Merkelapp-arkiv: Phuket

Thailand dag 3 – Bangkok til Phuket

Helene var flau for å gå uti grunna håret. Det måtte me likevel. Eg spurte 4 sjåførar fyrr eg fekk ein taxi som ville bruka meteret sitt.

Fyrr det att kom ein Tuk-tuk upp og ville ha 250 baht til Paragon, Siam-senteret. Eg sa 50 og då vart han fornærma og køyrde vekk.

Ein skapeleg pris er jo 60 for den strekningi, so viss han hadde mensen so fær det vera honoms sak ;-)

Det var ein heil del trafikk rundt sentrene, som frykta. Likevel var det ingenting mot det dei andre taxiane hadde fyrespegla. Denne taxisjåføren hadde òg buddha-ar på dashbordet og ingen av dei uærlege jæklane hadde. Altso dei som ville ha ein fast, høg pris. Eg anar verkeleg eit mynster her.

Me var stuck i kø då det var 300m att, og det hadde vel truleg teke ein 20 min å køyra heilt fram til Paragon-senteret.

Taxisjåføren trakk på skuldrane og var tydeleg uppgjeven.

«Must go off here, not too far,  300 meter there»

Eg og Helene er jo gjerne slik at me fyretrekk å gå dersom det tok like lang tid som anna transport. Å gå i dette høvet ville vera mykje snøggare, so me var berre glade.

Taxisjåføren såg derimot ut som um han ikkje hadde gjort jobben sin og var skuffa. Turen kom på 73 baht.

Diverre mangla me ein 100-lapp, so me gav han 91 baht og drog. «You’re a good driver», sa Helene.

Eg ville eigentleg segja noko um at han var ærleg og difor fortente meir, eller peika på meteret og segja; meter good! Vil jo visa at eg gjerne er interessert i å tipsa for ærlegskap.

Var redd det var litt lite då, 18 baht er vel under 4 kroner…

Eg snudde meg då me hadde gått eit par steg og han hadde talt pengane. Han ljoste upp. Og gliste storveges med tommelen i vêret. Ah, det var eit herleg syn!

Eg gjekk til MBK for â handla kamera medan Helene såg etter løysingar for å fiksa håret sitt.

«I’ll buy the X100,» sa eg då eg fann seljaren min. I går vart eg «tildelt» han etter fem minutt engelsk knoting med ein annan fyr til det viste seg at eg var ute etter dyre greier og ikkje berre det billegaste kamera dei hadde. Basert på kleda trur eg han var sjef for butikken.

OK. Dei slengde med eit lite stativ, rensesett, ein liten kamerabag og eit minnekort. Eg kjøpte eit nytt minnekort for å få snøggare fart på kamera. Ein av svakheitane er at det krevjer det for å vera brukbart.

So vart eg tildelt ein hjelpar av di sjefen sikkert skulle gjera anna. Hjelparen opna kamera for å visa meg at det var ekte vare og for å setja alt saman.  Ganske idiotisk iom. at eg er perfekt skikka til å gjera slikt sjølv.

Metrobetaling sucky sucky

Eg fann Helene att etter ei lita formue i mobilbruk. Me tok skytrain til flytogstasjonen. For å gjera det måtte me kjøpa billett på automat. Billettluka eg var i ville berre veksla pengar for meg.

For å koma til den rette stasjonen måtte me taka lufttoget (Skytrain) ein 400 meter for å byta line.

Kartet var greit nok, me visste kva me skulle, men kva me skulle betala var umogleg å finna ut.

Det var eit slags sonesystem, men utan forklaring på kvar dei var eller korleis dei fungerte.

Då me gjekk ut av lufttoget peip billettmaskinane tungt og vondt. So kom ein vakt som ikkje ville sleppa oss ut. Mangla 10 baht.

Eg dreit i uppsettet deira, me ville vidare for å taka flytoget. Eg betalte dei det dei etterspurde og gjekk ut sjølv um dei ville eg skulle bruka kortet på ny i maskina. Faen um eg skal, hev dårleg tid og viste so mykje.

Eg pressa meg ut saman med Helene, sjølv um dei litt halvhjarta prøvde å stansa oss. Eg mistenkjer forresten òg at Helene hadde ei ubetalt sonekrav på 10 baht på seg (2 kr).

AirAsia

Me flaug med AirAsia, som er eit flyselskap liknande RyanAir. Det var, i kjend stil, eit reint lite helvete å reisa med.

Då me kom fram hadde dei 3 boder til bagasjeavlevering, medan dei hadde minst 20 andre boder for manuell innsjekk og bagasjelevering.

Dei som hadde sjekka inn på nett måtte difor stå rett under ein time i kø, medan dei som gjorde alt på flyplassen hadde fri bane. Kva i alle dagar skulle vera vitsen med det?

Taxi

På flyplassen ville alle ha 750 baht for taxi ned til Kata Beach. Det var jo heilt ekstreme prisar! Eg var grovirritert.

Det me ikkje visste var at slike skyhøge prisar er vanlege i slummen av ei øy som er Phuket. Det er ein taximafia som set faste prisar og held det slik.

So eg pruta i veg og gjekk frå ein heil haug folk. Til slutt var det ein som kom bort til oss (utan taxiuniform) og baud 550 (100kr) for den 50 min lange turen.

Framleis grovdyrt, men me godtok no det iom. at det tydelegvis var umogleg å få ein skikkeleg pris.

Hotellet

Rommet vårt hadde ikkje dobbeltseng som me hadde betalt for. Dessutan var det dopapir og bremsemerker i doen. Var ein god del som såg uvaska ut.

Helene gjekk ned, betalte 100 baht for to timar net (omfg!)  og klagde.

Ein løpegut utan nokon kjennskap til vasking kom upp. Då han var ferdig var ikkje skitet vaska vekk i det heile teke;  han hadde ikkje sett/rørt det verste ein gong.

Eg brydde meg ikkje um det; hotellet kalla seg jo hotell og ikkje hostell, men prisane var meir hostell-liknande. Mine irritasjonsmoment var airconditionen som var håplaust ineffektiv, men likevel bråkte som eit krigsfly frå andre verdskrig.

Phuket

So hadde me altso kome til den vonde plassen. Charterturistmegaøya. Plassen eg iallfall ikkje ville dra, men Helene ville sjå korleis det var.

Me sov særs dårleg den natta.