Merkelapp-arkiv: Oxford

Mitt beste år, nokon sinne!

I morgon reisar me heim, Oxford gruppa. Det blir ein dag med blanda følelsar vil eg tru. Me drar frå ein plass kor me, iallfall eg har hatt nokon av mine beste tidar. Året i Oxford er noko eg aldri vil glemme, og alltid huske som eit godt år.

Ein faktor eg vil trekke ganske tidleg fram i denne artikkelen er sitasjonen eg har vært i den siste måneda. Både laptop såvel som kamera blei ødelagd på turen min til Frankriket. Det var ein sår dag – eller det var vel eigentleg to. Eg klarte også og miste mange av dei fine bileta eg hadde tatt. Det falt meg enormt tungt – men eg er over det no. Kom ikkje på det før eg hadde skrive dei fysste setningane.

Uansett så har dette ein god del med mine opplevelsar og gjøre – SPESIELT kva som står her på sia. Skulen er inga plass å skrive, fordi alt eg skriv her blir keisamnt og dårleg. – Det finnes også fleire måtar å skrive på for meg, og dei gangane når eg bare er så sykt glad at eg må få det ned er de gangane det blir best tekstar :) – Ofte surrar også tankar i houvudet på med, der eg “skriv” i tankane. Setter eg meg så rett ned på laptopen har eg ein god tekst sånn heilt utan vidare.

Nå skriv eg imidlertid fordi eg følar eg må. Utan laptopen så har eg ikkje skrive noko interessant – og utan kameraet har eg sett endeløst mange interessante motiv. Men sjølv om eg ikkje har skreve noko, eller tatt bilder så har den siste måneda vært UTRULEG kjekk og EKSTREMT innhaldsrik! :D – Ting eg ikkje har fortald om er f.eks “Oxford University Computer Society”‘s 25års jubileum, Thomas og Elisabeth’s bursdag, turen til frankriket, påskeferia og mange andre episodar som eg sikkert allereie har gløymd. Alle dei saftige detaljane er iallfall vekk – og eg er lei meg fordi eg ikkje fekk skrive nokon av dei ned.

Livet her i Oxford har vært ubeskrivelig morro og eg klarar ikkje utrykke kor glad eg er inni meg – dét klarar eg ikkje på skulen. Eg elskar livet mitt, kvar dag er utruleg innhaldsrik, og idag har me avslutningsfesten. – Dét å gå ut er ein jo godt vant med nå, men denne kvelden håpar eg blir spesiell! :D

Sist vil eg trekke fram personar som har betydd noko spesielt dette skuleåret –

  • Aurore – utruleg hyggeleg Belgisk jente som eg tilbringa mine første månedar med i same hus
  • Regis – mange filosofiske samtalar, mykje “Friends” sjåing, mykje TV og andre kjekke ting :)
  • Tim – den mest reflektera og intelligente “unorske” personen eg har møtt, koseleg til tusen
  • Jon – som eg reisa saman med, ein god ven som har blitt ein bedre ven
  • John – flink, om enn rar lærar, fant tidlig ut at eg kunne alt de skulle lære meg (teknisk då :) )
  • Thomas – min partner i dei fleste prosjekta på skulen
  • Ein god del folk eg har gløymd – ja, eg har gløymd mange, jo fleir eg puttar på, jo fleir blir “lei” seg fordi eg ikkje nevna dei :)

Uansett, TUSEN TAKK FOR EIT HERLEG ÅR! – Takk til alle som har lest på sia, sjølv om ho har vært litt tynn i det siste. Eg er utruleg glad i dikon! :D

Weekend I Noreg

Heimtur, for ein weekend. Det blei ein dag med reise, så ein dag i Stavanger og til slutt ein dag til tilbakereise. På tilbakereisa fann eg ikkje passet mitt… Typisk…..

Tikk-takk tikk-takk ytrar klokka mi, kvart fjerde sekund, kvar dag, kvar uke, kvar måned, kvar årstid.. Eg har ikkje hatt klokka meir enn ein heil årstid – bevisgrunnlaget for at ho seier “tikk-takk tikk-takk” kvart år vil då være utilstrekkeleg, så av åpenbare grunnar vil eg ikkje kome med denne uttalinga. Uansett seier ho eit tikk eller takk per sekund, bare avbrutt av ein øyreskjærande piping, som av og til slår inn. Det var nettopp denne pipinga som slo inn og vakna ein trøytt sjel klokka 06:00:00, Fredag morgon, 19 Mars 2004… Seks sekund seinare lød eit smell og med eitt gjekk klokka tilbake til si monotone oppgåve.

Ein 65kg livsform slit seg ut av sitt rede – skapninga har erfaring fra tidligere utflukltar; ligg ein for lenge i redet flyr flokken fort av sted til eit ana land. Kva skal så beskytte den ubeskytta huden mot altslags vær ute? – Klokka tikkar. Denne gongen skal ein ikkje kome for seint! “Hm.. Sko tatt stygge barten…”, mumles det. Tikk-takk. Tikk-takk. ”….!”. Tikk-takk. “HEKKAN!”.

