Merkelapp-arkiv: Skule

Eit halvår med psykisk slit = 0 studiepoeng?

So… Eg vil eigentleg ikkje skriva det på netsida mi ein gong. Eg er berre so leid og sliten og trøytt.

Eg tok tri fag i år:

  • MAT1030 Diskret matematikk
  • FYS3240 Digital Instrumentering
  • INF3190 Nettverk

MAT1030 forsvant fort av di eg hadde andre ting å gjera enn matteobligar. Men eg vart leid meg. Då fær eg ikkje ein bachelor i Informatikk i Oslo. So frå der gjekkk alt nedyver.

Eg hev altso ikkje jobba skikkeleg med eit einaste fag. Det hev likevel slitt på meg psykisk, trass i totalt fråverande arbeidsinnsats.

Eksamen i FY3240 nærma seg, eg hadde rundt 10 dagar att, so eg tenkte det var på tide å gjera dei obligatoriske uppgåvene. Av ein elder annan grunn hadde eg ikkje tenkt på at dei måtte inn ei tid fyrr eksamen, ikkje rett fyrr — difor viste det seg no at det berre var ein dag eg hadde att til å gjera dei.

So eg prøvde meg på det i dag. Eg fekk faktisk gjort yverraskande mykje. Eg hev gjort Oblig 1 heilt, Oblig 2 er nesten gull – eg treng berre litt kjapp veiledning av di eg fær ein del rare teikn ut på LCD-skjermen når eg skriv via COM-porten til mikrochipen (det forstod sikkert berre Egil). Oblig3 var eg i gang med, og eg fekk no styrt flysimulatoren til slutt med spakane; men då såg eg at det var ei oppgåve B der òg (som alle dei andre, ugh) i tillegg til Oblig 4 der eg må læra meg LabVIEW som ser ut som noko irriterande greier.

Det stod òg at me burde gå gjennom opplæringsprogrammet for LabVIEW, det skulle berre taka 5-6 timar og ville spara oss mykje tid…

5-6 timar? Uhh. Eg vil gjerne vera ferdig på 3-4 timar. So, nei. Eg droppa heile LabVIEW. Og dimed heile faget. Og dimed droppa eg 10 studiepoeng til. So eg står att med 30-20=10 studiepoeng.

Og dei siste 10 poengi…

Kva skjer med dei?

Nei, det er faktisk òg usikkert. Eg hev vore i ein drit-i-det-modus lengje no, og gler meg berre til å vera ferdig med jobb og skule og alt saman. Eg skal ikkje vera forplikta til å gjera noko, og det vert superherleg. Eg skal berre gjera ting eg synast eg kjekt. Men det er framleit halvt år fram i tid, men eg ser fram til det.

Eg kjenner det som 3. klasse på vidaregåande, eg var so sjukt leid og so ekstremt klar til å gjera noko anna ei tid. Det er eg no òg. Halvt år att. 2010…

Attende til inf3190

So. Den hadde eg masse problemer med. Heimeeksamen1 gjorde eg på ein dag. Det var rein katastrofe. Forstår ikkje korleis eg klarte det. Eg fekk C på han, noko som er ganske yverraskande (altso, bra).

Det gjekk verre med den andre uppgåva. Eg lova eg ikkje skulle gjera det same um att. Men det gjorde eg. Berre denne gongen var uppgåva ekstremt mykje vandskelegare. Ikkje faen um det gjeng an å gjera det på tvo dagar når du allereide er sliten og trøytt og hev graut iblanda sirup i hovudet.

So eg fekk F. Det er fyrste gong eg hev fengje stryk på ein eksamen, aldri skjedd fyrr. Eg synast det er litt rart. Eg gjorde jo noko, fungerte jo litt :P Men det står vel til innsatsen.

No, um nokre få dagar hev eg eksamen i INF3190, eg trur eg framleis fær taka han, men eg lyt få ganske so god karakter viss eg i det heile teke skal stå i faget.

Viss ikkje står eg altso att med eit halvt års slit og 0 studiepoeng. Det er verre enn å verta kasta ut av Universitetet slik eg vart sist vårsemester. Då kunne eg jo faktisk gjera andre ting.

Ja, so fær me sjå um det vert 0 studiepoeng på meg då… Snork.

Looking really crap

Det er herleg å sjå at MS Comic Sans vert mindre brukt her på BI der eg og Helene (og Klaus, sjølvsagt, som er sjef for heile Marknadsføringsdagen) hev sitte heile dagen. Hev sett mykje bra, mange gode presentasjonar frå flinke folk. Men den forferdelege skrifttypen som gjer at eg mister all respekt for bodskapen lurte seg fram frå marknadsføringssjefen for Lilleborg (visstnok dei som reklamerer mest i Noreg).

Ganske ironisk står det «looking really good» og handlar um utsjånad, men skrifttypen gjeng direkte mot alt som står.

Looking really crap med ms comic sans

Det verste er sjølvsagt at sers mange av forelesarane på IFI (Informatikk på UiO) brukar skrifttypen som gjer det vandskeleg å fokusera på innhald og ikkje bli sint på folk si medvitsløyse. Rart at folk brukar han og visstnok synast han er fin. Eg trur dei berre lurer seg sjølv.

Eksponering og publisering berre for halvdugelege skular

I Stavanger Aftenblad den 20. desember kunne me lesa um og sjå utfalli av dei nyaste nasjonale prøvone. Diverre fær me ikkje heile sanningi i korkje datagrunnlaget eller i artikkelen som fylgjer med. Fleire skular er utelatne frå offentleggjeringi på grunn av for få elevar i ei av dei tri graderingsgruppone. Dette tyder fort fjerning av dei beste (og dårlegaste) skulane. Er det ynskjeleg å berre visa fram dei halvdugande skulane?

