Merkelapp-arkiv: Sivilteneste

Satan inni helvettes Windowsdrit!

Eg er så drit lei av å jobba på Randaberg nett no! Mine verste draumar om å slita med noko HELVETTES WINDOWSPISS har vist seg å vera sanne. Eg er så jævla lei av å fiksa noko piss som ikkje fungerer! Windows på tenar? Windows som kritiske system for printing og eit kortsystem byggja på Windows? Korleis kan folk vera så MONGOTEITE!?!??! Kvifor bygg dei ikkje løysingane på Linux og allereie fungerande, gode opne kjeldekode-prosjekt? Satan, så vanskeleg alt skal vera når ein ikkje gjer alt sjølv.

Eg trivest utruleg godt her; men med dette helvettes kort- og skrivarsystemet trivest eg ikkje i det heile take. Det er noko ekte piss, eg hev bruka enormt mykje tid på det – men det går knapt nok frametter. Det fungerer på ein måte, men problemene er store nok til at eg kan bruka heile dagane på det. Når kortsystemet ein gong blir ferdig og fungerer (utan stress), ELLER levert tilbake, kan eg få ro. Det vonar eg skjer snart… Pissesystem.

Notat: Eg hev skrive fleire slike Windows-innlegg, men aldri publisert dei skikkeleg. Trur eg. No kan eg leggja ut dette i staden for det lange nynorskinnlegget eg mista. Så då blei det oppdatering, lell. Kanskje eg skal ut med eit av dei andre óg, no som eg er i gang. Må vel skriva litt meir på dei, jaja.

Misslukka filmdag på sørlandet

Ei gruppe på skulen trengte skodespelarar. Dei ville gjera ein skikkeleg kortfilm. Dei spurde om eg kunne finna nokon, og seinare om eg kunne vera med å hjelpa til. Det ville eg sjølvsagt. Laurdag sist veke blei eg henta nedpå vegen kl. 11. Vèl nede på bensikken der bilane skulle møttast fekk me kontramelding; problemer med å finna Bjørn, guten i filmen.

Køyrde den superkorte vegen til Prix. Etter ei god stund kom den andre bilen. Idun, jenta i filmen gjekk over i den andre bilen slik at berre meg, Fredrik og Ole Magnus1 sat igjen. Sidan det var ein kassettspelar i bilen, høyrde me ein flott historie om Donald på safari. Synd me ikkje hadde boka som gjekk med, det var eit stort tap. Me blei konstant merksemd at me mangla boka då snu-sida-i-boka-di-lydene pinga.

Utstyret skulle hentast i Sandnes, på Kverneland Auto. Dette tok særs lang tid, og me kom ikkje igang før ein time etter me eigentleg skulle starta. Endeleg på veg. Me stoppa utanføre Bens kafè og gjekk inn. Sat opp utstyret og bruka sikkert ein time på tull. Ole Magnus knuste eit bilete med ramme og glas, me bruka masse tid på å finna flotte vinklar me til slutt ikkje bruka, me gløymde taka lyden til dubbinga, eg spelte elendig tilsett i kafèen og folka i kafèen blei sure pga. biletet.

Etter ei tid var me ferdig. Då hadde Helene Stenhaug òg kome saman med Børge. Ho fekk ikkje lov til å køyra med oss pga. køyreerfaringa til sjåførane. Ole Magnus og Trond er sikre sjåførar – det er ikkje Børge. Men for å lura foreldra drog ho seinare og sa ho tok toget. Då måtte ho køyra med Børge, som ironisk nok er ein forferdeleg farleg bilist. Så mykje for å vera overbeskyttande foreldre. Ikkje, ikkje bra. Neste gong skal eg køyra, eg er trass alt lærar på skulen.

Scenene på Bens var take, og det utruleg seint. Turen opp til hytta og vegene der starta. I fyrste scene køyrer Bjørn og Idun på veg til Kristiandsand, men dei mister bensin og må finna dette hos ei hytte langs vegen. Sidan Bjørn ikkje har sertifikatet måtte me trekkje bilen med ein anna. Dette skulle me gjera der oppe i isødet.

Etter me hadde snirkla oss langs sneglete veger oppover til hytta var me framme. Trond køyrde ned på ein nedsnøa parkeringsplass, Børge køyrde ut i grøfta og Ole Magnus følgde Trond. Børge kom seg ikkje opp igjen. Helene, som framleis turde sitja på med Børge, lo og lo. Me måtte trekkja han opp. Det gjekk ikkje bra. Ole Magnus sat i varebilen og gravde han lengre ned i snøen medan trekkbilen spann. Vel, det gjekk ikkje.

Så skal me berre stå her i heile evigheita? Nei. Fredrik plaga bonden litt lengre nede, medan eg byrja grava bilen fram sidan eg hadde jærbunad på meg. Jærbunad, òg kjend som kjeledress, er faktisk heilt fantastisk superherleg å ha på. Medan alle utanom meg frøys seg halvt i hjel lika eg faktisk betre å vera ute enn å sitja inne i bilen. Wohoo. Eg kunne like godt berre kasta meg ned på kne og starta den spanande utgravinga.

