Merkelapp-arkiv: Oppmoding

Spray ned ein rulletrapp nær deg

Det er ikkje sjeldan eg hev dårleg tid. Då gjeng eg fort. Det er heller ikkje sjeldan eg gjeng fort til dagleg (elder som eg likar kalla det «normal fart»).

Folk er ålment sett supertreige. Dei gjeng totalt utan mål og meining, og hev ikkje ei tanka i verdi for at det kann vera andre som ikkje likar at dei tek heile fortauget, elder verst av alt rulletrappa, når eg skal forbi.

Kva gjer folk i rulletrappa? Dei STÅR FAENMEG STILLE. Eh. Ei rulletrapp er ikkje laga for at du skal verta endå treigare ditt slimete fossil av ei utdøydd snegla!

Desse supermongisane klarar ikkje lesa dei små fine lappane som sporvegane hev laga; «Vennligst stå på høyre side» elder kva det no enn er. Grenselaust irriterande. I dag brukte eg irritasjonen på å tenkja korleis lappane kunne vorte betre. Det beste hadde sjølvsagt vore at treige folk berre kunne sitte heime, men då hadde det ikkje vore mykje folk i byen. So eg kom eg på ein upplagt idè som e ikkje forstår at folk hev sett i gang allereide;

Kva med å laga tvo soner i rulletrappa? Ei raud og ei blå, tagga ned med høveleg tekst som sjølv oldemor kann forstå då ho dreg på handletur i byen og er irriterande på alle område inkludert rulletrapproblemet. Men når ho ser ei blå sona held ho seg vonleg vekk grunna den høvelege påskriften. Eg laga ei teikning:

Det morosame her er at all den ungdommen som gjeng rundt og skriv meiningslause ting yveralt endeleg kann få noko fornuftig å gjera. Det vil truleg appelera av di det er like ulovleg, men fleire folk vil sjå det (alle yverser tagging no, det er so normalt). Hugs berre å skriv dei høvelege meldingane i dei forskjellege sonane mellum underskriftene slik at tante treig fær det med seg.

Kom på vitjing til oss

For ein månad sidan var mamma, pappa og veslesyster Kitty Karina på vitjing til meg og Rebecca. Det var veldig koseleg. Dei fekk sjå bustaden vår, og me fekk låna bil for å kaupa ting på IKEA. Då kaupte me mellom anna hyllor. På sundag sette eg opp ei av dei, det vart ganske kult. Den andre stend stadig og latar seg mot veggen. Eg gler meg til me hev sett upp den òg, det vert supert. Då kann me prøva å rydda bustaden litt (han er eigentleg ganske ryddig) og taka eit par nye bilete. So kann eg endeleg leggja det ut på nett.

I helgi kjem det òg mange folk som er i landsstyret i NMU til Oslo, difor kjem me til å innkvartera nokre av desse. Eg trur dei fær eit fint upphald på Hotell Rebecca og Odin. Forresten gjeld dette alle saman; me er veldig glad i vitjing – og hev so langt havt alt i frå veslesystrer, til vener og familiar på vitjing. Me hev framleis ikkje innkvartert uvener eller fiendar, men dei hev ikkje spurd um å få koma; so det hev ein naturleg grunn.

So, um du framleis ikkje hev teke bodskapen: kom på vitjing til oss.

Det er forresten kult um de tek oss med på kino eller noko anna moro når de kjem; og kaupar middag til oss. Sjølve innkvarteringi er gratis, men me kann diverre ikkje spandera mat – men me vert gjerne påspandert mat!

Klem frå Odin (eg skal ikkje seia noko frå Rebecca utan godkjenning :p)

Ting «Dag og Tid», ei fantastisk god avis!

Eg gjekk nett inn etter solsitting kombinert med avislesing i yver ein time. Eg las Dag og Tid, den frie vìkeavisi som fokuserer på kultur og ordskifte redigert på nynorsk. Og eg må berre få sagt det; eg likar den avisi so utruleg, fantastisk godt!

