Merkelapp-arkiv: Sjukdom

Me hev hatt betre 24 timar på turen enn desse…

Dagen starta godt nok, vel, eg vart vekka kl 3 på natta av nokre flaskesamlarar som stal flaskar frå resirkuleringsbåskassane (dei hev eigne hòl til panteflaskar). Eg gjekk ut og tok eit bilete. Og so gjekk eg og la meg att, mykje kaldare. Det blåste som Stavanger i storm.

Nyklar på ein vond plass

Tidleg på morgonen var det tåkete, ekkelt og kaldt. Eg starta bilen og køyrde yver Berkley-brui til Berkley. Me skulle på umvisning på University of California Berkley, Helene hadde gjort ein reservasjon for fleire veker sidan.

Til slutt vakna ho, og me gjekk inn på ein Starbucks for å få oss litt internett o.l. Eg drakk ein mellomstor soya jordbær-krem Frappucino med vispa krem.

På vegen attende kom me fram til det fryktelege; eg hadde stoppa bilen, byta bukser (det var so kaldt i shorts) og so låst han.

Med andre ord. Nyklane var låste inne i bilen.

Fsck.

Parkeringspengar

Eg bad Helene vakta yver bilen medan eg gjekk attende og prøvde fiksa dette. Eg fekk låna telefon og telefonkatalog. Eg fann korkje bilupplåsarar elder Super Cheap Car Rental i katalogen, so eg spurde ein fyr med PC um han kunne slå det upp for meg. Det gjorde han.

Dei kunne ikkje koma og hjelpa oss, men me kunne ta tbanen ut til dei og henta ekstranykel. Eg gjekk for den planen. Einaste problemet var at det var vandskeleg å høyra kva han sa, og fort hadde eg gløymd ljoden som skulle vera stasjonen. Same kva.

Eg gjekk attende til Helene, som var heilt totalt fortvilt. På bilen låg ein parkeringsbot. Det hadde kome ei dama som ikkje hadde høyrd på noko fornuft, og gjeve oss parkeringsbot på $40.

Mongo. Var jo umogleg for oss å leggja lappen inni bilen når han ikkje var mogleg å få upp! Og å leggja ein lapp på vindaugeviskaren var jo so godt som å beda folk um å taka han til eigen bil. Det var fyrr me prøvde og fann ut at han kom ut med kvittering òg, slik at me kunne ha gjort det. Ugh. Jamvel, dritkjerring.

Eg sprang mot BART (som er T-bane på San Franciscosk) og kom med eitt på at eg ikkje hadde denne adressa/t-bane-stoppen lengre. Eg sprang inn på ein kafè att og fann ein tilfeldig kvisete gut med PC. Han var veldig hjepeviljug (som eg hadde gjetta då eg valde nett han) og fann tilogmed serviett og penn til meg. Me såg på kartet, og so var eg orientert.

Mannen som daua av di han ikkje ville reisa seg fyrr dronningi

Eg kom på BART til «Millbrae», lite visste eg um kor lang tid denne reisa ville taka. Det eg derimot visste var dette:

  • Eg hev ingenting å gjera på, iom. at eg lot Helene passa på sekken
  • Eg må på do (av ein viss jorbærkrem, soya-greie)

Punkt ein var i byrjingi det største problemet, men etter ein gode 10 minutt byrja eg irritera meg litt meir yver det andre punktet. Etter nærare 30 minutt byrja det verta uuthaldeleg. Eg kunne ikkje sitja lengre og byrja gå rundt i vogna. Etter 40 minutt sveitta eg som ein gris og tenkte konstant på soga um han som døydde då blæra sprakk. Det var frekt å reisa seg fyrr dronningi, og i eit middagsselskap som berre varte og varte so vart han sitjande til han til slutt segna um daud på golvet.

Eg hev gjort liknande mange gongar fyrr. Det gjer skitvondt, ekstremvondt. Men dette var lengre enn nokon gong fyrr. Dei siste 5 minuttane var heilt uuthaldelege. Eg mista fotfestet og måtte halda meg fast i stengene. Eg var på nippet til å svima av og kjende sveitta reinna frå panna. Ei dame kom bort til meg, veldig bekymra og spurde kva som var gale. Eg sprang upp, spurde kvar doen var, – gutedoen var uppteken, eg sprang til jentedoen, inn døri og sette meg ned.

