koseleg, fleire folk frå gangen kom og såg på. Etter litt hacking gjekk me til kjøkenet att for å eta litt. Me møtte ei anna frå gangen som kom frå fest og prata lengje med ho. Skikkeleg godt miljø. Ganske annleis enn hjå meg, sjølv um Kringsjå var mykje betre enn Bjerke. På Voll med Jørgen er det fylt opp av typiske studentar, og dei hev eit stort kjøken med sofa eg TV.

Misting av sekk

Fann Margit og Sigbjørn. Tok tog mot Værnes. Då me gjekk av fann eg at sekken min låg att. Eg prøvde å finna nummeret til NSB, men det var umogleg. Eg fekk berre snakka med teite datamaskinar. Mongo. Etter omtrent 10 telefonar kom eg fram. Ein fyr ville ringja til neste stasjon og få sekken send attende med eit anna tog. Etter springing fekk eg ho attende. Då fann eg ut at ladaren låg hjå Jørgen. Ugh. Ingen berbar datamaskin til meg.

Misting av kort

Tja. Då me var på veg til skulen fann eg at korti mine var vekk. Eg leitte hardt. Sat på toget. Etter eg hadde venta ei tid, og tenkt lengje på kva det kunna vera. Nokon som «tullar» med meg? Eg kom fram til at det ikkje kunna vera det, det hadde vore for slemt å ikkje koma attende med korti etter so lang tid. Då eg til slutt sperra kortet fekk eg korti attende av Ola og Elisabeth. Det var irriterande. Eg var òg sers irritert av di eg ikkje hadde ladaren min. Eg ser med triste augo på turen attende til Oslo og frå Oslo til Stavanger utan datamaskin. Det vert sers synd :/

Dessutan hadde eg ikkje stort med pengar no (ca 0, sidan eg nyttar kortet til alt) – so eg måtte få låna av Ola og Elisabeth. Det var jo greitt. Eigentleg ikkje eit stort problem, framleis meir irritert på ladaren som vert att her i Nidaros medan eg dreg heim.

Kulturkveld

Mållaget hev gjeve ei hard rock/metall/svart metall-gruppe med namn «An10 boyband» eit stipend på 50.000 kr. Dei spelte for alle gamlingane, som hoppa og slang hendene for øyro stakkar. Hehe. Eg synest det var sers bra, men forstår at det absolutt, absolutt ikkje er kva resten av salen plar lika høyra på.

Men no gjeng vel batteriet snart, og eg må gå. Denne teksten vart ekstremt mykje kortare, men det er vel berre bra.

Forresten koseleg i NMU-gjengen på landsmøte. Hev vore ei fin helg trass alle problemi.

Her trykka eg på «Publisér», men hadde nett mista internett (fekk berre 24 timar). Nokre minutt seinare gjekk batteriet… So frå her er det «ny tekst».

Heimereise startar, på ein måte

So då sat eg der. Batteriet tomt. Godt. Eg hadde tenkt å dra no same kva. Eg såg på klokka, – hmm, 10 minutt til toget gjeng. Dårleg tid. Eg kom meg opp, pakka i ein fei og stakk frå møtet medan folk var opptekne med å stemma og ordskiftast. Eg sprang mot togstasjonen, kjende tidi var knapp. På vegen bort såg eg noko eg absolutt ikkje ville sjå; toget gjekk! Det køyrde ut frå stasjonen…! Neeei! Neste tog gjekk om tvo timar, problemet var at mitt tog frå Nidaros sentrum skulle gå um ein time. Eg hadde eit skikkeleg problem.

Huh? Men skulle ikkje toget gå 5 minutt seinare?

Jo, du tenkjer heilt rett. Teite tog. MEN! So kom eg på den geniale idéen at kann henda klokka mi var feil. Det var ho visstnok. Då eg la att sekken på toget måtte eg byta mobil for å få straum. Då eg slo mobilen på att måtte eg stilla klokka etter ei anna klokke. Denne klokka må ha vore feil, so difor var altso ikkje mobilen til å stola på. Eg stilte klokka fram 7–8 minutt og tenkte ho no var 2–3 minutt foran skjema.

Flybussar, drosjar og anna herk

Eg dafsa meg slakt bort til Lufthamn Værnes for å sjå um det var flybuss som gjekk i eit høveleg tidspunkt. Til slutt fann eg dei, la sekken inne i bussen og såg etter bussjåfør. Eg gjekk og hang ganske lengje, fyrr eg vart ganske redd. Eg ville spyrja um kor tid eg kunne venta å vera på jarnbanestasjonen – det hadde jo ikkje vore bra um eg var der 0805 (eitt minutt etter avgang). Eg fekk vita det pla taka 40 minutt (w00t?). Til slutt fann eg ein bussjåfør som kunne visa meg kor tid neste flybuss gjekk – det var då neste fly landa, um ein time. Hekkan for ein tullete flyplass! Og Nidaros er ein større by enn Stavanger? Pfysj!

Eg sjekka lommene mine. 70kr. Det var dei siste pengane eg hadde lånt av Ola og Elisabeth. Kortet mitt sperra. Eg kunne ikkje taka taxi til byen; det ville kosta rundt 500 kr, det hev eg ikkje. Totallåst. Eg kann heller ikkje (enkelt) taka eit seinare tog heller, eg hev jo ikkje pengar til det!

