Merkelapp-arkiv: Rogaland Teater

Kjærleiken overraskar igjen på Det Norske Teatret

So såg eg og Helene dette stykket med den ganske so keisame tittelen, og ikkje so alt for yvertydande materiellet. Eg vart positivt yverraska.

Dette innlegget var eigentleg berre ei diger avsporing midt inne i førre innlegg um libris på nynorsk som eg valde å skilja ut.

Litt morosam fakta: Kirsti Stubø spelte i stykket – ho spelte tanta mi i «Lille Eyolf» og er ei av dei eg hugsar best frå mine 13 år på Rogaland Teater. Ironisk nok iom. at ho berre var i det stykket. Eg tenkjer plutseleg på ho når eg kjenner lukta av parfyma hennar. Det er verkeleg heilt ekstremt, kjenner eg den lukta (eg anar ikkje kva det er, elder ofte kven som hev han på) so ser eg rundt etter ho. Ganske morosamt. Det fær meg i eit godt sentimentalt humør der eg tenkjer på Rogaland Teater, Lille Eyolf og allslags andre gode minne frå teatertidi mi.

Det sat ei gamal, herleg dame framfor oss. I pausen kom me i prat.
«Eg overhøyrde eit par ute i dokøen som synast det var keisamt og trøytt, eg kan ikkje forstå det,» sa ho til venene sine, fyrr ho snudde seg bak til meg;
«Eg høyrde du sat bak der og humra med»
«Ja, er eit humrestykke dette her. Lågmælt og litt sært. Må forstå humoren,» svara eg.
«Sant. Eg tykkjer det er særs morosamt».

Der var stykket ferdig. Det var ganske so morosamt. Eit humrestykke. Applausen var ekstra moro; alle skodespelerane blenka som tende ljos og smilte som få andre. Eg trur faktisk me var eit godt publikum i dag, humringa og latteren sat laust, mykje energi.

Dei som hev vore på teaterstykke fleire dagar etter kvarandre elder spelt teater veit at energien til publikum og dei på scenen heng tett saman og påverkar kvarandre. Det er ofte ein positiv spiral med godt publikum; dei forestillingane vert ofte råbra.

Slik smilte dei altso her, eg kann jo godt tenkja og vona dei smiler slik kvar gong, men eg trur dei varr glade av oss. Helene fortalte meg òg at dette var siste forestilling so kannhenda dei gjorde noko nytt på scenen i dag, elder dei hadde kjende i salen, elder berre var glade for å vera ferdige. :-)

I draumen min spelte eg Johnny Cash på Rogaland Teater

Eg var i Stavanger på vitjing, og Rogaland Teater tok kontakt. Dei hadde eit stykke um Johnny Cash (sikkert liknande «Walk the line»), men hovudrolla var visst på sjukehus. «Du er jo flink, Odin», og so ville dei at eg skulle spela. Greitt nok, eg elskar Rogaland Teater og stå på scena der. Eg hadde ikkje peiling på kva stykket gjekk ut på, men eg starta no å spela – og etter litt såg det ut som publikum likte det.

Eg sprada rundt på scenen og var gjerne litt vimsete. Eg hadde med meg gitar og spelte nokre songar, eg var ganske livleg faktisk. Motspelaren min var Rebecca (kjærasten min), ho kom inn til slutt. Eg hadde jo ikkje peiling på stykket, sjølv um eg trur fyrste akt gjekk veldig bra. Eg laga ein kort pause midt i akta då, av di eg ikkje ante kor tid det skulle vera pause. Men ingen gjekk heldigvis – og eg trur teppet kom raskt opp att.