Kjapt kommer han seg ut – hoppar på sykkelen og startar å bevege seg raskt mot sentrum. Sorpe(?) flyr i fjeset mens individet kaver på sykkelen. 5 minutt til transportmiddelet forsvinn, sykkelen med tilhøyrande sykkelist er 3 minuttar borte då ein sterk motvind får guten til å banne. Tikk-takk. Låse sykkelen er eit prosjekt i seg sjølv med eit minutt igjen og framleis ein 100m avstand å forflytte seg til bussens plassering. Tikk-takk. Dunk-dunk. Hjarte følg opp i merkbart høgare tempo. Lettare sliten, tyngre fortvila leveres billetten til bussjoføren. Trykket lettar – den norske 17 år gamle guten synk roleg ned i eit sete… Odin forsvinn inn i den tidlege morgongry med bussen.

Ein måned tidligare hadde eg fått ein epost i fra pappa, der han lurte på om eg ville gjøre ein jobb for han. Sjølvsagt – jobbane pappa gjer meg er alltid morosamme og bra. Eg skulle være kurér med ein film – fra London til Stavanger. Denne filmen kunne ikkje sendas i posten eller liknande – verdien er alt for stor. (Når eg seier film her er det EKTE filmrullar – ikkje noko billeg video). Skrivande brev til Ingunn (Norsk klassestyrer) om jobben viste det seg at filmen ikkje var ferig. Eg bestemte meg for å dra uansett (billettane var jo betala), eg venta litt med brevet – heilt til det var for seint og eg heller var “sjuk” den dagen (slik eg normalt aldri gjer – bare pysar som er vekke fra skulen sjølv om dei er sjuke! (med mindre du har noko SARS-dritt eller noko i den duren då)).

Tilbake på bussen hadde eg nesten klart det igjen. Miste ein buss – er ikkje lett, eller – er ikkje vanskeleg er vel ein betre beskrivelse. Det hadde vært meget demoraliserande – akuratt som om eg ikkje har hatt nok av det i det siste. Men akk – med fantastisk innsats berga eg meg frå den tabben. Eg starta å lese “The Wasp Factory” av Iain Banks. 3 timar og 20 minutt seinare var eg på Stansted. Denne forferdelege flyplassen kor eg ein gang mista same fly eg i dag skulle ta. Eg såg positivt på det – eg ga ikkje ein sur mine, men begynte heller straks å planlegge kva eg skulle gjøre – lage episoden til ein kjekk London-tur. Men det var den gong – eg skal ikkje dra det ut men rett og slett sei at eg rakk flyet denne gongen. Så der var det spenningsmomentet vekk – med Odin så veit ein heilt aldri når det kjem til fly og bussar.

Som vanleg så fekk eg eit lite kick av å gå gjennom sikkerheits-sjekken – denne gongen hadde eg noko ulovleg i handbagasjen min… Verktøy. Eg hadde ein mutter-vinsj (eller kva det heiter) i sekken – sånn som ein brukar til å skru på sykkelen med. Eg las skiltet opp og ned då eg sendte sekken inn i maskina – lura på om dei ville merke det. – Det gjorde dei ikkje. Eg kjøpte noko og ete, samt noko sjokolade til Espen, så gjekk eg i god tid til gate’en. Der skjedde ikkje stort. Eg måtte på do. Klokka bevega seg mot halv – då flyet skulle gå. Eg såg på skjermen, “Final call” sto det. Eg hadde sett den meldinga før – då eg mista flyet på same plass.

Eg hadde ikkje sett nokon gå ein einaste plass – eg stakk raskt på do då klokka blei eit minutt på halv. Plutseleg huska eg kva “Final call” betydde og før eg var starta på toalett-besøket sprang eg tilbake til gate’en. Dama sa “Yes” då eg spurte ho om dette flyet går til Haugesund. Eg gjekk på do. Kvifor hadde eg gått på do akuratt eit minutt før flyet eigentleg skulle gå? Nå viser det seg at flyet var forsinka ut – det var derfor eg ikkje hadde sett nokon som bevega seg vekk. Men uansett, forsinka eller ikkje – det er skummelt og seier mykje om meg når eg går på do i eit slikt kritisk øyeblikk for å innse at eg har dårleg tid. Og ikkje motsatt veg slik det funkar for normale mennesker med skikkeleg forhold til tid.

Eg la fra meg boka… Då var eg ferig med “The Wasp Factory” – og der landa flyet. Vel framme i Haugesund sprang eg ut i regnet og praia ein NSB buss som akuratt var til å gå. Eg starta på ei ny bok; “Gjengangere” av Henrik Ibsen. Denne boka er det ingen som har sagt at eg skal lese – eg tok han bare i tilfelle eg skulle bli ferdig med Wasp Factory. Då overraska eg meg sjøl. Eg hadde lese ei bok på ein dag og måtte starte på ei ny. Etter ein 1,5 timers ventetid på Haugesund rutebilstasjon satt eg meg på kystbussen på veg til Stavanger.

Akk, det var eit fint syn – Stavanger sentrum. Føltes som det var år og dag sidan eg hadde vært heime. Eg venta på 4 bussen, eg traff Kjersti – men ho traff ikkje meg, eg hilsa – men ho ignorerte meg. Trur ikkje ho kjenna meg igjen – eg kjenner ho bare frå teateret, men ærlig talt skal ikkje så mykje for å kjenne igjen eit fjes, sjølv om det har fått full skjegg med tilhørende bart og langt, uryddeg hår :P Etter eit kvarter med venting kom endeleg 4 bussen – og eg kunne lese ferig min andre bok for denne dagen. Eg var sjølvsagt utruleg stolt, slikt hadde eg ærlig talt ikkje trudd om meg sjølv :)

