Merkelapp-arkiv: Sogn og Fjordane

Eg hatar å reisa

I det siste hev eg hatt fleire og fleire reisedøgn. Vel, eg hev eigentleg hatt det slik eit heilt år no, og eg tykte det var kjekt i byrja. Men so byrja eg gradvis verta leid. Og no hev det toppa seg.

Dagen starta med at Helene sa meg, fyrr ho stakk ut døri;

«Dette kjem til å henda i dag: du sit på pcen og hackar og fær plutseleg veldig dårleg tid. Du må pakka i ein fei for å nå møtene og riv med deg sjokoladen. Du hev ikkje anna å eta. So ringjer du meg i kveld og segjer du ikkje hev ete anna enn sjokoladen i dag og hev vondt i magen.» «Ja, eg veit,» svarar eg.

Det som hende deretter var at eg sat alt for lengje på pcen og hacka, plutseleg fekk eg veldig dårleg tid og pakka raskt uppi sekken min. So drog eg på Heilhus-møte. Då det var ferdig hadde me eit møte i SmiB.

Eg sat og fikla på ei avisside då klokka nærma seg bussetid til flyplassen. Eg avslutta og såg på klokka på ny. Eg hadde tenkt å taka bussen frå ein plass som var litt nærare kontoret enn busstasjonen.

«Hmm, bussen står jo eit bel på busstasjonen og ventar. 5 minutt ca.,» sa eg, og kom på at eg truleg kunne klara å rekkja bussen frå den nye plassen viss eg sprang. Einaste problemet var at eg var usikker på nett kvar den stasjonen var.

Helene stresser litt med at eg ikkje rakk den bussen, «du må ikkje mista flyet ditt att!» «Jaja, eg hev no lagt inn godt med ekstratid,» meinte eg og fiksa eit par opplagte problem med avislayouten.

Førre gong eg mista flyet

Eg hadde hatt ein god dag i Sogndal og skulle heim. Eg sat, fin og innsjekka på flyplassen. Eg var tidleg, so eg høyrde tvo episodar radioresepsjonen.

Flyplassen i Sogndal er superliten. Og det er berre ein gate. Flyet til Oslo gjeng alltid fyrst. Alle skal til Oslo. So er me 5 stk att som skal til Bergen.

Eg høyrde på radiorespesjonen. Registrerte at det kom eit fly. Og eit til.

Iom. at folk framfor meg ikkje flytta seg, var det ikkje tid for meg heller enno.

Eit av flyi startar motoren sin. Hm? Kva?

Eg fær hjarta i halsen. Det slår ekstremt tungt og kjapt. Eg går bort til han tilsette og spyrr.

«Ja, det var Bergensflyet».

Det finst jo ikkje fly etter dette…

Lang historie kort; eg tok bussen nedatt til Sogndal og tok den lange bussturen heim i staden.

Attende i notid

Då det byrja næra seg den nye bussturen, ti minutt seinare, gjekk me alle saman ut. Eg såg at det var litt kort tid til å koma til busstasjonen, so eg jogga. Heile vegen. Eg sette upp farten i slutten då eg såg at eg berre hadde eitt minutt å gå på.

Sist gong eg tok bussen mista eg nemleg den førre, og stilte soetter klokka mi til å vera 30 sekund snøggare enn bussklokka.

Eg trakk eit letta utpust då eg såg at bussen stod og venta ein 100m framme. 30 sekund att til kvart over, altso eit heilt minutt til bussen skal gå. Eg slakka ikkje ned men sprang taktfast mot den einaste bussen i terminalen slik at det var godt synleg at eg ynskte rekkja han.

70m frå lukker bussen døri og eg set upp farten til full spurt. Eg veiver vilt med hendene. Ingenting. Helvettes bussen rører seg. 40m. Svingar ut. 30m. Akselererer som om han hev djevelen i hælane. 25m. Eg held tritt med bussen ei stund fyrr han dreg frå meg. 40m. Eg hyttar nevene i veret og viser «KVA FAEN!?» med heile jævla kroppen. So kastar eg hendene frametter og viser «din idiot!»-teiknet.

Faens.

