Merkelapp-arkiv: Reise

Fulle nordmenn på flyet til Spania

Helene vart litt snurt då eg svarte eg ikkje ville skriva um dette her. Me hadde nett teke flyget frå Haugesund til Alicante (Spania) og sat bak nokre brautne broltne karar frå Haugesund som skulle på ekte harrytur til Spania. Viss nokon hev sett Charterfeber-programmet so kjenner de typane.

«Dette er jo det du alltid skriv om på netsida di», segjer Helene
«Nja, nei, det er berre du som meiner det,» svarar eg
«Og du har ikkje skrive noko på lengje»
«Ja, jo, men viss eg gjer det so vil jo du enno meir tru og seia at eg berre skriv um ting som irriterer meg på netsida mi»

Ja-jo. Seinare so fær eg høyra at eg ikkje hev uppdatert på lengje frå fleire hald. Greitt nok, eg hev ikkje vore i humør til det, menmen, det er kjekt å skriva slik at eg hev noko å sjå tilbake på når eg er 40 år. So fær eg skriva litt um dei fulle folki på flyet lell då, for å gjera kjærasten min nøgd.

So dei bråkte og styrte som slike bråkmakarar ofte gjer. Plaga flyvertinnene litt og heiv innpå med alskens alkohol som er kustus for nordmenn på «sydentur». Dei var lokale folk frå Haugesund på veg til massiv festing tydelegvis. Vil truleg ikkje ha teke dei lang tid å dekkja inn heile flybilletten berre i prisdifferansen for alkohol i Noreg og i Spania.

Genistreken deira kom mot slutten av den tri timar lange flyturen. Etter tvo av dei hadde vore på do kom tvo sinte flyvertinner bort til oss (me sat jo rett bak) og spurte rett som det var «Røykte du på toalettet nettopp?», berre på engelsk sjølvsagt.
«Nei, huh, nei det gjorde eg ikkje», svarte han eine av dei tvo på elendig engelsk.
«Jo, det gjorde du. Det luktar røyk som berre det.»
«Nei!»
«Jo. Du kom nett ut av toalettet.»
«Nei,» han eine av dei tvo (han mest bråkute, ikkje han som vert anklaga) byrjer forklara at dette berre er tull og tøys.
«De vert båe tvo politianmeld og tekne av politiet når me lander,» segjer ho eine og so stikk dei båe tvo.

Gutegjengen byrjar prata med kvarandre. Det er tri stykk, og dei hev forskjellege roller. Tvo av dei på mi side er opprørt og irritert yver idiotskapen til dei tvo andre. Han eine hev berre elendig engelsk, ikkje griseelendig. Dei andre tvo på motsatt side av gangen er dei som krangla med flyvertinnene. Han som røykte kann omtrent ikkje engelsk i det heile teke, medan han andre, den mest broltne karen av dei alle kann eit par gloser som han repeterer so ofte som han kann. Han er ganske ekkel eigentleg. Er altso griseelendig i engelsk.

«IDIOT, røykte du!?», segjer han som er mest andsvarleg og best i engelsk.
Han stille fyren svarar umtrent ikkje, «… visste ikkje… so merkbart…».
«IDIOT!»
«Nei, høyr no her, dei kann ikkje politianmelda oss,» segjer han broltne
«Det de må gjera no er å vera ekstremt greie, og betala den boten utan å kny.»
«MEN», prøver han broltne å skyta inn
«Ingen men! Betal boten same kva han vert. Eg er LITE interessert i å få problem no allereide fyrr me i det heile teke er kome i gang. Ikkje sei noko, berre sei OK og svar på direkte spursmål, ikkje la dei få ein grunn til å halda dykk lengre,» han sukker tungt. «Og for faen fjern dei Whisky-flaskene, det må då vera grenser for toskaskap!»
«Ja,» svarar dei.
«Me er ikkje interessert i å venta lengje på dykk, OK?»
«Jaja.»

Dei held no fram litt slik og vert altso til underhaldning for alle oss bak og framme, som alternativt himlar med augo elder ler lett av det heile.

Flyget landar og alle er interessert i å koma seg ut. So enkelt er det ikkje.

