Merkelapp-arkiv: Salsa

Salsakurs ferdig

Javel! Då var 6-ukers Salsakurset ferdig for meg. Då kan eg ein god del meir salsa enn det eg kunne då eg starta ;) Moro. No gjeld det berre å finne nokon eg kan danse med – men trur ikkje det er mange. Dansing er ikkje så forferdelig populært diverre.

Det har vore 6 kjekke tirsdager – eg lurer på om eg skal fortsette på dei meir avanserte kursa (dette var forståeleg nok eit nybyrjarkurs). Faktisk var eg berre tilstades i 5 av dei, men det gjorde ikkje noko – har kome inn i det lell. Me byta dansepartner ca kvart 2–3 minutt, fungerte bra. Nokon av jentene var flinke og enkle å danse med, medan andre var så slappe i kroppen at det var heller vanskeleg å føre. Så om eg skal få meg dansande kjærast (vel, eg hadde vore glad for berre kjærast – men kan jo iallfall håpe på litt meir? :] ) må eg passe på at ho har litt muskler slik at det blir lettere å føre og danse bra. Men dei fleste har jo muskler heldigvis.

Kosta vel ein 300kr, om eg minnest rett. Og – ja, om nokon er interesserte kan eg lære dykk litt salsa no ;) Sjølv om eg ikkje forventer den store pågangen. Det er jo ikkje særleg maskulint å danse, – og såvidt eg veit er det ingen jenter som leser på denne sida, såå…