Jaja. Eg tok jo faktisk god nok tid inn i rekningi til at eg kunne mista to bussar, og likevel ha ganske greitt med tid på flyplassen.

Prøver å ringja Helene. Ingenting.

Etter eg hev roa meg ned eit par hakk gjeng eg attende til busstoppet.

Faen.

Nei. FAEN. Verkeleg. HELVETTE SATANS JÆVLA FAEN I HELVETTE! GRRR!!! ARAARGHH!!!

Den neste bussen… går ikkje. Dei slutter å gå kvart kvarter på kvelden!

Gah-gah-gah. Dette syg. Eg ringjer Helene att. Nei. Ingenting.

Eg lurer på kva eg skal gjera. Eg vil ikkje tòla ein tredje bussmiss i tidi eg hev lagt til. Eller. Vel, det vil faktisk kunna vera mogleg, men det er ekstremt knapt. So mykje tid la til for å unngå å verta sein!

I gamle dagar hadde eg berre gått rett på den avgangen eg måtte, hadde eg mista den (som eg ofte gjorde), so måtte eg berre prøva den veldig usikre, og som oftast so klarte eg det. Ekstremt sveitt, og nett på tidi.

Det gadd eg ikkje i dag. Faktisk so hev eg vorte påverka nok til å kjenna meg utruleg uroleg og irritert på dette tidspunktet. Vel. Med all den driten som skjer på dagens flyplassar so er det reint umogleg å treffa på flyet med å hoppa yver dei 3 bussane (til den fjerde, ein heil time seinare).

Eg lurer på kva telefonnummeret til taxi er. For det er jo det som må skje.

Eg ser ein taxi i horisonten, når han kjem nærare vinkar eg som ein galning, og han kjem bort.

«Kor mykje til flyplassen?»
«380.»

Ah. Ikkje billeg. Hadde no ikkje venta meg noko anna. Fsck. Jaja.

Flyet gongen fyrr sist gong att

Enno lengre attende i tid, Sogn og fjordane-flyturen fyrr den siste. Eg skulle til Sogndal. Eg møtte upp ganske so tidleg. Sat på flyplassen og arbeidde.

Eg sat med Magnar, medlem i SmiB og leiar i skeive studenter, koseleg fyr. Han skulle heim.

«Me er redd for at det kann verta vandskeleg å landa i Sogndal, det er tette skyar der», segjer flydama. Eg spyrr um dette her og dei segjer dei skal prøva å landa. Hmmok.

Vel uppe i lufti kjem me til Sogndal, men nei, for tette skyar. Faen. Dei skal landa i Førde i staden. Ein nett 3-4 timar lang tur. Det hjelper meg fint lite, det eg skal kringkasta hev allereide starta då.

Eg er sjølvsagt ganske frå meg. Folk leiger ut alle bilane som finst. Bussen er sjølvsagt råtreig. Lurer på um eg skal prøva å sitja på med nokon av dei som hev leigd bil. Men, nei, er ikkje tøff nok.

Til slutt kjem no bussen. Eg byrjar prata med ei koseleg jente som sit vedsidan av meg. Det viser seg at ho er god ven med Fredrik, venen til Janne-Kristin. Eg kjenner namnet hennar att òg.

Svein, ein av uppdragsgjevarane mine hev søkt ein del på netet for den mest effektive ruta mi heim. Det er buss i frå Førde som vil spara seg.

So det vart litt av ein bomtur. Flyet bort gjekk heilt feil, og til slutt var alt det gjorde å flytta meg til midt inni S&F der eg hadde ingenting å gjera. Eg fekk ikkje gjort jobben min og fekk berre brukt pengar. Heldigvis fekk eg dekka bomflybilletten av uppdragsgjevar. Som var fint.

Det som irriterer meg grenselaust er at ingen sa i frå at det ikkje hev landa fly der på ei veke(!), det må jo flypersonalet vita! Og kva med å segja frå um det, at det er sers lite sannsynleg at me landar? Eg trudde det var FARE FOR at me ikkje fekk landa, ikkje at det var SERS SANNSYNLEG at me ikkje fekk landa.

Ja, so det vart no ein totalt meinigslaus rundtur i Sogn og fjordane. Hrmf.

