Merkelapp-arkiv: Ordskifte

Nynorsken, høgre, sidemål og engelsken

Det skjer mykje interessant rundt nynorsken i desse dagar. Veldig mykje tull frå mange stader, i tillegg til at eg kjenner NMU stadig veks som organisasjon og vert viktigare. Me fekk nett høyra at resultata frå sidemålsforsøket vart lagt fram med ein knusande siger for ein sidemålsfri skulekvardag. Og rundt oss hoppar Sylfest Lomheim og preikar um dauden til norsk språk i kamp mot engelsk. Saman med han finn me eit englekor som forkynner målfred og ynskjer at me nynorskingar berre skal leggja oss ned og la bokmålet valdtaka oss. Bakfrå.

Det vert ikkje betre av at Sleipfest ofte fær rolla som «nynorskingen», når han hev so klåre meiningar som strid i mot kva målrørsla meiner.

Kampen mot nynorsk forkledd som kamp mot engelsk

Nei, usj! Dette her er berre samnorskingane sin muterte krampaktige kamp mot nynorsken (samnorsken er bra for bokmålet, men dauden for nynorsken). Altso, bokmålet kann berre leggja ned sin strid – der er det ingen. Bokmålet er den store undertrykkjaren, den språkfascistiske herren som trampar av garde og gjer folk likegyldige til språk. Utanom nyorskingane. Bokmålet er ein større trussel mot norsk enn det engelsken er! Mykje større! Og kva språk er best til å stå mot engelsken (og verna um fridomen og folkestyret vårt)? Jo, det er nynorsken. Det er nynorskingane som pratar um språk, det er me som er upptekne av det og er språkmedvitne. Det er nynorsken som gjer at me i det heile teke hev eit ordskifte um språk i Noreg, det er nynorsken som gjer alle upptekne av språk. I Sverige er det langt mindre ordskifte, sjølv um dei hev verdas kulaste målføre innanfor sine grensor (Elvdalsk (nesten som norrønt!)) let dei det stille døy ut.

So kva er svaret på kampen mot engelsken? Tak i bruk nynorsk! Og slutt å prat um at engelsken er ein trugsel mot norsk, det er bokmålet som er den største trugselen.

Og so til dette fantastiske sidemålsrunket i Oslo

Eller kannhenda me skal kalla det eit opent angrep på nynorsken?

Mange fleire enn meg hev prata um kor dårleg dette «forsøket» hev vore og at det ikkje kann kallast forsking. NIFU STEP seier sjølv at rapporten brukast feil av Høgre og meiner han ikkje kann lesast slik fanden les bibelen og Høgre les forskingsrapportar.

Men det er ikkje fjerninga av sidemålsundervisninga som fører til at elevane blir betre i hovudmålet. Elevar som har delteke i sidemålforsøk i andre deler av landet, men då hatt meir sidemålsundervisning, har hatt vesentleg betre haldningar og vorte meir positive til nynorsken, seier Gro Morken Endresen.

Det er synd å sjå Høgre, som ein gong hadde ein skokk intelligente folk, søkka so lågt. Alle ser jo at dette ikkje kann kallast noko seriøst forsøk um obligatorisk sidemål. Alle dei seriøse forskningsmiljøi i Noreg sa jo faktisk nei til å vera med, ei kort lista:

  • Universitetet i Oslo: Nei, dette er ikkje forskning
  • Høgskulen i Oslo: Nei, dette er ikkje forskning
  • Høgskulen i Volda: Nei, dette er ikkje forskning
  • NIFU STEP: Nei, me hev ikkje kompetanse til å gjera dette
  • Universitetet i Gøteborg: Nei, dette er ikkje forskning
  • Universitetet i Stavanger: Nei, dette er ikkje forskning
  • NIFU STEP: Ooo-kååå då, hekkan, me hev ikkje kompetanse på dette – men me fær prøva likevel då, hekkans maserau, sidan ingen andre gidd

Og so gjorde NIFU STEP eit heilt ekstremt rart forsøk der dei i tillegg til å taka vekk skriftleg sidemål sette i verk mange andre tiltak for å gjera undervisningi betre;

  • Forfattarvitjing
  • Teatergåing
  • Tettare oppfylging av elevane med mappevurdering
  • Kompetanseheving av lærarane (!!!)