Eg byrja spela litt saman med Rebecca, og plutseleg av ein eller annan grunn vart ho sjuk/skada (i draumar so skjer ting plutseleg berre, og det er heilt logisk der og då). Eg trur ikkje eg visste kva eg skulle gjera, men eg sat meg ned med ho og prata noko svada og hadde tenkt å henta gitaren. So gjekk teppet ned. Etter litt høyrde eg folk gjekk ute i salen, so teppet ville ikkje gå opp att. Det var pause, eg fekk vita det av inspisienten. Eg fekk litt småpanikk då eg fann ut eg ikkje hadde peiling på kva som hende i neste akt. Eg kom meg opp i kantina og såg at nokon vaska opp. Då eg var liten på teateret, vaska eg ofte opp sjølv, sa eg. Av di eg var der so seint på kvelden då dei andre hadde gått. Det er jo sjølvsagt berre tull, og eg anar ikkje kvifor eg sa noko slikt.

Andre akt (…vart aldri ferdig)

Eg spurde nokon um kva som var historia i andre akt. Det var fleire som ikkje heilt klarte å forklara, men då eg var nede på scena att var det nokon som kunna visa meg litt av byrjingi iallfall. Dei sa eg skulle gå til eit slag orakel/dame i tempel og vera fortvila av di Rebecca var skada/sjuk. Teppet gjekk opp, og eg gjorde det. Men tempeldama vart sint. Ho kunna ikkje tulla med naturen og «blablablabla». So er det diverre litt uklårt, eg hugsa ho sa noko veldig fornuftig her og so gjekk eg og spelte triste visar på gitaren min. Men dette fornuftige hugsar eg altso ikkje, eg hugsar berre alt tullet.

Ola og Elisabeth var der òg

Ahh, det var moro at Ola var bak scena òg, eg spurde han um eg måtte tenkja på kvar kamerai i salen stod (det vart filma). «Nei, det må du ikkje», sa han. Trur eg såg Elisabeth oppe i kantina òg. (Ola og Elisabeth er kjærastar og naboane mine, dei heng på skrivarstova til NMU dagleg – for dei jobbar der. Dei er òg dei som tyder absolutt mest for meg i Oslo).

Eg hadde vona eg kunna seia noko lurt til slutt her, slik at ikkje innlegget vart hengjande med dinglande open slutt. Men, nei, draumen min vart ikkje konkludert av di eg vakna (og av di eg ikkje hugsar slutten). Eg stod opp kl 0730, ganske bra. :) Soli i andletet hjalp meg opp. Men no må eg gå og laga noko frukost og leggja Universitas ut på nett. Og so må eg rydda, og gjerne vaska klede – for pappa kjem i dag (:o).

Eg hev ikkje sett «Walk the line», men eg kann tenkja meg at det absolutt ikkje hev nokon samanheng med dette eg klara produsera i dramuen? :P

DUS-festival i Oslo

Lilla personer, alle oss - Odin, May-liz, Olav, Ole Christoffer, Pernille og Robert.

Oschlo. Mm. På torsdag hadde eg fyrst «Nyere historie» før eg sykla heim og kasta nokre klede i sekken av di eg skulle til Oslo. DUS-festival. Den Unge Scene. Me skulle spele stykket vårt «Lilla» to gonger på festivalen, og sjå på mange andre stykker – samt møte kjekke folk. Hyggeleg var det, sjølv om det alltid må skje ein del drit ting når Odin er på reisefot. Alltid.

I Oslo held ein seg på rommet sitt

Flyturen gjekk greitt; hax flytog, sidan drosje til hostellet. Nei, ikkje hotell. _Hos_tell, ja. Turkameratane mine var særs misnøgde med standarden. Dei har tydelegvis ikkje vore ute å reist noko særleg – kvaliteten var jo superb i høve til kva ein finn på reisefot i andre land. Problemet med staden var meir mangelen av felles samlingsplass. Noko hostell normalt har. Vel, dei hadde jo det – men med stengetid kl. 11; det er jo ikkje særleg kult.

Hostellrommet, der me budde

Rommet vårt.

I Oslo sentrum så er det ikkje mykje å gjere på kvelden. Oslo «by night» syg til dei grader spør du meg. Eg tenkjer på kva min gode ven Espen seier til meg om vald, gjenger og kriminalitet i Oslo då ein diger neger med rastafletter plutseleg mumlar noko uforståeleg. Olav, som eg går saman med, snur seg for å høyre kva han sa igjen. «Vill do ha speed eller kåla?». Eh, nei. Me treng korkje kokain eller speed.

