Merkelapp-arkiv: Pappa

Sida forsvann andre gong og vart berre vekk

Viss eg (elder for den saks skuld nokon andre!) ein gong les gjennom arkivet og finn ei sers lang pause i innlegg fyrr dette, so er det kannhenda på plass med ei forklaring. Det er vel det same kva, eigentleg.

So, for å taka det fyrste fyrst (viss eg fær vera svo keisam): sida mi forsvann brått 2. oktober. Tenaren min, Acona kræsja. Dei som les netsida mi nøye (Egil og pappa) vil hugsa at fyrr det var det ikkje stort lengje sidan sist sida mi vart borte. Dette var endå meir jævleg enn det. Sist var eigentleg ikkje svo viktugt; eg fekk ting relativt kjapt upp at (vel, 1-2 víkor). Denne gongen mista eg ikkje berre sida mi, men ein heil haug drit òg.

Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.

Like ille er det at pappa hev lagra tingi sine der òg. Likevel vart ikkje han like leid seg av di han hadde kopi av det meste hjå seg nede i Spania.

For, ja, Acona hadde ingen tryggleikskopisystem. Utruleg? Ja, det er det.

Acona hev liksom alltid vore med meg. Alltid fungert, alltid vore der. Berre lagra på meir og meir informasjon, ja, heilt attende til ungdomskulen og lengre. Då eg sette han upp var han ukritisk som få. Eg hadde ikkje god peiling på linux (vel, ganske brukande etter eg hadde drifta Alfons (min fyrste tenar), eit år) og hadde alt det viktuge på windowsmaskini mi.

Men uppetter åri so hev ho vorte kritisk og viktug for meg utan at det gjekk upp for meg. Det var ikkje lengre ei testmaskin som berre hadde ting eg gjerne kunne mista, ho var viktug.

Berre synd eg ikkje kom på det fyrr harddisken rauk. Alle nye maskiner eg set upp hev tryggleikskopisystemer som køyrer og passar på; men den vana fekk eg lengje etter eg sette upp Acona. So no er ho daud, og mykje av netsida mi med. Eg hev funne den meste teksten, men saknar bileti.

Ei periode medan sida mi var nede såg ho slik ut:

[herkjembilete]

Desse månadane utan netside hev ikkje vore so kjekke, mtp. netsidefronten altso. Dei hev vore veldig kjekke eigentleg, men eg hev veldig godt kjend kor sårt eg hev sakna netsida mi. Heldigvis fekk eg skrive litt på pappa si Spania-side medan eg og Helene var der. Det kjendest veldig godt å få skrive ned nokre av upplevingane våre. Hev sakna det.

Eg fær sjå kvar det bèr frå her. Kjem eg til å uppsummera litt frå myrketidi, fylla inn eit par innlegg i tidsperioden, elder starta med blanke ark og sjå frametter? Nei, me fær sjå!

Eksamenslesning i herlege, fantastiske Kviteseid

Å, det er so evig herleg her i Kviteseid! Eg og Helene kom her i går med buss. Det var ein dyr tur. Diverre. Viss ikkje hadde det vore lett å drege mykje oftare. Falke, Kitty Karina, Ylva (veninna av KK) og pappa var der allereide.

Eg skulle liksom lesa til eksamen i INF3190. Eg fekk lese mykje meir enn det eg truleg hadde fengje lese i Oslo, eg plar jo ikkje lesa stort meir enn ein time elder tvo fyrr eksamen. Likevel fekk eg verkeleg ånda yver meg her. Hadde eg vore her tidlegare so hadde eg lett kunna lese heile pensum og hugsa store deler av det. Diverre vart eg att i Oslo grunna ein visning (som viste seg å vera totalt ueigna, hadde me fengje litt meir info på telefon so…) og eit forsøk på å få gjort obligane til å taka eksamen i FYS3240.

falke_kutter_tre

Etter me hadde ligge ute i det herlege veret fekk eg so utruleg lyst til å klyppa graset og fiksa i hagen. Kviteseidsyndrom altso. Fær lyst å vera aktiv. Det er spesielt. Og veldig bra. Kjennast herleg.

