Merkelapp-arkiv: Politi

Soving i bil

Me hev so langt berre sove tvo gongar i bil. Det er ikkje berre enkelt her i junaiten, der det er ulovleg å sova i bilen sin nærast same kvar du står.

Nasjonalskog, Mojave-ørkenen

Fyrste gongen sov me i Mojave-ørkenen, som er ein nasjonalskog, og som er fullt lovleg å sova i. Dessutan var me på ein sokalla «rest-stop» og der er det lovleg å sova same kvar du er. Du må tòla ein del motorljod rundt deg då, og ein del trailersjåførar hist og pist.

Helene syntest det var roleg og bra.

Soving i eit nabolag

Andre gongen var det litt meir krisesovings, me hadde ikkje planlagt det. Me klarte ikkje finna ein vert på couchsurfing. Me hadde ein plan B, som var å dra upp til campingplassen der verten vår frå natta fyrr var, men me fann det ikkje og dessutan virka det meir bale enn det trong vera. So etter soli hadde falt (og Helene sov nesten allereide medan eg køyrde rundt) og ein halvtime leiting på måfå, stoppa eg til slutt berre ein veldig mørk plass i eit finare nabolag rett med ein tennisbane og ein liten ranch på andre sida.

Problemet med denne vegen var at det var ein del trafikk der, men ikkje alt for mykje.

Politi

Me er veldig redd for politiet her, so me hev kaupt ein slik solskjerm slik at du må sjekka bilen ganske nøye for å sjå at nokon søv der. Dessutan hjelper han sjølvsagt med varmen. :-)

På min vesle 30min-runde såg eg 2-3 politibilar, litt skræmande, men til slutt berre måtte me stoppa. Eg hadde ei soge klår i tilfelle me evt. vart tekne – eg hev høyrd du ikkje plar få anna enn ei åtvaring viss dei tek deg.

Me sov litt uroleg då bildører small att, men til slutt vart det ganske so stille.

Det er eigentleg heilt greit å sova i bilen, den einaste tingen som gjer det so vandskeleg er at det er ulovleg.

Me kjem nok til å halda fram med det ein del, spesielt når me vert litt flinkare til å finna mørke, stille, rolege og trygge plassar der det òg er liten sjangs for å verta teken.

Stoppa av trafikkpolitiet

Me hadde nett leigd bil (6 dagar sidan) og prøvde koma oss upp til Hollywood. Det var rushtid og vegane var fullstappa. Me køyrde på ein interstate (stor, effektiv motorveg som gjeng mellom statar), og det var vel ein godt 10 felt på kvar side (20-felts veg).

Heilt til venstre på vegen var det tvo «car pool»-felt, altso felt for bilar med 2 elder fleire folk i. So eg skifta felt heile vegen bort dit. Det var nesten ingen trafikk der.

So, korleis kjem eg inn på denne vegen? Det var tvo sterke, gule, heilstrekte strekar mellom kollektivfeltet og dei vanlege. I Noreg og Europa vil det absolutt tyda «det er ikkje lovleg å krossa yver her». So vel, me køyrde langs lina, langt, langt. I den treige køen.

Me leigde altso bil likevel. Det var eit sant helvete å koma seg rundt utan. Det kosta oss $1397.00 for 1 månad, altso 9000 NOK inkludert alle forsikringar. Me skal levera han i San Francisco. Fann altso Super Cheap Car hire som leigde bilar til under-25 utan å leggja på ein totalt latterleg ekstrem straff-pris på topp.

Ein bil køyrde ut frå kollektivfeltet og inn i vårt felt, han kryssa altso dei gule linene. Kort tid etter køyrer ein annan bil ut framfor oss yver i kollektivfeltet.

Kollektivfeltet skiljer seg frå hovudvegen og fær sin eigen bru som fletter seg inn i den andre motorvegen me skal yver på. So litt i panikken av å måtta sitja i den treige køen stort lengre so svinger me yver i kollektivfeltet.

Sekund etter ligg ein Highway Patrol bak oss, og eg frys til is. Han kjem upp på sida vår, ligg der litt og slakkar av og legg seg bak oss. Eg vil ikkje akselerera upp, for at det ikkje skal tolkast som um eg vil køyra frå han. Eigentleg vil eg helst berre at han skal køyra forbi meg. Men, nei.

Han ligg bak oss, og etter eit par-10 sekund til so kjem ljosi på.