Ingenting. Venta litt, og so gjekk det, utruleg smertefullt og seint. Etter to minutt opna nokon døri (eg hadde gløymd låsa døri), brydde meg ikkje stort. Då eg gjekk ut fekk eg kjeft av tryggleiksfolki um at eg måtte låsa døri når eg gjekk på do. Vel, lett for han å segja, han trudde ikkje han skulle segna um få sekundar seinare.

UC Berkley, nei

Eg fann plassen etter litt leiting og fekk nykelen. So var det berre å starta turen attende. Då eg kom inn var Berkley-turen ferdig for lengst. Heile turen fram og attende hadde teke meir enn 3 timar. Heldigvis var Helene med bilen då eg kom.

Knall og fall

Eg skulle gjera eitkvart, so me skilde veg att. Eg drog ned for å betala parkeringsboten. Stappa på rikt med pengar i parkometeret der nede. Køen var lang, eg fekk nummer 47, og dei var nett no på 11. Det gjekk seint.

Etter 48 minutt var dei på 44, og det var kjappe drag nokre gonger, eg var redd for å mista plassen min. Jamvel visste eg parkometeret var i ferd med å gå ut. Dei blodtørstige jæklane. So eg sprang-sprang-sprang ut gata til bilen, sprang yver fotgjengeryvergangen med den ugjevne asfalten.

Etter Yosemite hev skoene mine vorte ganske øydelagde. Den høgre skoen min vrengde såla seg mot asfalten og eg falt med venstre kne fram mot asfalten. Venstre kneskål traff asfalten og tok mot all støyt fyrr eg rulla rundt og traff og fekk eit halvdjupt sår på skulderen. Eg vart liggjande midt i vegen. Ikkje lengje, men lengje nok til at ljoset for bilene hadde blitt grønt. So eg karra meg upp med smerte i heile kroppen og spesielt kneskåla og skulderbladet. Blødde ned hendene, men det var slike vonde, men greie yverflatesår.

Eg fekk betalt parkometeret og bota.

Kneet forverrar seg

Eg gjekk no rundt med kneet. Klarte ikkje å unngå hinka då, men det gjekk no litt. Helene mobba meg, forståeleg nok. Ikkje alltid like enkelt å vita um hinkingi er yverdriven elder ikkje. Etter litt sitting og bilkøyring til Alesha (Alex), gjekk me upp trappone. Då kjende eg det verkeleg. Uverkeleg smerte. Utruleg vondt. Helene vart flau og ville ikkje at eg skulle gjera meg slik til, men slik var det ikkje. Eg kom inn og gjekk på badet, tok av meg buksa og såg på den digre kneskåla mi med det ferske raude såret på.

Utruleg vondt. Eg hev høyrd mykje skummelt um kneet, frå mange. So der og då bestemte eg meg for at eg måtte til legen for å sjå på dette. Det er noko eg normalt aldri gjer.

So vart det, etter mykje om og men. Eg kjende meg mykje betre etter alle gode tips frå Alex, men gjekk likevel kl. 01.00 av di eg hadde bestemt meg tidlegare på kvelden. Sjukehus i USA er dyre som fy, og eg er ganske redd for ein liten sjangs av å måtta taka rekningi sjølv. Det er eg lite interessert i. Men eg stoler ikkje heilt på reiseforsikringi mi (Chartis TravelGuard), men so fær me sjå.

Sjukehus

Me drog der. Venta litt. Vart teken inn av ei sjukepleier. Etter ei god stund fekk me møta legen. Ei utruleg hyggeleg dame, som var veldig «norsk» av seg. Ho tykte innstillingi mi var kjempebra. Eg hadde sagt, eg føler ikkje «å, eg må døy»-smerte no, so eg trur ikkje me treng taka nokre tester for å sjå um noko i kneet er brukke. Ho sa at folk i USA alltid ville ha alle testane, og dei kom inn for dei minste små idiotiske ting.

So drog me heim.

Men 24 timar var enno ikkje yver

Ein del av grunnen til at eg ville til legen so fort var òg av di eg ville til Alcatraz, som me hadde til dagen etter. Det er umogleg å koma ut der utan å tinga godt i vegen på fyrehand.

So me stod upp tidleg neste morgon for å få det til.

Helene stod paralysert i døri då eg kom ned. «Nokon hev brote seg inn i bilen! Vindauga er knust!».

Me kunne ikkje dra til Alcatraz no. … Og faen til uflaks då.

