Merkelapp-arkiv: Rebecca

Det er inga forbryting å sjå rulleteksten

Meg og Rebecca såg «The Golden Compass» (Det gyldne kompasset / Northern Lights) på fødedagen min 6. desember. Etter filmen lente me oss attende i stolane og tok livet med ro medan me høyrde på musikken, las rulleteksten og prata um filmen. Den digre Colosseum-salen vart ganske raskt tom, so me sat og åt upp popkornet åleina. Nede i salen stod tvo vaktar og såg sint opp på oss.

Um tid

Fyrr filmen er det masse reklame. Kjem du då filmen skal starta er det berre drit på lerretet. Dette sit folk og ser på, eg gjer det ofte sjølv. Likevel forsvinn folk som dugg for soli når filmen er slutt og du kann sitja og njota musikken og lata filmen sine intrykk søkkja inn. Det er tid for å kosa seg litt lengre i stolen og prata med sidejenta di, det er å visa respekt for dei som hev laga filmen. Tidi du brukar på å roa ned slik er ikkje lang. Det er ei koseleg tid. Gjeng du på kino, so er det ikkje av di dette er noko du «må få gjort», men av di det er kos. Kvifor spring folk ut av salen som um dei hadde pesten i hælane då? Nei, det veit eg ikkje.

Kinoarbeidarar

So stod desse to folki heilt nede i salen og venta då. Dei stod og såg opp på oss. Stod og glante. Stygt. Skikkeleg stygt. Med hat i augo. Dei kunne ikkje godt koma opp og seia me måtte ganga; me hadde jo trass alt gjeve yver 200 kr for å sitja der (hekkan det er so mongodyrt!). Ho eine dama gjekk, medan mannen stod att. Då rulleteksten var ferdig, pakka me saman og gjekk mot døri.

Rebecca gjekk fyrst og såg burt på fyren, han såg vekk med eit surt utrykk. Eg såg han inn i augo og smilte, men fekk det same sinte, sure andletet. For ei tispa!

Utgang

Me kom ut i hallområdet. Alle dørene var lukka, og det var fleire som var rømningsvegar. Me hadde verkeleg ikkje peiling på kvar me skulle gå ut, eg ville jo ikkje setja av ein alarm heller (alt ljoset var slege av). So me gjekk rundt til andre sida av salen, men der òg var det låst og lukka. Då kom kinofyren etter oss og såg endå sintare ut, han låste opp ei dør. Eg sa at me ikkje fann utgangen, han svara surt «Den hadde du funne um du ikkje absolutt måtte gå rundt til andre sida av kinoen». Ærleg talt, dei dørene var lukka – eg kunne jo faenmeg ikkje vita at dei var låst opp og ikkje kobla til alarm. Det står jo store alarmboksar ved sidan av dei.

I Stavanger, «Across the Universe»

Mange dagar seinare sit meg og Rebecca på Kino1 i Stavanger og ser slutten på «Across the Universe». Då rulleteksten kjem (med bilete og musikk) sit ein god del av salen att, faktisk. Me ser det saman, medan eit par gjeng. Likevel er det heilt tomt i salen når den svarte delen av rulleteksten kjem. Filmen «Across the Universe» var ekstremt mykje betre enn «Det gyldne kompasset» (som var skikkeleg, skikkeleg dårleg og skuffande). So det var i gode ordlag me prata um filmen medan me koste oss med den kule musikken.

Bak i salen stod ein annan filmtilsett og venta på at alle (altso me) skulle gå ut av salen. Me rydda saman tingi og gjekk mot utgangen, eg såg opp på mannen og smilte – han smilte attende med augo. Ah, mykje herlegare, mykje meir koseleg. Eg plar nærast alltid sjå rulleteksten på filmar (ikkje når dei er kjempedårlege og eg vil gå) og hev aldri vorte utsett for so sinte og vonde tilsette som på kino i Oslo.

Inga forbryting å sjå rulleteksten

Å gå på kino i Stavanger i motsetnad til Oslo er som å vera på andre sida av universet.

Alle lær seg: det inga forbryting å sitja att å sjå rulleteksten. Det er kos!