Ute i skinnande sol som varma hud las eg millom anna ei lang god samtale med Hanne Tømta (den dritkule teatersjefen på Rogaland Teater) og ein kommentar um kvar dei intellektuelle i Noreg er i alkoholordskiftet. Eller, problemet var vel meir at det ikkje var noko alkoholordskifte. Båe desse artiklane fylde meg med kveik og eg fekk sterk hug til å skriva um:

  1. Rogaland Teater, og teater ålment – kvifor teater er so ekstremt bra
  2. Alkoholkulturen som er i Noreg (eg hev prøvd fyrr, men eg trur eg må dela det opp i mange mindre innlegg)
  3. Dag og Tid, det er det er prøvar på no.

Kjende eg mista litt av vilja då maskini mi slo seg på, likevel. Eg var supergira då eg hadde den herlege avisi millom fingrane og sat ute i det fine v^eret, men no sit eg inne i eit myrkt rom. Likevel skal eg prøva meg på å skriva noko smått;

Dag og Tid, og kvifor alle lyt tinga denne avisi

Det var ein fødedag for fleire år sidan (hmm, vert vel, 3 år) eg hadde nett byta hovudmål til nynorsk og skreiv heilt elendig. Mine kjære tantor Siv Omdal og Gry Omdal fann då ut at dei skulle tinga den nynorske vìkeavisi til meg. Betre gåve hev eg ikkje fengje (etter det eg kann hugsa). Eg vart sjølvsagt superglad, for eg (lur som eg var) visste at for å verta god i nynorsk må ein lesa masse nynorsk, so vel som skriva masse. Eg visste eg kom til å skriva masse (det gjorde eg jo allereie) – men det var nok verre med lesingi. For kvar ser ein eigentleg nynorsk um ein gjeng på skule i Stavanger? Ingenstads. So dette var perfekt.

Det tok ikkje mange nummeri fyrr eg forstod at Dag og Tid ikkje berre var ein nynorskavis – men ei jækla god avis i same slengen. Eg vart yverraska frå fyrste sending – men tenkte dei kann henda berre var heldige med tema denne gongen – tri år seinare hev eg framleis att å finna eit nummer der eg ikkje er kjempeinteressert i iallfall tvo av sakone. Ofte mykje meir. Eg pla lesa heile avisi frå perm til perm (nytta gjerne eit par dagar på ho) – no gjer eg ikkje det lengre, av di – vel – eg fær ho ikkje der eg bur lengre.

Det tøffaste i ei avis

Noko av det som er so tøft med avisi, er at ho skriv um ting som andre teier um. Dessutan er det tøffaste i kvar ein avis dette:

  1. Ordskifte og kronikk/kommentar (ofte med nye, interessante meiningar og forskningsresultat)
  2. Kultur
  3. Lange, gode og koselege intervju med interessante folk

Dei gongane eg les Stavanger Aftenblad (det var mykje fyrr, men ikkje no – ser ikkje avisi i Oslo) er det alltid yvernemde emne eg les mest ihuga um. So, til det geniale med Dag og Tid; det er dette ho fokuserer på. Yeey! Ordskiftet i denne avisi femnar vidt om, noko av det mest interessante eg hev lese um midtaustenkonflikten, Irak og USA hev vore i denne avisi.

Det er ei «intellektuell» avis, ho prøver ikkje taka VG sin marknad; men eg trur at store delar av Noreg hadde likt ho godt. De som les heimesida mi vil absolutt finne ho sers god og interessant. Det er lett å få tak i gratiseksemplar (eg kjenner eg fær det heile tidi via NMU) – um ikkje kann ein tinga ho ei kort periode (10 vìkor).

Sist utgåva endra dei bladbunad og gjorde ei stor oppreinsking i avisi – og no spyrr dei um dei kann få nokre av dei gamle tingarane sine attende. Og sjølvsagt fleire nye tingarar. Eg tingar denne avisi, men han kjem til Stavanger. So når eg kjem attende til Oslo må eg hugsa å oppdatera tilskrifti mi. Då vil Dag og Tid få ein ny tingar, for pappa er fast lesar av avisi – og hev ingen hug om å vera noko anna.

So eg oppmodar alle til å prøva avisi, verkeleg verkeleg! (trass dei dårlege netsidone) Det er ei god avis i seg sjølv, masse originalt og viktig materiale. Mykje interessant og ein heil del tekstar du ikkje ser i andre avisar. Dessutan er ho òg på nynorsk, og ein vert betre i språket av å lesa ho. Alle burde tinga ho.