Attende på hotellet… Eg kjem meg vel ikkje vekk

Eg labba attende til landsmøtet kor Siv Skulstad (frå Studentmållaget i Nidaros, no i Landsstyret i NMU óg) spurde kvifor eg var kome attende. Eg forklarte medan eg vart drege inn i tellekorps-jobben min att, me skulle stemma på um me ville hava ein lite nynorsk-aktiv FrP-ar (Helge André Njåstad) inn i styret til Noregs Mållag eller ikkje. Då eg var attende (trøytt, irritert og plaga for at det skulle gå so elendig) stod Siv og pakka sakone sine raskt. Ho ville køyra meg til togstasjonen! Yeey! :D Me hadde sers dårleg tid. Det ville taka 20–25 minutt å dra inn um det ikkje var trafikk, og me hadde… ja, omtrent 25 minutt.

Pakka kjapt att, stakk frå møtet (FrP-aren vart visst vald inn, lukke til (eg var sers usikker, men stemde for)). Me såg på klokka, og var usikre på um det ville gå. Men bilen trong bensin(!), so me måtte finna ein bensinstasjon og fylla. Fylde 4L og drog. Måtte stoppa og gjelda bompengar på tvo(!) bomstasjonar. 20 minutt seinare, 1400, var me utanfor stasjonen og hadde klart det. Wo-hoo! Eg sat meg på toget og grein litt sidan eg ikkje hadde ladar til datamaskini mi. Ingen programmering, anime eller filmar for meg på toget, nei. Eg las heller vidare på Ringdrotten.

I Oslo

Framme i Oslo var eg heilt utkøyrd. Då eg kom heim til hybelen prata eg sers lite engasjerande med Rebecca i telefonen. Eg la meg og sov. Plutseleg vakna eg og reiste meg raskt i sjokk og vantru; AAAAHH! EG HEV MISTA TOGET OG EG HEV INGEN PENGAR ELLER NOKO!!! So såg eg på klokka og la merke til at ho var 05.45, so ingen problem. Etter litt surr var eg klar. Såg på klokka. Ahh, det er 7 minutt til t-banen gjeng – då kann eg vaska andletet skikkeleg.

4 minutt att. Eg går ut. 3 minutt att so er eg utanfor blokka og byrjar jogga mot t-banen, ikkje noko problem å vera litt tidleg. Men so gjeng t-banen forbi augo mine. HÆ!? Eg vart sers uroleg no. Eg måtte rekkja toget mitt. Det viste seg at klokka mi hadde ikkje berre vore 5 minutt feil, med heile 10 minutt! So eg måtte stilla ho om att. Problem-problem.

Men eg skal hoppa yver alt tullet. Eg rakk toget. Eg sat på toget (ikkje på komfort no, sidan eg ikkje hadde ladar) og las Ringdrotten. Eg synest ikkje det var supermoro, eg sakna å sitja med datamaskini… :(

So var eg heime i Stavanger!

SLUTT!!! (Eg trur Jørgen hev send ladaren min i posten i dag (wohoo))

Mobbing av nynorskbrukarar er heilt greit

Eg var nett i Trondheim og viste fram ein informasjonsvideo eg hev redigert (for STEP – Ungdom møter ungdom) for lærarar og elevar som var på seminar for prosjektet. Etterpå var det «verta kjend»-aktivitetar der ein av lærarane nytta «kor tid eg hev det bra»-posten til å vitra um kor mykje ho hata nynorsk. Dette var altso etter eg hadde vist filmen på nynorsk og eksponert meg som einaste nynorskbrukar.

Fekk god attendemelding og arbeidsgjevar Nina Grindheim vart sers nøgd. Ho oppmuntra nynorskbruken min og kom med gode idèar på filmen. Dei som kjenner meg veit eg likar betre å få ei ramma – og so få gjera nett det eg vil innanfor den ramma. Og ho lot meg gjera det. Veldig bra, kreativ fridom og ingen klagar på språket mitt. Eg vonar filmen vart betre av den grunn.

Kva er STEP, er det for mobbing?

Absolutt ikkje. Eg hev jobba mykje med informasjonen til STEP for å få eit oversyn yver kva det er, og gjera han enklare slik eg kann skriva det med tvo enkle ord. Men for å sitera det på den vanskelege måten att:

Step er et forebyggende miljøtiltak i videregående skole, hvor elevene arbeider aktivt med det psykososiale miljøet i skolen.

Med det psykososiale miljøet meiner dei altso miljøet mellom elevane og korleis dei hev det med seg sjølv. Ein kann seia kor «ope, skapande og inkluderande» miljøet er. Det er altso ikkje rom for mobbing. Etter fleire år i skuleverket, gjeng eg ut frå at alle veit kva mobbing er. Ein lærer kann henda ikkje mykje um «gode psykososiale miljø» på skulen, men ein lærer iallfall mykje um dårlege miljø og mobbingi ein ofte finn der.

Likevel går læraren på direkte åtak mot språket mitt

Eg forstår so inderleg godt kvifor det er so mange som bytar frå nynorsk. Det er ikkje sjeldan eg må forsvara å skriva nynorsk. Bokmålsbrukarar vert aldri spurd kvifor dei nyttar bokmål. Dei fleste av dei hev aldri teke eit val, same kva. Ein må aktivt taka eit val for å skriva nynorsk. Det gjeng ikkje lange tidi med mobbing av lærarar og medelevar fyrr ein kjem til dette valet; vil du verkeleg halda på språket ditt og verta utsett for ei ålment godteke mobbeaksjon?

I staden for å verta lei meg og byta til bokmål, vert eg sint. Men litt lei meg òg når eg vert mobba slik. Det gjeng sterkt inn på meg, og eg synest desse personane er dei største idiotane i verdi. Eg held på nynorsken for å gjera han større, eg held på nynorsken for å gjera det meir ålment akseptert at folk nyttar nynorsk. Eg vil at det ikkje skal vera vanskeleg å skriva nynorsk. At det skal vera lov.