Sjå for deg ein skule med gode lærarar. Skulen klarar å lyfta brorparten av elevane upp til det beste nivået, med ein del att på millomnivå og eit par elevar som treng spesialuppfylgjing på botnen. Denne skulen som kannhenda fekk 65% bra, 30% medels og 5% dårleg hadde ikkje vorte med i offentleggjeringi av di skulen hadde for få dårlege elevar. Hæ? For dårlege elevar!? Kor tid vart det eit godt kriterium for å kåra «den beste skulen» i Aftenbladet? Me kann vera mot slike kåringar, men det er no slik utfalli frå dei nasjonale prøvone oftast vert tolka og brukt.

Den hevda grunnen til at skular med få dårlege (og få flinke) elevar vert fjerna frå listone er av omsyn til elevane i dei små gruppone. Eit edelt mål, men er det verkeleg naudsynt og fungerande? Eit tal for ein heil skule merkar ikkje ut einskilde elever. Um ein snok likevel etlar gjeta kven desse få elevane er, må han allereie vita kven som normalt ikkje gjer det bra på prøvor. Då veit han jo allereide det han vil vita og dei nasjonale prøvone vert ikkje ein inngangsport til denne informasjonen. So lengje einskilde prestasjonar er hemmelege vert snoken heller aldri heilt sikker.

So kvifor vert ikkje utfall frå alle, eller ingen, skular offentleggjort? Er det med vel vitande vilje at me framleis må leva i den norske halvdugleiken? Kor tid kann me endeleg sjå at det ikkje er noko galt i å vera flink, same um ein er skule eller elev? Tidi er inne for å kasta det pessimistiske og lite uppbyggjande målet um å vera halvdugande; me må oppfordra skular og elevar til å stræva um å verkeleg duga! Og for all del ikkje opna for sensurering av dei som er best!

Nynorsken, høgre, sidemål og engelsken

Det skjer mykje interessant rundt nynorsken i desse dagar. Veldig mykje tull frå mange stader, i tillegg til at eg kjenner NMU stadig veks som organisasjon og vert viktigare. Me fekk nett høyra at resultata frå sidemålsforsøket vart lagt fram med ein knusande siger for ein sidemålsfri skulekvardag. Og rundt oss hoppar Sylfest Lomheim og preikar um dauden til norsk språk i kamp mot engelsk. Saman med han finn me eit englekor som forkynner målfred og ynskjer at me nynorskingar berre skal leggja oss ned og la bokmålet valdtaka oss. Bakfrå.

Det vert ikkje betre av at Sleipfest ofte fær rolla som «nynorskingen», når han hev so klåre meiningar som strid i mot kva målrørsla meiner.

Kampen mot nynorsk forkledd som kamp mot engelsk

Nei, usj! Dette her er berre samnorskingane sin muterte krampaktige kamp mot nynorsken (samnorsken er bra for bokmålet, men dauden for nynorsken). Altso, bokmålet kann berre leggja ned sin strid – der er det ingen. Bokmålet er den store undertrykkjaren, den språkfascistiske herren som trampar av garde og gjer folk likegyldige til språk. Utanom nyorskingane. Bokmålet er ein større trussel mot norsk enn det engelsken er! Mykje større! Og kva språk er best til å stå mot engelsken (og verna um fridomen og folkestyret vårt)? Jo, det er nynorsken. Det er nynorskingane som pratar um språk, det er me som er upptekne av det og er språkmedvitne. Det er nynorsken som gjer at me i det heile teke hev eit ordskifte um språk i Noreg, det er nynorsken som gjer alle upptekne av språk. I Sverige er det langt mindre ordskifte, sjølv um dei hev verdas kulaste målføre innanfor sine grensor (Elvdalsk (nesten som norrønt!)) let dei det stille døy ut.

So kva er svaret på kampen mot engelsken? Tak i bruk nynorsk! Og slutt å prat um at engelsken er ein trugsel mot norsk, det er bokmålet som er den største trugselen.

Og so til dette fantastiske sidemålsrunket i Oslo

Eller kannhenda me skal kalla det eit opent angrep på nynorsken?

Mange fleire enn meg hev prata um kor dårleg dette «forsøket» hev vore og at det ikkje kann kallast forsking. NIFU STEP seier sjølv at rapporten brukast feil av Høgre og meiner han ikkje kann lesast slik fanden les bibelen og Høgre les forskingsrapportar.

Men det er ikkje fjerninga av sidemålsundervisninga som fører til at elevane blir betre i hovudmålet. Elevar som har delteke i sidemålforsøk i andre deler av landet, men då hatt meir sidemålsundervisning, har hatt vesentleg betre haldningar og vorte meir positive til nynorsken, seier Gro Morken Endresen.