Stoda i ungdomteaternoreg

Me har sett mange bra stykker medan me har vore her i Oslo. DUS (Den Unge Scene) er eit opplegg der me har fått fire manus, og rundt 30 grupper rundtom i Noreg har satt dei opp. 12 av desse kom til Oslo.—DUS er berre eit testprosjekt, fyrste gong dei har hatt det; eg vonar det blir meir. Men trur dette var mitt fyrste og siste (eg er trass alt ingen skodespelar, og eg trur karriera mi er ferdig no når eg skal starte å jobbe). Men eg unner sjølvsagt andre gleia av å vere med.

Me treng betre teater for ungdom. Normalt har du teater for unger og vaksne, teater for ungdom finst liksom ikkje. Ungdom flest synest at teater er teit; det har noko med dei stykkene som blir sett opp. Om ei vaksenførestilling sel dårleg, annonserar dei det som ei ungdomsførestilling; et voilà; dritt på sitt verste.

Sosialisering

Me har truffe eit par folk medan me har vore her. Veldig mange faktisk. Dei me snakka mest med, og som eg synest var særskild interessante, var teatergruppa frå Sola. Ein gjeng veldig hyggelege jenter som har take kontakt med oss fleire gonger. Kjende dei allereie igjen frå den fyrste delen av DUS festivalen, det var våre oppsettinger som gjekk vidare frå Rogaland. Det var deira stykke eg likte best av dei me såg på den regionale festivalen. Dei spelte eit stykke som heiter «Orkhons Død» – sjølv om manus ikkje var utruleg fengande så var skodespelarprestasjonane enorme.

Orkhons død, jentene bukker

Sola-jentene bukker etter «Orkhons død». Frå venstre: Ukjend, Frances (Ivan), Rebecca (Thuul), Ukjend, Siri (ikkje Hege nei, det er tvillingsystera) (Orkhon/Oskar), Ukjend, Kjersti (Yöro), ukjend, ukjend, ukjend. – Berre halve gruppa. Synest eg har vore flink å lære namn eg…

Eg hugsar godt kor positivt overraska eg blei. Skal ikkje leggje sjul på at eg ikkje hadde så store forvetningar; det såg ut som om nokon av dei kunne ha gått på barneskulen! Men, altså; veldig bra. Andre gongen eg såg det blei eg jo ikkje like overraska, då eg allereie visste dei var gode. Thuul (Rebecca, «austlendingen»), Ivan (Frances) og Orkhon (Siri) var særs flinke.

Solagruppa var på ca. 30 personer, men det var berre rundt halvparten som spela. Dette var av di dei hadde laga to versjonar av stykket – så gjekk berre ein videre frå kulturskulen, men leierane meinte alle burde vere med. Bra tanke. Viktig å take med heile gruppa.

fÆst

Etter ei stund fann me ut at desse jentene var interesserte i Olec (ikkje alle, men iallfall brorparten). Gruppeleiaren deira sa det tilogmed. På festen som var på fredagen utfordra faktisk leiaren Olec til å gå å danse med ei av jentene – slik at dei kunne ha noko å snakke om på resten av turen. Olec, som meiner han ikkje kan danse, gjorde det. Nokre få sekund seinere stod det minst 20 ungdomsskulejenter rundt han og dansa. Hahaha, kjempemoro.

Olec og Rebecca dansar

Olec og Rebecca («austlendingen») dansar :D Sjå kor moro dei har det, hihihi.