Læraren var ei ung blondine frå austlandet, som jobba med trivsel for elevane i skulen. God jobb, drittsekk. Ho jobbar direkte mot meg, som dei fleste gjer – med å visa desse ekstremt elendige haldningane sine. Det viser seg at dei er ein gjeng ureflekterte sauar. Dei gongane eg hev aktivt teke opp mobbingi deira, viser det seg at dei ikkje hev eit einaste argument. Dei er dumme som braud og brekar berre fordomane dei hev høyrd frå andre. Dei trur på det òg.

Mange lærarar kann ikkje anna nynorsk enn nynorskhat. Kva skjer når norsk skuleungdom «lærer» nynorsk frå desse neki? Jo, det vert «lengje leve norsk-dansken». Ein god ting med målrørsla, er at me er for fritt val av språk; me vil at elevane skal kunna velja mellom bokmål og nynorsk. Me er for fridom. Slik er det absolutt ikkje i dag. Det er veldig vanskeleg å byta til nynorsk av di ein vil. Få, til ingen ser det som eit alternativ, noko eg forstår godt. Det er ofte berre rare folk som meg som bytar til nynorsk, det er kjempesynd. Eg vil at alle skal byta til nynorsk.

Men det er vanskeleg å byta til nynorsk

Det er ikkje vanskeleg å læra seg nynorsk, det er berre å bruka det. Eg lærte meg det kjempefort etter eg byta. Men det er fleire ting som står som digre bautasteinar i vegen:

  1. Undervisningi syg (eg lærte meg nynorsk av meg sjølv, eg lærte ingenting i sidemål på skulen)
  2. Du møter dritmykje motstand, «alle» vil forklara deg kva dei tykkjer um nynorsk (som er piss, eg vil ikkje høyra det din jækla idiot – eg veit allereie kva du meiner)
  3. Du er offer for digre mobbekampanjar som Unge Høgre sin «Nynorsk syg!»-kampanje
  4. Me må alltid kjempa for å kunna skriva nynorsk der me ynskjer (somme gongar vert eg fortald at eg lyt nytta bokmål når eg lagar video for andre, WTF!?)
  5. Eg fær sjølvmeldingi mi på bokmål kvart år, trass i at eg hev valt nynorsk kvart år
  6. Ser ikkje språket ditt serleg mykje, du må ofte aktivt oppsøkja nynorsken (ikkje lesa Aftenposten, men heller tinga Dag og Tid t.d.)
  7. Les(/skriv) ein ikkje nynorsk, er det vanskeleg å verta god i det (opplagt)
  8. Og masse anna… :P

Ei side er jo at um fleire (alle, nesten alle?) hadde byta til nynorsk. Då hadde problemi gått vekk (vonar eg). Me kunne konsentrert oss um å vera snille med bokmålet for kva det faktisk er (ein viktig kulturtradisjon; norsk-dansk) og nytta nynorsken for det nynorsken er: språket vårt, norsk.

Eit par hev sagt at når norsken held på å forsvinna for engelsk i framtidi, vil nynorsken ganga høgt opp som ein reaksjon. Når folk aktivt vil velja ekte norsk, ein som kann stå mot engelsken, vél dei nynorsk. Eg trur det hev noko for seg.

Men no er det altso framleis greitt å mobba meg som nynorskbrukar båe offentleg og privat.

Supert nynorskkurs

Wohoo! Det var enormt bra. For litt sidan skipa me i Målsiddisane til eit nynorskkurs; me hadde plass til ca 40 stk trur eg. Hang opp plakatar (som me ikkje fekk stor respons på, beste er visst berre å taka kontakt med folk direkte). Det var Ingar Arnøy som hadde kurset – han ville ha fire timar. Eg synest det høyrdest litt mykje ut, men wow – som dei flaug! På kurset møtte eg Thomas frå Forus M&K som visste urovekkjande mykje om meg…

Han snakka mykje om oppbygginga og språket – mykje om historia og kvifor nynorsk var så enormt bra. Det var kjempemoro å høyra på! Eg trur alle som var der inne fekk lyst å byta hovudmål sjølv. Det er eigentleg ikkje rart, for det er nemleg supersmart! Vil du ha god karakter i båe bokmål og nynorsk? Vel, kva anna er det å gjera enn å byta hovudmål til nynorsk? Bokmål får ein i samfunnet rundt ein heile tida, det lærer alle lett. Nynorsk får du ikkje med mindre du skriv det sjølv og les ein del av det. Som alle veit gjekk det utruleg raskt for meg å leggja over; tok ikkje langje tida før eg var god nok til å dra ein femmer i hovudmål (nynorsk) lett i land.

Me hadde 20 påmelde, berre 10 kom. Men til gjengjeld blei me 25 totalt, for 15 ikkje-påmelde kom! :D Hyhy. Eg dro med meg 6 stk frå Randaberg, sjølv om Yvonne var super og melde seg på sjølv. Ho er dritkul ;D

Thomas frå Forus Media & kommunikasjon

Men, nok om det. Gidd ikkje skriva om det nett no. Men Thomas, derimot! Hehe. Det var ganske sjukt.

