Merkelapp-arkiv: Russ

16 mai og ein hårklipp

Etter ein flott tid i badstua til Gaute drog det til Friheim. Grilling og musikk, samt masse russ og mindre kul alkohol stod for tur. Sjølvsagt ingen alkohol for meg, men dèt veit dykk jo! Eg hadde med saks, så eg fekk ein hårklipp. Elles traff eg og snakka ein del med Elisabeth Skatvedt som er hyggeleg medmålungdom på Hetland :)

Eg hadde med meg kameraet i dag. Det er alltid greitt med litt bilder – og sidan bilen var nær kunne eg leggje det fra meg òg. Noko eg aldri fekk gjort då – sidan eg dansa faktisk ikkje i dag. Eg fekk hårklippen ganske raskt, det lugga litt og alt var ikkje heilt bra. Men til slutt fekk eg ein staseleg hårklipp eg har hausta mykje god kritikk for. Dårleg omtale skal rettast til Anders Molland som kutta tett intill skallen – råttent gjort! Heldigvis fiksa Elisabeth Olsen det greitt opp sjølv om ho var full. Bra jobba :) No kan eg altså smykke meg med to knuter til i hatten.

HÃ¥rklipp, 16 mai.

Eg såg Elisabeth Skatvedt rett etter klippen, og gjekk bort. Ho går på same skule som meg, har same målform og stemmer same parti, likevel har eg ikkje snakka noko særleg med ho. Det er veldig synd. Heldigvis var ho like interessert i å snakke, så då fekk eg vekk den dårlige kjensla. Er ikkje moro å ikkje ha snakka med kule folk på skulen. Elisabeth er høgt oppe der blandt dei eg ser på som stilige, og difor måtte eg jo snakke med ho. Ein anna stilig ting er at eg har snakka med kjærasten hennar som bur i Oslo før eg snakka med ho! Kva er no oddsen for dèt!? :D

Me blei einige om å springe over bybrua nakne (det er trippelknute), men det blei visst ikkje noko av det. Eg prøvde å finne ho seinare, men det var vanskeleg. Trur ho drog. Same kva, eg er like lysten på å gjere det. Er ei enkel trippelknute. Er trass alt dei andre folka som ser på som får problemet – det er verre å sjå nakne folk enn å vere naken. Eller? :p Og forresten, kul sak eg ikkje fekk snakka med Elisabeth om – ho køyrer Linux! :D W00t! Det er kult! Ho er målungdom, sosialistisk ungdom, koseleg, kjekk å konversere med og ho køyrer Linux. Ærlig talt, kor kul går det ann å bli!? :D

Etter mange pølser (takk, kven no enn det var som hadde dei!) vimsa eg litt. Åt to pølser med Camilla J, det var utruleg koseleg. Etter det vimsa eg litt meir før ljoset gjekk. Musikken spelte framleis. Eg såg ikkje ein ting. Så gjekk det meir tid (eg veit ikkje heilt kor lenge) og musikken forsvann. Jaja. Då løyste det seg opp.

Gaute var mentalt vekk, drukke for mykje eller noko. Ikkje veit eg. Han satt saman med ein gut som sat å grilla buksene sine (sjå biletet). Han grilla dei av di dei var blaute sa han. Men eg trur han lika å sitje slik. Tor Eirik og gjengen hadde funne ei halvvegs dau jente og hjalp ho. Vonde folk som drikker seg så dritings. Ingen respekt til dei. Snilt av Tor Eirik å hjelpe.

Ein blåruss griller buksa si, medan Gaute er mentalt vekk foran bålet.

Eg såg Kine så vidt, prikka ho på ryggen eit par gonger; men anten så ignorerte ho det, eller så merka ho det ikkje :p Same kva, det var litt moro. Ville snakke litt med ho, men det gjekk visst ikkje. Hm. Så. Ville me dra, ja. Og det gjorde me, etter litt venting på at Teirik skulle få hjulpe jenta inn i ein taxi. Køyreturen heim var koseleg, me hadde fine diskusjoner. Tihi. – Så der var det! Eit kort resyme av kvelden. :)

Fyrste dag i kongeparken

No er klokka halv 4, eg er nett heime frå den fyrste dagen. Og eg kan ikkje sei anna enn at «Landstreff 2005» ikkje kan bli anna enn ein suksess! Wow, enormt kult. Sjølv om det regner så er det såå digg. Men kor digg hadde det vore om det ikkje regna? Nei, det veit me ikkje.