Gåande mot huset til Espen tenka eg på kor lang tid det hadde tatt å reise der eg no var – 13 timar med reise og ikkje minst venting. 7 timar i buss, til saman 1 time på fly og båt – de resterande 5 timane venting… Ding-dong. :) – Me såg Idol, var nokon flinke, men de fleste var jo heilt idiotisk dårlege. Blandt dei gode var Øyvind – som selvfølgeleg blei stemma ut. Sånn går det når det er ein heil haug med 14 år gamle jentar uten skikkeleg smak skal stemme. Dei stemmer på det som lignar mest på alle dei umåteleg kjedelege artistane me har for tida. Dét at alle sanganne disse idol-popstjernane syng er kover-låtar gjer ikkje situasjonen betre. Det er også eit eige fjortiss idol-magasin i butikkane i Noreg, noko liknande “Se & Hør” men bare om idol! Umåteleg teit syns nå eg… :o

Klokka 4 Norsk tid la me oss – ehm, blei litt seint. Tidleg neste morgon (11) føyk me opp – spiste GOOOD NORSK FRUKOST – ikkje noko engelsk dritt. Ahh.. Det var så godt… Åååh.. tenke tilbake. Menmen, uansett – me dro heim til huset mitt for å hente regningar osv. Eg snakka me Kari (naboen) og så låsa me oss inn i huset. Mens me var oppe på datarommet høyrde me ein bil – ho som lånte huset vårt kom heimat. Eg sa “hei” osv, ho blei ganske sjokkert. Mora til Espen kjøyrde oss til byen der me vimsa rundt. Espen kjøpte ein film, og så satt me oss på Dolly Dimples og såg på folk som gjekk forbi. Det var kjekt å se kjentfolk gå forbi, deriblant tante Siv og søskenbarn Rita :) Var ingen gode filmar som gjekk, så etter ein tid satt eg på rommet til Espen og sortera regningane. Ein familie-ven, Olav Petter kom og henta dei, for å betale dei værste. På kvelden såg me alle tre den nye versjonen av “Hodejegerne” programmet mens me spiste Taco og Buritoes (ehm) :]

Neste morgon var det god frukost samt eg laga ei nistepakke ( :D ) til turen tilbake. Då fant eg eit problem… Kor var passet mitt!?! Hysterisk leita me – fant inget, eg tok bussen likeså. Bussjoføren ringa rundt for å finne ut om det var på ein av hittegods terminalane. Eg var roleg heile tia – som vanleg når eg gjør noko så idiotisk. Skjerfet hadde eg óg mista. Eg sjekka med Olav Petter, han hadde ikkje passet. Då eg var framme i Haugesund fann eg fort ut at NSB sine lokal var stengt. Eg prøvde å få folk til og åpne det slik at de kunne sjekke hittegods. Men virka som om det ikkje var nokon folk der før mandag. Etter ein og ein halv time tok eg bussen til Haugesund sin flyplass – eg forklarte problemet mitt til ei hjelpsom Ryanair-support dame. Ho ringte rundt og fekk til slutt nokon til å dra ned til kontoret for å sjekke hittegods.

.. Ingenting… Eg stakk bort til ein politimann som sjekka passene, forklarte mitt problem – han ba meg vente på ei dame som skulle fikse det. Dyrt er det med midlertidig pass da – må ut med 800kr. Jaja, så hadde eg klart det igjen då – vært litt idiot og måtte betale dyrt for det… Eg rota litt i sekken mens eg venta, fant Ryanair billettane (som eg trudde eg hadde mista saman med passet). Hmm.. Eg rota vidare, av ingen anna grunn enn at eg ikkje hadde noko ana og gjøre – samt at eg ennå hadde eit fjernt håp av at eg skulle finne passet. I ei lomme av sekken kjente eg noko som hadde same størrelse som passet – eg reiv opp objektet, og trur du ikkje at det var passet!?

Hekkan, eg hadde jo lett to ganger der allerede hos Espen. Teeeeeit! Mykje bekymring og stressing – og så var det i sekken heile tia! – Eg gjekk bort til politimannen, tydelig flau og sa at eg hadde det visst :P – Eg snudde for å fortelje det til Ryanair dama. Akuratt då kom politidama som skulle skaffe meg nytt pass, hadde ho vert 1 minutt tidligare hadde det fått dyre følgar (og ennå verre følgar etter, når eg hadde funne passet)! Eg var glad då eg steg ombord i Ryanair flyet.

Venting på Stansted, så buss – der eg snakka me ei kjekk jente i fra Bodø (tror eg). Ho gjekk på universitetet i Hatfield og heitte noko med Kristin, eller Ragnhild. Hehe, altså – enten noko på K eller R (mykje bråk på buss + søvnig Odin). Ho var søt iallfall, dét fikk eg med meg :) Ho gjekk av etter ein time, eg hadde meir enn to timar igjen på bussen. Eg prøva og sove – heh… I Oxford var eg letta då eg fann at ingen hooligans hadde øydelagd sykkelen min. Eg hadde mista hanskanne óg nå, dei gjekk med på turen. Så utan lue (mista 2 stk på 2 dager for litt sidan), utan skjerf og utan hanskar sykla eg heim i kalde natta. Sovna i senga gjorde eg straks. ZzzzZzzZ.

