Merkelapp-arkiv: Skule

Norsk munnleg; postmodernisme

Javel, då fekk eg vite kva eg kom opp i. Eg skal ha om perioda 1945–2005 og skal ha ei 15 min framsyning om postmodernisme. Etter det skal eg kunne prate om språkhistoria i denne perioda i rundt endå eit kvarter. Postmodernismen er ei heller vanskeleg periode, av di det er den me er i no – og difor er det vanskeleg å sjå korleis han er/blir. Han er ikkje fast definert nemlig.

Så kva er eigentleg postmodernismen spør du heilt sikkert. – Eg veit eigentleg ikkje heilt eg heller; sjølv om eg faktisk valde den oppgåva. Eg kunne velgje problemstilling i eit litterært emne innanfor 45–05; men Niklas tok det beste emnet med ein gong; politisk+bøker. Ooh, den hadde vore kul – med dei raude 60—åra osb! Sosialisme og solidaritet, hadde vore eit supert emne! :D Men var altså ikkje det eg fekk. Eg kunne jo like godt take noko vanskeleg då – for å så kunne lere noko nytt. Veit jo fint lite om postmodernismen slik det er no; men til tirsdag bør eg kunne noko.

Liksom-lese perioda startar

Vel. No kjem eg til den delen eg fryktar; normalt klarar eg ikkje lese til eksamenar/prøver o.l. Her startar den perioda då alle andre sit og les, medan eg latar som om eg les. Eg sit inne heile dagane og gjer; vel. Ingenting eigentleg. Eg sit og chattar, kastar tida vekk :) MEN. Eg skal prøve å unngå det. Sjølvsagt må eg take pauser, og eg kjem antakeleg ikkje til å sitje mykje med det. Eg vil nemlig heller vere ute og gå tur enn å sitje inne og plage meg over at eg ikkje får lese.

Til framsyninga kan eg lage ein data-presentasjon; det vil eg ant. bruke. Så eg må få laga det òg. Sjølv om eg trur det vil hjelpe meg sidan då må eg strukturere meg. Same kva, alt går bra til slutt: eg har alltid den holdninga. Det ordnar seg. For å vere heilt ærlig så siktar eg på femmer, sjølv om eg sikkert vil seie eg er nøgd med fire. Rett før eksamenen vil eg klage på at eg ikkje har gjort noko særleg;

Dette luktar 3-er, eg er nøgd om eg får 4!

Så, etter eksamen vil eg kanskje vere litt meir positiv, og ha eit von for 5-er, sjølv om alle dei fornuftige trådane i meg vil seie 4. Eg vonar på 5. 5. 5.—Så kjem eg inn til sensor og får høyre;

Du får 4.

Jaja. Det var den eksamenen. Slik trur eg det går.—Så som sagt, eg trur relistisk på 4, vonar på 5. Eg vil prøve å jobbe mot 5, sjølv om eg veit at eg vil antakeleg lande på 4. Eg kjem jo ikkje til å jobbe likevel. Veit jo eg får 4; så då er det jo ikkje vits å leggje 5-er arbeid inn i det? Heh. Det er tankerekka mi, om du klåre følgje ho. Ikkje bra iallfall :p

Kva veit eg om postmodernismen?

Som sagt veit eg ikkje noko stort om han. Me har ikkje hatt noko om han på skulen av di det ikkje står noko i læreboka. Difor vil eg her kome med det eg trur eg kan om han. For all del, ikkje bruk dette i skulesamanheng og ikkje ta det for god fisk! Det kan vere veldig feil. Det er det lille eg veit om postmodernismen, utan at eg har satt meg inn i han. Eg vil skrive meir om han seinere rundt eksamenstider, då bør eg vere ekspert i stilen. Men same kva, lat meg fortelje deg kva eg veit/trur eg veit om postmodernismen.

Postmodernismen (1980—)

Postmodernismen er vanskeleg å snakkje om av di det er tida me er i no. Me veit endå ikkje om me skal kalle postmodernismen eit brot eller ei videreføring av modernismen. Høgst sannsynleg trur eg på eit brot, han har vore såpass mykje diskutera og bruka at det fortener å vere ein eigen frittståande stil. Likevel er det fleire forfattarar som beveger seg mellom modernismen og postmodernismen på grunn av likheiter i stilane. Tingen med postmodernismen er at han er eit digert rot; ei diger samasetning av altslag forskjellig. Han eksperimenterar med stil og innhald, ofte med eit eller fleire metanivå. Til grunn ligg det at ingenting er bestemt «rett». Absolutt alt er relativt.

Det postmoderne er karakterisera av at det er eit stort mangfald. Me snakkar ofte om det postmoderne samfunnet, som er den vestlige kulturen meir eller mindre. Postmodernismen er gått vekk frå den totalitære tanktegangen, gått vekk frå den overordna ideologien for eit samfunn. Han meiner det alltid er store skil i eit samfunn, og at samfunnet satt saman av enkeltindivid er hyperkomplisert. Difor er ein rein ideologi for eit samfunn umogleg.