Den festen var faktisk utruleg moro. Då me fyrst kom var stemninga temmelig slapp. Eg haldt på å stupe av søvnmangel frå førdagens seinere-enn-kl-3-maraton. Me hadde vore oppe og spela kort (eg og Bjørn vann sjølvsagt (Games, keeims!)), etter det låg me i sengene og snakka. Me hadde heile gruppa vår på eit rom; meg, Olav, Olec, Pernille og May-liz. Det var visst eigentleg ikkje lov. Men sidan Pernille og May-liz klåra skremme vekk dei førre romkameratane sine var det plutseleg plass til oss. Det var ei veldig hendig løysing. Eit problem blei det likevel siste dag, då eg ville sove grunna nær føreståande eksamen – men ingen andre ville. Det blei til at eg sovna rundt 2:30. Ikkje beste tidspunktet, men det blei jo iallfall litt søvn.

Same kva, tilbake til festen. – Eg dansa jo såklart, som mange av dykk som les heimesida veit. Litt tidligare på kvelden hadde eg snakka med Pernille (som dansar ballett) og May-liz; dei trudde ikkje eg dansa på festar. Dei kunne aldri sjå det for seg. Hm. Neivel :p. Men så veit eg ikkje om det eg gjer er dansing heller, kjem vel antakeleg ann på definisjonen. Er dansing rytmisk beveging til musikk så dansar eg i høgaste grad, men om ho er teit/idiotisk eller kul/fin er ein anna diskusjon.

Austlendingen :)

Eg kjende igjen ei av jentene frå Sola spesielt godt—men klåra ikkje stadfeste ho; heilt til ho kom bort til meg og spurde om eg gjekk på Salsa. Aaaah! Yes. Så då hadde eg jo faktisk eit levande bevis på at eg ikkje var ein antidanse-person; Kristine. Dei hadde visst kalla meg «Salsa-guten». Heh. :) Me hadde kallenamn på ein person i deira gruppe òg; Rebecca har ei austlandsk dialekt, så me kalla ho like godt «austlendingen» heilt til me lærde namnet hennar. Det er litt moro at dei hadde kallenamn på meg faktisk, det tyder jo at dei har nemnd meg ein eller anna gong. Det synest eg er kult :]

Show pÃ¥ det opne teateret. Flamme-kis.Me snakka ein del om «austlendingen» av di Olav òg synest ho var flink. Olav er i tillegg utruleg enkel å mobbe. Sidan han meinte ho var flink tyda det liksom automatisk at han var forelska i ho. Eg var fan av Rebecca – men eg kan tenkje meg det ikkje er like moro å plage meg med det av di eg normalt ikkje reagerer så fælt på det. Olav gjorde det, og frå då av blei han mobba med det. At han satt seg ned for å fortelje Rebecca kor flink han syntes ho var gjorde ikkje ting betre (eg synest det var ein kjempefin ting å gjere, kudos!). Same kva; det var kjempemoro iallfall. «Sjå! Der er austlendingen Olav; gå bort til ho då! :D».

Dansing

Tilbake til festen var det eit fantastisk flamme- og akrobatshow (eg er ikkje heilt kronologisk), pluss at me åt. Etter mykje raving kom leiaren til Sola-jentene bort og gav Olec utfordringa eg skreiv om tidligare. Det fekk meg litt vaken, eg fekk lyst til å danse då eg fyrst hadde klåra dra meg inn til dansegolvet. Litt seinere dansa eg. Om enn, ikkje så mykje – eg hadde nett snakka om dansing; då blei det litt vanskelegare å gjere det. Hadde ikkje vore moro å få «Eh, kallar du det der dansing?» rett etter eg sjølv hadde påstått eg iallfall kunne danse litt :p

Men same kva, det er keitt. Ingen gidd lese meir om slikt. Spole framover; eg dansa litt med Helen og Kristine. Seinere sto me 20–30 personer i ring og dansa – eg turde ikkje danse i midten av ringen. Hadde nok litt lyst – men lell. Teatergruppa mi prøvde dra meg ut – men eg turde ikkje :p Eg elskar å danse, men eg trur eg ser så teit ut medan eg gjer det. Siste songen blei spela. Ferdig. Hm. Pernille klåra få ein song til. Ho ville tydelegvis ha meg ut, fekk med seg Rebecca; då måtte eg jo berre. Når Pernille starta med slike kreative løysinger, hahahah. Genialt Pernille. Så då dansa eg litt i ringen. Hihi. Var særs moro.

