Merkelapp-arkiv: Pannekaker

Pannekaker, filmregissør og flipperspel

Førre veke bada eg etter lunsjen på jobb, hadde ein filmregissør frå Romania på overnatting, inviterte ein ire på middag, hjalp Tone å flytta og spelte flipperspel på Bitraf.

Ionut

Det dumpa inn ein epost frå BeWelcome ein laurdags kveld. Ein filmregissør frå Romania var på ein filmfestival i Tromsø, men skulle vera to dagar i Oslo. Eg inviterte han heim til meg sidan Helene var vekk og eg godt kunne trengja litt selskap på kveldene.

Me var oppe til seint på kveld og prata båe dagane. Han var overraska over at eg var ein sopass relevant vert, sidan han trudde eg berre dreiv med IT. Lite visste han om mitt faderlege opphav og ymse filmprosjekt eg har fått vera med derifrå.

Eg likte Ionut utruleg godt og må vel truleg få vitja han når eg dreg til Romania ein gong. Elles fekk eg kjempelyst til å laga meir video/film att etter eg prata med han. So fær me sjå om det vert noko då, skortar jo litt på utstyret og ikkje minst vilja til å bruka ufri programvare…

Bading

Lachlan med Opera i bakgrunnen, eg med akerselva i bakgrunnen. Fått meg ein liten kakaovom, ja.

Eg har lengje sett ut på Nydalsvatnet frå kontorplassen min og fått lyst til å ta meg ein dukkert. Plutseleg kom enno ein soldag klemt mellom regnversdagane og eg var uti. Lachlan vart med slik at eg ikkje var åleine. :)

Middag

Ionut var forsovidt fyrste vitjinga eg har hatt i nye bustaden til meg og Helene, men gsnedders var andre. Ein utruleg koseleg fyr som kan hinsides mykje om absolutt alt. Eg var ganske ubesluttsom, so gsnedders fiksa like godt ein god kinesisk middag til oss. Eg reknar med å laga det same i lange tider frametter, enkle, billege, gode greier.

Fredagsøl

Opera har slik fredagsøl. Eg har ikkje gått i det siste. Etter kl. 17 på fredagar so fær eg alltid gjort so sjukt masse, kjem inn i ein skikkeleg god arbeidsstim, og plutseleg er klokka 21 og eg er heilt åleine att. Vel, min taskteamkamerat João held ofte ut like lengje.

Denne gongen kom derimot gsnedders og henta meg, so då la eg ned det sers produktive arbeidet mitt likevel. Han skulle jo heim i helga. Me stakk ned på Alexander Kiellands plass og drog på Kabash eller kva det namnet no var. God hummus.

Eg og Lachlan og Swetank fann ut at me skulle hoppa i strikk dagen etter. Heilt til me fann ut det var på Rjukan, so me må nok utsetja det ei helg eller to.

Flipper

Ikkje delfinen, men nesten like bra; me har fått oss flipperspel på Bitraf. Det er eigentleg Teknisk Museum sitt, dei skal laga eit spel for å læra folk om fotosyntese. Flipperspelet er på Bitraf no fordi den einaste flipperspelreperatøren i Noreg likte hackerspacet vårt so godt at han like godt kunne fiksa ting der. Veldig kult for oss som får flipperspel til avveksling frå alt det andre me gjer.

Flytting

Tone var ein absolutt engel og kom med bil slik me fekk kjøpt båe eit digert skåp og ein sofa frå Finn (netsida, ikkje personen; personen var ei ho, og ho var svensk). Når folk hjelper til med flytting so tener dei flyttekredittar, so det var sjølvsagt at eg skulle hjelpa til motsett veg. Dessutan so er det eigentleg ganske moro å flytta, spesielt når eg ikkje er den som må gjera det.

Diverre vart det total fiasko for min del. Eg spelte flipperspel på Bitraf til langt på natt og stod opp lovleg seint dagen derpå. Starta å vaska buret til Skorpus (koserotta vår) og lagde meg frukost medan eg høyrde på radio. Lite hugsa eg om avtalar lagt tidlegare i veka.

Eg kom to timar for seint. Som var superflaut. Heldigvis fekk eg hengd opp to bilete i minsto. I tillegg til at eg stod og såg på at Eva bygde hyller medan eg lata som om eg var nyttig på nokon som helst måte. Jaja. Koseleg var det no. Tone kjøpte tilogmed pizza til oss.