Eg starta denne dagen med frukost, fortsette med lesing, hadde lunsj og sette oss ut i soli att for å lesa. Falke og Pappa byrja å kutta tre i hagen. Falke er ein kløpper med motorsag og klatring i tre, han jobber med slikt. Eg filma litt av det og las vidare uppe på altanen med den flotte utsikten.

Til slutt tok ynskje um å vera med yver, og eg og Helene vart med. Det var veldig kjekt. Det er godt å gjera skikkeleg arbeid og ikkje berre sitja å trykka på ei datamaskin som eg normalt gjer. Eg vert glad av å vera ute. Inne vert eg berre irritert, sint og sur av.

kittykarina_og_helene_rydder

Me gjekk ned til Kvitseidsvatnet og bada saman med Kitty Karina og Ylva som var der allereide. Falke kom ned etter litt.

helene_daffar_seg

På vegen heim kaupte me is. Pappa laga god middag. Eg og Helene las litt meir (framleis sol) fyrr me til slutt drog ned til der me skulle setja upp flytebrygga vår. Dei var nesten ferdige. Det vart ei flott brygge. Der skal me leggja båten vår, når me fær ein. Gler meg stort til det. Yay!

Eg fekk køyra traktor for fyrste gong, det var veldig moro. Falke viste meg. Eg byta til vanleg bil for å henta han, og køyrde jentane upp til nokre hestar. Vel heime prøvde eg lesa meir, men det gjekk helder dårleg. So eg sat på internett som me stel frå naboane sitt trådlause. Me hev kaupt ei stor antenna som me koplar til pcen, og vips, steling av internett! Hoho. So deilig.

kittykarina_og_ylva_i_kviteseid, nb, dette er ikkje brygga vår, men den kommunale badebrygga

I staden for å dra på vitjing til nokre naboar vart eg, Helene, Ylva og Kitty Karina inne og såg Lovleg Blond 2. Ingen god film, men hadde faktisk moral som var ok. Utanum at filmen var ganske flau.

…og alle var einige um at det hadde vore ein god dag! :D

Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Forresten hev eg skrive noko liknande som dette fyrr. Av ein eller annan grunn kjenner eg for å seia det på ny (dumme meg).

Kvifor so lite teknisk/nerdete?

Kva eg skal skriva um er noko eg tenkjer mykje på. Dei fyrste 4 åri av netsida mi hev eg styrt unna for tekniske og nerdete emne. Eg lurer litt på kvifor eg gjer det no. Det er vel eit ynskje um å vera noko meir varig. Hmm. Eller, eg vil halda sida mi ganske rein. Likevel trur eg den største grunnen er leserane mine:

Då eg starta netsida, las ingen ho. So etter litt byrja pappa lesa ho, Tor Eirik og gjengen kom etterpå. Eg fekk stadig vita um fleire vener som las ho. Ingen av disse var so interesserte i det eg er interessert i. Vel, kann henda Egil og Jørgen, men det er langt i frå nok til å halda ei sida. Ein annan ting, kvifor skal eg skriva um noko so ekstremt mange andre skriv um? Ingen skriv um mitt liv og kva eg tenkjer på, men folk skriv um kva som skjer i Linux-verdi heile tidi. Eg tenkjer eigentleg berre kjentfolk les netsida mi; og eg brukar det sjølv som ein, ja, dagbok. Eg synest det er kjempemoro å lesa gamle innlegg frå Oxford. Mykje eg hev gløymd ligg att der. Eg vil fortsetja med å skriva slik. Det er ikkje serleg interessant å lesa um tips og triks til Gimp då; det må i so fall verta skild ut til ei eiga side.

Kva prøver eg skriva til sida?

Det er utruleg ofte eg hev lyst å skriva noko, men so tenkjer eg det ikkje passar inn – so vert det ingenting ut av det. Slike metainnlegg som dette er noko eg ikkje likar, og prøver å halda små i mengda. Eg vil so gjerne skriva noko bra når eg fyrst gjer det, difor vert dei fleste innleggi slutta allereie fyrr eg hev starta på dei. Innlegg som dette (ikkje korrekturlese eller gjort enkelt å lesa) er dei verste; diverre hev det vorte fleire av dei. Iallfall mentalt. Eg er sikker på at ein finn like mykje elendig um ein ser bak i arkivet, men nett no tenkjer eg at det er verre enn det hev vore fyrr. :p

Eg skriv t.d. ikkje um Amie Street eller andre kule ting eg driv med. Eg prøver å halda innhaldet utanfor netet.