Turen var kjekk og sikkert bra for meg. Eg veit no enno betre at Odin + Reise = Kaos. Så eg må passe meg no når eg ska fly til Frankriket igjen 15 April! Dagen etter heimkomsten sto eg opp kl 6 og trodde det var kl 6 på DAGEN, men det var på morgonen – eg hadde bare ein god døgnrytme. Det var altså i dag :) Har vært ein grei dag i dag. Men nå øydeleggar eg døgnrytma igjen. Eg skal ikkje sei kva klokka er – det kan du tenke det til sjølv (snork) ;)

Egil goes to Oxford (litt iaff)

Så var det tre (to eigentleg) rolege dagar med Egil på besøk. Herleg å få roa ned litt, sjå på bøker, snakke om ukritiske ting samt felles-hacke litt ;) – Ingen høg plagsom drittmusikk i bakgrunnen av all diskusjon slik det lett blir om ein går “ut”.

Denne helga var Egil på besøk :) Egil som i Kristoffer Egil Bonarjee (aka Egil|B, aka Bondage, aka Doffe, aka DoPeY). I tre dager vimset han rundt Oxford, på besøk hos meg, Jørgen og Niklas (glis). Var kjekt å se Egil igjen, han meinte at livet heime slett ikkje var det same utan oss. Hehe, vår tilværelse er også forandra – men vår situasjon er til det betre ;)

Eg dro ned til Jørgen med laptopen da sjølvsagt – måtte fikse litt filer over, la Egil se mitt fantastiske XFCE desktop (heh) samt hjelpe Jørgen med å installere GNU/Linux (Iallfall komme med DVD‘en ;P). Egil hadde kommet med “Team Antonsen” episoder, Freaky Friday (genial fiml :D) og en del andre ting som f.eks “The Hitchhikers Guide To The Galaxy” radio teater. Me snakka om stort og smått til eg gjekk – hjemme før midnatt, som er uvanleg når eg går ut. :)

Neste dag fekk eg ein telefon om å pelle meg ned til byen, tok ikkje lange tia med eit stykke sykkel samt eit par kilo veltrena musklar :> Møtte dei på ein av Jørgens yndlingsplassar i Oxford – “Waterstone” bokhandelen (dei andre yndlingsplassane til Jørgen er andre bokhandlar :P), ikkje uventa gjekk me til den desidert beste delen av alle bokhandler: Computer delen, då med spesiell vekt på Linux og programmeringsdelane.

Etter gjorde me noko radikalt forskjelleg – me jekk på ein annan bokhandel ;D Og etter det enda ein. – Synd at pc-bøkane er så sykt dyre, hvis ikkje hadde me sikkert kjøpt fleire bøkar enn me kunne tatt med heim. Var så mykje interessant i dei hyllane! … Var óg ein god del onde bøker som MSCE, .NET, ASP o.l – styr unna dei forferdelege verkane (eller gå mot ein sikker undergang :( ) Skal du absolutt kjøpe noko Microsoft relatera kjøp “HACKING WINDOWS 2000/2003” eller noko i den duren (den boka virka faktisk litt interessant).

Seinare den bokhandel-dagen stakk me for å spele britisk biljard. Det var meeeget :) Eg traff betre enn eg hadde trudd og då blir jo ting automagisk morro ;D Eg hadde nokon fine skudd, og nokon fine periodar – me hadde det kjekt. – Neste dag skulle Egil dra, eg møtte Jørgen og Egil i byen. Egil kjøpte seg noko mat også fulgte me han til bussen – hadebra Egil :). Etterpå ville eg óg spise, så meg og Jørgen dro til ein bokhandel med cafe – tok oss ei bok og kjøpte rådyr magefyll :P

Menmen, eg er så teit her eg omtrent sovner av min eigne tekst (og trøttheit) – med engelsk leksa som skal leveres i morgen såvidt starta på, og sammfunnsleksa ikkje sjenka ei lita tanke engang (vel, akuratt nå så). Eg har også Lightwave og Premiere oppe – jobbar med effektane til Joggesko reklamen. Høyrar på start-scenen til “the Beauty and the Beast” – ahh, elsker den musikalen! Er då det er kjekt med besøk, når du har alt for mykje arbeid å gjøre – men siden du har besøk må du jo sosialisere litt! :)

Rana og Påkjøyrd

Me står der og filmar, plagar ikkje ein sjel – så springer jordas avskum forbi og tar med seg videokameraet og stativet. Eg setter sjølvsagt etter tjuven!

Au :( Det svir – gjør vondt, – det rivar å skrive. Vel, uansett, eg må dokumentere kva som hendte tidligare i dag. Med opphovna hender, safteg farga ein fin blanding av rød og blå, sitt eg på skulen. Eg har fått besøk av skolelegen og etterpå ein av sikkerhetsfolka på skulen. Me har snakka med politiet og har fått eit kriminalnummer(eller korleis det blir på norsk).

Meg, Roy, Thomas og Ont(Parouj) filma for Trainer Ad prosjektet vårt. Me var i ei gate parallellt med George Street, “nattklubb”-gata i Oxford. Ein sentral gate med masse folk. Det var tynnere i parallellgata “George Street Mew”. Det skulle være ein mørk, dyster reklame filma i ein bakgård du helst ikkje ville vært i. Iskaldt, verkeleg iskaldt var det idag – så eg gjekk med på at Ont og Thomas gjekk for å kjøpe kaffi. Meg og Roy fortsatte filminga. Eg som blei troffe av ei kule, smalt inn i ein båsdunk og segna om. Me gjorde det eit utall ganger, då me endelig såg oss nøgd.