Det er synd å sjå Høgre, som ein gong hadde ein skokk intelligente folk, søkka so lågt. Alle ser jo at dette ikkje kann kallast noko seriøst forsøk um obligatorisk sidemål. Alle dei seriøse forskningsmiljøi i Noreg sa jo faktisk nei til å vera med, ei kort lista:

  • Universitetet i Oslo: Nei, dette er ikkje forskning
  • Høgskulen i Oslo: Nei, dette er ikkje forskning
  • Høgskulen i Volda: Nei, dette er ikkje forskning
  • NIFU STEP: Nei, me hev ikkje kompetanse til å gjera dette
  • Universitetet i Gøteborg: Nei, dette er ikkje forskning
  • Universitetet i Stavanger: Nei, dette er ikkje forskning
  • NIFU STEP: Ooo-kååå då, hekkan, me hev ikkje kompetanse på dette – men me fær prøva likevel då, hekkans maserau, sidan ingen andre gidd

Og so gjorde NIFU STEP eit heilt ekstremt rart forsøk der dei i tillegg til å taka vekk skriftleg sidemål sette i verk mange andre tiltak for å gjera undervisningi betre;

  • Forfattarvitjing
  • Teatergåing
  • Tettare oppfylging av elevane med mappevurdering
  • Kompetanseheving av lærarane (!!!)

Kva resulterte dette i?

  • Ikkje auka lesedugleik
  • Ikkje auka munneleg framstillingsevnur
  • Ikkje vesentleg betre haldning til norsskfaget
  • Dårlegare oppfylging av dei som faktisk valde å halda på sidemålet
  • Ei svakt betre haldning til nynorsk (sikkert samanheng med lærarar som ikkje fær høve til å sabotera og klaga på nynorsken)
  • Å, yey, noko positivt: heile 0,146 karakterpoeng betre i standpunkt og 0,271 betre på eksamen
    • Fryd og gaman! Glede og dans!

So det er difor dette forsøket knuste sidemålet, ja? Dette var jo kjempepositive resultat. Og det er nok ikkje grunna den lista yver andre tiltak som vart sette i gong i tillegg. Neeidå. Eg trur ikkje kompetanseheving av lærarane hev noko resultat, ikkje forfattarvitjing og heller ikkje mappevurdering med tett oppfylging av kvar einskild elev. Nei, det er nok av di dei hev teke vekk eit fag. Me vert jo (som alle veit) betre i språk ved å hava mindre å gjera med det… No synest eg neste steg må vera å fjerna historiefaget, folk hev jo ikkje nytte av dette når dei skal taka seg jobb på Essoen og då kann heller dei som er interesserte verta mykje flinkare i historie – sidan me vert flinkare i alt som ikkje er obligatorisk.

Positive sidemålsforsøk

Det er interessant å sjå på positive sidemålsforsøk her. Der ein faktisk fylgjer læreplanen og gjer undervisningi god i staden for å taka ho vekk. Eg siterer fritt frå pressemeldingi til Noregs Mållag og Norsk Målungdom; Byrådet i Oslo til stryk i sidemål:

– Kvifor tør ikkje byrådet å satse på eit slikt prosjekt i staden, spør Hege Myklebust. Ho meiner osloelevane har krav på god like god undervising som elevane i resten av landet.
– Dei gode nynorskprosjekta finst, men Oslo kommune overser dei. Ved eit liknande prosjekt i Kristiansand gjekk sidemålskarakteren opp på eit halvår, framhevar Jens Kihl.

Dessutan hev me jo det kjende Holmlia-forsøket, der elevane nyttar nynorsk i eit anna fag enn norsk. Kva skjer her?

  • Tydeleg betre haldning til nynorsk
  • Og av det fylgjer: betre karakter i nynorsk
  • Sikkert noko anna, men eg vil ikkje seia noko for eg hev ikkje lese forskingsrapportar på det :-)

Kjære Høgre

So, kva med denne radikale tanken å gjera norskfaget betre i staden for å kutta ut obligatoriske og demokratiserande fag? Eg veit det kann vera litt vanskeleg for dykk å forstå at ein betre skule gjev flinkare elevar (merk den store uvilja mot å prøva positive forsøk og ikkje minst «kunnskapsfallet» som de nett innførde), men prøv i alle fall.

Takk.

Randaberg er godkjend som siviltenesteplass

Å, for ein strålande moooorgon. Å, for ein strålande daaag! Wohoo, Randaberg er blitt godkjend som siviltenesteplass! Akkurat der eg vil. Eg må få meg på ein internettcafé for å sende dei ein epost der eg spør dei om å halde av plassen åt meg.

Kjem åt søkje frå Dilingøy rundt 19. september. Kan hende eg kan ringje Dilingøy og seie at eg veit kor eg vil jobbe, og har ein avtale. Kanskje eg slepp dra åt Oslo då.

Kvifor Randaberg

Vel. Randaberg er den beste media & kommunikasjons-skulen i Rogaland. Dei har den beste filmlinja, og det beste utstyret for ein videregåande skule. Eg vil veldig gjerne jobbe med film/video i siviltenestetida. Eg vil hjelpe kameratar på videregåande med ting læraren ikkje kan. Eg kan båe hjelpe dei som har litt problemer med diverse, eller (HELST :D) dei som kan det læraren snakar om godt.

Då kan me byrje lage skikkelege filmar, – med substans og kvalitet. Kan oppfostre moglege medarbeidarar åt seinere. Dessutan får eg jobberfaring, pluss at eg får drive med film/video. Eg liker å vere rundt andre å hjelpe – så kva er ikkje betre enn ein skule?