I det store og det heile meiner postmodernistene (dei innafor filosofien/sosiologien) at alt er så avansert at det ikkje er høveleg å forklare det. Me kan sjå utrykk for dette i litteraturen, der dei postmoderne bøkene ikkje slår fast noko men istaden ofte syner prosess og endring. Eit emne kan bli skrive om på eit grunn- og eit metanivå; ei sjølvgransking til det ein skriv. Med dette meiner eg for eksempel ei bok om ein person som les ei bok—og at me og får lese denne boka saman med personen. Då vil det personen føretek seg og tenkjer vere eit metanivå.

Andre utrykk går motsett veg, mot det naivistiske. Sidan alt er så komplisera kan løysinga vere forenkling og slutte å prøve å forstå dei store problemstillingane. Postmodernistane meiner me ikkje kan forklara det hyperkomplisera samfunnet med enkel psykologi o.l. Sidan me ikkje kan gripe om dette emnet vil det vere betre å kome til si eiga løysing på eit lågare nivå. Finne svaret inni ein sjølv; ikkje i samfunnet. Slik eg ser det er postmodernismen særs oppteke av individet og at det er forskjellig.

Eigentleg er denne bloggen min postmodernistisk. Eg går nemlig inn og ut av emne og skriv ofte om korleis eg sjølv gjer ting. Eg hopper frå emne til emne og talar nokre gonger direkte til publikum, andre gonger som eit referat. Viss eg skriv:

Ho var kjempehyggeleg. :) Eg skulle reise meg opp for å hente is. Utan at eg hadde merka det hadde ein ransel forvilla seg rundt beina mine. Eg prøvde å reise meg; elegant. Sekund seinere var det rett før eg tryna beint ned i bakken. Kjempeflaut! :p Er veldig moro å dumme seg ut foran vener, men foran folk eg nett har truffe blir det litt flauare. Kunne gjerne ha venta litt lengre med snubleepisoder spør du meg.

Det vil eg kalle postmodernistisk på grunn av blandinga referat og tankar, den «ukorrekte» norsken (setningsoppbygging o.l.) og det enkle språket. Kan du sjå fleire moglege trekk? Same kva, no vil eg søkje på postmodernismen og prøve å lese noko om han. Eg vonar eg kan skrive ein mykje betre tekst om postmodernismen på sida mi seinere. Sjølv om eg veit det er eit keitt emne for dykk som leser sida, men de kan trengje litt norskkunnskap rundt dette emnet de òg! :p

Slakk eksamentrening

Eg vakna så fint i dag. Det hadde ein grunn. Sjølv om eg gjerne skulle ha stått tidleg opp berre for å stå tidleg opp, så gjer eg normalt sett ikkje det. Men i dag hadde eg ein plan. Eg skulle på munnleg matteeksamentrening. Men det er ikkje alltid ting går slik ein trur, iallfall ikkje rett før sommarferien.

Då eg sykla ned til sykkelparkeringa i dag stod Tor Eirik der med sykkelen sin, – eg hadde skrive bittelitt med han ein time før på IRC. Han skulle ha ITB-trening. Eg fann rommet; 203. Hang der litt. Var då utruleg få tilstades? Eg sjekka lista over eksamentrening igjen; ja, det er i dag, på dette tidspunkt eksamenstreninga skal vere.

Slakke ungdom tenkte eg og gjekk bort til Tor Eirik og Pål som stod å venta på læraren. “Bare to stykk?”, sa han då han kom. Vel, dobbelt så få i min time. Etter nokre minutt ringde eg Frode; ”Øhh, … FrodÆ”. “Kor er alle saman? Me har jo eksamentrening?”, sa eg. Var ikkje det kl 12 lura Frode. Nei, det er den andre matteklassa. ØØhh. Så, ja. Frode trudde det var kl. 12. Og berre eg hadde komt til den originale timen. Då berre kanselerer me det då? Ja, var ikkje mykje vits å ha eksamentrening i grupper o.l. med ein elev.

Etter litt meir snakking om eksamen o.l. kom eg på at eg hadde hatt matte skriftlig; då kjem eg jo ikkje opp i matte munnleg likevel, så eg var faktisk ein av dei få som eigentleg ikkje trong møte. Det hadde ikkje eg tenkt på før. Så då stod eg der då, la på med Frode og valsa nedover trappane. Det var jo endå ein innhaldsrik skuledag rett før sommarferien.

Eg sit på studieverkstaden no, ventar til kl 9:30 slik at eg kan få vite kva dag eg kjem opp i munnleg. Det er anten neste tirsdag (15) eller onsdag (16). Eg får kome tilbake når eg veit det. Elles fekk eg nett ei melding frå Tor Eirik om kva han synest om situasjonen der han sit i IT eksamentrening;

Gøy :s dårlig av frode :p vår gruppa har kl 12…

Vel. Ein ting er sikkert. Eksamentrening er slakkaste tida på skulen.