Etter eg hadde gjort ein halv times ærleg arbeid kom Fredrik tilbake med eit par matter han hadde lånt av ei hytte. Med mattene godt plassera under hjulene (vel, eigentleg ikkje, fekk dei ikkje ned) prøvde dei ryggja opp. Men, nei. Me fekk fram den andre bilen igjen, eg sat meg i og starta dra – medan resten dytta. Eg hadde fått ei matte under dekket som i rekordfart føyk bakover då eg spant på vegen. Eg fekk hallvegs grep igjen, gutene pressa på, varebilen sto i revers. Plutseleg kjende eg at me drog. Sekund seinare var bilen oppe. Ekstase! Me var kjempeglade.

Så var alt bra. Me skulle vidare. Vår bil køyrde ned, dei kom ikkje bak. Hm. Telefonen til Fredrik ringde, det var Helene. Ho lo, og lo, og lo, og lo. I eitt heilt minutt. Det var loco. Snu, snu, sa eg til Ole Magnus. Noko me òg gjorde. Då forsto me. Den andre bilen klåra ikkje starta. Straumen var gått. Ingen straum. For å halda seg varme medan me fiksa den andre bilen opp av grøfta hadde varmevifta i bilen stått på. No var batteriet daud. Ingen av oss hadde startkablar. Me spurde dei vanlege naboane rundt oss igjen, men ingen hadde. Hum.

Me kan dytta han i gang, sa eg. Eller trekkja han i gang med ein av dei andre bilene, kom det fram. Kobla bilen til den andre, men det gjekk dårleg. Måtte dytta han på plass lell. Då bil 1 stod 90 grader på bil 2. For alle som forstår litt matte vil det tilseia at dekka på bil 1 ikkje vil bevega seg og motoren vil ikkje dreia om. Tullete forsøk. Så fekk me endeleg prøva dytta bilen heller. Det gjekk ikkje fyrst. Men eg var sikker på at me kunne betre. Ikkje alle var like interessera i å prøva på ny då. «Det går ikkje likevel». Det var eit lass folk i bilen som ikkje gjorde mykje fornuftig mtp. å få starta bilen. Alle kunne vera med å dytta og få bilen endå lengre opp i minibakken. På vegen ned kunne me god nok fart til å få start på han.

Eg treng vel ikkje seia det fungerte. Men… OK; det fungerte ypparleg, som alle mine planar ^^. Hihi. I løpet av denne seansen hadde eg kome med ein spådom at det ville skje eit tredje stort problem relatert til bilane. Wohoo. Spådom. Jaja. Så køyrde me endeleg ned. Eg spurde Helene med augo om ho ville koma og sitja i vår bil, – men ho hadde ikkje moglegheit. Ho ville vel ikkje vera frekk og forlata den dårlegare2 bilisten. Børge la seg fyrst og etter litt forsvann dei. Me såg dei igjen ein halv kilometer framfor oss nedover ein tynn, svingete fjellveg. Eg la merke til kor utruleg raskt dei køyrde, dei akslerera faktisk i nedoverbakken. Hum. Rart.

Så var det tid for å filma køyrescena, etter enorme forsinkingar. Med jærbunaden på slengde eg meg velvillig under bilen for å festa slepetauget. Me sat opp det trådlause utstyret medan Ole Magnus fiksa kamera klårt i varebilen. Alt klårt. Dei starta køyra. Bjørn og Idun relativt nervøse. Me stod og såg på. Plutseleg hoppa den trukne bilen noko enormt. Så stoppa dei. Der sto dei. Hum. Rart3.

Me blei så nyfikne at me måtte køyra bort. Det hadde vore kommunikasjonssvikt. Filmbilen er bilen som blei trekt. Varebilen er den som trekkjer med kamera og alt i.

  • Filmbilen hadde plutseleg bremsa (for å simulera lite bensin)
  • Varebilen blei holdt igjen av dette bremsa sjølv
  • Filmbilen slapp bremsane på grunn av sjokket og raste mot varebilen
  • Alle trudde dei ville krasja
    • Varebilen akselererte raskt for å unngå kræsj i baken
    • Filmbilen bremste for å unngå å kræsja i bakenden
  • Varebil trekker plutseleg meir framover, filmbil meir bakover.
  • PANGshwoop
  • Det kraftige slepetauget rauk…

…Og spådommen min viste seg å vera sann. Ganske fantastisk spør du meg. Idun og Helene som sat i kvar sin bil, var veldig rysta. Det blei litt mykje. Etter dette ga me berre opp og starta heimturen. Var mørkt og me hadde bruka heile dagen. Eg ville heim og treffa Rebecca, dei andre hadde òg ting å gjera.

Denne gongen hoppa Helene inn med oss, det same gjorde Idun. Blei veldig trangt i baksetet no. Eg var skitvarm (superbunaden min!!!), Helene veldig kald og Idun superkald. Var ganske moro, eg varma kalde Helene, medan Helene varma superkalde Idun. Eg fekk òg avkjølt meg sjølv slik sidan eg ikkje fekk lov å ha vinduaget ope. Fredrik satt på Jungelboka med stor entusiasme. Det tok ikkje lange tida før han sang med største innlevinga. Han kunne alle songane utenatt. Dèt er kult det! :D

Så fekk me vita kva som hadde fått Helene til å hoppa over i vår bil. Børge hadde råkøyrd nedover fjellvegen (som eg hadde sett), og berre gassa meir på då ho sa han måtte slakke ned. Heh. Det var utruleg tydeleg på ho at ho trudde ho skulle døy. Etter ein koseleg heimtur var me framme, eg hoppa ut og gjorde meg klår til å dra til Sandnes…

Det var ein relativt misslukka filmdag. Sjølv om han var utruleg morosam elles. Dei har framleis over 90% av filmen å filma. Det er jo litt demotiverande. Menmen, det går vel betre neste gong – då ein har lert litt meir. For Helene var det ein kjempekjempespesiell dag, eg har opplevd ein del liknande – men det var mykje bra på ein dag. Særs moro

Fotnoter

1 Ole Magnus, lillebror til Tor Haakon Totland i gamleklassen min, ja. :-)

2 Dårlegare tyder her farleg, ikkje teknisk dårleg – men særs lite respekt for trafikken og enorm tru på seg sjølv som superbilist.