Hei, du er Odin, du?
Eeeehh. Ja. Korleis vis…?
Bilete på internett. :-)

Hum. Ok. Så han har sett bilete av meg på NMU sine sider eller noko. Morosamt. Så hadde me meir kursing. Prata med Thomas etterpå óg, – han hadde bokmål som hovudmål, men var veldig lik meg i det at han likte nynorsk godt. Det såg nærast ut til at han kunne byta mål ganske snart. Virka som om han hadde lyst, var berre litt engsteleg for skulen og om det ville få negative konsekvensar. Men det kan eg seia raskt; byter du mål til nynorsk hovudmål hev du ingenting å tapa på det. Men etter ei tid med nynorsk hovudmål vil du gjera det mykje betre i norsk. Dét lovar eg.

Me snakka om eitt eller anna då han sa «Ja, eg veit» til noko obskur informasjon om meg. Då eg denne gangen såg utruleg rart på han, forklåra Thomas at han hev fulgt med på heimesida mi. Han såg meg på hw.no-forumet, han er interessera i Linux o.l, men driv jo óg med media. Var óg litt innom det flotte kreative Store Dyret. Frå der hadde han kome til sida mi og lese. Utruleg morosamt. Lurer på om det finst andre som han.

Han var ikkje så interessera i nynorsk for ei tid tilbake (eg veit ikkje kor lengje), men slik eg forsto det hadde mi skriving littebitt med det å gjera! Wohoo! Det er jo berre supertøft! Eg må taka opp skrivinga mi igjen, det hev vore så stille i det seinare. Eg hev gjort så mykje moro og kult; men ikkje gidda skriva om det. Mykje av grunnen til at eg byta til nynorsk var jo flinke Linux-folk som skreiv målet. Eg fekk stor respekt for dei og digga at dei skreiv nynorsk. Etter endå litt meir eksponering for nynorsken byta eg hovudmål og hev levd lukkeleg etter.

Men no går toget til Bryne snart! Skal på endå meir moro ;-)

Meld deg inn i Målsiddisane! :D

Forresten, Thomas melde seg inn i NMU/Målsiddisane! Wohoo! :D Det kan du óg gjera, me tek inn alle som synest nynorsk er litt tøft og som klårar riva opp 30kr for medlemskapen. Vel, eg skal betala kontigenten din om du sender meg ein epost med namn, adresse, epost-adresse (doh!), telefon og om du vil vera med på epostlista vår. Det hadde vore dritkult å få nokon til å melda seg inn i Målsiddisane berre med å skriva noko på heimesida. (>_<)

Du får Norsk Tidend (Noregs Mållag si avis) og Motmæle (vår avis) pluss tilbod om masse kult som medlem. Dessutan får du ei gratis veke på sumarleiren vår (sponsa av Målsiddisane, gjeld berre nye Målsiddisar) :D Wohoo. (Kjenner meg som ein seljar :P). Vel eg må gå, og eg skal skriva meir frametter!

Halvreferatisk framleggjing av årsmøte i Rogaland Mållag

Eg gadd ikkje skriva ein personleg tekst, eg gadd ikkje halda dei små meinigane mine vekk frå teksten. Så det er ein kvasitekst om årsmøtet som blei halde på Jæren Hotell i Time. Det var eit koseleg årsmøte, sjølv om eg kjende meg veldig åleine blant alle dei gamle i starten…

Starta med ein kulturdel

Som start fekk me ei flott helsing frå ein Venstre-representant i Time kommune. Han snakka om kommunen som framleis var ein nynorsk vekstkommune. Me song Nordmannen før me fekk sjå vakre bilete frå Jæren. Desse var rektig gode, eg blei rett sagt inspirert. Me song «Den fyrste song» og Bjørg las og song frå Haugtussa. Det var så fint at eg fekk lyst til å lesa Haugtussa sjølv.

Pause. Eg snakka med Hege Lothe, bl.a. bladstyrar i Norsk Tidend – medlemsavisa til Noregs Mållag. Etter pausa var ferdig song me «Kjerringa i stampen» og hadde namnopprop. Tor Magne las opp året i korte trekk. Ålgård og Oltedal hadde hatt røysting om skulemål; båe kommunane valde nynorsk.

Melding frå sentralt

Hege Lothe skulle snakka litt frå sentralt. Ho var blant anna utruleg glad då VG og Se & Hør ringde oss for å melda seg på til 100—årsmarkeringa. Dei stilde opp og ville absolutt vera med. Normalt er det visst motsett. Avisene er meir på glid i forhald til nynorsken, VG hadde to heile sider der alt var skrive på nynorsk. Wohoo!

Slagordet som blei laga for kampanja mot forbodet i Dagbladet og VG vil bli bruka i fleire høve. «Slepp nynorsken til» kan ein dimed sjå i fleire høve frametter. NM vil ha ei kampanje retta mot butikkjeder som har butikkar i nynorskkommunar. Her er det rett og rimeleg å bruka «slepp nynorsken til»-slagordet. Elles har NM fått eit nytt slagord for jublieumsåret; «Mange røyster – felles mål».

Vil sleppa på prosentkrava (det høgst politiske) og heller fokusera på det positive med nynorsken. Korleis han kan bli bruka godt og med vèl vitande vilje. Slik meg og vørde leiar Vebjørn Sture gjorde då me byta over av di me syntest nynorsk var tøffare.

Årsmøtet til NM blir på kr. 2500, det er utan bo og billettar til morosame ting. Reise er dekka. Synest det var relativt stivt då; eg betalar kr.160 tur/retur Oslo, og har ikkje akkurat så mykje pengar for å dra på årsmøte. Men normalt sett dekkjer jo lokallaga slik.

Sjølve møtet startar

Me starta møtet. Klubba oss raskt gjennom dei fyrste sakene. Alle på deltakarlista fekk røysterett.

