Merkelapp-arkiv: Parti

Raudt, miljø og det som er skrive mellom linene

Eg såg at Raudt hadde lansert miljøkampanja si på Twitter, og lo godt då eg såg sida dei hadde laga for det:

«Miljøpartiet Rødt». Eg tenkte det var litt morosamt av Raudt å velja å la kampanja si få ei lita slagside mot Miljøpartiet. Det framstod som ein (veldig) mild variant av AUF sine fæle flygeblad mot Høgre. Vel, ein ekstremt mild variant, men likevel vart eg altso litt overraska. Eg hadde ikkje venta det av Raudt.

So eg sende ein venlegsinna kvitring om det:

Veldig morosamt at Raudt prøver stela stemmer frå Miljøpartiet Dei Grøne. Er de verkeleg so desperate? :D

Eit stikk i sida attende. Skulle eigentleg ynskja eg heller hadde skrive at det var morosamt at Raudt refererte til MDG i miljøkampanjen sin, for det hadde fått meg til å sjå litt betre ut. Sidan saka eigentleg ikkje gjekk på å stela røyster, men å referera til MDG på ein veeeldig sniksam måte medan dei samtidig gjev eit spark med «me har den beste miljøpolitikken», som må få vera ei ærleg sak å meina.

Eg kan ærleg sjå at den kvitringa mi aller enklast lesast som at eg trur MDG har einerett på miljøpolitikk, so eg kan godt forstå eit par av reaksjonane som var på sin plass når eg vår sopass uklar. Og sjølvsagt spissa eg det litt óg for å få det interessant ;-)

So alt var fint og bra. Eg venta å få eit slags tilsvar, men rekna med at det ville vera underforstått mellom alle partar at Raudt hadde den indirekte referansa lagt inn.

Men slik vart det altso ikkje. Eg meiner det er uærleg å meina at du ikkje gjev assosiasjonar til MDG viss du skriv «Miljøpartiet» framfor partinamnet ditt. Same om det vart brukt slik før MDG vart eit parti. Fordi denne nye kampanja til Raudt var høgst truleg ikkje laga ei eit vakuum og heller ikkje attende på 80-talet. Miljøparti er eit vanleg ord og det er difor ikkje noko gale med å seia «Miljøpartiet Raudt». Miljøpartiet vert jo berre bunden form eintal, eit miljøparti av typen Raudt. I den ekte verda so vil det eigentleg heilt normale ordet «Miljøpartiet» ta med seg ei knytning til MDG. Det går an å argumentera for at det er eit ulada, objektivt og heilt totalt nøytralt ord – men eg trur ikkje fem sekund på at nokon faktisk heilt ærleg meiner det.

Tankerekkja mi kunne vore noko slik då eg såg kampanjesida deira:

Å, Raudt har ein miljøkampanje. Klikkepå. Kvit skjem… Der ja, Miljøpartiet Rødt. Hm. Miljøpartiet. Å assosiasjon, har høyrt «Miljøpartiet» nemnd ein heil del i det siste, kva var det, hm, jo det finst jo eit politisk parti som kallar seg Miljøpartiet Dei Grøne. Dei er einaste som har det i namnet, sjølv om _her_ er det no meint som at Rødt er eit parti som bryr seg mykje om miljø og er flinke på det. So det eg nett tenkte om Dei Grøne er ikkje det som er direkte tenkt i teksten, nei. Dei bruker det som eit vanleg ord.

Ein video, nei den har eg ikkje tid til å trykkja på nett no, la meg sjå på teksten fyrst. «Beste miljøpolitikken» seier dei ja. Kva tyder beste? Det tyder vel betre enn noko anna det då? Nokon andre som har miljøpolitikk, kven har det? Ah, eg tenkte jo nettopp på eit parti, Miljøpartiet Dei Grøne, – ah, so Raudt meiner altso at dei har best politikk, (spanande at dei meiner dei har den beste politikken! ;-) ). Nei, men miljøpolitikken er altso betre enn Miljøpartiet Dei Grøne sin miljøpolitikk. Haha, det var jo morosamt. So dei syntest altso dei var skikkeleg lure då dei la inn ei dobbelttyding i tittelen sin og fekk meg til å assosiera til dei som kallar seg Miljøpartiet. LOL ROFLMAOBBQ KTHXBYE

Altso, sjølv om «Miljøpartiet» er eit vanleg ord, so vil det i dag og med dei assosiasjonane me held til det ordet verta knytt til MDG med ein gong.

Svara eg fekk på kvitringa mi, var at dette ikkje hadde noko med MDG å gjera i det heile teke. Her lyser varslingslampar for meg; nokon gjer seg dummare enn dei er. Ja, MDG nemnast ikkje med namn ein einaste plass, og nei, eg meiner ikkje berre fordi det handlar om miljø at det automatisk handlar om MDG. Det er det so absolutt ikkje, MDG har politikk på alle område som andre parti, utan at nokon har monopol på eit visst felt. Det går jo ikkje. Å seia at eg reagerte på at nokon andre ville visa miljøpolitikken sin er ei avsporing. Det er ein stråmann; det hadde vore verkeleg latterleg om eg hadde meint det.