3 Ja, eg veit eg har skrive «Hum» eller «Hum. Rart» mange gongar no. Tilogmed på rad dei to av paragrafane.

Eg er lærar

Dei siste dagane her på Randaberg så har eg drive med noko anna enn å berre vera i IKT. Vel, ­- anna har eg gjort heile tida, men ikkje som lærar på den måten. På onsdag hadde meg og Gjert om xhtml og CSS for ein grunnkurs media og kommunikasjonsklasse.

Det var Gjert som spurde meg om eg kunne læra han eit par nye knep til vevdesign og ­-utvikling. Eg hadde allereie lært Yvonne i VK1­-klassa om dette. Etter ho hadde gjort ferdig oppgåva si i GoLive (eit program til å laga internettsidar) laga me ho på ny for hand i TextEdit. Kan ikkje seia anna at sjølvsagt blei vår nye side mykje, mykje, mykje betre. Eg skal ikkje taka heile tala om kor bra xhtml+css er her, men abstraksjon av innhald og design er verkeleg framtida.

Bruka mykje tid på å få inn alle konseptane, hadde mange eksempel og eg lot Yvonne kode alt sjølv. Det tok sjølvsagt lang tid, men då får ho sjølvsagt mykje betre forståing av det, hugsar det lettare; som er bra. Det kan eg ikkje gjera med ein heil klasse, ­- den undervisinga er mykje enklare, meir praktisk. I ein klasse har du òg interessera folk blanda med dei som synest det er vanskeleg før dei har prøvd.

Gjert seier likevel at han ikkje normalt ser dei så interessera og aktive. Dei gløymer friminutta sine og sit heller inne og kodar (lét kjend, mine datainteressera vener? ;-) ­). Dette er ein ca. 10 stk. óg, så Gjert blei verkeleg imponert og stolt. Greitt å kunna læra dei noko skikkeleg, å koda sjølv.

Slitt mellom oppgåver

Eg har blitt litt slitt mellom dette då. Eg har jo framleis masse IKT­-oppgåver å taka vare på. Gundhild på biblioteket byrjer bli irritert på at eg gløymer å koma for å sitja å passa på der. Ho skal gå til lunsj og vil at nokon skal passa på biblioteket; det er meg. Eg gløymer tida fort. Får ofte telefonar frå ho òg, om skrivarar som klikker. Oooops! Eg må faktisk springja bort no og fylla på papir, hadde heilt gløymd.

Slik… Same kva, ­- Geir (sjefen) har nokon gonger mått ringja meg for å få meg til å hugsa. Og med fleire høve har eg mått springja bort på verkstaden for å hjelpa lærarar. Sjølv om eg har vore inne i ei klasse med nok av folk å hjelpa der. Men det er jo IKT­ som er hovudområdet, burde ha prioritet. Alle dei viktige oppgåvene iallfall, men er jo trass alt ikkje kvar dag at ein lærer vekk nyttige ting.

Har brukt nærast to dagar på undervisinga no, ­- men dei har neste uke til å gjera det på òg. Godt. Bra me får lært dei noko skikkeleg, ­- alle burde kunna xhtml+css. For å visa genialiteten til innhald/design­-abstraksjon plar eg visa dei CSS Zen Garden. Ein verkeleg flott plass for Ekte Nettlesarar&tm; (Mozilla FireFox, Opera el.l.).

Utruleg moro å undervisa. Lurer på om eg kanskje skal bli lærar… [w00t, rask avslutting]

Odin Bond fiksar pcar rett før bygget sprengjer i lufta!

AHAHAHH! Dritkult! :D Eg er nett kome frå jobb, og der var alarmen i ferd med å gå medan eg hadde eit par rom med pcar eg fiksa på igjen. Det blei springing. Det blei høg puls og utruleg spenning! Hahah :D Var slik stemme ute i vrimleområdet (frå ein pc) som fortalte at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart. Nett som i ein spenningsfilm!

Ååå! Eg er så gira! Dessutan ringde eg Reb og skal bort der når ho er ferdig med å sjå film. Okok, går litt tilbake igjen. Det er sundag i dag, kvifor var eg på jobb? Jo, nokre speidarar frå tasta hadde døgna og hatt LAN på skulen. Difor skulle me vere med dei, dessutan måtte me ghoste ferdig pcar, og eg måtte sjå til å fikse dei som ikkje funka skikkeleg. Eg hadde ein kei dag på jobb i går, skreiv på eit innlegg om det; som eg viser her:

Lang dag på jobb

Arh. No er klokka kvart over seks. Eg har endå ein time igjen. Då skal eg heim og jobbe endå meir. Med firma mitt då, skal redigere for Pat som kjem bortom. Når han dreg kjem eg sikkert til å redigere på “Hva er det med Monica?”. Med andre ord over 12 timars arbeidsdag.

