Merkelapp-arkiv: Oppsummering

Vestkystturen vår i USA (sambandsstatane), eit yversyn

Tenkte det var greit å ha eit samleinnlegg yver heile turen. Når (viss) eg legg ut eigne innlegg for dei forskjellege delene av turen, so vil eg lenkja det herifrå.

Dette vert på ein måte ei samleside. Dessutan trur eg det er kjekt å ha ein kjapp gjennomgang av turen vår som no snart hev vara 1 månad og 3 veker.

Los Angeles, hostell, dag 1-3

Me sov på hostell. Det var dyrt og dårleg. Fann ut at LA = må ha bil, so me skaffa oss ein. LA var ikkje i det heile teke kva me venta. Veldig skuffande.

Los Angeles, couchsurfing hjå Nayan, dag 3-5

Vår fyrste CS-uppleving. Veldig koseleg. Han budde midt i Hollywood og er ein flashutviklar med kjærleik til slalom. Han tok oss med på surfing.

Los Angeles/Palmdale, couchsurfing hjå Rajan, dag 5-7

Me drog på ein couchsurfing strand-fest. Me visste ikkje heilt kvar me skulle bu, men rett fyrr me drog fekk me ei meldig frå Rajan at me kunne bu hjå han. Me møtte og prata med mange hyggelege folk, det var ein hyggeleg kveld.

Morgonen dagen me reiste var me på Fox Studios, og såg innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud, yay!

Mojave-ørkenen, i bilen, dag 7-8

Me var på veg til Las Vegas, og sov i bilen på ein rasteplass.

Las Vegas, hotell, dag 8-10

Det var utruleg varmt, og me gambla berre so vidt. Synd, eg ville eigentleg spelt blackjack på bord, men då hadde nok pengane rast ut! Me tok det med ro i varmen, såg Las Vegas og dyppa oss so vidt i badebassenget.

Redlands, couchsurfing hjå Nick, dag 10-11

Me var på veg ned til San Diego, og ville ha ein stopp på vegen. Me fekk ein i-siste-liten sofa frå han. Han las til eksamen, so me brukte kvelden vår på å sjå film frå Netflix-på-wii-en honoms.

San Diego, i bilen, dag 11-12

San Diego var mykje hyggelegare by enn Los Angeles. Me var glade for det. Fekk ikkje ein CS-vert, so me leita rundt for å finna ein trygg plass å sova i bilen.

San Diego, couchsurfing hjå Lance, dag 12-14

Lance tok oss inn, han hadde ein typisk amerikansk forstads-einetasje-hus. Veldig kult. Me vart med på tur på scootarane honoms, elskar den fridomskjensla. Eg hadde fengje langt skjegg, eg fekk det klypt.

Newport Beach, couchsurfing hjå Samuel, dag 14-15

Helene ville bu i Orange county litt, for å sjå korleis det var. Me var ikkje lengje med Samuel, men nok til å lika fyren godt. Var ikkje stort mykje å gjera i Newport Beach, men me brukte dagen på eit veldig flott utandørs kaupesenter. Dessutan såg me Twilight: Eclipse på kino.

Los Angeles, hostell, dag 15-16

Me tok ein avslappingsdag på hostell. Det hadde symjebasseng, men det var for skittent til å prøva seg uti. Stadig ikkje glad i LA.

Los Angeles, couchsurfing hjå Adam, dag 16-21

So kom mirakelet. Me fekk bu hjå Adam, ein ekte kjernekar i West Hollywood. Me fekk nykel og vart buande hjå Adam heile 5 dagar. Det var veldig avslappande og herleg. Me gjorde ymse småting kvar dag, men hadde base ein plass yver lengre tid. Saman med Adam byrja me lika LA litt betre.

Me såg ymse filmar saman, gjorde ekskursjonar (eg rørte ikkje bilen på 5 dagar (ahh)) og tok det ålment med ro.

Siste dagen var eg og Helene på Goldfrapp-konsert, som var heile grunnen til at me heldt oss so ekstremt lengje i sør-kalifornia sjølv um me båe ynskja mykje sterkare å dra nord.

