Merkelapp-arkiv: Positiv

Moonrise Kingdom

Det burde vera slik at når eg spring frå kinoen til Bitraf for å gje ein film 10 av 10 på IMDB, so burde eg skriva eit ord om nemnde film på nettstaden min. Nett det har eg gjort so langt og held fram med no. So godt har ikkje ein film fått meg ril å føla sidan Brui til Therabithia eller Napoleon Dynamite. Denne er om ikkje enno betre!

Me fær i byrja sjå Susie og familien hennar i deira daglege gjeremål, og forstår fort at dette er noko rart på gang. Vel, me forstår iallfall at dette er ein ganske so spesiell og rar film. På det tidspunktet veit eg ikkje enno at dette er ein totalt suprawsum 1 film, men eg mistenkjer det allereide sterkt. Eg elskar allereie Susie.

Etter fær me sjå speidarleiaren som står opp og til slutt finn ut at Sam er borte. Og for eit fyrverkeri av ein fantastisk film som fylgjer! So innherleg fantastisk morosam, ikkje slapstick, men underfundig. Eg er framleis varm om hjarta. Verkeleg, det er ikkje klisjéfrasen; eg har ein god, kilande og lett kjensle inne i venstre side av brystet. Seriøst.

Kameraføringa, verkemedela og spesialeffektane er elles heilt best. Viss det er lov å skriva. Vel, dei er det om det er lov eller ikkje. Det er slik at eg ynskjer det var film eg dreiv med og eg hadde laga den filmen.

Det einaste fnugget av noko minus eg kan koma med er at han kanhenda kunne vore bittelitt kortare – men skal eg vera heilt ærleg med meg, deg og dykk so er det berre av di eg hadde lyst til å sjå han omatt med ein einaste gong etter eg var ferdig. No når det er fleire titals minutt sidan eg drog frå kinosalen er det gått lengje nok til at eg glatt tek ein da capo.

Hadde eg kunne teke meg råd til slike utskeiingar so skulle eg gjort det allereide i morgon den dag.

Alt i alt: sjå filmen. Og gløym alt eg sa slik at du kan verta overraska som meg.

  1. super awesome for dykk som kan slikt framandspråk []