No vil eg eigentleg sove, så det kjem eg til å gjere òg. Tenkte berre eg måtte lage ein plasshaldar slik at eg på ein eller anna måte skrive bittelitt om kva eg gjorde denne dagen. Det er greitt å ha til å lese når eg blir stor ‘vøtt!

Ja, det har tatt si tid. Mykje som har skjedd. Eg skriver kort og konsist eit samandrag.

  1. Espen kom innom, me raste ned til byen
  2. Parkerte på «max 15 min»-parkering, drakk kaffi på Sting i superfart (vel, eg drakk, Espen hadde 29krs Eplemost)
  3. Drog heim, gjorde eit eller anna eg ikkje husker.
  4. Rånte bort til Jørgen Johannesen (Jg.a) – hang der med Pål og Stig. Såg på TV, åt pizza me fekk av Jørgen.
  5. Løste inn billetter i ekkelt regn.
  6. Kom inn.
  7. Såg mange kjente. Moro.
  8. Helste på Audun i bussen.
  9. Så husker eg ikkje heilt.
  10. Så.. Hm. Det var moro. Iallfall.
  11. Æsj, eg burde ikkje skrive slike ting mange dagar etter det skjedde.
  12. Eg var på ein konsert (hmm. Kva for ein??) Aahh, Phoenix. Trudde eigentleg det var dagen etter – men akk.
  13. Vel, litt før det dansa eg hardt uttafor bussene. Det var moro.
  14. Traff Kine før dèt igjen, ei veninne frå 8-klasse Ullandhaug (her går det på kronologien laus!)
  15. Hm. Så prøvde eg å treffe Fredrik. Min gamle bestevenn frå 1-klasse tilogmed 8, då han drog til Tranby/Drammen.
  16. Gjekk ikkje bra. Eg sprang fram og tilbake i regnet – var utruleg vanskeleg.
  17. Eg ville heim. Men fant ikkje Espen, fyren har ikkje operativ mobil eingong. Trine ringte, eg stakk til Audun sin buss (Kournikova – festbuss).
  18. Der var Espen, – etter det møtte me Fredrik. Sprang litt rundt.
  19. Køyrde kamerat Alexander heim, han gjekk meg og Espen i klasse med på Ullandhaug ungdomsskule.
  20. Snakka med Espen uttafor huset.
  21. Drog heim og skreiv det lille på toppen før eg sovna.

Så, no har me eit keisamt samandrag. Då veit eg iallfall sånn hallveis kva eg gjorde den dagen. :)

Roser e røe, dikt er sløsing av tid!

Pust pust pes. Eg e litt småirritert! Hadde planer om ta ein litt morsomme dobbelknude. Einaste probleme e at for å få godkjent ein dobbelknude trenge du et hovedstyremedlem eller to styremedlemmer. Det har seg då sånn at folk så e me i styre e altfor inkompetente te å møda opp på skolen og holda seg der. Denne beskjedne knuden gjekk då ud på å lesa opp et selvkomponert dikt og gi ei rosa te samme person som ska ver ein fremmed. Høres ud som ein geniale ide. Som regel e alltid blåprintå geniale. Som oftest blir det sølt kakao på blåprintå, derfor får du aldri udført det i praksis. Her e jafall dikte:

Du min kjære grunnkurselev, hvorfor er det alltid slik at havet er blått, mens dine øyne er fult opp av, ja, noe helt rått. Uansett fargenyans vil jeg si at du er topp. Er det en ting jeg ikke liker, så er det hip hop. Men nok om meg, fortell litt om deg. Du virker grei, men kanskje ikke like snakkesalig som meg. Jeg er født med mangfoldige recessive gener, som viker for min fotballtrener. En ball er rund, du er slank og tynn, hopps, jeg må rekke fotballtreningen om en stund. Sjenert og yndig som du er, fengslet du meg med dine klær. Det hele er nesten som et begjær, etterfulgt av mangfoldige politianmeldelser fra din far, som mor, til og med din bror. Det sårer meg at et liv har en dårlig belastningsevne i henhold til egen lyrikk. Uansett, ta dette produkt, vann det godt og ikke minst hold det deg nært.