Helene si veske var stolen, med Nintendo DS og spel, mobiltelefon, GPS-en vår og ein del anna. Verdien av alt saman rekna me til å vera rundt 14.000 kr.

So, vonar forsikringi hjelper til på det òg. Men stadig skeptisk til dei (Helene er ikkje, ho hev full tiltru til at dei fiksar alt). Me hev totalt separat reiseforsikring kvar for oss, iom. at me ikkje hev meld flytting til same plass. Me hev vore sambuarar ganske lengje, men ikkje i auga til loven av di me ikkje hev adresse same plass (eg hadde framleis i Stavanger (byta no), og Helene hev framleis på Urdland).

Alex

Me stod utanfor og venta, og hadde lukka døri bak oss, so me banka på og ringde på døri til stakkars Alex som me budde med. Han trong låg-stress folk til å bu med, sidan han ikkje hadde fengje gjort noko arbeid den siste veka med so mange sofasurfarar i huset. Me sa, «ja, det er ingen problem».

Det fyrste som skjer når me kjem inn døri er at eg hev skada kneet mitt og treng masse pleie og hjelp til allslags. Han hjelper oss med sjukehus-uppslag og finna ut kva som er problemet med kneet, og so køyrer han oss til sjukehuset og låner oss pengar til taxi attende.

Han legg seg til slutt seint-seint (me var ferdige på sjukehuset rundt 03.00).

Og denne dagen, framleis innanfor dei 24 forferdelege timane, ringjer me på i ein time til han til slutt vaknar og slepper oss inn. Og no hev me problem med bilen. Ikkje låg-stressa akkurat.

Kl. 10 gjekk alarmen honoms, då var me på veg ut døri for å køyra bilen til levering. Me fekk seinare vita han stod upp då, for å byta um på bilane våre (flytta vår inn i garasjen, av di du berre fær stå i gata 2 timar), men vart litt småstressa då nykelen me hadde gjeve han var vekk. Heh, jaja.

Status i dag

Eg fekk krykkor på sjukehuset, men dei er vonde å gå med. Det er slike store, type amerikanske. Dei gjer ilt under armane og er uhamslege. Ikkje som norske/europeiske.

Me fekk ikkje;

  • Drege på Alcatraz ( vonar me i det minste fær pengane att på forsikringi :-( )
  • Drege på UC Berkley-umvisningi

Og nett no (4 dagar seinare) so er det veldig keisamt for meg å flytta meg rundt. Kneet mitt vert kokvarmt dersom eg hinkar litt på det, men det er so utruleg frustrerande og irriterande å bruka krykker at eg stort sett ikkje gjer det. Det er veldig sært, den eine kneskåli mi er kald som resten av kroppen, medan den andre varmar som eit atomkraftverk dag inn og dag ut.

Utpå kvelden etter ein del gåing, og so stillesitjing, so gjer det spesielt ilt. Ikkje slik grin-grin, elder au-det-gjer-ilt, men eg kjenner på ein måte at kneskåli sitt skeivt på og at det svir litt slik dunkande. Eg skal gå til legen att når me er heime i Bergen, eg treng pollentabelettar same kva.

Elles

Helene segjer: «Eg er alt i alt ikkje so leid meg. Litt synd med den handdekorerte Nintendo DS-en med dalmisflekkar og alle studentkortene mine. Resten er enklare å erstatta. Dessutan er det jo moro å kunna byta ut sliten mobil, gamal mp3-spelar, stygge bilete på studentkortene mine osb.» … (ho les det, og legg til) … «Tja, berre eg sa det heilt annleis og med innleving…»

Og elles er humøret godt. :P Forresten kaupte eg nett nye sko som hev ein såle som ikkje gjer at eg snublar heile tidi. Fyremon ;-)

Fruktprosjekt dag 19, sjukdom og nedkorting

Sjølve dagen då eg var halvvegs i «rå frukt»-prosjektet mitt var den verste eg hev hatt. Trass i at dagane fyrr var kjempegode. No er eg endeleg god att, noko eg var i går òg. Eg hev sett på planen min og ser at eg ikkje kann halda prosjektet til sin sluttdag, dag 30. Det vil øydeleggja planene mine litt.