Rebecca drog

No var ho lei og flytta inn hjå besteforeldri hennar. Sjokkerande nyhende. Eigentleg ikkje so mykje. Eg prøvde vel eigentleg berre sjokkera. Ho kjem attende um tvo dagar, altso på torsdag. Eg ser ikkje mykje til ho på tysdagar og onsdagar lell, men det er koseleg å treffa ho når eg kjem heim på kvelden og å sjå ho dra på morgonen. Men no ville ho hengja litt med besteforeldri sine i Asker, og det er jo koseleg det.

Det er litt teit at me umtrent ikkje ser einannan desse dagane. Eg er på sentralstyremøte i abbr title=‘Norsk Målungdom’>NMU på tysdagen, dagen etter på ringjert. På dagen er ho på Universitetet, medan eg jobber stort sett med Universitetsting (eller surfar verdsveven) heime. Når ho kjem heim er eg på fart ut.

Det er få helger (kvifor heiter det «helgar» i offisiell nynorsk, det er jo «ei helg»?) utan NMU-ting, og det skjer ofte at fleire av vekedagane òg er fylt upp med målemne. Faktisk viste Rebecca meg skræmande statistikk; dei siste 14 dagane hadde eg vore heime ein heil kveld 3 gongar. 79% vekk på kvelden altso.

Det var altso Rebecca sin tur til å draga litt vekk no. Dessutan er jo tysdag og onsdag dagar eg er vekk for det meste, so det skal nok ganga bra. Vert moro å sjå ho att, etter ho hev vore på ferie i Asker :p

Ideologiseminaret til NMU ferdig

Jadå, eg veit at det er lengje sidan (førre helg), og jadå, eg veit at eg aldri vert ferdig med desse innleggi, men likevel prøver eg. Kvar haust hev me ein slags «fagleg» tilskiping i NMU. I år skulle det ikkje vera «Målstrid» som det plar vera, men eit «ideologiseminar» for våre eigne medlem. Det fungerte knallbra, og eg kann trygt seia at dette er den beste hausttilskipingi eg hev vore på! :D

«Målstrid»-konferansen er laga for å draga folk inn i NMU. Gjera målfolk av bokmålingar. Det hev vore ei utetteretta tilskiping. I det siste hev det vist seg at det i stor grad kjem mest folk som allereie er i NMU; og at målferd fungerer mykje betre enn Målstrid same kva. Difor var eg glad at me i år skulle prøva noko anna.

Kva skjedde so på ideologiseminaret?

  • Rebecca var med (hennar fyrste NMU-tilskiping)
  • Me hadde karaoke (ikkje slik teit singstar, men ekte)
  • Eg hadde andsvar for folk frå Sogn og Fjordane, Finnmark, Buskerund og Aust-agder
    • I mine fylke kom berre folk frå Sogn og Fjordane, i frå Firda MU
    • Janne Kristin, Jostein og Mariell kom frå Firda MU
    • Til gjengjeld var dei heilt fantastisk superkule, so det gjorde ingenting at eg ikkje hadde andsvar for fleire menneske
    • Det var Janne Kristin og Jostein si andre hausttilskiping, dritbra at dei kjem att (godhug!!!)
    • Vil jobba mykje med Sogn og Fjordane frametter, gjera NMU meir sexy og kult
      • Det trengst visst der
      • Av ein eller annan grunn veit dei ikkje at me er det allereie! :S
    • Eg vil dra til Sogn og Fjordane, det fær eg sikkert snart no
    • Lillesysteri til Janne Kristin, Anette, er òg dritkul, men ho fekk ikkje koma ( :-( )
  • Dette vart litt av ei lista
  • Eg hadde laga ein bitteliten videosnutt av ymse DVD-ar omsett til nynorsk
    • Klipp frå desse filmane:
      1. James Bond – Casino Royale
      2. The Da Vinci Code
      3. Pirates of the Caribbean – Dead Mans Chest
      4. Finding Nemo
      5. Narnia – Lion, Witch and the Wardrobe
    • Det vart OK. Spesielt moro var omsetjingi mi når ein franskmann seier «que?» med «kva?» av di det høyrast ut som um han eigentleg seier kva
    • Eg brukte alt for mykje tid på å få det til, Avidemux2 til Linux redda meg til slutt
  • Mi fyrste tilskiping der eg sit i sentralstyret i Norsk Målungdom (SST)
  • Var ein heil haug kule folk der (ikkje berre Rebecca+Firda MU-gjengen)
  • Eg sat ikkje på maskini mi å nerda
    • Jens var redd for at eg kom til å gjera dette
  • Eg trur ikkje lister er tingen for meg – det vert berre meir rotete enn ein normalt tekst :P
  • Eg gler meg alt til neste tilskiping
    • Som er vinterleiren, jeei!
    • Tilskipingi vert dritbra
      • Eg er i vinterleirnemndi
        • Noko som eigentleg vil seia at det ikkje vert dritbra
          • Men eg skal prøva
          • Kos vert det i alle fall
  • Eg trur ikkje eg skal misbruka listone meir

