Merkelapp-arkiv: Problemløysing

Endå meir fiksing på mobiltelefonen

Når du er ute og reiser hender det at ting vert øydelagd; då er det godt å hava med elektrikerteip, eit brukt brett med pollentabellettar og restar av ein flybillett. Tenner er òg greitt.

Det finst sjølvsagt mykje betre fiksingssett, men når du sit på fly nummer 2 som ikkje kjem seg av garde og keier deg noko heilt intenst mykje, er det ikkje stort mykje anna du hev tilgang til. (skit, dansk setning)

Tingen er at mobilen min er litt ribba og stygg for tidi. Heldigvis fiksa Helene han for meg med elektrikerteip etter ein flytur eg hadde til Bergen. Torstehu hev sagt han hev ein mobil med blåtann til meg, det høyrast dritbra ut – men eg hev ikkje fengje avtalt noko. Dessutan er eg veldig glad i mobilen min. No datt «Legg på»-knappen av etter ei stund, men det gjorde ikkje so mykje – det er ikkje moro å leggja på telefonen lell. Med mindre det er ein telefonseljar, men då kann eg alltids finna fram til den vesle sensoren. Eg tykkjer vel eigentleg det er ein positiv funksjon at mobilen ikkje legg på medan du dreg han ut or lomma.

Same kva; dette er små avsporingar, men kann du venta anna når eg hev reist i 16 (!) timar der under 6 av dei var reising og yver 10 var fantastisk keisam venting som for det meste gjekk ut på å sjå i veggen eller på flyseteryggen framfor meg. Hadde dei i minsto hatt straum til datamaskini so kunne eg gjort noko nyttig arbeid. Men neidå; ikkje noko slikt. Helder ikkje fungerande trådlaust net; lurer på kva verdi hev vorte til! Og sidan óg Italia er eit ekte u-land som flyplassane med tanke på internett, so hev eg ikkje vore på verdsveven på dritlengje! So gale at eg hev fengje Helene til å gjera ting for meg via superdyre mobiltelefonsamtalar. Rett fyrr eg dikterte epostar til folk som ho kunne senda for meg. Gale. Dette var forresten ei endå større avsporing.

Attende til mobiltelefonen

Kvar var eg? Jo! På byrjingi av denne turen min fann eg ut at 1er-tasten òg hadde dotte av – det var jo absolutt ein uting. Eg fann altso ut etter ein heil del dritkeisam venting at eg kunne prøva å utbetra dette. Den vesle trykkesaken under knappen var der framleides sjølvsagt, so eg måtte berre få laga ein ny knapp som stakk ut og var enkel å trykkja på. Her kjem me til tabelettbrettet; eg beit/reiv av ei tom ruta til knapp. Knappen var moro å trykkja på – men han måtte jo koma borti sensoren nede på mobilen; her kjem me til flybillett-resten. Eg reiv av litt og bretta det slik det fekk plass inne i pillerommet; voilá. Trykknapp!

Men det er jo inget godt um eg må halda mobilen i horisontal stilling heile tidi – då er han jo ikkje serleg mobil! So då var det berre å bruka Helene-patentet og putta ein ekstra svar teipbit rundt mobilen. Og so? Ja:

God som ny, med supertøff 1-knapp!

La nett att datamaskini med meir på bussen

Ja! Eg gjer det um att. Eg gjer det alltid. Alle ventar det, og det gjer eg sjølv òg; eg gløymer ting. Eg mistar ting. Ja, so gjorde eg det nett no. Eg la att ein pose med datamaskin, klede, brev, ein Big Buck Bunny-DVD og ein koffert med hårtrimmemaskini mi.

Eg gjekk kult av bussen. Hadde full musikk på øyro. Alt frå jazz til trance. Nett då var det trance. Høgt. Dunk-dunk. Med koseleg, roleg felemusikk runda eg hyrna inn til Klaus, der sette eg sekken frå meg og kom på; «kvar faen er det eg hadde i hendene mine!?». Eg sa høgt «faen», forklarte problemet og snudde for å prøva å taka ein seinare buss fram til stoppunktet til bussane.

Då eg kom fram til busstasjonen såg eg at 37-bussen sitt siste stopp berre låg 6 minutt frå der eg var no. Sidan det var 15 minutt sidan eg gjekk av førre buss, so kunne det henda han berre snudde og starta ruta motsett veg. Eg gjekk yver vegen. Etter eitt minutt kom 37-bussen motsett veg; eg hadde planlagd kva eg skulle seia. Kunne jo godt henda eg møtte ein sur bussjåfør med dårleg tid:

Eg startar «Hei! Rundt eitt kvarter sidan gjekk eg av ein 37-buss der (peike) borte, og la att ei posa med datamaskini mi i. Eg lurte på um det er mogleg å vita kvar den bussen er no?»
«Var det ein pose?», spyrr bussjåføren.
«Med datamaskini mi og ymse anna i, pluss ein liten koffert.»
Bussjåføren opnar døri si, eg tenkte han skulle vera med meg bak å sjå, men nei, eg ser posen: «denne her?».
«Ja!», segjer eg veldig glad. Smiler stort. «So det var deg, ja».
«Det kom tri unger bort med det og sa nokon hadde gløymd det att»
«Tusen takk!», og so hoppa eg av bussen.