Vel, om meg og Pat blir tidlig ferdig vil eg sjå om eg kan dra åt Rebecca. Eg har fått meg kjærast, men har ikkje klåra skrive noko om det. Vil ikkje at det skal vere korkje klisjé eller kjenslelaust. Har rett og slett vanskeleg for å skrive slikt, treng vel tid på det :)

Eg får heller ikkje snylte middag av Rebecca og familien i dag, så det blir kanskje frukost (halvt grovt horn med smør, ost, skinke, egg og agurk) og nattmat (5–6 økologiske knekkebrød med smør og ost) som elles. Jaja. No stikk eg herfrå og gjer meg klår heime. Er masse speidarar som spring rundt i gangane her, får fullføre dette innlegget heime heller.

Tilbake

Åh, så original overskrift. Jaja, eg gjorde ikkje ferdig det innlegget som dykk ser. Men Pat kom, eg lagde middag (skulle vere omelett, men blei noko heilt anna – eg lagde fyrst “scrambled eggs”, så putta eg mjølk og mel i (wtf!?), dette åt eg med brød). Var litt godt, men eg lagde visst for to, så eg åt berre halvparten.

Meg og Pat jobba, eg var så trøytt eg kunne daue – eg var sikkert ikkje særleg moro å jobbe med :P Hihih. Vel, det blei betre. Mamma og pappa kom heim, pappa var dritsur, eg lo av han. Det fekk meg i litt betre humør. Han irriterer seg slik. Stakkars mann. Leve litt. Ikkje bry seg om ting som trass alt berre er ting. Eg hadde ikkje vore så mykje heime av di eg har vore med Reb, difor har eg ikkje sett at postkassa var 100% stappa og at bossdunkane framleis stod på vegen…

Eg jogga med Pat til bussplassen. Eg hadde tenkt å ringje Reb på tilbakevegen. Det gjorde eg. Godt å iallfall få snakka med ho. Ho hadde skrive eit innlegg om at me var kjærestar, men ikkje lagt det ut. Dette las eg og dagen var kjempebra etter det :D Ho har lagt det ut no; Beccaland – Jeg er forelska!. Eg var heilt frå meg av å lese dette i går! :D Ho har skrive så fantastisk herleg og kjensleladd, ei sann fryd å lese. Eg blei heilt vekk av det :D Hihi. Den elles keie dagen.

[00:53:06] Odin: Oooh, eg leser det Reb har skrive. Hahah :D (l) Ho er så søøøt :D

[00:58:09] Odin: Oooooooooh, fantastisk innlegg ho har, hekkan så flott. Du burde glede deg : )) hihi. Kan hende det tyder mykje meir for meg, då menmen ;) Er moro for deg óg, det veit eg.
[00:58:39] Inziladun: hehehe, jævla teaser ;) tihi :P
e litt morsomt ja :)
[00:58:55] Odin: Ååå, hahahah. Eg kan liksom ikkje slutte å superglise :D Hahah, eg er så lukkeleg : D
[00:59:17] Inziladun: hihihi, fancy-schmancy! thats a new Odin! ^^
[01:00:08] Odin: Eg skjelver slik eg gjorde då eg hadde sagt til Reb at eg var forelska, skjelver slik. Slik god, men likevel ganske anspent. : )
Sto slik og klemde ho, medan og skalv.
Hahah. Hihi. Skal sende melding åt ho; så veit ho at ho kan leggje det ut med ein gong ho er på pcen. : )

ODIN HAXXORZ SCHOOL

MEN! Hihi. No er me her i dag! :D Hadde sagt hade åt speidarane, meg og Geir (sjefen) hadde starta opp 29 pcar på det rommet dei satt; dei skulle tilbake til “skulemodus”. Elles har me reinstallert alle dei ~300 pcane på skulen for å få inn 5 nye skrivarar + oppdatere win98 (spypå) med sikkerheitsfiksar. Ein del av desse pcane fungerte ikkje då me var på runden i går. Difor sprang eg rundt å fiksa.

Eg såg på klokka. Wooow. Eg sprang åt neste rom. Eg kopierte HD-en frå ein pc til ein anna, peer-to-peer kloning, på dei som ikkje funka. Serveren var opptake med å ghoste opp speidarrommet. Eg visste no slo snart alarmen inn, – plutseleg høyrde eg høgtalarane ute i vrimleområdet byrja bråke; ein mannestemme fortalde at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart på.

Pulsen var oppe i halsen då eg sprang åt IT-verkstaden. Eg måtte pakke saman, slå av, låse. Siri og Hege hadde båe sagt “neivel då! (surt fjes)” av di eg ikkje hadde svara dei. Eg hadde sagt noko liknande før, då eg prata ein del med dei utan å få svar (var visst oppe og fiksa te) for å så heller stikke å fikse pcar. :) Men det var berre moro, som sagt, sjølv om eg lata som om eg gjekk litt missnøgd, haha :D Så sa eg raskt åt dei at alarmen gjekk snart, at eg måtte skynde meg.