Pannekaker!

Lachlan og kjærasten (Irina) hadde invitert til pannekakebrønsj. Det var 15. Eg synast eg var litt seint ute, men bysykla kjapt opp.

Eg var fyrste person som kom, 15.05. Det tok god tid før nummer to og tri kom. Alle var par, og eg var jo eigentleg invitert i par eg òg. Heldigvis klarte eg fort å gløyma det, sjølv om me til slutt var 4 par og ein meg.

Lachlan laga forresten slike proffe pannekaker på ei stor takke og med alt utstyret dei som lagar pannekakar heile dagen har. Eg åt fyrst ost og tomat, so åt eg nutella, banan og jordber.

Ein av dei på brønsjen flyg med slik paraglider. Dagen før hadde han flydd 45 minutt. Det er eit kurs ein gong i året i Hemsedal. Det kostar 9000 og det skal eg gjera. Etter eg er kvitt lånet iallfall. :(

Parprogrammering

Eg parprogrammerte m.a. innmeldingssystem for Bitraf saman med mortehu. Dvs. mortehu programmerte og eg såg for det meste på, som eg sa på identi.ca.

Såg òg Expendables. Skikkeleg dårleg film. erikberg og mortehu gjekk før meg, men eg var kjapt etter 23.45 eller noko. Eg såg at eg hadde berre lukka to av fire vindauge. Kom meg ikkje innatt, ingen batteri på mobilen (brukar mobilen til å opna ytterdøri).

Spurte ein tilfeldig fyr som budde i nabolaget om å låna mobilen honoms. Eg brukte den til å opna ytterdøri, springa inn og lukka vindaugi. Det kjentest bra. Fyren vart imponert over systemet vårt for døropning. Det er eg òg forsovidt.

So var veka slutt

Elles sat eg på do i laupet av veka og skræmde vítet av meg sjølv då eg trudde ein dverg stod og såg på meg frå gangen. Eg tenkte å skriva om det på identi.ca men spørst kva du skal utsetja folk for. Her på bloggen kjem no folk i minsto friviljug…

No er det tysdag. Måndag såg eg film, i dag jobba eg berre, og oppdaterte bloggen på fyrste gong på alt for lengje. I morgon kjem Helene attende. Gler meg til det.

Fem OK dagar i Dubrovnik

Her hev eg vore fyrr. Eg hugsa alt saman ganske klårt, men denne gongen budde me ikkje på Villa Klaic, som sist. So ingen symjebasseng elder varmepumpe (aircondition her, i varme strók). Staden var tjåka full av digre mygg; Helene vart spesielt råka på beina. Det såg ikkje fint ut og beini til Helene såg ut som ei krigssone. Dei gjekk vekk etter litt heldigvis, men det skulle verta verre.

Helene utanfyre Dubrovnik

Me hang mykje nede i gamlebyen. Der fann me fort fram til Dolce Vita. Ein plass som sel m.a. is og pannekakor. Det vart stamplassen allereide frå starten. Det var ikkje sjeldan me var innum og åt pannekakor tvo gongar på ein dag. Pannekakone der var heilt fantastiske, tvo digre med is, sjokolade, sjokolade+banan (min favoritt) elder noko anna (Helene hadde alltid spesialtinging) til rundt NOK 20. Ganske utruleg.

Byen er utruleg flott, og ganske lik slik eg hugsar han. Diverre fekk eg litt, «vert her fyrr»-kjensle. So eg trur ikkje gjenvitjingsverdien var særleg stor.

Helene i Dubrovnik, tusen trappar

Faktisk klarar eg ikkje no i ettertid finna so alt for mykje nemneverdig dei 5 dagane me var der.

Helene ville absolutt sjå film på kino, so me gjekk på Mamorska, som me trudde var ein «tri menn og ein baby»-film basert på filmplakaten. Det viste seg at tittelen var The hangover, og var ein veldig morosam film som me lo godt av. Eg spesielt høgt og hardt som alltid. Falke hadde prøvd prata litt um ha fyrr i Praha, so eg syntest eg kjende noko att.