Sjukdom

Eg måtte tidleg upp for å dra på målferd til Brumunddal. Eg kjende meg ganske dårleg av å stå opp so tidleg, eg åt ei pæra. Eg kom meg ned til Sentralstasjonen, der byrja eg kjenna meg veldig dårleg. Det pressa på, eg var kjempekvalm. Eg sprang og fann toalettet til slutt, men det kosta 10kr. Og eg hadde ingen pengar på meg (berre bankkortet som vanleg); det trengde på, eg sprang, fann ingen plass – ah, bak der med heisen gjeng det få folk. Ein mann kom mot meg medan eg sprang mot heisen og såg på at eg spydde på golvet inne i kroken. Faen i helvette. Eg kjende meg sjølvsagt heilt utruleg dårleg. Medan alt dette hadde skjedd hadde toget gjenge i frå meg. Eg sette meg til å venta på neste, ein time seinare.

Eg kaupte ein fruktdrikk for å få masse papir eg kunne tørka spya ut or skjegget (ekkelt). Eg sippa so vidt på han. Toget kom, eg gjekk inn. Vart supersjuk at – reiv opp ein bosspåse som låg ved setet og spydde oppi den. Det er ganske innljosande at det ikkje var lurt å stå opp tidleg å eta ei pæra, – eller noko anna. Eg hadde ikkje lyst på nokon anna mat, men vart frastøtt av alt. Til slutt kom eg fram til Brumunddal der 60 elevar hadde venta på meg i tvo timer; eg kom fram til slutten av timen men gadd ikkje gå inn. Eg var kjempedårleg. Eg fekk ei seng på skulen og fekk sova eit par timar.

Betring

Då eg vakna var eg mykje betre. Eg heiv i meg litt frukt, heldt målferd (som gjekk yverraskande bra, eg eigde, wohoo) og var i god form. Etter eg kom heim att på kvelden vart eg dårleg att. Den neste dagen fortsette det, eg hadde ikkje lyst på noko, eg vart frastøtt av all mat utanum småting som nøter, vassmelon og… braud. Men eg heldt meg litt lengre, sjølv um eg var superklår til å gjeva upp. Eg tenkte; vert eg skikkeleg sjuk att, so vurderer eg skikkeleg å gje upp. Det var godt å eta nøter.

God att

No kjenner eg meg bra att. Meg og Rebecca var ute å kaupte inn masse forskjelleg god frukt på sundag (på Joker) – dadler, nøter, meloner, jordber, maiskolber, bringeber og gode modne bananar. Eg trur problemet mitt dei siste dagane var at eg åt for lite, eg hadde ikkje lyst å eta og difor fekk eg for lite i meg. No hiver eg innpå att, og passar på at det er nok.

Nedkorting av prøveperioden grunna Sør-afrika

Det er veldig, veldig, veldig dumt å gjera det. Men eg kjem til å korta ned prosjektet til berre 25 dagar, i staden for 30. Det hev praktiske grunnar: eg skal til Sør-afrika. Avreisa var dagen etter slutt på prosjektet, – men det gjeng ikkje bra dersom eg vert sjuk av å gå attande til vanleg veggis (eller veganar (men eg ventar heller med å prøva vegan-liv)). Eg vil ikkje vera sjuk i Sør-afrika den vesle tidi eg er der! Turen er òg alt for dyr til å sløsa med.

So med 25 dagar so fær eg 5 dagar på meg til å verta frisk veggis, det burde vel halda.

Eg er psykisk sjuk

Hadde eg skrive dette to timar sidan hadde det sett annleis ut; spytt/sikkel og brekninger over tastaturet. Ja – eg veit du ville vite det. Eg var så vond. Magen var heilt ustyrleg, kunne ei stå rett opp. Ingenting hjalp; dette er uroleg mage grunna psykisk stress.

Det er psykisk altså. Det tenkte eg mykje. Eg hadde hatt ein god samtale med Monique tidligare på dagen. Så køyrde eg Pat frå Tananger/Sola åt Maritinique. Sa eg var sjuk, køyrde heim og merka kor farleg eg var. Hekkan. Klåra nesten ikkje styre meg sjølv, heldt ikkje fokus på vegen men på panseret åt bilen. Køyrde sjølvsagt forsiktig – men foten min ville slappe av. Magen gjorde så ekstremt vondt. Slappa av på gassen. Rett før innkøyringa mi låg eg i 60km/t, som er 40 km/t for raskt, og sjølvsagt langt over normalt.

Bilturen var ingenting mot ragnarrokket då eg kom inn. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, kor eg skulle gjere av meg. Det blei verre. Er som om magen vrenger seg heilt. Eg heldt meg roleg likevel. Om eg ikkje tenkjer på det; ikkje klagar – så er det ingen problem. Ser eg ikkje på det som eit problem er det ikkje eit. Iallfall eit mindre. UGHH. M-å s-p-y. Galloperande febertemperatur bryr meg ei stort. Eller. Kan hende berre hendene var kalde – det var iallfall stoor forskjell på panne/handflate.