Attende i taxien

Eg sit i taxien og høyrer på radio. Litt flau stemning enn so lengje. Eg sat meg framme. Eg betalar for turen og går ut. Inne ser eg etter gate for flyget mitt. Eg finn ikkje avgangen. Hm? Kvar er han? Eg spyrr i SAS-skranka. Dei segjer det er Norwegian som driv med Danish Air Transport (som er flyselskapet).

«Eg ser ikkje DAT-flyget på skjermane»
«Det gjekk nett no»
«HÆ? Men det skal jo gå um 30 minutt!? Eg hev det skrive ned i kalenderen!»
«… Du må nok ha sett på ankomsttid»
«Åh. Hm. Ja. Sant. Ja, eg må nok ha gjort det. …» «…»

FAEN I HELVETTE SATAN!!! AAAARGHHH!!!

«… Jaja,» smiler eg oppgitt, «kor tid gjeng neste då?»
«I morgon 8.15»
«Ja. Sant, det,» nikkar eg.

Ugh, eg klarar ikkje meir. :-(

«Nei, eg fær koma att i morgon då,» segjer eg og går roleg ut. Rasande sint inni meg.

So gjekk eg til flybussen og betalte 150 sure kroner ekstra der. Tok bussen heim. Ringde oppdragsgjevar med dei dårlege nyhendene. Kom på at eg kannhenda kunne taka bussen eller båten til Florø. Ringde Helene, framleis ingen svar.

Søkte på båtturar på mobilen. Hmm. Bussen er gått. Snøggbåten er gått. Men det er ei … ferje, som går 22 og er framme litt over 4. Passar meg bra. Kva kostar den? … Ukjend. Hmm. Det er Hurtigruta, visstnok.

Brukar dei ekstremt dårlege (ikkje-mobil-optimaliserte) sidene deira. Finn til slutt ut at DET ER FOR NÆRT. Eg fær ikkje lov til å tinga den båten. Jaja. Fær vera det same, Hurtigruta er jo skitdyrt same kva.

Heime opnar Helene døri, og ser ut som um ho opna for eit gjenferd eller spøkelse. Ho ser litt liknande ut sjølv. «Sei meg at dette er tull!»

Eg er ganske lei meg. Tingar ny flybillett.

Eg luktar at Helene hev ete pizza.

«Stakkar deg. Men du! Du kann få dei to siste bitene av sjokolade som er att,» segjer ho.
«Øhhh, naaaii, eg hev ikkje ete anna enn den sjokoladen i dag, og eg hev vondt i magen av det,» svarar eg.

Helene gliser stort.

Og kvifor legg eg denne månadsgamle kladden ut no? Jo, eg skal fly i morgon…

Reising er ikkje det det ein gong var…

Uproff masseepost til NMU-medlemene mine

Sit her og et pestopasta med tørka tomat og stirrer inn i Foss, den bærbare maskini eg snart må levera att til Randaberg VGS. I dag hev eg skrive epost til mange menneskje, og han vart ikkje so alvorleg som han kannhenda burde. Sender du epost til mange må det nemleg vera gjennomtenkt og alvorleg. Synd eg er so inn i hampen dårleg på nett dèt.

Tingen er at… Vel. Eg trur eigentleg straumbrevet talar for seg sjølv. Eg skreiv tvo stykk; eitt som gjekk til Sogn og Fjordane folk (omgplz, kom på sumarlæger, han er jo spesielt laga for DYKK) skrive på Sogn og Fjordane-nynorsk, og eitt på normal-nynorsk til resten av fylki mine; Finnmark, Buskerud og Aust-agder – ikkje akkurat nynorsken sine sterkaste kjerneområde. Eg legg berre ut den siste, som var mest usakleg:

Hei, ein liksom-telefon frå meg; sumarleir

Hei!