Ah. Pluss, eg får bli i Stavanger. Pappa jobber på den skulen, så me kan reise ut saman innimellom. Hmm. Noko meir? Ja, det er ein fin skule. Eg kjenner ikkje rektor eller nokon der ute no (Johan har diverre gått ut :] ) så det får kome når det kjem. Eg vonar eg kjem inn, og så vonar eg at det er nokon flinke elevar i år. Det hadde vore veldig kos. Viss ikkje må eg plukke ut eit par som skal bli veldig flinke. Eg må nemlig ha nokon av dei :]

Kva vil eg ikkje gjere

Det eg ikkje vil gjere er å vere separert frå elevane; ha ein eller anna pur teknisk jobb. Nei, eg vil vere med i timane og eg vil vere nyttig. Eg skal jobbe dette året, ikkje sitje på eit kontor å “administrere Windowspcar”. Det kjem eg til å nekte likevel, anten brukar dei ekte OS (Linux) – eller så må eg ha noko nyttig å gjere. Ein kvar idiot kan “administrere windows” – det er berre utruleg tidkrevande og plagsomt sidan det syg så utruleg mykje i ein nettverksamanheng.

Brevet mitt åt Randaberg skule

Hei,

mitt namn er Odin Hørthe Omdal. Eg er 18 år, bur i Stavanger (med Mosvatne) og har sivilteneste grunna mi pasifistiske overbevising frå 18. september 2005. Eg har lengje vore interessert i siviltenestestillig med Randaberg VGS media & kommunikasjon, pluss film tilvalg. Dette er av di eg har ei stor interesse for film og video, og er særs interessera i å hjelpe andre og gjere noko nyttig i siviltenestetida.

Eg sender brev for å spørje om dykk kan halde av stillinga til siviltenesta mi startar. På den måten veit dykk at dykk får ein siviltenestemedarbeidar som bur nær skulen, er interessert i å gjere ein innsats og har kunnskap som famnar om nokre av skulen sine kjerneområde.

Skuleåret 2003/2004 gjekk eg BTEC Media National Diploma med Oxford and Cherwell College. Der fekk eg raskt hjelpelærarstatus då eg allereie kunne pensum i nokre fag – det var ei positiv og morosam erfaring. Sist skuleår på Hetland gjekk eg media 3 og media 4. Læraren vår i media 4 var sjuk det fyrste halve året, så eg fekk omsyn for klassa mi. Hadde omsyn for å lære dei andre videoredigering mellom eigne prosjekt. Noko eg trivdest godt med.

Med siviltenesteplass har eg ikkje eigne prosjekt og kan fokusere på å heve nivået i klassa – hjelpe dei som treng hjelp og lære dei allereie flinke elevane meir avanserte program/teknikker. Eg har lang erfaring med video/film og har mitt eige eitpersonføretak som driv med det (Velmont). Eg har lang erfaring med Final Cut Pro, som dykk allereie har på den mest avanserte videoredigeringsmaskina på skulen. Det andre programmet (Pinaccle Studio) har eg bruka til småting, men vil fort lere det inn og ut for å bli mest mogleg effektiv med å hjelpe.

Eg vonar eg kan vere ekstrahjelp på Randaberg, meir grundig og detaljera enn det læraren kan vere. Læraren har kortare timetal og omsyn for alle elevane. I tillegg har eg lang erfaring med datamaskinar, då spesielt forskjellege Linux-variantar og Mac OS X. Eg har elles ingen problem i det heile med andre ting, f.eks hjelpe vaktmester med oppgåver, køyre, hjelpe elevar med nynorsk (såframt eg kan meir enn dei) o.l. Men eg legg ikkje skjul på at grunnen eg søkjer Randaberg er for å få bruka det eg kan om film/video på ein positiv/nyttig måte.

Randaberg har det beste utstyret (eg kjenner til) i Rogaland, og har ei eiga filmlinje som få andre har. Det vil vere ein skam å ikkje nytte dette flotte utstyret til å óg få dei beste elevane i Rogaland, og lage dei beste filmane (som igjen vil vere reklame for Randaberg). – Eg kjenner til eit prosjekt om å lage presentasjonsvideoar av alle videregåande skular i Rogaland, slik at det kan gjere val av skule enklare. Dette er eit prosjekt eg óg kan hjelpe til med / ha omsyn for om det er høveleg.

Sidan eg er i Frankriket/Strasbourg nett no kan eg ikkje sende de papirane mine. Men eg kan nemne at eg fekk eit stipend på 10.000 kr for godt miljø og positiv haldning åt Hetland. Eg har brev frå rektor som fortel om innsatsen i elevrådet og hjelpelærarinnsatsen i media 4. Eg har generell studiekompetanse og brev frå Oxford and Cherwell College. Eg kan sende det om det er naudsynt då eg er tilbake i Noreg (25. august).

Med venleg helsing,
Odin Hørthe Omdal

Veeel… No seier Pappa det er siviltenesteadministrasjonen eg maa soekje aat. Hmm. Eg maa skrive ein annleis mail aat dei! Jaja… Randaberg ville ha meg, sa han – og Gjert Meling kjem aat jobbe der.

Vitnemål i boks

Javel, då har eg vore å hente vitnemålet mitt frå Hetland. Det ser greitt ut, men har ein liten feil (trur eg). Elles er det synd å sjå kor mykje mattematikken øydela for snittet. Det som eg trudde ville vere lett match (kvifor gjer dei 1MX ultralett og 2— og 3MX dritvanskeleg!?)