Serveren hadde stoppa, ein av pcane hadde monga seg. Eg måtte springje ned på 151 å sjekke/fikse det óg. Eg fløy ned trappane og adrenalinet bruste, klokka tikka stadig mot alarmtid. WEE! :D Så spanande det var! :D Eg sprang rundt åt alle pcane og sjekka di, fann feil på ein (for liten HD for heile biletet) og kobla den frå. Så låste eg og sprang, sprang, sprang ut :D Eg elskar å springja på den skulen, alt er så ljost og fint. Kvit skule. Kjempefin skule :D

Eg låste opp ytterdøra og kasta meg ut, så byrja eg le. Masse, – eg var jo heilt mutters åleine på skulen – men hadde nokon sett meg må dei ha trudd eg var spinn hakkande gal :D Eg lo og lo. Så hoppa eg inn i bilen, ringde Rebecca, sat meg inn og køyrde heim med vindauge ope medan eg song kjempehøgt. Inne i tunnellen dei andre bilane ha høyrd meg. Hahah :D Så moro :D

Kriblande kjensle det der. I tillegg ser eg Rebecca igjen i dag ;D Hihi, snart, når ho er ferdig på kino. – Ah. Me skulle visst filme i dag, men det hadde jo eg gløymd – så eg var jo på jobb då. Stakkar Espen. Fann ut me kunne ha filma 16:15–18:30, men eg fekk ikkje tak i Espen, så det gjekk ei. Eg var veldig gira på filming – hadde sikkert blitt bra med dette humøret ;D Hihi. Jaja, me har avtale kl. 14 imorgon så. Best det blir bra då :D Jeppjepp! Eg gjer noko anna :D

Daffing på skulen/jobb

No sit eg på biblioteket her på Randaberg VGS. Eg sit i Linux. Hihi. Korleis kan du sitje på eit så bra OS på ein skule som berre køyrer dritt som Windows 98, og XP, spør du? Jodå, eg sit nemlig med trådlaust nett på laptopen min! Aahh! Suuupert!!!

Maskina vedsidan av meg her ghoster eg. Altså; installerar på ny. Harddisken var defekt, eg har byta han ut – og no kopierer han heile harddisken sin frå eit “harddiskbilete” som finst på tenaren… Keitt. HEKKAN! :| Like skremt av den ringeklokka kvar gong. Me hadde ikkje slik på Hetland…

Ingen som vil låne bøker. Eg burde vel eigentleg sitte inne på bibliotekarrommet. Lest vidare i boka eg held på med, eller flytta laptopen inn der. Men akk. Venter heller 7 min til ghostinga er ferdig.

Eg er kjempetrøytt, gidd ikkje springje rundt å aktivt finne problem å løyse, folk å hjelpe. Eg må søve meir, så kan eg ha det meir moro. Gjere skikkelege ting.

No i dag då elevar kom og ikkje hadde fulgt meldinga på skjermen (kan dei ikkje lese eller!? Om du ikkje endrer passordet ditt så LÅSER KONTOEN DIN SEG, LÆR DET!!!) så blei eg lettere irritert på dei, og eg var ikkje snau med å vise det då den idiotiske læraren kjem og kjefter på meg som om det er min feil. Dumme folk. Det er jo deira feil. Dessutan har eg heller lite med sjølve systemet å gjere, eg skulle helst berre drive med media, eller ein PC-park med Linux-pcar. Då kunne eg iallfall gjort noko eg hadde lært bittelitt av.

Jadå. Lærer jo mykje no óg. Eller. Ja. Kanskje ein gong no snart iallfall. Alle desse teite datamaskinane. Argh. Eg likar ikkje datamaskinar. Men, altså. Eg er trøytt så eg er ikkje heilt i hundre. Hadde eg søve skikkeleg hadde eg vore i kjempehumør og dette hadde vore moro :)

Hehe. Eg veit ikkje om eg tør skr… Hmm. Jodå. Ei jente sit 50cm frå meg, sat seg på pcen vedsidan av. Det er utruleg lett for ho å lese det eg skriv. Ho spurde om det var ledig. Jadå. – Hehe, ho såg bort på nokon andre, mot skjermen liksom. Då gjekk pulsen opp. Ganske pirrande å skrive slik opent om nokon du sit så nærme, om ho les det så. Hahah, ja :p Det blir rart. Eg får skifte til eit anna skrivebord litt.

Der var ghostinga ferdig! Sjå om dritet fungerar no. Om ikkje så blir eg lettere frustrert. Akk, nei. Hekkan heller. Jaja. Får drite i den pcen då. Spørre Geir.

Hm. Eg kjenner meg ikkje bra når eg sit og ikkje jobber. Så eg flytter meg og finn noko anna å gjere. :p Hehe. Vonar det ikkje blir for mykje av desse innlegga framover.

PS: Forresten tok eg på meg ei rar bukse eg ikkje likar. Smekken går opp heile tida :( Ugh. Må finne sikkerheitsnål. Snart dreg eg åt byen då, for å møte Rebecca. :) Best eg ikkje er like trøytt då.

Superjobbing

Kva har eg gjort i helga? Jo, sitte inne. Ikkje heile tida? Jo. Heile tida. Heile? Vel, eg var ute i 10 minutt. Eg var nærast inne i 3 døgn. Var faktisk inne i over 2 døgn utan eit lite vindpust på nasen. Kva har eg gjort inne? Jobba.

Vel. Jobba er kanskje ei overdriving. Tingen er; det var ein jobb som måtte gjerast, om enn ­så enkel at ein kvar apekatt kunne ha gjort det. Trong ikkje vere nett meg altså. Rett etter eg var ferdig på Randaberg kom eg heim. Måtte få laga filmen, DVD-en og omslaget ferdig. Det var forsåvidt litt meir krevande, då måtte ein nok hatt litt meir spesialiserte apekattar frå mi gruppe primatar.