Det sto ein fyr der og venta, han ville nok ikkje forstyrre oss når me filma – vente til me va ferig med den biten. Eg ligg nede, Roy slår av kamera, me er nøgd no – neste ting eg ser er fyren med blå jeans, et lys overplagg, langt hår fyke avgårde med ei hånd om stativet (med kameraet festet på). Eg tenkar “heh, kvaslags spøk er dette” i noen hundrendedels sekund før det går opp for meg; Jævelen stjal kameraet! Eg fyk opp og startar å springe etter den helsikkens drittsekken mens eg ropar “THAT FUCKER STOLE THE CAMERA!” eller noko i den duren. “STOP HIM” – han stormar inn i ein kvit varebil som står klar med døra åpe ved fortaugskanten, eg var raskare enn han og er no like bak han. “DRIVE!” skrikar den jævla tyven, eg får tak i kameraet rett før han smeller døra på armen min.

Sjoføren av bilen pressar pedalen ned, bilen drar framover med enorm akselerasjon. Eg har enno tak i kameraet då eg springer ved bilen, prøvar å rive kameraet ut av hendene på den lavereståande parasitten. Eg spring alt eg klarar då bilen begynner å kjøre raskere enn ein kver mann kan henge med – bilen beveger seg over min maksimale fart, eg blir dratt mot bilens side på grunn av at hånda enno henger i døra. Beina stritter mot asfalten og vekten min hjelper til med å dra hånda mi ut. Eg rasar med ein enorm fart mot fortauget – ein fart føtter ikkje kan oppnå. Beina går i kluss, eg snublar naturlig nok – fyk mot fortauget og treffer asfalten. Den ruglete overflaten riv USA-buksa opp og den myke huden på kneet gjer etter for asfalten då de små steinane penetrerer gjennom det saftigare hudlaget.

Trykket på kneet lettar – hendene smeller mot asfalten, river opp huden flere plasser og skaper stygge kutt. Eg ruller rundt med farten litt senka av det blodege kneet og dei oppbanka hendene der blodet nå begynner å presse på under huden. Eg ser på fingrane, har eit diger blått, dypt kutt på toppen av hånda – samt forskjellege sår rundt på hendene. Det svir litt rundt omkring – men overraskende lite. Eg reisar meg opp og ropar “GET THE LICENSE NUMBER!”. Eg prøvar å springe etter bilen for å se kor den drar, men de rasar raskare enn eg kan følge med – eg bannar på engelsk.

Leikepistolen har eg i hånda – hadde han der visst heile tia, den er øydelagd av støtet. Eg fyrar han ned i bakken og skrikar nokon fleire tabu-ord så ein gruppe folk, nettopp ankommet, ser skremt på meg. Tilbake finn eg Roy – stiv. Mens min reaksjon var å springe etter for å ta personen, var hans å stivne. Thomas og Ont kommer, dei anar ingenting. Ein person ankommer, han tok nummeret – Thomas skriv ned alle detaljane og ringer politiet. Etterpå ringer Thomas skulen.

Tilbake på skolen blir me avhøyrd – etterpå kommer skolelegen og lappar meg saman. Eg må ta det med ro, og om eg føler meg svimmel må eg ta kontakt – han seier det er sannsynleg at eg kan ha fått ein liten hjernerystelse pga. støtet. Eg forklarer meg enda ein gang til sikkerhetsvaktene på skolen før me får telefon ifrå politiet. Dei gir eit saksnummer og vil komme på skolen om ei uke. Hmm, litt lenge syns nå eg.

Turen heim med sykkel var meget stress – spesielt dét å pumpe opp sykkelen med dei enorma hendane mine :\ Då eg var heime følte eg meg enormt trøtt – så eg såg ein film, snakka med Mamma og Pappa og la meg.

Vill mandag

Eg starta så fint på søndag; bar med Niklas, Audun og nokon belgiske jentar, heim rundt 1:30. Mandag; ut i 8-tia, heim rundt 05:00(!). Tirsdag; sove til kl 3 på dagen og miste hele skolen. Offameg. Verste er jo faktum at etterpå dro eg på pub med Niklas og Mike(28år gammel engelsk fyr)! :P

Ahh. Jaja, nå har eg sove siden kl 4:30 til kl 15:00, var det vel. Eg har mista heile skuledagen i dag, dessverre. Det er tirsdag og i går var eg fysst på Pub Oxford med Morten, Victoria Maria (som blei meget vennlige med kvarandre :S ), Audun og Jon (seff), Thomas, Sisilie og Ingrid. Maxim var der visst også, men han dro tidleg. Vel, eg antar dei fleste har vært på pub før så eg skal ikkje forklare i detalj korleis dét var – men det var bunnslum i fanta’en min og alle skulle riste den. Offameg.

Litt seinare på kvelden begynte Victoria Maria og klage på at eg ikkje drakk; “adle må jo drikka!”.. Det er slike idiotiske folk som får meg til å ikkje drikke – faktisk. Er rart å tro at det hjelper eigentleg – eg har visst enorm selvtillit og eg er enormt sta, gjør eg fysst eit prinsipp skal du være enormt god for å snu meg. Eg kan ikkje huske at andre enn mamma har klart dét. Men når det gjelder en sånn ting som at eg har bestemt meg for å ikkje drikke (iallfall før eg blir 18, eg bestemmar om eg vil forsette etter dét, om folk er like teite blir valget iallfall enkelt) så kan nok ingen få meg til å skifte meining. :>