OdinHelene

Elles var det, som i Praha, ingen problem å få alkoholfri øl i Dubrovnik. Dei fleste restaurantane hadde eitt merke inne. Diverre var det litt verre med kaféane, spesielt dei som berre serverte drikka. Av dei var det få som hadde alkoholfri øl. Me fann ein fancy plass som båe hadde Stella Artonis Non-Alcoholic og trådlaust internett.

dsc_4410

Det var yverraskande enkelt å vera vegetarianar i Dubrovnik. Alle plassane hadde minst ein hovudmeny som var vegetariansk, og fleire plassar hadde eigen yverskrift med mange rettar. Me gjekk på ein av dei sistnemnde, Helene hadde mousaka, og eg sopp. Det var utruleg flott og himmelsk godt. Og det var jysla billeg, av di dei i Kroatia ikkje plar taka yverpris for maten slik me gjer i Noreg. Er alle råvarone billege, ja, då er retten billeg. Ikkje slik i Noreg der ein veggisrett på restaurant fort kostar rett under ein kjøtrett. Det er ganske surt.

dsc_4207

Dagen etter fann me fram den reine veggis-restauranten me tidlegare trudde var lagt ned. Det var ganske godt der òg, men ikkje like godt som den fyrste restauranten. Det kom eit sveitsisk par forbi då me var ferdige, alle plassane var tekne, og den litt sinte servitrisa viste dei vekk. Dei var ganske frå seg av di dei ikkje tykte det var lett å finna veggismiddag i byen. Me var umtrent ferdige, so me sa at me kunne betala å gå, slik at dei fekk plassen vår. Dei vart veldig takksamde for det. Me forklarte dei òg um andre plassar for veggismiddag. So gjekk me til Dolce Vita for å eta pannekake att.

dsc_4208

Dolce Vita tyder «det søte livet» elder noko slikt. Helene synast tydelegvis ikkje dette ålmenne namnet var godt nok. Sjølv um det ikkje står noko av det i nemnet, sel dei mest is og dei hev ein stor is utanfyre døri. Det kann vera difor Helene synast is fekk ein ufortent stor plass. Ho sat og såg nedyver dei andre bordene ute som nett då hadde mange pannekakor på seg (normalt is), då ho tankefullt sa «Hmm. Alle et pannekakor no. Denne plassen burde heitta Dolce Vita PANCAKES!».

dsc_4313

Den andre dagen hadde me fengje nye myggstikk, og ikkje få denne gongen. Dessutan forsvann dei ikkje, og var ekstremt digre. Store raude utståande blemmer. Dei klødde som lite anna og Helene var totalt bombandert. Ho var i veeldig dårleg humør. Me prøvde byta hus, me hadde eit rom i ein 60-tals bustad (stova var betre) – huset låg i ein hage som var ein mygglarveforplantningsfabrikk. Dama som var huseigar vart veldig leid seg, men me fann ikkje noko som ikkje kom til å ruinera oss. Me var uppe på Villa Klaic, der eg hadde budd med mamma og pappa. Den staden er himmelen. Diverre hadde me ikkje råd. Helene vart òg totalt forelska. So til slutt måtte me berre halda fram å bu i mygghelvette. Noko som øydela mykje av Dubrovnik av di me heile tidi var irriterte av myggstikk, lite svevn og allslags anna. Ålmenn misnøye.

Dei nye stikki var frå Afrikanske mygg, fekk me høyra frå farmasøyten. Ho vitja me mange gongar. Helene hev salve og antimyggspray, B-vitaminer (mygg tek helst dei med minst B-vitamin) og citronellaolje for å halda dei vekk. Me brann mykje citronellaolja ei natt, men det vart umogleg for oss menneskje å vera i rommet òg. Måtte hava døri opi, viss ikkje fekk me helder ikkje sova. Det var verkeleg ekstremt varmt. Synd at husstoda skulle vera so dårleg.

dsc_4193dsc_4178

Me skulle òg på kajakktur, hadde tinga og alt, men den siste dagen (då me hadde tinga) viste det seg å vera for sterk vind og vær til at me kunne gå ut. Det var jysla skuffande. So me hang helder på skitdyr internettkafè og åt fleire pannekakor på Dolce Vita PANCAKES!.