Slik. Då fekk eg iallfall sagt meir enn det eg plar seia. :-) Ideologiseminarnemndi gjorde ein skikkeleg god jobb – vonar dette er teiknande for korleis resten av arbeidsåret vil ganga.

Forresten:

Men. Stopp.

Rebecca hev oppdatert litt um livet i Oslo

Kjærasten min, Rebecca, skreiv i dag litt um livet ho hev her i Oslo. Ho flytta inn med meg for tvo månadar sidan, trur eg. Det vil vera høgst relevant å lesa innlegget hennar sidan mykje gjeld meg òg.

Ho skreiv mellom anna dette:

Og så bor jeg tross alt sammen med Odin, kan’ke si det er kjedelig. Det er veldig gøy, faktisk. Hihi, blir nok litt fortere irritert på’n enn før, men det hører vel med. Han er herlig å bo med, når en ser vekk fra mangelen på orden og vaskevilje. Vi har det så fint sammen, atte. Det går mye bedre enn jeg hadde venta meg, vi har det så moro :)

Det er eit ganske godt opprit av stoda i heimen, berre for meg skrive på nynorsk. Ah, og med ei nota um at Rebecca er bra å bu saman med berre ein ser bort frå den sjuke trongen til å hava det ekstremt ryddig og reint til ein kvar tid. [stort glis]

Kva driv eg med?

Eg hev inni granskauen mykje å gjera for NMU for tidi. Utanom det hev eg inn i granskauen mykje å gjera utanom. Det plar vera ymse, men no i det siste hev det mellom anna vore jobbing med firma mitt (Velmont film), universitetsinnleveringar (eg tek 50 studiepoeng trur eg), ymse sosiale ting og tid eg vil hava med Rebecca. Det høyrest ikkje mykje ut når eg skriv det ned på ein so komprimert måte, men det hev nesten drept meg i det siste. Eg hev mista litt av gnisten allereie. Truleg tek det seg opp att når eg hev fengje gjort ferdig mykje av det eg slit med no. Då må eg berre hugsa å ikkje taka på meg so mykje. Til dømes hev eg dei siste vìkone umtrent gjort ein NMU-ting til dagen. Som oftast varar det langt yver ein time. Den siste vìka hev eg faktisk gjort noko med NMU-relatert kvar einaste dag, og då hev det teke lang tid òg.

I morgon dreg eg til Møre og Romsdal der eg skal på målferd. Målferd er eit opplegg der me i NMU dreg rundt på (i hovudsak) vidaregåande skular og fortel dei den ekte historia um nynorsken. Me prøver å få dei til å innsjå ein heil del ting som skulesystemet og staten ikkje vil at dei skal vita. Det er for å gjera dei merksemde på at det framleis er målstrid i landet og at dei tek aktivt standpunkt med å «velja» å skriva bokmål. Eventuelt skal eg rundt i M&R for å prøva å omvenda dei som hev gjort negativt målbyte (frå nynorsk til bokmål). Hehe. I all hovudsak, arbeid for nynorsken.

Målferd på Hartvig Nissen VGS i Oslo

Eg var nett på min fyrste målferd her i Oslo. I går. Åleina. Heilt åleina. Ingen som såg på meg utanom elevane. Det gjekk godt i starten, men sklei ganske mykje ut i slutten. Heldigvis fekk eg gjeve eit skikkeleg branninnlegg um nynorske læremiddel i slutten, der fleire såg ut til å verta engasjerte og sers interesserte. Eg fekk ein god del underskriftar, og iallfall ei dritkul jenta som melde seg inn. Det var supertøft. Eg trur ein tøff bergenser med namn Andreas melde seg inn òg. Han kunne målsoga betre enn meg og var glad og smilande. Same kva, ei innmelding er supert.