UGHH. UGHH. Brekkninger. Ingen spy. Munnen produserte noko sjukt med spytt. Det berre rant ut. Lunka/varmt klissete spytt. Og eg hadde problemer med å halde det inne. – Du leser framleis ja? Vel, for å spare deg for meir; det var litt urovekkjande. Litt keitt, på eit måte. Forresten fortsatt varm på pannen. Noko eg ikkje driver med er halvbrekkninger og spyttproduksjon (iallfall ikkje i same storstilte skala). Eg kjenner magen. Det gjer eg. Men ikkje der. Eg har ganske god kontroll over han.

Fun fact: Eg kan gje meg sjølv enorme smerter berre ved å tenkje på noko visst. Berre med å bruke hjernen.

Det er ganske moro, er det ikkje? Slik reint sett bort frå at det gjer inni granskauen vondt så viser det jo kva for ein kontroll «the mind has over the body». «Truly amazing», uttrykt på eksotiske språk, frå like eksotiske øyer, litt lengre sør enn Noreg. Korleis klåra eg då gå frå den sanne undergang (vel, forfattarfridom) til denne ganske OK stoda? Vel. Eg har det eigentleg kjempebra. Hekkan. Tenk så mange som har det uendeleg verre enn meg! Berre for éin person kan det vere uuthaldeleg, men tenk; det finst ei heil verd av dei!

Fun fact: Eg trur faktisk på dette. Er alltid nokon så har det verre enn meg. Eg har ingenting å klage på. Eg bør hjelpe andre.

Det er faktisk litt dobbeltmoralistisk sidan eg her sit og fortel om kor vondt eg har det. Berre eg ikkje har det vondt. Eg vil vise det til folk. Det er ikkje vondt! Det er godt! Bra for deg! Iallfall om det fekk så hyggeleg utfall som for meg. Vil at fleire skal ha det slik.

«The minds victory over the… uhm… mind!!!»

Som sikkert ein fyr har sagt før meg. Om han var klok eller ei er tema for ein anna diskusjon. Eg er litt på ville vegar nemleg. Der gløymde eg å tenkje positivt, og var ikkje aktiv. Smerten kom krypande. Kva er ikkje betre enn å berre stoppe det då? Hæ? Høyrde ikkje? HAH! Ingen argument. I laugh at your argument. Oi, ikkje gråt. Det er difor du må sjå på alt positivt. Ser ein negativt på ting så er det no-good. Det blir jo trass alt ikkje betre av å dra seg ned og fokusere på vonde ting.

Du har 4-grader vondt. OK. Du kan tenkje positivt, meditere litt og whoop-whoop; dette er jo ingenting! (Så går det vekk). Fortsett 4-grader vondt, men du tenkjer konstant på det. Åå, så vondt. Du retter ALL merksemda di mot smerten. Er det ikkje slik at ein kjenner ting betre når ein konsentrerer seg om det? Så kvifor konsentrere seg? Hæ??

Pause start

Me tek ein kort tenkjepause medan eg fortel om Lux, Tux sin litt agressive lillebror. Jodå. Han er tøff i kjeften. Tøff i trynet; reint generelt tøff. Utanom utsjånaden. Lux, Tux sin onde bror i tvangstrøyeHan er nemleg søøøt. Utfordrer folk til å prikke han, Monique kunne ikkje late vere. Diverre drepte han ho. Det heile var meget tragisk og sjela åt Mon græt av di eg ikkje steppte inn. Men så bryr eg meg jo ca. uendeleg meir om Monique enn Lux; så difor var det heile særs rart. Var ikkje moro då Monique var daud. Men så grein eg så mykje at ho bestemte seg for å ikkje vere daud meir. Det var veldig bra. Så fekk eg klem. Same kva. Eg måtte gjere noko med Lux; Monique, frekk som ho er, ville fortsatt prikke Lux. Difor sat eg ei tvangstrøye på han. HAHAH! THERE YOU GO YOU LOOONEY!!!