«Alle må sitja ned til politiet hev køyrd ut til flyget for å taka hand um nokre av passasjerane våre. So berre vert sitjande slik politiet kann koma inn.», segjer dei yver høgtalaranlegget. Superflaut. Det vert sjølvsagt betre av di dei sjølv innrømmer ganske høglytt kor flaut det er ved å kommentera det til kvarandre.

Dei gjeng gjennom flyget slik at alle fær sjå dei, og må attende for å henta pass. Etter det vert dei tekne ut og me kann gå ut.

So det hender altso dersom du er er full nordmann på flyget til Spania som absolutt må røykja og ikkje klarar venta 30 minutt til.

Eg var forresten aldri irritert på desse folki, eg tykte det heile berre veldig morosamt og rart. Som å sjå charterfeber live. Ganske utruleg kor harry folk kann vera i ekte live.

Snøgg stemningshakk

Siste dag på filmfestivalen. For å testa OpenCut tok eg litt video frå festen. Skulle berre so kjapt eg klarte laga mange kutt (harde, jump cuts) og få han ut i brukbart netformat. Det gjekk ikkje so bra i dag, so eg fyrte upp Cinelerra og fekk gjort det der.

Men so er det eigentleg mest av di eg no vil leggja meg men ha nok til å kunna leggja ut eit innlegg der eg kann segja det var veldig kjekt i dag òg.

Klassisk kveld! Veeeeldig bra. Festmiddag var koseleg, festen på Filmkraft-båten etterpå super. So var alt yver for i år…

Du treng som vanleg ein ganske ny netlesar type god (eg brukar Firefox 3.5) for å sjå videoen. :-)

<

p>Last ned filmkraftbaaten-videoen.

Til Kroatia, flyplass

Sjølve turen til Kroatia var mest venting. Me kom til flyplassen alt for tidleg, av di me tenkte me like godt kunne hengja der og venta. Dårleg tenkt. Me fekk ikkje sjekka inn, og området utanfyre tryggleikssjekken var keisamt. Etter tvo timar opna dei. Den plassen var nesten verre. Superdyrt, superkeisamt.

Flyget var forseinka. Me sette oss ned og kaupte noko mat og alkohofri øl til ein ekstrem dyr penge (300!). Då trudde eg at eg hadde brukt upp dei siste krunaene våre. Me venta og venta. So fekk me vita at flyget vårt vart endå meir forseinka, so det var ikkje 2 timar til lengre, men 4. Me henta «refreshment vouchers» for 180 kruna kvar.

Helene paa Praha sin flyplass

Eg hadde fengje nok av den rådyre flyplassen og fann ut at me enkelt kunne gå ut att for å handla i normale Tsjekkia der det var mykje billegare. Eg spurde på Subway, og heldigvis tok dei lappen min. Helene hadde ikkje lyst på Subway-sub, so ho gjekk inn att med sin der me sat og venta. Eg brukte det trådlause netet til den ekstremt dyre kafeen med dei sinte servitørane. Herleg at det er so enkelt å gøyma seg slik.

Tidlegare på dagen hadde Helene kaupt seg ny frakk, og brukt meir pengar enn ho ville. Dessutan måtte ho la ei flott regnjakke vera att. No måtte ho bruka 180 kruna på noko tull ho ikkje trong. Ho gjekk fram og tilbake i butikkane og såg. Etter tvo timar med slit kaupte ho sjokolade.

Ho var sliten og leid. Med eitt fann eg endå meir pengar i bukselomma mi. Vops. So gav eg ho det. Det vart eit endå større problem.

«No hev eg stressa fælt med å ikkje handla flotte klesplagg grunna lite pengar, men no må eg bruka ei heil formue på tull og tøys! Dette gjer vondt og er vandskeleg!»

Og so til slutt, etter 6 timar venting, fekk me venta litt til fyrr flyget gjekk. Slik er det å fly med SkyEurope.

Fem OK dagar i Dubrovnik

Her hev eg vore fyrr. Eg hugsa alt saman ganske klårt, men denne gongen budde me ikkje på Villa Klaic, som sist. So ingen symjebasseng elder varmepumpe (aircondition her, i varme strók). Staden var tjåka full av digre mygg; Helene vart spesielt råka på beina. Det såg ikkje fint ut og beini til Helene såg ut som ei krigssone. Dei gjekk vekk etter litt heldigvis, men det skulle verta verre.