Men kvifor meinte pappa eg skreiv so teknisk no?

Eg hev skrive ein del um PING og kva me gjer der. Eg skriv nok gjerne litt meir teknisk/nerdete no, av di folki eg heng rundt er interessert i det. Miljøet eg heng i når eg er i Oslo er ei data-miljø. Dei eg kjenner er genuint interesserte og me hev mange gode samtalar um det. So når eg ser at andre forstår og er interessert i slike ting so vert det meir «vanleg» inne i hovudet mitt, og so puttar eg det ut på netsida mi. Det er jo ein so naturleg del av livet mitt – og det skriv eg jo um. Alt er ikkje lengre i hovudet mitt; sidan det er «normalt» so hev eg ikkje noko problem um å skriva um det.

Heile skrivingi gjeng i perioder, som alle sikkert kjenner til sjølv. Nokre gonger skriv eg masse slikt piss som dette, andre gonger klarar eg skriva kvart-interessante greier. Nokon gongar er eg ikkje interessert i at folk skal synast det er noko spesielt (som no, dette er tankedump). Andre gongar skriv eg umtrent berre dagbok.

Pappa sa òg at mamma hadde slutta lesa av di det vart keisamt. Eller noko slikt. Det er sikkert sant – eg merkjer det er mindre aktivitet no; det er dei gamle innleggi mine som det stadig kjem folk til. Men det er ikkje so farleg, når livet mitt endrar seg og eg mistar kontakten med folk (eg er flink til det, veldig flink) so fær dei heller gløyma meg litt òg. Er vel naturleg at eg fokuserer innhald på det er driv med no, ikkje det eg hev drive med fyrr. So… alt i alt, eg let det flyta…

Framtidige meta-innlegg

Eg vil skriva eit innlegg um folk som kontaktar meg via (og grunna) netsida seinare. Det er litt morosamt. Elles må eg verkeleg finna ut kvifor eg skriv sida. Kva er grunnen min no? Eg kann seia «berre for å kunna lesa det når eg er gamal», men det er feil. For eg likar at folk les babbelet no òg. Kven vil eg skriva for, og kvifor? Er det berre yverdrive sjølvfokusering? Hmm. Ein viktug ting er at eg likar det då, so det er vel hovudargumentet for å fortsetja å skriva. :-)

Ja. Slutt. No.

Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.

Rommet mitt var bomba. Totalbomba og gløymd i fleire år. Det låg eit knust glas på golvet, neddyssa i støv. Midt på golvet var eit svart mynster av fast skit. Under sengi låg sand og digre hybelkaninar som truga med å bita av meg foten kvar gong eg la meg. Tok eg eit steg inn i rommet flaug støv opp frå det tjukke «støvteppet» på golvet – det saug seg inn i ein støvspiral bak meg. Og so lukta det ganske, eh, ufint. Midt i rommet stod ei feltseng og tok opp all golvplass. Oppå denne låg eit lass av gamle klede – stinkande svette.

Eg hadde ingen reine klede att. Det hev eg ikkje hatt på tvo vìkor. Godt eg hadde nokre klede som lukta litt mindre enn dei andre, so desse hev eg altso brukt. Dessutan hev eg flykta heim eit par gongar og fått vaska nokre klede der. Det var omtrent ikkje ein flekk av rommet som ikkje var dekka av rot. Flekkane som ikkje hadde gamle klede, størkna sjokolade, bås eller blad/papir på seg var som sagt dekka støv. Golvet var eigentleg ikkje å finna på rommet mitt.