Då eg var ferdig med dette laga eg eit DVD-bilete, som eg sende åt Linuxpcen min for brenning. Då hadde me to pcar som kunne brenne. Då starta 200 dvd-brenningsmaratonet! Akk og ve. Sitje foran pcen i litt over ti minutt, ei melding opp på skjermen, flytte DVDen frå trayen åt spindelen, flytte ny DVD frå den andre spindelen inn i trayen, lukke igjen. Gjer dette 200 gonger. Ah, vel. Eg har budsjettert med 100, resten tek pappa, men likevel. Elles var det printing av 200 omslag, pluss leggje dei inn i plastikkomslaget.

Menmen, tener jo bra. Veldig bra. Så… Ja. Firma går bra, veldig bra. Hadde aldri trudd det faktisk låg pengar i slikt. Har ganske mange prosjekt. No er eg ferdig med Sanitas, då har eg framleis to ganske store prosjekt igjen. Ingen så store som Sanitas i nær framtid då; det var verkeleg stort. Og utruleg hektisk. Hekkan, har laga dette opplegget kjemperaskt! Ein time lang film, på så superkort tid. 8 timar råfilm, gått gjennom, klippa. Har vore veldig moro.

No var det premiere i dag (mondag), herleg å vere ferdig. No må me berre få ferdig dei siste DVD-ane, så kan arbeidet på andre ting starte. Eg har båe hatt siviltenesta og firma å take omsyn åt i det siste. Mykje å gjere, men moro når ein får litt avstand åt det igjen. Ærh, nokon må lere meg om konjuksjonar, og preposisjonar slik at eg kan bruke til/åt korrekt, om ikkje må eg leggje om. Klårar ikkje skrive rett :P

No er det alt for seint! Eg må take bussen 0715 imorgon! Sjukt, ja. Eg har vore trøytt i dag. Masse nattjobbing med DVD-ane. Eg var litt ute i går, 10 min tur fram og tilbake frå brustad. Eg ville ikkje ha noko der, såg tomt på hyllene. Er så rart, har ikkje lyst på noko av det eg likte før. Eg vil ikkje ha sjokolade, vil ikkje ha brus. Har ikkje lyst på noko i butikker. Eg går på brustad for å gjere noko, eg går for å møte folk (yeh, eg veit, haha). Som eg sa åt Teirik nett;

[22:12:03] < @Velmont> Sjokolade? Kvifor har ikkje eg lyst på slikt? :o
[22:12:49] < @Inzila> forde du ikkje e materialist? :P
[22:13:59] < @Velmont> Eg har ikkje lyst på slikt lengre.
[22:14:04] < @Velmont> Sukker, det er.
[22:14:12] < @Inzila> ditt usunna menneske :P
[22:14:13] < @Velmont> Søte ting som ikkje er søte personer.
[22:14:31] < @Inzila> hehehe, aaw, you’re a poet, and you don’t even know it! :P
[22:14:42] < @Velmont> Hehe. Nåvel.

Hehe. Han er stilig :) Var veldig fint sagt. – Så der har du meg i butikken. Kjøpte til slutt ein «Mandel stang» (med orddeling ja :S). Bruka ein del tid på han. Det er jo godt, men, eh, eg har liksom ikkje lyst på det. Klårar ikkje ete heile med ein gong. Trur eg hadde han i fleire timar. Kan ha noko med kor dårleg eg kjenner meg etter å ha sitte inne i over to døgn óg då. Jaja. No er det iallfall veke igjen, då må eg kome meg på skulen for å jobbe! Det er jo kos.

Elles har eg ikkje Sanitas-jobben over meg lengre. No kan eg dra på vitjing og gjere litt meir sosiale ting igjen. Wee! :D Men, dette blei nok tull. Får avslutte med endå ein quote frå IRC nett no (IRC-klokka er GMT forresten, klokka er 00:10 eigentleg der);

[23:10:05] < @Inzila> skjer?
[23:11:37] < @Velmont> Skriv dårleg innlegg.
[23:12:36] < @Inzila> Velmont: med vilje?
[23:14:46] < @Velmont> Inzila: Nei :p
[23:15:06] < @Inzila> hhehehe, hmm :p
[23:15:47] < @Inzila> kunne jo vært vettu :P

Så. Leggjetid. Tiiidlig opp imorgon! Skal prøve å begrense tulleinnlegga, men måtte nesten oppdatere litt :P Hihih. :)

Fyrste dag på jobben

Vel, andre i dag. Men dette var forsåvidt fyrste jobbdag. Det var ein grei dag, eg hadde det moro, men eg vonar ikkje dagen er typisk for dei komande dagane desse 13 månadane framover!

Eg er underlagt IKT på Randaberg VGS. Dei har masse maskinar på skulen, dei fleste med Windows 98. Lærarlaptopane har XP og trådlaust nett. Elles er det mange printarar rundt (som er ein stor del av jobben min, visstnok :) ). Ikkje spor av Unix altså. Berre på denne lille dagen har eg fått nok av Windows. Men akk, eg må fortsetje i uskueleg tid framover. Heilt utruleg at folk klårar jobbe på den standarden der! :|

Arbeidsoppgåvene mine som eg fekk utføyrd i dag var:

  • Få kobla Gunhild (bibliotekaren) sine maskinar opp mot skriverane. Win 98 og 95(!!!), så dette tok masse tid og feilsøking. Fann utav det til slutt; sjølvsagt generell teitheit frå eldgamle operativsystem…
  • PC på kontoret i eit elektrofagrom må få skjermdrivarar. Windows er så teit at han ikkje seier kva kort som står i pcen før du har installert driverane (DOH! Lær litt av skikkelege OS då!), dessutan må ein jo installere driverar i det heile. Når måtte eg sist gjere det i Linux liksom? Teitaste. Brukte tid på å gjette meg fram, at maskina får blåskjerm innimellom gjer ikkje ting betre.
  • Tastaturet skal bytast på ein pc i eit klasserom. Superenkelt. Henta eit frå lageret og byta. Lettaste oppgåva i dag.
  • Flytt gamal printar frå biblioteket til lager. Tungt, men lett. :p
  • Utføre elevsjekk (aka. slette spel, MSN, spam, private filar osb :P) på to laptopar. Tok lang, ekkel tid. XP som óg ser ut som XP, æsj. Stygge blå dritet med den forferdelege grøne bakgrunnen.
  • Leggje til skrivarar på ei lærerinne sin laptop. No kan eg det skikkeleg. Det var forsåvidt enkelt…

Elles prata eg ein del med sjefen min Geir, såklårt. Han er kul. Eg åt horn og drakk sjokolademjølk (sidan eg ikkje liker Cola, då såg dei rart på meg – lurte på om han ville ha ein anna sivilarbeidar :p Hahah). Hmmm. Ja. Hadde jo omvisning óg. Eg vonar året blir moro :) Men trur nok det blir ein goooood del keisam fiksing av maskiner av eit visst teit operativsystem som IKKJE er laga for mange brukarar… Hadde dei berre køyrd Linux på alt…

Menmen, tidlig opp imorgon! Eg må vere der 0745, då må eg take bussen 0715 (!!!), sykle 0720, eller kome for seint. Trur eg går for siste. Hihi. Neidå. Pappa køyrer. Eg køyrde i dag. Må finne utav korleis eg skal gjere det framover då. Kanskje eg får kjøpe ny sykkel og bruke den… Kanskje eg prostituerer meg og startar take bussen. Me får sjå.

Lang heimreise, NSB komfort

Den superplagsomme alarmen vekka denne gongen mykje fleire folk. Det er ikkje av di han ikkje hadde klåra det før, men av di no var me fleire. Det var ikkje reint få med traumer då me kasta i oss frukost. Eg tok 9 skjever. Åt 4, 5 pakka eg inn som lunsj på toget. Med dei prisane NSB opererer med i kaféen var det lurt. Sit å knaskar brødskive med svetta ost nett no faktisk. Supert! Og heilt gratis! :D

På Oslo S fekk eg billett like før eg mista toget. Eg var litt stressa av køsystemet. Hadde antakeleg snike om eg ikkje hadde fått plassen. Kosta 81 kr, men eg betalte 75 kr ekstra for NSB komfort. Der har dei straumuttak åt laptopen. Sat med Karl Inge og sørlendingen eg ikkje har fått namnet på (eller gløymd). Var for flau åt spørje på toget, sidan eg har snakka ein del med han. Øøøhmm.

Meg og Karl Inge flekka raskt opp laptopane. Fekk laga eit trådlaust Ad-Hoc-nettverk og eg henta 200 songar før Windows ikkje ville samarbeide lengre. Me skulle ha spelt mot kvarandre, men diverre har eg ikkje Wine eller noko kult på pcen. Må få inn Quake III og ein del andre spel. I båe Linux- og Windowsvariantar. Sidan dei fleste brukar Windows må eg ha med program åt dei. Eg kunne sjølvsagt ikkje kopiere spela hans og spele saman, sidan dei er kompilert for Windows – ikkje Linux. Sjølv har eg ingenting av interesse på laptopen. Eit par design åt Miriam, og eit knippe halvferdige tekstar åt heimesida mi.

Sit å høyrer på musikk. Fekk mobilnummeret åt Teis før me skildest. Han skal jo åt Bergen. Mitt hadde han, slik er det når ein har visittkort ^^. Om noko vil ha så berre sei ifrå, eg er veldig glad for å gje dei vekk :P Inge og sørlendingen (akk, flaut) fekk óg. Tek dei fram når eg kjem på det, så fekk gjeve vekk 3 totalt. Er ikkje slik at eg går rundt å prakker det på folk utan grunn. Inge speler med heile kroppen. Gjetter det er bilspelet, basera på innlevinga. Blei vel lei krigsspelet då.

Eg blei lei “fjern kulane som heng saman, flest om gongen og få poeng”- spelet. Eg har jo topplassering på highscore, så. Hadde vore moro å fått andre åt bli med, så kan eg ha noko å gjere på togturar o.l. Båe Anders Molland og Anders Omdal er utruleg gode i det spelet. Hugsar dei hadde 5–6000-høge poengscorer på PDA-en min. Eg har endeleg forstått korleis det fungerer, og fekk over 3000. Likevel trur eg det er enklere på denne pcen. Eg har mange kort- og småspel på pcen. Alltid noko å gjere om eg ikkje vil skrive, teikne, kode eller designe.

Dama vedsidan av meg les forresten “Ermitt krepsene”. Ugh. Eg svetter. Tung luft. Ho tok seg ein tur no. Eg har skrive. Høyrd mykje på Westlife. Det eg har mest av. Eg synest det er kjempefin musikk. Likar det godt.