Me snakka om meir samarbeid med lokallaga, bokmålsinfluensaen (no i desse dagar kor fuglevarianten er så folkekjært) som infiserer nynorskkommunar og nynorske tekstmeldingar på debattprogram. Gu’ så herleg det var å sjå godt mål på dei små tikkande meldingane! Underteikna såg faktisk på dèt ordskiftet sjølv og las kommentarane på nynorsk med spesiell hug. Nynorskpositive kommentarar på bokmål var òg moro, men dèt målet ser ein meiningar ytra dagleg.

Ingeborg Mjør la fram eit (i mine augne, særs godt) forslag om ei brukardriven nettside kalla «nynorskklassar.no». Sida skal gjera organisering og samkøyring enklare for foreldre som vil at ungen deira skal ha nynorsk som hovudmål. Supert! Mamma og Pappa ville jo at alle me skulle gå i nynorskklassar, men det var aldri nok folk til å få laga ei parallellklasse (ein må vera 10 personar i ei klasse). Eg vil taka dette vidare opp i målsiddisane; eg trur dette er noko som berre må gjerast. Eg stoler ikkje på at det vil gå raskt nok (om i det heile take!) om det skal gjerast på den byråkratiske måten.

Lunsj, med dessert. Ahh. Og kaffi. Namnam.

Etter lunsj, målprisen 06 til Helge Torvund

Denne prisen gjekk til Helge Torvund, diktar og diktlerar. Han har skrive mange tips og mykje rettleiing til folk som vil skriva dikt. Raus og auser av si kompetanse. Han driv på i diktkammeret til dagbladet.no. Alltid skrive nynorsk, sjølv om det var i Dagbladet. Der hadde det avogtil skjedd at nokon i redaksjonen hadde skrive eit intervju (med målfolk) på nynorsk, men måtte omsetja det før dei fekk trykka det.

Same kva, diktkammeret – og Torvund si store rolle som lærar og tilsett der er positivt for nynorsken, difor fekk han prisen. Han var overraska over at folk hadde fått med seg arbeidet hans.

Rekneskap og budsjett

Alt saman godkjend. Me fekk utlevert flotte papir, gode og oversiktlige. Eit godt stykkje rekneskapsarbeide av Karl Marius Lillevik. Eit par små tips til pengar i organisasjon dukka òg opp. Hendig for ein ny kasserar. :-)

Noregs Mållag hev fått nye heimesider, og vil tilby lokallaga (og fylkeslaga) plass på publiseringssystemet. Friluftslaga rundt i ryfylke og nynorskkommunar skriv bl.a. «hytten er oppsatt av…». Forferdeleg. Ei skulemålsnemnd blei vedteke – skal ha ansvar over skulemålsarbeidet. Budsjett, trekkene er stadig mindre underskót. Likevel var dei fleste einige i at me bør ikkje vera redde for dèt; heller bruka av formuen (og Rogaland Mållag har mykje!).

Val av styre

To nye inn. Båe frå Målsiddisane (som har vist seg å vera ei god, aktiv gruppe ;-)). Styremedlem, vår vørde leiar Vebjørn Sture. 4. vara, Odin Hørthe Omdal. Det er meg. Alt gjekk samrøystes igjennom bland forsamlinga på vèl 25 personar. 9 menn i styret, berre ei kvinne; Ingeborg Mjør som 3. vara. Det var jo litt flaut.

Så tok me bilete og snakka litt laust og fast før me drog heim. Møtet vara frå 11 til 17

Årsmøte i Målsiddisane

Eg drog litt ekstra tidlig frå ein elles stressande dag på jobben; måtte møta NMU-sivilarbeider Jens på togstasjonen. Han skulle vera med på årsmøtet i vårt lille koselege nynorske lokallag. Styret blei vald ut og me fann eit par hovudtrekk for kva me skulle prøva å gjera dette året. Etter dèt åt me på Peppes Pizza.

Eg såg Jens på Narvesen der han sniktitta i bladet «Mann», han blei lettare blyg då eg såg kva slag lesnad han studerte. Me gjekk opp på Metropolis, sidan eg hadde blitt sett ansvarleg for kaffi; tenkte om me fann ein kaffikokar dèr så hadde alt vore fryd og gammen. Me fann det me søkte, men kaffien som følgde med var ikkje superb – så me måtte ut å kjøpa dèt. Valet fall på Coop sin solidariske fair-trade kaffi, som ligg på kjøkkenbenken min no.

Arkologisk museum og opningstidane deira

Sist gong gode Jens var i byen ville han så utruleg mykje sjå Arkologisk museum, sidan dèt dei har i Oslo visstnok var forferdeleg dårleg. Han hadde trava dei lange bakkane opp til musèet, berre for å få vita at det var stengd. Difor skulle me no taka oss ein tur. Det gjekk ikkje bra. Forventningsfull bad Jens om billett; men det fekk han ikkje. Dèt han fekk var informasjon: «Me har stengd.». Ehh. «Det du ser her no er meir som kontortid, me slepp ikkje folk inn». Åneivel.

Så byrja Jens klaga på kor dårleg det var lagt opp; kor tid jobber folk? Jo, til 15/16. Kor tid har dei tid? Frå 16 og utover. Kor tid stengjer Arkologisk museum? Jo, dei hev stengd frå 16 og utover. Ravgale, meinte Jens. «Korleis skal du underhalda meg no?», sa Jens litt morkent og hinta til at det ikkje var moro meir. «Arh, nett no går me berre mellom alle dei kjekke tingene me skal gjera», svara eg utan å ha ein idè om kva me skulle gjera; eg vona berre transportetappa var lang nok slik at eg kunne finna noko.