Han segjer noko til meg, vandskeleg å forstå/høyra. Me kjem til ei avkøyring. Eg høyrer noko um «right» og byter felt til høgre, men det var visst totalt feil og han skrik, nei, nei, nei. Eg vert sjølvsagt råstressa og køyrer til venstre att ut i ei trafikkøy mellom avkøyringi og vegen. Han stoppar bak meg og vinkar og veivar og pratar og eg forstår ingenting. Men etter litt forstår eg at eg skal køyra ned der. Og det gjer me.

Me stoppar nede, etter at eg fyrst trudde me skulle stoppa, og so ikkje so eg gassa upp att og då skreik han «STOP!». So ruller eg ned vindauga og tek fram førarkortet.

Han er råsint.

  1. Me køyrde yver den gule streken
  2. Me køyrde seint (eg var paralysert av å ha politiet rett i baken)
  3. Me fylgde ikkje instruksjonane han gav

Når han fær sertifikatet vert han veldig suspekt og spyrr «WHAT is THIS!?».
«Uh, it’s the norwegian drivers license».

So, til slutt kastar han berre sertifikatet inn i bilen. Ingen bot. Gjeng attende til sin bil, og råkøyrer vekk og rundt ein sving.

Bah. For ei forferdeleg oppleving.

Overrumpla av politiet

Eg skulle skriva um seiletreningi mi i dag, som var råkult, men so skjedde det noko endå kulare nett no. Eg vart stogga av politiet på joggeturen min ned til butikken, Hollywood-stil!

Helene lagde handlelista, Nå pizzadeig (slik at eg kunne laga han), ost, tomat og mais. So gjekk ho i dusjen og sende meg av garde. Eg var so leikande glad av di eg hadde vore på seiling so eg fann like greitt ut at eg skulle jogga. Hadde på meg den svarte skinnjakka mi att av di dressen min var for blaut, eg tok ikkje med meg meir enn VISA-kortet. Eg plar alltid hava alle korti mine med meg, men kva skal eg med dei ned til butikken ein sein kveld halv eleve liksom?

Illustrasjonsbilete. Frå dagbladet.no, av HEIKO JUNGE / SCANPIX

Halvvegs til butikken so set eg farten upp litt og kastar ut refleksen min. Alt det neste skjedde so ekstremt fort at eg ikkje veit heilt kva som hende, men eg såg ein bil til venstre for meg. Han dreiv og tok meg att. Eg såg at han svingde inn mot meg, so eg sette upp farten min for å koma fyrr bilen ut (for å ikkje koma i vegen for han inn på fortauget). Med eitt set bilen upp farten og svingar kjapt inn framføre meg. Eg anar verkeleg ikkje kva eg skal gjera, det er nett som um bilen ikkje vil at eg skal springja vidare, det vesle hòlet eg ville springja gjennom er no vorte so lite at eg ikkje kann springja gjennom det.

I det bilen bremsar snøggt rett fyrr han treff husveggen spretter båe bildørene opp og to stykk fýk ut. Ei dame i framsetet og ein mann i baksetet. «POLITI!», ropar dei og er ute og held hendene mine fyrr eg fær tenkt meg um Mannen spyrr kjapt;
«Kva heiter du?» (det må segjast at eg eigentleg ikkje hugsar stort mykje av dette trass i kor få minutt det var sidan, eg vart heilt totalt satt ut)

Dei er til saman fire stykk i bilen, og alle er i full kommandouniform. Altso, ingen vanleg politiuniform, men med FULL SKUDDSIKKER VEST. Dei er store, og ser skumle ut og, no må de taka dette litt med ei klype salt sidan alt skjedde so fort, eg trur dei var bevæpna. Eg er nesten heilt sikker på at dei hadde glock (pistol) i beltet, men her snakkar eg tenestevåpen halvautomatisk altso.

«Odin Hørthe Omdal», svarar eg kjapt som ljon med hjarta i halsen, heilt sikkert EKSTREMT yverraska
«Kann du norsk?»
«Ja», svarar eg kontant med store augo og ser på båe tvo
«Du ser veldig ut som ein me er ute etter,» dei verka litt roa, «hev du legitimasjon …» eg prøver å bevega armane mine, men dei er båe tvo fastlåst av politifolkene som reagerer ljonfort på rørslene mine. Dei passar seg for at eg ikkje rekk mot våpen. Han fortset, bestemt, men roleg i stemma «… på deg som eg kann få tak i.»

«Ja, ee, prøv høgre og venstre lomme i jakka». Han romsterer rundt. «Eg skal berre ein kort tur på butikken, so eg trur ikkje eg tok med meg førarkort, so det er berre eit dårleg VISA-kort». Han finn ikkje noko. «Det er vel i bukselommene mine då».