Helene et pannekakor fyrste dagen i DubrovnikMi pannekaka, -- banan og sjokoladeHelene si pannekaka utan noko, men med blaabaersyltety uppaaHelene og eg et pannekakor andre dagen i Dubrovnik

So tok me båten til Stari Grad, Hvar. Og det var vel eigentleg heile Dubrovnik. Me bada og gjorde allslags anna òg sjølvsagt, men det vart aldri superbra. Mykje av turen vart yverskugga av Helene sine stikk og at heimebasen vår var so full av gjennomvonde innsekt.

dsc_4380

Helene hadde stor von til Hvar, og var godt yvertydd um at det skulle vera betre. So tok me båten der (ein gamal Color Line danskebåt-liknande sak med svenske skilt)…

dsc_4261

I draumen min spelte eg Johnny Cash på Rogaland Teater

Eg var i Stavanger på vitjing, og Rogaland Teater tok kontakt. Dei hadde eit stykke um Johnny Cash (sikkert liknande «Walk the line»), men hovudrolla var visst på sjukehus. «Du er jo flink, Odin», og so ville dei at eg skulle spela. Greitt nok, eg elskar Rogaland Teater og stå på scena der. Eg hadde ikkje peiling på kva stykket gjekk ut på, men eg starta no å spela – og etter litt såg det ut som publikum likte det.

Eg sprada rundt på scenen og var gjerne litt vimsete. Eg hadde med meg gitar og spelte nokre songar, eg var ganske livleg faktisk. Motspelaren min var Rebecca (kjærasten min), ho kom inn til slutt. Eg hadde jo ikkje peiling på stykket, sjølv um eg trur fyrste akt gjekk veldig bra. Eg laga ein kort pause midt i akta då, av di eg ikkje ante kor tid det skulle vera pause. Men ingen gjekk heldigvis – og eg trur teppet kom raskt opp att.

Eg byrja spela litt saman med Rebecca, og plutseleg av ein eller annan grunn vart ho sjuk/skada (i draumar so skjer ting plutseleg berre, og det er heilt logisk der og då). Eg trur ikkje eg visste kva eg skulle gjera, men eg sat meg ned med ho og prata noko svada og hadde tenkt å henta gitaren. So gjekk teppet ned. Etter litt høyrde eg folk gjekk ute i salen, so teppet ville ikkje gå opp att. Det var pause, eg fekk vita det av inspisienten. Eg fekk litt småpanikk då eg fann ut eg ikkje hadde peiling på kva som hende i neste akt. Eg kom meg opp i kantina og såg at nokon vaska opp. Då eg var liten på teateret, vaska eg ofte opp sjølv, sa eg. Av di eg var der so seint på kvelden då dei andre hadde gått. Det er jo sjølvsagt berre tull, og eg anar ikkje kvifor eg sa noko slikt.

Andre akt (…vart aldri ferdig)

Eg spurde nokon um kva som var historia i andre akt. Det var fleire som ikkje heilt klarte å forklara, men då eg var nede på scena att var det nokon som kunna visa meg litt av byrjingi iallfall. Dei sa eg skulle gå til eit slag orakel/dame i tempel og vera fortvila av di Rebecca var skada/sjuk. Teppet gjekk opp, og eg gjorde det. Men tempeldama vart sint. Ho kunna ikkje tulla med naturen og «blablablabla». So er det diverre litt uklårt, eg hugsa ho sa noko veldig fornuftig her og so gjekk eg og spelte triste visar på gitaren min. Men dette fornuftige hugsar eg altso ikkje, eg hugsar berre alt tullet.

Ola og Elisabeth var der òg

Ahh, det var moro at Ola var bak scena òg, eg spurde han um eg måtte tenkja på kvar kamerai i salen stod (det vart filma). «Nei, det må du ikkje», sa han. Trur eg såg Elisabeth oppe i kantina òg. (Ola og Elisabeth er kjærastar og naboane mine, dei heng på skrivarstova til NMU dagleg – for dei jobbar der. Dei er òg dei som tyder absolutt mest for meg i Oslo).

Eg hadde vona eg kunna seia noko lurt til slutt her, slik at ikkje innlegget vart hengjande med dinglande open slutt. Men, nei, draumen min vart ikkje konkludert av di eg vakna (og av di eg ikkje hugsar slutten). Eg stod opp kl 0730, ganske bra. :) Soli i andletet hjalp meg opp. Men no må eg gå og laga noko frukost og leggja Universitas ut på nett. Og so må eg rydda, og gjerne vaska klede – for pappa kjem i dag (:o).

Eg hev ikkje sett «Walk the line», men eg kann tenkja meg at det absolutt ikkje hev nokon samanheng med dette eg klara produsera i dramuen? :P

Eit musehakk mindre einsamt på Bjerke

Wohoo! Eg hev snakka til fleire i blokka mi! Rektig nok berre «Good night» med svar attende; men det var jo noko. Eg kjenner meg eitt hakk mindre totalt åleine på denne plassen, Bjerke Studentheim.