Kva resulterte dette i?

  • Ikkje auka lesedugleik
  • Ikkje auka munneleg framstillingsevnur
  • Ikkje vesentleg betre haldning til norsskfaget
  • Dårlegare oppfylging av dei som faktisk valde å halda på sidemålet
  • Ei svakt betre haldning til nynorsk (sikkert samanheng med lærarar som ikkje fær høve til å sabotera og klaga på nynorsken)
  • Å, yey, noko positivt: heile 0,146 karakterpoeng betre i standpunkt og 0,271 betre på eksamen
    • Fryd og gaman! Glede og dans!

So det er difor dette forsøket knuste sidemålet, ja? Dette var jo kjempepositive resultat. Og det er nok ikkje grunna den lista yver andre tiltak som vart sette i gong i tillegg. Neeidå. Eg trur ikkje kompetanseheving av lærarane hev noko resultat, ikkje forfattarvitjing og heller ikkje mappevurdering med tett oppfylging av kvar einskild elev. Nei, det er nok av di dei hev teke vekk eit fag. Me vert jo (som alle veit) betre i språk ved å hava mindre å gjera med det… No synest eg neste steg må vera å fjerna historiefaget, folk hev jo ikkje nytte av dette når dei skal taka seg jobb på Essoen og då kann heller dei som er interesserte verta mykje flinkare i historie – sidan me vert flinkare i alt som ikkje er obligatorisk.

Positive sidemålsforsøk

Det er interessant å sjå på positive sidemålsforsøk her. Der ein faktisk fylgjer læreplanen og gjer undervisningi god i staden for å taka ho vekk. Eg siterer fritt frå pressemeldingi til Noregs Mållag og Norsk Målungdom; Byrådet i Oslo til stryk i sidemål:

– Kvifor tør ikkje byrådet å satse på eit slikt prosjekt i staden, spør Hege Myklebust. Ho meiner osloelevane har krav på god like god undervising som elevane i resten av landet.
– Dei gode nynorskprosjekta finst, men Oslo kommune overser dei. Ved eit liknande prosjekt i Kristiansand gjekk sidemålskarakteren opp på eit halvår, framhevar Jens Kihl.

Dessutan hev me jo det kjende Holmlia-forsøket, der elevane nyttar nynorsk i eit anna fag enn norsk. Kva skjer her?

  • Tydeleg betre haldning til nynorsk
  • Og av det fylgjer: betre karakter i nynorsk
  • Sikkert noko anna, men eg vil ikkje seia noko for eg hev ikkje lese forskingsrapportar på det :-)

Kjære Høgre

So, kva med denne radikale tanken å gjera norskfaget betre i staden for å kutta ut obligatoriske og demokratiserande fag? Eg veit det kann vera litt vanskeleg for dykk å forstå at ein betre skule gjev flinkare elevar (merk den store uvilja mot å prøva positive forsøk og ikkje minst «kunnskapsfallet» som de nett innførde), men prøv i alle fall.

Takk.

Nokon tok kontakt med meg på t-banen!

Eg sat på t-banen på veg heim frå fødedagsselskapet til Sigbjørn og høyrde på P2 Verdt å vita. Framfor meg sat ei søt jenta som òg styrte med den digitale medieavspelaren sin. Ho sat og såg på jakkemerket mitt «Dude, where’s my språk?», smilte stort og spurde meg um noko. Eg tok ut øyrepluggane;

«Kva meinast med “Dude, where’s my språk?”», spyrr ho meg på Stavangersk.
«Eh», stammar eg lett og startar på ein forklaringsmåte fyrr eg gjeng ganske lite fjongt yver til ein annan. Eg vil jo for all del at me skal kunna fortsetja å prata, so det er ingen god strategi å berre gjeva eit enkelt dårleg svar med ein gong. Dessutan veit eg jo sjølvsagt kva mange meiner um nynorsk og difor vil eg ikkje få den nye samtalepartnaren min til å hata meg med ein gong. Ærleg talt, når det endeleg er nokon som pratar til meg på t-banen vil eg jo at det skal vara litt.