I ferd med å leggje saman no. Sitte over 8 timar på toget. Eg har skrive mykje av siste del av turen. Ikkje mykje, men 90% lett tenking og musikk. 10% skriving. Må leggje saman. Gjere meg klår åt gå av toget no. Om eg skal lage konklusjon (gjer eg aldri, men) så har det vore kjempemoro :) Ein fin tur, trass masse daudtid. Imorgon kl. 11 startar eg tenesta på Randaberg VGS. Ser fram åt det!

Dilingøy dag to, alt blir gjort

Etter ei vekking verdig styrken og viktigheiten av ein brannalarm åt me frukost. Denne gongen var det faktisk folk tilstades som hjalp oss. Eg hadde nett dusja (som einaste person?) og heiv innpå med diverse matvarar eg ikkje hugsar grunna alt det andre som har hendt i dag. Me er slik ein god, samansveisa gjeng. Hekkan så koseleg den frukosten var. Kjempedigg.

Etter fullendt morgonrituale måtte gule dråper pressast ut for legen. Eg hadde sjølvsagt pissa allereie som del av rutina mi litt før. Klåra likevel få ut ein nødvendig halv kopp, trong visst ikkje så mykje, men eg pissa så godt så. Resten gjekk ned i pissoaret. Skal eg gjette kunne eg sikkert fyllt heile koppen. Det er 2dl for interesserte.

Følgjevenen min var Teis. Me gjekk åt sove-/stuebygget igjen, då kom ein minibuss. Noko som mangla i går. Då fekk me ein liten bil som sagt. Plutseleg kom ein minibuss til, og leiren var full av folk. Synd, eigentleg. Hadde det fint me som var her. Eg pimpa meir kaffi etter koppen min med varm sjokolade var drukke i undervisningsbygget. Me fekk vite masse dykk ikkje vil vite. Men eg kan nemne noko av tyding;

  • Ca 5700 kr/mnd skattefritt.
  • 22 permisjonsdagar du kan bruke.
  • Får ikkje overtidsløn, men du tener avspasering. 1 time ekstra jobb = 1 time avspasering.
  • Du kan tene ei uke (37,5t) fri om gongen. Ikkje meir.

Eg synest desse kursa var morosamne. Sat med Teis og Morten, så eg kunne ikkje keie meg. Me hadde to kule folk, Beate og ein som hadde omsyn over økonomi. Ein grei nok, men han var ikkje særleg engasjert. Rett etter lunsj, der me smørte kveldsmat i tillegg, stakk den harde kjerna åt fotografering. Me hadde fått melding om å fotograferast med ein gong lunsjen var ferdig. Kjende oss viktige; me hadde spesialavtalar dei som kom seint ikkje hadde.

Me blei fort ferdig med alt. Eg fekk Beate (yes! Kjempekoseleg dame) som saksbehandlar og me ringde Sven Steen som er sjefen min på Randaberg VGS. «Ja, me vil ha han», svara han før Beate hadde spurd. Hehe. Eg skulle møte onsdag kl. 11. Eg hadde skrive pappa som nærmaste pårørande. Rart. Sidan mamma sto oppføyrd i databasa. Beate lo og fortalde at statistisk sett gjer 90% det; skriver mammaen sin opp på sesjon i militæret – men når ein kjem åt Dilingøy skriv ein pappa. Veldig moro. Kanskje det har noko med at ein møter mange menn på militær sesjon, medan det er kvinner me ser fyrst og mest på siviltenesta?

Meg og Torbjørn ville finne Turid. Eg har ikkje noko stort forhald åt ho, men eg såg det var heltinna åt mange av dei andre. Spesielt Torbjørn, han var jo nærast forelska. Han blei veldig lei seg då me fann ut ho var på ferie. Ei sur, sint og vond dame kom og hudfletta oss då me tok bilete av Turid sitt skilt og kontor. Ho var ikkje mykje blid, nei. Skummelt.

Såg «Super Size Me», veldig moro. Kjempekul film. Eg tok mi 6. toalettvitjing og pimpa ned på kaffi. Dagen ferdig. Ikkje meir program. Hadde forsåvidt vore utan det lengje, men fyrst var det middag. Lapskaus, nett som eg gjetta i går. Kjempegodt. Prata ein del med Anders frå Sunde (? I sogn og fjordane iallfall) sidan eg ikkje klåra få plass med Teis og Torbjørn denne gongen.

Eg var dommer i volleyball, før eg gjekk inn og sat meg her eg sit. Folk er slakke. Folka her er slappe. Dei sit i sofaene og ser på TV. Berre skit. Tenk å sjå på TV. Slik sit vel mykje av Noreg. Heilt stille. Ser på TV. Alle ser trøytte ut. Var ikkje eit særleg energirikt rom å vere i. Vil flytte meg. Finne kontakt ein anna plass. Men eg skulle jo berre skrive litt, så. Eg har lyst å padle kano. 8 toalettvitjinger.

Fleire timar seinare. Klokka er halv eitt, og eg er trøytt. Eg har bruka masse tid på eit veldig enkelt design åt Miriam. Ugh. Stress. Sett litt på TV, hengt rundt. Har vore ein slapp kveld, men ein lang dag. Eg er ein av dei få som er positive åt heile dette byrokratiet :p Eg likar det. Har ikkje noko i mot å vente, det er jo så mange andre menneskje her! Masse kjekke folk, så. Imorgon blir det heimtur. Eg skriv vel litt på han, så treng ikkje leggje ut om det. No er denne dagsforteljinga lang nok likevel.