Trodde fysst at dikte sko ver te ein grunnkurs elev, men det stemte då ikkje. Eg tar godt imod positiv tebagemelding angåandes dikte.

Når det komme te denne berykta roså, va den ein litt tristare historie. Roså va sikkert meint så et lide opplyft og ikkje minst bonuspoeng for min del. Svosj, me lige alle bonuspoeng. Men sånn blei det aldri. Siden eg aldri fekk lesa opp diktet pga. mangel av folk så konne godkjenna, fekk eg heller aldri gi blomst. Eg tog me dikt og rosa på Tirsdag (4 mai), då va me totalt 9 stykk i klassen heile dagen. Går omlag 25 personer i klassen, seie litt om litt. Roså fra tirsdagen måtte derfor hivas. I dag tog eg me ny rosa, naive så eg e trodde eg faktisk at folk ville møda opp. Historien blei aldri så sukkersøt. Plan 2 va dermed å gi roså te ei i klasså og drida i knuden. Men siden personen stakk (va redde for å bli kidnappa, derfor stikke du vekk fra skolen, kor du e trygge) fekk eg aldri gi ann. Derfor heiv eg rosa nr. 2 og.

Nå dride eg i den skitne knuden, alt håb e ude. Eg vil aldri bli framstilt som ein vaskekte Romeo. Drittfolk i drittstyre :(

Erobringa av McDonalds-grunnflata

Sola skin, fuglane syng og eg er på veg ned til McDonalds. Dei få metrane blir fort lagt tilbake av bilen til vår kjære russepresident Gøran. Minutter seinere går eg tilbake til skulen med Jon, med ein litt syrlig smak i munnen.

Så var det desse knutene igjen då. I går tok eg ingen, det var litt slappt. Eg var på russekro, hadde det periodevis utruleg moro, medan andre periodar ikkje var like moro. Tenk det, fyrste gong eg har vore på ein festleg samankomst og vist at eg ikkje har hatt det moro. Det har eg ikkje gjort før – eg har vel forsåvidt alltid normalt hatt det moro òg då. I dag blei det moro4. Ja, 4 faktisk. Ein for svett rygg, og ein for vond smak i kjeften.

Eg skal utdjupe for dykk som ikkje kjenner russeknutane, – jo fyrst gjekk me ned til “Obs!”, der dei har rulletrapp. “Me” er altså meg, Jon, Erlend, Gaute og Vidar. “Rulletrapp” er ein trapp med trappesteg på transportband. Denne gjekk me opp og ned 50 gonger, og for dèt fekk me ein knute. Det tok lang tid, det var hardt – og eg var litt paranoid i byrja; eg trudde folk skulle kaste oss vekk av di det står ”STRENGT FORBUDT Å LEKE I RULLETRAPPEN”. Men det skjedde ikkje, og eg kjøpte ein “sandwich”-is som belønning utanom knuta som eg får knytte når eg kjem heim.

Elles, det med vond smak. Ja, det er McDonalds + vond smak, – eg veit dykk alle tenkjer eg har ete ein hamburger på McDonalds. Det ville jo forklare kvifor eg har vond smak i kjeften. Men den vonde smaken plar ikkje vere syrleg. AHA. Nei. Ja. Når sant skal seiast så var det ikkje forferdelig, meg og Jon er einige at det var ein enkel trippelknute. Prøv det alle saman! Om alle gjer det kan me kanskje gå barbeint på McDonalds utan å bli skitne på føtene; Sleik golvet!

Så, no har eg då 8 knuter. :) _Dette innlegget er skrive på skulen. Å HEKKAN, det er skummelt å skrive i Internet Explorer! Bruk ein skikkeleg browser _

Skolen alle elske

Som dokker sikkert alle vett, har nynorsken te Odin indoktrinert oss negativt og positivt. For ein liden avklaring fysst; her vil det bli beta-nynorsk. Stavangerdialekt me andre ord.