Då me kom ut av pub’en (dei stengar kl 23) fekk me “Free entry to Park End”, siden denne klubben normalt kostar litt så gjekk me der. Audun og Jon prøvde å lure folka som tok i jakker med å putte den ene jakka i armen til den andre, dei merka det ganske fort så dei måtte betale for begge jakkene. Sjølv gadd eg ikkje bruke pengar på å få hengt opp jakka. Audun skulle snakke i telefon så me fant ein stille plass – var visst utfor jentetoalettet. Det kom heile tia jenter inn og ut og dei var sikre på kvifor me eigentleg sto der. Vel, me la ikkje merke til det før dei sa det til oss da…

Eg var rask til å starte å danse, mens Thomas, Jon og Audun som eg var med var utroleg treige – som vanleg. Det skjedde ein god del ting men ikkje like interessante som… Ja, akuratt. Eg vil ikkje skrive for mye som andre personar like godt kunne opplevd sjølv. Før skreiv eg omtrent direkte til mamma og pappa, mens no har eg ein litt større lesarmengde. ( wee :D ) Problemet mitt er at det skjer SÅ SINNSJUKT mykje morro (og noko lite morro), at eg kan ikkje skrive alt. Men det er også bra då. Eg må også passe på at overskrivten nesten passar med hovedinnholdet til artikkelen (eg kan heller skrive mange mindre artiklar!)

Då me kom ut ifra Park End kunne ikkje Jon stoppe og le – Audun hadde nemlig funnet seg jente på klubben og Jon fant dette veldig morsomt tydligvis :P Ho var nemlig ganske engelsk i dimensjonane, som betyr litt kraftigare enn normal kropp + ein enorm bakende. Ho hadde visst vært litt hard på godteriet. Audun hadde fått nummeret men han hadde ikkje tenkt å ringe – var underholdning for ein kveld. Hehe, sjukt – kunne aldri holdt på slik eg da. “Me” hadde moro av Audun på veg til Kebab Kid.

Vél inne på Kebab Kid jobba Ralf igjen (naboen til Jon) :D Men han jobber jo alltid der. Eg kjøpte pomfri og ein hamburgar til Audun – tok 5år da, men. Uansett hadde eg ikkje fått “Salt’n’Vinegar” på – så eg holdt boksen fram og sa det, men då miiiiiista eg aaaall pomfrien på salgs-benken! :( Då var den kvelden øydelagt. Eg måtte gå hjem i kalde været, vite at eg hadde brukt pengar på ingenting osv. Det gjekk enno vitsar om Audun då me sto der og såg på Audun spise. Thomas prøva febrilsk å få transport heim.

Plutseleg kommer Ralf og gjer meg ein ny pomfri!!!!! :D:D:D GOOE MANN! ;D Han prøvde og hilse på Jon, men han var for opptatt med Audun :P Me sto der til me var åleine i butikken og Jon fekk sagt hei til Ralf – då starta den forferdelege turen heim. Klokka var 3 då eg gjekk ifra Kebab Kid og starta turen min åleine heim. Det var veldeg kaldt, eg gjekk seint så eg var ikkje heime før 4:30. Ugh.. Eg kan ikkje fortelle kor keisam og drit gåturen var. ARGH, KVIFOR SKAL CYCLE KING ALLTID MANGLE DET /&#/¤(”#) DEKKET MITT!

Å, eg har vel ikkje sagt dét. Jon ville ha sykkelen tilbake – og eg gjekk til Cycle King for å få dekk. Men, nei. “We’ll have it in Wednesday”.. Jada, sikkert. Sist de sa det var det jo løgn – er nok dét denne gongen óg! Dagen var Fredag då eg spurte om det, så eg må bruke buss – æsjisj. Velvel, no må eg faktisk stikke – eg skal være i byen kl 20:00, no er klokka 18:55 – SÅ lang tid tar bussen! :( Hadde eg hatt sykkelen hadde eg dratt 19:40. Jaja, no må eg springe uansett.

Natt til mandag var eg óg ute, då med Audun og Niklas – me var på EuroBar og hadde det kjekt :> Den belgiske jenta som bor hos Niklas var der óg (Marie, ikkje den belgiske kjæresten til Niklas, ho heiter Laurance og bor ca 10 minutt ifrå meg). Siden eg kom seint heim kvelden til mandag var den dagen drit i begynnelsen, eg var veldeg deppa. Eg satt på skolen med pcene heile dagen til kl 7 og snakka med pappa og irc folk. Eg blei veldig deppa av å sitte åleine i rommet der. Men på vegen heim blei eg gladare og gladare, då eg kom heim fysste gangen var eg veeeldig glad. :) Så til pub, glad, så til klubb, glad, så hjem, æsjisj :/ Vel, slå-av-pc

Bare for å avslutte der ingressen avslutta (ingressen er alltid nyare enn sjølve artikkelen, velger eg å putte noko ny informasjon der må eg jo “backe” det opp i artikkelen!). Tirsdag kveld etter eg skreiv denne artikkelen dro eg til byen for å treffe “Oxford Univeristy Computer Society”-folka på LaserQuest ;) Me hadde avtale – etter gjekk eg raskt innom EuroBar for å finne Niklas sittande der og prate med ein mann. Eg meldte meg inn og fant ut at fyren var manager for eit programmeringsfirma. Så me prata litt programmering – så gjekk me til ein annan pub. Han spanderte 3 “Lemonade“s på meg, og dei kostar litt siden det ikkje er alkohol (England er mange plasser meeeget teite på dét, dyrare med brus enn øl – offamegdå).