Helene utanfyre Dubrovnik

Me hang mykje nede i gamlebyen. Der fann me fort fram til Dolce Vita. Ein plass som sel m.a. is og pannekakor. Det vart stamplassen allereide frå starten. Det var ikkje sjeldan me var innum og åt pannekakor tvo gongar på ein dag. Pannekakone der var heilt fantastiske, tvo digre med is, sjokolade, sjokolade+banan (min favoritt) elder noko anna (Helene hadde alltid spesialtinging) til rundt NOK 20. Ganske utruleg.

Byen er utruleg flott, og ganske lik slik eg hugsar han. Diverre fekk eg litt, «vert her fyrr»-kjensle. So eg trur ikkje gjenvitjingsverdien var særleg stor.

Helene i Dubrovnik, tusen trappar

Faktisk klarar eg ikkje no i ettertid finna so alt for mykje nemneverdig dei 5 dagane me var der.

Helene ville absolutt sjå film på kino, so me gjekk på Mamorska, som me trudde var ein «tri menn og ein baby»-film basert på filmplakaten. Det viste seg at tittelen var The hangover, og var ein veldig morosam film som me lo godt av. Eg spesielt høgt og hardt som alltid. Falke hadde prøvd prata litt um ha fyrr i Praha, so eg syntest eg kjende noko att.

OdinHelene

Elles var det, som i Praha, ingen problem å få alkoholfri øl i Dubrovnik. Dei fleste restaurantane hadde eitt merke inne. Diverre var det litt verre med kaféane, spesielt dei som berre serverte drikka. Av dei var det få som hadde alkoholfri øl. Me fann ein fancy plass som båe hadde Stella Artonis Non-Alcoholic og trådlaust internett.

dsc_4410

Det var yverraskande enkelt å vera vegetarianar i Dubrovnik. Alle plassane hadde minst ein hovudmeny som var vegetariansk, og fleire plassar hadde eigen yverskrift med mange rettar. Me gjekk på ein av dei sistnemnde, Helene hadde mousaka, og eg sopp. Det var utruleg flott og himmelsk godt. Og det var jysla billeg, av di dei i Kroatia ikkje plar taka yverpris for maten slik me gjer i Noreg. Er alle råvarone billege, ja, då er retten billeg. Ikkje slik i Noreg der ein veggisrett på restaurant fort kostar rett under ein kjøtrett. Det er ganske surt.

dsc_4207

Dagen etter fann me fram den reine veggis-restauranten me tidlegare trudde var lagt ned. Det var ganske godt der òg, men ikkje like godt som den fyrste restauranten. Det kom eit sveitsisk par forbi då me var ferdige, alle plassane var tekne, og den litt sinte servitrisa viste dei vekk. Dei var ganske frå seg av di dei ikkje tykte det var lett å finna veggismiddag i byen. Me var umtrent ferdige, so me sa at me kunne betala å gå, slik at dei fekk plassen vår. Dei vart veldig takksamde for det. Me forklarte dei òg um andre plassar for veggismiddag. So gjekk me til Dolce Vita for å eta pannekake att.

dsc_4208

Dolce Vita tyder «det søte livet» elder noko slikt. Helene synast tydelegvis ikkje dette ålmenne namnet var godt nok. Sjølv um det ikkje står noko av det i nemnet, sel dei mest is og dei hev ein stor is utanfyre døri. Det kann vera difor Helene synast is fekk ein ufortent stor plass. Ho sat og såg nedyver dei andre bordene ute som nett då hadde mange pannekakor på seg (normalt is), då ho tankefullt sa «Hmm. Alle et pannekakor no. Denne plassen burde heitta Dolce Vita PANCAKES!».

dsc_4313

Den andre dagen hadde me fengje nye myggstikk, og ikkje få denne gongen. Dessutan forsvann dei ikkje, og var ekstremt digre. Store raude utståande blemmer. Dei klødde som lite anna og Helene var totalt bombandert. Ho var i veeldig dårleg humør. Me prøvde byta hus, me hadde eit rom i ein 60-tals bustad (stova var betre) – huset låg i ein hage som var ein mygglarveforplantningsfabrikk. Dama som var huseigar vart veldig leid seg, men me fann ikkje noko som ikkje kom til å ruinera oss. Me var uppe på Villa Klaic, der eg hadde budd med mamma og pappa. Den staden er himmelen. Diverre hadde me ikkje råd. Helene vart òg totalt forelska. So til slutt måtte me berre halda fram å bu i mygghelvette. Noko som øydela mykje av Dubrovnik av di me heile tidi var irriterte av myggstikk, lite svevn og allslags anna. Ålmenn misnøye.