Santa Barbara, soving i bil, dag 21-23

Me hadde skaffa oss bustad via couchsurfing, men det var ikkje akkurat det me hadde tenkt oss. Det lukta kattepiss yveralt og det var små dyr rundt i heile stua. Dessutan var det ganske bråkete og folk som gjekk inn og ut med ljoset på. So me gjekk like godt ut i bilen og sov mykje betre der.

Santa Barbara i seg sjølv var kjempebra. Liten sentrumskjerne som du kann gjennom.

Kvar dag sat eg timesvis på ein kaffiplass dei hadde der og drakk koffeinfri chai med soyamjølk. Lovar deg, det var fantastisk godt! Elska den plassen og den drikken, ahh.

San Luis Obispo, couchsurfing med Ben, dag 23-24

San Luis Obispo såg ut som ein like herleg by. Han var liten (yay!) med totalt yverkomleg sentrumskjerne. Dessutan var det eit veldig ungt miljø ute, og han syntest meg veldig «laid back». Me budde altso hjå Ben. Ben eigde eit hus, bak dette huset stod eit lite skur, Ben budde i dette skuret og leigde ut huset til nokre jenter. Utruleg kult! Skuret honoms var lite, men ekstremt koseleg. Elder «the hideout» som eg valte å kalla det på engelsk.

Ben tok oss med på ein tur rundt SLO, og so dansa me til eit reggae-band på ein bar.

Monterey, couchsurfing med Elijah, dag 24-25

Me køyrde upp Big Sur, ein veldig piktoresk plass. Det var svingute, fjellute vegar! Utan autovern! Yay!!! Endeleg moro å køyra. Problemet var at ingen hadde mine køyreskillz i slike umråde, so der eg ville halda fartsgrensa (50mph, 80km/t) og aldri koma under han, so køyrde alle andre umåteleg treigare. So det var mykje forbikøyring på meg den dagen! Wohoo. Endeleg litt fart og spaning inn i bilkøyringi her.

Elles stogga me på mange utsiktspunkt, og tok bilete. Små ekorn kom og ville ha mat. Moro.

Vel framme i Monterey viste Elijah oss rundt, so åt me indisk og sov godt til dagen etter.

San Francisco, hostell, dag 25-26

Flott hostell. Me åt amerikanske pannekakar av di hostellet gav alle gratis røre til frukost. Me såg Twilight: Eclipse på kino. Og so gjekk me ein tur gjennom SF.

SF var ganske fint, men likevel ein litt vel stor by for min smak merker eg. Diverre hang me aldri i Castro-området, som eg trur er meir eit område me hadde likt godt.

San Francisco, i bilen, dag 26-27

Me sov på Golden Gate. Var innum tebutikk. Der sat me med ein veldig morosam amerikaner/kineser som var veldig engasjert um te. Han fortalte oss korleis engelskmennene lagde te heilt feil, og korleis me skulle laga te og um forskjellege timar. Veldig moro. Sat der vel ein time og smakte forskjellege tear fyrr me stakk.

San Fransinco, couchsurfing hjå Alesha (Alex), dag 27-28

Her traff me litt av ein kul fyr! Kona og barnet til Alex var på heimevitjing i russland, so Alex var åleina og kunne godt trengja litt selskap. Me var honoms fyrste couchsurfarar, og det var sers moro. Me drog ut å handla saman (han ville absolutt betala for bønneburgarane våre). Han gav oss sengi honoms, og sov sjølv på sofaen (!). Me sat langt ut på natta og prata um distribuerte sosiale netverk, som diaspora og GNU Social. Han forstod alt etter eg hadde forklart, veldig moro.

Dagen etter kom ei anna surfer inn, Elizaveta frå Russland. Sers koseleg.

Tahoe City, couchsurfing hjå Eric, dag 28-30

Diverre hadde eg dumma meg ut og skrive feil dato til Eric. So ingen visste me kom, og me visste ikkje at ingen visste. So me brukte ein gode 4-5 timar etter me kom fram til å stressa med «kva skjer no?». Eg sjekka ein siste gong fyrr me drog, og no var Eric kome heim, Helene hadde allereide sovna diverre, so eg måtte vekka ho att. Ho sov ikkje for godt den natta (men det gjorde eg! :D).