Eg held fram, «du ser sjølv um… Eh…». Til slutt forstår eg det, eg hev jo aldri vore spesielt god med ord, det er betre å berre seia det og so hengja fast og ynskja denne personen er interessert i kvifor. Eg ville ikkje hava eit nynorsk-bokmål-ordskifte, av di eg hev det med dei fleste og det er keisamt på tilfeldige folk. Men det vert vanskeleg å halda seg unna når det er heile meiningi med jakkemerket. So eg seier det til slutt slik det er:

«Det er ein kampanje me hev (eg seier ikkje kven «me» er), for å få nynorsk teksting på kino».
«Åja. For det er det kannhenda lite av frå fyrr?», svarar ho. Yey, oppfylgjingsspursmål1, so koseleg!
«Ja. Nærare null prosent».

Det vert keisamt å skriva ned heile samtala, og dessutan hugsar eg nok ikkje so mykje lell. Det vert mest dikting i so fall. Då t-banen stoppa på Kringsjå gjekk me båe av – då hadde vel sjokket hennar på at eg òg prata Stavangersk lagt seg. Ho hadde kome inn på NRK som legg opp til meir målførebruk (dialektbruk) i TV, og her hev jo eg meiningar som kannhenda er rare sjølv innanfor målrørsla. «Tja, eg er no av den oppfatning at me treng ei reising for nynorsk normaltalemål. Ikkje for å taka yver for målføri, langt frå, men for å auka statusen honoms og dimed òg auka statusen til nynorsk». Syna at nynorsk finst og vert bruka, at det ikkje trengst skjemst yver. Diverre gjer eg det sjølv, eg tør ikkje prata nynorsk normaltalemål når eg ynskjer. Eg må verta sterkare for å kunna gjera noko slikt.

Same kva, eg rører meg inn på ganske keisame område. Attende til det interessante; nokon prata til meg på offentleg transport i Oslo. So. Det var kjempeglatt på asfalten, då me var i trappa høyrde me mykje hoiing og hyling nedanfor oss. Då me kom ned sjølv heldt me sjølv på å snubla – det var ikkje lett å halda seg på beina. Turen ned den vesle bakken frå Kiwien var kjempemoro, eg sklei ned og storkoste meg. Då me kom forbi der eg skulle inn, fortsette eg berre å ganga; eg ville ikkje slutta å prata no. Me prata um korleis Kringsjå var ein god plass å bu, men ingen nordmenn budde her og alle syntest synd på oss då me sa me budde på Kringsjå. «Å, stakkar deg, kor tid skal du flytta?» er eit vanleg spursmål.

Til slutt kom me fram til oppgangen hennar, då vart me ståande å prata der lengje. Heilt til ho fraus so ekstremt at me måtte gå inn i gangen. Kva hadde me prata um so langt?

  • Språk
    • Nordmenn er ikkje flinke i engelsk
    • Me er mykje betre til å tenkja og forma idéar på morsmålet vårt
    • Å nytta engelsk i staden for norsk gjev motparten (um dei hev engelsk som morsmål) enorme fortrinn
    • Ein heil haug småhistoriar som forklarar korleis språk er makt
      • Eg tenkte m.a. polakken som jobba hjå oss ikkje var kjempesmart, av di han prata gebrokkent engelsk – det viste seg at mannen var skikkeleg oppegåande
      • Ann-Helen var på utveksling i tyskland og mista yvertaket mot ein tvo år yngre gut (ho var ikkje so flink i tysk), men då dei trefte ein engelskmann såg guten at Ann-Helen ikkje var dum og han søkk ned i skorne
  • Ho heitte Ann-Helen, og eg heitte Odin
  • Hjernen
    • Placebo
      • Alkoholen sine sosiale evner er eit placebo; det er ikkje biologisk slik
      • So norsk fyllefest er skodespel, men det morosame er at so lengje ein trur på noko fast, so er det slik!

