Merkelapp-arkiv: OpenID

OpenID, korleis og kvifor?

Ok, det viser seg at eg må forklara OpenID for folk heile tidi. Ja, saman med den opne sosiale veven er det eit digert felt. Men sjølve OpenID er lite og relativt enkelt å forstå. No skal eg forklara kvifor du skal skaffa deg ein OpenID og kvifor du lyt stø denne standarden på bloggen din.

«Men du slo jo upp med meg i kommentarfeltet på bloggen min!»

Identitet er eit problem på internettet slik det er no. Me hev ikkje ein standard for å vita kven folk er. FEIL! Me hev det no, og han heiter OpenID. Ok, sjå for deg dette:

  1. Nille hev ein blogg, ho er fælt emo av seg, so ho brukar livejournal for der heng alle emoane.
  2. Nille hev òg ein kjærast, han heiter Pytt og Panne (frå no av Pytt) og hev ein annan blogg (spytt.example.com)
  3. Dessutan finst det ein slem fyr Cato

Pytt hev epostadressa si på bloggen sin, enkelt tilgjengeleg (alle, ink. Cato veit han er spytt@example.com). Ein vakker dag vil Cato øydeleggja litt for Nille og Pytt, so han skriv fylgjande kommentar på bloggen til Nille:

Namn: Pytt og Panne
Epost: spytt@example.com
Nettsida: spytt.example.com
Jeg synest du klager litt mye nå
jeg får vondt i hue, åh!
Tror vi slår opp like greit,
hvis ikke blir jeg feit!
Så du får gå din egen vei,
for nå er jeg rimelig lei! :(

Cato hev sjølvsagt sett korleis alt på livejournal er halvdårlege dikt, og korleis Pytt sine kommentarar er ekstra dårlege. So ingen kann sjå at det er nokon andre som hev skrive kommentaren.

Det er òg problemet.

Nille ser dette og vert heilt frå seg. Ho emobloggar ein heil del på livejournal og segjer ein dum ting um det dumme Pytt hev skrive. Pytt leser berre nyhendestraumen til Nille sin blogg og forstår det slik at Nille hev slege upp med han. Og so vert båe leid seg.

Det gjeld òg for mindre kritiske ting, som å lata som um du er meg, men skriva samnorsk elder bokmål (ugh!).

Slik treng det ikkje vera!

So enkelt var det altso å lata som um du var nokon andre. Slik er det ikkje med OpenID. Ser du i innspeli mine her på bloggen eit OpenID-symbol vedsidan av namnet til den som skreiv innspelet, tyder det at bloggen min hev sjekka at denne personen hev tilgang yver vevområdet han hev skrive seg inn på.

So viss du prøver å leggja att eit innspel her i bloggen med http://www.velmont.net som netsida, vil du ikkje klara det! Du vil ikkje klara å lata som um du er meg, elder nokon andre som hev ein OpenID-fungerande netsida.

Enkel innlogging på andre sidor

Dessutan er OpenID utruleg greitt for innlogging på andre sider,—du treng ikkje hugsa allslags brukarnamn og passord på 10.000 forskjellege sidor når dei stør OpenID. Det er ganske enkelt berre å skriva inn OpenID: www.velmont.net og so kann eg skriva passordet mitt og vips – logga inn! Du kann prøva t.d. identica (mikrobloggingsida) elder Stack Overflow (programmeringsspørsmålssida).

Viss nokon er interesserte, kann eg skriva korleis du kann få ein OpenID og kopla han til netsida di (det er enkelt!). Køyrer du WordPress som omtrent ingen eg kjenner gjer, kann du bruka OpenID-innstikket til WordPress.