Eric var ekstremt uppteken (i lake Tahoe tener dei alle pengane på sumaren (restaurant osb) og brukar dei resten av året), men venene honoms var like kule dei. So sat og spelte kort og hadde det kjempekos. Var òg i boblebad. Eg og Helene var på kayaktur, og ein liten fjelltur.

South Lake Tahoe, couchsurfing hjå Jacob, dag 30-31

Me bestemte oss for å vitja sørsida av Lake Tahoe òg, iom. at me ikkje hadde ein plan for Yosemite-yvernatting enno. Jacob elskar syklar, so han hadde mange. Me lånte syklar, eg ein utan gir (fastmontert). Det var veldig skummelt, men kult. «Problemet» med dei er at han er akkurat som ein 3-hjulssykkel, pedalane er kopla direkte slik at når sykkelen gjeng framyver so gjeng òg pedalene. Veldig stress når du ikkje er van til det, dessutan hev du ingen bremser, so du må berre bremsa med å stritta i mot pedalane. Vandskeleg. Men moro. Og skummelt.

Eg og Helene hadde umtrent lagt oss. Då skulle nokon av dei ut på ein «open mic night». Trass kor trøytt eg var, sa eg ikkje nei til ein liten utflykt, og fekk låna ein annan sykkel (supertynne dekk!!! :D:D:D). Det var typisk amerikansk, god stemning og folk var ikkje redde for å upptre. Herleg. Smakte eit nytt alkoholfritt øl òg. Gode tider.

På heimvegen såg me 2 stk dytta ein diger amerikansk pickup truck. Me hoppa av syklane og hjalp til. Spurte «kvar til?», dei skulle til ein bensinstasjon, men me dytta feil veg. Heldigvis kom ein bil bak oss og blinka inn til sida. Han kom og hjalp til med startkablar til bilen. So me tok syklane og sykla vidare heimyver. Hoho.

Yosemite, i bilen, dag 31-32

Me køyrde gjennom vakre Tuolumne meadows, og gjekk upp Lembert Dome.

Sov i bilen rett utanfor ein campingplass utanfor Yosemite.

Dagen etter gjekk me upp mist trail til Nevada Falls, og gjekk ned John Muir trail. VAKKERT!

Yosemite, couchsurfing hjå Matt, dag 32-33

Matt er brannmann i Yosemite. So me budde innanfor nasjonalparken den dagen. Han hadde ein annan couchsurfar på vitjing. Etter yvernattingi so gjekk me alle saman upp til Clouds rest. Ein lang tur. Me tok alt for lite vatn med, og hadde ingenting på nedturen. Vart veldig dehydrert og me vart etne levande av mygg. Diverre var altso slutten av fjellturen ganske vond.

Etter ein gratisdusj i Yosemite Valley var me mykje betre att, og sidan me hadde brent so mykje tid i Yosemite so drog me like godt bort til kampingplassen att for å sova i bilen.

Yosemite, i bilen, dag 33-34

Me køyrde, kom fram til Berkley og hang der litt, fyrr me sette nasa mot golden gate att.

San Fransinco, i bilen, dag 34-35

Sov på Golden Gate. Då me vakna starta dei 24 vonde timane me hadde på denne turen. I korte trekk; alt gjekk gale og eg skada meg nok til å gjera resten av turen vandskeleg. Les alt i eige innlegg.

San Francisco, couchsurfing hjå Alex (Alesha), dag 35-37

Alex hjalp oss stort. Men eg vart for det meste liggjande på sofaen og passa på kneet mitt. Diverre ikkje slik me hadde tenkt å ha desse dagane med Alex.

Sacramento/Portland, greyhoundbuss, dag 37-38

Me tok nattbuss. Gjekk ganske OK. Ikkje so ilt som eg hadde trudd. Likevel nattbuss…

Portland, couchsurfing hjå Tyler, dag 39-41

Portland er fantastisk! :D Gratis transport inne i sentrum. Ganske OK-liten sentrumskjerne. Hyggelege folk. Roleg atmosfære. Mykje som skjer. Det var faktisk Federated Social Web Summit medan me var der, men eg visste ikkje um det!!!! :((((( Eg vart so leid meg. Tyler var kul, arbeidde i Intel. Me fekk eige rom med god seng.