Motmæle, eit heitt samtaleemne

Då me kom til byen spurde eg om kafè var mogleg underhalding, det var greitt. Me gjekk til Sting. Der såg me gjennom «Motmæle» som er den superfantastiske avisa som NMU gjev ut til medlemane sine. Jens er faktisk redaktør i denne avisa, og lagar stort sett alt utanom artiklane. Vel, han lagar visst ein god del av dei òg. Me diskuterte korleis avisa kunne vore betra, – Jens hadde bruka eit bilete som eg hadde take på forsida av avisa – det meinte eg ikkje kom til sin rett (som Jens var einig i). Avis er iallfall særs interessant.

Etter me hadde svidd av ein del pengar på Sting drog me til Metropolis. Me var alt for tidlige, men jaja, me måtte vel gjera kaffien klår til møtet då. Det sto to herlege jenter i inngangspartiet til Metropolis. Dei såg umiskjenneleg nynorske ut. Huuuummmm… «Er de her for årsmøtet i Målsiddisane?», det var dei. Kort etter kom Vebjørn, med to andre jenter. Jøss, eg som trudde det skulle bli meg, Vebjørn, Jens og kanskje Geir på møtet. Eg har alltid lurt på kven dei mange medlemane i målsiddisane er; for dei er iallfall ikkje særleg aktive.

Årsmøtet startar

Me sat oss inn, drakk kaffi – åt kake. Forresten var det berre eg som drakk kaffi, trass kor mykje eg hinta og bydde dei andre. Me hadde ein kort «om meg sjølv»-runde, som eg absolutt elskar. Men allereie innleiinga mi var lengre enn alle dei andre sine fulle «om meg»-talar, så eg stoppa der. Hadde vore jysla moro om alle ville ha snakka litt lengre då; eg synest det er moro å vita kva folk gjer og tenkjer om ting! Wohoo.

Me gjekk gjennom sakslista, medan Vebjørn stadig kom av tema (og me måtte hanka han inn igjen; den guten er glad i å tala!). Det var to stk som ikkje hadde stemmerett av oss 6 (pluss Jens, som ikkje hev stemmerett same kva), ho eine var ikkje medlem, medan ho andre, Frida hadde ikkje betala endå. Forresten klårar ikkje eg hugsa namn, eg stressa fêlt med kaffien då dei andre pressentera seg sjølv. Vondingen meg. Jaja, eg lerer dei nok snart. :-)

Eg betala for Frida (som seinare vart nestleiar, det trur eg ikkje ho kunne ha vore om eg ikkje hadde betala – det synest eg er kult ^^) og spurde ho andre (off, dumme meg, naaamn) om ho ville vera medlem. «Tja, kan vel det like greitt», sa ho og VIPS! Ein ny medlem i det nye året! Wohoo!

Vebjørn som likar å prata (+ han elskar media)

Me gjekk gjennom føråret. «Kan du taka det kjapt og greitt, Vebjørn», sa Jens. Me visste båe at dèt kom det ikkje til å bli; såpass kjenner me Vebjørn. Etter han hadde kome seg gjennom lefsa si med fleire anekdotar (nokon lange) på vegen, kunne me starta med dèt som hadde litt meir relevans; stemming. Var dette ei god årsmelding? Samstemmig, som faktisk alle sakene var… :-)

Eg hugsar ikkje kva me fann ut at me skulle konsentrera oss om i år; men me gjekk inn for møte annan kvar veke – anten i siddisstova (på lassa) eller der Natur og Ungdom hev sitt kontor. Så var det stemming av verv i styret; Vebjørn Sture blei leiar igjen. Frida Ur blei nestleiar. Eg, Odin, blei kasserar/økonomiansvarleg. Så blei, uhm, ho andre jenta (NEEEI, det namnet hadde eg på tunga!) styrelem, same blei Geir og Mats Indrefjord Høllesli (sjølv om dei ikkje var tilstades innstilde me på det).

Me fann ut kven som skulle sendast på årsmøte i NMU, det blei meg, Vebjørn, Frida (nei, ho kunne ikkje lell), Ingebjørg (?, som ikkje kunne vera på Målsiddisane sitt årsmøte) og… Vel, det er vår vørde leiar Vebjørn som hev oversynet på alt dette. Eg kan vel heller berre seia at eg iallfall blei med :p Eg sa meg òg villig til å vera observatør på Stavanger Mållag sitt årsmøte. Kven som skulle dra på Noregs Mållag sitt årsmøte (og 100—årsjubileum) i Oslo gløymde me; men får taka det på neste styremøte, torsdag kl 1900 om to veker. Eg har iallfall utruleg lyst :]

Slutt på dèn dagen

Me måtte slutta møtet raskt, sidan to måtte på jobb – eg tok kaffien min og rydda saman med Jens og Vebjørn før me stakk til Peppes. Det var koseleg, og tok lang tid. Eg var ikkje heime før i 22-tida. Akk. Etter dèt las eg avisa, sjølv om eg eigentleg ville skriva om møtet pluss jobba litt. Menmen. No er det flott vêr ute, og eg skal vera med Rebecca. Ut å gå tur visstnok. Hum. :-) Får dra.

Det var sjølvsagt ein hugnadsam dag, men herlege menneskje (som NMU-folk plar vera). Wohoo. Eg ser fram til eit år som kasserar i Målsiddisane.

Wohoo, pappa skriv nynorsk i brev

Nynorsk filmsøknad. Pappa har skrive eit brev til Stortinget ved Målfrid Meltveit Kleppa. Han søkjer om pengar til eit informasjonsprosjekt kalla «Den flerkulturelle skole». Fyrste utgåva var superbyråkratisk kommunenynorsk, så han var regelrett rauda ned av pennen min. No er ikkje eg kjempeflink til å skriva, men det flyter mykje betre no!

