Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Tag Archives: Oslo
Kom på vitjing til oss
For ein månad sidan var mamma, pappa og veslesyster Kitty Karina på vitjing til meg og Rebecca. Det var veldig koseleg. Dei fekk sjå bustaden vår, og me fekk låna bil for å kaupa ting på IKEA. Då kaupte me mellom anna hyllor. På sundag sette eg opp ei av dei, det vart ganske kult. Den andre stend stadig og latar seg mot veggen. Eg gler meg til me hev sett upp den òg, det vert supert. Då kann me prøva å rydda bustaden litt (han er eigentleg ganske ryddig) og taka eit par nye bilete. So kann eg endeleg leggja det ut på nett.
HEKKANS DRITTVEGAR I OSLO!!!!
AAAARGH! Meg og Rebecca var nett på IKEA på Slependen (Asker). Etter me brukte nesten ein time på å finna vegen sør-vest ut av Oslo for nokre månader sidan, visste eg enkelt og greitt kvar vegen gjekk sør-vest ut av Oslo no (og dimed kvar eg skulle køyra for å koma til IKEA-en der). Grunna ein eller annan baderomsklutsleikande vassjækel ikkje hev hatt ein einaste annan idé i hovudet enn kva stinkande hundepiss og kattelort han skulle eta til middag då han skulle designa og ikkje minst skilta dei byllepestinfiserte vegane i og utanfor Oslo, so er det rett nok umogleg å finna fram. Ja, med mindre du allereie hev brukt fleire timar på å køyra feil medan du gjeldar den snørrdryppande bomringen 20-kroning på 20-kroning til du sørenmeg ikkje hev fleire pengar og må byrja bruka bankkortet slik dei kann suga pengane dine rett frå kjelda. Då kann det henda du hev til slutt lært deg den fælslege vonskapen når du hev måtta ofra dagens middag til ein kommune som sørenmegikkje klarar skilta dei inni granskauen vanskelege vegane sine ein gong.
Jobbing med pappa på vitjing i Oslo
No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.
Eg hev fått tildelt hybel!
Jepp, då var ventetida over. Eg fekk epost frå SiO (studentsamskipnaden) for litt sidan om at det var ~30 ledige hyblar. Eg svara med ein gong, men fekk ikkje hybel. Men så, fire dagar seinare fekk eg tilbod på Bjerke studentby. Eg kjem truleg ikkje til å bli buande der (ingen internett), men no er det mykje enklare for meg å byta buplass sidan eg er inne i systemet!
Eg hev flytta til Oslo
Ugh, eg er sjuk. Av andre nyhende bur eg no i Oslo, ikkje i eigen hybel eller noko. Nei, på golvet til Ola. Eg sit mykje på skrivarstova, faga mine hev ikkje starta endå – er fadderveke no. Eg var på ein samakomst på Majorstua, hev fått ei omvising og lunsj. Elles var me tri stykk på gruppa under velkomstsermonien til UiO, det er rart i og med at me eigentleg er 20, trur eg.
Continue readingDUS-festival i Oslo
Oschlo. Mm. På torsdag hadde eg fyrst «Nyere historie» før eg sykla heim og kasta nokre klede i sekken av di eg skulle til Oslo. DUS-festival. Den Unge Scene. Me skulle spele stykket vårt «Lilla» to gonger på festivalen, og sjå på mange andre stykker – samt møte kjekke folk. Hyggeleg var det, sjølv om det alltid må skje ein del drit ting når Odin er på reisefot. Alltid.
Continue reading
Posted in Innenlands, Teater
Tagged Bilete, Den unge scenen, Det Norske Teatret, Festival, Moro, Oslo, Rebecca, Reisa i Noreg, Reise, Rogaland Teater, Teater
12 Comments