Oppdatert: Eg kjem opp på tirsdag, – då er det altså heilt sikkert at eg ikkje kjem opp i Media4.

Karakterarane byrjar å demre

Etter ei eksamensforbereding til media4 med Kåre kunne ein få vite kva karakter ein ville få i faget. I byrja var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle spørje; eg ville jo sjå han om nokre veker likevel. For å seie det slik, eg var glad for at eg spurde.

For ei veke sidan fekk eg ei melding frå Ingunn Alsåker; eg hadde fått 5-er i Nyere Historie! Wohoo! :D Ein femmer sikra, det var no endeleg bra. Det var eit lyspunkt i det året eg har kjend at alt har gått rett vest. Det som er så vondt med dette året er at det er standpunkt, det er siste viktige innspurten. Eg har ikkje fått nokre klåre signalar frå lærarar om kva eg ligg på. Men av ei eller anna grunn vonar eg det er dårleg.

Mange svingkarakterar

Bjørg Rosfjord (Religion) seier eg ligg mellom 4–5, eg har fått ein 4, ein 4/5 og ein 5, trur eg. Ho ville kunne setje 5-er om eg gjorde det bra no i sluttinnspurten. Det veit eg ikkje heilt om eg har gjort diverre – eg prøvde, men gløymde det fort. Eg har vore normalt aktiv i timane, eg vonar det held. Sjølv om eg realistisk sett trur på 4. Olav Håberg (Media3) har sagt eg ligg frå 4–6. Om eg arbeider med ei oppgåve får eg 6, medan halvtimearbeidet får eg 4 på. Som denne oppgåva eg skreiv særs raskt ein hektisk dag rett før innlevering:

Dette fekk eg røska saman mellom skule, teater, mat, og no – leggjetid. Ikkje ein episk forteljing akuratt – men det er då noko :)

Kor Olav svara;

Normalt ville ei innlevering i dette omfanget gitt kararkteren to – uferdig som det er i form og innhald. Du viser igjen at du forstår meir film enn dei aller fleste. I litt for korte glimt gir du ei sjølvstendig og god vurdering av filmen, og viser at du forstår både bølgefilmens og modernismens ide godt.

Den dagen du prioriterer arbeidet får du betalt. Enn så lenge held eg igjen på toppkarakterane.

Eg vonar eg får 5 i media3, sjølv om 4-eren ligg og skremmer meg. Eg vil ikkje ha 4 i det faget, av di eg veit eg kunne lett ha fiksa 5 i det. Media3 er eit kjempekjekt fag, spesielt av di Olav er ein utruleg flink lærar. Eg har skrive gode ord om alle desse lærarane tidligare – og det er ikkje ubegrunna. Får eg 4 i Media3 så er det ikkje anna enn fortent – då har eg ikkje vist betre reint faglig og kan difor ikkje forvente meir. Eg stoler på Olav. Eg har tiltru til at karakterane han sett er rett, det er verre med andre lærarar:

Den dårlege norsken

Den store syndebukken er norsken. Norsken. Off. Norsken. – Eg snakka nett med Victoria Stensø om det; ho får ikkje meir enn 4 i norsk! Det er jo heilt sjukt. Victoria er kjempeflink i norskfaget og eg kan ikkje forstå kvifor ho ikkje får 5. Janne burde ikkje få noko anna enn 6-er, men ho får 5. Kva får så eg, som alltid har hatt 5-er? Jo, eg får 3… 3 i norsk. At det går ann. Korleis kan ein få 3? 3 får ein når ein er slakk og ikkje gjer noko. Bruk eit kvarter på norsken i uka og få 4. – Eg har bruka meir enn eit kvarter i uka – eg har jo hatt 5-er som mål!

Eg har hatt norsk i 12 lange år no. Og dei siste 3 åra (før dette) har eg hatt 5. Nynorsken min har vore på 4, med innslag av 3-ere som eg normalt har fiksa på slutten av året. No som eg har byta hovudmål, og har mitt gamle 5-er mål bokmål til sidemål får eg 3. Eh. 3? 5 som hovudmål, 3 som sidemål? Nei, noko må vere feil. Det var det òg. Eg fekk faktisk fiksa den karakteren til 4. Betre, men likevel dårleg.—Grunnen var at eg ikkje hadde nok tekstgrunnlag, og at eg gjorde ei dårleg heildagsprøve. Forsåvidt er eg einig der. Men problemet stikk djupare. Karakterane eg hadde fått før det har vore for lave (meiner eg) – eg fekk 3 i nynorsk, og 4 på ein bokmålsstil. Denne stilen blei lese opp for klassa, som lo seg halvt i hjel (var eit kåseri, då er leing bra , altså :p); kor læraren prestera å seie:

Å, han var visst litt morosam lell, denne stilen

Eeeeehh! Kva tyder det folkens?—Jo. At då ho las han åleine synest ho ikkje han var morosam. Eit kåseri som ikkje er morosamt er eit dårleg kåseri. Ho synest altså kåseriet mitt var dårleg. Ho satt 4 på det. Eg var særs missnøgd med 4, dette var då iallfall ein 5-er stil i “gamledagar”! Eit problem er jo at ho ikkje sto fast på meininga si om at kåseriet ikkje var morosamt, – men endra meining. Etter ho hadde sett karakteren. Kvifor skal eg bli straffa om læraren ikkje forstår kåseriet når ho les det åleine, men forstår det fyrst når det blir syna fram for klassa? Off. Det der var vondt. Det øydela ein god del av den lille velvilja eg hadde att til norskfaget etter ho hadde keia det ned til eit eksistensiellt nivå.

Kåseriet var om “ikke-verbal kommunikasjon”, og eg fekk kritikk for å forenkle. Hm. La meg tenkje. Kva skal du gjere i eit kåseri? Jo! Forenkle! Ærh. Nei. Det er berre teit å tenkje på slikt, får akseptere 3 og 4-erane mine. Eg har kanskje berre vore heldig dei andre åra. – Det er altså norsken som har øydelagd særs mykje av skulevilja mi det siste året. Victoria meinte nett det same. Ho som normalt sett er så engasjert og skriv så utruleg bra. Norsken er syndaren!

Oppdatering: Eg har fått konfirmert norsk-karakterane. Eg får 4, 4, 4. Normalt ville eg hatt 5 (hovudmål), 5 (munnleg), 4 (sidemål). Originalt låg eg ann til 4, 3, 3 – men eg fekk heldigvis fiksa munnleg karakter og sidemål. Synest det er synd å få 4 i munnleg norsk. Det er jo noko eg kjenner eg kan ganske godt. Faktisk så hadde eg fått 5 om eg ikkje hadde lidd av stress i den perioda då eg hadde særemnet. Skule/fritid og spesielt norsk gjorde at eg blei sjuk. Veldig sjuk. Eg gjekk til legen, som konstanterte at eg lei av stress. Ho trakk meg frå 5 til 4 på særemnet eg hadde jobba særs mykje med av di eg ikkje hadde framsyninga midt i den perioda eg var sjuk (då eg originalt skulle ha det)… Vel. Litt råttent gjort synest eg. Menmen.

Utdjuping av ingress

Kva meinte eg eigentleg med det eg skreiv i ingress då? No er det nødig ein ingress eg har skrive, men meir eit par linjer for å få folk til å lese innlegget. Eg må lokkje folk slik at dei gidd lese. Kan ikkje vere berre moro å sjå gjennom såpass mykje tekst. Difor sett eg òg ofte bilete inn i teksten for å gjere det enklare og meir sannsynleg at folk les. Så eg prøver meir og meir å la usvara spørsmål stå i starten slik at folk må lese heile teksten for å få svar :p Hehe. Utspekulert.

Men så til sakas kjerne. Tidlig stod eg opp i dag for å kome meg til skulen; eksamenforbereding. Det var visst ikkje obligatorisk sa Kåre – noko eg òg kunne sjå på antall frammøtte. Heh. Få. På slutten av forberedinga kunne me få vite karakterane; eg gjekk som sagt inn. “Veeel, du fekk no berre 4-er på heildagsprøva! Eg hadde førrveintta meirr!”, seier han på “tromsøsk” eller kva det no er. Så. Ein gruppekarakter = 5 frå termin 1, ingen prøve i fyrste termin av di eg var vekk. Eg hadde sagt ifrå om det, og blei litt sint då eg fekk “0” på den prøva. Etter mykje stress fekk eg til slutt “5” i standpunkt i termin 1.

Kåre sa eg låg midt mellom 4 og 5. Og etter ei del ressonnering frå hans side (eg heldt meg for det meste stille) kom han fram til at han skulle “la tvilen kome tiltalte tilgode”, som han sa det. Han sa at viss han ga meg ei prøve med forberedingstid ville eg glatt dra i land 5 der. Så difor ga han meg 5.—Ahh, takk Kåre. Godnyheit. Hadde eg ikkje gått inn for å vite karakteren, rynka på nesa då eg fekk høyre “4” (+ at Kåre visste jo eg gjerne ville ha 5) og stått og høyrd på hadde eg ikkje fått satt opp karakteren. Men det fekk eg altså no. Wohoo! :D 2 sikra 5-ere. Yess. Kanskje avgangsåret ikkje blir så elendig som eg hadde trudd. :)

Elevrådsrapport

Eg har vore sekretær for elevrådet dette året – i det høve måtte eg skrive ein rapport som sa litt om kva eg har gjort dette året. Tenkte det kunne vere interessant å ha på heimesida :p

Individuell elevrådsrapport, Odin Hørthe Omdal (sekretær)

Dette året har eg vore «tilsett» som sekretær i elevrådet i tillegg til å vere representanten for basa mi. Eg har vore på alle elevrådsmøta utanom eit, tilstades på alle styremøta. Oppgåva mi som sekretær har vore moro, oppgåva har for det meste tydd at eg har mått skrive referat etter kvart elevrådsmøte. Eg har skrive 11 publiserte referat. Sidan eg mista arbeidsboka mi i midten av året er det to referat eg ikkje fekk skrive ned. I starten hadde me hyppige møte, og eg skreiv referata fort og fekk dei ut før neste møte.