Ahh, når det er sagt so må de skriva under på oppropet vårt. Må berre venta til det kjem på internett.

Samandrag

So, kva hev eg gjort i det siste? Arbeidd med NMU-ting. Kva skal eg gjera frametter? Arbeida med NMU-ting. Vonar berre ikkje det vert for mykje. Eg hev andre ting å pressa inn òg :-S

Ynsk meg lukka på målferd i Møre og Romsdal! :S [grue seg]

Skal prøva å vekkja sida att

Eg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. Å setja seg ned og skriva eit par avsnitt er enkelt – å skriva fleire sidor tekst er verre. Eg bur no saman med Rebecca i ein ny parbustad på Kringsjå. Elles er eg sers uppteken med NMU (der eg no sit i sentralstyret) og universitetet.

Eg tek fira fag no; inf1060, inf1300, inf1400 og inf2220. Eg kutta ut inf1800 (logikk) av di det var keisamt og kutta ut stk1000 av di eksamen kræsja med eit anna fag. I NMU er det so alt for alt for mykje å gjera. Dessutan er eg ikkje åleine lengre, og det er veldig herleg. Eg ser menneskje kvar dag med andre ord. Eg hev ikkje sitte inne ein einaste heil dag. I går var eg ute ein halvtime på kvelden, sjølv um det eigentleg hadde vore ein sitja-inne dag for meg. Og eg såg altso menneskje sidan Rebecca bur saman med meg. Ganske herleg :] Det er litt problematisk med rydding, vasking og slik. Eg er ikkje so glad i det, men sambuaren min insisterer på at me skal hava det reint. Må truleg rydda òg, sidan det er rotete her.

Sidan eg hev øydelagt «ullteppet» som hadde lagt seg yver netsida no, vonar eg at eg kann gjera ferdig del tvo av nordkapp-til-Lillehammer-turen og oppdatera sida oftare. :-) Forresten brukar eg Twitter mykje meir, so det er sikkert mykje meir interessant å fylgja med på Twitter-kjelda mi.

Helg i Kviteseid

Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. Eg likar meg kjempegodt i Kviteseid, og er sers glad for at Rebecca kjenner det same. Me vitjar nok Kviteseid ein del når me vert faste Oslo-buarar båe tvo :-)

Me hadde ein fin biltur fram, trass i at me køyrde oss vekk. Eller, eigentleg ikkje – eg hugsa stoppet me køyrde forbi, men trudde me kunne velja ein annan veg. Etter eit par mil var eg heilt vekk. Me fortsatte og fortsatte. Etter kombinert dopause og kartlesing fann me ut at me var på veg til Hovden. Litt lengre oppe låg Haukeli. So eg hev no køyrd yver Haukeli for fyrste gong. Me vart mykje raskare framme enn det eg hadde rekna, men eg trur likevel Haukeli-vegen er lengre enn om Åmli.

Var flott i Kviteseid som alltid. Herleg og roleg. Det er ein fantastisk plass, ingen støy. Det er so rart å kjenna det på kroppen. All ljoden ein normalt ikkje merkar når ein er inne heime (i ein by) summar heile tidi i bakhovudet. Me hadde eit par rolege dagar, der den største oppgåva var å laga middag kvar dag. Det var veldig moro, men vart ein god del omelett (som eg hev vorte so god å laga :p Heh). Me hev lese bøker og Rebecca hev inspisert huset. Herleg.

Men det hev ikkje berre vore fryd og gaman i laupet av helgi. No er eg på NMU sumarleir, og i går var eg på Landsstyremøte. Eg hadde miksa datoar slik at eg trudde LST-møte = 11, og leir = 12. Diverre viste det seg at LST = 10, og leir = 11. Eg hadde kaupt billett til Rebecca den 11, og hadde planlagt å vera saman heile den tysdagen òg. So fekk eg dette problemet, eg måtte vekk ein heil dag fyrr Rebecca sitt tog gjekk. Ganske teit.

