Tag Archives: Ping

Attende i Oslo

Hadde ein flott ferie heime i Stavanger, men no er eg heime att i Oslo. Jadå, me er mange med fleire heimar. Eg var litt redd for å gerta ståande ute og frysa i dag, men det gjekk seg til. No er eg klar for å sova i ein litt for stille bustad.

Read more on Attende i Oslo…

Posted in Dagbok | Tagged , , , | 2 Comments

Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.

Read more on Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon…

Posted in Dagbok | Tagged , , , , , , , , | 8 Comments

Ping lyt skaffa seg blogg

Me hadde ein, men ingen skreiv noko – so han vart lagt ned. No sit Erik og speler gitar via Linux-boksen til mortehu og inn i MIDI-keyboadet til Erik. Korleis inni svarte natta gjeng dette an, spyrr du som kann litt um musikk. Jodå; det er ganske enkelt, gitaren hev vorte ein MIDI-gitar(!!) og mortehu sin boks cat-er /dev/midi1 (gitar) inn til /dev/midi2 (keyboard) medan han teikner opp kva strengane speler i fargerike strekar på skjermen.

Read more on Ping lyt skaffa seg blogg…

Posted in Datarelatert, Ping | Tagged , , , , | 1 Comment

Dr. Ho på Ping steikefest

Då er eg nett kome frå Ping steikefest hjå Morten (mortehu). Det var sers koseleg, eg trente på DJ-ing og på å laga musikk. Eg trur eg stod og heldt på med Morten sitt utstyr i fleire timar – det var kjempekos! Eg fekk til og med eit DJ-namn av Håvard (gus); Dr. Ho. Kann henda litt internt, men eg kann forklåra litt;

Read more on Dr. Ho på Ping steikefest…

Posted in Dagbok | Tagged , , , , , , , | 8 Comments

Litt lengre enn venta

Eg går inn på Ping. Må få betalt desse tri rekningane. Eg sjekkar eposten og bloggane eg fylgjer med på. Plutseleg er heile dagen gått. Bussen heim er gått. Eg sit oppe til kl.5. Les på ymse. Står opp kl.10, loggar inn på pcen igjen, sit til 16. No er eg svolten. Lengje sidan ekte mat. Eg et med Johan på Fredrikke.

Continue reading
Posted in Personleg, Ping | Tagged | 6 Comments

På Ping heile natta

Siste t-bane er gått. Siste buss er gått. Morten er gått. Med andre ord, siste mogleik for å koma til byen er vekk. Siste mogleik for å koma heim er vekk. Og siste (gode) mogleik for å koma seg ut or bygningen er vekk. Så, eg får vel berre bli her Ping heile natta, då. Her er det i det minste sofa, farris i kjøleskap, store høgtalarar, musikk, videoprosjektor og anna digg då. Så det skal ikkje bli noko stort problem. God natt!

Read more on På Ping heile natta…

Posted in Kortnytt | Tagged , | 1 Comment