Han var foressten veldeg imponert av at eg ikkje drakk noko alkohol, spesielt når alle de andre gjør det. Og da mener jeg alle :> Vel, eg er ganske stolt av meg sjølv for å være ærlig, eg syns det er digg å alltid være edru (mao. aldri drikke) og få så mykje respekt på det. Vel, me hadde det iallfall veldeg koseleg, så eg kom ikkje heim før i 2 tia. Men eg var tidsnok på skulen idag sjølv om eg måtte ta bussen. Eg sto faktisk opp kl.6 (skole kl.9, stilte klokka feil osv)! ;D Menmen, det var då interessante kvelder sjølv om eg ikkje skal drive på i samme stil særlig lengre. Eg er inne no – onsdag, torsdag, vår faste pub Jericho kveld skal eg hoppe over til fordel for eit CompSoc møte ;) Også skal eg jo snart treffe Pappa(min mest faste leser(vil eg tro)) og lillebror Falke i London, må roe ned litt ;D Men no var visst klokka halv ett, så eg bør legge meg ;)

Sykkelens Genialitet

Her i Oxford fyk eg plass til plass på sykkelen min, kjempeherleg med masse fordelar! Men allikevel så har eg hatt ein del problem >:(

Etter ei uke eller så i Oxford så blei eg lei av å gå og invisterte i ein sykkel. Det kosta litt (240kr for sykkel + 240kr for taxi hjem + 240kr for lys (dei blir stjåle heile tia, ugh) + nytt dekk etc).

Eg prøvde å skrive ein artikkel om eit emne eg hadde tenka om. Mens eg sykla opp High Street for å komme meg til skolen “skreiv” eg i houvudet mitt kvisleis artikkelen skulle bli. Då eg så skulle skrive dette forsto eg mitt evige problem; eg klarar rett og slett ikkje skrive når det er om noko fast på den måten. Så nå skriv eg rekursivt igjen, skriv om at eg sitt her og skriv :P

Å skrive på denne måten er lettare, så får eg lure hjernen min ved å stille snu emnet mot det jeg egentlig hadde lyst til å skrive om. Problemet er at eg vil skrive om kva som hendte idag, sjølv om eg vett at eg bør skrive om sykkelen etc. Vel, var vel ein 2 ukar siden då racing sykkelen min poffa. Eg blei sjølvsagt meget sint og frustrert og ikke minst lei meg.

Etter eg hadde bada meg i min eigne elendegheit, bestemte eg meg for å prøve å lappe dritet (heh.. måtte bare :P). Så eg gjorde, etter ein heller lang tur til “Cycle King”. Den overprisa butikken skulle visst være den billigste i Oxford… Blei verkeleg imponert (unnskyld, den var for oss xml/html(sgml) folk :D ). Tilbake i huset brukte eg ein heil dag på å fikse dekket (vel, eg hadde allerede sove store delar av dagen då). Neste dag skulle eg teste dekket – p0ff, næææi!

Dekket var ikke lappa skikkeleg. Då eg sjekka hålet igjen var det 2 nye hål nokon millimeter frå det gamle. Fantastisk! Slikt likar me… ikkje.. :/ Eg bør gjære ein lang historie kort fordi eg har tendens til å skrive alt for mye om eg får skjangs :P Eg blei frustrert, kasta meg ut av eit vindauge og daua.

Hmm.. Eg kan ikkje heilt vere enig i den siste setninga der, men uansett så spurte eg Jon om eg kunne låne sykkelen hans. Og mannen sa ja! :D Wohoo, etter 3 helvettes-dager med buss skjønte eg kor forferdeleg mine stakkars klassekameratar har det. Ærlig talt, 40minutt til byen!? Når eg brukar 14 minutt på sykkelen! Uhørt! :S Pluss at eg måtte vente 10min på at snegle-transporten skulle ankomme det upersonlege, kalde skuret me står så idiotisk i og gjør reint lite fornufteg.

Eg skjønte endeleg kor heldeg eg va med mine fantastiske sykkel-tradisjonar. Buss-systemet holder rett og slett ikkje mål. Ofte ser folk på meg med ein ekkel sympati og tykjer synd på meg fordi eg syklar så langt og mye kver dag. “At du klarar det” seier dei. Eh, eg syns heilt opprekteg og ærleg at det er 10x kjekkare og sykle enn å ta bussen! Eg syns synd på mange av mine klassekameratar som kastar vekk masse tid, sittende i eit skur – eller på bussen mens dei gomlar i seg godteri til store gullmedalja. Det er få personar til å stoppe dei i deira søken etter å bli like feite som dei engelske jentene. Synd er det med desse venenes blindheit då dei syns synd på meg.

Eg syklar kjekt ned bakkane mot skolen med vind i håret og trener mine enorme legg- og lårmusklar. Ikkje ei krone betalar eg for treninga mi, mens medstudentane bler månedleg rippa for over 400kr for ein månedleg dusj! God invistering folkens! ond latter Mohohohawhahawhaw.

Utruleg glad var eg for å låne sykkelen til Jon, han var ein sann reddande engel. Eigentleg skulle eg bare låne sykkelen til torsdag då Cycle King skulle få inn eit overprisa dekk eg kunne kjøpe, men eg har sykkelen hans enda fordi han sa eg kunne låne han lengre :D

Sykkelen til Jon er annerledes ifra min sykkel. Mens min er ein ekte racer-sykkel der alt er laga for maksimal fart, noko som gjer maksimal lite komfort (om du kan sei det slik). Eg har eigentleg aldri vært særlig plaga av dette faktum, utenom at setet har vært litt hardt – eg er jo tross alt sykkelist så eg har ikkje 5kg mykt fett på “stumpen” :P Eg blei positivt overraska då eg prøva sykkelen til Jon. Den har feite dekk og rett ratt, samt eit digert mykt sete. Denne sykkelen var ikkje laga med fart i tankane, men faktum at nokon faktisk skulle kjøre farkosten óg.