Var nokon som kommenterte dansinga mi, – positivt. :) Jess! :D Hehe. Eg fekk òg skryt av Pernille :) Men så hadde jo ikkje ho forventa noko særleg heller då ;) Same kva, det var veldig moro – og kanskje eg synest dansinga mi er litt mindre uhøveleg no.

Teaterhøgskulen

Utanfør teaterhøgskulen, KHiO - fabrikkvegg

Hm. Det skjedde utruleg mykje på den turen. Eg må drepe mykje av det for å ikkje skrive for mykje, så eg får hoppe til dagen etter; stemmeoppvarming på KHiO (Kunsthøgskulen i Oslo – teaterskulen). Flott bygg. Var med Sola-gruppa igjen (jadå – har skrive det mange gonger no, men me såg dei ofte :p ). Katrine J. Ims, kjærasten til Olec, skulle til tredjeprøve. 30 stk på tredjeprøve, berre 10 kjem inn. I år hadde teaterhøgskulen rundt 600 søkarar, som allereie er «luka vekk». Ho er allereie ein av dei 5% som har kome så langt. Utruleg dyktig. :) Eg har forresten gått i teateret med Katrine heilt sidan eg starta, me spela i Robin Hood saman.

Stemmeoppvarminga var moro, me hadde ei søt «lærarinne», Anna, som gjekk andre klasse på teaterhøgskulen. Det var veldig hyggeleg iallfall. Seinare på dagen var det ei «høyring» som var sånn ca 75% keisam, medan resten var interessant. Bjørn (sjefen for Rogaland Teater: Barne og ungdomsteateret, og instruktøren vår) sa noko om at han ynskja å sjå sterkare kvinneroller i tekstane DUS fekk levert frå forfattarane.

Kei høyring

Kei DUS høyring. Bjørn synest det er keisamt.

Rebecca kom med ein replikk der ho sa det var sterke kvinneroller i nokre av stykka og kom med døme på det. Det var den fyrste og einaste replikken med ein viss substans frå ungdom den dagen. Bjørn tok ordet heilt i slutten og retta på seg; «Rebecca, det kom feil ut, eg meinte eg ville sjå fleire sterke kvinneroller». Så gjekk han bort ho, gav ho ei rose og ein god klem. Hehe. Det var høgdepunktet på den elles keisame høyringa. For meg iallfall.

Robert hadde kome midt inne i høyringa. Han hadde ikkje vore med oss sidan han måtte spele i ein konsert i Stavanger på fredagen. Det var ikkje lenge til me skulle spele stykket vårt no. Eg var fint lite interessera i å sitje å spise lunsj; no ville eg berre dusje. Eg hadde ikkje dusja etter festen førdagen, det tyda at eg kjende meg skitten. Robert sa han ikkje lukta noko – eg overproblematiserte sikkert. Lell, eg ville ikkje snakke med folk sidan eg kjende meg så ekkel.

Open dusj

Pernille har nett stått opp, rett før me drar til KHiO.

Nede i 2U på Det Norske Teateret fann eg til slutt ein dusj. Sjølve løysinga var ganske, hm, interessant. Det var nemlig kombinert WC/do/dusj. Dei hadde faktisk gjort den fine løysinga at ein måtte kle av seg rett foran døra ut til gangen. Ein kunne jo ikkje take av seg kleda inne i dusjen, då ville ein jo bli blaut. Så det var ikkje utan spente nerver eg gjorde meg klår til å dusje. Forventa at nokon skulle opne døra kvart sekund. Eg var rask til å kle om. (U)Heldigvis kom det ingen (hehe). Dusjen hadde eit slikt ekkelt forheng som flyg mot deg medan du dusjer og fester seg til kroppen din.