Eg hev ein kamerat på Bjerke, det vil seia ein eg pratar med då eg stundom ser han. Han er frå Asia og gjeng på BI. Eg hev prata ein del med han om «norwegian-danish and norwegian» og korleis dei fleste nyttar den fyrste. I dag såg eg han på Bjerkebussen og helsa der eg sat med den absolutt forferdelege maten frå Deli de Luca (nei, det vert kebab fast etter dette! Det er mykje billigare òg).

Full heis

Me fekk veksla eit par ord i inne i heisen, full av dei asiatiske venene honom. So gjekk han av i andre etasje – og eg var igjen i heisen med ein flokk supersøte asiatar. Ho eine hadde lent seg på knappane, så halvparten av etasjane var markert. «Haha, you pushed them all», lo dei andre. Eg gliste breitt – desse folka var riktig herlege! Dei krangla litt om det, for det meste på engelsk, men med eit par ord på eitt eller anna asiatisk språk imellom. Eg ville gjerne bryta inn med ein hyggeleg setning, dei virka so opne og mottakelege for det.

Men eg var snart på mi etasje – og det var berre tvo av dei att. Rett før døra lukka seg bak meg fekk eg glad ynskja dei god natt med svar attende. Superkos! No kjenner eg at eg hev fleire å kunna småprata med enn asiat-venen min og naboen min (som eg ikkje hev sett på lengje! Verkar fordufta)…

Likevel er det langt ifrå nok til å få meg til å tenkja at Bjerke er ein kei, kei, trist og einsam plass. Ugh, eg vil flytta.

Pannekaker!

PS: Eg hev flytta heile innlegget nedanfyre sjølve oppskrifti, folket er mest interressert i den.

Pannekakeoppskrift for to personar

Fyrst må du ha div. ting og tang for å kunne lage pannekakar. Eg lister opp:

Innhald (Ting du må ha)

  • 2 supre egg
  • 2 dl mjøl (vel, ta 3 du, det plar eg gjere ;) )
  • 3 dl mjølk (helst Tine økologisk :p)
  • Masse sukker
  • Margarin (Soya plantemargarin er supert!)
  • Ingefær- og kardemommekrydder (superduperhemmeleg ingrediens (vanskeleg ord))

Tine Mjølk (ikkje økologisk diverre)

Dette skal sjølvsagt blandast på ein høveleg måte.

Framgangsmåten

  1. Putt mjølet i ei bolle (helst raud).
  2. Finn visp, visp mjølet.
  3. Hell litt og litt mjølk nedi medan du fortsetter å vispe.
  4. Visp til det blir glatt (klumpane er vekk, altså, dette er stress – få Tor Eirik til å hjelpe til)
  5. Smelt ein del margarin (ca 1 spiseskei, men du avgjerd)
  6. Hell nedi ein del sukker (eg plar smake til, men 2–4 matskeier ca)
  7. Knus egga (pass på å ikkje få skalet nedi) og held innhaldet ned i bolla.
  8. Kast eggeskala etter du har take ut alt innhaldet ned i bolla med fingen.
  9. Visp videre. Er enklare no.
  10. Hell det smelta margarinet ned i bolla og visp.
  11. Fyr på med ingefær og kardemomme, mest ingefær. Du skal sjå dei små korna!
  12. Visp. Luktar godt, gjer det ikkje? :D
  13. Lat bolla stå i kjøleskapet å «svelgje» i 20 min. Gå opp å chat imens.
  14. Steikepanna skal allereie vere smørt inn då du smelta margarinet; så berre gjer han varm (2 hos meg)
  15. Fyr ei ause med røre på panna
  16. Ta panna opp i lufta og få røra over heile
  17. Snu pannekaka når han blir «tørr» på toppen
  18. Et dei utruleg gode pannekakane med sukker (eller noko anna, sukker er best :p)

Et voilá! :D Hehe. Lang oppskrift, men slik lagar ein gode pannekaker. No må eg redigere film; er difor eg ikkje har oppdatert på evigheiter. Me jobbar dag inn, og dag ut med filmen «De metakognitive»…

Endringar i ettertid: fiksa skrivefeil (pannekakar til pannekaker), la til hopp-lenkje, la til stikktittel og skreiv helst økologisk mjølk. Dette er faktisk eit av mine mest populære innlegg, haha, vonar du likar dei! Gjerne legg att innspel.