Karakterane slik dei kom fram

Legg dei ut i ei liste, for interesserte :p

Fag Standpunkt Eksamen
Engelsk 4
Matte 1MX 5
Naturfag 5
Samfunnslære 4 5
Norsk hovudmål 4 5
Norsk sidemål 4 3
Norsk munnleg 4 6
Nyare historie 5
Religion 5
Gym 5
Fransk B Fritatt1
Økonomi 5
Matte 2MX   2
Matte 3MX 3 3
Media 3 5
Media 4 5

1 B-språk, berre eit år, standpunktkarakter 4 (fire).

Snitt

Ja, så kva blir snittet av dette då? Jo, det blir ca 4.35 i snitt. Lavt. Eg hadde håpa på noko høgare. Ungdomsskulen og GK hadde eg 4.7, VKI fekk eg 4.5 trass kor slakk eg var det året (Oxford, ooh, max lax). Medan dette året er snittet 4.4 eller noko, hugsar ikkje heilt kva det blei. Så kom eksamenane då, 2-eren kjem krypande frå 2MX. Øydelegg alt. I tillegg kjem eg opp i 3MX, endå ein 3-er som ligg å venter på å trekkje meg ned. Hadde eg berre kome opp i eit enklare fag. Menmen.

Vitnemålet til Odin Hørthe Omdal

Korleis hadde det sett ut UTAN 2MX og 3MX på vitnemålet då? Jo, mykje betre. Dette er jo sjølvsagt berre ønskjetenkning; men utan dei hadde eg hatt 4.65 i snitt. Oooh, det hadde vore sakar. Med dei 5 ekstrapoenga eg har då ville «snittet» mitt vere 5.15! No er snittet (med poeng lagt til) 4.85. Eller 48 poeng på primærvitnemålet som ein òg kan seie.

Jaja. Treng ikkje så mykje karkaterar, ein får til det ein vil. Eg skal antakeleg ikkje gjere ting som krev at eg har superduperkarakterer likevel. Vil ikkje bli journalist osb. Dessutan har eg jo allereie eige firma :p

Ein time ekstra?

No har eg 100 timar på vitnemålet. Dette inkluderer 2 timar «Teater/Revy» som eg gjorde på GK. Men eg var med i elevrådsstyret, og me skulle få godkjend 1 time for det arbeidet, og den har eg ikkje fått. Eg skreiv jo rapporten dei trong òg, så det skulle ikkje vere noko problem. Eg må få ringt ned å sjekka det. Er jo greitt å få 101 timar, viser at eg har vore ein god del på skulen (sjølv om det er langt frå heile sanninga, eg jobba enormt mykje overtid i Oxford).

Men godt nøgd

Det kunne ha gått verre, eg har ikkje vore særleg flink til å jobbe. Vore slakk, slik er det. Eg er veldig missnøgd med BM-eksamen der eg fekk 3, har skrive om dèt før. Heile klassa vår fekk elendig karakterar (høgaste var 4, som fekk) trass i at me var den beste klassa (ant iallfall) på Hetland. Me hadde altså ein sur og sint sensor. Frekt. Eg har hatt BM i 11 år og kan det betre enn NN som eg nett bytta til (likevel får eg 5 på hovudmåleksamen i NN!).

No har eg altså eit snitt på 4,85. Det er jo ikkje gale. Dessutan har eg take 2MX-eksamen på ny, så grunnsnittet mitt blir 4,4 då. Då har eg snitt på 4,9 med poeng. Jaja. No er det berre å søkje om sivilteneste! Stresss… :p

Eg har take tida på dette innlegget, så tenkjer eg kan seie ifrå kor mykje eg har bruka på forskjellig.

Oppgåve Min
Fiksa bileta (take dei, redigert, lagra på HD) 10
Skrive dette (medan eg chatta med Monique og div) 30
Få bileta inn i innlegget og publisere 5
Totalt 45

Ferdig med skulen…

Då var me ferdige. Har ei lita pølsesamling i skulegarden som alltid, men det er jo ikkje genuin skule. Dermed gjer eg ingenting feil i å sjå tilbake på 12 år med skule. Det har vore 11 utruleg kjekke år – eg har alltid vore medviten dei gode sidene til skulen. Men no er det altså slutt…

Auglend barneskule (1–4, 6–7)

Odin, i barneskulealder.Eg starta mitt skuleliv på Auglend barneskule. Men det er kjempelenge sida, eg er for det fyrste lite interessert i å skrive så mykje om dei 6 heilt fantastike åra; for det andre er det sikkert ikkje så interessant å lese. Ah, kan seie litt. På Auglend var bestevenen min Fredrik, han budde ein 100m frå meg i luftlinje. Fredrik blei kjend med Steffen, besteveninna hans var Camilla. Difor blei me ein litt større gjeng. Fredrik var forelska i Camilla og motsett, kanskje difor me blei ein slik 4-manns gjeng? :p

Elles hang eg litt med Tor Haakon på barneskulen. Me dreiv på med mykje moro; var dei einaste som hadde vore fleire gongar på skulen sitt tak lovleg. Var det eit skodespel eller noko som skulle fiksast? Vel, teknikarane var klåre; meg og Tor Haakon. Eg hadde mitt hovudfelt video, medan «totta» (heh) tok lyd. Me laga òg ein musikkvideo på skulen, med jentene i klassa. Spice Girls cover :p—Hugsar eg var utruleg stolt for at eg var så lite i timane men ikkje fekk fråvêr for det; eg var nemlig ynskja som hjelp for skulen diverse plassar. Blei take ut frå klassa for å filme diverse prestasjonar o.l. Gode tider :)

Ullandhaug ungdomsskule (8–10)

Odin, i ungdomsskulealder.Så kom dagen me flytta. Eg var særs misnøgd; skulen hadde jo ikkje leikeapperat. Eg som hadde vore fast brukar av båe barnetv og leikeapperat skulle plutseleg leike vaksen. Men det lika eg ikkje noko særleg; må halde på det barnslege. Difor var eg utruleg heldig i den klassa eg kom i. Me var ein laussluppen gjeng som berre ville ha det moro, me brydde oss ikkje om å vere «kule» (her er det å vere «kul» noko negativt, ja). Det var ein god del teite folk på Ullandhaug, men dei såg me ikkje stort åt. Dessutan blei dei betre med tida. Jo større ein blir; jo meir mogen blir ein. Fredrik forsvann som kjend åt 9-klasse; då sto eg utan besteven. Endra skuletilvêrelsen ganske dramatisk. Fekk ein større venegjeng med svakare bånd som erstatning.