Pause slutt, pust roleg inn og fortsett varsomt

Eg veeit det er vanskeleg. Eg bruka mesteparten av dagen på å konsentrere meg om smerta. Eg hadde ting å gjere. Tok meg ikkje tid åt meditasjon. Ikkje tenkje på smerten. Avkoble. Setje opp fartsskilt på motorvegen frå smerten åt hjernen med 60-sone. For å sjå om eg kan presse det lengre ned. Alt dette skal ein gjere med «the mind alone». Eksterne verkemiddel er effektive, men dei tek ei problem ved rota. Tru det eller ei :) (Helst tru det, er godt for deg!)

Javel. Eg er psykisk sjuk seier eg. Kan tenkje meg du er forveten på kva eg meiner. Eller kvifor. Då igjen, kanskje ikkje; kanskje du alleiere trur du veit. Hah! Men du tek feil. Eg er ingen ventelistepasient på dei stadig meir pengesvake psykriatiske anstalta. Eg er ODI… Hm. Ja. Ok. Saken er: eg lider av uroleg mage – har hatt det ein gong før. Det var før særemnet – det stressa meg så fælt at det gjorde fysisk vondt. Kunne ikkje sove om natta grunna smerten i magen og ryggen. Ryggen var uuthaldeleg, eg kunne ikkje gå. Dette bêr ikkje fnugg av kunstnerisk fridom. Pür fakta.

Fun fact: Det er faktisk fakta.

Fun fact: Eg har vondt i ryggen. Er ikkje så lett som ein skulle tru å vere psykisk stressa.

Kvifor eg er stressa får dykk ei vite. Mohahahaw. Det er likevel ikkje sakas kjerne. Sakas kjerne er at du bør stemme på anten SV, RV eller Miljøpartiet Dei Grøne med valget. Elles såg eg på TV i dag Miriam. Det var moro. Var etter eg hadde kontroll på meg sjølv. Kos.

Uff, ferie og sykdom

Ein mildt sagt jævlig start på ferien, 4 tekstar som ikkje var skrevne, evaluation skrivning til kl 3, ingen mat på 24 timer, sinnsjuk hodepine. Dagane etter denne fredagen dei værste dagane eg har hatt på sinnsjukt lenge…

Eg har ingen ladar til mobilen, ingen klokke, ingenting som kan vekke meg opp når eg ikkje vaknar av meg sjøl. Derfor sto eg opp 10:30 denne fredagen og mista sjølvsagt norsk timen. – Eg er litt redd for å få massivt fravær i Norsk/samfl fordi eg har ALDRI vært dei timane ein heil time. Alltid for sein, eller ikkje der i det heile. Eg vil ikkje ha det slik, men av ein rar grunn klarar eg aldri å komme til rett tid. Eg er jo alltid i alle dei andre timane!

Sykla ned til skolen og gjekk opp mot Engelsk klasse. Eg følte meg ikkje heilt bra, eg hadde vært oppe til kl 3 den natta for å skrive ENG(electronic news gathering) evaluation og ID4(Replikere Independece Day traileren) evaluation. Begge tekstane skulle være på mer enn 400 ord kver, eg skreiv 3 645 ord (7 A4 sider m/ 12pt font) om ID4 prosjektet og 1 608 ord om ENG‘en vår. Begge Norsk og Samfl tekstane måtte eg bare hoppe over, eg takla ikkje skrive mer og prioriterte Media foran dei eigentleg meir viktige faga i Noreg.

For sein til Engelsk klassa, eg satt meg med Lotte. Etter ei stund ville eg ta notatar, fordi eg er så flink til dét når eg gjær det på laptopen. Men når pcen våkna opp fra dvalen hadde eg glømt å stoppe winamp (ja, kvifor starta eg windows kan ein spør seg, i filmstudies brukar eg bare linux – greiare) så pcen spela “Vetel – Tenk om” på det høgaste i ein 10–20 sekund før eg fekk stoppa lyden (du får ikkje kontroll over maskina før han er 100% slått på og du har logga inn). Det var ganske drit siden klassa var i eit… hmm… ømt humør? Me hadde ein asylsøkar ifra Afganistan som fortalde historia si om kvisleis han flykta, korleis familien blei drept etc.

Då eg hadde fått ro over maskina sa læraren at me ikkje fekk bruke laptopar i klassa lengre pga. folk gjorde andre ting enn skole. Ja, fu. Ho starta og preike om kvisleis dei andre klassane i fra Noreg syntes Engelsk var det beste faget. Ho hadde ikkje hatt nokon problemar med dei, mens vår klasse var heilt bak mål og me gjor visst bare drit. Ho presterte også å få det til å høyras ut som om eg ikkje hadde gjort noko relatert til Engelsken når eg hadde laptopen oppe. Drittpreik, stygge &”#)(¤.