Me måtte dra kl. 0730 tysdag for å få Rebecca av på toget, og meg på LST-møte. Me hadde ikkje rydda skikkeleg natta fyrr so me drog ikkje fyrr 0800. Då hadde me tvo timar til toget gjekk. Det skulle gå bra, sidan Gule sider rekna at me ville bruka 1t 50min. Eg veit eg er raskare enn det Gule sider reknar. Me klarte å køyra feil. Ganske. Tenkte det var for seint å snu. Burde ikkje tenkt slikt, ein time seinare var me der me skulle på E18. Ein time sløsing, ein diger omveg um Skien. So kom me bak trailerar og måtte køyra seeint. Me kom 20 minutt for seint etter ein god del feilkøyringar til. Vondt.

Mista altso andre tog, og måtte ut med endå meir pengar. Måtte venta til neste tog, hadde omtrent ikkje bensin att. Me fann det, fann mat (bensinstasjon) og såg American Beauty i bilen. Etter fire timar kom toget.

Eg fann ut frå Rebecca at ho ikkje betalte togbillett til Stavanger, so det vart ikkje so mykje pengar brukt lell. Men turen var alt i alt superfin. Berre irriterande kor mykje problem som dukka opp.

Brua til Terabithia, fantastisk god barne(?!)film

Filmforsmakane fyrr sjølve filmen er utelukka for barnefilmar. Reklamen og filmplakatane viser òg at det er ein barnefilm. Dei hev tilogmed omsett tittelen til norsk, noko dei diverre(?) berre gjer for barnefilmar. So dei vil hava meg til å tru det er ein barnefilm. Likevel hadde eg lyst til å sjå han, nett i dag. Veldig rart. No hev eg sett han saman med Rebecca, og eg kan raskt seia; det er den beste filmen eg hev sett so langt i år.

Barnefilm i Noreg? Ungdomsfilm i USA?

Eg hev sett litt rundt og funni ut at folk hev vorte sinte av di det ikkje var ein typisk barnefilm. Dei hadde teke med seg ungane sine og trudde dei skulle sjå ein magisk film for ungar. Eg trur filmen er veldig god for ungar, men likevel synest eg han fortener å verta kalla ungdomsfilm. For han handlar um alvorlege emne, og eg vart veldig rørt av denne filmen. Eg grein som ein liten unge. Filmforsmaken (eg klarar ikkje finna eit godt norsk ord for «Trailer», må vel laga noko nytt og spenstig) viser det som ein barnefilm. Det forstår eg godt, for det er litt vanskeleg å visa kor ekstremt god rollebygging og kor trist denne filmen er i ein liten forsmak. So dei hev berre teke med dei overflatiske delane (som forsmakar plar gjera).

Den norsk-danske filmplakaten

Noko eg beit meg merke i, derimot, var dei forskjellege filmplakatane eg såg av denne filmen. I Noreg ser det ut som ein livleg film som er full av glede og morsomme påfunn:

Broa til Terabithia

«Broen», liksom. Og kva faen? «Ei heil ny verd ventar på deg»? Det er det dummaste eg hev høyrd! Hev me sett same film? Jodå, eg forstår kva dei meiner, men å hava noko so villeiande på ein plakat er berre slemt. Folk trur dei kjem til ei heilt ny verd då, ikkje tekniske detaljar ein kann sno seg rundt når ein allereie hev sett filmen (evt. lest boki). Sjølv um det er mogleg å skriva den teksten, so er det jo ikkje det filmen handlar um. Dei som trur og ventar det vert skuffa. Kvifor omsette dei ikkje berre det den engelske plakaten seier?

Den engelske/amerikanske(?) filmplakaten

Den amerikanske plakaten er meir vaksen og passar betre til filmen. Kvifor prøver me i Europa å selja filmen som noko han ikkje er?

Bridge to Terabithia

Forresten fann eg ein annan plakat på IMDB, som ser meir ut som ein typisk Disney barnefilm. Fann ikkje stor versjon:

Bridge to Terabithia

Kinosalen var nesten tom

Det kann henda av di det var sundag, og midt på dagen. Men filmen gjeng ikkje på kvelden, av di det visstnok er ein familiefilm. Piss og tullprat. Denne burde hatt meir grunn til å gå på kvelden enn det Narnia og Harry Potter-filmane hev. Dei vert vel kann henda sett på som familiefilmar og barnefilmar, men likevel fær dei mykje høgare status når dei vert marknadsført. Men «Brui til Terabithia» hev betre skodespel, ei meir alvorleg historie og mindre «woop-woop» barneunderhaldning enn Narnia og dei fyrste Harry Potter-filmane (dei hev vorte mørkare og meir vaksent).