Oppvarming! Yes. Litt «sipp-sipp», ein oppvarmingsleik me plar ha. Aksel Hennie (Uno og Johnny Vang (kul film)) lo visstnok av oss då me varma opp :]—Litt tidligare hadde han litt spørjande proklamert at dette var Noregs beste barneteater. Men det var feil i følgje Bjørn; Noregs beste _ungdoms_teater! Hehe ;)

Fyrste førestilling i Oslo

Olav venter på at me skal ut å spele, medan Robert stemmer gitaren.

Spenninga mot fyrste førestilling på lang tid bygde seg opp. Energien stod i taket.—Før oss var ei veldig lang førestilling, ho høyrdest ganske treig og keisam ut òg. Folk var meir eller mindre sultne på underhaldning. Meg, Olec og Robert måtte hjelpe til på skiftet for å gjere det raskast mogleg (to stykker blei spela rett etter einannan, utan pause for publikum…). Me ville ha eit ope skift, så alle fekk sjå meg då eg var ute å bar på ting og tang :p Hehe, me fekk faktisk klapp og eg høyrde Sola-jentene snakke då me kom inn; «endeleg!». Hahaha. Koseleg :p

Pernille var ikkje nøgd, – det hadde visst gått veldig dårlig. Aiai. Krise. Meg og Robert stod utanfør og gjorde oss klåre. Men publikum lo meir og meir, dei var meir og meir tilstades og det høyrdest ut som om Olav og Olec spela veldig bra. Det hadde tydelegvis take seg opp – byrja hadde vore litt haltande, men det fiksa seg. Då eg og Robert kom inn var publikum varme, så det gjekk glatt :] Førestillinga gjekk heilt supert! Då me kom ut for å bukke sto publikum allereie! Sjukaste! Det såg eg ikkje ein einaste gong andre plassar på festivalen. Heilt usannsynleg kjempemoro. :D

Eg var redd for å gå ut – det er ikkje berre enkelt å møte skryt. Det er alt for lett å virke hoven :( Eg tok på meg nokre stygge klede og hang litt rundt. Olav hadde blitt sparka i skrittet under førestillinga – Olec traff ikkje skikkeleg :p Pernille og May-liz hadde sagt det til Sola-jentene. Hehe, det lo eg godt av då dei sa det borte på den faste hengeplassen (Deli De Luca). Genialt :] Ho hadde antyda noko om at han trong klemmer :p Hihihih.—Seinere stakk alle utanom Olav. Me gjekk ned mot teateret åleine. (Ein anna gong stakk jentene vekk frå oss då dei såg «Jorun» og «Tone» som var med i «Idol». Eg har faktisk fått med meg kven det er.)

Ei, eh, annleis andre førestilling

Lilla, prøvescenen på Det Norske Teateret.

Då me var nede med Det Norske Teateret blei me overfalt; fekk mange klemmer og skryt. Hihih. Alle synast synd på Olav. Hehe. Så. Neste førestilling; rett og slett elendig. Eg hadde kopla opp forsterkaren til Olav feil (in/ut-kablane stod motsett) sidan eg ikkje kunne teste utstyret då me bar det inn. Olav klåra ikkje fikse det, og Olec turde ikkje prøve; meg og Robert forklara han korleis han skulle gjere det—men han var vel for redd for å improvisere på noko han eigentleg ikkje kunne. Eg blei eigentleg veldig skuffa av Olec der. Kunne alltids funne ut noko. Blir for dumt å late som at det ikkje er eit problem.

Same kva. Det blei ein elendig førestilling. Eg var skitsur. Lot ikkje folk få sjå det då, men eg var det. :p Hehe. Det skulle bli verre. Når du allereie kjenner deg drit plar ikkje ting bli betre med det fyrste heller. Einkvar småirritasjon blir eskalert til eit høgare nivå. Meg og Olav hadde bært ein forferdelig tung koffert til teateret, no skulle dei tilbake. Olec skulle ut med Katrine. Greitt nok. Me var framleis 5. Robert måtte bære sine eigne ting sidan han nett hadde kome, litt verre. 4 stk, 2 som er jenter. Men så bestemte dei plutseleg at meg og Olav skulle bære heile driten til hotellet, av di dei heller ville gå til byen. Eh. Kanskje ikkje me òg ville det? Hekkan eg var sur då.