Så var det fyrverkeri i Eynsham då. Eg starta sykla fysst mot byen, tok 16 minutt så til Farmoor kor Audun bor, 24 minutt, så endelig til Eynsham på ca. 10 minutt. Det gir en reisetid på litt over 40min som er fantastisk bra når ein tenker på kor langt vekke Eynsham visstnok skal være. Eg følte det ikkje som nokon jordomseiling akuratt, dét var det nå heller ikkje men ein må vel få overdrive litt :) Eg sykla tilbake til Audun for å så sykle tilbake igjen til Eynsham og så til byen etter me hadde vært på pub og kosa oss der. Tilstades var Karianne (som bor i Eynsham), Audun, Jon, Morten, Thomas og Tone. Ein kjekk gjeng. Spesielt Jon, han med fine sykkelen :D (:P)

På vei tilbake til byen – kl 12 GMT – så ringte eg pappa etter oppfordring på svareren min. Håper ikkje eg vekka han, tenke rett og slett ikkje på at folk faktisk kan sove kl 1 i Norge. :P Uansett hadde me ein koseleg samtale mens eg sykla uten hender i frå Farmoor(Audun’s Penthouse) til Botley(Jon sitt mini-rom) der han la på. I byen gjekk me på Maxwells, eg begynte akkuratt og ha det kjekt (etter ein 10–15 minutt) då Audun og Thomas de slappe støvlene aboslutt ville gå. Treige folk. Eg hadde betalt 24kr for å komme inn så vil dei bare gå. Grr. Klokka nærma seg 2, men allikevel – ein gjør ikkje slikt.

Etter nedturen der fekk folka meg til å kjøpe hamburger på Kebab Kid.. Smaka godt – ja, nødvendig – nei. Eg kunne jo bare spise ei gammal tørr brødskive heime som eg normalt gjør!

Søndagen, den dagen me eigentleg skulle være i Wales og se Petter Solberg vinne Rally Championship’et, men det kom ting i veien. Eg sykla til Audun, fysste gang før det var blitt mørkt – og det vil eg ikkje gjør igjen på lenge! Det regna og var generelt pissevær, greit nok – eg har jo nice regntøy. Små vatn ikkje ulike mosvannet samla seg i vegkanten ute på “Bryne” (vegen mellom Farmoor og byen – bare kyr og åkrer) der eg blei pressa ut av ekle bilar. På dagen var det faktisk trafikk på vegen og problemet var at eg ikkje kunne se når bilane kom, dei har jo ikkje lys på idiotane! Lyset hadde vel vært vanskeleg å sett, men det er 10x betre å kjøre vegen når det er mørkt! Ein stygg/slem/hemma osv. buss pressa seg forbi meg idet eg stupa ned i eit digert vatn med farleg bunn. Argh. (altså, eg datt ikkje av sykkelen, men “stupa” hørtes litt mer dramatisk ut ;) )

Idet eg hadde kommet inn i Farmoor, nærma meg Audun’s Penthouse leilighet kjøyrde nokon jævlar forbi meg og skreik noko drit så eg nesten fløy av sykkelen og knusa trynet i den elendege engelske standard-vegen. Satan, de burde ta en overdose senest, stygge drittfolk. Landsbyrånere.

Etter ein innhaldsfull morning hos Audun skulle me til byen igjen. Jaja – tenkte eg, så må eg sykle drittveien tilbake, greit nok. MEEEEEEEN, då, når eg sjekka sykkelen så var SJØLVSAGT det elendege dekket poffa! :( Eg var laaangt ifra heime, kva skulle eg gjere!?.. Vel, eg starta og gå. Ein og ein halv time seinare traff eg folka på Eurobar, etter eit par folk hadde tuta på meg og slengt dritt var eg rimeleg trøytt og plaga. Ikkje minst frå den elendeg lange gåturen, eg visste eg hadde ein times gåtur igjen, starta denne. Heim kom eg, trøytt, til micro-varma middag (vel, det er mer spesielt om eg faktisk er i huset då middagen er klar) etter ein vel 2timar og 45minuttars gåtur leiande på ein tung sykkel.

Men hey, etter eg hadde kommet heim lappa eg dekket, UTEN å følge dei idiotiske instruksjonane denne gongen, og trur du ikkje eg fekk det til 100% denne gangen :) Sjenialt! :D Då var eg seriøst glad dagen etter.. Det var faktisk i går(mandag 10/11) :P Med sykkelens genialitet sykla eg igjen til skolen i ein fart bussen bare ikkje klarar og slå uansett kor hardt dei prøver! HAH! TA DEN STYGGE BUSS! :D Jeg er inni en sekk, alle snur seg etter meg, men hvem som er der inne ser de ei Oooh, Knutsen & Ludvigsen er geniale :D Vel tidleg skole imårra og nå er klokka halv 2 så det er onsdag da… Vel, nå kom “Annie – Tomorrow” på, med ho søte lille jenta som syng, kor fint. Høyre den før eg legger meg :D Eg skulle gjerne skrive ein ny artikkel også.. Om den lille dagen i dag og om hvor herlig livet er :) Men det å være sen; tyyyyypisk meg! :P