Bokmål har vore eit elitespråk, difor har det denne (umotiverte) byråkratformen. I nynorsk har ein ikkje slik – sidan heile vitsen var å skriva slik me snakka, sjå på historia! :) Men, allslag nynorsk betre enn ingen! Bra pappa!

Sentralstyreinvitasjon frå NMU

Telefon frå valnemda i NMU, dei lurte på om eg ville stilla som sentralstyremedlem. Særs moro. No veit eg ikkje om valnemda ville tilrådd meg til stillinga om eg hadde sagt ja, men eg trur ikkje dei ringjer rundt til 4 folk for å berre taka ut ein. Det høyrdest ut som om det hadde vore relativt glatt om eg ville.

Dette er ikkje berre utruleg kjekt å få tilbod om, men òg jysla freistande. Mamma vil eg skal dra, Rebecca vil ikkje, eg vil vel heller eigentleg ikkje dra til Oslo. Men det hadde vore moro då! …Eg skal iallfall tenkja på det, grundig.

Kva kallar ein slike?

Folk som går åleine (eller berre trur?) langs stien rundt mosvatnet. Trur dei kan syngja sånn ca OK-greit og gjer det av full røst. MP3-spelaren sitt volum pressa mot topp. Syng så dei såvidt høyrer seg sjølve, forstår kanskje ikkje at det eigentleg er utruleg høgt. Ei liding for området rundt. Trur vel dei er åleine slike folk. Slike folk som meg.

Det er frigjerande då. Å gå der gjennom skogen, litt halvparanoid og sjå bak seg i pausane mellom «Westlife – Fool Again» og «Fountains of Wayne – Stacys mom». Å prøva seg på avansert stemmekontroll på fyrstnemde song, – sjølv om ein ikkje høyrer anna enn songen sjølv. Det er pirrande. Det synest eg. Rett pirrande. Blir heile tida litt tøffare. Då eg går ut av bussen er det rett før eg våger meg på ein «God kveld, takk for turen!» til bussjåføren etter ein stille halvtime bak. Eg turde ikkje det i kveld, – han såg ikkje min veg, så. Likevel kjem hodetelefonane på rundt mosikken, – og eg startar så vidt å syngja lavt.

Eg kjenner jo stemmebåndet dirra, – det er herlegare å pressa meir kraft på det. Gjer sjølvsagt det. Gradvis. Er moro det der. Berre eg får våga meg uti noko slikt gradvis er det ikkje noko problem. Blir tøffare og tøffare. Trur eg iallfall. Til slutt ser eg nesten ikkje bak meg lengre, men syng i veg så godt eg kan. Det er jo så moro. Så uendeleg moro.

Men kvifor er me så redd for slikt? Kvifor er eg redd for slikt? Det er jo så dumt. Ja, – eg må ikkje plaga folk. Må vera snill gut. Men kjenner at det ikkje er heile grunnen. Det er mange gongar eg ikkje hadde plaga folk om eg hadde synge, dei går raskt forbi lell. Men kvifor er det ikkje heilt lett for ein gut som meg? Off, eg bør leggja meg – ikkje start på slikt!

Eg kjenner det kan ha noko med å ikkje bli støtt ut som ein galning å gjera. Men det hadde no hjulpe meg i mitt mål om å bli mindre sjølvopptake. Med mindre tankar for meg sjølv har eg meir plass til andre. Men igjen er jo det eit egostisk (om enn «smart egoistisk») mål, sidan eg igjen blir glad av å prioritera andre og deira lukke. Men så har jo eg ei lang veg å gå til Altruisme då. Eigentleg berre viktig at eg tenkjer litt i slike banar, om ikkje står eg fast og forbedrer meg ei.

Øhm. Eg falt av emnet. – Då eg kom heim las eg Motmæle, medlemsbladet til NMU. Eg har eigentleg aldri tenkt stort over det før, men eg må seia eg synest det er utruleg bra! Eg blei rett sagt imponert over mykje av det som sto der. Morosamt og humoristisk er det òg. Elles lærer eg jo nynorsk medan eg les, at nynorsken min treng jamleg ettersyn og ferske ord er inga løyndom.

Hm. Er eg redd for å vera annleis? Det kan eg då ikkje tru. Hm. Eg vil vera meg (blabla, sett inn high school amerikansk drama om sjølvransaking i tenåra). Og eg vil syngja. Syngja høgt. Det er moro. Og eg bør leggja meg. Elles var dette ei heller teit oppdatering av sida mi. Men oppdatering lell. Takk og farvell.

NB: Kjempemoro dag i dag forresten, – men er dei ikkje alle (nesten)!? :D

Norskfagskonferansen på Lambertseter

Denne guten har ikkje ete noko særleg. Ikkje sove heller, for den saks skuld. No er det heim frå Norskfagskonferanse, det blei 5,5 timar søvn fordelt på 3 dagar. To netter altså, ei normal natt skal ein ha 8. Var moro på konferanse, men godt å kome heim. Normalt vil eg bli igjen…

Eg vil litt heim

Kvifor vil eg ikkje heim no? Nei, det kan det jo vera fleire grunnar til. Eg veit ikkje heilt. Tenkjer litt på Rebecca. Tenkjer nok søvn og på å ikkje sprada rundt i ein halvkald skule heile dagen. Maten var god, men det var ikkje enkelt å få nok. Det er kritikk av min ete-kompetanse, ikkje av jobben til matnemda. Då gjeld det altså evna til å eta nok.