Dette er flytta ned no
No er det litt sidan; men eg hadde tenkt å skrive dette, så får gjere det no. Har sikkert gløymd alle detaljane, menmen. Etter ein lang dag med filming var eg iallfall svolten. Eg hadde hatt grandiosa dagen før; så tenkte eg måtte ha noko anna no.

Odin sin superoppskrift på pannekaker!

Jepp! Då kjem delen alle har venta på. Sidan eg er blitt så utruleg tilhengjar av å halde så lite som mogleg hemmelig (alt må ut!), så skal eg fortelje den hemmelige oppskriften på pannekaker her i huset. Kvifor skal ein liksom halde det hemmeleg? Kan jo hende nokon får bruk for det; – det hadde jo vore kjempemoro! Eg tenkte eg skulle dele pannekakar med Espen og Tor Eirik, men Falke kom, så han hadde vel fyrsteprioritet. Så me åt alle opp :p Same kva, eg startar med oppskrifta.

Sjølve dagbokinnlegget som fyrr var fyrst:

Eg sat oppe med Tor Eirik og Espen. Me skulle redigere. Fyrst måtte me logge, det vil seie å fortelje datamaskina kor dei forskjellige klippa ligg på videokasetten og kva dei inneheld. Eg var lei, ville heller chatte enn å logge; så eg lærte Espen korleis han skulle gjere det. Ganske greitt; då slapp eg :) Hadde dessutan tenkt å lage pannekakar, og då måtte jo nokon arbeide i mens.

Monica og Hilde (klassekameratar av Espen, Monica speler «Belinda» i De Metakognitive) kom på vitjing. Ganske trangt på rommet. Eg sat dei til å sjå på kva me hadde redigert så langt; medan eg sprang ned å lette etter lommeboka mi. Då eg omsider fann ho, køyrde eg til Kiwi.

«Alkis» på Kiwi

Der sprang eg rundt barføtt å såg etter mjølk. Eg visste jo eigentleg kor han var, så det gjekk jo ganske raskt. På vegen til kassa gjekk eg forbi nokre nye boller. Eg stoppa opp og betrakta dei. Flotte boller. Jæren bakeri? Hm. Lokalt òg. Ein (i Helge sine standard ord) alkis svimler forbi meg. Han ser ganske vekke ut i den raude grilldressen. Snubler hallvegs og mistar ein penge på bakken. Svimete som han er merker han det ikkje. Han skynder seg videre inn i butikken medan eg skal til å seie han mista ein femkroning. Blir ikkje meir enn ein rar rørsle.

Eg tek bollepakka, får take den iallfall. Så då har eg mjølk og boller. Eg står litt å ser etter den svimete mannen. Har lyst til å take femkroningen og gå til han med ho. Men er liksom så langt; så langt for fem kroner. Avgjorde at eg skulle gå til kassa, då mannen tusla seg tilbake. Eg såg på han, – han såg ikkje på meg. Såg berre forvirra rundt seg. Eg bøyde meg ned til femkroninga og ga ho til han. «Du mista femkroninga…» sa eg og smilte. Hugsar ikkje heilt kva han gjorde, men vekke var han iallfall. Var noko liknande «Åh.».

Kjende meg kjempebra :D Eg var utruleg glad. Då eg hadde betala, gjeve eit stort smil til personalet og pakka varene kom mannen til kassa. Han hadde eit brød i høgre hand, medan han tukla nedi lommene med venstre. Han tok handa opp, hadde ein tier og ein femmer der. Mannen hadde ikkje meir enn femten kroner! «Fem kroner», sa jenta i kassa. Han blei overraska, litt glad :D Hihih. Ga femmeren sin. Resten av turen heim sang eg veldig høgt i bilen.

Eg forstår ikkje kvifor ikkje fleire gjer slikt? Ein blir jo utruleg mykje meir lukkeleg av å hjelpe andre enn å take ein ussel femmer sjølv eller av å ikkje knuse ei bilrute for 60. Å gjere slike ting blir ein jo eigentleg berre ulukkeleg av. Eigentleg. Men for få ser ut til å forstå det, diverre. Same kva, eg var uhøveleg glad ;p Køyrde heim og sat tinga frå meg.