Dei nye stikki var frå Afrikanske mygg, fekk me høyra frå farmasøyten. Ho vitja me mange gongar. Helene hev salve og antimyggspray, B-vitaminer (mygg tek helst dei med minst B-vitamin) og citronellaolje for å halda dei vekk. Me brann mykje citronellaolja ei natt, men det vart umogleg for oss menneskje å vera i rommet òg. Måtte hava døri opi, viss ikkje fekk me helder ikkje sova. Det var verkeleg ekstremt varmt. Synd at husstoda skulle vera so dårleg.

dsc_4193dsc_4178

Me skulle òg på kajakktur, hadde tinga og alt, men den siste dagen (då me hadde tinga) viste det seg å vera for sterk vind og vær til at me kunne gå ut. Det var jysla skuffande. So me hang helder på skitdyr internettkafè og åt fleire pannekakor på Dolce Vita PANCAKES!.

Helene et pannekakor fyrste dagen i DubrovnikMi pannekaka, -- banan og sjokoladeHelene si pannekaka utan noko, men med blaabaersyltety uppaaHelene og eg et pannekakor andre dagen i Dubrovnik

So tok me båten til Stari Grad, Hvar. Og det var vel eigentleg heile Dubrovnik. Me bada og gjorde allslags anna òg sjølvsagt, men det vart aldri superbra. Mykje av turen vart yverskugga av Helene sine stikk og at heimebasen vår var so full av gjennomvonde innsekt.

dsc_4380

Helene hadde stor von til Hvar, og var godt yvertydd um at det skulle vera betre. So tok me båten der (ein gamal Color Line danskebåt-liknande sak med svenske skilt)…

dsc_4261

Praha dag 2

So. Spol attende til andre dag, kl. 0800. Helene vekkjer meg. Det er grytidleg for meg, ho hev vore uppe og farta ei stund allereide. Greitt nok for ho, men ikkje for meg som hev ilt i hovudet og vil sova. Eg dreiv på med denne tidleg-upp-greia i vinter, då eg ikkje gjekk på pollentabelettar som øydelegg kroppen min. No er det ikkje fint å verta riven upp av ei ivrig kjærast som absolutt skal hava frukost og ikkje tør eta han åleina. Jaja, greitt nok, det er ikkje so gale.

Det er ikkje so vandskeleg å koma seg upp. Når eg fyrst er uppe, altso. Ikkje alltid like lett å halda seg vaken, men det kjem eg attende til.

So sit me då der og et frukost, Helene les det eg skreiv på netsida mi um reisa og vel å segja «Ja, det var jo eigentleg OK, eg høyrast jo berre søt ut». Litt fyrr vart ho veeeldig skeptisk då eg sa eg hadde skrive um tabben hennar ved minibanken. Heldig for meg tykte ho det var søtt denne gongen, so eg slapp få den slappe croissanten eg fant stappa ned halsen til straff.

Eg uppdaterer netsida medan eg og Helene et frukost

Eg kann ikkje alltid godt vita um Helene likar det eg fortel, elder krevjer umskrivning for å unngå kvasse innspel frå folk som les bloggen min. Det måtte no vera frå anten Egil elder Skjalg (det er pappa), som er dei einaste som skriv innspel på meir personlege innlegg. At Egil og Pappa aldri skrive ein einaste kvass ting um Helene, tenkjer ho fint lite på. Dei skriv sjeldan kvasst um noko som helst på netsida mi. Folk ålment skriv sjeldan noko i det heile teke på netsida mi. Og viss dei gjer er det ukvasse fakta og ikkje um Helene sin oppførsel kva no enn den måtte vera. Greitt nok, det var ei avsporing. Det er lite eg likar betre enn å dra i leggen til Helene.