I byrja laga eg to versjoner av referata; ein til å skrive ut og ein til internett. Eg synest det er viktig å leggje slik informasjon ut i eit format alle kan lese utan å måtte betale x-antall kroner til Microsoft. Difor har eg skrive referata i HTML-form, slik at alle med ein vevmyser (nettlesar) kan lese dei. Litt seinere dabba elevrådsaktiviteten av, då slutta eg å lage den fine papir-versjonen. Andre periode (vårparten) av året blei det stadig færre elevrådsmøte. Då bruka eg mykje lengre tid på å få ut referata av den enkle grunn at det ikkje var like enkelt å hugse på.

Eg har hatt ein kort ordveksling med rektor angåande bruk av datamaskin på eksamen. Dette har vore ei hjartesak for meg, så eg tok det opp i elevrådet og fekk tilbakemelding frå basisgruppene. Dei var veldig positive. Eg fekk oppgåva med å gå videre med saka. Snakka med rektor om det, han var positiv og ville sjå kva som var mogleg. Det gjekk tydelegvis bra, – me fekk take norskeksamen på data! Eg har fått mange positive tilbakemeldingar om nett den saka. Det er noko elevane har likt godt.

Dette året har eg vore delegat for Hetland på eit Elevorganisasjonsmøte som vara ei helg. Eg skreiv kva som var tatt opp – og presenterte det for elevrådet. EO-møtet var veldig moro, eg drog åleine av di ingen ville/kunne bli med. Eg skulle eigentleg dra som observatør saman med elevrådsleiar Maren – men det var noko som kom i vegen.

Eg ville involvere dei andre i elevrådet så mykje som mogleg; så eg har prøvd å få forskjellige folk til å vere med i komitéar me har laga i elevrådet. Nett dette året har me laga særs mange komitéar istaden for å late elevrådsstyret take alt. Då berre nokre få melde seg til fotokomitéen melde eg meg på, men då det kom fleire forlot eg heller. Komitéane kan ikkje bli for store før dei blir ineffektive. Dessutan hadde eg allereie verv, betre å bruke større deler av elevrådet aktivt.

Av andre styrerelaterte ting har eg vore aktiv på møta me har hatt. Har laga ei skisse på ei elevrådsinformasjonbrosjyre (sjølv om eg ikkje har komt noko videre med ho). Eg var med på tre kristinadslyst elevrekrutteringsdagar, der eg hadde ei eigen gruppe med ungdom. Me laga biletepresentasjonar med tekst. Me hadde det veldig kjekt – eg trur dei fekk eit veldig godt intrykk av Hetland. Er ikkje sikker på om det noko stor relevans til elevrådsarbeid, men eg kjende eg var ein representant frå Hetland meir enn ein privatperson dei dagane. Elles har eg stilt opp som styremedlem i elevrådet for Hetland i Rogalands Avis angåande privatskulesaka.

Elevrådet me har hatt i år har vore særs godt. Iallfall den fyrste perioda av året. Diverre heldt ikkje klimaet heile året, det kan vere slitsomt å ha eit aktivt elevråd. Dessutan ville ein ikkje take for mykje tid frå folk med å ha unødvendige møte. Sjølv om kanskje faste, ukentlige møte hadde vore ein idè – slik me hadde i byrja av året. Ein kan heller berre gå etter 5 min om det ikkje er nokre sakar oppe. Då blir terskelen for å kome med forslag og sakar mykje mindre, sjølv om det å vere elevrådsrepresentant tek meir tid.

Eg har skrytt mykje av elevrådet på Hetland lell, – administrasjonen er særs positiv og me kjenner at me har reell makt. Forslaga me kjem med blir take til opp, og veldig ofte gjort noko med. Ei mogleg forbetring av elevrådet er å ha regler for faste møte – for eksempel at det minimum skal vere eit elevrådsmøte i månaden. Då slepper me ei slik stilleståande periode me har hatt no.

Der trur eg at eg er ferdig. Må levere rapporten no :) Tok litt lengre tid enn eg hadde trudd av di eg var oppe på UiS og hjalp Filip med filmen hans. Han skal levere han imorgon! :-o Same kva, som ei uoffisiell sidenote kan eg seie at elevråd er kult, synd eg ikkje skal fortsetje på Hetland… :)

Lause låsar på parkeringsplassen

Så står eg der då. På sykkelparkeringa til Hetland. Eg tenkjer på lås-hackane eg nett såg på hackaday, ein blogg eg les kvar dag. Nokre minutt seinere står eg med ein sykkellås i handa, men det er ikkje med same måte som eg las på internett.