Juppidupp! Eg er veldig trøytt no, var uppe seint i går – og i morgon tidleg skal eg taka flyget til Italia. So de fær heller unnskulda at dramaturgien (og rettskrivingi) ikkje heldt heilt mål i dag. MEN: hovudpoenget er:

  1. Det ordnar seg alltid for snille gutar (for det er eg jo, djupt inne)
  2. Eg er vims

Og no! Sovings!

Stedsans til tusen

Så har eg gjort noko eg syns var litt godt gjort igjen da. Eg trur ærleg og opprekteg at det er ein evne – og må sjølvsagt fortelle heile verden om denne evna. Akuratt dét er denne artikkelen eit eksempel på; Odin, blodhunden med ein enorm stedssans.

Stedsansen min må være enormt velutvikla. Eg er heilt “blåst vekk” av denne evna mi. Nå skal det seies at eg er ganske flink til å bli imponert over meg sjølv. Men stedsansen min tror jeg er eksepsjonelt god. Spesielt i forhold til Jon som er heilt elendeg til slike ting. Det første hintet eg fekk her i Oxford var då eg gjekk heim ifra skulen dag 3 eller kva det var. Eg hadde ikkje særlige idéen kor eg budde i forhold til sentrum. Eg hadde tatt bussen 2 dagar – ja, men eg hadde ikkje sett så mykje ut at det gjorde noko.

Når eg då gjekk heim uten nokon særlig aning om kvar eg skulle gå fann eg faktisk fram utan noko problem. Nokon dagar seinare var eg på besøk hos Lotte. Ho fortalde meg at ho enno ikkje hadde funne ut korleis gatane fungera rundt huset hennar. Sjølv kunne eg nabolaget til Lotte utenatt same kvelden. Neste gong eg sykla ned til ho fann eg fram lett som bare dét.

Eg fann óg raskt fram til kvar Audun budde, med bare ein busstur bort. Eg fann huset til Victoria Maria utan å ha vært der før – alt eg trengde var nokon ca. opplysningar fra Marie Louise samt ein telefonsamtale då eg va i gata hennar(les meir i “Mitt livs lengste helg”)… Tydlegvis – eg huskar plassar godt og finn fram til plassar bra. Men eg hadde eigentleg ikkje tenkt noko særleg på dette før i dag.

Etter eg hadde vært på internettcaféen “Mices” og sløst pengar dro eg til “Coco” i Cowley Road der eg møtte Victoria S., Victoria Maria, Janne, Tone, Lotte og Kristine-ýr. Dei dro då eg kom (:P) men Victoria S og Janne lurte på om eg kunne hjelpe til med noko. Sjølvsagt dét – er jo alltid kjekt å hjelpe :) Så me gjekk til Headington der Janne bur, og eg var på besøk i frå rundt 3 til 8. Sjølv om eg går litt av emnet her så var det fantastisk moro og veldeg koseleg :)

Uansett. Kl 8 starta eg heimover – Janne hadde pekt den vegen ho trudde Hollow Way var – men eg starta og sykle akuratt motsatt veg. Eg følte det nemleg på meg at det var andre vegen. Utan nokon andre hjelpemiddel enn mi eiga intuisjon sykla eg oppover vegen – ho var lang, men eg blei ikkje usikker fordi. Plutseleg kom eg til eit vegkryss. Uten å tenke videre på det sykla eg til høgre.

Vegen svinga mot venstre mens eg sykla bortover, etter ei god lengde veg kom eg til ein plass kor vegen skildes i to. Eg fulgte kva hjernen min sa uten å lure vidare på det, svinga høgre. Bortover sykla eg, vegkryss, venstre. Plutseleg! Eg var i Horspath Road – vegen eg syklar kver dag til skolen. Wooow, eg hadde funne fram fra ein anonym plass i Headington til heimen. Verkeleg bra gjort! – Eg veit ikkje til kva suksess eg har klart å skildre kordan følelsen var, men eg kan sei han var enorm. Eg var ærleg og opprikteg talt imponert av stedsansa mi. Eg må ha eit eksepsjonelt bra kompass inni meg som Jon osv ikkje har (ja, han har sagt han er elendig med slike ting, og ja, eg har ofte sett bevis på dette. Så eg tar meg friheita til å la Jon være eksempel).