“Sorry… No, I don’t have to say sorry” sa ho. HO TRENG IKKJE SEI UNNSKYLD!? Kva? Skal EG sei unnskyld til HO for at HO seier at eg ikkje får bruke notatane mine lengre eller skrive effektive notatar. Og ikkje bare det, men skal eg sei unnskyld for at ho antydar sterkt at eg satt og gjorde andre ting med pcen? Teit dame, sjølvsagt skal ho sei unnskyld, eg var jo den som brukte pcen skikkeleg. Eg hatar papir(dei er ELENDIGE til arkivering, søking etc.) og eg ser aldri på “notatane” mine etter eg har skrive dei hvis dei er i ei bok.

Argh.. Eg var veldig sint. Engelsk timen etterpå med Vivian gikk greiare men eg begynte å føle at eg var dårleg. Mot slutten av timen kom sulten óg, eg blei desperat etter mat av ein eller annan grunn, var ikkje så sulten før. Så eg gjorde sekken klar osv slik at eg kunne spise så fort timen var ferig. Eg ville ikkje ha nokon ferie, var ikkje derfor eg ville ut. Uansett begynte Kristine-Ýr å klage på at eg var uhøffleg osv. Vanlige dét…. :S

Eg prøvde å få med meg Niklas slik at eg ikkje trengte å spise aleine, men han skulle på Goose med nokon folk. Han kjende på panna mi og var veldig overraska – “Du må jo har 40 i feber!”. Eg hadde sikkert ikkje 40, fordi dét er veeeldig vondt, men sikkert 38. Der eg satt aleine i eit hjørne og spiste stoppa Kristine-Ýr ein 20m vekke og begynte og preike. “Du må ikkje verr så frekke, blablabla”. Eg sa dei eg evt. var frekk mot måtte si det selv, eg hadde ikkje sjølv synt at om eg sto i klassa med sekk var dødelig frekt.

Så klaga ho litt mer osv og eg sa at eg var sinnsjukt trøtt, eg hadde feber, var stressa pga innleveringane og var enormt sulten. Om eg var frekk så var det ikkje med vilje iallfall. Eg var kanskje frekk, men når eg var så dårleg så tenker ein i litt kortare banar enn normalt.

Så printa eg ut de to evaluation’ene (:P) og ga dem til Jim, uheldigvis glømte eg å gje med logge-arka, håpar eg får karrakteren eg fortjener uansett (som er Distinction -> profesjonell kvalitet :> ) :| Eg sykla heim, då eg kom inn på Horspath road merka eg at felgen begynte å slå mot bakken på små humpar i vegen – perfekt, hål i dekket!

Fra her huskar eg eksepsjonelt lite faktisk med tanke på tid. Det neste eg huskar var at eg var heilt forjævlig syk, enooorm feber og eg frøys som om eg hadde vært naken på nordpolen. Eg lå i senga, kald, veldig kald “inni meg”, kjende eg imidlertid på magen var han kokende varm.

Eg gjekk inn på badet og fyllte opp badekaret, eg måtte ha litt varmt vann rundt meg. Vannet føltes heller lunka ut då eg la meg nedi. Etter ein tid (anar ikkje kor lenge, >10min iallfall) følte eg at vannet kjøla meg enormt ned, det var utruleg kaldt. Eg ville gå opp, men gjorde eg dét ville eg bli enno kaldare. Nokon minuttar seinare begynte eg å skjelve og hakke tenner, eg brukte vidare eit minutt til å samle mot/kreftar for å reise meg opp.

Eg frøys i senga igjen, lå der nokon timar før eg var kokande varm. Flytta eg foten utfor dyna følte eg eit enormt kaldt ubehag, kokande varm var betre enn kald. Natta sov eg ikkje. Eg følte meg betre dag 3 så eg gjekk til Aurore sitt rom (tok lang tid å svimle seg bort :P) og henta termometeret eller kva det heiter. Eg måla temperaturen, den var skremmande nærme 40grader….. Eg har hørt folk døyr med 41grader i feber.. Og eg følte meg “bedre” :|

Hmm.. Temperaturen på kroppen er akuratt som “Load Avarage” saken i NIX systemer. Når kroppen må jobbe ekstra mye for å bekjempe noko drit så stresser den og får høyere temp. Akuratt som load avg høgare enn 1 = maskina stresser med oppgavane :> *tihi Kanskje ikkje helt sånn menmen :P (ble lei av å skrive om den slemme sykdommen)