So det vart rydd og vask

Eg nytta omtrent heile onsdagen på å vaska rommet. Den kinesiske naboen min såg på støvhaugen eg kasta, ho såg på rommet og vart heilt frå seg. Ho hadde aldri trudd det kunne sjå slik ut inne hjå meg; so ekstremt reint. Pappa hadde fødedag på torsdagen (dagen etter), so eg tenkte eg måtte gjera sopass for han. Eg hadde inga gåve, men eg kunna jobba ein heil dag for at han skulle kjenna seg godt heime i hybelen min. Eg vaska òg alle kledi mine.

Ein forfriskande nyhende var òg ommøbleringi av rommet, det ser no heilt annleis ut enn slik det var då eg flytta inn. Det var moro å plassera ting på ein annan måte; spanande.

Neste dag, jobb, jobb

Me satt opp utstyret og tok i mot folki som skulle intervjuast. Det gjekk greitt – eg såg på biletet, høyrde på ljod og justerte etter kor høgt/lågt dei prata. Kjende meg i godt leie og trygg på utstyret. Det viste seg seinare at eg tok opp ljod litt for lågt, men slikt må ein berre venta fyrste gong ein nyttar heilt nytt utstyr og ikkje kjenner til det.

På kvelden gjekk me på teater. Det norske teateret. Noregs mest populære teater, og det er eit nynorskteater. Moro. Me såg «Katt på heitt blekktak». Var vanskeleg å høyra kva Ane Dahl Torp sa i byrja, men etter litt byrja eg båe forstå og høyra. Ho prata litt vel raskt og utydeleg i starten. Ei anna sak var vel òg det å verta van til å høyra røystone frå so langt vekk.

Svimings, nesten

Eg heldt forresten på å svime av då eg sprang for å rekkja t-banen fyrr stykket, eg måtte heim å henta semesterkortet for å få rabatt. Eg hadde ikkje ete noko serleg sidan me hadde so tettpakka program, og eg må eta kvar 4–5 time no. So eg hadde nok båe fengje lite vatn og lite mat – so då eg spurta ein lang veg gjekk det hardt ut yver meg. Det var litt teit. Men eg vart klår yver problemet då. So me åt raskt på ein vegetarplass (sist gong me var der var det i høve min fødedag, denne gongen pappa sin :p) fyrr stykket.

Etterpå gjekk me på Indisk restaurant på Grønland og kosa oss. Det var godt. Hyggeleg og god mat.

Jobbing og heimreise for pappa

Neste dag var det opp å filma att. Vart ein lang dag. Men med mange interessante folk. Det var moro å gjera desse intervjui. Eg var eigentleg usikker på kor interessant det ville verta, eg tenkte eg kom til å keia meg stort. Det vart ikkje tilfelle. Ein såg likevel fort kven som var medievant og prata ofte um fagfeltet sitt. Det var ekstrem forskjell på folk. Veldig moro. Eg vonar forresten òg at utsjånaden på bileti vart bra, trass lita tid og låg prioritet.

Me klarte få intervjua alle i Oslo-området på denne tidi. Veldig yverraskande. Då slepp eg gjera resten åleine. So åt me på «Punjab» (ein annan indisk restaurant på Grønland) og pappa drog heim. Eg fekk avtale i Trondheim neste torsdag (det er i morgon no) med eit intervju. Diverre viste det seg at han var i USA. So eg dreg opp til Trondheim i morgon utan nokon stor plan. Heldigvis er det jo landsmøte i Noregs Mållag frå fredag. Men eg treng yvernatting torsdag til fredag.

Sluttankar

Det var moro å få vitjing av pappa. Dette er faktisk fyrste gongen nokon i familien hev vitja meg her i Oslo. Det var koseleg å hava han rundt og få eit (sers lite omfattande) intrykk av korleis eg hev det her. Dei tvo dagane han hang her var likevel ikkje typiske då – det er mange gode dagar, og mange treige der eg ikkje fær gjort stort. Diverre hev det vorte fleire treige i det siste, men det er ei sinnstemning eg vil endra på. Frametter kjem eg til å hengja meir i Stavanger òg – eg trur det kann endra ein del.

Me fær sjå. No må eg leggja meg, tidleg tog å nå i morgon. Dessutan må eg slå av maskini mi, ho hev yver 15 dagar oppetid no – det er rekord (gamle var 13 dagar).