Litt slik misting osb

Olav, Pernille og Olec på badet.. Trøytte fjes.

Så eg sleit meg halvt i hjel. Det er ikkje tull eingong. Armane mine var heilt pumpa då me kom fram, – dei var harde som stål. Digre. Uff. Me fekk litt pizza (dårleg pizza då, menmen). Snakka med Ben (vår amerikanske ven) og Rebecca, Frances og Kjersti. Blei i betre humør då. Etter litt lura eg på kor kamera var blitt av. Kor i all…?—TADAAAAAAAAAAAAAA. Jodå, sjølvsagt. Skapet på Det Norske Teateret. Eg tok ut pengar, låna mobilen til Olav (mobilen min var òg i skapet) og ringde. Ringde, ringde. Akk. Dei har stengd. Eg fann ut at dei ville ha stengt til::: Mondag.

Mondag. Eg tenkte; kan jo like godt berre bli igjen ein ekstra dag åleine då? Men, nei. Kva hadde eg på mondag? Jo. Eksamen. Supert. – Så, då tenkte eg ikkje stort meir på det. Fekk ordna meg med fleire kontaktnummer slik at eg kunne fikse det heile frå Stavanger. Det fungera faktisk ganske bra. Litt plaga av at eg ikkje hadde kamera vidare, men hadde god tiltru til DNT.

Masse småaktivitetar

Av andre ting eg gjorde som eg ikkje gidd utdjupe noko meir (innlegget er for langt allereie) har me byvandring åleine. Då gjekk eg innom FotoVideo.no og såg på linser og filtre til D70-kameraet. Eg blei forelska i ei Nikon 12mm f1.4-linse! :D Ho kosta rundt 16.000 kr. Eh… Eg såg òg etter eit macro-objektiv, Sigma 105mm f2.8 EX Macro DG 1:1 såg ut som eit godt kjøp for 3.400 kr. Eg må sjekke den linsa nærare. Hadde vore moro med eit 1:1 macroobjektiv.

Elles var me mykje på Deli De Luca. Olav blei forelska i eit bilete som hang der, ei fin jente jobba der, me såg Jorun og Tone frå Idol og sat i vindauge og snakka om folk som gjekk forbi. Då jentene såg Idol-jentene blei dei jo heilt ville. Ein ser kva TV har gjort med ungane… Me gjekk i byen og åt på Egon på Karl Johan ein dag òg. Ah, og så kjempegod is i fina vêre! :D

Heimatt

Eg stod opp tidlig til frukost som vanleg (denne gongen var eg åleine), og las Morgenbladet medan eg åt. Etter det fann eg ein datamaskin på hotellet vedsida av hostellet! Jess! Eg sat meg ned og skreiv “Smokeh”. Så starta eg på dette innlegget. Rebecca osb gjekk forbi og helsa nett då eg skreiv om dei – heh, det var litt stilig :] Me gjorde oss klår. Ringte taxi. Til togstasjonen? Ok… Me fekk tilbod om å sitje på til flyplassen for 1000kr, – det var jo billigare enn flytoget; så det gjorde me. Vèl framme stod me å sjekka inn, då kom Sola-gjengen. Sjølv om dei hadde starta turen lengje før oss kom dei seinare. Mohawhahw.

Eg sat v/ gate og spelde gitar. Rebecca sat rett bak Olav og såg på noko bak seg, – Bjørn sa “Sjå der!” til Olav og pekte. Olav snudde seg og såg rett på Rebecca, berre nokre cm i frå. Haaha. Det var kjempemoro, Olav blei utruleg flau, medan me lo og lo. Hihihi. Var ei kjekk heimreise. Var ein kjekk tur. Kjempemoro :) No sèt eg sluttstrek og får heller fikse eit par bilete til innlegget. Godt gjort om du er kome heilt ned hit! Det var altså turen. I korte trekk :)