Vimsa meg litt rondt på denne siå her, Odin e russ i år, vel å merka. Han e røe ja, men me ska’kje mobba di mindre heldige. Det lerte eg i KRL-timen i 8ende. Uansett tenkte eg å skriva litt om Mandagens hendelse.

Me kan begynna så tidligt som i 9 tiå. Me sko springa rondt Mosvannet, sjøl om det innledningsvis bare va 2 andre fra klassen så møtte opp (Har ingenting me “russ” å gjør og ja, ekstremt slakke folk så går i klassen min, røyg, røyg, dop avsporing). Uansett, 13.29 sprang eg på! Seinare den kvelden tenkte eg og 3 andre å ta ein russaknude. Sova i et tre fra 24:00 te 07:00. Kanskje ikkje sova, men jafall sitta. Ganske lame russaknude å prøva seg på, i tillegg va det ein ennå lamare plass me sko prøva å utføra dette verke på. Ja, Bjergstedsparken, kor trenå e 20 meter høge og de nærmaste greinene te bakken ligge på 5 meter. Folk seie eg e høge, men så høge e eg ei. Ironisk nok ligge det ein klatreklubb rett nerfor, gjorde jafall før. Eg vett heller ikkje ka me tenkte på når me valgte den plassen. Eg foreslo innledningsvis Mosvannet. Men tydeligvis e folk redde for narkomane og rotter.

Me hadde jo heilt klart handikappe på vår sia. Men det folk har vanskeligt for å forstå e at di så går allmenn påbygg e folk me kunnskaper og opplevelser andre folk bare kan drømma om. Enkelt og greit blei Bjergstedsparken forvandla te St. Olav vgs (synd di e blå, eller?). Fint lide område, di hadde jo til og med kameraer så pekte rett på oss, sko sikkert beskytta oss for alle drittfolkå så går forbi. Me tente på eingangsgrillen og stod klar me di saftigaste grillpylsene. Live e fint tenkte eg, heilt te den fyssta pylså blei forvandla te Atem junior. Fekk seinare et pylsebrød så blei ganske likt. Men det va et fint lide samhold, ennå finare siden de tri andre va jenter, men såklart, i min klasse e det sånn at alle jenter e opptatt mens alle guttane e single. Bagvendt verden me leve i.

Itte grilling av pylser, og ikkje minst vitser så va heilt bag mål, va det såving. Eg har aldri gått i speidaren, men eg fekk vel et lide innblikk om kossen speiderfolk/flyktninger har det. Å såva på ein benk ekje særlig godt. Hadde såklart den trofaste såvepåsen min “Karl” me meg, men te ka slags grad det hjalp vett eg ikkje. Eg ligge å ser opp i tage/veggen. Komme øve “Jan-Tore (huske ikkje navne heilt) eier styrkerommet”. Han Jan-Tore e sikkert ein harde kar ingen tulle me, tenkte eg. Uansett, den styste såveperioden va å fanga mydlå 06.00 og 07.00 kor eg kanskje såv ein halltime, og det va sammenhengandes på heila nåttå.

Host og hark, så va det på tie me skole, me gjekk ner te Bergeland. Synonym for skole e vel fengsel? Jafall sånn skolen har vært i det sista. Den glimrande konklusjonen min vil då bli at me ikkje fekk någen russaknude, eg fekk høra at det va ganske kaldt om nåttå. Men du vett, den beste varmen du kan få e Espen-varmen. Eg va rimelig trøtte på skolen, kor energien og va laber. Men opplevelse va det, og uansett ka det har å sei nå, me va jo på trebenker, egentligt burde me fått knuden. Ikkje minst, sabla stygge skole.