Mitt namn er Odin Omdal Hørthe, og eg er områdeandsvarleg for deg i
Norsk målungdom. Eigentleg skulle eg (for lengje sidan) ringt rundt
til alle fylka eg har andsvar for, men eg har jobba i Stavanger og
reist. Dessutan likar eg dårleg å ringja folk utan at eg kjenner dei
(kjenner meg litt som ein telefonseljar, æsj). So lat som om eg har
vore flink sentralstyremedlem og ringt deg, omtrent slik går samtala:

«Hei! Dette er Odin som ringjer frå Norsk Målungdom :-) »
Du: «Hallo»
«Har du eit par minutt, kannhenda?»
Du: «Jao, det har eg vel.»
«Flott! Jo. For du skjønar, me har ein sumarleir i desse dagar – har
du fått informasjon om han?»
Du: «Ja.»
«Ja, han er 8. juli og det vert jysla kjekt og (blablablablab), sooo
eg lurte på om du hadde lyst til å koma på den?»

Her svarar du anten:
* «Ja»
* «Nei»
* «Berre litt» (som tyder: eigentleg ikkje, men eg prøver å vera snill)

Svarar du «Ja» (som ganske mange gjer, yey!) so følgjer eg opp:

«Men, BADABOM (denne ljoden lagar eg): har du TID!?»
Kor du då svarar: «Nei»

Eg vert ganske skuffa:
«Å. … Ånei. Nei-nei. Synd. Hmm.»
«Kannhenda ein annan gong?», prøver du å trøysta
«­Ja, kannhenda det… Hadebra!»
«Hade!».

<klikk>

MEN: nokre få gongar mellom alle desse 1000 folka eg ringjer so er det
nokon som svarar at dei har tid, då veit eg aldri kva eg skal seia
for eg har då vitterleg ikkje manus for slike særs sjeldne svar
(neidå, eg har ikkje manus i det heile teke, men eg vert heilt sett ut
av folk som faktisk kan koma).

Tingen er då, det er prøver å få fram med denne alt for lange eposten
(orsak!) er: er du ein av desse folka som 1. har lyst, 2. har tid? I
det litt meir seriøse hjørna so er det kjempemoro, og me vert rundt
35 stk, so ikkje for mange og ikkje for få.

Eg vonar du kan koma. Spør meg verkeleg om det er noko! :)

– –
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <test@s0.no>
http://www.velmont.net

Og elles, jobb jobb jobb

Elles hev eg sitte heile dagen på kontoret mitt hjå Nei til EU. Det er ein diger sekk av uppdrag eg kann velja mellom, det er ikkje alltid like enkelt å velja. So eg gjer litt her og litt der. Eg hev mellom anna skrive eit intranettsystem frå botnen til NTEU. Eg lette lengje etter noko ferdigskrive, men fann aldri noko som passa det me trong. Fann det nesten fleire gongar, men nesten riv ingen mann av hesten som me segjer.

Nei til EU intranett

So eg skreiv mitt eige. Starta med å skriva god kode, so fann eg ut at det berre var eg som kom til å hacka på det lell – og eg kunne like godt gjera det den raske vegen. So eg skriv no OK kode utan superavansert og gjennomtenkt oppbyggning.

Folk loggar seg på med sin vanlege brukar og passord (jadå, det brukar LDAP). Dessutan brukte eg litt tid på å læra meg mod_rewrite skikkeleg slik at eg kunne laga flotte URL-ar som gav meining til brukarane. Eg er godt nøgd.

Eposttenar, med dspam osb

Eg sette òg upp Kanin, ein enkel og grei firewall+gateway/router+dnsserver+dhcpserver. Og Rev, ein eposttenar som brukar Postfix og Dovecot, i tillegg til dspam for spamfiltrering. Spamfiltreringi er statistisk og må trenast upp av kvar enkelt brukar. Alle kjem til å måtta bruka IMAP frå no av, for spamfiltreringi avheng av at brukarane legg spam i SPAM-mappa, og tek ut ekte epost frå den same mappa. Eg ville gjera det enklast mogleg for brukarane. Eg er likevel livredd for å setja det i verk. So langt fær eg ingen spam på adressa mi test@s0.no, so eg fær ikkje testa dspam. Eg hadde sett upp SpamAssasin og var godt nøgd med det, men so måtte jo torstehu koma med eit betre framlegg. Same kva, det er sett upp.