Eg vakna nett og fann ut eg ville skriva. Foten sov, me var i Bø, magen ville ha mat, naboparet hadde båe kaffi og sjokolade pluss at foten sov. Det med foten var spesielt ekkelt, om du ikkje fekk det med deg. La meg tilbake. Såg på sidejenta mi, «ChiCA»-bladet hennar (hum?) og klokka. Wow; 2 timar! Eg hadde sove i to timar, men kjendest som om eg nett var gått på toget. Det var kort sagt fantastisk. For ei kjensle. For ein trøyttheit.

To dagar tidligare sat eg litt meir opplagt på toget andre vegen. Las Harry Potter, den fyrste. Sidan Rebecca er så utruleg fan av desse bøkene har eg bestemt meg for å lesa dei sjølv. Eg las han perm til perm på togturen. Vél framme rota meg og Magnus (lillebroren til Elisabeth) oss til Lambertseter VGS. Bruka litt tid på det. Oslo. Ja…

Mat og Amsterdam

No er det to ting eg vil prate om meir enn å skildre dagane som har gått; mat og Amsterdamturen om to dagar. Mat. Dagen før eg drog til Oslo (torsdag) åt eg ei 15krs pølse og eit par skiver til frukost. Dagen eg drog åt eg:

Økologisk knekkebrød som nattmat (teknisk same dag, så)
Frukostblanding til frukost
Ein liten sjokolade til middag (togmat er dyrt)
To berlinerbollar og eit par klementinar til kvelds

Ikkje store festmiddagen altså, sjølv om det blei litt når ein putta det i fin liste. Tok ikkje så stor plass reint fysisk som det gjer psykisk i hovudet grunna listeteksten. For å ikkje taka heile dagen kan me prate om Amsterdamturen. Det er ikkje stort å seie, anna enn at eg har vore vekk heile helga. Eg dreg heim no, er der i to dagar før eg tidleg onsdag må taka flyet til Amsterdam. Der skal eg vere til måndag. Eg skal jobbe, hardt. Eg skal reisa. Møta masse folk. Bli utslitt. Som de kanskje forstår er eg det allereie.

Konferansen, natt til i dag

Sjølve konferansen var moro. Natt til i dag (wow, nyhende-språk) hadde Kjersti, Magnus, meg, Elisabeth og Øystein det supert. Oppramsinga er med synkjande moroskapsfaktor (leggjetid). Kjersti og Magnus la seg 09, eg 06, Elisabeth 05 og Øystein 04. Me var i konferansesalen og spelte musikk (frå min berbare datamaskin etter Øystein la seg ^^ ) medan me dansa med enorm innleving og digre faktar. Det var hugleg så det ljoma.

Eg la meg ned på sofaen kl 6, etter litt gitarsynging med Kjersti (spelte) og Magnus. Der tok eg NSB-teppet over min kropp før eg blei vekka av Margit (eller nokon, hugsar ikkje, augo igjen). Det blei 2,5 timar i natt. Eg sprang bort på matsalen og laga meg brødskiver banan med bringebær heilt til det ikkje var meir igjen (ei skive altså). Åt ost med bringebær på dei andre to. Eg var litt sein til foredraget om tospråklegheit i Finland, måtte snike meg inn. Det var eit veldig bra og interessant foredrag.

Teaterfolk, nynorskhatarar

NMU, panelordskifte

Mot slutten av siste dag hadde me panel-ordskifte med SU, EO, NMU, Unge Venstre og Unge Høgre. Det kom ein gjeng lokale Lambertseter-ungdom inn i salen – dei sat seg bakarst og såg ut som bråk. Den var dei òg. Dei romsterte noko fælt medan folk snakka, tok masse oppmerksemd. Prøvde å laga mest mogleg bråk ut av å prate med kvarandre og rive i papir.

Etter litt gjekk dei ut; men dei kom tilbake. Plutseleg ser me ein gjeng ungdom spring i gangen utanfor gymsalen – dei hoier og skriker, tramper og tek oppmerksemd. Det gjorde dei mykje. Eg fekk veldig lyst til å setja dei på plass, det hadde visst Sigbjørn òg – for han gjorde nett det då dei sto utanfor den opne døra og snakka kjempehøgt.

Eg gjekk og dusja; såg Magnus kom i snakk med dei. Då me åt «middag» seinare fekk me vitjing av nokon av dei. Eg prata litt med dei sidan eg synest dei så greie nok ut. Berre at dei dumma seg fælt tidligare, off. Respektlaust. «Mot nynorsk», javel? Kom med argument, eller ikkje sei noko i det heile. Å bråka hjelper ein ikkje iallfall. Dessutan synest eg det er mongo å vera mot nynorsk, og eg har endå ikkje møtt ein smart fyr som er det…

Dei var kjekke dei. Haldt på med ein revy. Me leika litt med dei, hadde «Pangsang» (eller kva det var). Ein fyr i midten, peiker på ein og startar syngje; den personen skal dukke medan dei to på sidane skal fortsetje songen etter beste evne (litt som Beat for beat, trur eg). Så skal midten vera dommar og seia at ein må gå.

Oppsummering

Sidan eg har hoppa fram og tilbake i tid så får eg berre skriva ned resten av det eg vil ha med. Det var kurs, tri på likt; “God norsk”, “Nynorsk” og “Teiknspråk”. Eg ville veldig på båe dei to fyrste, men gjekk på den fyrste. Det var eit moro kurs; eg hadde nok litt utbytte av det. Likevel visste eg det vel frå før.

Ahvel. Eg må forte meg å bli ferdig. Det var veldig moro iallfall. No tek eg flyet til Amsterdam!