Hmm. Tor Eirik har ein slik «Kryptonite»-lås, berre det er ein «Biltema»-versjon. Nyfiken som eg er prøver eg å opne han. Etter eit minutt med kulepennen gjer eg opp – biltema sin er sikkert sikrere enn Kryptonite sin. Vedsia av min sykkel står ein anna sykkel med kodelås. Eg har kodelås sjølv på min sykkel, og når eg låser han snurrer eg ikkje særleg mykje på tala. Eg stod å såg på sykkelen ganske lenge og lurte på om eg kunne klare å «hacke» låsen.

Syklar i skulegarden

Eg kunne skrive ned nummeret som stod no, prøve meg litt fram – om eg ikkje klarte det kunne eg skrive ned nummeret neste dag, neste dag etter det osb. Til slutt ville eg sikkert kunne finne eit mønster eller ei rekke med høgst sannsynlege tal. Eg er ingen sykkeltyv, ingen slem person – det ville berre vere for å sjekke sikkerheiten. Fann ut at eg ville prøve. Då eg bøyde meg ned og kjende på låsen gjekk han rett opp. – Så fyren som eig sykkelen hadde faktisk ikkje snurra på koden i det heile! Snakk om sikkerheit. Låsen var berre på for å vise at han var låst, sjølv om han eigentleg ikkje var det.

Jøss. Tenk at folk tør.—Vel, i ein perfekt verden treng ein ikkje lås – men no har folk stjelt så mykje frå meg at eg faktisk har byrja låse ting. Eg missliker sterkt den negative fokuseringa heile tida, – om me går rundt å trur at alt er galt blir det iallfall ikkje betre! Men eg er stadig overraska over at nokon vil bruke kalorier på å setje låsen på – men ikkje snurre på tala. Ein av dei andre syklane stod utan lås i det heile – det er no forsåvidt greitt, av di det er kun latskap/god tiltru til folk. Men å gå mellomvegen mellom lås og ingen lås er litt rart, når ein trass alt har satt låsen klar. Menmen, kvar sin måte!

No kan eg altså den koden. Eg kan ikkje for det, eg har det med å huske koder. Eg har utruleg mange sjølv – men dei ser ikkje ut til å gje slepp. Må telje dei ein gong.

Den geniale skulen

Eg skal ikkje leggje sjul på det; eg er faktisk veldig glad i Hetland som skule. Nokre har fått høyre skrytet, men kva er det eigentleg eg likar med Hetland? Eg har ikkje tenkt så mykje på det før, men i dag kom eg heim frå ein norsktentamen på data. Eit av kjernepunkta ligg iallfall rundt det.

No er det jo rett sagt genialt at me får skrive norsktentamen (og eksamen) på data. Alle veit at eg ville falle for ein slik idè. Me skriver jo alt som er viktig på data desse dagar. Norsken, mediaen, referat, søknader, alt, alt, alt på data. Det er jo rett sagt teit å skrive tentamen på papir. Eg har vore ein motstandar av det lenge. Kvifor skal me plutseleg på den viktigaste prøven i norsk (eksamen) skrive på totalt avleggs papir? Ein kan jo ikkje endre på det ein skriv! Penn og papir-metoda har vore ei frustrasjon for meg.

Hetland skule

Men likevel, trass i kor glad eg er i å skrive tentamen på data, så er ikkje det hovudgrunnen til at eg likar denne episoda. For litt under eit halvt år sidan tenkte eg denne idèen etter ei norskprøve der eg omtrent daua av di eg ikkje fekk skrive alt eg ville på grunn av tekniske hindringer. Eg skriv ikkje raskt på papir, og det låser ein til å skrive rett fyrste gong (eller andre med kladd). På grunn av låsinga blir eg sitjande lenge å tenkje ut korleis eg skal skrive teksten – eg tapar mykje tid på det. Så, frustrert over elendige tentamenordningar la eg fram forslag i elevrådet om bruk av pc på eksamen.

Eg fekk skulen med meg etter at elevrådsrepresentantane hadde spurd i klassene sine – med det gjekk eg til rektor og la fram forslaget. Kom med argumenta og rektor stilde seg positiv til forslaget. Han visste ikkje kva han kunne få til – men han skulle prøve. Nokre månader seinare får me vite at me skal ha eksamen på data! W00t. Snakk om elevmedvirkning :] Det er ein av dei beste grunnene til å gå på Hetland, rektor Torolv Hellemo eig.

Han er veldig interessert i at elevene på skulen skal ha det godt – oppteke av miljøet på skulen. Elevene skal trivs. «Best på læringsmiljø» er mottoet til Hetland om eg ikkje tek feil. Han har gjeve elevrådet pengar til å promotere seg sjølv – me har ikkje komt så langt med det, men likevel; veldig aktiv for å skape godt miljø på skulen. Han synest elevmedvirkning er veldig viktig. Det fungerer tydelegvis òg – me har fått gjennom nokre ganske kule ting no!