Elles

Det er masse elles. Men alt til sin tid. Klaus hev umtrent flytta ut, so eg eig meir eller mindre roterommet honoms («vårt») no. Fylg med på Victor sin freistnad på mangfasesvevn og les kannhenda litt um min eigen svevnfreistnad som eg gjorde for meir enn eitt år sidan.

Ah, forresten er det sumarleir snart. Det VERT dritbra, so kom, kom, kom. :-)

Til Sogn og Fjordane!

Då dreg eg veldig snart til Sogn og Fjordane for å starta lag i Årdal, og for å vitja Firda MU. Bussen gjeng um ein time, og eg må pakka og koma meg av stad. Heldigvis treng eg ikkje mykje;

  • Tannkost.
  • Lommabok (med visakort).
  • Tilfang og nyskipa lag-skjema.
  • Litt varme klede.
  • Ahh! Sikkert litt kontantar, i Sogn og Fjordane hev dei sikkert ikkje bankterminalar.
  • Hum. Eg må taka ut pengar då. Det gjer eg aldri.
  • Forresten må eg truleg skunda meg og ikkje skriva innlegg…

So eg gjer det. Hadet godt! :D Eg gler meg, litt skræmt og nervøs (og det vert truleg verre når eg kjem nærare Årdal). Eg hev diverre sers lite peiling på skiping av lag. Vonar alle er snille med meg og at mange av dei tek verv i styret og vil jobba med det :-)

Lag i Årdal!

Yey! Eg kjenner det vert mykje NMU-relatert her no for tidi, men det tek all tidi mi no for tidi. Og, ja, førre setning hadde tvo for mange «tidi» i seg. Men eg syntest det var litt moro. Dessutan er det tøft med so mange i-ar. Same kva, det ser no ut til at det vert lokallag for NMU i Årdal! Det er jo megasupert. Eg kjem til å draga vestyver til Sogn og Fjordane mellom 25. til 30. november og vera med på mi fyrste lagskiping. Og eg gler meg noko heilt enormt! :D

Ringjert

Eg hev ikkje fortalt um ringjertane me hev i Sentralstyret i NMU, dei gjeng ut på at me ringjer medlemane i området vårt. Eg var heilt ekstremt redd for dette då eg starta; eg ringde ingen (utanom Jostein Avdem Fretland, som eg visste var ein skitbra mann). Etter eg hadde fått kjenna organisasjonspisken starta eg å ringja lell; det viste seg at det var omtrent ingen som svarte. Eg ringde og samtalane gjekk slik som dette:

  • Meg: Hei! Dette er Odin Hørthe frå Norsk Målungdom som ringjer!
  • Person: Åh. Hei.
  • Meg: Hev du litt tid? (Her smiler eg litt ekstra, eg hev ikkje peiling um det er mogleg å høyra slik :P)
  • Person: Ja, hev vel det.
  • Meg: Ah, ok…

På dette punktet byrjar eg seia allslags rare ting. Nokre gonger pratar eg um at eg skal spyrja um fleire ting (ganske teit). Andre gongar spyrr eg um dei hev fengje brevet frå oss for nokre vìkor sidan (dette fann eg ut var lurt å spyrja um etter litt (med hjelp frå Jens)). Det pla enda slik iallfall:

  • Meg: … Sooo, det eg prøver å seia er; hev du tid og lyst til å koma på ideologiseminaret?
  • Person: Naai, eg trur ikkje det, du.

Etter det skulle eg spyrja um det var mogleg å få til noko lokallag på plassen – det vart eg betre til etter litt.

  • Meg: .. Eh, korleis.. er folki rundt deg? Er dei, uhm, moglege, eh, målungdomar? :P
  • Person: ???
  • Meg: Trur du det er von for å få til eit lokallag?
  • Person: Njaa, trur ikkje det.