«Mediekonspirasjon»

Elles fekk eg dette biletet av aviser som brukar ordet «Miljøpartiet» om andre parti:

large

Eg fekk det med spørsmålet: «Går dei etablerte partia og media saman i ein konspirasjon mot MDG?»

Igjen ein måte å gå rundt grauten på. Me veit alle saman at miljøparti er eit ord som kan fungera på alle parti, og spesielt dersom dei har ei spesiell interesse for det feltet, men det vert berre eit forsøk på å koma bort frå dei eigentlege spørsmålet: «vil folk få ein assosiasjon til Miljøpartiet Dei Grøne når det står skrive på den måten i den konteksten det er i? Ja/Nei». Eg meiner altso at svaret her er «Ja», og at å visa bevis for at «miljøpartiet» kan brukast på andre måtar dimed er på sida av spørsmålet.

For partiet Venstre so er fyrste treff Venstre si eiga netside, det er diskvalifisert. Neste treff er ein wikipediaartikkel om MDG, diskvalifisert. Tredje er ei sak om at «Venstre er ikkje lengre eit miljøparti», som ikkje har den bundne eintalsform-schwungen over seg, so det er irrelevant og diskvalifisert. Fjerde og femte treff er om MDG. Sjette treff er endeleg eit som kan brukast til eit billeg poeng, «Miljøpartiet Venstre». So gjer me testen, er dette brukt utan ei referanse til MDG? Nei, lesarinnlegget i Dagsavisen handlar om MDG, so den er negativ. Sjuande treff er eit blogginnlegg, og der er det brukt utan nokon MDG-referanse, so godkjent poeng for den. Åttande sak er enno eit blogginnlegg, og der er Miljøpartiet skrive med skremmeteikn «», so det er ikkje meint seriøst. Eg kan likevel telja det med som eit godkjent poeng. Niande sak er eit foruminnlegg frå 2007, som eg óg tel med.

3 av 9 bruker det nøytralt på det biletet, og ingen av dei er media, so for «mediakonspirasjonen» vert det altso 0 rette for Venstre.

So ser me på høgre sida av biletet, der SV er med søkjeordet «Miljøpartiet SV».

Fyrste treff er i skremmeteikn frå turbil, so eit poeng, men ikkje media. Andre er ein kommentar i Aftenposten, so eit ekte mediapoeng. Andre er óg frå Aftenposten og mediapoeng. Likevel han er brukt i tydinga «miljøpartiet SV» som til forskjell frå «familiepartiet SV», iallfall slik eg leser det. Tredje er Facebook med spørsmålsteikn, so jodå poeng. Neste eit forum, med skremmeteikn igjen, kallar det likevel poeng (sjølv om det alltid vert brukt som noko negativt). Femte frå Nationen handlar om MDG. Sjette frå DN handlar om MDG. Sjuande frå Gjengangeren er visst ei avis og er poeng (sjølv om det óg vert det brukt negativt).

So 3/7 mediapoeng.

Totalt sett vil eg ikkje seia at det biletet var særleg overbevisande. Om SV vart det for det meste brukt negativt, og to av fem aviser handla om MDG. For Venstre var det ingen ekte bruk av det i media, men to treff for MDG.

At partia sjølv vel å kalla seg «miljøpartiet blabla» i presseutspel er heller ikkje særleg overraskande. Men det er likevel ikkje ein kampanje med eigen logo, og dei er ikkje eit parti som ligg i same sjiktet (må ærleg innrømma at båe MDG og Raudt er små parti). Av ein eller annan grunn har eg ikkje so høg terskel for skitne triks frå Raudt, som eg trur speler inn. Dessutan har eg ein fordom om at SV ikkje er like observante som Raudt og Venstre er (Raudt grunna storleiken sin, og Venstre fordi dei berre er slik).

Til slutt

Same kva, det var ei moro øving, men likevel på sida. Det er den veldig sniksame referansa til MDG som er poenget. Det er ei referanse som ikkje direkte, og dimed vanskeleg å kalla ut i klårtekst, men med ei kopling som dei fleste som kjenner Raudt umiddelbart vil ta. Det står skrive mellom linene, for å bruka ein vanleg uttrykk.

So det er teknisk sett korrekt å seia «me nemner ikkje MDG», men det er absolutt uredeleg å seia det, for du er ikkje eigentleg heilt ærleg då.

Dette er storm i glaskopp. Eg har ikkje noko mot Raudt, dei er for nynorsk, so det er grenser for kor gale dei kan vera. Det er absolutt ikkje mitt parti, men miljøkampanja deira er fin den, problemet mitt var at det var so uredeleg å ikkje innrømma ei tolking dei må ha vore klar over då dei lagde kampanja.

(PS, eg har ingen verv i MDG, og eg trur ingen som deltok i ordskiftet på Twitter er talspersonar for Raudt, so ordskiftet har i tillegg berre vore som privatpersonar)