Ja. So. Frukost. Ho las yver og alt var OK. Sjølvsagt ikkje noko stort bra til frukost, det er jo trass alt utlandet der dei ikkje hev høyrd um sunn mat. So etter litt klaging frå høgrekanten (vesle-H, som me kann kalla ho) um kvitt braud og alt som verre er gjekk eg inn på rommet att. Hugsar ikkje heilt kvifor, men der var eg no.

(Heile dette avsnittet er amputert av di umtrent alt er feil, og uppdikta av meg, Helene fann ut av det:) Ein time seinare kjem vesle-H inn att og vekkjer meg. Sjølvsagt hev eg fengje meg ein herleg time svevn. Då var ho bra irritert (ho var yverraska, eg hugsa feil) etter å ha sitte og venta åleina (ho var ikkje åleina, slekti mi kom etter litt) på meg all den tid. «Eg trudde du tok medisin, eg» (ho trudde visst eg dusja). Ja, sjølvsagt, og det tok ein time. Dessutan var rommet utrent 20 meter frå der ho sat og venta, kva med ein liten gåtur (ho gjorde ikkje det av di ho var travelt uppteken med å prata med slekti)? Akk, jentor (Helene: akk, gutar)…

Helene tok eit bilete av meg medan eg sov

Me drog til byen og fann det nye hotellet. Dette fortener ordet hotell litt meir, mini-hotell kannhenda. Me på den lokale puben, som hadde ein eigen veggis-del av menyen. Supergodt og billeg. Veldig yverraskande.

Helene, mamma (Unni), pappa (Skjalg), Kitty Karina og Falke på pub i Praha

Det er faktisk ganske ålment her i Praha.

  1. Det er veggis-alternativ
  2. Det er skitbilleg
  3. Det er godt

Dei siste tvo gjeld ikkje for turistløypa i sentrum sjølvsagt, men elles på pubane og restaurantane utanfyre turiststrók. Restaurantane der ser mystisk like ut som pubane, so eg trur dei eigentleg berre hev pubar, same kva dei kallar dei. Men bra er dei same kva!

Ein annan apropos; det er masse billeg alkoholfri øl her! Då eg var i Berlin, vart eg heilt frå meg yver kor mykje alkoholfritt øl dei hadde. Eg drikk ikkje alkohol, men liker godt øl, so det passa utmerka. Ein siste apropos, sidan eg kom på det, då me var i dyreparken, serverte dei iskald alkoholfri øl I FRÅ KRAN! Det er sørenmeg beste eg nokon gong hev sett. Det er ein familiepark, so dei serverer ikkje ein haug alkohol der som elles, men dei brukte hovudet sitt og tenkte, jaja, då kann me jo berre taka alkoholen vekk. Genialt. Supert. Meir slik! Vil hava alkoholfri øl frå kran i Noreg. Pluss slik god alkoholfri øl dei hev her. Clausthaler er god, Munkholm òg, men eg vart endå meir fan av Birrell som dei solgte i m.a. dyreparken. Større utval hadde helder ikkje vore feil. Menmen, eg er ute på viddone att.

Falke hadde fengje nyss um fallskjermhopping, og ville følgjeleg til byen for å finna ut meir. Kort historie endå kortare; eg og Falke melde oss på til onsdag.

Fonteneshow. Med dårleg ver i vente

Me gjekk til eit fonteneshow, som skrytte på seg ein haug songar. Etter ein t-bane-tur kom me til den nedslitte, falleferdige plassen. Showet starta og det viste seg at det berre var ein heil Andrea Bocelli-CD me fekk høyra saman med fontena. Ganske skuffande. Det heile var lettare komisk. I slutten byrja det verta litt myrkare, so ting såg finare ut – dessutan kom ein storm. Då me gjekk kom ein heil haug andre folk inn, dei var mykje heldigare som fekk showet i myrkre. Kannhenda dei òg var heldigare med musikken. Haha.

Det lynte fælt, og slo ned i bygningi me gjekk vedsidan av. Helene støkk som berre ekte jentor kann (phew, godt ho ikkje er uekte). Det hølja sjølvsagt ned.