Ånei. Det var yverraskande, du. Nei, men eg er eigentleg litt slem her, for eg hev eit stort fylke som er heilt fantastisk med masse kule folk; Sogn og Fjordane. Det var fleire kule folk i Årdal fann eg ut, plutseleg varte telefonsamtalane 15–50 minutt og ikkje 2. Me gjekk nøye gjennom stoda for nynorsken i Sogn og fortalte ein del um NMU sentralt. Ganske koseleg. Eg lyt ikkje skriva namn, men generiske førenamn bryr ingen seg um; so eg hadde sers koselege samtalar med mellom anna Eirin, Merete, Kristine og Anette. Anette sa faktisk ho ville koma på idsem (Ideologiseminaret), eg visste ikkje kva eg skulle seia:

  • Meg: So, hev du tid til å koma på idsem?
  • A: Ja :-)
  • Meg: Aah, haha ja, dumme meg, det er jo ikkje det eg skal spyrja um fyrst; meir viktugt: hev du lyst til å koma på idsem.

Her kann eg jo ikkje seia anna enn at eg venta å få eit «nei :-)» (med smil, sidan Anette saman med resten NMU-medlemene i Sogn og Fjordane er ekstremt koselege og hyggelege).

  • A: Ja, det vil eg gjerne.
  • Meg: Eh. … Å? Ehh…

Plutseleg vart eg mållaus, etter eg hadde prata som ein kanon i mange, lange minutt. Eg ville ikkje verta fort ferdig med samtala, so eg hadde utsett idsem-spursmålet lengje; då eg fekk positivt visste eg sjølvsagt ikkje kva eg skulle gjera. Men prøvde til slutt å ro meg ut or det:

  • Meg: … So, eh, bra. Av erfaring er det ikkje det folk seier. So. Ja. Eg veit ærleg talt ikkje kva eg skal gjera når du seier ja. Kann du seia «nei» heller?
  • A: Ok, … nei, det vil eg ikkje.
  • Meg: Ah, mykje betre!

Det siste der med «nei» var sjølvsagt berre tull. Meg og Anette la seinare planar um å taka yver verdi i tillegg til å finna ut korleis me skulle få fiksa transport til Oslo. Til sist viste det seg at ho ikkje fekk lov til å reisa lell. Menmen, neste år. :-)

Ut av den enorme avsporingi

Eg skulle gjerne skrive endå meir um kor kult ringjert vart. Eller kor mykje mindre skræmande. Det fær vel heller liggja. Same kva, etter ideologiseminaret hadde hadde eg endå tettare bånd til Sogn og Fjordane, og visste at einaste moglege vegen var opp, opp, opp. So med nytt mot ringde eg att til Årdal, der eg tenkte meg og Mariell skulle starta lokallag. Eg fekk prata med… Nei, eg må slutta å nemna namn. Er ikkje snilt. Same kva, eg fekk prata meir med hyggelege menneske i Årdal. Eg visste sjølvsagt allereie at dei var tøffe, kule og nynorske (+ viljuge til å starta lag) so det var ei sers enkel økt.

I dag ringde eg endå litt meir, og no er eg heilt sikker på at det vert lag i Årdal! :D Eg gler meg slik til å reisa og skipa mitt fyrste lag, vel, det er jo eigentleg langt i frå eg som skipar laget – men eg fær vera med! :D

Forresten, eg hev framleis ikkje fengje sagt det: sjølv um målungdomane i Sogn og Fjordane er til å eta upp, so hev 90% mobilsvar på. Det er heilt utruleg irriterande. Dei er nærast umoglege å få tak i. Eg kann ringja 10 stk, og med 10 mobilsvar på rad.

No må eg snart byrja ringja um ugjelda medlemspengar; eg tenkte i byrja det var skummelt, men so sa Jens at folk vert glad for at du ringjer.

  • Person: Åå!? Hev eg ikkje gjelda medlemspengane, nei, det må eg få gjort – send ei ny rekning!
  • Jens: Ok!

Når sant skal seiast so er det ganske logisk, ofte hev folk meldt seg inn i NMU for å vera medlem :-) Eg vart glad då eg vart minna på å gjelda medlemspengane (for eg gløymer jo alltid slikt).

So til slutt

Yey!! Lokallag i Årdal! :D Eg hev framleis ikkje vore i Sogn og Fjordane, men no skal eg dit um alt gjeng bra! Då er det ikkje mange fylke att fyrr eg hev vore i alle. Eg trur faktisk det er det einaste att, det må eg sjekka til neste gong. Kannhenda Hedmark manglar. Reiseskildring frå Årdal um tvo vìkor. :]