Var utruleg glad i klassa mi. – Åra på Ullandhaug var kjempekos, eg kjenner framleis eit positivt tilhøve til skulen. Dei fyrste åra blei eg tatt ut av klassen åt fleire anlendingar; for å hjelpe med videotekniske ting, for å hjelpe med heimesida til skulen eller liknande. Meg og Tor Haakon blei igjen teknisk ansvarlege for heile skulen, me laga bl.a. det beste juleballet skulen hadde hatt ;] For fyrste gong med videoprosjektor (hihih, kven stod for dèt tru?) og eit utruleg videoshow i tillegg til det vanlege. Året etter var det langt i frå like bra har eg høyrd – så eg trur framleis me har rekorden for det beste ;)

Ut av ungdomsskulen fekk eg eit flott brev der det stod framifrå ting om filminteressene mine. «Eg vonar me vil sjå meir av Odin innan dette feltet i framtida». Hihih, veit endå ikkje om det blir noko; men kanskje Aasland får rett? – Eg fekk 4.7 i snitt då eg gjekk ut frå Ullandhaug; eg kunne velje fritt i skular. Etter masse fram og tilbake mellom Randaberg Media & Kommunikasjon, Kongsgård og Hetland fall eg til slutt på Hetland. Eg sat faktisk Hetland opp som einaste skule. Visste jo eg kom inn likevel.

Hetland videregåande skule (GK)

Odin, pÃ¥ preikestolen, grunnkurs.Eg var litt missnøgd i starten av di eg kjende jo ein god del på Hetland allereie; tenkte det ville bli vanskeleg å bli kjend med nye folk då. Ville få fleire vener, større krets; difor ville eg gå på ein skule der eg ikkje kjende nokon. Heldigvis blei det ikkje noko problem og ganske snart var eg godt innrullert på Hetland. Eg starta fyrst i ein «teamklasse», som var eit forsøksprosjekt med 50 elevar i ein klasse og datamaskinar i dei 3 klasseromma som var slått saman til eit digert. Mamma ville ikkje at eg skulle vere med i noko testprosjekt som sikkert ville senkje karakterane mine, eg var einig og byta til 8E. Der gjekk eg saman med Jon, og bl.a. Camilla J som eg blei god ven med.

Meg og Jon søkte til Oxford, tenkte ikkje stort på det i byrja; men me kom jo med! Dette året for Hetland hadde eg vore delegat for heile skulen i Elevorganisasjonen; sjølv om eg ikkje var medlem i elevrådet eingong :p Eg hadde ikkje klåra kome inn i elevrådet; me hadde val same dag eg kom inn i klassa. Få kjende meg, men det var ikkje så utruleg langt opp til at eg kunne bli vald. Eg fekk 4.7 i snitt.

Oxford and Cherwell College (BTEC Media ND-First year, (VK1 for meg))

Odin, i Oxford MacDonalds, VKIWoha. Dette året var heilt enormt. Det veit vel mange allereie. Denne sida er eigentleg eit produkt av året i Oxford meir eller mindre. Han hadde vore mykje meir ein normal, kei blogg som hadde døydd innan eit år om det ikkje hadde vore for Oxford. Heile Oxford-samlinga «ligg ute på nett»:http://org.velmont.net, sjølv om eg heller kjem til å pusse opp nokre av «artiklane» og publisere dei her på ny. Så ikkje les der med mindre du har mykje tid til overs ;)

Reint skulemessig sett var det moro å få gjere mediarelatera ting. Eg likte læraren godt, av di han lot meg gjere det eg ville sidan han såg eg var på eit anna teknisk nivå enn dei andre. I Oxford var det likevel det sosiale som gjorde den store forskjellen. Eg er for alltid endra etter Oxford; var bl.a. der eg nærma meg buddhismen. Etter mykje filosofering. Mykje, mykje filosofering og sann lukke. Var eit utruleg år. Litt slakkare etter Oxford reint skulemessig; men meir lukkeleg. Snitt 4.5.

Hetland Videregåande skule (VKII, russ)

Odin, Hetland avslutting, VKIISiste året. Det har vore veldig moro. Russetida var kjempekjekk, om enn – slutta litt tidlig spør du meg. Me var jo ikkje ferdig med skulen eingong; så skulle me plutseleg feire før alt saman? Heh? Nei… Teit ;) Men same kva; perioda det varte var tøff (som i stilig). Dette året kom eg endeleg inn i elevrådet. Eg klåra bli sekretær tilogmed ;D Eg stemte sjølv på «Sissil», men fekk nærast alle dei andre stemmane sjølv. Det var koseleg :) God miljø. Mange kjekke folk. Stor omgangskrets. Siste året var bra. Er berre å lese noko av det eg har skrive tidligare for å forstå meir av dette året. Dette året har eg falt heilt ned til 4.4.

Kva papirer har eg frå skulen no?