Me tok trikken feil veg (eg var ikkje del i det, men hev all æra av å finna ut av det og fiksa det). So drog me til byen for mat. Etter me hadde gått skrubbsvoltne i lang tid, på leit etter ein plass med ikkje so dyr mat sette me oss ned på ein italiensk restaurant. Det var få ledige bord til so mange (6), so me laga eit på enden av taket. Der sat me å venta.

Pappa (Skjalg) i Praha sine gater, kveldstid med regn

Helene fekk til slutt praia kelnarane slik at me fekk menyar levert. Men der stoppa det. Me sat og sat og venta og venta, men det kom ingen burt til oss. Me vinka til dei fleire gongar, dei vinka attende «ja, berre vent litt, skal berre inn litt» og liknande. Til slutt var eg (og resten) bra sinte, og eg stakk for å finna ein plass der det ikkje jobba ein gjeng suppehovud.

Det som skjedde då eg var vekk var dette: mamma gjekk burt til kelnarane som hadde fint yversett oss den siste halvtimen og spurde kva i all satans helvette dei dreiv på med. Dei lirte visstnok av seg eit par toner um at dei ikkje serverte dei bordi der av di det kannhenda kunne starta regna og dryppa eit par-få dråpor ned der. So difor valde dei altso å fint ignorera at me sat der, trass i at dei sjølv hadde gjeve oss menyar. Det fallt dei ikkje inn at det var:

  1. lurt å segja frå til oss um kva dei hadde funne ut
  2. ulurt å vinka til oss vil verta uppfatta som «vent litt», og ikkje «hei, stikk av»
  3. fint for oss å vera andsvarleg for kor faen me set oss, me ser jo at det er på kanten av taket og sat oss der sjølv
  4. like lønsomt å servera oss som eitkvart anna suppehovud
  5. fullt mogleg å gå inn um det skulle byrja regna, evt. segja «sry, de satte dykk der» (etter dei hadde advart oss fyrst, sjølvsagt)

For nokre feite mongohovud. Men, so mamma starta altso lira av seg ei høg remsa med god logikk slik at heile restauranten høyrde det. Det var sjølvsagt superflaut for kelnerane, og eg trur heile restauranten såg ned på dei. Dei var utruleg råka og flaue av ståda sjølv, ein av dei klarte ikkje gjera anna enn å le. Det er å synka lågt. Fær truleg liten sympati av slikt.

Mamma (Unni Elisabeth) i Praha

Synd eg ikkje var der for å høyra det, hadde sikkert vore bra.

So me åt på ein dyrare plass med alt for høg levande jazzmusikk der me måtte betala ekstra for bråket. Men dei var iallfall hyggelege og ville faktisk hava kundar.

Og det var den dagen.

Helene med ny frakk i Praha

Helene_m_frakk

«Forslag» frå Helene her me sit på Starbucks og ventar på å taka flyget til Dubrovnik:

«Legg ut bilete av meg i den nye frakken og skriv ‹medan familien min shoppa heile víka venta Helene til siste stund og shoppa berre ein kjole!› Ja, og so Hegel då. Skriv det. For då høyrast eg so smart ut.»

So det er altso grunnen til dette helder utypiske innlegget frå meg. :-) Eg kann òg fortelja at eg fekk kaupt ein decaf coffee her, og at han smakar himmelsk. Helene segjer han er betre enn all anna kaffi ho hev smakt. Dessutan måtte eg jo hava kaka, er jo år og dag sidan eg hev hatt kaka+kaffi.

Helene gjekk inn og spurde um varmt vatn, og personalet var so ekstremt viljuge til å hjelpa at ho vart heilt frå seg av ovundring og kann no knapt sitja stille på stolen. Ho hev altso med seg teposar og fær no gratis te. Noko ho set veldig stor pris på (iom. at ho brukte dei siste pengane sine på kjolen).

decaf_coffee

Ah, forresten, det fortset, eg fekk med meg dette ut av ordstraumen som kjem ut or den lettare hypre Helene:

«Skriv du um meg, skriv du um meg!? Du må hava eit eige kapittel um meg! Hmm. Forresten, hev du eit bilete av at eg les Hegel?», held ho fram. Ho kjem inn på ein heil del snakk um flyplass og nestle-bar fyrr ho til slutt må forsikra seg at eg ikkje hev gløymd alt det der med Hegel og bilete av ho med frakken.

