Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Tag Archives: Pengar
Tri ting i dag
Har tenkt på å skriva tri ting i dag, ingen var store nok til å skriva i seg sjølv, men til saman so lyt det gå.
Attende i Oslo
Hadde ein flott ferie heime i Stavanger, men no er eg heime att i Oslo. Jadå, me er mange med fleire heimar. Eg var litt redd for å gerta ståande ute og frysa i dag, men det gjekk seg til. No er eg klar for å sova i ein litt for stille bustad.
Meirverdiavgiftinnbetaling
Eg betalte nett i underkant av 23 000 kr inn til statskassa. Kjennest vondt ut, eg hadde heilt gløymd meirverdiavgifti.
I byrjingi då eg vart momsregistrert, so sette eg av all momsen eg tok inn og heldt oversikt yver kor mykje av pengane som «ikkje var mine». Til slutt vart det sopass mykje pengar at eg tenkte dei heller burde stå på høgrentekontoen, so eg flytta dei.
Posted in Jobb
Tagged Firma mitt, Firmaet mitt, Irritert, Keisamt, Pengar, Sint, Staten, Økonomi
Leave a comment
Casino!
OK, me hev ikkje vore på bordene med blackjack og ymist enno. Slikt kostar ein heil del. Men i dag brukte me spelemaskinane her på Circus Circus der me bur i Las Vegas.
So sat eg att med fira galne når eg ville hava ei god
Eg prøvde og prøvde å få ho til å koma med meg. Men ho hadde ikkje berre meg. Eg gav stadig meir, men til slutt kunne eg ikkje gjeva meir – og ho gjekk med ein annan. Tårevåt i mi eiga ulukka søkte eg trøst i andre, langt frå like sofistikert og fantastiske, nokon meir heime på dynga enn med meg. Men eg drukna no sorgen min i dei… Og det kjendest godt.
Read more on So sat eg att med fira galne når eg ville hava ei god…
Hekkans dritt-inkasso!
Kvifor kann eg ikkje berre få vanlege hekkans rekningar? Då eg kom heim frå ein månad i Stavanger vart eg møtt med eit digert inkassokrav; straumrekningi hadde eg båe fengje og gjenge ut i laupet av tidi eg var i Stavanger. Eg hev ingen problem med å gjelda straumrekningi slik han er i fyrste umgang; men dei (Scandinavien Fuckings Electric Energy, høyrast sers dansk ut) driv å sender det gjennom faens Lindorff heile jævla tidi. Kann dei ikkje berre senda rekningane til meg i staden for å senda dei til Lindorff som tek 150% oppå den førre rekningi? 200kr for straum? Javel, då tek me 300kr for å senda eitt jævla papir.
Utan treningskort, nykelkort, mobil og pengar
Eg måtte rekkja ei forelesning som eg hadde lurt meg sjølv til å tru eg måtte gå på. Eg sprang mot tbanen og kom på. På det tidspunktet kjende eg at lommaboki ikkje var med. Seinare på dagen hadde meg og Rebecca ei avtala um å svømma på treningssenteret, det kom til å verta problematisk.
Prismedvitne tjuvar
Bussen humpar nedetter eit endelaust ørkenlandskap. Men det veit ikkje eg, eller dei andre – for me søv alle saman. Det er ein ekte sovebuss med ekte senger, ikkje slik ein ekkel, rølput nattbuss som eg er van med. Praten sit laust når soli kjem upp og folk byrjar vakna.
D70-kamera og linse er vekk
I heimlege strøk er eg kjend for å mista ting, ja, for å vera eit ekte vimsehovud. Dei siste 4–5 åri med innlegg på heimesida mi hev vel vist dette rett. Eigentleg vil eg berre få skrive det ned slik at eg kann hausta litt sympati og kjenna meg betre; Nikon D70-kamera er vekk. Den digitale speilrefleksen pluss linsa og minnekortet. Eg trur det hende då eg var i Oslo utan å hava nyklane. Kann henda på toget? Eller ein annan plass. Eg hev ikkje peiling, det er lengje sidan. Eg leitte lengje etter det.
Dyr rekning for heimesida
Då dumpa ei rekning ned i postkassa. 660kr for vevhotellet mitt der eg hev heimesida og alt. Hum. Eg synest det byrjer bli litt dyrt eg. Er sikker på at det finst mykje billigare løysingar no for dagen. Kanskje eg burde bruka hotellet meir då, sidan eg betalar så mykje. Kanskje eg får eit spark i baken og skriv litt meir? :P