Det har som sagt gått nedover mot slutten. Men eg fekk jo 6 på norsk munnleg eksamen, trass i at det var fare for at eg ville få 3 i munnleg standpunkt. Eg visste at spesielt norskkarakterane mine var ganske låge i forhald til det dei burde vere. – Same kva; no er det slutt. Eg veit endå ikkje kva det samla snittet blir. Eg har mange fag frå GK og VK1 som skal inn, dessutan tel eksamenane eg har hatt oppover. Det blir moro å sjå korleis vitnemålet ser ut. Men eg kan seie standpunktskarakterane eg fekk i år iallfall:

Fag Karakter
Matte 3MX 3
Norsk hovudmål 4
Norsk munnleg 4
Norsk sidemål 4
Gym 5
Religion 5
Nyere historie 5
Media 3 5
Media 4 5
Snitt 4.4

Eg er særs misnøgd med å få under 4.5. Trudde no eg iallfall skulle få over det! Menmen. Slik kan det gå. Matte-eventyret mitt med total mangel av privatist-innsats har ikkje gjeve særleg avkastning. Den trekk meg noko sjukt ned. Karakteren frå VK1 (2-er) vil eg ikkje tenkje på eingong! ÆÆææ.

Likevel; det er nokre gode karakterer frå eldre tider som skal kombinerast saman med eksamenar for å lage det samla snittet. Eg gler meg til å sjå kva det blir. Eg gidd ikkje tenkje på det sjølv. Kanskje eg reknar det ut ein gong eg kjedar meg.

Lukke.

Lidenskapleg Utruleg Kult. Kollossalt Elskeleg.

Eller berre Heilt. Utruleg. :D

Odin, lukke, Hetland avslutting, med glas

Hetland gjer ut stipend. Eit til beste elev. To til to elevar som har bidratt spesielt til skulen; mtp. sosialt miljø o.l. Den beste eleven er ikkje vanskeleg å trekkje; det er mattematikk. Det andre stipendet er vurdert. Lærarar kjem med innstilling, ein høyrer rundt kva lærarane synest om eleven; og til slutt finn dei ut kven som har bidratt spesielt positivt til skulen.

Eg drøymde om stipendet. Det er ein ting eg ville ha satt utruleg stor pris på; å få høyre at ein blir sett pris på, og at nokon synest ein er viktig vil vere det ultimate. Det ultimate. Ingenting er viktigere for meg enn andre. Ein kan vere så mykje åleine ein vil; men ein blir ikkje lukkeleg av det. Eg blir ikkje lukkeleg av det. Aller beste er å vere med andre, hjelpe andre, gjere andre glad. Å gjere andre glad gjer meg glad. Det er diverre ein klisjè, men akk så sant lell. – Å få høyre frå skulen at ein gjer andre glad? … Supert. Fantastisk.

Skulen meiner eg har vore viktig for dei. Dei meiner eg har gjort ein god innsats for miljøet på Hetland. Dei vil gje meg spesiell ære for det. Eg vil få papir på det. I tillegg kjem 10.000 kr. Dei er tilstades for å legitimere og gje utmerkinga substans. 10.000 kr er ikkje lite pengar. Det er veldig mykje. Særs mykje. Likevel er dei i seg sjølv berre pengar. Men dei er symbol på noko større. Rolla dei spelar, slik eg ser det, er å vise at utmerkinga ikkje berre er ord; ho har verd. Det er knytt arbeid i overført tyding (pengar) til æra. Dei kan ikkje gje slikt til alle; det er sterkt einskilde midler. Noko spesielt, noko med substans.

Difor eg er glad. Med tyngde har Hetland offisiellt sagt takk Odin. Eg er glad eg skreiv om kor glad eg var i skulen før eg fekk høyre det tilbake. Eg er glad de leste det; då er det ingen tvil om min habilitet. Ooh. Eg er berre så lukkeleg :D Ekte lukke. Ekte, ekte. Dette er ikkje lotto-lukke. Dette er sannferdig basislukke. Ikkje noko eg direkte har gjort meg fortent til (det har eg ikkje), men noko andre har meint. Uavhengig av meg har dei sagt noko om meg, uavhengig takka. Eg klårar ikkje formidle halvparten av kva eg kjenner; men WOW! :D Det er ein god kjensle.

Haha. Eg har vore heilt rar i dag etter dette! :D Eg måtte skrike i bilen på veg til Folken; eg har syngje, eg har glist uhøveleg mykje. Det er noko av det finaste eg nokon gong har fått oppleve. Eg har hatt det kjempemoro på Hetland; og dei takkar meg tilogmed for det! Ååå! TAKK! :D Takk alle som les det eg skriv. Spesielt takk til Tor Eirik, som er heilt klårt ein av hovudgrunnane til at eg har denne sida. Det kiler inni meg. – Eg er så glad for dei eg går på skule med; utan dei hadde ikkje prisen tydd noko. Denne sida er òg utruleg viktig, eg kjenner meg verdsett. Det er de som gjer det viktig for meg. Hadde de ikkje tydd noko for meg hadde eg ikkje kjend meg slik eg gjer no. Er nemlig de som har gjeve meg lukka; er dykkar ære. Det er så synd; eg klårar ikkje formidle kjensler – det blir platt og klisjè. Eg er ein ekte postmodernist; ord har inga tyding. Men prøv likevel å forstå; eg meiner det.

Norskeksamen FERDIG!

Ahh! Der var det gjort… Eg fekk om dialektar – noko eg ikkje hadde øvd på. Ææææ! Elles gjekk føredraget mitt om postmodernismen greitt; sjølv om eg fekk kritikk for at eg hadde take ei for stor samfunn og sosiologisk forankra forklaring.