So, ja, slik gjeng no dagane ;-)

Oppdatert eit kvarter seinare: Eg fekk eit heitt tips um at det var fullt mogleg å byta til eit litt mindre uflatterande bilete, og at det var sterkt tilrådd å gjera det brennkvikt. So, gjort. :-)

Elles fekk eg høyra at det visstnok heiter «Kåpe» for jentor, men «Frakk» var meir sexy. Dessutan fekk det meg til å høyrast dum ut, som var ein bonus Helene godt kunne leva med.

Til New York i morgon!

I morgon forlet eg og Helene landet og reiser til New York i USA.

Eg driv på og sletter alt på Fjord (det er den vesle Asus Eee-pcen mintil Helene) og legg inn Cruncheee.

Sidan dei er so nazi på alt i USA, so må eg passa på å ikkje leggja inn DVD-stydnad, hendige kodekar eller anna som dei kann finna ut er grunn nok til å halda oss ute or landet.

Eg gler meg stort, sjølv um eg framleis stresser med alt eg ikkje fær gjort ferdig her i landet. Menmen, det gløymer me truleg fort når me hev sett fot på nytt land.

Keisamt å reisa åleina?

Mamma sa alltid det er dritkeisamt å reisa åleina. Eg hev alltid villa reisa åleina; kannhenda ikkje so mykje for å vera åleina – men mest av di andre ikkje vil der eg vil. So viss ingen andre hev sterkt ynskje um å vera med so vil eg helder reisa åleina enn å ikkje reisa i det heile teke.

For ei god tid sidan (eg var vel ~14–15) reiste meg og Buster 14 dagar åleina i Danmark. Det var kjempekos. Me sykla heile vegen. Likevel var det ikkje alltid slik at me skulle sykla; eigentleg skulle nokon andre vera med. Då dei plutseleg ikkje kunne lengre var eg vonbroten—eg ville reisa same kva. Dette fekk eg ikkje lov til. Heldigvis hadde min tøffe fetter Jens Buster lyst. Veldig bra.

So. Kva no? Jo, eg vitja Helene i Danmark, ho er i Århus og hev eksamen der. Etter eg endeleg hadde fengje sett ho att (det var godt! :D) såg eg at ho helst burde få tid til å gjera eksamenen sin. So eg fann ut at eg skulle reisa aleina. Er det so keisamt som mamma vil hava det til? Eg må nesten finna ut av det sjølv; slik at eg eventuelt kann drita i å tenkja tanken neste gong han byd seg.

Eg fekk ikkje dra frå Helene med mindre eg lovte å skriva ferdaminne frå turen. Vel, – dette startar eg no. Eg hev vore dårleg på uppdatering av bloggen i det siste; andre ting hev teke tidi mi. Det kann henda eg gjer noko eg nesten aldri gjer; lagar ei kort uppsummering av alt eg ikkje fekk tid til å skriva um.

Men no må eg springja for å rekkja toget til Göteborg! Best eg rekk det!

Jævla flystreik

Ja. Endå ein gong problemer med fly. Men denne gongen er det teite, teite Avinor og flyplasspersonell (eller noko slikt) som skapar problem. Dessutan er Norwegian veldig lite interesserte i å hjelpa:

  1. Dei hev jo sørenmeg ikkje epostadressa til å fiksa slikt
  2. Eg hev sitte til saman 1,5 timar i telefonen i kø no, og vorte fråkopla ein gong («the person you are calling is not available, call later», mongo)
  3. Netsidene segjer berre tull («tak kontakt med oss»), eg hev då andre ting å gjera enn å sitja i telefon i 2 timar!!!

So eg tek buss. Men hekkan for nokre irriterande greidor.

Bussen er no mykje betre lell. Kann lita på buss, ikkje på fly.

Mista fly, som vanleg

Eg hadde jobba heile dagen på Nei til EU, endeleg fengje upp heile netverket der. So skulle eg laga ein 5-minutter av eit 2 timar langt upptak. Etter nokre raske timar stress redigering var eg ferdig. Macen hadde hengt seg fleire gongar, meldingi «Out of memory» hadde eg sett 17 gongar for mange. Då var det berre å eksportera fili og leggja han upp til Acona.