Faktisk so er det ikkje ein magisk verd i det heile teke i denne filmen, dette er ei realistisk historie. Eg vart sers yverraska (og glad) då eg fann det. Kann henda det var grunnen til at eg vart so rive med og grein slik eg gjorde. Det er skikkeleg synd at fleire ikkje vil sjå denne filmen. Dei burde vore meir ærleg um kva han er for noko. Eg veit mange som ikkje vil lika han kjempegodt, men synest det var ein ganske god film; dei vil truleg aldri sjå han. Hadde eg sjølv sett på TV / sett forsmaken på filmen hadde eg truleg ikkje sett han. Eg såg ein plakat ein gong, tenkte filmen såg litt tåpeleg ut og so gløymd han.

Kvifor såg eg filmen lell?

Meg og Rebecca såg ein morosam film i går «Ella the Enchanted» (Den fortrylla Ella) som eg vart positivt yverraska yver. Eg trudde han var megateit, men eg likte han. God underhaldning. Difor var eg meir villig til å sjå «Bridge to Terabithia» i dag. Det angrar eg slett ikkje på. Fantastisk, fantastisk film. Ahh. Eg kjenner meg (bitte)litt att i han frå då eg sjølv var liten.

Ho som spelte «Ella» i førnemde film var fantastisk herleg. Det same var dei tvo hovudskodespelerane i denne. Josh Hutcherson og AnnaSophia Robb imponerte meg verkeleg. Eg plar ikkje bry meg stort um skodespelarar, men hekkan so bra det var. Elska rolla til AnnaSophia.

Kva handlar filmen kort um då?

Jesse hev trent heile sumaren for å verta den raskaste sprintaren på skulen og få respekt. Når den nye eleven Leslie kjem og vinn yver alle vert han sint. Til slutt vert dei likevel gode vener, trass i at ho er rik, han fattig, ho kjem frå byen og han er bondegut. Saman lagar dei Terabithia, med monstre, troll, kjemper og farlege ekorn. Dei er konge og dronning. Denne venskapen hjelper Jess å takla tragedien som fær han til å innsjå kva Leslie hev lært han.

(Det er stole frå IMDB)

Høyrest kann henda ikkje best i verda ut. Men det er superherleg å sjå Jess og Leslie leika saman, og tragedien gjeng verkeleg sterkt inn på ein av di filmskaparane hev fengje oss til å bry oss so mykje um dei.

So um du hev litt tid og vil sjå ein film, ikkje ver redd for «Brui til Terabithia». Vurdér han saman med andre filmar, det er ingen barnefilm som utelukkar vaksne/ungdom.

Hev du sett han? Kva tykkjer du?

I draumen min spelte eg Johnny Cash på Rogaland Teater

Eg var i Stavanger på vitjing, og Rogaland Teater tok kontakt. Dei hadde eit stykke um Johnny Cash (sikkert liknande «Walk the line»), men hovudrolla var visst på sjukehus. «Du er jo flink, Odin», og so ville dei at eg skulle spela. Greitt nok, eg elskar Rogaland Teater og stå på scena der. Eg hadde ikkje peiling på kva stykket gjekk ut på, men eg starta no å spela – og etter litt såg det ut som publikum likte det.

Eg sprada rundt på scenen og var gjerne litt vimsete. Eg hadde med meg gitar og spelte nokre songar, eg var ganske livleg faktisk. Motspelaren min var Rebecca (kjærasten min), ho kom inn til slutt. Eg hadde jo ikkje peiling på stykket, sjølv um eg trur fyrste akt gjekk veldig bra. Eg laga ein kort pause midt i akta då, av di eg ikkje ante kor tid det skulle vera pause. Men ingen gjekk heldigvis – og eg trur teppet kom raskt opp att.