Då venter eg berre på å få karakteren! Ååå. :S Skummelt…—Eg trur det blir 4, heilt ærleg. Skal eg seie det uærleg; eg trur eg får 3… Då blir det ikkje så vondt å få 3-er :( Buhuuuu. Eg får 3-er :(((( OK, berre nokre minuttar til eg skal inn! Må gjere meg klår.

I etterkant

Ja. Så eg fekk altså 6-er, som alle allereie kan lese i kommentarane. Det er jo ganske mykje betre enn 4, som eg trudde på. Men det var altså realistisk tru. Eg vona 5-er om sensor var snill. Det eg har skrive over er ganske rett altså. Eg var berre litt ekstra heldig, sidan ho lika avanserte postmodernistiske emne, noko eg hadde lese mykje om ;) Realistisk sett kunne eg ha fått 3-er! Tingen er; eg gjekk utanfor emnet i sjølve framsyninga mi. Spørsmålet var då kor mykje vekt dei ville leggje på det. Dessutan spurde dei meg etterpå litt meir om litteraturen. Sensor kom med fleire spørsmål (heh, ho blei veldig engasjera :p) – eit av dei om eg hadde lese om «Ekhart» eller noko. Heh. Norsk litteratur hadde eg ikkje lese noko om. Eg hadde lest avanserte tekstar om avanserte emne… Ikkje noko om norske forfattarar! :S

Men så byrja eg snakke om Jon Fosse, sidan eg nett hadde spelt i eit stykke skrive av han. Då fekk eg sagt noko meir heldigvis. Snakka vidare om at ein kunne f.eks lese «Berlinerpoplene» postmodernistisk, sjølv om han eigentleg faller betre inn i sosialrealismen. Så nemnde eg at eg hadde lest meir av Darrida (ein teoretiker, dekonstruksjonismen sin far – skriv utruleg vanskeleg) enn norske forfattarar. I følgje norsklæraren min var det dråpa som fekk begeret til å renne over :p Det var ein siste dytt mot 6-er ;)

Postmodernisme framsyning

Javel. Eg må få skrive ned tankane mine rundt emnet, slik at eg kan få strukturert det for å vere klar til munnleg norskeksamen. Dette innlegget vil vere til å gjere nett dèt. Me får sjå kor uinteressant det kan bli. :p

Postmodernitet, tidlige stikkord

  • Overgangen, modernisme
    • Forskjell modernisme/postmodernisme
    • Relativism
    • Slutt å tru på framtida
      • Utopia er i fortida, ikkje i framtida lengre
  • Naivisme
  • Deconstruction (dekonstruksjon, utruleg vanskeleg :S )
    • Alle tekstar snakkar med fleire «stemmar»
    • Er eit produkt av «meining», ord som er bruka o.l.
  • Avantgardisk
    • Alltid kome med noko nytt, men steler frå fortida
  • Sekularisering
  • Hyperkomplekse samfunnet
  • Liberalisert
    • Alle er forskjellige, einaste moglege styreform: demokrati
  • Litteratur
    • Fleire «lag» med tekst (meta-skriving)
  • «Sanning» endrar seg over tid
    • Eit resultat av tekst og «popularitet» i tida
    • I gamle dagar var sanninga at jorda var universets midtpunkt
      • Me kan ikkje stole på noko, alt forandrar seg
    • Ingenting er «rett» lengre
      • Kan skrive slik ein vil
      • Blade stiler osb
      • Tilgjengeliggjering av tekst, alle kan skrive

Manus for framsyninga

Litteraturen som kom etter andre verdenskrig som ein reaksjon på modernismen har blitt kalla postmodernisme. Den strenge og eliteprega modernismen forsvann og resten av han fekk ei utviding med postmodernismen. Båe desse formene var eit klårt brudd med 1800-talet si realisme. I staden for å ha eit objektivt og eksternt søkjelys utforska desse stilane subjektivitet. Frå ekstern røynd gjekk ein til eige kjensler og det «indre medvitet».

Postmodernismen er fri, kan ein seie. Han sett ikkje grenser for kva som er lovleg. Alt er rett, og alle kan skrive postmodernistisk; berre det er «nytt» i den forstand at det ikkje er ein kloning av tidligere tider. Kombinasjon av eldre stiler, fragmentasjon og meta-lag er høvelege verkemiddel i ein postmoderne tekst. Postmodernismen som tidstrekk kjem etter folk har sett den moderne tid ikkje løyser alle problem. Framtida er ikkje ein utopi lengre.

No blir samfunnet sett på som ei hyperkompleks utforutsigbar samling av enkeltindivid. Dei store meta-forteljingene er vekk, samanhengane forsvunne. Det tyder dauden for ideologiane, dei store føringane for eit samfunn. Marxismen, jamvel nyliberalismen der marknaden skal fikse alt til det beste, fungerer ikkje under postmodernismen. Det einaste moglege styresettet for postmodernismen er eit demokrati; satt saman av fleire individuelle stemmer.

Omgrepet om fleire stemmer er veldig sentral i postmodernismen. I litteraturen kan tekster har fleire stemmer. Eit enkelt døme på dette er dei forskjellige laga ein kan finne i ei postmodernistisk bok. Eit metalag over forteljinga som peker på verkemiddel og har ein ytre diskusjon om kor resten av historia skal take vegen er ikkje uvanleg. Darrida snakkar om dekonstruksjon; all tekst er satt saman av fleire stemmer – all tekst er eit produkt av orda ein har tilgjengeleg.

Hjelp!

Om de ser noko rart, eller har kommentarar: kom med dei. Sjølv om eg veit mange missliker desse emna kan det jo hende de har gode tips lell ;)