MEN NEI! DEN SATANS MACEN VIL SJØLVSAGT IKKJE DET HELVETTES SATANS MAC OS X.

Grrr. Eg truer Macen med å leggja inn eit skikkeleg operativsystem på han heile tidi (Linux, ja)—men han veit at eg treng Final Cut Pro for å redigera video. So irriterande Apple. Irriterande Mac OS X. Eg hev skrive um kor mykje eg hatar Windows fyrr, men rart nok fann eg ingenting um eit anna operativsystem frå eit digert drittselskap som berre skal tyna meg for pengar. Eg irriterte meg sterkt for Apple og Mac på Twitter for litt sidan då.

Same kva, det er ikkje poenget. Poenget var at eg vart sitjande der for å få det fiksa. Ingen hell der nei. Vops, plutseleg hadde litt for mykje tid gått. mortehu kom burt og spurde um ikkje eg skulle taka flyet.
­«Jo det skal eg jo», svara eg.
«Kor tid gjeng det?»
«Hmm. 2220.»
«Og dette skal du rekkja med kollektivtransport? Det rekk du aldri. Hev du gløymd kor treigt kollektivtransport er?»
«Faen,» sa og tenkte eg. mortehu hev jo heilt rett.
«Det spyrst um me rekk det, men eg kann prøva å køyra deg».

W00t, w00t! Eg sa sjølvsagt ja med ein einaste gong. Kledde på meg og so hoppa me upp på motorsykkelen. For dei som ikkje veit det so hev eg planar um å taka lappen for tung motorsykkel, dette fekk meg ikkje akkurat mindre gira på planen. Det er skikkeleg akselerasjon på slike motorsyklar! Eg måtte halda hardt; det var ingen rygg å lena seg til og eg var sjølvsagt litt skeptisk til å falla av. So eg heldt tett.

Me raste ut mot flyplassen. Det var nervepirrande iom. at det er ganske langt ut til Gardermoen. Kilometrane gjekk raskare enn det fartsgrensa tillet, men likevel tek det lang tid. Eg fekk sagt «Tusen takk» fyrr eg sprang inn i terminalbygget. Ingen kø i tryggleikssjekken. Likevel var det litt vel dårleg tid. Eg måtte taka av meg ting og tang. Drog ut det som var i lommene,—då rauk mobiltelefonen min i golvet og falt i fleire deler. Fleire enn normalt, for frontomslaget vart brukke i tvo. Bah.

Tryggleikspersonalet lo av meg, eg smilte stort attende – eg synast no slikt er moro. Han eine merka at ting tydelegvis hadde gjenge fort iom. at eg hadde genseren på feil veg. Haha. Eg stressa med å få av meg klokka som er teipa til armen min, det er ingen enkel jobb – men eg fekk gå gjennom med han på. Det peip ikkje!

Då eg kom fram til gaten såg eg at det var for seint. Eg spurde flypersonalet um det var mogleg å skaffa billett med eit seinare fly. Eg sjekka nemleg flyavgangane, og SAS hadde eitt fly til som gjekk fyrr flyplassen stengde. Eg skulle taka flyget i dag. Absolutt, absolutt, absolutt. Same kva pris.

I SAS-skranka møtte eg ei litt sur dama. Ho brukte sikkert eit kvarter på å skaffa denne billetten min, og sa ikkje stort um kva det ville kosta. Eg stal masse sjokolade frå SAS på denne tidi. Flyavgangen nærma seg stygt. Til slutt ropte ho på meg (eg hadde sjølvsagt vimsa meg ein 100 meter vekk grunna all ventingi – er begrensa kor moro det er å hengja på same plassen og stela sjokolade), og eg fekk betalt. Eg vimsa rundt og fekk til slutt samla alle dei 10 småtingi eg hadde liggjande på skranka.

Eg gjekk frå ho. «Orsak!­» sa ho, og vops, der låg visst VISA-kortet mitt att på skranka. Eg gliste stort, og wow ho smilte:
«Ja, greitt å ikkje gløyma det»
«Nei, men det hadde no vore typisk meg», svara eg. Ho smilte, såg ned, og vart sur att. So stakk eg.