OSCON (Oreilly Open Source Conference, elder noko slikt) starta då me drog.

Vancouver (Canada), couchsurfing hjå Vicky og Jef, dag 41-43

Vancouver var herleg. Litt meir som Noreg. Kult med km og liter, i staden for desse mongogreiene dei brukar i USA. Tulleland.

Jef arbeidde i Electronic Arts, og me fekk koma på ein liten umvisning. Det var sers moro. Me hang mykje med Colin og Megan, som var barna deira, og spelte mykje Wii og ymse anna. Spelte kort òg. Dei var ein veldig nerdete familie som likte anime/manga og japansk popkultur godt. Passa meg utmerka! Passa faktisk Helene godt òg, me trivdest utruleg godt hjå Vicky og Jef. Diverre måtte Jef jobba 16-timars dagar av di dei var i ferd med å gjera eit spel klårt for pressevisning.

Seattle, hostell, dag 43-46

Likar denne byen òg. Verkar til at dei meir nordlege amerikanske byane er noko for oss. Seattle er digert, men likevel OK. Offentleg transport er ganske bra, ikkje so veldig yversiktleg som t.d. Portland, men likevel er det gratis i sentrum og det ser ut til å gå ein haug busser heile tidi.

Hostellet var veldig fint, men kosta oss mykje. Helene kaupte eit kort for å gjera so mykje yoga ho ville på ei veke. Forresten vart ho dårleg, svima av og låg i sengi heile dag 44, dakar.

Forresten tok dette innlegget 5 timar og 12 minutt å laga. Eg skreiv teksten fort nok som berre det. Men WordPress viser seg um att til å vera det verste bloggsystemet som finst når det kjem til bilete. HEKKAN so mykje arbeid! :(

Eg må snart laga eige bloggsystem att ser eg. WP er ikkje bra nok lengre.

Uppdatert

Seattle, couchsurfing hjå Marina (og Oro), dag 46-48

Moro å endeleg få ein vert i Seattle. Diverre fekk me aldri hengt ute med Marina elder Oro, men dei var sers koselege å sitja inne i bustaden å prata med. Me hev kannhenda enno ein plass å vitja i Russland no (Marina er frå Russland) ;]

Los Angeles, vond benk på flyplassen, dag 48-49

Ja, var vel ikkje stort å prata um dette her, men det var no ei yvernatting. Kjempekul flytur med Virgin Airlines fyrst, so ein keisam ein med US Airways.

Året 2008

Det morosame med å hava eigen blogg er at det er lett å sjå kva eg hev gjort dette året ved å sjå gjennom arkivet til bloggen min, som visar alle postane på ei sida. Likevel er det ein del ting eg aldri fekk skrive um, som lyt med. Dessutan tek det lang tid å lesa dei 56 alt-for-lange innleggi eg skreiv i laupet av året (jøss, visste ikkje det var so mange!).

Januar, 2008

Eitt år sidan no. Eg sat på internett og las upp på ny teknologi, det same som eg gjer no. Dessutan jobba eg med Cinelerra, medan eg i år hev jobba med Lumiera (som er ein uoffisiell arvtakar etter Cinelerra).

Dessutan hadde eg vore veggis i snart eitt år, no vert det vel altso tvo år.

Februar 2008

Eg vart kasta ut av Universitetet av di eg var på målferd i Telemark for NMU og hadde heilt gløymd å betala semesteravgifti mi. Skit. So det halvåret måtte eg finna på noko anna enn å studera.

Og so prøvde eg å berre leva på rå frukt og grønt. Det gjekk utruleg bra til slutt, men eg gjorde det aldri igjen slik eg hadde lyst. Kannhenda eg prøver meg på ny i 2009?

Mars 2008

Eg og Mats fann ut litt slik kjapt og gale at me skulle dra til Sør-Afrika for å vitja verdas kulaste nynorske nederlender, Michaël de Boer. Tja, eg vil faktisk dra det so langt som å segja verdas kulaste nynorske utanlanding. Kulaste eg kjenner iallfall.