Russedrakta

Meg pÃ¥ trampolinen, med russetøy pÃ¥I år er eg russ. Så eg har russedrakt. Eigentleg ville eg berre vise bilete. Men eg må skrive litt tekst i tillegg. Eg har «Tux»:http://www.isc.tamu.edu/~lewing/linux/ på det eine beinet, malte pingvinen sjølv :) Han er kjempesøt! Det er logoen til «Linux»:http://kernel.org som er OS(operativsystem)-et eg er så glad i. Tux er så søt at eg kan putte han på russedrakta utan å vere rar, sjølv om det ikkje hadde stoppa meg! :D

HappyMeal og tur gjennom Auglend

I dag fekk eg to knuter til. Den fyrste fekk eg for å spise ein HappyMeal på under 3 min medan eg leika med leiken. Den var grei nok, ikkje vanskeleg (noko ein ikkje kan seie om melkesjokoladen!) – men Tone klarte han ikkje. Hihi. Eg klaga litt på ho av di ho absolutt skulle «rettferdiggjere» besøket hennar til McDonalds. Men reint indirekte så er det jo ikkje vår feil, russ vil jo take knuter – og når dei av ein eller anna grunn blir satt til å stø båe McDonalds og Coca Cola så er ikkje det vår feil, diverre. Det er ganske surt det der. Same kva,—eg klarte knuta :]
Litt seinere såg eg på at Audun og Oddgeir drakk 1l melk på under 1 min og på at Gaute spiste 6 kinderegg og satt saman leikene på 10 min, dei var alle rett før fristen. Audun klåra ikkje ete HappyMeal på 3 min, medan Maksim prøvde å take sjokoladeknuta – men HAH, klåra det ikkje!
Etter ei stund ville meg, Audun, Pål, Oddgeir og Gaute take knuta der ein skal gå gjennom ein barneskule i storefri. Gaute meinte det var så enkelt. Etter litt vimsing var me med Auglend, og eg skal seie deg – dei ungane blei heilt hysteriske! Dei kasta seg foran beina og forlangte russekort, – min dagsbeholdning på rundt 50 kort blei raskt rivne vekk. Velvel, kven sa dèt var ei enkel knute? Men kjekk var ho, utruleg moro! :D

Å spy i skulegarden i spisefri

Etter 200g sjokolade på 5 min, 1 boks «Frisk» og nærast ein halv liter Bonaqua på nokre få sekund kom store deler av Bonaquaen ut att. Det er ikkje kjekt å styrte ting, iallfall når ein ikkje skal puste medan ein gjer det. Eg trudde jo at når ein styrtar ting så skal ein ikkje puste – det var jo feil. Då eg hadde pressa store deler av det ekle «vatnet» ned i halsen kom det ut i ein fin fontene-liknande stråle. Eg traff blant anna Ellen Marie i klassa.

Så fekk eg vondt i hjarta, ikkje sånn vondt eg plar å få når eg ser noko som er klisjé – men sånn fysisk vondt. Nokre minutt tidligare hadde eg som sagt fyrt nedpå med sjokolade, det var ekkelt. Eg var nær med å spy fleire gonger i løpet av dei fem minuttane. Det hadde roa seg då eg blåste Bonaquaen ut igjen. Bonaqua er faktisk ikkje særlig godt, det er reint vondt – i tillegg er det Coca Cola som produserer det. Eg lurte på om ein heller kunne bruke Farris (som er litt mindre ekkelt, pluss det er norsk), men neidå, det gjekk ikkje! Det var kanskje ikkje så rart at Bonaquaen kom ut lell. Men tingen var at det berre var litt av Bonaquaen som kom ut, – eg brakk meg av di eg følte eg drukna (eg pusta ikkje), noko av Bonaquaen kom ned. Eg hadde vondt i hjarta, vondt i lungane, vondt i kroppen. Eg satt meg ned med ein benk, ved sidan av syskjenbarnet mitt Rita, spytta litt. Etter ein stund kom resten av Bonaquaen opp, men denne gongen hadde han med seg ei blanding sjokolade og frisk òg.

Så klappa folk. Dei liker visst at folk spyr. Eg likte det eg òg. Eg hadde ikkje vondt lengre. Alt var godt. Var herlig å spy. Eg fekk «sjokolade på fem minutt»-knuta det storefriminuttet, men ikkje Bonaquakorken. Vel, får take den seinare.