Merkelapp-arkiv: Shopping

Thailand dag 1, Bangkok

So er me i Bangkok og det fyrste som slær meg, og som eg óg venta på er varmen når eg gjeng ut or flyget. Det er alltid ein luftvegg av tyngre, varmare luft. Eg er viss på at flygi tek med seg og kjennest ut som Noreg ganske lengje og so vert forskjellen ganske klår når det plutseleg er ny luft. Det er varmt og klamt, høgt luftfukt.

(Klokka 12.00)

Nett no sit eg på May Kaidee’s Vegetarian Restaurant. Helene ligg og søv på hostellet fem minutt unna. Eg er ravsvolten og tom i magen, det er Helene òg, men ho søv veldig tungt nett no, so det passar nok bra det òg. Var litt usikker på kva eg skulle tinga, so eg tok noko som på ein måte vart tilrådd av servitrisa etter eg spurte. Ris- og grønnsakssuppe er nok neppe noko eg hadde teke sjølv (etter biletet og namnet å døma), menmen, sikkert bra.

«Ahh, got your water already,» kom servitrisa nett og spurde medan ho slo på vifta på veggen rett yver meg.Interessant nok so hev denne plassen eit kokkeleringskurs, det hev eg ikkje sett andre plassar fyrr. Ho står no engasjert og forklarar for ei gruppe amerikanarar ved eit bord heilt inne i lokalet. No fær eg truleg maten min snart.

Me landa i 5-6-tidi i dag tidleg, og fann fort ut at flybussane la ned 1. juni, altso rundt ei veke fyrr me kom. Det øydela den planlagde planen sjølvsagt. Etter ein del fram og attende tok me Skytrain til siste stasjon og praia ein taxi. Turen skulle taka 10 minutt, men med den tette og ville Bangkok-trafikken tok det opp mot ein 40 minutt. Og prisen? 16 kr.

(Klokka 20.50)

Eg og Helene sit på Pizza Hut. Det vil segja, Helene er på do nett no. Me hev vore på eit av Bangkok sine mega-kjøpesenter MBK i ein 3 timar. Stressa som ein galning med kamerakjøp. Helene gjekk rundt for seg sjølv og handla og koste seg, då eg seinare traff ho hadde ho m.a. kjøpt gåve til Ida. Panasonic GF2? Kva objektiv? Olympus PEN? Eller ikkje mikrosystemkamera, men veldig kompakt? Som Canon S95 mot Panasonic LX5 og Olympus XZ-1.

Eller kva med Fujifilm FinePix X100? Den brekker banken og hev fast påmontert objektiv. Helene segjer «Men kva skal eg gjera på konserter då, når eg vil taka bilete av artisten?». Nei, det er berre ein fast vidvinkel på den, so det gjeng ikkje då.

X100 kostar 10500 i Noreg, som er ganske mykje for eit kompaktkamera utan zoom og utan høve til å endra objektiv. For min del er det perfekt, på eit slikt kompaktkamera vil eg ikkje stressa med å byta objektiv. Det er peik-og-skyt.

Zoom vil eg ikkje ha då eg fyretrekk liten storleik og viktugast av alt; høg ljossensitivitet. X100 hev òg ein stor APS-C-sensor, so han er større enn sensorane til micro four thirds-systemet. Sony NEX-3 og NEX-5 hev òg APS-C-brike og same med Samsung NX10, men båe dei to er stygge som fy. Veldig billege då. På dette punktet bør de forstå min frustrasjon.

(Seint på kveld)

Den siste (og fyrste) X100 var nett utseld då eg kom ned att. Dei er ganske umoglege å få tak i grunna problemene i Japan, diverre. Eg stod so saman med Helene og klarte ikkje velja mellom Panasonic GF2 og Olympus PL2. Til slutt var alle saman inkludert seljarane irriterte og slitne av problemet mitt med å velja, so då gjekk me berre iom. at dei stengde. Fær fortsetja det i morgon.

So me sat altso på Pizza Hut, åt mellomstor ostepizza som viste seg å berre vera liten i våre augo. Etter det tok me ein Tuk-tuk heim att etter me hadde pruta prisen ned frå ekstremmykje (40 kr) til framleis ganske mykje (14 kr) for ein 10 minutt tur 1.

Tidlegare på dagen so tinga Helene tur til morgondagen, då skal me sjå brui yver Kwai, taka «Death Railway» og ri på elefant.

Bilete kjem truleg ein gong.

  1. 14 kr er jo framleis skitbilleg mtp. taxi- og transportprisar i heimelandet []

Helene med ny frakk i Praha

Helene_m_frakk

«Forslag» frå Helene her me sit på Starbucks og ventar på å taka flyget til Dubrovnik:

«Legg ut bilete av meg i den nye frakken og skriv ‹medan familien min shoppa heile víka venta Helene til siste stund og shoppa berre ein kjole!› Ja, og so Hegel då. Skriv det. For då høyrast eg so smart ut.»

So det er altso grunnen til dette helder utypiske innlegget frå meg. :-) Eg kann òg fortelja at eg fekk kaupt ein decaf coffee her, og at han smakar himmelsk. Helene segjer han er betre enn all anna kaffi ho hev smakt. Dessutan måtte eg jo hava kaka, er jo år og dag sidan eg hev hatt kaka+kaffi.

Helene gjekk inn og spurde um varmt vatn, og personalet var so ekstremt viljuge til å hjelpa at ho vart heilt frå seg av ovundring og kann no knapt sitja stille på stolen. Ho hev altso med seg teposar og fær no gratis te. Noko ho set veldig stor pris på (iom. at ho brukte dei siste pengane sine på kjolen).

decaf_coffee

Ah, forresten, det fortset, eg fekk med meg dette ut av ordstraumen som kjem ut or den lettare hypre Helene:

«Skriv du um meg, skriv du um meg!? Du må hava eit eige kapittel um meg! Hmm. Forresten, hev du eit bilete av at eg les Hegel?», held ho fram. Ho kjem inn på ein heil del snakk um flyplass og nestle-bar fyrr ho til slutt må forsikra seg at eg ikkje hev gløymd alt det der med Hegel og bilete av ho med frakken.

So, ja, slik gjeng no dagane ;-)

Oppdatert eit kvarter seinare: Eg fekk eit heitt tips um at det var fullt mogleg å byta til eit litt mindre uflatterande bilete, og at det var sterkt tilrådd å gjera det brennkvikt. So, gjort. :-)

Elles fekk eg høyra at det visstnok heiter «Kåpe» for jentor, men «Frakk» var meir sexy. Dessutan fekk det meg til å høyrast dum ut, som var ein bonus Helene godt kunne leva med.