Eg skreiv aldri um dei siste dagone, der eg mellom anna hoppa i strikk (!) (dette er aldri nemnd på bloggen fyrr), og Mats kasta seg utfor brui med den digre bandasjen på foten. Han sleit med å koma seg upp att, haha. Eg hev video av det, so kannhenda det kjem ein gong. Han hadde jo slite seg upp på eit fjell der dei fleste berre tek kabelbanen, men dette var altso værre.

April 2008

Landsmøte i NMU. Eg heng med masse kule folk. Eg vert sint av å køyra bil i Oslo. Eg fortel at eg hev fengje meg vikarjobb i Stavanger som lærar på Randaberg VGS.

Mai 2008

Eg jobbar masse-masse på Randaberg VGS. Jobber litt for Pat Savage.

Helene vitjar meg, og me dreg til Italia. Eg og ho vert kjærastar i månadsskiftet.

Juni 2008

Eg og Helene bur hjå Klaus. Eg er litt i Oslo og Stavanger, eg hugsar eigentleg ikkje alt som skjedde, men det var masse.

Juli 2008

Sumarlægeret til NMU var rundt denne tidi. Den var fantastisk kul.

Eg reiser litt åleina i Danmark og finn ut at Danmark åleina syg.

August 2008

Eg og Helene reiser i Portugal-Spania-Frankrike. Diverre fekk eg aldri skrive um dette. Det skjedde so mykje på so kort tid og eg hadde alt anna å gjera enn å blogga. Men det var dritkult.

Elles tek eg bilete av ein tjuv på Granit i Oslo. Eg hev framleis ikkje brukt gåvekortet eg fekk av dei. Ah, vel, Helene hev. ;-)

September 2008

Eg er på studentsamling med NMU i Trondheim. Kos. Det var ein teit «professor» der, og eg skriv eit sint innlegg.

Eg hev sett Tropa de Elite mange gongar allereide, superbra film teksta på nynorsk.

Oktober 2008

Mangfaldsseminar i Bergen med NMU. Sang karaoke på nattoget burt. Elder iallfall inni meg. Diverre fekk eg store problemer med karaokeutstyret då me skulle hava karaoken. Det gjorde det heile ganske flaut og elendig. :-( Heldigvis kann eg ein måte som fungerer no, men det var sørenmeg ikkje enkelt å båe ha 2 skjermar som viste tekst i tillegg til å få ljod som ikkje hakka.

Eg, Helene og eit par vener av ho dreg til Budapest og er på Queen-konsert der.

November 2008

Eg og Helene var på Stockholmstur, på Al Green-konsert. Hugsar ikkje kva meir som skjedde.

Elles stressa me fælt med eksamenar og anna ymse. Eg jobbar jo i Nei til EU og det tek 50% av tidi mi. Livet gjekk vel sin vante gang sidan eg ikkje kjem på noko spesielt her. Hang med Helene kvar dag (som flytta ut av bustaden sin av di dei ho leigde av viste seg å vera ganske på kanten), og hang mykje med folki i Ivan Bjørndals gate. Det er altso Klaus og Birgitta i tillegg til Janne-Kristin som på ein måte budde hjå oss sjølv um ho ikkje gjorde det. Det gjer ho komande halvår! :D

Desember 2008

Eg hadde fødedag og fekk eit kult objektiv og Nikon D90, i tillegg hadde me jolefest.

Eg kom til Stavanger og var i brullaupet til fetteren min, Buster. Det var veldig kos. Helene drog etter brullaupet for å feira jól på Voss.

So kom joli, det var kos. Eit par dagar etter var eg på joleavslutning med Målsiddisane (det er Stavanger-lokallaget til NMU). Helene kom heim att, og det var nyttår.

Frametter 2009

Eg og Helene var friske som fisk på nyttår. Dagen etter og no, tvo dagar etter er me supersjuke og vonde. Ikkje ein god start på året. Likevel tenkjer eg det vert bra, endå betre enn førre.

Andre oppsumeringar

Eg orsakar for at dette vart endå grunnare enn normalt, men eg er altso supersjuk.