Nei, nå er det vel ca 2 timer siden eg skreiv sist paragraf :> Eg har spelt minesveiper + hacket det for å få bra highscore… :> Uansett, ugh. Varmt.. :S Lukke opp vindu ennå mer.. Rart det, eg er kald på føtene med vaarm på resten av kroppen. Tilbake til sykdommen.. Eg hadde ikkje sove på flerne dagar (sånn soving der du legg deg, sovnar sånn at tia går raskt og våknar). Eg lå bare i senga med augo att, men eg registrerte alt som skjedde. Dag2 hadde eg eit problem etter eg hadde lagt meg, hjertet høyrtes ut som ein hul plastikk-boks som ble slått mot ein vegg. Eg blei veldig redd pga. dette, merka óg at pulsen var ekstremt høg og at eg var veldig varm (men det er jo enten veldig varm eller veldig kald).

Off, nei, eg huskar generelt lite fra dei 5 dagane ana at det var eit helvete. Eg klarar ikkje gje eit halvveis realistisk bilde av det ein gong så eg skal ikkje prøve. Det var 120 timer med intensiv pine (men den gangen eg hadde sært agressiv halsbetennelse var verre).

No har eg iallfall vært veldig lenge inne på rommet i et strekk, sjølv om eg var ein tur ute to av dagane. Sykkelen må fiksas, eg har kjøpt utstyr men eg må se å få starta og fiksa slangen.. (Men det er alltid så vanskeleg å få sjølve dekket på igjen! :S ). Kanskje eg gjør det i dag – første dagen eg føler meg bra nok til å gjøre noko slik. Hehe, om du nokon gong ser eit lite videoklipp av meg som ligg i senga, reiser meg opp og starter laptopen skriver litt på den etter eg har tatt på headsettet – er dette dét eg skriv på videon :P Jeg smiler akuratt når jeg skriver dette nå. Så har du klippet. SE PÅ DET! :D (Jeg vil legge det ut, men er bare personer som Pappa osv som finner det (har en rar forestilling om at Simon også vil finne det :P (rart))).host

Uansett, eg har sånn hallvegs fiksa dekket.. Dekket mitt er jo kriminelt skjeivt, det har eg ikkje fiksa (kanskje bare forverra :| ) men fiksa hålet i slangen. Eg fekk det ikkje heilt til, då eg var ferig med dekket på plass osv var det sjølvsagt eit nytt hål. Grrr… Det var rett vedsia av det forrige 5mm ca, så eg lappa dét også. Eg har ikkje testa det etterpå.

Dessuten fekk eg telefon for litt sia, ifra Ingunn, ho er her i Oxford og lurte på kvifor eg ikkje var med på utflukten idag.. Det var fordi eg ikkje visste det :( Eg elskar jo slike ting og ville gjerne hvert med. Ho sa også at me måtte snakke om hva noen lærere hadde sagt om meg.. Uffda, eg er visst misslikt av nokon lærere. Sikkert Engelsk lærerene + Media Comm lærerene.. Jeg prøver ikke være slem, men Kristine-Ýr sier jeg er veldig slem..

Uansett tror jeg ingen av de mannlige lærerene har noen problem med meg, de er jo kompiser :> Dessuten så skryter de hele tia av min enorme kunnskap :P Hehe.. Ahh, men plagsomt resten av drittet.. Menmen, imorgen må jeg visst på skolen for å treffe de andre, herlig faktisk. Er lei av å være isolert.

Wohoo, han nye Albanske kisen vi har her spurte om jeg ville se film med han ;) Koselig kis altså. Han har også sagt at jeg kan bruke tven hans.. jaja, jeg skal se film. nana. (nå skrur jeg også av kamera)

Vel, det var en kjekk film – Heartbreakers :> Etterpå så vi robocop 2 på tv, haha, drittfilm. :P Menmen, nå er det ny dag og jeg må komme meg til skolen før bussen eller hva vi tar går. Siden jeg ikke har satt sammen sykkelen ennå kjøper jeg endags busskort, da kan jeg hente gitaren min idag også :) Jeg legger denne fila over på kamera og så får vi se om jeg klarer å få den fersk ut på nettet idag (30 Oktober) :P

Deet klarte eg ikkje, men eg legg det ut idag, dagen etter.