Eg byrja spela litt saman med Rebecca, og plutseleg av ein eller annan grunn vart ho sjuk/skada (i draumar so skjer ting plutseleg berre, og det er heilt logisk der og då). Eg trur ikkje eg visste kva eg skulle gjera, men eg sat meg ned med ho og prata noko svada og hadde tenkt å henta gitaren. So gjekk teppet ned. Etter litt høyrde eg folk gjekk ute i salen, so teppet ville ikkje gå opp att. Det var pause, eg fekk vita det av inspisienten. Eg fekk litt småpanikk då eg fann ut eg ikkje hadde peiling på kva som hende i neste akt. Eg kom meg opp i kantina og såg at nokon vaska opp. Då eg var liten på teateret, vaska eg ofte opp sjølv, sa eg. Av di eg var der so seint på kvelden då dei andre hadde gått. Det er jo sjølvsagt berre tull, og eg anar ikkje kvifor eg sa noko slikt.

Andre akt (…vart aldri ferdig)

Eg spurde nokon um kva som var historia i andre akt. Det var fleire som ikkje heilt klarte å forklara, men då eg var nede på scena att var det nokon som kunna visa meg litt av byrjingi iallfall. Dei sa eg skulle gå til eit slag orakel/dame i tempel og vera fortvila av di Rebecca var skada/sjuk. Teppet gjekk opp, og eg gjorde det. Men tempeldama vart sint. Ho kunna ikkje tulla med naturen og «blablablabla». So er det diverre litt uklårt, eg hugsa ho sa noko veldig fornuftig her og so gjekk eg og spelte triste visar på gitaren min. Men dette fornuftige hugsar eg altso ikkje, eg hugsar berre alt tullet.

Ola og Elisabeth var der òg

Ahh, det var moro at Ola var bak scena òg, eg spurde han um eg måtte tenkja på kvar kamerai i salen stod (det vart filma). «Nei, det må du ikkje», sa han. Trur eg såg Elisabeth oppe i kantina òg. (Ola og Elisabeth er kjærastar og naboane mine, dei heng på skrivarstova til NMU dagleg – for dei jobbar der. Dei er òg dei som tyder absolutt mest for meg i Oslo).

Eg hadde vona eg kunna seia noko lurt til slutt her, slik at ikkje innlegget vart hengjande med dinglande open slutt. Men, nei, draumen min vart ikkje konkludert av di eg vakna (og av di eg ikkje hugsar slutten). Eg stod opp kl 0730, ganske bra. :) Soli i andletet hjalp meg opp. Men no må eg gå og laga noko frukost og leggja Universitas ut på nett. Og so må eg rydda, og gjerne vaska klede – for pappa kjem i dag (:o).

Eg hev ikkje sett «Walk the line», men eg kann tenkja meg at det absolutt ikkje hev nokon samanheng med dette eg klara produsera i dramuen? :P

Rebecca og Miriam spelar snart i Moulin Rouge

Rebecca er overlukkeleg yver kor bra stykket deira på Sola Teater vert. Eg skal dra ned for å sjå det. Vert ein stress tur – men heilt sikkert verdt det. Dei speler 22., 25. og 26. mars, so set av kl. 20.00 ein av desse dagane no. Eg kjem til å sjå det sundag 25. mars, um du vil gå saman med meg.

No trur eg ikkje ein einaste person kjem til å sjå stykket på mi oppfordring her, men Rebecca ville eg skulle senda epost til «alle eg kjenner», og det gjer eg berre ikkje. So då fær eg heller berre prøva noko eg ikkje trur fungerer. Eg vert veldig glad um nokon viser meg at dette er feil då.

Rebecca Bond-jenta

Små jentor i korsett

Haha. Eg tenkte eg skulle hava den flotte yverskrifti for å trekkja merksemd. Elevar ved Godalen VGS hev laga kostymi, som visstnok er ganske Moulin Rouge-standard. Eg hev ikkje sett stykket/filmen, men det gjeng vel i korsett og små kjolar. So det er altso mange grunnar til å sjå stykket.

Billettar er 75 kr for barn (so det er altso barnevenleg (:p)) og 150 kr for vaksne. Og ikkje klag på pris, det er billig. Ein kinofilm kostar jo sørenmeg 80 kr, og det er mykje, mykje, mykje meir kostnadseffektivt enn kva teater er. Teater er kjempedyrt, me er heldige som framleis hev det. Jeppjepp, det vert moro.