Ugh. Eg gidd for all del ikkje skriva ned alt me prata um. Av ein eller annan grunn vert det for keisamt på ei netsida ;-)

  • Kor «kaldt» (sosialt og klima) Oslo er i forhold til Stavanger
  • Noreg er «kaldt» i forhold USA
  • Latvia er «superkaldt» i forhold til Noreg
    • Ho heldt på å stupa på bussen, og klarte redda seg akkurat. Ho smilte til ei dame på den måten me gjer når me akkurat klarte å berga oss frå audmjuking. Venta sjølvsagt å få eit lite smil attende, som ein «eg såg deg og kva som skjedde, me hev noko smått saman no» – men dama snudde seg berre vekk (!!!!!)
  • Eit smil gjer mykje
  • Folk pratar ikkje med einannan på t-banen
    • Me prata saman, moro at det viste seg at båe var frå Stavanger
  • Ho hev budd eit år i USA
    • Eg eit år i England
  • Ho hev teke nordisk master (?) og var sers interessert i språk
    • Men hadde sjølvsagt feil meiningar um nynorsk-bokmål, men det var jo ikkje anna å venta
  • Positivitet fungerer so uendeleg bra
  • Ho retta mykje på kjærasten sitt domenespesifikke (altso, at du pratar i fagtermar med folk innanfor ditt fag – og brukar det same normalt òg) språk
  • Ho forska på nynorsk mot bokmål og norsk samla mot engelsk (trur eg)
  • Ah, best av alt, ho sa: …høyrer på Språkteigen på mp3-spelaren
    • Kva? Eg smiler stort, peiker ned på lomma mi der eg hev mange podkastar frå P2, deriblant Språkteigen
    • Eg høyrde på «Verdt å vita» på P2 då ho byrja prata til meg
    • Me vert einige um at P2 radio er bra (yey!)
  • ZZzzzz

Av sporet

Eg hev eigentleg heilt gløymd kva eg ville seia. Sikkert noko um at det er so uendeleg koseleg når ein kjem i god prat med ekstremt hyggelege folk på t-banen. Hev rota meg vekk i uendelege detaljar. Berre tull. Klokka var mykje då me gjekk av t-banen. Stod nesten ein time å prata utanfor uppgangen, dritkalt. Ho var kjempekald på hendene og måtte på do. Det hev vart litt lengje, men vore sers koseleg. Skikkeleg hyggeleg jenta. Eg ser deg nok att på t-banen ein gong. Ja, vonar det. Hadebra.

Diverre slutta det midt i bokmål-nynorsk-ordskiftet (som måtte koma til slutt, ugh2), noko ho var sers lei seg for (eg veit ikkje kor lei meg eg eigentleg var3). Argumenta var dei same, gamle «bokmålet er størst» – og den litt meir keisame «engelsken er det me må kjempa mot». Vel, um me ikkje vil hava engelsk inn, so er språkstrid det beste me kann hava; då vert folk merksamd på språk og vernar betre um det. Vert meir av identiteten.

Det laga dagen min altso. Eg er fast i trui på at i morgon vert ein god dag av di nokon ville taka kontakt med meg på t-banen; og av di det var so ekstremt hyggeleg å møta so mykje godhug på ein so lite truleg plass.

Tidlegare då eg budde i Oslo prøvde eg gå rundt, smila til folk og prøva å gjera Oslo ein betre plass. Etter mykje tid hev eg lagt dette av meg, hev vorte påverka av Oslo og vorte meir innestengd (men ikkje på Latvia-nivå!).

Notar

1 Hekkan, eg vert so vond på nynorskordboki. -setjing frå setja er med ji, men -fylging frå fylgjing er utan! Inni hampen? Er eg berre dum eller er det rot her? Er det samnorsken som er ute på ferde att? Eg ventar på svar frå lure folk (t.d. Jarle)

2 Problemet er at eg veit eg tyt yver av gode argument – eg treng berre god tid på det. Eg vert òg provosert når eg høyrer dei same meiningane som eg sjølv hadde hatt um eg framleis var bokmålsbrukar; og dessutan vil eg veldig gjerne at folk verkeleg skal forstå. Men det tek vìkor å forklara slikt. Det hjelper heller ikkje med forklaring; folk må forstå. Men eg hev altso yvertalt eit par-få folk um at nynorsk er tingen, so det gjeng berre eg fær nok tid. Vert jo lei av å alltid ordskiftast um det same då…

3 Eg kunna diverre heldt på til neste dag, og det hadde jo ikkje vore bra – so eg var glad.