Elles er det nokre kjempeflinke lærarar på Hetland, men dei finnest jo på andre skular òg. Eg liker spesielt Ingunn Alsåker, Olav Håberg og Bjørg Rosfjord. Dette er lærarar fleire ikkje likar, men det går for det meste på det personlege – det er få som stiller spørsmål med den faglige kompetansa deira. Eg synest dei er hyggelege elles òg. Av lærarar som er godt likt elles har eg Bjarne Ogne – ein utruleg dyktig og herlig gymlærar. Frode Bredesen har eg i matte, han er ganske ung (29 trur eg) – men veldig flink. Han har ikkje den same pedagogiske stabiliteten dei meir erfarne lærarane har, men eg har han i eit fag der det ikkje er så viktig. Eg trur ikkje eg ville hatt han i nyere historie, historielærarar treng ofte meir erfaring for å kunne lære vekk noko (og få det til å sittje!). Eg har lærarar eg ikkje liker noko særleg òg, men dei er båe i sterkt mindretal, dessutan er eg ikkje komfortabel med å skrive om det.

Oxfordopplegget til Hetland er jo ein fyrstesak – dei som ikkje har vore med på det veit ikkje kva det er. Året i Oxford var heilt utruleg. Men det har eg allereie kverulert nok om, de vil nok ikkje forstå med mindre de har opplevd det same ;) Samhaldet i Oxford var ekstraordinært – men sjølve skulen heime i Noreg har òg eit godt samhald. Eg liker godt å gå på skulen, det er kjempemange kjekke folk og mykje bra å gjere. Det er vondt med skulearbeid av og til, men det virker som om det er verre på andre skular. På andre skular virker heile miljøet mykje meir klikkete òg – det er ikkje like godt iallfall.

Same kva, eg har ofte snakka fint om Hetland, at det skal vere ein nedleggingstrua skule er berre tull – kvifor skal ein leggje ned den beste skulen på læringsmiljø i Rogaland? Dessutan er det jo den einaste skulen som tør å prøve nye ting – neste år er det fleire spanande forsøk på døra. Hetland var fyrst med økter istaden for skuletimar, fyrst med studieøkter, fyrst på sidemålsforsøk ( skikkeleg forsøk, der ein har sidemål den fyrste terminen, og hovudmål i den andre), tidleg med bruk av pc osbosb. Skulen blir ofte kritisert for forsøka – men etter eit år eller to begynner jo skulane som kritiserte Hetland å adoptere dei same systema! Nei, Hetland er ein super skule.

Skole-tull

Neimen, så sto eg ikkje. Var noko som var gått galt. Eg mangla eit læringsmål i “TV and Video studies”. Samt at det var mykje tull med IT.

Eg var heldeg som fekk vite at eg mangla eit læringsmål. Fordi eg fekk snakka med Annie, som er læraren i dét faget. Eg skynna meg opp og skreiv ei sie om PSB (Public Service Broadcasting) BBC(4) og Channel 4. Så hadde eg dekka dét faget og då var året stått igjen. :)

Så var det IT’en da – idag fekk eg vite at det var noko kluss med den – og då var eg rask med å skrive eit dokument der eg skreiv eksempler frå ting eg kan og ga bevis for dette. Sprang tilbake og fekk IT stått også ;) Så då fekk eg gjort alt saman bra til slutt :)

Eg sto!

Wohoo! Eg va på tutorial med John for ein halvtime sidan og han var klappa meg på skulderen og sa god jobb ;D

Eg var sjukt glad – minuttar før hadde eg forberedt meg på fall, men då eg kom inn i rommet fekk eg ein god følelse. Eg samla opp alle assignmentsene me hadde gjort (oppgavane) og ga John dei på rad og rekke ettersom han krevde dei. Minna mykje om Gestapo om eg får sei det, han ropa ut oppgava – og eg kasta han over.

Som sagt før så trudde eg at eg ikkje ville stå, men gjett om eg gjorde! :D Eg fekk til og med “M” i “Marketing og Advertising” som er IKKJE likar i det heile tatt! – Eg hadde nemlig to “D“ar (toppkarakter) i to av læringsmåla der, eg hadde tydlegvis fått dei fordi eg er så flink teknisk :] Tihi

Nei, eg må sei det gjekk bra i slutten – som vanlig! Sjølv om eg hadde vært slapp den siste tia og ikkje gjort noko stort fornufteg i det heile tatt, så sto eg! Og det bra også :)

Utroleg, utroleg letta…

Stress skoleavsluttning, vil eg

14 oppgavar skulle eg levere. Leverte eg nokon i det heile tatt? Er disse oppgavane viktige for å stå året? VIL eg stå året eller må eg ta VK1 om att!? Eg veit neimen ikkje eg…