Eg lurer på kva som kjem til å henda. Eg kann måtta vera med til stasjonen. Kor tid finn dei ut at eg er feil mann? Er eg feil mann i det heile teke, hev identiteten min vore stolen og brukt til ulovlege ting? Eg hev jo ikkje førarkortet med meg, Helene er i dusjen og ingen vits å ringja nett no. Dette var utruleg spanande, tenkjer eg.

«Me gjer ikkje dette for å skremma deg,» segjer politimannen, «du liknar veldig,» han verkar litt brydd yver at dei overrumpla meg so fælt.
«Eg er ikkje lettskremt,» segjer eg, «ingen problem,» som faktisk er sant. Eg likar jo spaning i kvardagen.
«Bur du her?», spør politidama som held meg fast i den andre armen.
«Ja, eg bur i Fredrik Meltzers gate 38, rett upp den vegen,» viser eg med augo og nikking av houvdet i og med at hendene mine er ganske ubrukelege.

Politimannen finn fram VISA-kortet mitt og bruker til slutt mobilen min til å sjå på det (myrkt).
«A-a, ja, orsak for det heile altso. Men du såg altso skremmande lik ut.» Dei trekkjer seg inn att i bilen og eg byrjer gå att. Ja. Gå, denne gongen. Fyrr eg på slutten av gata byrjar jogga att. Eg må jo bruka alt dette adrenalinet til noko, eg ser bilen køyra seint frametter når eg svinger nedum til Ica.

På Ica gjeng det endå meir upp for meg kor utruleg tøft eg syntest det heile var, eg storgliser, og merker meg alle saman i butikken – ingen anar at det luskar ein ekte politikommandestyrke rett utanfor døri – pluss at eg vart teken av dei! Kult!

Kann ikkje alltid vera heldig

Det stod ein annan trikk litt lengre upp i gata, 11, den eg skulle taka. Eg lurte på kvifor han berre stod der. Motorstopp, kannhenda.

Eg hadde ikkje ete i heile dag, so då eg gjekk forbi ei falaffelsjappa vart eg ståande å grubla. Skal eg? Eg gjorde det. Såg på poltijaktar på SVT4. Bilar som knuste med spektakulære kræsj tett etterfylgd av politi i USA. Altso, politiet kræsja aldri, dei berre filma det heile.

Då eg kom ut med falaffel-rull i hand (ååååhhhhh, nam) såg eg at trikken ikkje stod på plassen sin, men hallvegs uti krysset rett etter stoppestaden.

Eg hadde forstått at det var noko meir alvorleg då eg venta på falaffelen, for det kom båe brannbilar, sjukebilar og politi medan eg stod der. Det var sjølvsagt meir interessant enn TV-skjermen, men likevel er eg so vaksen og gamal no at eg ikkje stikk nasa mi uppi alt. Sjølv um det er det eg eigentleg vil. Eg hev berre lært meg desse irriterande normene som segjer at slikt gjer me ikkje. Diverre.

Då eg gjekk ut måtte eg heldigvis gå forbi, so då kunne eg skulda på det. Eg vart sjølvsagt ståande litt vel lengje å sjå på, men det må då vera lov. Ein drosje hadde kræsja inn i 11-trikken frå venstre. Det såg ut som eit skikkeleg smell. Drosjen var litt knust i fronten og trikken såg litt herpa ut.

Det klibra ekstremt i fotograf-fingen min òg, men kamera var bak i sekken som vanleg, so eg klarte halda meg.

Stadig fleire brann- og politibilar kom, i tillegg til mange bilar frå Oslo Sporvegar (elder Ruter). Nokre av dei dirigerte trafikk vekk.

Eg er ofte for sein. I dag skulle eg på sentralstyremøte i NMU 1800 (vel, eigentleg for å setja saman den nye tenaren til NMU), fyrr det skulle eg eta middag med dei (1700). Eg kom ikkje på noko av det. Eg vart berre sitjande. Det er langt frå fyrste gongen.

Ofte fær forseintkomingi mi positive konsekvenser. Då startar dei som oftast supernegative, men so snur eg på det og segjer «men dette var då ei moro oppleving, det er noko eg kjem til å hugsa!» og so vert eg glad att.

Denne gongen vart det ikkje slik. No når kræsjet fyrst skjedde so var det ergerleg at eg ikkje rakk den fyrste trikken. Tenk kor stor uppleving det hadde vore. Det er slett ikkje kvar dag ein fær vera med i ein kollisjon! Men slik gjekk det no altso diverre ikkje.

Kann ikkje alltid vera heldig med timingen, somme gongar gjeng upplevingane i frå deg rett framfyre andletet ditt… :-/

NB: eg hev båe nesten-kræsja, og kræsja fyrr.