Merkelapp-arkiv: Redsel

Skåpet datt og drap meg nesten

Skåpet rett i fjeset, knust andlet. Jævlig tungt. Berre at eg ikkje låg i sengi mi nett då, sjølv om eg skulle. Klokka er 01:10, på denne tidi ligg dei fleste i sengi. Meg og mamma drøser smått nede. Me høyrer eit enormt brak; trur det er skjedd noko med pappa og spring opp. Når me kjem inn på rommet mitt, ser det bomba ut. Totalt bomba – eit forferdeleg syn.

20’’ LCD-skjermen min hang i kabelen ned frå bordet med 4–5 digre dokumentmappar på plassen han stod fyrr. Eg trur han er knust. Endå verre (på ein måte) er det digre skåpet som ligg planta oppå puta i sengi. Glasdørene er kome fyrst, alt innhaldet er rast ned på puta saman med heile arsenalet av ting som låg oppå. Eg hev mellom anna mange bøker i og oppå skåpet; det seier litt om den enorme tyngda. Skåpet sjølv er i solid tre, med glassdører, det heng omtrent ein meter yver hovudet mitt der eg søv normalt.

Hadde skåpet dotti ned tjuge minutt seinare, ville eg vore i mykje smerte no. Hadde kanskje vore på veg til sjukehuset. Med knust andlet. Off. Nei. Kann henda eg legg eit lite bilete ut av skåpet imorgon. Dette gjorde meg skikkeleg redd!

Forresten, dette skriv eg frå Ubuntu Feisty Fawn live-cd på Fjell – hovudmaskini mi. Eg skal leggja inn Ubuntu på ho etter lang tid med Arch Linux. Men no lyt eg sova. Natta!

Fyrste jenta

Ein liten pode sit på ein halvgul benk. Hyler av begeistring og lukke. Men berre inni seg. Han har det kjempemoro. Utanpå er det litt annleis. 9—åringen er på hyttetur, ei 2 år yngre jente likar han. Ho er kjempesøt. Får vite nyhendet av ei felles veninnene.

«Kom ut!», hadde ho eine sagt. Me hadde spelt kort og hatt det moro. Var seint på kvelden og me var i kjempehumør. Den søte 7—årige jenta hadde sett ein del på guten. Med slike skjønne, beundrane augo. «Kva synest du om ho?». Det var eit ledane spørsmål. Guten var ikkje ignorant på innsida, sjølv om ein ikkje skal tru slikt om seg sjølv på utsida. Å tru at nokon kan vere interessera i ein altså.

Dei hoppa på den lille trampolinen. Dette var før dei blå 5-meter-i-diameter digre monstra. Ein gul, liten ein. Var ikkje stort mjukare enn bakken eigentleg. Heldig om ein klåra hoppe utan å skade seg. Der, på den trampolina hoppa dei. Kveld. Stjerner. Herleg luft. Små overtrøytte menneskje. Sat litt óg. Hadde alvorlege ting å snakke om. Ville guten vere saman med jenta? Nei, det ville han då ikkje. Han synest ho var liten og barnsleg.

Han synest ho var kjempesøt og særs koseleg. Slik eigentleg. Men det seier ein ikkje. Ikkje som liten, redd gut. Jentene skal forstå kva ein meiner og presse på. Det var allereie pressa hardt på. «Me veit du vil». Dei visste rett, men guten forsikra; dette skjer ikkje. Sommarfuglar i magen på den lille poden. Kjempemoro. Usannsynleg spanande. Berre han kunne vere så tøff å seie ja. Han ville. Ville mykje. Men sa nei ganske raskt, utan å eigentleg tenkje seg om. Var meir eit høfleg nei, eit automatisk eit. Eit jantelov-nei.

Dei måtte overty han no. Trass at alle ville det same, måtte dei jobbe. Alle ville det same. Alle ville det. Alle. Usikkerheit speler den store rolla her. Manne seg opp. Det prøvde han. Berre spør litt meir, bli litt meir pågåande. Så kan eg gje meg, tenkte han. Berre han kunne ha noko å skulde på. Eitt «elles hadde dét og dét skjedd!». Ei fluktrute. Mogleg unnskuldning.

Kvifor i all helgoland seier eg nei!?, tenkte han då det ut av munnen kom motstridande argument; «ho er dessutan alt for litan, aldri i verda!». Jentene såg ein tapt kamp. Det blei ingen klem, ingen kyss. Ingen blei kjærestar. Trass i at båe var veldig interessert. Guten har tenkt mykje på det i ettertid. Meir enn jenta sikkert. Det blei viktigare for han. Ein viktig del i livet. Ein milepæl.

Berre eit halvt år seinare skjer nett det same. Berre ein anna plass, ei anna jente – same gut. Alle kjærleikshistoriane er diverse variantar. Redsel. Mangel av sjølvtillit. Andre jenter, same guten. Guten som veks opp slik. Guten som aldri har hatt kjærast. Guten som byrjer forstå kvifor. Guten som framleis er slik.

Eller… Litt iallfall.