Tenk deg situasjonen, 14 prosjekt. Simultant! – Tja, seier du kanskje, du får vel god tid på desse 14 prosjekta då. Joa, eigentleg – men så har det seg slik at me sluttar skulen her i Oxford 4 ukar för tia, og då mistar me jo ein god del tid for å sei det mildt. Allikevel, seier kanskje nokon av dikon – de andre ser ut til å klare situasjonen greit nok. Jao, er jo sant det også – men se for deg ein glad Odin i Frankriket 10 dagar, og så ein glad Odin i Norge ei uke. Då må du trekke 2ukar til frå arbeidsukar. Te slutt her har me no trukke frå 6uker med arbeid frå dei 14 prosjekta.

Velvel, då skal eg vel kanskje bare jobbe dobbelt så bra som för då? – Vel, eg har enno fleire problem – og det er faktum at eg ikkje har PC heime lengre. Då eg normalt skriv skoleoppgavar (kvelden) kan eg no ikkje skrive noko. Verken til heimesia (ser at det ikkje har vore nokon oppdateringar her på lenge) eller til skulen. Derfor skjedde det som måtte skje. Dagen, igår, då me skulle levere inn blei ein dag då eg fant ut at eg ikkje hadde gjort eit einaste prosjekt skikkeleg. No ventar eg på dagen etter imorgon for å se OM eg kommer til å STÅ SKOLEÅRET! Det er SLETT ikkje sikkert no! – Då må eg gå VK1 om igjen. Mamma har jo alltid villa at eg skulle gjöre nettopp det, men eg vil gå VK2 neste år, ikkje VK1 om igjen :/

Menmen, no har eg brukt mykje tid her på internet cafeen, og det er slettes ikkje det same å skrive her på denne win98 maskina som det er å skrive på mi eiga laptop i Linux, vim. Forressten er eg lei av å skrive med svensk tastatur – dei har ikkje skikkeleg ö og ä, heller har dei ikkje apostrof over “o”-en slik eg ofte brukar.

Typisk Norsk

Eg skreiv ein tekst om Nordmenns forhold til alkohol i utlandet for å levere i Sammfunnslæren og eg synes eg burde legge han ut på heimesia mi.

Etter å ha vært i England et par måneder er det noe som sitter igjen om hva Engelskmenn sier om Nordmenn, Norges befolkning – konstant fulle personer fra et land med en fantastisk natur, enorm kulde og en totalt fraværende sol om vinteren. Jeg vet ikke hvor de har fått tankene ifra – men gjeldende den evige defineringen av et land på ens natur er det antakelig eksotiske reisemagasins ekstreme stilisering samt eksponering av det sære spesielle, som 99% av alle nordmenn ikke har noe forhold til. Når det gjelder den heller krenkende bemerkningen om alkohol må det komme fra personlige erfaringer. Eller må det dét?

Selv så har jeg lenge ment at dansker river nedpå med alkohol; svettende i solsteiken, med en enorm ølmage sitter de å gasser seg med en ølkasse. Rapende ferdig sliter de seg opp med en anstrengelse lik Bjørn Dælhi metre før mål. Etter gjentatte ganger med intim kontakt med vegger, dører og ikke minst gulv er de tilbake, bommer med god margin på stolen og åpner nok en kasse med øl. Slik forhåndsdømming kan altså være gjort lett uten førstehånds kjennskap, og det er slik verden ser på nordmenn – men hvor ville så en engelskmann fått grunnlaget til denne tolkningen i fra? Ser vi på historien så har vi i Norge hatt vikingene – som så fint inntok England, stjal, drepte og voldtok. At disse hardingene hadde en enorm tørst for mjød skal absolutt ikke bagatelliseres.

Men vi trenger ikke gå til historien for å finne eksempler på ‘typisk norsk’ alkoholmissbruk – dagens vikinger herjer som kjent i Spania, på Kanari Øyene og liknende plasser i syden. Med litt mindre fokus på det med dreping og voldtekt er det dessto mer tid til å ukritisk hive nedpå med etanol – en gift som visstnok skulle være svak nok til at den kunne drikkes (må jo ha en galaktisk nytteverdi!). På disse turistplassene er det dessverre(?) andre enn Nordmenn som ferdes, hvorpå disse personene returnerer til sin nasjon med minner om spritstinkende Nordmenn som ikke var edru et sekund av uka de var der.

Tilbake i England har mange dannet seg en mening om Nordmenn, med rot i fakta som gjør dem mye sterkere enn min gamle “typisk dansk” oppfattning, som egentlig passer oss fulle Nordmenn bedre (utenom den typisk danske ølmagen). Da en av skolens vaktmestere skulle låse bygget kom vi til å snakke om Norge – etter den selvfølgelige natur-diskusjonen la han til en setning jeg ikke hørt én gang, men flere; ”..but they do drink a lot, don’t they?”.